søndag 3. august 2014

Tre bryllup og ei gravferd

Framfor 8.s. i treeiningstida hadde eg gravferd på fredagen og tre vigsler på lørdagen.
Eg valde same andaktsord både for gravferda og vigslene med utgangspunkt i eit av versa i preiketeksten for søndag. Då vart det slik
:



Gravferd

For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera. (Matt.6,21)

Døden fekk hjarta til å stogge.
Det er dødens natur.
Hjarta ditt bankar. Då er det liv. Hjartet stoggar. Då er det død.
Dette veit vi godt. Difor lyttar vi også godt etter når vi høyrer signal frå hjartet vårt om at noko er i vegen der inne der det normalt berre skal tikke og gå utan at vi elles reflekterer over det.
Hjarta er sentrum for livet.

Men hjarta vert også ofte omtala som sentrum for tankar og kjensler. Hjarta vert eit symbol for heile personlegdomen vår.
I hjarta bur det kjærleik, seier vi. Hjarta er fylt av hat, kan det også seiast når noko har skore seg i forholdet til medmenneska.

Hjartesorg kan ein tale om når forelskinga ikkje er gjensidig.

- Det var som om hjarta mitt vart knust, kan eit menneske i sorg tale om mens tårene renn ved eit dødsleie.


I vår kyrkje går vi no mot ei helg der hjarto våre skal setjast i fokus. Difor har eg valt eit kort andaktsord som er ein liten setning, henta ut frå komande søndags preiketekst:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Hadde vi lese alt som vi skal ta opp komande søndag, ville vi forstått at dette handlar om kor lett det er for oss menneske å la oss leie og forføre av jordisk rikdom, pengar og velstand, og slik gløyme det himmelske – gløyme Gud.

No vart det altså slik at vi framfor denne søndagen møtte døden. Døden gjesta dykkar familie.

Eit hjarta har slutta å slå. Men samstundes lever vi andre vidare. Utan han/ho som døden tok frå dykk. Men med alle minne. Med all vemod. Med takk. Med tårer.
Ingen ting av alt dette som no kjem fram for dykk skal de sleppe. For alt slikt er ein del av det å sørgje. Ein del av det å ta farvel.


Gjev plass for dette som de kanskje vil uttrykkje ved å seia dette bur i hjarto dykkar no, sjølv om det faktisk er i hjernen at slike tankar og kjensler eigentleg sit.
Gjev rom for sorga. For vemodet. For takk og for tårer. Det er difor vi er her no.

Men så skal livet gå vidare etter dette. Gradvis skal vi kjenne at den døde kjem meir på avstand. Framfor oss reiser seg eit liv utan han/ho vi tar farvel med.

Hjarta ditt skal finne ein ny rytme. Litt annleis.
Livet ditt skal få ein ny farge. Kanskje ikkje så veldig forandra.
Men ein del av det som var viktig og stort for deg, er ikkje meir.

Korleis skal framtida di formast vidare?
Du skal sjølv fylle den. Du skal ta med deg dei finaste minna du har om han/ho som er borte, og så skal du leve. La hjarta ditt banke og slå. Livet kjem framleis mot deg.

Kan livet bli rikt og fint igjen etter eit dødsfall?Om det ikkje var råd, var det vanskeleg å vere menneske. For alle døyr, før eller sidan. Og var det ikkje råd å kome gjennom sorga, ville vi alle gått rundt med brostne hjarto kvar dag, for vi har alle våre som ikkje lenger er mellom oss.

Difor skal hjarta ditt på nytt banke på ein god måte. Slik at du kan leve. Slik at du kan oppleve livet som rikt. Ja, som ein skatt.

Men så var det altså at Jesus i dag tek eit lite tak i deg om minner deg om desse orda:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Når vi forstår at dette er ord som kjem frå Jesu munn, ord henta frå hans berømte Bergpreike, som må vi lytte ekstra godt etter og spørje: Kva betyr dette, Jesus? Kva er det du vil seie oss?


Jesus vil med desse orda om skatten og hjarta vårt seie noko om at den store skatten, den finn vi ikkje her mellom oss. Den er ikkje jordisk gull og glitter, pengar og velstand. Den er ikkje ein gong familie og vener.

Den store skatten for deg om meg ligg og venta på oss i himmelen. Hjå Gud.Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Når døden har stogga hjarta vårt, då må hjarta finne sin stad i livets skattkiste. Den er hjå Gud. Dit kan Jesus bere deg, gjennom døden.
Jesus var sjølv i døden og vann over alle dei mektige dødskreftene. Han stod opp att or grava og lever i dag for å vere i stand til å ta oss alle til himmelen. Der skatten er.
Dit hjarta mitt lengtar. Dit eg vonar eg skal flytte når hjarta i kroppen ikkje vil slå meir.

Må vi alle be Jesus ta hand om hjarta vårt. La han vere skatten i livet, skatten i døden og vår skatt i himmelen. AMEN

Vigsel

For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

«Skatten min»
Eg veit ikkje om det er eit uttrykk som de som i dag er hovudpersonar vil finne naturleg å bruke når de vil seie noko fint til kvarandre eller om kvarandre.
Men eg veit at dette er ord som ofte blir bruk av to som er glade i kvarandre. Som elskar kvarandre. De må gjerne ta orda i munnen i løpet av denne dagen, og slik gje uttrykk for gleda over å verte ektefolk ved å kalle den andre for «skatten min».

Dette er dagen for å la hjarte tale. La Jesu ord gå i oppfylling nå han uttrykkjer det slik:
- det hjartet er fullt av, det seier munnen. (Matt 12,34)

Dette er dagen for å la hjarte banke. Heftig og kraftig i takk og i glede over det som skjer når eit samliv på denne måten får velsigninga ved Herrens altar – i Guds hus.
Dette er dagen for å la hjarte banke og munnen tale.

La det kome fram at i hjarta ditt bur det ein skatt. Den skatten er din ektefelle. Den skatten må vaktast og vernast og passast på. Dette er livets store rikdom.

Vi er i kyrkja nett no. Det er laurdag. I morgon er det søndag, og då er det også mange som vil ta ut på kyrkjeveg. Over heile landet er det slik denne helga at vi i vår kyrkje går mot ein kyrkjesøndag der hjarto våre skal setjast i fokus.
Difor har eg valt eit kort andaktsord som er ein liten setning, henta ut frå morgondagens preiketekst:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Hadde vi lese alt som vi skal ta opp i morgon, ville vi forstått at dette handlar om kor lett det er for oss menneske å la oss leie og forføre av jordisk rikdom, pengar og velstand, og slik gløyme det himmelske – gløyme Gud.

No vart det altså slik at de framfor denne søndagen har vore opptekne med dette som nett no er så veldig viktig for dykk to. Bryllaupet. Stadfestinga av kjærleiken dykkar til kvarandre. Porten til ei felles framtid for å byggje vidare på heimen og å grunnfeste familielivet som sjølve pilaren i framtida dykkar.

I dag opnar det seg opp, alt dette som lenge har budd i hjarto dykkar. Dagen er her. Stunda er her. Eg trur de opplever at dette er ein skatt til å gle seg over som tek opp all plass i hjarto dykkar nett no. Slik skal det vere på bryllaupsdagen.

Men så skal livet gå vidare etter dette. Gradvis skal vi kjenne at kvardagane kjem tilbake. Festen tek slutt. Men du har skatten din der heile tida. Ektefellen din. Den skal ingen få ta frå deg.
Framfor dykk reiser det seg eit nytt liv med band som bind dykk saman i ei felles framtid.
Vi veit ikkje korleis dei dagane skal verte, men vi håpar og ber om mange og gode dagar i lag for dykk to.

Når så kvardagen kjem, skal hjarta ditt skal finne ein ny rytme. Litt annleis.
Livet ditt skal få ein ny farge. Kanskje ikkje så veldig forandra. Men forpliktinga ved det å leve som ektefolk, gjer noko med dykk som endrar framtida.

Korleis skal framtida dykkar formast vidare?
De skal sjølv fylle den. De skal ta med dykk alt det livet fram til no har gjeve dykk, men de skal få oppleve at livet opnar seg for dykk på ein ny måte.
Difor skal også hjarta ditt banke vidare på ein god måte. Banke for den andre.
Slik kan du oppleve livet som rikt. Ja, som ein skatt.

Men så var det altså at Jesus i dag tek eit lite tak i deg om minner deg om desse orda:
For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Når vi forstår at dette er ord som kjem frå Jesu munn, ord henta frå hans berømte Bergpreike, som må vi lytte ekstra godt etter og spørje: Kva betyr dette, Jesus? Kva er det du vil seie oss?

Jesus vil med desse orda om skatten og hjarta vårt seie noko om at den aller største skatten, større enn den du i dag vil kalle for «skatten min» den finn vi ikkje her mellom oss. Den er ikkje jordisk gull og glitter, pengar og velstand. Den er ikkje familie og vener.
Ikkje ein gong ektefellen som du går ut or kyrkja i lag med i dag.

Den store skatten for deg og meg og oss alle ligg og ventar på oss i himmelen. Hjå Gud.

Samla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.

Dette er samanhangen som orda om skatten og hjarta ditt står i.
Det er om dette vi skal tale meir om i kyrkjene våre i morgon.

«Skatten min» Ta med deg den nye skatten du får her i kyrkja i dag.
Men gløym ikkje skatten i himmelen.
Av alle stader er det der hjarto dykkar må finne eit felles feste.

Gratulerer med dagen, og lukke til som ektefolk som kvar for dykk skal vere skatten til den andre. AMEN.

søndag 22. juni 2014

"Med sjel og kropp skal jeg stå opp.."

22.06.2014: Vigsling av gravplass.
Åsane kirkegård, trinn 4.

Ein gravplass er ein stad som det knytta mange merkelege forestillingar til.
Nokre vert redde av å vere på ein gravplass. Andre vil ikkje bu slik at dei kan sjå ein gravplass frå stova heime. Mørke kveldar med lyn og torden over gamle gravsteinar er kulissar i mang ein skummel film.

Eigentleg er det underleg at det er slik. Eg veit ikkje om ein fredelegare stad enn ein gravplass. Ein kyrkjegard er finare enn nokon park. For her har vi alle eit eigarforhold. Til tre og blomster. Til benkar og vegar og kvilestader. Til grøn plen ein vakker junisøndag.  Men mest av alt til sjølve grava. For her har vi graver som er våre. Her kviler dei etter livet som vart levd – kort eller langt – dei vi var glade i. Dei som ligg i jorda er di eller mi slekt. Og ein dag skal grava mi opnast og leggjast att når min kropp skal gøymast.
Måtte det vere fred som kviler over alle slike handlingar.

At det kan vere underlege forestillingar om kyrkjegardane våre har sant å seie også eit visst grunnlag i det vi kan lese i vår Bibel. I GT, hjå profeten Esekiel, kap 37, kan vi lese noko av det merkelegaste av alt som står i Den heilage boka. Overskrifta på dette kapittelet er formulert slik: «Døde knokler blir levende». Kapitlet handlar om at profeten ser korleis knoklar av døde menneske får kjøt og bein og ånd og liv på nytt.
Her og no er ikkje tid og stad for å utdjupe desse profetorda.

Men ein ting kan det vil les her seie oss:
At Gud er Herre over gravene og over dei døde, og at Gud tenner eit håp om at ein gong skal dei døde få nytt liv som går over i det evige.
I Esek.37.12-14 les vi: «Så sier Herren Gud: Se, mitt folk, jeg åpner gravene deres og lar dere stige opp av grav. Så fører jeg dere til Israels land. Mitt folk, dere skal kjenne at jeg er Herren når jeg åpner gravene deres og lar dere stige opp av grav! Jeg gir dere min ånd så dere blir levende, og lar dere finne hvile i deres eget land.»
Kva betyr dette?
Først og fremst er det eit varsel frå Gud om at han har makt over døden og dei døde.
Han har skaparkraft til å gje nytt liv. Til å reise opp det som døydde.
Slik han talte til liv då han skapte ein gong i opphavet, slik skal Gud nyskape og gje livet som gåve enno ein gong. Det skal skje når denne tida er brukt opp og det ikkje er fleire dagar att. Ved grensa som fører inn i det evige.
At dette er meir enn tomme ord frå ein forvirra profet ein stad langt tilbake i det gammaltestamentlege, det har Gud gjeve oss prov på. Han gjorde det då Han reiste Jesus opp or grava påskedagen.

Som kristne ynskjer vi å vigsle jorda vi legg våre døde i.
Ikkje fordi Gud treng det. Han vil vite å ordne knoklar og bein og gje dei nytt liv når den store oppstodedagen renn. Det skaper Gud utan moderne gravkart på data. Det får han til med levningar av menneske som ligg i havet eller på ei avsvidd branntomt
Men vi treng det. Vi som lever treng å vigsle denne staden. Vi som brukar kyrkjegard og gravplass. Vi vil kvile i jord som er merka av orda om oppstode. Som er farga av håp. Som er lyssett frå Guds evige lys som aldri skal slokne.
Med skriftord og bøn, og med salmetonar, vigslar vi denne gravstaden.
Vi gjer det i tru, og med håp om at vi ein gong skal få kjenne sannninga i dei gamle profetorda: «- Mitt folk, dere skal kjenne at jeg er Herren når jeg åpner gravene deres og lar dere stige opp av grav!
Jeg gir dere min ånd så dere blir levende, og lar dere finne hvile i deres eget land»
Med sommar i røystene vår har vi alt sett tone til våre forventingar og vår glede over utvidinga av den vakre kyrkjegarden her i Åsane:

Med sjel og kropp skal jeg stå opp
og blomstre i ditt rike,
når denne jord må vike.

Med dette i tankane våre samlar vi oss i bøn for utvidinga av kyrkjegarden vår.

Lat oss be….

mandag 9. juni 2014

Talsmannen

2.pinsedag I. 09.06. 2014
Valestrand, Osterøy
Johs.16, 5-11

Preike i høve at sokna på Osterøy er overførte frå Nordhordland prosti til Arna og Åsane prosti

«Det er det beste for dykk at eg går bort»
Kven er det som talar slik?
Det kan høyrast som ein litt snurt bedriftsleiar som får refs frå eit bedriftsstyre. Han blir så opprørt over dette at han vel å ta sin hatt og gå. På dagen.
Slik har det kanskje vorte uttrykt på Stadion inne byen òg. Både store søner frå denne øya og rappkjefta nordlendingar har meir eller mindre friviljug vorte sende på dør når motgangen kom mellom tribunane. «Det er det beste for dykk at eg går bort» Så gjekk dei, og ingen betre kom inn i staden!
Eller kanskje er det prosten i Nordhordland som frå garden sin, klemt der oppe mellom flotte, høge sognefjell og sjølvaste Sognefjorden, synest han har rikeleg å styre med? Då får Osterøy berre fare, og han kan trekkje seg tilbake til kontoret i Knarvik og regjere over alle prestane på øyar og holmar og skjær nordom Osterfjorden.
«Det er det beste for dykk at eg går bort» No går han, prosten i Nordhordland. Så får vi sjå om det kjem noko betre i staden frå Arna og Åsane.

«Det er det beste for dykk at eg går bort» 
Orda vi har høyrt har sjølvsagt eit heilt anna opphav og ein heilt anna bakgrunn.
Vi har samla oss til gudsteneste, og det er pinse.
Det er pinse, og som alltid elles i vår kyrkje er det Jesus som er hovudpersonen.
Men i dag er det som om hovudpersonen stig litt til sides for å la oss ana noko av det ubegripelege – nemleg at Jesus kan stå fram mellom oss i ulike skapnader. No presenterer han seg for oss ved å introdusere det vi gjerne omtalar som den tredje personen i den guddommen Jesus sjølv er ein del av. Vi får høyre om Talsmannen. Talsmannen som rett og slett er eit anna namn på Den Heilage Ande.
Om Talsmannen seier Jesus: ”- når han kjem, skal han gå i rette med verda og vise henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er..”

Kva er det Jesus er ute etter å seie oss i dag?
For å forstå det, må vi enno ein gong gå tilbake til desse merkelege orda:
«Det er det beste for dykk at eg går bort»
Med forunderlege ord talar Jesus til sine næraste vener for å forklare dei det som ikkje kan forklarast skikkeleg med vanlege ord. Han seier eigentleg: Det er best at eg går bort, for då kjem eg dykk så mykje nærare.
Jesus vil være nær oss. Han vil kome så tett inn på oss at vi forstår dei verkeleg grunnleggjande spørsmåla i livet; dei vi lett skubbar til sides; dei tinga vi helst ikkje vil snakke om: synd – rettferd – dom.

Og for å kome tett inn på Jesus treng vi ikkje reise langt av garde. Vi treng ikkje flybillett til Israel eller adresse i Jerusalem. Når vi vil møte han, kan vi samle oss kvar som helst, anten det er i 250-metersskogen her i Valestrand, i den gamle kyrkja på Hamre eller i den splitter nye som reiser seg rett på andre sida av fjorden, i Knarvik, der eg bur. Same kvar vi er, så vil han kome veldig nær kvart einaste menneske.
Berre ein ting hindrar han i å kome tett på oss, og det er vår eigen reservasjon og redsel for å sleppe han nær oss.

Jesus kjem nær oss fordi han har ein Talsmann som alltid er her. Ein talsmann, eller ein advokat, er ein som talar på vegen av oppdragsgjevaren.
Når Jesus i vårt tekstavsnitt forklarar læresveinane sine at det skal kome nokon som skal fylle tomrommet etter Jesus når han ikkje lenger er synleg til stades mellom dei, så er det eit forvarsel om det som skal skje i pinsa vi eigentleg høyrer om. Talsmannen Jesus nemner, det er Den Heilage Ande. Anden som skulle fylle læresveinane med kraft, innsikt og forstand når det etter kvart vart pinse for aller første gong.
Denne Heilage Ande, Talsmannen, skal vere tett på Jesu vener når Jesus sjølv ikkje lenger er mellom dei. Slik han faktisk også er det i ei levande kyrkje i dag.

Nesten kvar søndag døyper vi born i gudstenestene våre. Det aller første som hender etter at eit barn er døypt, er at presten legg handa på barnehovudet og seier: ”Den allmektige Gud har no gjeve deg sin heilage Ande, gjort deg til sitt barn, og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd….”
Ved dåpen flyttar Talsmannen , Anden, inn i våre liv.
Han er her på vegne av Jesus. Han er her med ei heilt særleg oppgåve.
Han skal vise verda kva synd er, kva rettferd er, kva dom er.

Mange synest dette er lite aktuelt. Det er uinteressant for dei fleste. Avisa Vårt Land kunne sist onsdag over heile første sida fortelje at snart veit ingen lenger kvifor vi feirar pinse.
Om du er ein av dei dei som veit lite om pinsa, så prøv å ta dette med deg no:
Pinsa er ei fest fordi vi tek innover oss at Jesu lar seg representere i vår tid. Han er her midt mellom oss no. Ved sin Ande. Ved sin pust. Han møter oss og har noko viktig å fortelje oss, noko som angår alle som lever i 2014:
Han skal vise verda kva synd er, kva rettferd er, kva dom er.
For Jesus er dette så viktige spørsmål at han listar dei opp som dei første tinga Talsmannen hans skal lære oss noko om.

Kva er det då som er synd?
”Synda  er at de ikkje trur på meg” seier Jesus.
Synd er altså det som skaper eit skilje mellom menneska og Jesus. Mellom menneska og Gud. Det er ingenting som gjer det så grunnleggjande som vantru. Å ikkje trur på Jesus, det er den store synda. Verre enn mange andre store synder som vi kvar for oss er i stand til å gjere når vi er egoistar, når vi er sjølvopptekne, når vi snyt på skatten eller når vi råkøyrer med bil. Vantru er verre enn det vi er ein del av når vi som samfunnsmessig kollektiv syndar ved miljøkriminalitet, krigar, undertrykking eller overgrep. Ingen ting  av dette, heller ikkje noko anna av alt det som kallast for synd fordi det er brot på eit av dei ti bodorda, skal orsakast eller takast lettvint på.
Men Jesus vil likevel lære oss: ”Synda er at dei ikkje trur på meg”.
På same måten seier Jesus noko om kva som er rettferd. Også dette er eit slikt ord som ikkje er det første vi finn på å søkje etter når vi skal prøve ut Internett på ein ny PC. Og sant å seie uttalar Jesus seg temmeleg kryptisk nå han skal forklare kva som er rettferd: ”Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger” seier Jesus.

Slik eg tolkar dette, så trur eg Jesus vil seie oss noko om at det ligg ei innbyding i at vi får kome til vår himmelske Far. Slik den rettferdige og fullkomne Jesus får kome til sin Far i himmelen, slik skal dei som er rettferdige fordi dei trur på Jesus også ha ein heim der. Den som er rettferdig ved trua på Jesu har ein open veg til Gud. Slik Jesus går til sin Far, slik skal vi også kunne gå til han vi ber til og med Jesu eigne ord kallar for ”Vår Far, du som er i himmelen.”

Det siste Jesu nemner som Talsmannen si oppgåve, er at han skal lære oss kva dom er. Det er  at ”han som herskar over denne verda er dømd”.
-han som herskar over denne verda  - Hovdingen over denne verda - som det tidlegare var omsett; det er den vonde sjølv. Det er djevelen. Han som vi i vårt dåpsrituale seier at vi forsakar.

Vågar vi å ta inn over oss den triumf det eigentleg ligg i dette?
At vi som kristen kyrkje skal få kvile i at alle gudlause og djevelske system og maktapparat som vi ser i verda rundt oss, dei er dømde til undergang av Jesus sjølv. Det er så mangt som kan trollbinde våre augo; så mangt som vert retta ut mot oss av herskaren eller hovdingen i verda for at vi skal tru at her ligg lukke og framtid gøymd. Men det viser seg å vere eit bedrag.
Den endelege og store dommen skal vere over vantrua, over urettferda og over han som herskar over denne verda.
I denne dommen ventar ei frikjenning for dei som trur.
 For dei som med eit hjarta som bankar i forsiktig tru stig vi inn i tida etter pinse også dette året.

Må Gud ved sin Heilage Ande gje deg tru på Jesus så syndene dine kan gøymast ved foten av krossen hans.
Må Gud ved sin Heilage Ande vise deg kva rettferd er slik at du i tru og tillit til Jesus kjempar for den her på staden du bur, i kyrkjelydane på Osterøy som no er ein bit av Arna og Åsane prosti.
Må Gud ved sin Heilage Ande vise deg kva dom er – at herskaren over denne verda er dømd, men at du ved trua på Jesus skal gå frikjend gjennom dommen. Gå gjennom dommen og inn til Far – der også Jesus er, mens hans Ande er her, mellom oss.







lørdag 17. mai 2014

17.mai

17.mai 2014
Åsane gamle kyrkje
Luk.1,50-53

Gratulerer med dagen!
Dette er den store felles festdagen for heile landet vårt. Eit slags slektsstemne som angår alle. Dette er ikkje konfirmasjonsselskap for nokre få av familiane i ei bygd. Dette er ikkje bryllaupsfest for to utvalde familiar med tillegg av ein del nære vener. Dette er ikkje fødselsdagsfeiring for 7-åringen og alle dei andre i klassen, eller 50-årsdag med kollegaer og nær omgangskrins.
I dag feirar vi i Kristiansand og Kirkenes, i Tromsø og Trysil, i Ålesund og Åsane.
I dag feirar vi gamle mor Noreg! I dag har naturen pynta landet med grøn kledning, og sjølve pyntar vi oss med bunader og finklær. Alle stader står flaggstengene som det synlege utropsteiknet. Ikkje ei stang er naken og tom. Vi feirar med glede og med takk at dette er vår felles dag, alle vi som bur i dette landet som betyr som mykje for oss.

Nettopp i år feirar vi med ekstra vai i flagga og vind i bunadstakkane. 200 år har gått sidan historia vart skrive på Eidsvoll. Og i år er Grunnlova endeleg fornya språkleg, dansken er borte og vi har fått den på bokmål, og på norsk.
Framfor dagen i dag har vi pussa støv av alt vi hugsar av talar med patos på festdagen vår. Vi ser for oss barndommen då gamlelæraren eller klokkaren eller lensmannen heldt tale for dagen. Den gongen runga stororda om Eidsvoll og 1814 mellom fulle benkerader. I min barndom var ein etter måten nyleg avslutta andre verdkrig alltid eit trygt tema for 17.maitalarar. Ein krig vi til neste år vil har 70 års avstand til. Men nettopp i dag: Vi set i fokus milepælen som markerer 200 år tilbake til signeringa på Eidsvoll av landets viktigaste dokument.
Vi har historia med oss på denne dagen. Det dryp historie av denne dagen. Og eg er trygg på at dei som i dag er born og unge og som veks opp her vi alle saman bur, dei vil få historia med seg, dei og. Dei skal lære av historia. Dei skal jubilere når historiske merkedagar kjem att. Dei vil alltid vite at på 17.mai fekk landet vårt grunnlaget for at vi er ein fri nasjon som kan feire oss sjølve på ein vakker og god måte.

Men ting har endra seg. Tenkjer vi tilbake, ikkje meir enn dei siste 50 åra, så har i alle fall to faktorar nesten snudd opp ned på vår oppfatning av verda vi lever i, og på landet vi bur i.
For det første:
Mange, mange av oss har fått sjansen til å sjå andre land og andre delar av verda enn Bergen og strilelandet. For 50 år sidan kom sjøfolka heim att frå eksotiske byar og fortalde spanande historier. Det kom brev frå slektningar i Amerika som rørte mange til tårer. Vi sat på harde bedehusbenkar og var meir kjende med Madagaskars innvikla stadnamn enn vi var i norsk geografi i Trøndelag eller i Setesdalen. Det var mykje vi ikkje visste om verda rundt oss. Og av det vi visste, var mykje sterkt farga av augo som hadde sett med heilt spesielle briller.
Men i dag har vi reist sjølve. Vi har vore i København og Stockholm. Vi har reist til England på handletur eller til Paris på bryllaupstur eller til Roma på ei langhelg. Vi har beundra arkitektur i Praha og klatra i fjellet på Kilimanjaro. Vi har gått oss vill i asiatiske storbyar eg lukta på jungelen i Sør-Amerika. Nokre av oss har eige hus i Spania med strandstol og solkrem som viktigaste turutstyr, mens andre synest det er meir sjølvsagt å reise til Amerika enn til Tromsø.

Den andre faktoren som har endra verdsbiletet for oss trauste nordmenn, er at i den siste generasjonen har den store verda kome til oss. Ikkje berre som blaserte engelske og tyske overklasseturistar som tok inn på dei svære hotella i vestlandsfjordane og skreiv kuriøse reiseskildringar i avisene i sine  heimland. Men vanlege folk frå Pakistan og Vietnam og Tyrkia og Russland, ja til og med frå Danmark og Sverige, dei kan vi no få som aller næraste naboar. I stabane vår i kyrkjene i vårt prosti er vi så heldige at vi har tilsett folk frå land som Litauen, USA, Sverige, Sri Lanka. Gravplassane våre vert stelte av menn frå Afrika.
Slik var det ikkje i landet vårt for nokre få ti-år sidan. I dag er alt endra og det er endringar vi skal leve med, og det er endringar vi må snakke om på denne nasjonaldagen vår.

For det er uråd å sjå så mykje, og oppleve så mykje, utan at det gjer noko med oss. Som enkeltmenneske og som nasjon. Vi er ikkje isolerte i ein utkant av den store verda lenger. Vi får sjå verda. Og verda har sett oss, og kjem til oss.

Kva skal dette bety for deg og meg på 17.mai?
Eg tenkjer at det vi les frå Marias lovsong  slik vi nett har gjort det, har mykje å lære oss. Det gjekk mange år som prest på 17.mai før eg sjølv fekk opne augo for kva denne teksten betyr på nettopp denne dagen. Orda vi har lese på 17.mai er henta frå den lovsongen Maria song då engelen Gabriel hadde fortalt henne at ho skulle verte mor til Jesus, og Maria og slektningen hennar Elisabeth hadde samtalt om dette heime hjå Elisabeth. Denne lovsongen er eigentleg ein refleks av at Gud på underfull vis greip inn i menneskeslekta si historie. Han greip inn ved å verte menneske, ved å verte ei lite foster i Marias morsliv.
Maria syng lovsong fordi Gud handlar i vår historie, og fordi ho er utvald til å vere eit verktøy som Gud vel ut når historia skal skapast, når frelsa for verda skal utformast.

Kanskje var det til ettertanke for vår nasjon om også vi kunne stemme våre hjarto og sinn til takk og lovsong fordi Gud har vore nær når vår norske historie vart skapt?
Frå slekt til slekt varer Guds miskunn over dei som ottast han. Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

I dag feirar vi enno ein gong nasjonaldagen vår med glede og med gamle og verdfulle tradisjonar. Vi kjenner på at det vi i dag er ein del av, det kunne ikkje vore slik om ikkje Guds finger var med den gongen historia vart skapt, og om ikkje hans hender hadde vore nær etter som tida gjekk. Frå slekt til slekt varer Guds miskunn

”Vil Gud ikkje vera bygningsmann, me fåfengt på landet byggja”
Det er fedrelandssalmens ord. Men det er samstundes ikkje noko anna enn ei poetisk omskriving av langt eldre ord, nemleg orda frå det vi i dag også har lese som ein av tekstane på 17.mai, henta frå Salme 127: Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt.

Vi vil lære av Maria på vår nasjonaldag. Vi vil lære å syngje lovsong til Gud fordi han gav oss landet. Fordi han var nær oss og førte oss gjennom tunge og vanskelege tider. Frå slekt til slekt!
Og vi vil takke fordi han har gjeve oss høve til å få sjå og oppleve både rikdomane vi har her vi sjølve bur, men også at den store verda rundt oss er eit skattkammer av kultur, natur og inspirasjon som vi kan sjå og oppleve og hente impulsar frå til å byggje landet vårt endå betre og endå meir inspirerande å bu i. Det var nettopp det dei gjorde, grunnlovsfedrene på Eidsvoll. Dei kjende konstitusjonane i Frankrike, England og USA. Derifrå henta dei tankegods og inspirasjon til å formulere vår 200 år gamle lov som landet vårt framleis er tufta på. Idèane var ikkje norske, men frå framande land.

Vi vil lære av Maria på vår nasjonaldag. Vi vil lære av alvoret i det hennar lovsong også løftar fram for oss:  Han gjorde storverk med sin sterke arm; han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

Hovmodstankar er ikkje gode tankar å tenkje på ein dag som dette.
Diverre er ei av dei mest negative sidene ved det å vere norsk, at vi som nasjon og som enkeltmenneske veldig lett kan vippe over frå sunn patriotisme til ekkel nasjonalisme.
I dag er eg stolt av alle dei norske flagga som vaiar over Åsane og over resten av landet vårt. Eg var ikkje like stolt ei kveldsstund i ein typisk turistby i landet vi gjerne kallar syden, der hotella låg vegg i vegg og der nattelivet snart skulle ta til å utfalde seg. Det var turistar frå heile verda der, men frå den hotellbalkongen der det kom mest skrålande bråk var det også sett opp eit balkongflagg med det norske flagget. Eg såg ikkje eit einaste tysk eller engelsk eller dansk eller svensk flagg nokon stad. Men nokre fulle nordmenn viste sitt hovmod med å misbruke vårt nasjonalsymbol på den måten. Som om det var noko å framheve at her budde det nordmenn? Og det dei framheva var til overmål at her budde det nordmenn som berre var hovmodige, dumme og  fulle.

Ein ting er dumskap og hovmod i alkoholrus i syden.
Vanskelegare er det når vi må lære oss å leve med at landet vårt vart vårt for at vi skulle dele med andre som ikkje er fødd i ein norsk fjord eller på ei norsk øy. Landet vårt skal verte heimen til folk som går kledde i sari eller går med muslimske hovudplagg. Vi skal bu i lag med søreuropeiske menneske som vi best kjenner frå våre badeferiar;  eller vi ser at nordmenn gifter seg med folk frå vårt enorme naboland, Russland.
Dette vil vere noko av det viktigaste som formar historia til dei borna som i dag går på skulane i Kyrkjekrinsen, Ulset eller Flaktveit. Allereie er det slik at elevane der har lært seg å leve i lag med born frå andre delar av verda. Born som er norske sjølv om dei har røter frå andre stader i verda.
Eg trur at slektene som no veks opp skal lære seg å leve i lag med nye nordmenn på ein betre måte enn vi som ikkje kunne førestille oss at det skulle verte slik, berre for få tiår sidan.
I møte med ei tid der vi vert ein del av verda, og der verda omkring vert ein del av vår kvardag, er hovmodstankar noko av det verste vi kan tenkje. Det er tankar vi må bruke 17.mai til å plassere i søppelkorgene som er sett opp rundt omkring.

Maria lærer oss å syngje lovsong på 17.mai. Og sanneleg er det også grunn til å syngje lovsong.  For på denne dagen kjenner vi at Gud var god mot oss då han gav oss dette landet å leve i.
Så skal vi med våre liv leve slik at vi ærar Gud og vår neste. Det må vere slik i åra som kjem at dei som veks opp i dette landet ein gong i framtida også kan lovsyngje fordi dei fekk oppleve Guds velsigning, frå slekt til slekt.
Då skal det viktigaste frå fortida løftast fram. Historia lærer vi av.
Men så skal vi forme framtida i lys av denne lærdom og i truskap mot det Gud viser oss når vi opnar Skrifta og les om levereglar og bodord som han gav oss til etterfølgjing, for at han framleis skal kunne ause over oss av si rike velsigning.




søndag 11. mai 2014

Om ei lita stund

4.s. i påsketida 11.mai 2014
Johannes 16,16-24
Åsane gamle kirke

Den som les denne søndagens tekst kan ikkje unngå å leggje merke til desse fire orda som vert tekne opp att mange gonger: "Om ei lita stund ...". Dette er ord som mange av oss kjenner att frå vår kvardag. Om ei lita stund skal eg rydde på kontoret mitt, om ei lita stund skal eg vaske bilen, om ei lita stund skal eg gjere leksene. "Om ei lita stund" er gjerne innleiinga til ei forandring som truleg vil komme. Ei forandring som kanskje krev litt innsats av oss. Ein innsats som vi ventar med å ta fatt på til det vert heilt tvingande naudsynt. I bibelteksten signaliserer også "om ei lita stund" ei forandring. Ei forandring som inneber fleire ting. Først og fremst dette: Sorg skal endrast til glede – om ei lita stund.

For samanhangen orda står i, handlar om sorg. Sorg hjå læresveiane fordi det tek til å gå oppfor dei at Jesu ikkje skal vere i lag med dei inn i framtida. Dei ser føre seg ein avskil.
Det er dette heile denne talen som Jesus held, og som er attgjeven i det 16.kap. hjå Johannes, handlar om. Om at Jesus fortel læresveinane: Eg går bort, men likevel vert eg ikkje borte.
Merkelege ord. Vanskelege ord. Uforståelege ord. Slik er det for oss. Og slik var det også for læresveinane. Det er tungt å fatte kva det handlar om her. Men lat oss prøve om vi kan trengje inn i teksten og sjå kva det handlar om – ”om ei lita stund”
Vi har alt vore inne på det. Det dreier seg om sorg over ein føreståande avskil, og at Jesus vil seie noko om at den sorga skal vendast til glede.
Men det er ikkje lett å gle seg når hovudpersonen i livet til eit menneske vert borte. Alle som har teke tårefulle avskil veit noko om dette.

I 1947, skreiv Haldis Moren Vesaas eit vakkert dikt om nettopp dette.
Diktet heiter Avskil:

Du følgde til toget den kvelden eg reiste,
bar kofferten for meg og ordna med alt,
tenkte på alt – og tenkte slett ikkje!
Det tenkte eg, og mitt hjarte var kaldt.

Ja, det var kaldt. Men det sveid av pine.
Du gjekk og la planar. – Å lat meg i fred!
Eg vil ikkje høyre om planane dine,
om framtida di, der eg ikkje er med!

Minuttane gjekk. Ein heil att, ein halv,
- og no, no går toget, kvar augneblink!
Då  tagna du endeleg. Munnen di skalv,
Og du gløymde å vere så aktsam og flink.

Og hjartet mitt sprengde sitt skal av kulde.
Eg bøygde meg ut, og vi nådde så vidt
å røre kvarandre den siste gongen.
Og så susa mitt liv bort ifrå ditt.

Heldigvis er det ikkje slik med mitt liv saman med Jesus. Heldigvis susar han ikkje bort or livet mitt når eg legg mine planar. Kanskje utan han. Slik han heller ikkje vart borte frå læresveinane sine liv.
Dei skulle snart oppleve påske med krossfesting, død og sorg. ”- om ei lita stund ser de meg ikkje lenger.” Jesus skulle døy, leggjast i grav og verte borte frå livet til dei tolv. Dei skulle sørgja.
Men ord hans vidare gjekk også i oppfylling: ”- om ei lita stund att skal de få sjå meg”. Tre dagar gjekk det. Så var han der att. Oppstaden og levande.
Men at læresveiane hadde vanskeleg med å skjøna kva han meinte når han sa det slik ei god stund før påske, det er ikkje vanskeleg å forstå.
I ettertid ser vi likevel sanninga: Avskilen var berre førebels. Jesus skulle ikkje ut or livet til læresveinane, like lite som han skal ut or livet ditt og mitt.

Dette vert vi kvar søndag minna om når vi sit i kyrkjebenkene. Her er nemleg staden der han er nær. Der Ordet hans lyder. Der han kjem til oss med sin lekam og sitt blod. 
For læresveinane måtte Jesu død framstå som slutten på ei lovnadsrik tid med Jesus. Jesus måtte lære dei desse orda: "Om ei lita stund ..."

Dette er trua sine ord. Sjølv om mange forventningar tilsynelatande vert lagde i grus og oske. Sjølv om kristentrua ofte opplever nederlag, så vil det for den som held seg til Jesus, alltid heite: "Om ei lita stund". Då vil endringa kome og Jesus vil kome til syne som sigerherren. Han som vinn over død og grav. Han som kjem med livet. Han som kjem med glede der sorga rår.
Avskil er difor aldri eit rett ord  når vi talar om vårt tilhøve til Jesus.

Det er mange som ser på den kristne kyrkja med skadefryd, forakt og motstand. Det har aldri vore slik at kyrkja og dei truande kunne rekne med å segle i medvind til ei kvar tid. Lenge har vi i vårt land opplevd at kyrkja har kunne stø seg på eit solid maktapparat som ein av statens  hjørnesteinar. Lenge har folk meir eller minder medvitlaust slutta seg til folkekyrkja gjennom dåp, konfirmasjon og vigsel utan at det har medført dei store forpliktingane i høve til det kyrkja står for og representerer. Dette har vore enkelt for folk flest, og kanskje ein smule søvndyssande for kyrkja sine institusjonar.
Tydelege teikn i tida talar om at det neppe vert slik i framtida. Mange gjev kyrkja motstand. Mange gjev trua motstand. Også spott og hån. Eller politisk tvang til einsretta tenking. Jesus sa det slik då han tala med læresveinane sine: ”De skal gråta og jamra dykk, men verda skal gle seg.

Men også for verda som gler seg når kyrkja og dei som trur på Jesus møter motstand, skal det vere slik at dette berre gjeld ”ei lita stund”. Verda si glede vil ta slutt - om ei lita stund.
Verda si glede er ofte kyrkja si sorg. Verda si glede kan vere at kyrkja møter motstand. Tøff motstand. Men verda si glede kan også vere den totale likesæla i høve til dei ideal Jesus løfter opp for oss. Verda si glede kan vere dansen rundt gullkalven.

At det stig fram nokon som forkynner bodord frå Gud: Slik skal du leve! – det vert oversett. ”Du skal ikkje ha andre gudar enn eg” lyder det første av dei ti bodorda.  Men veldig få høyrer når ein løftar røysta og seier noko om det. I ståket frå lattermaskinene som TV-underhaldinga pøsar oss fulle av, er det ikkje ørens lyd å få for ein som står på ein preikestol og forkynner: ”Så seier Herren!”
Men verda si glede kan av og til vere kortvaring. Eg vert minna om det når vi i gravferder tek fram ein av salmeboka sine mest sungne salmar: "Å ver hjå meg".
Det andre verset byrjar slik:
"Kor snøgt han dalar, livsens stutte dag
og jordlivs glede med sitt tome jag!"

Eg ser for meg ein gut i 3-4 års alderen som ein 17. mai gjekk rundt på skuleplassen stolt og smilande med ein svær, fargerik ballong. Så plutseleg kom smellet, og guten stod der nokre sekundar, forskrekka med ei lita gummifille, før han tok til å strigråte. Ei lita scene som på ein enkel måte framstiller vårt materialistiske samfunn sitt dilemma.
Ein kvar prest som har vore i teneste nokre år, har opplevd korleis sjukdom og ulukker brått har snudd opp ned på alle verdiar. Det small. Livets ballong sprakk, og det gjekk opp for oss: Rikdom åleine betydde ingen ting meir.
"Verda skal gleda seg", seier Jesus i teksten for dagen, men samanhengen viser at verda si glede har alltid sin ende. Den materielle glede vil alltid vere prega av Jesus sine ord: "Om ei lita stund".

Men den ekte, varige glede. Den som ikkje tek slutt og som ikkje sprekk som ein ballong når det uventa skjer eller når den tunge sorga bankar på døra – den er knytta til Jesu gode nærvær. Jesus seier: ”No er de sorgfulle, men eg skal sjå dykk att. Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk”

Vi er her i kyrkja i dag, på Herrens dag – søndagen til minne om Jesus som sigra over djevel, død og sorg. Vi er her for å gle oss over at det enno er berre ei lita stund, så skal vi møta han att. Det vert i Guds evige rike. Der er avskil og tårer ukjende omgrep. Der skal vi aldri ta farvel.

Jesus reiste for lenge sidan. Men han drog ikkje langt. Han er stadig nærverande. Her i kyrkja ved sin Heilage Ande; nær i Ordet, nær i sakramenta. Og så  - i det evige, det som skal møte oss om ei lita stund, der skal vi møtast att i lag med Jesus.  Der skal vi berre vere. Vere saman. Vere glade. Være nær han som er nær oss i dag.

”Då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda frå dykk”







søndag 4. mai 2014

Om ulv og Jesus og sånn

3.s. i påsketida. I. 04.05.2014
Biskopshavn
Johs. 10, 11-18
Eg er glad eg ikkje står på preikestolen i ei av kyrkjene langt borte mot svenskegrensa denne søndagen.
Vi veit at på dei kantane av landet er det kvasse diskusjonar og oppheta meiningar som vert kringkasta for heile landet. Det handlar om ulven sin plass i naturen der borte. Skal bøndene som driv med sau inne i grenseskogane måtte tola at sauene vert utsette for ulven sine herjingar i flokkane deira?
Meiningane er mildt sagt sterke og delte.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at ein bonde blir fortvila over at sauen vert rovdyrmat.
Men det går også godt an å skjøne at mange vil verne om ulven som ein dyrerase som skal vere ein bitte liten del av norsk fauna.
Hadde eg stått på preikestolen i Hedmark ville eg sikkert vorte ein omstridt prest same kva eg hadde meina om denne betente saka. Men no er eg ikkje der. No er eg i urbane Bergen, og eg vågar meg til å seie det: Ulven må kunne tolast i landet vårt!
Det er greitt å seie noko slikt i ein del av landet der dette spørsmålet stort sett berre er av akademisk interesse for dei aller fleste av oss.

Men samstundes aktualiserer dette kva vi som kyrkje og som kristne i det heile skal meine noko om.
Kvifor i all verda skal ein prest i det heile nemne ulvestrid, slik rett etter påske?
Er det noko å ta opp?
Kanskje er det ikkje det aller mest relevante på ein dag som i dag. Men prinsipielt skal og bør kyrkja meine noko om forvaltinga av naturen vår. Det er meiningslaust når politikarar som vert usamde med ein biskop som seier noko om oljeutvinning eller fiskeri eller miljøutfordringar av eit eller anna slag, melder seg ut av kyrkja med beskjed om at kyrkja versågod får halde seg til å snakke om det religiøse. Om Jesus og sånn!

Om Jesus og sånn!
Ja det er faktisk slik at på denne søndagen er det Jesus som skal vere i sentrum.
Og på denne søndagen talar Jesus om sauer og ulvar. Men poenget i det han seier har lite med ulvestriden ved den norsk-svenske grensa å gjere.

Likevel  brukar han eit bilde som er forståeleg, og som gav meg eit påskot til å seie litt om at Bibelen har relevante sider som gjer at det vert teologi, også å ta opp miljøspørsmål som eigentleg har eit soleklart politisk hovudpoeng.

Men lat oss gå tilbake til Jesus. Jesus som brukar bildet av ulven som jagar i saueflokken for å få fram det han vil setje i fokus nett no: At Jesus sjølv er gjætaren som skal vakte sauene mot ulvens herjingar. Jesus er til og med som ein gjætar som i si teneste for å verne sauene er klar til å ofre sitt eige liv i kamp mot ulven, og som vern for sauene.

Alle forstår at det er biletleg tale, dette.
Det første vi må forstå med dette biletet, er at sauene Jesus snakkar om – det er deg og meg. Det handlar om ein saueflokk som rett og slett er den kristne kyrkja.
Det er ikkje alle som er heilt komfortable med å verte samanlikna med sauer. Mange tenkjer at sauen er av dei mindre kloke dyra. «Dum som ein sau» er eit uttrykk mange vil kjenne att. Men sauene er uansett av dei aller mest vanleg dyra som fins. Og mennesket har vorte veldig gode vener med dette dyret. Borna som veks opp i nærleiken av grøne vestlandsbøar frydar seg over sprelske lam på denne årstida. Vi  ser på sauene, og vi gler oss over dei og mange tenkjer instinktivt: Dei må vernast mot alt som er vondt og vanskeleg i verda.

Ulvedebatten handlar ikkje berre om økonomi for sauebønder. Den er like mykje ureflekterte kjensler der uskuldige lam vert samanlikna med det vi gjerne kallar for glupske ulvar.
Men ulven er faktisk ein Guds skapning, den òg, og som ikkje er ute etter anna enn å ete seg mett. Ulven et ikkje lammelår frå eit sterilt slakteri, lagt ut for sal i den lokale Rema-butikken.
Men alle et vi sauene til slutt.

Sauene treng vern. Det forstår vi.
Ulvane er farlege. Det anar vi når vi ser blod i snøen etter eit måltid.
Blodet frå slakteriet ser vi ikkje. Det spørs om ikkje menneska er langt farlegare for sauene enn dei få ulvane vi har.

Eg sa at når Jesus talar om den gode hyrding, så er sauene eit bilete på deg og meg. På kyrkja. På dei kristne. Men ulven? Kven er det?
Kanskje er det også ulvar mellom oss?
I denne samanhangen som Jesus presenterer oss for ulven – her i det 10.kapitlet av Johs.evang – så er ulven ein skapning som skaper frykt og forvirring. Han jagar og spreier for alle vindar. Til slutt drep ulven for å ete.
Slike ulvar finst det også der dei kristne samlar seg.
Ulven er rett og slett den motsette av gjætaren. Ulven tenkjer på seg sjølv. Ulven bryr seg ikkje om skade, om skambitt og blodspor, om liding og om oppsplitting der mor vert skild frå son, der vener vert delte i småflokkar, utsette for alt som er vondt og vanskeleg og farleg.

No finst det også hyrdar eller gjætarar som ikkje er så mykje å skryte av. Leigekar er eit uttrykk Jesus brukar. Ein som ikkje eig. Ein som ikkje er der for anna enn å gjere ein jobb som vedkomande er temmeleg likegyldig til. Det viktigaste for ein del leigekarar er løna, ikkje korleis jobben vert utført. «Den som er leiekar og ikke gjeter, og som selv ikke eier sauene, han forlater dem og flykter når han ser ulven komme…..»
Motsetnaden er den gode gjætaren. Det er Jesus sjølv. Han er den gode. Han er vaktaren mot ulven. Han er ikkje der for å slakte sauer. Han er ikkje der for å ete lammelår.
Han er lammet som let seg slakte.
Han er gjætaren som satsar livet.
Han er den gode. Han er den som eig suene.
Han forlèt ingen som er i vanskar eller i naud. Han samlar dei som er spreidde. Han vil skape einskap der oppsplitting rår. I kyrkja, mellom dei kristne.

Ein som har sagt noko om dette, og skrive noko om dette, er den avgåtte paven som framleis lever, pave Benedikt XVI, eller Joseph Ratzinger som er hans tyske namn og som han skriv under i sine tre glimrande bøker om «Jesus fra Nasaret»
Eit av avsnitta i bnd I av desse bøkene handlar om «Hyrden»

Lat meg sitere litt av det han skriv. Først om dette å samle ein oppsplitta og spreidd saueflokk, ei delt og usamd kyrkje. Den gamle paven skriv: «Det er bare én hyrde. Logos som ble menneske i Jesus, er alle menneskers hyrde, for alle er skapt ved det samme ord; de er alle ett – i all deres adspredthet – ut fra ham og til ham. Menneskeheten kan bli ett ut over alle forskjeller gjennom den sanne hyrde, gjennom Logos som ble menneske for å gi sitt liv og så gi liv i overflod.»
Og så oppsummerer pave Benedikt, Joseph Ratzinger, det som er sjølve søndagsskulebilete av den gode hyrding. Han skriv: «I sin inkarnasjon og i sitt kors der han bærer den bortkomne sauen – menneskeheten – hjem, bærer han også meg. Logos som ble menneske, er den sanne «sauebæreren» - hyrden som følger oss gjennom vårt livs tornekratt og ørken. Bæres vi av ham, kommer vi hjem. Han har gitt sitt liv for oss. Han er selv livet.»

AMEN

lørdag 3. mai 2014

Gravferdstale - "Ars longa - Vita brevis"

Om avdøde: http://no.wikipedia.org/wiki/Einar_Kvamme 


Gravferd, Store kapell, Møllendahl 02.05.2014: Einar Kvamme
Salme 8,4-6

I gym.salen på ungdomsskulen på Lindås der eg var elev for over 40 år sidan, hadde vi ei provisorisk scene som vart sett opp til elevkveldar, 17.mai og andre gonger når det skulle vere framføringar det var trong for sceneteppe. Over scena hadde ein eller annan laga ei innskrift som eg aldri forstod meininga av så lenge eg gjekk på ungdomsskulen. Eg hadde nok halde på lenge med teologistudiet også, før dei latinske orda opna seg, og eg forstod det som gamle Hippokrates ein gong skal ha sagt. Han var gresk, men orda er kjende på latin:
”Ars longa – vita brevis”. Kunsten er stor, men livet er kort, kan vere ei passande omsetjing.
Og dei orda kan vere tankevekkjar på denne dagen, her ved Einar Kvamme si kiste.
Kunsten er stor, men livet er kort.

Kunsten var så viktig for han. Den er også viktig for dykk som stod han nær. Slik den er viktig for dei fleste menneske, anten dei er klar over det eller ikkje. Kanskje er det slik med kunsten at vi må modnast og undervisast slik som når vi lærer språk, som for eksempel latin, før vi skjønar. Det er ikkje all musikk som er lett tilgjengeleg. Heller ikkje all litteratur eller målarkunst. Og mangt eit sceneteppe løyner perler av skodespelarkunst som kan vere eit nummer for stort for nokre av oss til at vi fattar høgde og djupn i det vi har fått ved teppefall. Kunsten er stor, men livet er kort!

De som sørgjer i dag har opplevd det. Etter vanlege mål fekk Einar Kvamme eit langt liv. Likevel er eit slikt liv berre ein liten pust i den store samanhangen. Målt med æva som målestokk. No er han borte. Etter han skal kunsten leve. I lag med minna som bur i hjarto til dykk som var hans aller næraste.
Den siste lupin bøyer seg på framsida av programarket. Hans gåve til ei kjær kone. Lupinen bøyer seg mot oss, òg. Er det ei helsing? Ein takk? Hans handtrykk med farvel?

For meg vert det på denne dagen meiningsfullt å gå til den aller største kunstnar vi kjenner. Vi kjem fram for han i ærefrykt og undring og spør, slik menneskeslekta har gjort i tusenvis av år:

Salme 8:3-4 

Når jeg ser din himmel, et verk av dine fingrer,
månen og stjernene som du har satt der,
hva er da et menneske, at du husker på det,
et menneskebarn - at du tar deg av det?

Slik spør David i sin 8.salme. Han ser på det kunstverket som sjølve skapinga er. Han ser himmelen. Månen og stjernene. Heile universet. Han fattar ein ting: Bak dette står det ein Gud. Ein som skaper. Ein som styrer.
Men  i det veldige han ser, så begrip han ein annan ting:
I universets ufattelege stordom, er vi menneske som støv.
Om det er sant at kunsten er stor, så er det mykje meir sant at universet er overveldande stort. Og midt i dette lever vi menneske. Korleis kan Gud sjå oss? Korleis kan han kjenne oss? Eller vi kan spørje på ein annan måte: Ser Gud oss i det heile? Ja, finst det eigentleg ein Gud?

Om det er sant at kunsten er stor, så den kan setje tankar og kjensler i sving hjå menneske, så er det ikkje mindre sant om teologien, om læra om Gud. Her brytest dei verkeleg djupe spørsmål. Her handlar det om djupner og høgder som ligg utanfor vår fatteevne.
Og vi kan ikkje unngå å kjenne på dette: Vi vert så små i møte med livets Herre, med skaparen, med Gud.

Eg forstod ikkje latinen før det gjekk mange, mange år. Eg måtte lese og lære før språket falda seg ut for meg. Og framleis er det veldig, veldig mykje latin eg ikkje skjønar.
I møte med Gud er det ikkje same trong for lærdom og innsikt. Der handlar det mindre om kunnskap enn om tru. Difor er dette bibelordet framfor alt ei utfordring til truslivet vårt. Kan vi sjå Gud i dette veldige vi opplever? For døden er veldig. Og vi er så små. Livet er så kort. Men Gud – er han der? Kan vi tru?

Eg kan ikkje gjere anna i dag enn å vitne om at eg trur på han som skapte himmel og jord. Han er kunstnaren over alle kunstnarar. Og eg kan ikkje gjere anna enn å gle meg over at han som er så stor at han har skapt universet, han har også gjeve meg levedagar. Og for meg er det ei kvile å vite at han også veit å telje rett når mine levedagar skal teljast opp. Om dei vert mange eller få, det må kvile i Herrens hender.

- hva er da et menneske, at du husker på det? Det var Davids spørsmål.
Svaret det gjev seg sjølv. Mennesket er det største av alt. Diamanten i skaparverket. Og kvart einaste menneske er i Guds tankar og Guds omsorg. Eg kan ikkje anna enn å tru det som står skrive, at Gud har bevist sin utrulege omtanke for oss menneske ved at han valde å sende sin eigen son, Jesus Kristus i døden for å berge oss gjennom døden og inn i det evige livet. Den bergingsaksjonen gjekk føre seg ei påskehelg i Jerusalem. Det handla om eit drama som ikkje noko teater seinare har kunna kopiere. Det handla om svik og justismord, om tortur og uskuldig død, men mest om alt om at han som døydde, sigra over døden og at han lever i dag og er midt mellom oss som sørgjer ved denne kista.

Livet er kort. Vi veit det, vi som er med i denne gravferda. Men vi skal også vite: Ved å gripe med tru det vi no har peika på, så kan livet verte utfatteleg langt – livet kan då verte evig: 

Joh 3:16 

For så høyt har Gud elsket verden at han gav sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv. 

                                                                                                                             AMEN

Bloggarkiv