torsdag 21. juli 2022

Jesus ser

 

7. s. i treeiningstida III. 24.07.2022
Salhus kyrkje
Mark 5, 25-34

I dag er ikkje poenget at denne mannlege presten skal fordjupe seg i kvinnesjukdomar. Det veit eg veldig lite om. Men vi les alle om kvinna som hadde hatt blødningar i 12 år. Det er forferdeleg lenge.
Det går an å male ut korleis dette må ha vore for henne. Det går an å fantasere om tankane hennar. Om fortvilinga hennar. Om korleis andre såg på henne, i den grad dei visste kva som eigentleg var plaga hennar. Det er kanskje grunn til å tvile på at det var så veldig mange. For når eg, som mann i vår tid, veit så pass lite om kvinnelege blødningar, så er det ingen grunn til å tru at mennene i krinsen rundt Jesus hadde meir enn ein svak aning om kva dette dreia seg om.

Men at kvinna var ei som hadde problem, også utover det reint medisinske, det treng vi ikkje tvile på. Likevel får vi eit glimt av ei dame som hadde ressursar som synest å vere noko i overkant av det vi må tru var vanleg. For vi høyrer om mange legebesøk. Truleg gjennom ei lang rekkje år. Legebesøk som hadde kosta, både pengar og frimot. Og ikkje minst liding. Det hadde kosta så mykje at ho no hadde brukt opp alt ho eigde, utan å få hjelp.

Så kjem Jesus inn på arenaen hennar.
Jesus er eigentleg ute i heilt anna ærend. For ein mann med høg posisjon i lokalsamfunnet hadde, om ikkje kasta seg over Jesus, så i alle fall kasta seg ned framfor han.
Det var synagogeforstandaren Jairus. Dotter hans, som var fødd same året som kvinna sine blødningar starta, altså var jenta 12 år; denne unge jenta var sjuk, og heldt på å døy. Jairus var difor enno meir desperat enn den blødande kvinna. Jesus slo følgje med Jairus og var på veg til heimen hans i lag med ei stor folkemengd som ville sjå kva Jesus kunne utrette.

Midt mellom alle folka på veg til den dødssjuke 12-åringen, går altså kvinna vi har fokus på nett no.
Det står å lese om henne i vår tekst for denne søndagen: «Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og tenkte: Om eg så berre får ta i kleda hans, bli eg frisk. Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga»

Underet hende. Krafta gjekk ut frå Jesus. Han merka det. «Kven var det som rørte ved kleda mine?» spør han.
Ubegripeleg og uforståeleg for oss som høyrer og les.

Eit regelrett mirakel utan at Jesus såg ut til å vite kva som hende. Men noko skjedde.
Det einaste teksten opnar opp for er at dette har med tru å gjere.
Kvinna si tru på Jesus. Jesus sa til henne som ikkje blødde lenger etter 12 år med store plager: «Trua di har frelst deg, dotter.»

Jesus gjorde ikkje kvinna frisk fordi ho bad han om noko. Men fordi ho trengde seg fram og rørte ved han. Tok på kappa hans. Bakanfrå. Utan augekontakt. Utan rop og skrik. Ikkje ei einaste lita forsiktig bøn eingong.
Men ho trudde.

Og Jesus var der. Han merka krafta som gjekk ut frå han. Den lækjande krafta.
Først då er det at kontakten mellom Jesus og kvinna oppstår: «Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det.»

No er vi ved det eine av to brennpunkt i tekstordet vi samlar oss rundt.

Jesus såg!
Jesus såg kvinna som kraup inn på han bakanfrå i ei tettpakka folkemengd.

Eg har lyst til å gjere dette til eit hovudpoeng for oss alle denne søndagen.
Jesus ser oss.
Nokre av dykk føl kanskje med på dei daglege bibellesingane som er sette opp av Bibelselskapet. I avisa Vårt Land er det kvar dag skrive nokre korte tankar over desse utvalde tekstane som gjerne peikar fram mot det som skal vere preiketekst på søndagen som etter kvart nærmar seg.
Sist torsdag høyrde vi frå 1. Mos 16 om Hagar. Trælkvinna som fødde ein son til Abram fordi Sara, den gamle kona hans, enno ikkje hadde vorte mor, endå Gud hadde lova at det skulle skje. Sara nærma seg no 90 år.
Hagar fekk vite at ho, som hadde vore så audmjuka gjennom livet som barnlaus trælkvinne, ho var no med barn.
Den 86 år gamle Abram var barnefaren, og barnet ho venta skulle få namnet Ismael.
Då kan vi også lese at Hagar sjølv sette sitt namn på Gud som ho forstod hadde styrt hendingane slik at sonen Ismael snart skulle bli fødd: «Då sette ho dette namnet på Herren som hadde tala til henne: «Du er ein gud som ser meg. For ho sa: Har eg her verkeleg sett han som ser meg?» (1.Mos. 16,13)

Ein Gud som ser.
Gud ser Hagar.
Vi veit også at Gud til slutt såg 90 år gamle Sara. Sara som lo i si vantru då ho fekk vite at ho skulle bli mor, 90 år gammal.
Og Gud såg Abram. Han lo ikkje. Han trudde. Ei tru som vi andre stader i NT kan lese hadde enorme konsekvensar for den kristne teologien. Vi kan ikkje gå i djupna rundt dette nett no, men eg minner om Rom 4,3: «For kva seier Skrifta? Abraham trudde Gud, og difor reknar Gud han som rettferdig.»

Jesus såg. Han såg den blødande kvinna som hadde rørt ved han i tru.

Og no er det tid for å leggje til: Jesus som såg – han ser enno. Jesus ser i dag.

Jesus ser alle slike som kvinna vi møtte i den store flokken av folk som var på jakt etter sensasjon. Dei ville sjå om dotter til Jairus kunne bli frisk.
Det hende. 12-åringen reiste seg på Jesu ord: «Talita kumi! – Det tyder: Vesle jente, eg seier deg, stå opp!» (Mark. 5,41)

Men viktigare nett no, er at Jesus ser vanlege menneske her i Salhus, i Åsane eller i Bergen, som er oversett av samfunnet rundt oss. Menneske som har det vondt. Som blør. Ikkje fordi dei er plaga av ein kvinnesjukdom, kanskje, men dei blør av usynlege sår som andre har påført dei. Både kvinner og menn. Folk i samfunnet sin periferi som strevar med livet sitt av så mange grunnar. Som ikkje vert forstått. Som møter motgang og motstand eller fiendskap og hat. Jesus ser.

