3. s. i fastetida III. 03.03.2013
Arna kyrkje
Luk. 22, 28 – 34
Arna kyrkje
Luk. 22, 28 – 34
I tre ulike samanhengar har vi no i
denne gudstenesta støytt på eit av dei siste tabu i norsk kyrkjeliv. Satan.
Eller djevelen. Den vonde.
Denne makta, eller kanskje rettare;
denne vonde personlegdomen i tilværet, som moderne nordmenn berre flirar av.
Ein underleg figur som mange meiner høyrer heime på historiens skraphaug. Eit
middelaldermonster som prestane heilt opp til våre dagar, ikkje minst prestar
som var påverka av pietismens mørkaste sider, likte å skræme og truge og
undertrykkje med vert det gjerne påstått.
Men det er denne djevelen vi talar om
kvar gong vi døyper eit barn i kyrkjene våre. For då heiter det som kjent i
orda vi seier fram i lag som samla kyrkjelyd før vi held fram med den
tradisjonelle kristne truvedkjenninga: ”Eg forsakar djevelen og alle hans
gjerningar og alt hans vesen”
Dei som har presentert Satan for oss
gjennom heilage tekstar frå vår Bibel, er altså først profeten Sakarja: ”Han viste meg øvstepresten Josva, som stod
framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål
mot han. Herren sa til Satan:
«Herren refsar deg, Satan!” (Sak. 3,1-2)
«Herren refsar deg, Satan!” (Sak. 3,1-2)
Deretter er det Paulus som i 2.Kor 12,7
tala om ein ”Satans engel” som plaga
han.
Og så endeleg, er det ingen ringare enn
Jesus sjølv som brukar desse underlege orda når han talar til Peter, eller
Simon, og dei andre læresveinane og seier det på denne måten: ”Satan kravde å få sikta dykk som kveite”
(Luk.22,31)
Er Satan ein fantasi, ein skrudd idè,
eller ei reell vond kraft som dei som trur på Jesus også må ta inn i
reknestykket når kalkulasjonar for eit kristent liv skal leggjast?
Spør vi redaksjonen i Dagbladet eller journalistane i Dagsrevyen får vi eit svar.
Spør vi profeten Sakarja eller apostelen Paulus eller sjølvaste Jesus Kristus får vi eit heilt anna svar.
Eg må tilstå at for meg veg det Jesus talar om litt tyngre enn spottord frå Akersgata.

Ein som aldri var i tvil om Satans
eksistens, var Martin Luther. Difor skreiv han også denne mektige salmen som vi
syng i dag, før og etter denne preika. Om
Gud som er vår borg i møte med den gamle fienden. Om at vi ikkje skal ottast og
vere redde om det var så ille at ”verdi full av djevlar var”
Det vert sagt at den same Martin Luther i si tid var så intenst oppteken av kampen mot Satan at han ein gong skal ha kasta blekkhuset sitt etter djevelen.
Det vert sagt at den same Martin Luther i si tid var så intenst oppteken av kampen mot Satan at han ein gong skal ha kasta blekkhuset sitt etter djevelen.
I evangeliet vi deler denne søndagen, møter vi Jesus i samtale med læresveinane. Det er ein underleg samtale som omhandlar litt meir enn det utdraget vi har lese i lag. Samtalen går føre seg om kvelden skjærtorsdag, i tidsrommet mellom sjølve nattverdmåltidet og det som hende i Getsemane litt seinare på kvelden og natta. Det hende altså at læresveinane gjekk rett frå nattverdbordet og tok til å krangla seg i mellom. ”No vart det òg strid mellom dei om kven som skulle reknast som den største”. (Luk.22,24)
Det var i sanning litt av ein gjeng
Jesus hadde rundt seg den siste natta før han vart krossfest. Dei som hadde
opplevd det siste måltidet, nattverden, truleg utan å ane djupna av det som
hende, dei gjekk frå bordet for å krangle. Krangel om kven som var størst og
viktigast av dei.
Og rett frå krangelen bar det ut i Getsemane der Jesus bad dei om å vake og be i lag med han. Men ingen av dei makta det. I Getsemane sov dei tungt medan Jesus sveitta blod. Det var om det vi tala i kyrkjene våre 1.s. i fastetida i år.

