søndag 18. oktober 2015

Det ligg nokon i porten min

21.s. i treeinigstida II. 18.10.2015
Hosanger kyrkje
Luk 16,19-31


Dette vart ein kjempedag! Tenk at vi skulle få ei slik vakker veke med haustfargar og strålande sol inn mot denne perfekte søndagen.  Kunne de fått ei flottare ramme rundt dåpsdagen til desse to småborna vi har døypt i denne vakre kyrkja? Blank haustsol. Fargesprakande landskap. Lys over glade fjes.
Slik vil vi så gjerne at framtida for desse nydøypte også skulle verte. De sit på fremste benken med desse borna i fanget og gled dykk over nytt liv.  ”Framtiden i våre hender” er det ein organisasjon som heiter. Det er ingen organisasjon de har i hendene og på fanget. Det er eit liv. Eit nytt levande menneske. Men aldri er uttrykket rettare enn i ei slik stund: ”Framtiden i våre hender”.

Litt lenger bak i kyrkja sit den eldre generasjonen. Dei som har funne vegen hit til dette tradisjonsrike gudshuset slik dei ofte gjer det når klokkene kallar på oss i helger og til høgtider. Eg er sikker på at de gler dykk i lag med nybakte foreldre. De synest det er flott med born som på denne måten vert borne til Jesus i den heilage dåpen. Saman kan vi førestille oss ein smilande Gud Fader som opnar armar og famn og gler seg storleg over nye små som han frå og med i dag har gjeve fulle rettar som eit Guds barn skal ha. Dei kan med tillit og glede få be slik Jesus sjølv har lært oss alle å be: Vår Far – du som er i himmelen.

Når høgtida her i kyrkja er ferdig om litt skal de halde fram med å feire dei nyfødde. Familiane kjem saman. Mat og fest. Haustfest og dåpsfest. Jau – dette vart ein kjempedag!

Hadde det berre ikkje vore for det ubehagelege vi får oss servert frå Guds ord på denne søndagen.
For sant å seie er det lite hyggeleg å verte minna om at utanfor porten til vår høgtid og vår glede og vår fest, der sit ein som heiter Lasarus.
Det er ein mann som har heilt andre levekår enn det dei fleste av oss her i Hosanger kyrkje lever under til dagleg. Bibelen kallar han rett og slett for fattig.

 Kva skal vi gjere med Lasarus på denne vakre haustdagen?
Vi må spegle livet vårt i lyset frå bibeleforteljinga som nett no vert løfta fram på preikestolar i kyrkjer over heile landet vårt.

 Vi må lytte til kva det står. Og vi må tenkje over om dette har med ditt og mitt liv å gjere.
For ikkje å snakke om – har det vi les her noko å bety for livet til den nyfødde framtida som skin som juvelar på fanget til dykk som bar dei til dåpen nettopp?

 Bibelteksten handlar altså om den rike mannen og Lasarus. Vi har lese om rikmannen som 
” - kledde seg i purpur og fint lin og levde i fest og prakt dag etter dag.”
Kanskje passar ikkje ordbruken heilt som hand i hanske på deg og meg. Purpur og fint lin er neppe så veldig aktuelt. Men fine klede har vi, sjølv om vi ikkje går i bunad til dagleg. Kleda er til og med dyre. Og vi har mykje klede. Meir enn vi treng. Så mykje at nordmenn har råd til å kaste tonn etter tonn av nesten ubrukte klede. Ta deg ein tur i garderoben på skulen der borna dine høyrer til. Sjå kva skuleborn har råd til å gløyme att utan ein gong å spørje etter det. Det er vi som på denne måten viser vår gode råd. Rikmannen vi las om levde i fest og prakt dag etter dag. Det kjenner vi betre att. Jammen har verdens rikaste folk mykje prakt som står i midt i hagar med flotte plantar og grøne plenar. Her finn vi nye og gamle hus, side om side, med hagemøblar og siste skrik av moderne hjelpemidlar innandørs og i garasjen. Og ved bryggjene rundt om på Osterøy duvar leiketøy for summar vi knapt kan førestille oss.

 Vi skal snart gå ut att frå Hosanger kyrkje på denne søndagen. Ut til alt vi omgjev oss med av rikdom og luksus. Nokre skal heim til fest – og lat meg streke under det eg no seier med store bokstavar:  Gå heim til dåpsfesten med stor frimot, godt samvit og i stor glede. For det du festar for når barnet ditt er døypt er meir verd ei fest enn nest alt anna vi lagar til fest for.

Men ingen av oss skal gå frå kyrkja utan at hjarta vårt slår eit ekstra slag eller to for Lasarus. Han fattige ved porten vår.
Ser du ingen Lasarus, seier du?
Kjenner du ingen fattig? Ingen som hundane kjem for å sleikje såra til?

På denne søndagen har vi opplevd norsk haust på sitt vakraste. Slik vi har gjort det ei vekes tid no. Vi vert rett og slett i godt humør av slikt. Det er slik vi drøymer om det når regnet heilt sikkert etter kvart kjem til å hølje ned over hjå oss slik det alltid gjer når hausten pakkar Vestlandet inn i det som berre er grått og vått.
Og var det berre så vel at vi utan reservasjonar kunne gle oss over det vi opplever som så fint og godt som ein slik søndag.

Framtida i våre hender, nemnde vi. Og straks vert vi urolege. Urolege for framtida. Er haustfargane berre eit glansbilete som for nokre dagar løyner alvoret for oss. Er det det våte og det grå vi heller skulle mane fram i tankane våre når vi slepper til vår uro for framtida til sjølve Moder Jord.
For det handlar faktisk også om klimaendringar. Om sola som skin så alt for mykje her nord nett no. Vi høyrer om is som smeltar og om konsekvensar for havet og for oss som bur på land.

Korleis skal dei få det når dei som i dag ligg nydøypte i fanget dykkar her i Hosanger kyrkje vert skikkeleg vaksne? Når dei vert besteforeldre eller oldeforeldre?
Det ligg ingen Lasarus utanfor porten din når du kjem heim att i dag.

 Men korleis vil det sjå ut rundt om i verda når mange hundre millionar menneske vert drivne på flukt rett og slett fordi jorda dei i dag bur på vert liggjande under vatn fordi havet stig og fordi drikkevatnet vert blanda med saltvatn eller fordi breane i Himalaya som i dag gjev drikkevatn til ufatteleg mange menneske rett og slett er fordampa? Ver trygg på at Lasarus då kjem til å banka på grenseportar og på våre heimelege dører.

 På denne søndagen er vi minna om regnskogane som vert hogne ned med ufattelege konsekvensar for tallause menneske. NRK sin årlege TV-aksjon går av stabelen nettopp i dag, og du får sjansen til å gje pengar allereie før denne gudstenesta er slutt.
Og endå har vi ikkje nemnt det som rullar opp ved dørene våre i går eller i dag og heilt sikkert i morgon og i vekene som kjem: Flyktningane som strøymer nordover i Europa. Berre den siste månaden kom det 170.000 nye flyktningar til Europa.
Det er mange Lasarusar ved porten vår!

Nettopp difor er bibelteksten om den rike mann og Lasarus ei veldig utfordring til oss. For det første handlar det om det evig, vanskelege forholdet mellom fattig og rik. For oss som både i bokstavleg og overført tyding må seiast å leve på solsida  nett no, så er det ei ubegripeleg stor utfordring å finne ein rett måte å leve med vår rikdom på. For vi skal merke oss at bibelteksten ikkje er eit åtak på rikdom i seg sjølv. Bibelen seier ikkje at det er forbode å vere rik. Bibelen peikar på at rikdomen skal vi vinne oss på ærleg vis og utan at vi trakkar på Lasarusane rundt oss for å verte rike.

Både den rike mannen og Lasarus døydde. Denne teksten lærer oss difor, for det andre, noko om dei to moglege utgangane på livet. Vi høyrer om rikmannen som hamna i fortapinga. Og vi les om Lasarus som kom til himmelen – det står at han hamna i Abraham sitt fang.

Vi må spørje oss: Er det rikdom som er skilnaden på det som hende med desse to i det evige?
Nei, slett ikkje. For motsetnaden til rikmannen i teksten er ikkje berre Lasarus, men også Abraham. Og ser vi etter kva det står om Abraham i GT, så ser vi at han var svært, svært rik då han døydde. Gud velsigna Abraham i hans liv med rikdom som Osterøyfolket kanskje ikkje ville brydd seg så mykje om i dag. Han fekk mange kamelar, sauer og esel.
Vi ville vel heller hatt mange hestekrefter under panseret eller i båthekken, eller vi ville hatt tilgang til flyreiser eller litt luksus på eit godt turisthotell i Hardanger eller på Gran Canaria.
Det som var spesielt med Abraham og hans rikdom, var at han visste at hans store velstand, det var Guds velsigning. Og då vart også hans forhold til Gud og til sine fattige medmenneske heilt annleis. Han oppførte seg ikkje som eigedom og rikdom det er noko som kun er til privat forbruk, for meg og mine, og for at alt mitt skal verte endå større.
I himmelen var det den rike Abraham som tok mot den fattige Lasarus til fest. Abraham sette aldri spørjeteikn ved Lasarus sin plass ved det himmelske festbordet. Sjølvsagt skulle dei sitje saman ved bordet der.
Men då rikmannen slo augo opp i dødsriket vibrerte hans tankemønster frå jordelivet framleis. Han ba korkje Gud eller Abraham om å kome over til seg med vatn. Send Lasarus – bad han. Send fattigkaren hit. Han kan hjelpe meg i mi pine.
Men det var for seint å rope på hjelp frå fattige der.

 Den fattige var i Abrahams fang. Ikkje fordi han var fattig på jordisk gods. Like lite som Abraham var hjå Gud på grunn av sin rikdom. Rikmannen var heller ikkje hamna der han var – borte frå Gud, i den vonde fortapinga, fordi han kledde seg i purpur og fine klede. Heller ikkje fordi han hadde råd til å ete god mat.
Man fordi han mangla kjærleik. Fordi han oversåg han som låg med verkjesåra i porten. Fordi han jaga bort hundane som sleikte såra til den sjuke og forkomne.

På denne dagen er du og eg minna om at vi må finne vår plass slik at vi ikkje vert som den rike mannen. Kjenslelause. Uvillige til å bruke vår rikdom til å stogge øydelegginga av jorda og klimaet. Kalde i vår avvisning av dei som kjem til våre grenseportar og tiggar om smular frå våre overflodsbord.

 I dag må vi lære at vi alle er både Lasarus og den rike mannen.  Framfor Gud, i hans hus, er vi tiggarar alle saman som ligg og ber han om hjelp. Og Gud er den store motsetnaden til rikmannen. Han bøyer seg ned til deg og meg. Aller først skjer det i den heilage dåpen slik vi har vore vitne til det i dag. Etter kvart som dei nydøypte, og vi alle, får alder og år til livet, bøyer han seg til oss på nytt og på nytt for å lækje våre sår og for å reinse vår styggedom og for å reise oss opp frå våre fall. Han har næring, omsorg, varme og det gode liv. I Guds nærleik kan Gud omforme bitre tiggarar til kjærleikens menneske. Det gjorde han med Abraham. Vi har lese at han gjorde det med Lasarus.

Men Gud har endå ein ambisjon. Han vi forvandle steinhjarta til den rike mannen til eit mjukt og kjærleiksfullt hjarta. Eit hjarta som gjer det naturleg for ein som er rik, for slike som deg og meg – å dele sine rikdomar med andre, som vil bruke rikdomen til å skape ei verd der rettferd bur. Han løfter opp ei framtid som ligg i våre hender. Vi må våge oss inn i den. Villige til å sanne våre synder, til å endre vår kurs og til å byggje eit samfunn i tru og tillit til han som har skapt oss og som vil at framtida for oss alle skal fyllast med velsigning og håp.
AMEN


onsdag 7. oktober 2015

Ekteskapet

Andakt til 20.søndag i treeiningstida:
Dette innlegget er skrive til Askøyværingen/Kirkene på Askøy, og ligg ute på heimesidene: www.kirken-askoy.no


EKTESKAPET

Bibeltekst: Markus 10, 2-9
Då kom det nokre farisearar og spurde han: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?» Dei ville setja han på prøve. 3 «Kva bod fekk de av Moses?» sa Jesus. 4 Dei svara: «Moses har gjeve mannen lov til å skriva skilsmissebrev og senda henne frå seg.» 5 Då sa han til dei: «Fordi hjarta dykkar er så harde, har Moses gjeve dykk dette bodet. 6 Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. 7 Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, 8 og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. 9 Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

Skapinga av mann og kvinne.
Ekteskapet. Seksuallivet. Rammer for dette. Guds vilje for alt dette.
Det er ikkje ofte vi tek dette fram på kyrkja sine preikestolar, slik vi skal gjere det på denne søndagen. Det er nemleg rett og slett ikkje sant at kyrkja er så forferdeleg oppteken av sex og samliv. Det er media som heile tida vil fokusere på dette teamet. Gjennom media vert det skapt eit intens trykk for å endre haldningar og innstillingar til eit emne som kyrkja tradisjonelt har hatt eit anna syn på enn det som er gjengs folkemeining. Og då vert det framstilt som om kyrkja berre er oppteken av seksualitet.
Kyrkja er ikkje meir oppteken av dette en alle andre. Kyrkja ynskjer å formidle Bibelens syn på dette. Og Bibelen lærer at sex og samliv er eit gode som vert ekstra fargerikt og vakkert når det vert ramma inn av ekteskapet.

Denne søndagen vert ekteskapet tematisert i kyrkjene våre ved at vi skal lytte til korleis Jesus argumenterer når han får spørsmålet: «Har ein mann lov til å skilja seg frå kona si?»
Vi skal merke oss to sider ved det Jesus då svarar:

A) Han går tilbake til den gamle Moselova og gjev ei form for anerkjenning til det Moses i si tid hadde lagt som ei føring – at skilsmisse var lov «fordi hjarta dykkar er så harde». I Matteusevangeliet kan vi lese ei litt meir utdjupande utlegging av dette, der Jesus også legg til: «-det seier eg dykk: Den som skil seg frå kona si for noko anna enn hor, og gifter seg med ei anna, han bryt ekteskapet.» (Matt.19,9)
Jesus heldt altså ei dør litt på gløtt for at skilsmisse er ein utveg.

B) Det andre Jesus peikar på, får han fram ved å gå tilbake til skapingsforteljinga i Bibelen og sitere det ordet som vi også les ved vigsel i kyrkjene våre: «- i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.»

Det handlar altså om Guds vilje med oss heilt frå skapinga. Det handlar om at Jesus stadfestar ord frå Det gamle testamentet om at vi er skapte til mann og kvinne, at desse to skal sameinast i ein kropp – det betyr rett og slett at dei skal ha sex – og at dei som lever saman slik er bunde i hop for heile livet.
Dette er det gode. Dette er slik Gud ville det. Jesus løfter det fram, samstundes som Jesus nemner våre harde hjarto og han veit noko om det som bur i kvar einaste ein av oss – det som kallast synd og som kan øydeleggje og rive ned, også eit ekteskap.
I kyrkja denne søndagen skal vi tale meir om dette. Du er velkomen til å vere der.

søndag 13. september 2015

På flukt


16. s. i treeiningstida II. 13.sept. 2015
Åsane
Matt 5,10-12



Det er ikkje småtteri å stå ansikt til ansikt med sæleprisingane som Jesus lærte oss i si Bergpreike.
Men på denne søndagen er det nettopp eit lite utval av dei vi har lese.

Sæle er…../Salige er de som…
Eit gammaldags ord dette. Sæl eller salig. Kva betyr det?
Det næraste er vel det å vere velsigna eller å vere lukkeleg.

Det vi i vår Bibel kjenner som Jesu Bergpreike, vert altså innleia med dei berømte sæleprisingane der Jesus kjem med ei lang rekkje av setningar der ulike menneske vert prisa sæle; altså vert kalla for lukkelege eller velsigna.

I dag altså desse merkverdige orda: Sæle dei som bli forfølgde!

Har du høyrt på maken? Går det an å vere lukkeleg når ein er forfølgd?
Føl det velsigning i fotspora til brutale forfølgjarar?

Sjeldan er det viktigare å halde tunga rett i munnen enn nett no.
Sjeldan er det viktigare å lese kva det faktisk står. Lese alt! Rett og slett studere litt nøye kva Jesus eigentleg sa, og ikkje berre ta den overflatiske og lettvinte og kortversjonen.
(I parentes vågar eg å nemne at nettopp det har vi sett utruleg mykje av i den debatten vi har vore vitne til om aktuelle teologiske og samfunnsmessige spørsmål som har vore opp til drøfting no framfor kyrkjevalet i morgon. Her er det teke mange kortversjonar og snarvegar i argumentasjonen, men det får kvile no. Parentes slutt!)

Tilbake til sæleprisinga av dei forfølgde.

Det står altså meir enn at dei forfølgde er sæle.
Det står at Jesus seier:
«- sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk,….»

For mi skuld!
Det er dei som vert spotta fordi dei vil vere som Jesus, som vert kalla for sæle. Dei som av den same grunn vert møtt av løgn og vond omtale. Og Jesus lovar ingen som er i den situasjonen gode dagar, lukke og velstand, her og no.
«Stor er løna dykkar i himmelen», seier han.

Når vi løfter augo våre i dag, og ser kven det er som i 2015 vert forfølgde for si tru; som vert hersa med og jaga på dør; ja som til og med risikerer livet fordi dei vil høyre Jesus, då kan vi ikkje la vere å sjå mot ein del av landa i Midtausten.

Seinare denne hausten vil i mange av kyrkjene våre her i landet, men også i kyrkjer rundt om i heile verda, markere det vi kallar for «Søndag for dei forfølgde». I år vert det den 8.november. Då vil vi fokusere spesielt på Syria og Irak. Situasjonen i begge desse landa kjenner vi frå omfattande mediedekning gjennom fleire år. No veit vi litt om det forferdelege som skjer i regi av det vi har lært å kjenne som IS, eller Islamsk Stat.

Nærværet til både kristne og andre minoriteter står i reell fare for å forsvinne heilt frå store områder i denne regionen. Med hensynslaus og brutal framferd har IS skapt eit terrorregime vi neppe har sett maken til sidan dei alle verste naziovergrepa fann stad.
Ikkje minst går forfølginga ut over dei få kristne som er att i desse landa.

Er det då rett å tenkje at det er slike folk Jesus i dag prisar sæle og lukkelege og velsigna? «Sæle dei som bli forfølgde» seier han altså.

Det vil vere meiningslaust å gje støtte til overgrepa vi er vitne til, ut frå ein tankegang om at slik forfølging i neste omgang gjev ein status av å verte sæl.
Det verkar som om forfølginga Jesus her siktar til er av verbal karakter
. «Spottar, … lyg, talar vondt om, …» Det må ein som trur på Jesus rekne med. Det skjer ikkje berre i Syria og Irak. Slikt møter ein kristen også i vårt eige land. Vi ser meir og meir av det. Toleranse er eit moteord. Alt skal kunne tolast i eit liberalt samfunn, men ikkje tradisjonell kristen lære som løfter opp Jesu eigne ord.
Men det lyt vi leve med. Det kan kyrkja tole. Det kan kristne tole.

Men vi kan ikkje tole drap, overgrep, henrettingar, despoti; alt dette som knuser samfunna i Syria og andre land i denne delen av verda. Vi kan ikkje sitje med hendene i fanget og sjå på flykningar som i desperasjon kjempar seg fram over grense etter grense gjennom Europa. Vi toler ikkje fleire bilete av døde småborn på strender der turistar heller skulle nyte badelivet.

Jesus prisar aldri slike forfølgde for sæle.
Tvert om. Vi veit at Jesus sjølv som eit lite barn var på flukt frå ein forrykt despotisk konge som drap guteborn i Israel som om dei var skadedyr. Foreldra hans tok Jesus med seg og rømde frå kong Herodes til Egypt. Jesus var sjølv ein flyktning.

I dag bankar flyktningane på våre grenseportar.
I dag skal vi lytte til Jesu sæleprisingar, også nokre av dei andre han sa i same anledning som den som er vår preiketekest i dag.

I Bergpreika sa Jesus også nokre ord til oss som vi gjer vel å ta inn over oss i den situasjonen vi opplever i Europa og i vårt land nettopp desse dagane.

Høyr berre på dette: Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.
Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.

Midt oppe i forferdelege scener som rullar over TV-skjermane mens flyktningane tek seg nordover mot vårt eige land, så er det gledeleg og oppmuntrande å sjå den store viljen til å hjelpe som vi er vitne til så å seie alle stader.

Ei og anna røyst løfter seg, også mellom nordmenn og politikarar på val i desse dagane, at fletningane skal hjelpast der dei bur og ikkje «mellom bakkar og berg ut med havet»
Eg skal ikkje nekte for at eg gler meg over kor kontant desse røystene vert overdøyva av velkomsthelsingar og initiativ som flaumer over nettopp no.
Også i denne kyrkjelyden skal vi prøve å gjere noko. I dag. På denne søndagen. Du kan berre stanse igjen etter gudstenesta og gå ned ei trapp, så får du meir informasjon om dette gjennom Kirkens Nødhjelp sin representant som sit her i kyrkjerommet nett no. Der skal vi ete middag som i utgangspunktet allereie er betalt av sponsorar, men som du også kan få betale for, slik at vi får eit stort pengebeløp inn som vil leggast til kyrkjeofferet vi snart skal ta opp her i benkeradene. Alt til inntekt for dei som er på flukt. Dei forfølgde. Dei som er utsett for mykje meir enn at nokon
«- spottar, … lyg, talar vondt om, …»

Desse flyktningane rømer frå drap, overgrep, henrettingar, despoti; - slik Jesus som barn også rømde frå kongen som drap guteborna i Jerusalem.

Kjære kyrkjefolk i Åsane: Eg håpar du skal kunne ete deg mett i dag. Mett på god mat som du betalar godt for. Men endå meir at du vert mett slik Jesus gjev uttrykk for det: «Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.»

Det handlar ikkje berre om mat. Det handlar om rettferd. Det vil vi som kyrkje løfte opp i møte med flyktningekatastrofa. Rettferd for flyktningane

Og i møte med urettferda vil vi vise det sinnelaget som Jesus også held fram for oss som eit stort forbilde når han seier det slik i Bergpreika: «Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.» Eller som det for ein gongs skuld kanskje er betre uttrykt på bokmål: «Salige er de barmhjertige, for de skal få barmhjertighet»

På denne søndagen handlar det om dei forfølgde. Om dei som flyktar, ikkje først og fremst fordi dei er kristne, dei fleste av flyktnigane er muslimar, men dei flyktar frå despotiet og galskapen og djevelskapen. Dei søkjer rettferd.

Vi vil møte dei med miskunn. Vi vil møte dei med barmhjertigheit.

Vi gjer det fordi vi er medmenneske. Vi gjer det fordi vi er kristne. Vi gjer det i glede over Jesu ord i Bergpreika:

«Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda, dei skal bli metta.» «Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.»

AMEN


søndag 6. september 2015

Den gode del


15. s. i treeiningstida. II. 6.sept 2015
Åsane gamle kirke (dåpsgudstjeneste, 6 dåp)
Luk 10,38-42

«Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stelle til»

Eg trur at slik har det vore hjå mange av dykk som er her i kyrkja i dag.
Når eg let att mine auge og prøver å fantasere litt om korleis det har vore heime hjå dykk som kom hit i dag med desse seks borna som skulle berast til dåpen, så gjettar eg på at det har vore stress.
Kanskje i vekevis.

For det var så mykje som skulle på plass til denne dagen.
Dåpskjolen. Anten den er eit gamalt arvestykke som mange i familien har brukt i generasjonar, eller det var ein heilt ny dåpskjole som er i bruk for første gong.
Men kvit skulle den vere. Lang, og forseggjort, med sløyfer og alt som høyrer med.

Og så vart det dåpsfesten.
Har vi plass i leiligheita vår? Eller må vi leige oss inn ein stad?.
Maten? Dette temaet som med ustoppeleg styrke melder seg. Meny? Drikke? Kaker?
Dei ekstra stolane. Gjestane som skal inviterast.
Og ikkje minst kven skal vere fadrar?

Kan storesøsken involverast på ein god måte?

Eg veit at i enkelte familiar har dåpen av det første barnet som vert fødd i ein familie, nesten konkurrert ut bryllaupet i stas og status. For nokre sambuarapar vert dette kanskje første store anledning til å samle slekt frå begge sider i dette forholdet.
Eg skal ikkje gå djupare inn i det no, berre minne kort om at giftarmål kanskje skulle stått lenger framme i tankane i unge familiar.

Uansett: Dåpsdagen er ein stor familiefest. Det er høgtid og det er glede.
Det skulle også berre mangle når eit nytt liv sprellar i fanget til mor eller far:
«- eit vakkert lite menneske, eit bilete av Gud»

«Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stelle til»

Er det nokon som kjenner seg igjen?
Det var altså slik at også Marta hadde besøk.

Og det var ingen kvensomhelst som hadde funne vegen inn i stovene hennar.

Sjølvaste Jesus frå Nasaret dukka opp hjå Marta og søstera Maria. Og ein stad i huset var nok bror deira, Lasarus, også på plass.
Jesus på besøk.
- Oj! Då må vi få ting på stell, tenkte Marta, og fauk rundt i huset og laga til fest. Fest for Jesus.

Men ikkje alle hadde det like travelt med å bake og pynte og vaske for Jesus.
Når Jesus først var komen innom døra, så sette Marta si søster seg beint ned
: «Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans» Maria sat i ro og lytta.
Marta sprang rundt. Litt småsint. Travelt. Pustande. Irritert på søstera som ikkje ville hjelpe til.
Men ho visste kva ho skulle gjere. Ho gjekk beint bort til Jesus og spurde:
«Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»

Kjære kyrkjefolk! Kjære dåpsfolk!

Når Jesus kjem heim til oss hastar det ikkje så veldig med alt som vi elles er så opptekne av. Då gjeld det om å leggja av det travle. Leggje til side andre gjeremål.
Og ha tid til gjesten. Han som kom og ville vere i lag med oss.

I dag kom du på besøk i Guds hus. Der Jesus bur. I kyrkja.
Litt omvendt av det som hende så Jesus gjekk heim til Marta og Maria.
Men uansett – Jesus er her. Du er her
.
Har du det travelt i møte med han. Stressa?
Eller ser du at det var ei kvinne som kan lære oss korleis det er å møte Jesus?.
For då Marta ga tydeleg uttrykk for sin irritasjon over søstera, sette Jesus henne på plass, men sine milde ord
: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Den gode delen, når du møter Jesus, eller når han møter deg og dine, er å ha tid til å setje seg ned ved føtene hans og lytte.
Lytte til den han vil seie oss.

No er du her i kyrkja. Det travle ligg bak. Førebuingane til festdagen vil eg tru du rakk å gjere unna før du kom hit i dag.
Set deg godt til rettes og lytt til Jesus nett no. Slik Maria gjorde det då ho sat ved føtene hans.

Eg trur det er nokre ting det er viktig for Jesus å formidle til alle dykk som har døypt borna dykkar.

Framfor alt desse orda som vi alt har lese som ein del av dåpsritualet, og som han sa til sin nære vener, læresveinane, ved ein annan anledning: «Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til» (Mark 10,13)

Det er viktige ord.
Og de som har døypt borna i dag har alt gjort noko veldig viktig. De tok borna med til Jesus, slik han innbyr til med orda
«Lat småborna koma til meg»
Takk for at du gjorde det med barnet ditt. Takk for at du let barnet ditt verte døypt.

Men vi er ikkje ferdige med dåpen når vi går herifrå til den vel førebudde festen for dåpen og for barnet.
Jesus vil vere med deg heim i dag. Jesus vil vere i lag med barnet som no er døypt. Slik han vil vere i lag med alle unge og vaksne som ein gong vart døypte.

Men då spørs det: Har vi tid for Jesus? På denne  festdagen? Og i kvardagen?
Eller er det då vi vert så travle med alt anna at det aldri vert tid til å vere ved Jesu føter og lytte.

For det er meir en festførebuing og dåpsselskap som kan vere stressande i ein familiekvardag: Arbeid og skule. Barnehage og bleieskift. Fritid og ferie. Leik og moro. Angst og uro.
«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje!» seier Jesus.
Første steget har du teke i dag. Du bar barnet til Jesus. Men så var det Jesus og vegen vidare ut i livet.

«- hindra dei ikkje»
Det må vere den store oppgåva vidare. Å syte for at hindringar vert rydda unna, slik at barnet ditt får tid til å bli kjent med Jesus.
Lære om han. Midt i den travle kvardag må det også vere tid for samtale om Jesus. Bøn til Jesus. Fokus på Jesus.

Han vil gjeste heimane dykkar. I dag og kvar dag.
Ta vel i mot han. Midt i det travle handlar det om å vere som Maria. Ho som sette seg ved føtene hans og lytta.

Jesus seier til oss som akkurat no har tid til å lytte her i Guds hus, i kyrkja: «-det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

AMEN

lørdag 13. juni 2015

Følg meg

3.s. i treeiningstida. II. 14.06.2015
Hamre kyrkje
Joh.1, 35-51

"Kvar kjenner du meg ifrå?" spurde Natanael. Jesus svara: "Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg."

Kvar kjenner du meg i frå?
Kanhenda har du også opplevd å verta stogga på vegen av ein eller annan som snakkar til deg. Vedkomande veit kven du er, men du kan ikkje fatte at de to har snakkast før.
Kvar kjenner du meg i frå?

Det er alltid både overraskande å verte utsett for slik, samstundes som ein har ei kjensle som er blanda av glede over å vere kjent av andre. Men det er litt ekkelt og flaut ikkje å vite kven den andre er som snakkar til.

Natanael hadde hatt eit eller anna å gjere under fikentreet. Kanhenda hadde han berre hatt seg ein liten siesta under dei store greinene. Men Filip hadde kome bort til han og fortalt om ein merkeleg mann frå Nasaret. Jesus. Natanael hadde ikkje stor tru på at Jesus kunne vere noko til kar: "Kan det koma noko godt frå Nasaret?" spurde Natanael. "Kom og sjå!" svara Filip.

Og no såg Natanael Jesus. Og det var eit noko annleis syn enn det ein får når ein møter ein ukjend langs vegen. Jesus står framfor Natanael, og augo til Natanel er store og runde. Han ser rett på Jesus. Han frå Nasaret. Sanneleg kjem det noko godt frå Nasaret. Jesus samtaler med han, og det er tydeleg at Jesus veit kven han er. Ja, Jesus har gode og fine ord å seie om Natanael: "Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik." sa Jesus.
Kva i all verda er dette? Natanel er storøygd: "Kvar kjenner du meg ifrå?" spurde Natanael. Jesus svara: "Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg."

Natanel har møtt ein god ven. Det var Filip. Filip fekk han med seg ut or skuggen under fikentregreinene. Filip hadde sett noko som venen Natanael måtte få del i. Filip hadde sett Jesus. No måtte også Natanael få sjå.
Men utan at Natanel var klar over det, var han sjølv allereie både sett og kjent av Jesus.  Difor var Natanel forvirra der han stod ansikt til ansikt med Meisteren. "Kvar kjenner du meg i frå?" 


Det er dårleg med fikentre på Osterøy. Ingen av oss har søkt skuggen under dette treet i dag. Men vi er samla, og de som i dag møtte opp i den gamle Hamre-kyrkja har fått vitjing av ein mann som seier til dykk: Kom og sjå! Kom og sjå Jesus frå Nasaret. Det kjem noko veldig godt frå Nasaret, og i dag vil vi freista å måla Jesus opp for folket her på Hamre. Løft augo frå fanget. Jesus er her og vil ha deg i tale. Ja, han kjenner deg allereie.
Hadde soknepresten dykkar halde denne preika for dykk ville de ha kjent han, og han hadde kjent mange av dykk. Men i dag er det kome ein prost frå Åsane til dykk. Kanhenda har nokre av dykk sett meg før, men eg må innrømme at eg veit lite om kven de er som eg talar til no.
Men om vi er ukjende for kvarandre, så er det ein som kjenner dykk.
Det er den same som kjende Natanael under fikentreet. Det er Jesus Kristus.

I dag er Jesus framfor deg. I dag vil vi at du skulle sjå han for ditt indre auga, og det er viktig at du forstår at du allereie er kjend av han.
Ein gong for lenge sidan sa Gud til profeten Jeremia: "Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, og før du vart fødd helga eg deg..."  (Jer.1,5)
Det same som den gamle profeten fekk høyra, lyder i dag for dine øyro: "Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,...."
Du er kjend av Gud. Du er også kjend av Jesus Kristus. Han har ikkje sett akkurat deg under noko fikentre. Men ein gong såg han deg medan du var i mors liv. Han såg deg. Han kjende deg; han la planar for livet ditt, slik han har planar for livet til kvart einaste menneske. Dette visste også salmediktaren David då han dikta si 139. salme:
"Auga dine såg meg då eg var eit foster, Alle dagar er skrivne opp i di bok; dei fekk form før éin av dei var komen." (Salme 139.16)

Slik det var sant for David; slik det var sant for Natanael, slik er det også sant for deg og meg: Vi er kjende av Gud. Jesus Kristus kjenner oss. Og om du spør som Natanel gjorde: "Kvar kjenner du meg i frå", så vil Jesus svare deg:
-Eg kjenner deg att heilt frå du var eit foster. Og ikkje minst kjenner eg deg frå den dagen du vart boren til den heilage dåpen. På same måten som det har hendt med dåpsborna vi har møtt i dag, hende det med kvar og ein av oss på vår dåpsdag. Den gongen vart vi kvar for oss gjort til Guds barn. Den gongen vart Gud din far. Han som også er min far i himmelen.
Difor kjenner eg deg, seier Jesus i dag. -Du er mi søster. Du er min bror. Gud er vår far. - Eg kjenner deg att frå dåpen, seier Jesus.

Det går an at livet vi lever snur seg slik til at kontakten mellom søsken etter kvart vert broten. Ein glir frå kvarandre. Eller ein kan til og med verta bitre uvener, sjølv om ein er søsken. På same måten er det med det livet vi fekk del i gjennom dåpen. Det kan visna bort og kontakten med Gud vår far, og med Jesus vår bror, kan etter kvart verta fullstendig broten. Men det hindrar ikkje at du framleis har Gud som din far i himmelen. Til og med utan det aller minste antyding til kontakt mellom foreldre og born, så har kvar einaste ein av oss ein far som er vårt eigentleg opphav. Ingenting kan endra på det. Og då kan det heller ikkje endrast at Jesus er vår bror.

Gud har skapt oss. Gud har teke oss til sine born i den heilage dåpen. Gud er vår far i himmelen, sjølv om vi har villa oss bort på dei mest kroket sidevegar og er i ferd med ikkje å finne heima att før det er for seint. Gud har sendt Jesus, sin son, vår bror, i døden for alle oss som er skilde frå Gud gjennom synd og nederlag. 


Og i dag står det ein mann og kallar på deg, du som er kjend av Jesus fordi han er din bror og din frelsar. Mannen som kallar på deg er prest, og han seier: "Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef."
Vi har funne Jesus frå Nasaret. Han er din og min bror. Han vil vise oss vegen heimatt til Gud vår far dersom vi har villa oss bort på livsvegen. Kom og sjå!

Kom og sjå! Kom og sjå Jesus. Ja, det er meir å seie enn det.
Til Filip sa Jesus også, før Filip ropa på Natanael: «Følg meg!» 
Det er innbydinga til deg i dag. Kom og sjå. Og deretter – når du har sett Jesus som vi peikar på, så lyder kallet frå hans munn: «Følg meg!» 

Overskrifta i vår nyaste bibelomsetjing på dette avsnittet frå Joh 1 som vår preiketekst i dag er henta frå, lyder slik: «Dei første læresveinane»
Jesus stod fram og var tydeleg i si kall til etterfølging. Sjå på meg, seier han. - For eg kjenner deg.
Følg meg, seier han. -for då skal du bli kjend med meg.

Dei første læresveinane er for lengst døde.
Det sit ikkje lenger folk under fikentrea i Nasaret og ventar på at Jesus skal kome ruslande. Jesus går ikkje omkring mellom oss, men lever likevel ved Guds høgre hand i himmelen, samstundes som han gjennom sin Ande gjev seg til kjenne mellom oss som lever på jorda i dag.
Dei første læresveinane rekrutterte nye etterfølgjarar av mannen frå Nasaret. Ordet om han som kjenner oss frå mors liv og som kallar oss til å følgje han har lydd på nytt og på nytt ut over verda. Det spreidde seg frå Jerusalem og Israel utover Midtausten, Europa og til alle verdens hjørne.
I tusen år har nordmenn fått høyre om Jesus: «Kom og sjå» «Følg meg!»

I dag lyder orda og kallet på nytt, slik det har gjort det her på denne kyrkjestaden, kanskje så langt tilbake som til på 1000-talet.
I dag har nye læresveinar teke mot den kristen dåpen. Foreldre har løfta dei over døypefonten og lova å oppseda dei i den kristne trua.
Slik skal orda om Jesus førast vidare inn i nye generasjonar.
Vi som har lært han å kjenne, skal løfte peikefingeren og peike på Jesus for dei døypte og seie som Johannes: «Sjå, Guds lam!»
Ekkoet av Jesu ord lyder frå Bibelens sider når nokon lurer på kven Jesus er: «Kom og sjå»
Kallet hans skal aldri tagne, men lyde til kvar einaste som vil lytte: «Følg meg!» seier Jesus til oss alle.
Natanael såg Jesus. Og det han såg, fekk han til å bryte ut: "Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge."

Eg vonar at du kan seia det same i dag: "Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge."
Eg håpar du høyrer orda syngje i ditt indre; orda som uttrykkjer kallet til å følgje Jesus, slik vi no alle skal gjere det når vi stemmer i salmen: «Det er navnet ditt jeg roper, vil du følge meg?»   AMEN

lørdag 6. juni 2015

Gud er nådig. Gud velsignar.

2. s. i treeiningstida. 7. juni 2015. GT-II
Arna
Salme 67,2-6
I desse dagar har kvar einaste prest i Bjørgvin bispedøme teke fatt på eit ganske solid stykke etterutdanning. Som ei førebuing til det store reformasjonsjubileet i 2017,
500-årsjubileumet for Luthers reformasjon, er heile presteskapet i bispedømet i gang med å lese og studere meir om kven Martin Luther var og kva han lærte. I over eit år skal vi halde fram med desse etterutdanningsstudiane.

For Martin Luther starta det heile ved at han kom i naud for si sjel og for sitt evige liv. Han var i djup tvil om det verkeleg fanst ein nådig Gud.
I dag er det eit ubetydeleg problem for dei aller fleste menneske.

Knapt nokon lar seg i dag affisere av denne tanken. Knapt nokon er bekymra for det evige. Eller for om Gud er nådig, eller om han har dom i blikket når ha ser oss. Nesten ingen vil våge å tenkje tanken fullt ut at eg er ein syndar som treng Guds nåde og Guds velsigning.

Men det er nettopp dette alt handlar om på denne søndagen:
Gud vere oss nådig og velsigne oss,
Gud la sitt andlet lysa for oss.
Gud er nådig. Gud velsignar.
For nokre vakre ord. De må lytte til dette, kjære kyrkjefolk!
Lytt til orda om Gud som har nåde og velsigning i sin bagasje. Som han strør ut over oss.
Lytt slik at du kan kalle dei orda fram att når tida vi lever i kjem veltande inn over oss med all sin oppdemde gudskritikk eller religionskritikk.
Ja, det som verre er: Hat mot Gud og dei som trur på han.
I dag er det knapt råd å slå på radioen eller opne ei avis utan at oppgulpet frå religionshatarane kjem mot oss.
For deira del er det leit at det er slik. Leit at dei ikkje har sett eller opplevd Gud som nådig. Gud som velsignar.
Som kyrkje må vi ta inn over oss at det kanskje er fordi vi som skulle vere hans kyrkje, hans representantar, i den felles verda vi lever i som har vore dårlege vitne om den Gud vi trur på.
Det er i så fall ikkje Guds feil.
For Gud er nådig. Gud velsignar!

Og som Martin Luther hadde trong for det, så treng også moderne nordmenn ein nådig Gud.
I dag har vi vore vitne til at vi har nettopp det.
Tre småborn og eit større barn har opplevd at Guds ansikt lyste over dei.
Meir kjærleg en når mor bøyer seg over vogga og ser ned på det nyfødde, sovande livet, så lyste Guds ansikt mot dåpsborna i den heilage handlinga vi var med på då desse fire vart døypte i dag.
På underfullt vis hende noko som er bortanfor våre ord å forklare. Bibelens ord vart lese over vanleg vatn. Ordet og vatnet sameina seg til eit nådemiddel der Gud gjorde noko med desse borna. Han tok dei til seg. Velsigna dei. Gjorde dei til sine born. Han opna alle dører inn til Guds evige rike.

Gud er nådig. Gud velsignar!
Ikkje slik at vi forstår og kan forklare.
Men så tydeleg at det mogeleg og gripe tak i og halde fast på med ei tru som vi gjerne kan kalle for barnetrua.

Guds nåde og Guds velsigning har konsekvensar for livet den døypte skal leve. Det livet skal vere slik at lyset frå Guds nådige ansikt vert som eit flomlys på vegen – livsvegen – som alle folk går på.
”Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag”
Dette er noko av det same som vi høyrde frå Paulus sin munn då vi las frå Galatarbrevet nettopp:
De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.(Gal.3,26-28)

Å vere døypt er å vere ikledd Kristus. Alle døypte er èin i Kristus Jesus.
Og då vert også mykje av det som skaper bry og mange problem for menneska i dag viska ut: Skiljelinjer gjennom nasjonar og religionar. Klasseskilje og kjønnsskilje.
- alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.

Då sjølve dåpshandlinga i dag var avslutta, minna eg som prest heile kyrkjelyden på følgjande viktige sanning om det som skjer i dåpen. Eg las desse orda frå dåpsritualet:
”Kjære kyrkjelyd. Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og gjev oss del i Jesu kall og oppdrag. Lat oss stå saman i vitnemål og teneste…”
Vi som er døypte er del av den verdsvide kyrkje. Del av det største organiserte fellesskapet vi kjenner på jorda – den kristne kyrkja.
Anar du kor stort det er?

Nettopp det er eit kall og ei utfordring til oss som er døypte, og som trur, til å vise fram for ei heil verd: Han som gjorde oss til sine born i dåpen, den treeinige Gud – Han er nådig og han velsignar. ”Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag”

Er dette så viktig då?
At Gud er nådig. At Gud velsignar. At ordet som fortel oss dette skal forteljast overalt – til alle folkeslag?
Ja, det er viktig. For som Martin Luther hadde trong for ein nådig Gud, så lever vi alle same med den same nauda, uansett om vi tenkjer på det eller ikkje.
Om du vågar å rette eit ærleg blikk mot deg sjølv, så veit du at det bur mykje der inne som ikkje held mål i Guds augo.
Det er alt dette du treng at Gud ser på med eit nådig blikk.
Det blikket som ikkje ser deg og dine nederlag, men som i staden ser ein krossfest Jesus som har teke di og mi synd og skuld og skam med seg på krossen.
Det er dette vi kallar for nåde – at vi gjennom trua får del i ei soning for synd ingen av oss kunne syte for sjølv.
Det er dette som er velsigninga – at vi kan leve eit liv i kvardagen i glede og med trøyst om at Gud ser på livet mitt med kjærlege og tilgjevande augo.
Han ser eit menneske som ein gong vart vaska rein i dåpens bad. Han ser eit tru som rettar handa mot Jesus.
Han lyser opp ein veg inn til sitt rike.
På denne vegen skal vi gå.
På denne vegen er det plass til mange. Plass til folkeslaga på jorda.
Dei skal alle få sjå ein nådig Gud. Ein Gud som velsignar.
Folka skal prisa deg Gud, alle folk skal prisa deg!




AMEN

søndag 31. mai 2015

Treeininga



Treeiningssøndag II – 31.mai 2015
150-års jubileum for Arna kyrkje – i Haus kyrkje
Luk. 10, 21-24
For 150 år sidan samla dei seg både frå Osterøy og frå Arna i kyrkja på Haus. Dei samla seg til gudstenester, til bryllaup, dåp og gravferd. Dei kom hit til fots, dei kom med hest og kjerre, eller slik nokre av oss gjorde det i dag, roande i båt frå fastlandet til øya der kyrkja låg før Arnakyrkja i all si prakt var ferdig bygd, stein på stein, som ein lokal kjendis frå denne bygda gjerne uttrykkjer det.
Kven var dei – dei som samla seg den gongen?
Ganske sikkert var det heilt vanlege folk. Bønder og arbeidsfolk. Over fjorden kom nok ein del av dei som hadde fått seg arbeid på den relativt nye fabrikken i Ytre Arna. Eller unge kvinner i huspostar. Husmødre. Born. Konfirmantar. Ein og annan lærar. Nokre kommunefunksjonærar eller kjøpmann.
Alle kom, og alle hadde lært seg å syne respekt for presten. Kanskje kan nokre av oss som i dag er i den stillingen drøyme om farne tider og om eit samfunn der nokre ytterst få, deriblant prestane, var løfta ut or sjiktet av såkalla ”vanlege” folk og var blant dei privilegerte?
Skulle det vere slik at dagens prestar lengtar tilbake til klasseskiljet, så får dei berre gjere det. Det er fåfengte draumar, og det er dårlege draumar. Vi skal vere glade for at verda har gått framover gjennom 150 år.
Men her møttest kyrkjelyden frå øya og frå fastlandet. Og her lydde Ordet. Forkynninga.

Forstod folket det som vart sagt til dei frå preikestolen?
Tja – eg veit ikkje. Eg veit lite om kor gode predikantar mine kollegaer var for så lenge sidan.
Men eg er ganske sikker på at også prestane som den gongen stod fram, hadde litt å bryne seg på når dei skulle forklare kyrkjelyden frå Osterøy og Arna om den heilage treeininga.
For evangeliet som lyder til oss på denne jubileumsdagen er like gåtefullt i 2015 som det var i 1865 eller som det var den gongen Jesus sjølv tala orda vi har lese i lag. Orda som opnar eit vindauge på gløtt slik at vi skimtar konturane av ein av dei vanskelegste trussanningane som den kristne kyrkja står samla om. Treeingslæra – det at den Gud som vi trur på samstundes er både tre personar og ein Gud.
Vi har lese om Jesus i dag. Vi har møtt han i ein av dei få situasjonane i NT der han står fram og på same tid gjer seg til eitt både med Gud Fader og med Den heilage ande.
I same stunda jubla han (Jesus) i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.  Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»

Jesus jublar i Anden. Jesus ber til Faderen. Jesus talar om at berre Faderen og Sonen kjenner kvarandre fullt ut. I Johs. 17,11 seier Jesus det med reine ord om forholdet mellom han og Far: ”-vi er eitt”
Dette er ikkje noko mindre enn eit mysterium.
Dette er ikkje logisk.
Eg trur ikkje at prestane midt på 1800-talet makta å forklare dette på ein betre måte enn dagens prestar gjer det. Og dagens prestar gjer det neppe betre enn forgjengarane gjorde det.
Likevel trur eg kyrkjelyden frå Osterøy og Arna den gongen kunne har eit forhold til læra om den treeinige Gud som var minst like godt som det vi har, vi som har funne vegen til kyrkje i dag.
Dei hadde mindre skulegang enn oss, for 150 år sidan. Knapt nokon hadde skulegang utover den obligatoriske, korte folkeskulen. Nokre få hadde kanskje artium. Truleg var det berre presten som hadde vore ved Universitetet i Christiania eller i København.
Men det er ikkje skulegang som opnar opp for mysteriet.
Jesus seier det krystallklårt: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.»
Kva er det Jesus har openberra for umyndige små?
Kva er det Jesus jublar for i Den heilage ande?
Det kan vere to ting.
Det eine er det han talar om vidare i tekstavsnittet vi har lese – nemleg forholdet mellom Far og Son.
Men det kan òg vere at han jublar for det han nettopp har forkynt til læresveinane sine.
For i bibelteksten står det litt andre ord enn dei redigerte orda vi har lese frå tekstboka som preiketekst på denne søndagen: Der står det: I same stunda jubla han (Jesus) i Den heilage ande…
I same stunda – som kva?
I same stunda som han sa til læresveinane: ”Gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!”
(Luk. 10,20)
I dag er det treeiningssøndag. I dag kunne vi gjerne sett for oss å bruke lang tid på ei preike som tok form som ein bibeltime slik at vi fekk dukke ned i treeinigsmysteriet. Seie litt om det store teologar og tenkjarar har sagt føre oss. Kanskje kunne dette vore ein dag der presten tok fram dei mange sitata frå kloke .
Vi har ikkje tid til det. Og eg skal nøye meg med eit lite sitat frå ei preike av ein svensk kollega som verkeleg har lese bøker eg aldri visste eksisterte ein gong. Presten Bo Brander skriv i ei preike på denne søndagen om apostlane og profetane som gjerne tala om alt dei hadde fått openberra frå Meisteren. Men når dei kom til det som låg bortanfor orda, så foreskreiv til og med dei største av dei rett og slett den totale stilla.
[1]
Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for
Ingen veit, seier Jesus, om dette mystiske forholdet mellom han og Faderen.
Men vi treng ikkje vite. Vi treng ikkje forstå. Vi skal berre tru. Ikkje tale mysteriet bort i mange og vanskelege ord.
I Ordet vert alt dette openberra for oss. Ikkje alt like klårt rett nok.
Men det viktigaste er så klårt at til og med umyndige små skal forstå og skjøne og vere i stand til å juble i lag med Jesus. Slik han i dag har vist oss at han jublar i Den heilage ande.

Det er berre ei veke sidan pinse. Ei veke sidan vi på ny kunne gle oss over å feire Andens kome og Andens verk i mellom oss.
I jubel saman med Jesus gler i oss over det som Jesus jubla for, og over det som våre forfedre frå Osterøy og Arna kunne gle seg over når presten deira forkynte det til dei: ”Gle dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen”
I glede over det, og med forventning til at der, i himmelen, der skal vi ein gong møtast. Vi som er her i dag, i lag med dei som var kyrkjelyd for 150 år sidan, eller med dei som gjekk rundt i lag med den levande Kristus i hans til på jorda. Då skal løyndomane opneberrast. Då skal vi sjå og forstå det ingen i dag veit og ingen i dag kjenner fullt ut
– Den treeinge Gud.
Fader, Son og Heilag ande.

Amen



[1] Skytte/Brander: ”Ett år med Jesus” bnd I s.10

Bloggarkiv