Og han ser på alle med det som kanskje er den største mangelvare:
Han ser med respekt.

Tygg litt på dette ordet respekt.  Det er samansett av to deler: Re = på nytt. Om att.
Spekt kjem av spectare = å sjå. Respekt er å sjå på nytt.

Sjå på nytt. Jesus ser oss på nytt. Han ser vår tru. Ei tru som kanskje ikkje er så stor at vi vågar å rope på han. Eller å be til han. Men han ser når vi vågar oss nær han. Inn i kyrkja. Lyttande. Kanskje vågar vi oss fram til nattverdbordet. Skjelvande på kne strekkjer vi ut handa og tek i mot. I tru og med respekt, også for oss sjølve.

Vågar vi, vi som kanskje kjenner oss litt ovanpå her i kyrkja, fordi vi har gått her så ofte, vågar vi så sjå på nytt på våre eigne liv. Sjå på oss sjølve om vi skulle vere ute av kurs på ein eller anna måte.

Ein studiekamerat, kjenning og kollega som eg gjekk lag med på MF gjennom meir enn 7 år, har skrive fleire svært oppbyggelege bøker. Han heiter Kjell Nyhus, og er mest kjend som fengselsprest. Ei bok frå fengselsmiljøet heiter «Hvis jeg har en sjel.» Ein stad i den boka finn eg ei talande setning til meg, som gjer at eg treng å sjå mitt liv på nytt. Kjell seier: «Meg er det ingen som bedømmer, jeg er min egen dommer, og den dommeren kan bestikkes.»

Ein slik tanke hjelper meg til å revurdere tankane om mitt liv. Om det ingen andre enn eg kjenner til av det som bur inne i meg.
Alt dette som Jesus ser.
Eg ber stilt inne i meg: Kjære Jesus – Sjå på meg ein gong til på nytt. Sjå på meg med dine kjærlege augo, som ein sann dommar som ikkje kan bestikkas, men som kan frikjenne, fordi du sjølv tok min dom på deg.

Dette er mi tru. Trua – som er det andre brennpunktet i tekstordet i dag. Den frelsande trua. Tru på han som ser. Han som kjenner. Han som lækjer. Han som frelser. Han som kan gje oss alle av sin fred. Eg kviler i orda Jesus sa til den blødande kvinna som vart frisk att: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred.»
                                                                                                                    AMEN

tirsdag 24. mai 2022

Gravferd ved Kristi Himmelfart

 

Gravferd
Ef.1, 18-20 (Kr.Himmelfart III)

Må han (Gud) gi dere lys til hjertets øyne, så dere får innsikt i det håp han har kalt dere til, hvor rik og herlig hans arv er for de hellige, og hvor overveldende hans kraft er hos oss som tror. Med denne veldige makt og styrke reiste han Kristus opp fra de døde og satte ham ved sin høyre hånd i himmelen,

Tida mellom påske og pinse er ei underleg tid i kyrkja. Påsketida kallar vi henne.

Påska sitt fabelaktige perspektiv må forkynnast i desse vekene.
Krafta frå Jesu oppstode er så enorm at den må vi få del i til fulle. Vi vert aldri ferdige med kva det fekk å seie for oss menneske at Jesus faktisk stod opp att frå dei døde. At han vann over døden.
For ein prest som veke etter veke står ved ein gravkant og kastar dei tre første spadane med jord som skal fylle att grava, ville det vere meiningslaust om det ikkje var sant det som då vert sagt: ”- Av jorda skal du atter stå opp”.
I kraft av Jesu oppstode trur vi at dei døde ein gong skal stå opp.
 
Det vil eg leggje inn over alle dykk som sørgjer her ved denne kista i dag. Eit liv er over. Det skal de minnast. De skal takke for alt det gode ho/han var for dykk mens ho/han levde. Men når døden har vore her, må vi halde fast ved håpet om at han som vann over døden, han lever i dag. Og han skal ein gong kome tilbake frå der han no er, ved Gud Faders høgre hand. Det er når han kjem at krafta hans skal openberrast. Det er då dei døde skal stå opp. Det vert like stort som det var i opphavet, den gongen då Gud skapte. Større enn det går an å forestille seg, og langt ut over det det finst ord til å skildre.

I dag bur den kristne kyrkja seg til Kristi Himmelfart. Då skal vi høyre om korleis det gjekk til då Jesus fór opp til himmelen. Men vi skal også lese frå Ef. 1.
Inn i den teksten vil vi stige i dag. Her ved denne kista. Like før Kristi Himmelfart.

Det er Paulus som skriv orda vi stoggar for som eit andaktsord i dag. Paulus ber – han ber om ei Ånd som gjer at dei truande må lære Gud å kjenne.

Og så brukar han eit fabelaktig bilde:
”Må han gi dere lys til hjertes øyne, så dere får innsikt i det håp han har kalt dere til..”

”Lys til hjertes øyne”
Eg håpar at vi som sit i lag her i dag må få lys inn over oss. Lys frå Guds ord som kan skine inn over hjarto våre så vi ser. Så vi trur. Så samanhangar kan opne seg for oss.

Det handlar om å få innsikt i det håp han har kalla oss til.

Då må vi sjå på det som hende Kristi himmelfart. For det er ein dag med håp i seg. Det var dagen då Jesus skildest frå læresveinane sine. Det var siste gongen han var her på jorda. Men det var den levande og oppstadne som var der. Det var han som hadde sigra over døden. Det var han som hadde vist sine guddommelege skaparkrefter. Det var han som då han forlét sine næraste sende englar frå himmelen som forkynte at ein gong skal han kome tilbake på same måten som han der og då vart teken opp til himmelen.

Det var for å sjå dette at vi i dag skulle ha ”lys til hjertets øyne”.

Sjå den krafta som er frå Gud. Den som i påska vekte Jesus opp frå dei døde, men som er tenkt for oss alle. Den same guddommelege kraft som vakte Jesus til live etter at han hadde vore i døden og i grava, den same kraft var det som tok Jesus opp til himmelen og gav han sete der ved Gud Faders høgre hand. Med denne veldige makt og styrke reiste han Kristus opp fra de døde og satte ham ved sin høyre hånd i himmelen, over alle makter og åndskrefter,   Slik les vi også i dette andaktsordet.

Denne guddommelege skaparkraft er ei levande og utøvande kraft den dag i dag.
Slik har kyrkja trudd og vona gjennom hundreåra som til saman har vorte til to tusenår no. Jesus sit ikkje der ved Guds side ein stad ute i verdensrommet som ein død skulptur på sokkel. Jesus sit ikkje der som ein passiv gamal gubbe heller, med kveldsavisa i fanget og gløttar ned på menneska han ein gong forlét.

Jesus er i dag ved Faderens hand, levande oppteken med det siste han gjorde før han fór opp til himmelen. Han velsigna læresveinane.
Les vi i Lukasevangeliet om himmelfarten så står det slik:
Så førte han dem ut mot Betania, og han løftet hendene og velsignet dem. Og mens han velsignet dem, skiltes han fra dem og ble tatt opp til himmelen” (Luk. 24,50-51)

Jesus tok farvel med velsigning. Jesus er hjå Gud no, fram til han skal kome tilbake slik engelen forkynte i samband med himmelfarten. Frå Gud Faders hand sender han framleis si velsigning over si kyrkje. Ei kyrkje som enno ventar på at han skal kome att.

Lytt enno ein gong til det Paulus ber om i Efesarbrevet: Må han gi dere lys til hjertets øyne, så dere får innsikt i det håp han har kalt dere til, …

Innsikt i vårt håp…
Det var det vi skulle ha no når påsketida går mot slutten. No når Kristi Himmelfart skulle vere noko langt meir for hans kyrkje enn ein ekstra raud dag i mai. Innsikt i vårt håp – det er innsikt i at vi har del i Jesus veldige kraft som han viste då han stod opp frå dei døde og då han fór opp til himmelen.
Trass i at døden er verkeleg. Trass i at døden har teke frå dykk som sørgjer eit menneske de var glade i, så vil vi halde fast ved dette: Det ventar ein herleg arv på hans kyrkje, på alle som trur. Det er ein arv vi gjerne vil ha vår del i. Den arven er din og min når vi trur og når vi håpar.

Vi tek farvel i dag. Farvel i håp om å få del i den arven som ventar bak døden. Ein arv alle som tru skal få dele i lag. Dele saman når vi møtest att der Jesus i dag er, og der han har vore frå Kristi Himmelfartsdag – ved Faderens høgre hand.

Amen

 

søndag 15. mai 2022

Takk

 

17.mai 2022. III
Luk 17,11-19
Bardu krk

Før eg reiste til Indre Troms som pensjonert hjelpeprest for snart eit år sidan, jobba eg som prost i Bergen. Eg hugsar tilbake frå eit rundt konferansebord der vi skulle starte eit av dei mange kyrkjelege komitémøta som ein prost må vere med på. Møteleiaren tok ordet, men det vart liksom ikkje ein skikkeleg start, for ein eller anna sa noko slik at alle rundt bordet skrattlo. Det var vanskeleg å kome til ro, men møteleiaren måtte kome i gang, og det var naturleg at han sa: Vi må starte med å be. Fromme som vi var roa vi oss ned, og ho som bad gjorde det omtrent slik: Kjære Gud, takk for at vi får lov å le!

Kjære Gud, takk!
Det er overskrifta på denne preika på denne nasjonaldagen. Kjære Gud, takk!
Kjære Gud, takk for at vi får lov å le!
Takk for alle smil og all glede vi ser rundt oss. Takk for alle gamle som hentar fram blådress eller bunad og går på trøytte bein og med stive ryggar gjennom ein lang festdag. Takk for borna som kjem mot oss i finstasen. For tutande trompetar av plast og for blå ballongar. For musikkorps som spelar nasjonale festmelodiar med blåfrosne fingrar på ein dag der vi så gjerne hadde sett at vinteren kunne vike for vår og sommar, slik eg skal reise til seinare i dag når eg set meg på flyet til Bergen for å vere nokre dagar heime
Det er til og med slik at vi vaksne kan gle oss over barnegråt på denne dagen, for mange born gret litt innimellom fordi dei opplever at dei går glipp av ein liten bit av det dei anar er veldig stort og flott. Dei gret fordi ein ballong sprekk eller fordi isen hamnar på fortauet eller på det nystrøkne bunadsforklede.
Dei er leie seg når gleda over denne dagen vert skjemd av eit eller anna skår.

Sjølvsagt er det ikkje kjekt at eit barn er lei seg. Men det kan likevel vere eit uttrykk for at dagen i dag er stor. Dagen i dag er ein glededag. Då er det ikkje alltid så langt frå latter til tåre for den som er liten.

Dagen er ein dag vil i lag takkar for. Kjære Gud, takk!

I tre år har vi feira 17.mai i skuggen av ein pandemi som vert bleikare og bleikare utover denne våren. Det gler vi oss stort over. Samstundes er det ei mørk sky som heng over oss når vi innser at det vi snakka om i år etter år på tidlegare nasjonaldagar, dette at det var så lenge sida sist krig, det er ikkje sant nettopp i år.
Vårt naboland krigar. Vi sørgjer over det. Og vi ser med skrekk på bileta frå Ukraina som kjenner på krigsmakta frå storebror i aust.

Likevel: I dag takkar vi for vår fridom. For vårt land. Og for at vi kan samle oss i barnetog og folketog og russetog med flaggborg og musikkorps og bunader.

Bjørkelauv må eg heim til vest for å få med meg. Eg synest det høyrer med, men etter min 11. nasjonaldag nord for polarsirkelen har også eg lært meg at landet vårt er langt, og at våren ikkje ser lik ut i sør og i nord.

Landet vårt er langt. Men landet vårt er eitt.
Om sola strålar på Karl Johan, og der det går nesten like mange born i barnetoget som det bur menneske i Finnmark, så høyrer vi likevel saman som land og som nasjon. Nasjonaldagen er det vi eig i lag som nordmenn.
Vi har ei grunnlov som vart signert på denne datoen for lenge, lenge sidan. Vi har eit Storting og ei regjering som vi sjølve har valt. Nokre jublar for Jens. Andre saknar Erna. Men vi er likevel eitt på 17. mai. Dagen der vi må seie:
Kjære Gud, takk!

Kva skal vi takke for?
Sjølvsagt for landet vårt, for fridom, for demokratiet. For alle 17. mai-orda.
Men som nasjon har vi uendeleg mykje meir å takke for også. Ikkje minst fordi vi er så rike. Vi auser pengar opp frå havet. Ute ved kysten ligg gedigne, dyre båtar ved kaiane. Mange av dei er eit bindeledd til plattformene lenger utanfor kysten. Vi ser ein og annan glinsande fiskebåt med eit styrehus så fullt av instrument og dyr teknikk at ein skulle tru båten skulle til månen. Men det er pengemaskiner som symboliserer vår nærleik til havet og dei ufattelege rikdommane vi som folk skal takke Gud for.

Her inn mot svenskegrensa, langt mot nord, har landet vårt plassert store delar av forsvaret vårt. Dette kjenner de som bur fast på denne staden mykje betre til enn eg. Mange takkar Gud for at desse installasjonane skal gjere landet vårt trygt i urolege tider.

Vi kan også igjen takke for at dei aller fleste av oss kan setje oss på eit fly med kurs for varme strender eller gamal kultur ute i det store Europa.
Pandemien ordna seg med vaksiner og samhald.
Vi har pengar mellom hendene, dei fleste av oss. Difor dreg mange til det mystiske landet som ikkje står i eit Atlas, men som vi kallar Syden. Der brukar vi rikdomen vår. Den vi skal takke Gud for.
Det er ikkje rart om folk i Syden lurer på nordmennene.
- Kvar får dei pengane frå? Kanskje skulle vi reise dit, vi som ikkje har arbeid? Vi som er fattige. Vi som strevar så forferdeleg med å få endane til å møtast.

Men stadig dukkar det krigar over land vi gjerne reiser til. Vi høyrer om opptøyar. Flyktningar. Svolt. Det er kvardag i mange land. I mange av desse landa går det etter kvart rykte om ein stad langt i nord. Der det er kaldt om vinteren og vått om sommaren, men der folk har det godt. Der dei er rike. Nokre tek sjansen og dreg av garde. Dei finn vegen mot nord. Norwegen, heiter landet vårt på tysk. Norway på engelsk.

Dei får lite takk, dei som kjem slik til oss, og vil leve i lag med oss.
Vi forventar at folk der sør ein stad skal takke oss for at vi brukar pengar på strender og hotell og museum og vinterferie i Alpestroka.
Vi synes det er greitt om dei rike frå Paris eller London eller New York drar til Bergen for å reise med Hurtigruta mot nord. På fisketorget kjøper dei rikaste ei krabbeklo til 1800 kr. Som dei kosar seg med.
Tyskarane er folkerike. I hopetal dei legg ut mot Norwegen for å feriere med fiske og bubilar. Det er det pengar i for nordmenn.

Mange av oss er rike nordmenn. Men ikkje rikare enn at vi også har dei fattige mellom oss. Dei som kanskje ikkje har ein stad å bu. Dei som kanskje luktar eller går aldeles ustelte rundt mellom moteløver. Mens eg sat her på Setermoen for eit par veker sidan, fekk eg høyre om at min by, Bergen, har ein solid norsk rekord i tal på heimlause. Nesten tusen menneske som ikkje har nokon stad å bu. Dei får ikkje dusje eller vaske seg eller gå på do. Bort med dei. Dei er ekle. Påtrengjande. Nokre av dei til og med kriminelle.

Eg lurar på om dei takkar Gud i dag?

Vi las forteljinga frå Bibelen om Jesus og dei ti spedalske. Dei var i naud. Det stod slik: ”De ble stående langt unna og ropte: Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss! Han så dem og sa: Gå og vis dere for prestene! Og mens de var på vig dit, ble de rene”

Jesus, mester, ha barmhjertighet med oss! Slik ropa dei spedalske.
Pandemien plagar oss lite no. Difor tippar eg at snart kjem tiggarane frå Syden tilbake til deg og meg i nord.
Vi ser dei kanskje på eit gatehjørne i næraste by, men ser dei likevel ikkje.

Jesus såg dei som ropa på han.
Men vi går forbi. Med stive, kalde blikk og ei hand som lukkar seg ekstra godt om lommeboka. Vi vil ikkje ein gong gje dei ein sjanse til å verte reine. Mange vil kaste dei ut av landet vårt.
Vil flyktningane, dei lutfattige, dei arbeidslause, dei som serverer drinkane på bassengkanten i Syden til late og rike nordmenn, vil dei takke Gud for nordmenn, for det norske, eller for at dei gjekk nordvegen?

Eg sa tidlegare om born som gret på 17.mai: ”Dei er leie seg når gleda over denne dagen vert skjemd av eit eller anna skår.”
Det er lov for eit barn å gråte over ein is som hamna på fortauet.
Men er det lov for ein rik nordmann å vere sur og grinete over det vi opplever som skår i vår private velstandslukke, slik til dagleg, når det vert 18.mai eller 18.juni eller ein annan dato, der vi ser at verda har sett oss og kjem for å oppleve landet vårt, nasjonen Norge?

Inga 17.maipreike løyser alle dei innfløkte problema eg her pirkar bort i. Eg er ikkje naiv og trur at nordmenns forhold til innvandrarar med eit glatt smil skal bli idyllisk over natta. Det er ikkje berre vårt land som slit med å finne ein veg vidare med alt dette.

Men i dag er det 17.mai. I dag har Jesus stogga opp framfor deg som valde å starte feiringa av dagen i kyrkja. Han lærer oss noko om å takke.
«Kjære Gud, takk for at vi får lov å le!
Takk også for at vi kan gle oss over fridom fred. Hjelp oss til å hjelpe.
Hjelp oss til å glede dei som gret over krig, over fattigdom og fordi dei manglar det som er sjølvsagt for dei fleste nordmenn.»

fredag 6. mai 2022

Fars hus

 

4. s. i påsketida III. 08.05.2022
Øvre Bardu kapell
Johs. 14, 1-11

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
Orda kjem frå Jesus. Jesus talar til sine nære vener. Dei er i lag, og Jesus veit at for han sjølv går det mot drama i form av liding og død og oppstode. Jesus veit at tida hans på jorda snart er forbi. Etter påske skal han på ei reise bortanfor vår tid. Utanfor våre rom. Inn eit guddommeleg tilvære som han kjende før han kom til jorda som eit lite barn den første jula.

«Jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere» seier han. Dei tolv skjøna ikkje kva han tala om. Det hadde neppe du og eg gjort heller, om vi ikkje var kjende med fasiten.

Han startar denne samtalen med sine tolv nære ved inngangen til det som etter kvart skulle bli ytterst tunge og vanskelege dagar.
Og som vanleg har Jesus akkurat dei rette orda. Ord vi skal lytte til midt i det mange av oss opplever som tunge og vanskelege dagar.

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»

Her har vi i eit par år, i litt vekslande grad, gøymt oss bak blå ansiktsmasker, vi har vaska oss i sprit, og vi har snike oss som innbrotstjuvar rundt hyllene i butikken for ikkje å kome for nær naboen, eller endå verre, bli pusta på av ein ukjend. Vi kom stort sett heilskinna gjennom pandemien, men det har vore tungt. Mange har vore redde. Mange har vore så redde at redselen i seg sjølv vart verre enn sjukdommen som har sveipt seg rundt heile jordkloden, og som framleis trugar millionar av menneske som aldri fekk verken den første eller den andre eller den tredje veksinesprøyta.

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»

Kjære Jesus, ber vi i dag. Hjelp oss mot angst og redsle!
For du har sett oss her i Bardu når pandemien såg ut til å brenne ut den verste krafta si. Då vart bygdene våre fylte av tusenvis av soldatar. Langs vegane rulla stridsvogner og kanonar. Vi høyrde skotsalvane frå maskingeværa. Vi såg kamphelikoptera over hovuda våre. Alt medan TV-skjermen og Internett fløymde over av oppdateringar frå den nyaste krigen som naboen vår i nord gjekk i gang med. Mange vart redde.
Mange tenkte: -Kan dette som vi har sett ved stovedørene våre bli til meir ein ei diger militærøving ved neste krossveg?

I dag er det 8.mai. Fredsdagen frå 1945. I dag ber vi om at freden må senke seg der krigen rasar. I dag ber vi om at freden aldri skal vike frå landet vårt. I dag ber vi om at leiarane i verda skal hugse Jesu ord ved ein annan anledning, orda han sa i Bergpreika: «Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Gud barn.»

Vi vil ut av angst og redsel, og inn i det trygge, gode og varme rommet.
«I min Fars hus er det mange rom» seier Jesus.
Fars hus. Vi må snakke om Fars hus i dag.

Dei aller fleste vil heldigvis kunne tenkje på barndomsheimen sin som ein slik stad, som eit varmt og godt og trygt rom i lag med far og mor og søsken.
Men diverre er det også nokre som tenkjer tilbake på Fars hus med tankar som liknar på mareritt. For der var kanskje nettopp der det forferdelege skjedde med den unge jenta. Eller det var der mor drakk. Det var der borna vart oversette og neglisjerte slik at alt var vondt. Det finst slikt, også.

Slik er det ikkje i det Jesus omtalar som Fars hus. For det er huset til hans himmelske Far. Det er det guddommelege paradiset, bortanfor det mislukka og skakke som vi må innrømme finst, også mellom oss. Til og med finst det mørke rom i det vi kallar for Guds hus her på våre stader, i våre kyrkjer i landet vi bur i.
Det er skam og synd. Til å gråte over.

Men i dag lyttar vi til Jesu ord om Fars hus. Det gode huset. Det varme huset. Det lyse huset, utan mørke og bortgøymde kjellarrom. Huset med dei mange rom

I dag ber vi, som kanskje er redde, eller som har opplevd noko vondt:
Kjære Jesus. Vis meg vegen til Fars hus!
Gje meg nøklane til rommet du har gjort i stand for meg. Og kanskje legg vi til: Lat det rommet vere tett ved sida av rommet til dei eg er så glad i her på jorda.  Og eg håpar vi ikkje treng å be: - Lat det vere mange krokar og omvegar til dei som gjorde vondt mot meg i dette livet.

Jesus er ikkje lenger mellom oss her på jorda. Etter påska vende han tilbake dit han kom frå, han fôr opp til himmelen, seier vi i vår truvedkjenning. Og vi minnes den hendinga på Kristi Himmelfartsdag, 40 dagar etter påske. Dagen er like rundt hjørnet no.
Der, hjå sin Himmelske Far, har Jesus det travelt. Langt travlare enn ein middels norsk kommunedirektør som skal ordne med kommunale bustader til flyktningar som er på veg hit frå krigen ute i Europa.

«-jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere»

No er han i gang. Han snekrar på eit rom til meg. Og eit til deg.
Eit møblert, varmt og lyst og godt rom. Ein betre stad å vere enn sjølv i den mest varme og omsorgsfulle heim i denne bygda, eller nokon annan stad i Norge, i Sverige, eller i den vide verda.

Ein dag er alt klart med dette rommet som han heldt på å gjere i stand. Då hentar han oss. Vi vil nok gjerne at det ikkje skal skje før vi kjenner på at tida vår her på jorda har vore lang nok. Samstundes veit vi at lengda på vår levetid er utanfor vår kontroll. Men uansett, om livet vert kort eller langt, har vi lov å tru på han som talar til oss i dag. Vi har lov å håpe på at det han seier er sant.

Og vi har lov å kvile i hans lovnader:
«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
«I min Fars hus er det mange rom»
«-jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere»

Eg håpar at du vil gje deg i veg dit, til Fars hus. At du vil leite etter vegen dit. Men kanskje er du usikker på adressa der Fars hus ventar med dei mange romma? Slik var det for læresveinane til Jesus. Slik var det for Tomas som hadde spørsmålet på tunga: «Herre, vi vet ikke hvor du går. Hvordan kan vi da vite veien?»

Svaret som Jesus gjev er eit klassisk, eit fantastisk og eit lysande svar som står til alle tider for alle som vi rekne seg som kristne: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg.»
Eit klassisk, fantastisk og lysande svar sa eg nettopp. Men også eit eksklusivt, og, vil mange seie: eit ekskluderande svar.

Vegen til Fars hus finn vi ikkje ved å stige opp på den høgaste og vakraste fjelltoppen i Troms. Vegen finn vi ikkje ved å grave oss ned i filosofi og religiøs grubling. Som prest kan ikkje eg klappe i hendene når eg høyrer det som mange seier: Eg har mi tru, eg har min veg, eg har sett eit lys som ingen andre har sett.

Som prest kan eg ikkje på konfronterande vis motseie dei mange opplevingar som slike menneske kanskje har hatt. Eg vil lytte.
Men eg kan heller ikkje oversjå orda frå han som vår kyrkje byggjer heile sin eksistens på.
Det er på Jesus Kristus. Det er han, og ingen andre, som er vår frelsesveg. Det er han som kan ta oss med til Fars hus, huset med dei mange rom. Til Fars hus finst det eit tydeleg veg. Og ingen omvegar.

I dag vil eg slå dette vegskiltet kraftig ned i bakken her i Øvre Bardu. Det skiltet som peikar mot Fars hus ein stad i det evige.
På pilen står Jesu ord som skal vise oss vegen heilt fram: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg.»                                                                                    
AMEN

onsdag 13. april 2022

Første strek under svaret

 

Langfredag.  15.04.2022. IV
Rødalen, Bardu (friluftsgudst.)
Johs. 18,1 – 19,42

Det er påske.
Det er fritid for dei fleste av oss.
Men nokre er igjen i bygda for å ta seg av det mest nødvendige. Bønder har alltid dyr å ta seg av. Nokre har omsorg for dei gamle på Barduheimen. Andre vaktar ro og orden og beredskap, eller går i uniform i forsvaret sine store anlegg her i traktene. Bensinstasjonane er opne, og slik også med nokre serveringsstader.
Heller ikkje kyrkja har stengt i påska. Og det skulle berre mangle!
Var det nokon som skulle stå på, nesten døgnet rundt, i desse dagane, så var det oss som har løn for å fortelje om desse hendingane. Påskeforteljingane.
For å forkynne til så mange som råd om Jesu liding, død og oppstode.

På langfredag gler vi oss over å sjå alle dykk med påskefritid som har funne vegen hit til fjellet og snøen og løypene for å sitje ned og lytte til forteljinga om langfredagsdramaet.

Det er påske. Og i påska dette året skjer det verdshistorie nesten utanfor stovedørene våre. Krigen, med all si gru, rullar på TV-skjermar og på mobiltelefonar, slik at vi er oppdaterte nesten frå minutt til minutt.
Dagsrevyreporterane åtvarar mot sterke bilete. Bileta er sterke. Dei er vonde.
Dei gjer noko med oss alle. Sympati med dei lidande utløyser hjelparglede.
Og raseri over meiningslaus rasering og død utløyser antipati, og i verste fall hat, mot eit nabofolk som landet vårt aldri har vore i krig mot.
Måtte krigens brutalitet og meiningsløyse ta ein ende. Og måtte det finnast lækjedom for fiendskap som spirer betre enn på mange, mange tiår her i vår del av verda.

Det er påske.
Vi har lese den lange lidingsforteljinga på langfredag. Det vi har lese, handlar ikkje om krig. Derimot om det som har vore kjent for menneskeslekta tilbake til opphavet.
Ei forteljing om svik.
Ei forteljing om korrupte og ansvarslause styresmakter.
Og framfor alt – forteljinga om brutalitet, råskap og vald.
Dette er også krigens ingrediensar. Dei mørkaste sidene av menneska.

Langfredagen er historia om menneskeslekta si styggaste bakside.
Og er vi ærlege, gjev dette også innsyn i det negative potensialet som vi alle er smitta av. Men vi har lov å håpe og tru at vi aldri skal dukke inn i bekmørket som bur ein stad i det indre av oss.
Det beste vi kan gjere for å hindre det, er å sleppe lyset til. Påskelyset.

Kvifor vart det langfredag?

Det finst eit svar med to strekar under.

Langfredag er Guds paradoksale kjærleik til det ypparste av skaparverket hans – menneskeslekta.
Den første av dei to strekane er alt som hende denne dagen, langfredagen.
Den andre streken under svaret på kvifor dette hende, er opprullinga av påska som endar sjølve påskedagen. Det skal vi kome tilbake til komande søndag, påskedag.

På langfredag høyrer vi om at Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus, Guds eigen son, går inn i offerrolla og sonar straff for menneska sine svik.
I det vi har lese om i dagens lange evangelietekst er dine og mine svik og nederlag representerte ved Peter. Peter patetiske tredoble nekting for at han var ein av Jesu aller næraste. Hanegalet som var punktum for det Jesus allereie hadde profetert – «Hanen skal ikke gale før du har fornektet meg tre ganger.»
(Johs 13,38)

Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all synd og misbruk som gøymer seg bak korrupsjon, snusk, bedrageri, løgn, ansvarsfråskriving og misbruk av personleg og offentleg makt og styrke.
Den latterlege dommen som Pilatus får seg til å ileggje Jesus, er det nesten utrulege uttrykket for embetsmannens og det offentlege sitt svik mot det dei visste var sant og rett.
Heiarop på «krossfest, krossfest» er eit vidare uttrykk for den personlege forføringa som er utan ryggrad. Dette vi kan kjenne igjen i oss sjølve når vi stig over grenser vi veldig godt veit om. Men vi lar oss rive med på så mange område av livet til å tøye strikken utover det vi eigentleg veit er godt og rett.

Guds kjærleik til menneska viser seg ikkje minst ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for maktmisbruk, vald, brutalitet og rein vondskap som uttrykkjer seg i sjølve krossfestinga.
I dei andre evangelia som skildrar krossfestinga høyrer vi at Jesus til og med ber for bødlane sine midt under dette forferdelege som skjer med han:
«Jesus sa: Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør»
(Luk, 23,34)

Vondskapen i verda, vondskapen som bur i oss menneske synes å vera botnlaus.
Det vi ser i dagens krig, og det verda har sett fram gjennom hundreåra, på vårt kontinent, og som har vore mindre synleg, men kanskje minst like ille, f.eks i ein del krigar i Afrika, det er ikkje verdig det ypparste av Guds skaparverk.
Menneskeverdet er uendeleg, men det er krenka av oss sjølve.
Det er som soning for alt dette at Jesus hang på krossen og døydde langfredag.
«Det er fullbrakt! Så bøyde Jesus hodet og utåndet»

Vi har sett den første streken under svaret på kvifor det vart langfredag. Det var for at Guds kjærleik til menneska skulle vise seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all vår synd.

Den andre streken under dette svaret vert sett påskedag. Då viser Jesus si makt og sin siger over alt det vonde, og over døden. «Det er fullbrakt!»

AMEN

tirsdag 12. april 2022

Vatn og blod

 

                                                   Skjærtorsdag, 14.april 2022. III
                                                              Øvre Bardu kapell
                                                                  Johs. 13,1-15

Ved det vi har lese om i dag, ser vi at det tek til å snøre seg saman om Jesus. Vi anar konturane av det som skal skje: ”De holdt måltid. Djevelen hadde alt gitt Judas, sønn av Simon Iskariot den tanken i hjertet at han skulle forråde ham.” 

Ved dette måltidet gjer Jesus enno ein gong det totalt uventa.

Han sit der og et i lag med læresveinane sine. Judas tumlar med sine vonde mordplanar i sitt hovud. Kva dei andre tenkjer på og snakkar om, veit vi ikkje. Truleg var det heilt daglegdagse ting.

Men brått dyttar Jesus sin mat til sides. Han reiser seg frå bordet og legg kappa av seg. Før dei andre får summa seg, er han i gang med dette arbeidet som elles var reservert for trælar og trælkvinner. Han vaska føtene til dei andre. Læresveinane sine føter.

Sand og skit. Sveitte og vond lukt. Jesus tok seg av deira velvære. Det som husverten eigentleg skulle ha sytt for. Det han skulle sett slavane og tenarane og dei som var lågast på rangstigen til å utføre.

No var det Jesus som låg der på kne framfor dei han var læremeister og Herre for. Han  hadde gjort tilsvarande ting før. Og enno ein gong opplevde forundra læresveinar korleis Jesus snudde opp-ned på alt som syntes rett og rimeleg. 

Det er skjærtorsdag. Vi tenkjer på denne dagen som nattverddagen. Nattverden som vert gjeven til forlating for syndene dine og mine, i flg. Jesu eigne ord.
Men på denne dagen les vi om at Jesus gjer meir enn å innstifte det heilage  sakramentet. Det ser ut for at Jesus også  reinsar læresveinane for det som dagleglivet påfører dei av smuss og skitt. 

Det er ikkje klukkinga frå ei vinflaske vi høyrer. Derimot sildringa av rennande vatn. Kan hende burde vi i dag sjå på dette vatnet i Jesus vaskefat som eit bilete på det vatnet som ein gong sildra og rann over ditt og mitt hovud. Ein gong vart du og eg døypte. Og vi hugsar andre ord frå evangelisten Johs. – m.a. det han refererer frå samtalen mellom Jesus og Nikodemus, der Jesus seier: ”Den som ikke blir født av vann og Ånd, kan ikke komme inn i Guds rike” (Johs. 3,5)

Dåpen er både eit bad til atterføding – vi vert fødde på nytt, som vi seier det i vår dåpsliturgi, - men dåpen er også eit bad som gjev reinsing frå synd.
Men dåpens reinsande kraft kviler på Jesu fullførte frelsarverk der han ein gong for alle bar fram det reinsingsoffer for synda som Loven kravde.

Fotvaskinga peikar fram mot dåpen.
Men fotvaskinga syner også til den tenargjerning Jesus gjorde for oss. Sjølve arbeidet; det å vaske føtene til gjestane i huset, det var simplaste slavearbeid.

Ved å gjere dette viste Jesus at han var oppfyllinga av dei gamle profetiane vi kjenner frå GT. I Jes. 53 les vi om Herrens lidande tenar; om han som ”ble såret for våre lovbrudd og knust for våre synder. Straffen lå på ham så vi fikk fred …” (Jes. 53.4-5)

Denne lidande Herrens tenar som Jesaja spådde om mange hundre år i førevegen, det var Jesus. Og ved sin død på krossen gjekk han inn i den oppgåva og den rolla profetane hadde gjeve han, og som Gud hadde utvald han til.
Han som var Herre og Meister, han la seg på kne og tolte det nedverdigande slavearbeidet. Vaskevatnet, vondlukta, skiten, hånande ord og vantru blikk . Jesus brydde seg ikkje i det heile. For han var ein tenar. Ein lidande tenar som skulle døy. Som skulle gje seg sjølv. Sin kropp og sitt blod.

Med sildrande vatn mellom fingrane reinsa han dei skitne og syndige læresveinane. Slik gav han ei aning om det han etter si oppstode skulle innstifte – dåpen som skulle gje del i hans død og hans oppstode.

Samstundes var fotvaskinga eit heilt konkret forbilde for læresveinane. Slik han gjorde mot dei, slik skulle dei gjere mot kvarandre. Slik han var ein tenar for dei, slik skulle dei med sine liv vere tenarar for kvarandre. Slik Jesus gav seg sjølv gjennom teneste – gjennom diakoni – slik skal kristne gje sine liv i teneste for sine medmenneske.
”Forstår dere hva jeg har gjort for dere? Dere kaller meg mester og herre, og dere gjør det med rette, for jeg er det. Når jeg som er herren og mesteren, har vasket deres føtter, da skylder også dere å vaske hverandres føtter.” 

Det er skjærtorsdag. Dagen for påskemåltid og nattverd. Men også ein dag der vi høyrer sildringa av rennande vatn. Dåpsvatnet minner det oss om. Men vi har skitna oss til sidan dåpens bad. Difor treng vi framleis å reinse oss. Og då er det ei lukke at vi tvers gjennom påska sitt veldige drama framleis høyrer korleis det piplar og renn i reinsande vatn. I evangelisten Johannes si skildring av langfredagen, kan vi lese at då Jesus var død på krossen, stakk dei eit spyd i sida hans, og ut or såret rann det blod og vatn. (Johs.19,34)

Blod og vatn.
Nattverd og dåp.

Vi augnar dei verkeleg djupe samanhangar i den bodskapen som møter oss i påsketekstane. Både vatnet og blodet reinsar. Her er vi ved den verkelege kjerna i vår kristne tru. Dette som er så ufatteleg og ubegripeleg for vår tanke, men som det likevel går an å halde fast med si tru.

Jesus vil gjere oss reine. Ikkje berre overflatisk. Ikkje berre ein kattevask av støvete ørkenbein. Difor har fotvaskinga eit langt, langt djupare innhald. Fotvaskinga fortel oss noko om korleis Jesus med det rennande vatnet, med livsens vatn, kan gjere eit menneske "ren og rettferdig, himmelen verdig". 

Og så er det også slik at vi nettopp på dagen i dag, skjærtorsdag, vert minna om eit anna middel som Jesus også brukar for å reinse det som er tilsmussa og skittent. Hans eige blod. Det blodet som også rann frå såret i sida hans. Det blodet vi får del i gjennom nattverdens vin. Vi får ikkje del i det fordi dette er innlysande og logisk. Tvert om. For vår tanke er dette fullkome ufatteleg.

Men Guds ord slår også fast at på same måten som vatnet - dåpsvatnet - gjer den døypte reinsa og rein, slik reinsar også nattverden, Jesu blod, den som har fått sitt dåpsliv tilsmussa av eit levd liv. 

          "-blodet fra Jesus, hans Sønn, renser oss for all synd", heiter det i 1.Johs.1,7. 

Påskebodskapen handlar om at Jesus gjev seg sjølv for oss. Det er Gud på kne for våre føter med vaskefatet mellom hendene. Han vil vaske oss. Gjere oss reine. Han byr oss meir enn såpe og vatn og litt parfymert deodorant for å fiffe opp ein noko medtatt fasade. I staden for godlukt og sminke byr han oss sin lekam og sitt blod. Vår Herre og Meister gjev seg sjølv for oss. Med vatn og blod frå sin eigen kropp. 

Det er påske. Det dryp og renn rundt oss. Vatnet sildrar i veggrøfter og bekkar. Elvane rundt om i landet vårt går etter kvart store og flomsterke. På same måte som vatnet i naturen talar til oss om fornyande krefter når våren kjem, slik vert vi i dag minna om dei nyskapande og reinsande kreftene den kristne kan hente i det vatn og det blod som renn og sildrar for vår skuld.

"Klippe, du som brast for meg, 
la meg skjule meg i deg!        
La det vann og blod som går          
fra din sides åpne sår,          
rense meg i nådens pakt         
fra all syndens skyld og makt."    NoS. nr.341, v.1 


lørdag 9. april 2022

Gravferd. Påskeveka (Tekst frå Palmesøndag III)

 

Johs. 12,1-2: Seks dager før påske kom Jesus til Betania der Lasarus bodde, han som Jesus hadde vekket opp fra de døde.  Der ble det holdt et festmåltid for ham. Marta vartet opp, og Lasarus var blant dem som lå til bords sammen med ham.   

Vi er samla i sorg nett no. Sorg over han som ikkje lenger er mellom oss. Som er død og ligg i denne kista.
Men midt i sorga dykkar, vågar eg å ta dykk med på ein fest. Den store jubelfesten i Betania som vi høyrde om i kyrkjene vår for eit par dagar sidan, då vi gjekk inn i påska dette året. Det var palmesøndag.
Då høyrde vi om "Takk-og-lov"-fest. Det var gjestebod av det store slaget. Jubel. Glede. Fullt hus av slekt og vener. Med ei strålande opplagt vertinne i spissen for heile arrangementet. Heidersgjesten på festen var Jesus. Han som fleire gonger før hadde vore på besøk hjå Marta og søstera Maria.

Og jamen hadde dei grunn til å feste. Ikkje berre fordi Jesus var der som heidersgjest, men også fordi Lasarus var der. Bror til Marta og Maria, han som Jesus hadde vakt opp frå dei døde.
Det var i sanning ei skikkeleg "takk-og-lov-fest". For her sat undergjeraren og livgjevaren til bords og åt saman med han som hadde lagt som lik i fire dagar i grava. Jesus og Lasarus var på fest i lag. Det var takkefest for livet. Lasarus som hadde vore død, var levande og eit naturleg midtpunkt for glade søstrer og for undrande vener og slektningar.
 

Men eit endå meir naturleg midtpunkt var Jesus. Han som hadde vakt Lasarus opp att frå døden. Betania var i festrus. Her var det god mat og godt drikke. Og sannleg vart ikkje feststemninga også krydra med ei gjennomtrengjande godlukt som liksom understreka at dette var noko heilt utanom alt som elles var vanleg. For ved festbordet dukkar Maria opp att ved Jesu føter. 

No, ved festen for den levande Lasarus, tok Maria fram ei krukke med salve - dyr nardussalve, verd nesten ei heil årsløn for ein vanleg arbeidar. Maria sette seg ved Jesu føter enno ein gong. Ho salva føtene til Jesus. Og den gode lukta frå salven breidde seg i heile huset. Sanneleg - her var det fest i glede for livet - livet som Lasarus hadde fått attende. 

Eller var det livet som stod i sentrum der i Betania?

For vertskapet var det nok livet - glede over at Lasarus var mellom dei att, og takksemd til Jesus som hadde vist seg sterkare enn døden.
Men jammen tek ikkje Jesus til å tala om døden på denne gledesfesten for livet. For når han får kritikk frå den svikfulle Judas, som også var med på festen, for at Jesus verkeleg lar Maria få sløsa bort så mykje pengar til dyr salve, berre for å salve Jesu føter, når pengane som det kosta å kjøpa salven heller kunne vore gjevne til dei fattige; så er Jesus kontant med si irettesetjing av han som skulle verte svikaren, samstundes som han tek Maria i forsvar:
 

"La henne være! Hun har gjemt salven til den dag jeg skal begraves. De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid." 

Den dag jeg skal begraves Gravferdsdagen!

Var det ikkje nettopp i glede over ein oppattlivna Lasarus dei var samla?
Og så tek Jesus til å tale om sin eigen gravferdsdag. Snakk om kalddusj!
 

Midt i festen for livet, ser vi at Jesus er på veg til sin eigen død. For dette skjer på palmesøndag. Ved inngangen til påske. Midt i gleda over at Lasarus sat lys levande i det velluktande rommet, gjer Jesus det klårt at for hans eigen del, nærmar død og grav seg. Han som er Herre over døden, vert salva til si eiga gravferd på ein fest for at livet hadde sigra. 

Livets Herre er på veg til sin eigen død!

Og for oss som sit her i kapellet med ei kiste midt mellom oss, er ingenting viktigare enn å få høyre om dette. At Jesus ville døy, for så å vise enno ein gong, si makt over døden.

Først gav han liv til Lasarus som dei no festa for. Men snart skulle han sjølv rive seg laus or grava sitt kalde grep og stå opp. Det er det vi skal høyre om påskedagen.

 Jesus siger over døden i påska.

Det er ditt og mitt håp når vi møter døden.
Når dagen kjem at det er eg som ligg i ei kiste. Eller når det vert din tur.
Jesus er Herre over livet! Også i møte med døden. Han har prova det ved å vekkje Lasarus opp att frå dei døde. Men han som er sterkare enn døden, skal sjølv døy. Difor var det ikkje berre takkefest for at Lasarus vart levande att. Festen gjekk over i ei hylling av Jesus som skal døy. Det er både fest for livet og fest før døden; på same tid.
 

Vi er i gravferd no. Vi festar ikkje. Vi sørgjer. Vi takkar for livet som var.
Men vi ventar også på ei oppstode, om enn ikkje slik Lasarus stod opp.
Vi ventar på ei oppstode på den siste dagen i denne tida.
Då skal Jesu makt over døden vise seg ved alle graver.
Då håpar vi på den store oppstoda. Då skal også vi  stå opp.
Då skal festen bli stor og evig.
Det er vårt håp på denne gravferdsdagen, der vi takkar for livet som vi no tek farvel med.

                                             AMEN !

Bloggarkiv