Det er i samband med kranglinga om kven
av læresveinane som var den viktigaste at Jesus altså fortel at Satan har vore
på han. ”Satan kravde å få sikta dykk som
kveite,” seier Jesus til læresveinane. I den tunge kvelden og natta der så
mykje står på spel for Jesus, høyrer vi om ein konkret konfrontasjon med den
vonde. ”Satan kravde” seier Jesus.
Det er som om han strekar under at Satan er der som ein reell trugsel. Ordet
Satan betyr ”motstandar” – det er nettopp som det han står fram i det Jesus
talar om. Satan ynskjer å teste ut Jesu nære vener. Kanskje ligg det noko bak
om at han vil påvise kor lite dei var å satse på. Kranglefantane. Dei søvnige.
Og ikkje minst dei svikefulle.
Ein av dei tolv var allereie i Satans
lomme. Det var Judas.
Men ein annan var nesten i same kategori. Han som Jesus her omtalar som Simon. Simon var det gamle namnet på Peter. Jesus hadde sjølv gjeve Simon nytt namn då han kalla han for Peter, klippen, berget, som han ville byggje si kyrkje på. Men no brukar ikkje Jesus dette klippenamnet. Her er det Simon som vert tiltala. For her snakkar ikkje Jesus med han som var berget som skulle vere grunnmur for hans nye kyrkje.
Her snakkar Jesus med han som skulle svikte. Med Simon. Han som skulle fornekte Jesus tre gonger før hanen gol.

Tenk om det var slik at Jesu motstandar,
Satan, verkeleg fekk dei i lomma alle desse venene til Jesus?
For det var det han ville. Så tvil. Setje dei på prøve og utnytte alle deira svake sider. Vippe dei over på si side i kampen mellom den vonde og den gode.
For det var det han ville. Så tvil. Setje dei på prøve og utnytte alle deira svake sider. Vippe dei over på si side i kampen mellom den vonde og den gode.
Men Jesus veit kva det heile handlar om.
Han kjenner dei. Han har høyrt kranglinga. Likevel kan han bruke dei. ”De skal eta og drikka ved mitt bord og
sitja på troner og dømma dei tolv Israels-stammane” seier Jesus til dei.
Guds rike er full av slike som desse venene til Jesus. Dei er alle slike som du og eg er. På ulikt vis rotar vil til våre liv.
Med høgtidelege ord seier vi ved døypefonten at vi forsakar djevelen. I det daglege livet viser vi noko heilt anna. Å forsake er å seie nei til.
Av og til, kanskje. Av og til lukkast vi.

Andre gonger går vi rett i fella. Vi
høyrer ekkoet av hanegal både tidt og ofte, og må innerst inne innrømme at
Jesus vart svikta, ikkje berre av Simon Peter, men også av meg. Det smertar.
Det gjer vondt. Vi kjenner skamma og skulda som ei bør.
Øvstepresten Josva som vi las om i
avsnittet frå profeten Sakarja tidlegare i gudstenesta, var eit menneske som
livet ikkje hadde lukkast for. Dette var symbolisert ved at han gjekk i skitne
klede. Men ein engel gav han nye festklede: ”Sjå,
eg tek bort skulda di og kler deg i festklede”
Paulus strir med det han omtalar som ein
”torn i kroppen” som er eit eller
anna vondt som Satan plagar han med. Botemidlet for Paulus er orda frå Herren: ”Min nåde er nok for deg”.
I dag vert vi altså minna om at i møte
med Satan, i dragsuget frå hans vondskap der det er så mange nederlag som er å
finne, der finst det noko som er større. Noko som er viktigare. Noko som er
kraftigare.
Herrens nåde. Krafta som er stor nok til
å gjere rein. Til å ta bort skuld.
Til og med for Simon, for Peter, Jesu næraste medarbeidar som på førehand fekk vite at han var ein som ville svikte før hanen gol den same natta; også for han var det lov å vente seg oppreising, nåde og nytt liv. ”Når du ein gong vender om, så styrk brørne dine” seier Jesus til han, samstundes som han varslar svik og hanegal.

Om du skulle ha eit gammaldags blekkhus
på skrivebordet heime, så blir det berre søl om du kastar det etter djevelen.
Det er ikkje slik vi kjempar mot Jesu motstandar og mot vår motstandar; mot
Satan.
Den beste kampen er å anerkjenne at vi har ein motstandar. Ein sterk motstandar som vil rive oss bort frå Jesus.
I det å ta dette innover seg, gjev det meining i det vi no skal gjere i lag: Først seie fram orda om forsakinga av djevelen og det vonde.
Men vi stoggar ikkje med det. Vi held fram med vår faste truvedkjenning. Trua på den treeinige Gud, vår skapar og Frelsar og vegvisar til det evige livet.

Det er den trua som frelser. Det er den
trua som ber nåden med seg, og som gjev oss håp om at nederlag er tilgjevne for
Jesu skuld. At også vi skal ta inn over oss orda som var så viktige for Paulus:
”Min nåde er nok for deg” AMEN
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar