Viser innlegg med etiketten Generelle kommentarar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Generelle kommentarar. Vis alle innlegg

torsdag 21. mars 2013

Som den gyldne sol…….

Alle håpar på sol i påska!
Folk valfartar til stader der dei håpar sola vil strekkje ut sine gode strålar. Sveipe seg rundt kroppane. Varme kinnet, smelte glattisen og mjukne sjokoladen i tursekken.


Vi håpar på sol over byen.
Vi håpar på sol over gardar og grend.
Vi drøymer om blanke bølgjer som speglar seg i lyset, og om kvite vidder der vi må smørje ski og hud for å få maksimal utnytting av det gode som sola vil gje oss.
Eg ber: Kjære Gud. Lat sola skine over oss i påska!
I gamal norrøn mytologi kjenner vi gudinna Sól som er søster til Måne. Også i dei fleste andre gamle religionar finn vi velkjende solgudar som for eksempel egyptiske Ra eller greske Helios. Dette er gamle gudar som i si tid var objekt for tilbeding.
Eg har aldri høyrt om moderne nordmenn som tilber sola. Likevel vågar eg å spørje om ikkje mange av oss, i alle fall av oss som har ein heim i ei kyrkje, til tider står i fare for å bokstavleg tala leggje oss flate for soldyrkinga. Ikkje minst i påska.
Eg spør: Er det ikkje råd at vi i sterkare grad kombinerer friluft, turar, utfart, familiehygge og timar i solveggen med høgtidsfeiring i Guds hus?
Jula er kommersialisert.
Påska gjort om til ei moderne solfest.
Eg ber for alle kristne: Kjære Gud lat ditt lys skine over oss i påska!
Skal det skje må vi gjere som når finvêret av og til overraskar vestlendingane. Då strøymer vi ut der lyset er. Der sola varmar.
Guds lys er særleg klårt og tydeleg i kyrkja. I di heimekyrkje her i Arna eller Åsane. I kyrkja der du besøkjer slektningane dine desse påskefridagane. Eller i kyrkja som står ein stad ikkje langt unna der du er på hyttetur eller båtferie.
Gjennom heile året har vi som er kristne ikkje noko større og viktigare å feire enn det som hende i påska. Utruleg nok avspeglar ikkje dette seg i fulle kyrkjer gjennom påskeveka.
I alt snakk om kva som i vår tid trugar vår kristne kultur i landet vårt er vi ved kjerna når vi peikar på nettopp dette. Det er ikkje andre religionar som trugar kristen kultur. Det er ikkje styringskåte politikarar. Det er ikkje ein gong kyrkja sin økonomi.
Det heile kokar ned til om det er viktig for dei som trur, og som ber, at vi tilber han som døydde, stod opp og som er levande mellom oss i dag. Då må vi finne vår plass mellom dei som trass alt samlar seg til gudstenester, bøn og lovsong i kyrkja si største høgtid.
Eg ber for vår kyrkje: Kjære Gud. Gjev oss nåde til  å halde ei heilag høgtid i kyrkja di denne påska.
AMEN
(Dette er tidlegare publisert under vignetten "Prostkassen" i kyrkjeblada i Arna og Åsane prosti)

lørdag 2. februar 2013

Ungdomsåret


(Innlegget har stått på trykk i dei felles kyrkjelydsblada for Arna og Åsane prosti nr.1/2013)


Bjørgvin bispedøme si storsatsing gjennom heile 2013 er i gang. Ungdomsåret, U2013.
På mange ulike måtar vil vi merke det gjennom vekene og månadene vi no har gått inn i. 13.januar vart det heile ”sparka i gang” ved ei radiosendt høgmesse frå Domkirken i Bergen. Biskopen vår, som har hatt visjonane for U2013, heldt preika. Alle som lytta til radioen, eller som var til stades i vår hovudkyrkje denne søndagen, merka at her var det ungdommeleg sprut og eit tydeleg ungdomsstempel på alt som gjekk føre seg.
Ten Sing-kor som forsongarar. Band og kyrkjeorgel i samklang gjennom alt som finst av elektronikk fekk middelalderens murpuss til å smuldre ned over gamle og unge kyrkjefolk.
Kyrkja i Bjørgvin kan gratulerast med dette tiltaket som skal halde fram, sentralt i Bergen og lokalt i våre to vestlandsfylke som til saman utgjer Bjørgvin.
Det er kjekt å konstatere at U2013 faktisk tjuvstarta kvelden før det tok av i Domkirken. Tjuvstarten var i vårt prosti. Seint laurdag kveld, 12.januar, melde kateketen i Arna, Cathrine Snipsøyr på Facebook: ”Har hatt ungdomskveld i Arna med nesten 70 ungdommer. Det vrimlet i kyrkjelydshuset og i kirken. I morgen er det gudstjeneste med åpning av ungdomsåret” Gudstenesta ho reklamerer for ”i morgen” er ikkje den som var i Domkirken, men den som var i Arna om ettermiddagen 13.januar. Flott at det svingar mellom dei unge også lokalt hjå hjå oss.
Ungdomsåret er sett på kartet dette kalenderåret vi nett har gått inn i. Men om det vi no får til ikkje held fram også i 2014 og 2015 og 2016 og i åra vidare utover, har det heile lite meining.
For kyrkja vår er inne i eit tid der vi rett og slett er nøydd å nå ut til dei unge, og nå inn i livet til dei unge, for å få dei til å høyre, forstå og gripe i tru det som er U2013 sitt motto: ”Vener for livet”

Den venskapen handlar framfor alt om at Jesus er venen til dei unge. Så handlar det om venskap mellom unge og venskap mellom dei unge og skaparverket, jorda vi bur på.

U 2013 startar altså i januar i år. Samstundes med denne oppstarten rasar ein debatt i massemedia om vår kyrkje si framtid. Og om landet vårt skal vere prega av kristen kultur i åra som kjem, eller om vi er truga av ein kulturell og kristen undergang i møte med alt som pressar på utanfrå.
Prost Trond Bakkevig i Vestre Aker i Oslo har i Aftenposten sagt nokre viktige ord om dette:
”Det er fraværet av kirkegang og kunnskap om kristen tro som representerer en slik trussel.”Både mellom vaksne og unge ser vi i dag eit fråvær av kyrkjegang og ein nedgang i kunnskap om kristen tru. Dette trugar kyrkja. Dette trugar den kristne kulturen.

Ungdomsåret i Bjørgvin kan vere med å rette på dette.
Dette må vere det kristne i Bjørgvin ber om gjennom ungdomsåret, U2013.

mandag 10. desember 2012

Difor



Som prest står eg ofte framfor større eller mindre forsamlingar av menneske. Då er det som regel mi oppgåve å seie eit eller anna. Bere fram ord.

Ein prest ber alltid fram sine eigne ord og er ansvarleg for det som vert sagt.
Men ein prest må alltid tenkje at orda som vert sagt i ein slik situasjon må ha røtene sine også utanfor presten. Inspirerte av noko større enn denne prestens høgst avgrensa tankekapasitet.

I Johannesevangeliet les vi om Ordet. Logos. Ordet som vart menneske. Vi les om Jesus Kristus.

Ei preike eller ein tale som ein prest held når han står fram som prest, må vere inspirert av Ordet. Av Kristus. Difor vågar eg å bruke denne tittelen på bloggen: Når Ordet skapar ord.
Eg har lenge tenkt at når eg  først har våga meg til å halde ei preike eller ein tale offentleg, så bør ikkje steget derifrå og til stå ved dette i form av å gjere det offentleg tilgjengeleg, også i ei slik form som bloggen representerer.

Det er neppe så mange som orkar å lese dette på nytt, men kanskje ein eller annan, særleg interessert. Kanskje kan ein kollega eller to få ein idè til noko dei sjølve skal seie. I så fall har eg nådd det eg ynskjer. Ikkje noko meir pretensiøst.

Difor går eg i gang no ved inngangen til eit nytt kyrkjeår. I adventtida 2012.
Så får vi sjå etter kvart om dette er noko å halde fram med over tid.

Bloggarkiv