søndag 17. mars 2013

I prestebustaden


Maria budskapsdag. III. 17.03.2013
Biskopshavn – samtalegudsteneste for konfirmantar
Luk. 1,39-45

I dag skal vi vere med inn i ein prestebustad. Der budde presten Sakarja, og der budde kona hans, Elisabeth. Det var ikkje unge, aktive prestefolk som dreiv barnearbeid eller speidararbeid eller konfirmantundervisning. Der, i ein liten fjellby i Juda, budde ein gamal, streng ortodoks, jødisk prest. Og den gamle kona hans. Presten Sakarja var med i eit lag av prestar, i alt 24 prestar, som kvar gjorde teneste i tempelet to veker årleg. Kva han dreiv med elles i året veit vi ikkje. Kona til Sakarja var Elisabet.

Ei stor sorg hadde dei. Elisabeth var barnlaus. Det står at ho ikkje kunne få barn, og no var dei begge gamle. Så gamle at då underet hende, at Sakarja fekk besøk av Herrens engel som fortalde at dei to skulle bli foreldre, så nekta han å tru på engelen: ”Hvordan kan jeg være sikker på dette? Jeg er jo gammel, og min kone er også langt oppe i årene.” (Luk. 1,18)

Presten Sakarjas vantru var neppe større enn vantrua mange av prestane som gjer teneste for Herrens altar den dag i dag ville ha vist. Og vantrua hans fekk ikkje verre følgjer enn ein mellombels periode som stum. Sakarja vart stum heilt fram til det faktisk hende, det engelen sa. At Elisabet, den gamle, vart med barn og etter kvart fødde Johannes, sonen deira. Sonen til Sakarja og Elisabet.

Vi skal snart vere med inn i prestebustaden i fjellandsbyen.
Men for å stige inn dit må vi slå følgje med Maria. Ho var slett inga gamal dame. Tvert om. Reine ungjenta var ho.
Hadde det vore råd å samanlikne med det vi kjenner frå vår samtid, kunne sikkert Sakarja vore den aldrande, pensjonistvikaren som underviste konfirmantane innimellom, i staden for ungdomspresten, og Maria kunne vore ei av konfirmantjentene. Og Maria var altså den unge slektningen til Elisabet, ho vi med rette kan kalle for gamlemor.


Vi veit litt meir om Maria enn om Sakarja og Elisabet. Men det Maria og Sakarja har sams er at Herrens engel kom til dei. Engelen som snakka med Sakarja veit vi ikkje namnet på, men han som kom til Maria heitte Gabriel. Begge fekk ein liknande bodskap, sjølv om det var avgjerande skilnad på det engelen hadde å fortelje. Sakarja skulle verte far på normal måte, om ein ser bort frå Elisabets høge alder. Men Maria skulle verte mor utan ein jordisk far.
Om det var vanskeleg for Sakarja å tru på engelen, så var det ikkje enklare for Maria.
Også ho hadde spørsmål til engelen: ”Hvordan skal dette kunne skje når jeg ikke har vært sammen med noen mann?” (Luk. 1, 34)

Men der Sakarja tvila, der lyser det tru og tenestevilje frå Maria. Ho svara engelen slik:
”Se, jeg er Herrens tjenestekvinne. La det skje med meg som du har sagt.” (Luk.1,38)

Det er Herrens tenestekvinne, Maria, ho som altså vart med barn eit halvt år etter slektningen Elisabet; der er henne vi no følgjer på hennar besøk til fjellbyen der Elisabeth bur. Maria veit at noko har hendt med henne. Det handlar ikkje om samliv mellom henne og Josef som ho var trulova med. Det handla om eit Guds under som hadde gjort henne gravid. Framleis var det så tidleg i svangerskapet at ingen kunne sjå det på henne. Likevel visste ho. Og ho trudde. Og ho ana at eit Guds under også hadde hendt med den gamle Elisabeth. Difor går ho til fjells for å besøkje Elisabet.

Elisabet og Maria. Slektningar . Ei ung, og ei kvinne ”langt oppe i årene” (Luk.1,7). Men begge i det som vi med høgtidelege ord kallar”velsigna omstende”. No venta dei søner begge to. Ingen moderne ultralydundersøking hadde avslørt løyndomen om det vart gut eller jente. Avsløringa kom frå Gabriel. Og han hadde det frå høgste hald. Frå livgjevaren sjølv. Skaparen. Gud Fader.

Begge visste til og med namnet på borna dei bar på: Johannes = Gud er nådig og Jesus = Herren frelser.

Maria stig inn i heimen til Elisabeth og Sakarja. Vi får vere med på eit kort møte mellom desse to i tekstordet vi stoggar for. Eit kvinnemøte.
Marias og Elisabets møte var noko meir og noko anna enn det som spente, ventande foreldre snakkar om og gler seg til når dei kjenner fosteret sparkar og signaliser at ”Snart kjem eg til dykk”.
Dei fleste ventande foreldre kjenner lukkerus i slike stunder. Elisabet kjende ein annan rus når ho såg Maria: ”Hun ble fylt av Den hellige ånd og ropte høyt: - Velsignet er du blant kvinner, og velsignet er frukten i ditt morsliv”.
Og så tala den aldrande, svangre kvinna profetisk, for ho kallar den yngre slektningen
”- Herrens mor”


Slik talar ho som i sitt morsliv ber på han som av Jesus seinare får denne attesten: ”Blant dem som er født av kvinner, er det ikke stått fram noen større enn døperen Johannes” (Matt.11,11)
Vi er med på eit møte mellom kvinner. Men kvinner som tala uvanlege ord om eit veldig vanleg tema. For kvinnene var utvalde. Velsigna av Gud sjølv til å innta sine plassar i Guds plan for å frelsa verda.
Dei bar på nåden og frelsa under sine hjarto: Johannes = Gud er nådig og Jesus= Herren frelser.

Snart skulle ho føde, Elisabet. Guten med namnet nåde. Han som vaks til mannen som møtte unåde. Hovudet hans vart til slutt servert på fat i eit vanstyrt kongehus. Han som rydja vegen for slektningen sin. For Jesus. For frelsa.

I Elisabets hus var Maria lukkeleg. Herrens tenarinne. Men vi veit at sverdet seinare skulle stikkast i hennar sjel. (Luk.2,35).Ho skulle kome til å gråte tunge tårer ved ein kross nokre og tretti år seinare.

Men der og då: I fjellbygdene i Juda, i Elisabets hus, prestebustaden for henne og Sakarja; kan hende med den stumme presten Sakarja som tilhøyrar i ein krok i huset, der var det glede og jubel i kvinneleg lag.

Engleorda var ikkje gløymde av nokon av dei. Sakarja hadde skrive ned det han ikkje lenger kunne seie til Elisabet. Ho visste om Gabriel. Maria hadde enno skinet av dei kvite englekleda som ein glans i spente augo.

To glade kvinner i Herrens teneste. Med nåden og frelsa i sine morsliv. Dette var deira gåve til ei heil menneskeslekt. Å bere Guds under inn i vår verd.

I dag, samlast vi her i Biskopshavn kirke. Vi som skulle vere glade tenarar for Herren i vår tid, i denne menigheten.
Nåden er komen frå Gud. Frelsa er komen frå Gud. Elisabet og Maria var med å bere fram Guds gåver til oss. Men også vi skal gå inn i rekkjene av glade tenarar som skal bere dette vidare: Nåde og frelse frå Gud.

Mange av dykk som lyttar nett no er konfirmantar. Om ikkje så mange vekene skal de samle dykk på nytt her i kyrkja. Då skal vi be for dykk. Då håpar vi de få oppleve krafta frå han som vil være nær dykk, og som vil gje dykk det aller største eit menneske kan bere med seg vidare i livet. Guds nåde og Guds frelse.

Dette er Guds gåver til kvar og ein av oss som er i lag her no, og det er hans gåver til ei heil verd. Også til alle dei som Biskopshavn støtter og hjelper i Botswana som vi snart skal høyre meir om. Gåvene, Guds frelse og Guds nåde, som vil endre heile historiens gang for menneska.

Slik Johannes som enno berre er barnet i Elisabets mage spraka av fryd over eit anna barn i mors liv, han som Johannes seinare skulle rydda vegen for, slik skal vi alle i dag gje uttrykk for fryd og glede over underet frå Gud.

AMEN.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggarkiv