torsdag 17. oktober 2019

Følg meg


19.s.  i treeinigstida III. 20.10.2019
Ytre Arna (Temagudsteneste)
Luk.9, 57-62

Dei gjekk etter vegen. To stykke. Dei samtala. Dei hadde det fint i lag. Og vegen var lang. Faktisk så lang at det ikkje var heilt klårt kvar den enda.
Kanskje var det vegen gjennom livet?
Den vegen som starta heime hjå far og mor. Som gjekk gjennom eit landskap der borna leika, der ungar samla seg, der bryllaup og barnefødslar fann stad. Landskapet varierte mellom slettelandskap og tronge, mørke dalar. Vegen hadde sidevegar og vegkryss der val måtte gjerast. Det var tettast mellom dei i starten.  Det var motbakkar og utforbakkar innimellom. Lange strekningar var reine idyllane. Praktfull natur som kunne nytast i fulle drag. Men så endra det seg.  Landskapet gjekk også gjennom tunnelar der mørket var knugande og langs avgrunnar som syntes skræmande. Og ettersom vegen vart lengre og lengre tok alderdomen over, og etter kvart var det tydeleg at målet kom nærare og nærare. Vegens ende.

Dei gjekk altså på denne vegen, dei to i lag. Ein var heilt tydeleg den som førte an. Som visste kvar dei skulle vidare. Som underviste den andre. Han gjorde inntrykk. Så sterkt inntrykk at orda glapp ut av han som hang på læremeisteren: ”Eg vil følgja deg kvar du så går”

Du går på vegen du òg i dag. Nokre har gått veldig langt. Andre har så vidt starta. Nokre er akkurat der det er så menge sidevegar og vegkryss. Så mykje å velja mellom. Men du ser han som går ved sida di. Du anar at han veit kor du bør gå vidare. Du vil slå følgje. Du tek orda i munnen din, orda om at – ja eg vil vere i lag med deg. Same kor du går.

Men vent litt – det er noko som må utrettast først, før vi går vidare. Like bak svingen der borte, Berre ein kort avstikkar.  Det er litt som må gjerast heime. Litt i familien som må ordnast opp i.
Og så var det ein liten stopp for å hjelpe der det var vanskeleg. Det var nokre som gret. Noko hadde skjedd som var til å gråte over. Vanskar heime som syntes håplause. Sjukdom. Var det til og med ein som var død?  Eller var det på skulen dei ropa namnet ditt så høgt.

Du går langs vegen. Vegen gjennom livet. Han som går attmed deg er ein super følgjesvein. Enno ein gong seier du til han: ”Eg vil følgja deg kvar du så går”. Men du skundar deg å leggje til det som du så ofte elles seier: -” men berre vent litt. Først skal eg berre….”

Også vi som har samla oss her i Ytre Arna kyrkje i dag vil kunne kjenne oss att i noko av dette. I ein eller fleire situasjonar i livet har vi høyrt at det finst ein som går tett ved sida vår gjennom livet. Han heiter Jesus. Mange av oss innser at han vil vere ein fabelaktig mann å ha med seg vidare. Kvar einaste dag.
Men han kan vel ikkje ha noko i mot at eg ordnar litt med alt det andre i livet mitt som også er så viktig for meg?
Som så ofte når vi vågar å dukke ned i det vi les om Jesus i Bibelen, så er det råd å verte overraska av det vi då ser.

Den som har vore innom kyrkja ein del gonger kan temmeleg snart få eit inntrykk av at å følgje Jesus, vere i lag med han, kalle seg kristen, det er rett og slett eit liv som kan levast i sus og dus. Berre Jesus får ein liten sjanse innimellom – i ein barnedåp, gjennom konfirmanttida, ein ekstra alvorstanke i ei og anna gravferd, og kanskje nokre kroner i offerskåla frå tid til annan, så er det greitt. Knip det kan eg stemme i ein salme eller be eit fadervår ekstra.

La det vere heilt klårt: Det er slett ikkje noko feil med ein barnedåp. Det er heilt på sin plass med ettertanke over livet ditt når du er i gravferder eller når du ofte eller berre meir tilfeldig er innom kyrkja. Og syng du salmar eller ber fadervår, så skal du for all del halde fram med det. Det vil Jesus at du skal gjere.

Men på denne søndagen møter vi Jesus når han med nokre enkle ord vil vise oss at det å følgje han faktisk har store konsekvensar. Det kan bety oppbrot og nye måtar å tenkje på.

Dette er utfordringa til kvar einaste av oss denne søndagen. På ei side: Å vere opne for alt det fantastiske Jesus kan berike livet vårt med. På den andre sida: Å vere viljug til å gje han alt når han seier: «Følg meg!».
Heile deg. Heile livet ditt, anten du har levd lenge, lenge og snart er ved veg ende, eller om du står heilt på startstreken, der vegen er full av vegkryss og du nesten kvar dag må velje – går eg hit eller dit?
I dag var det stort om du kunne seie slik han gjorde det, han som gjekk lengs vegen saman med Jesus, han som sa: ”Eg vil følgja deg kvar du så går”. Det er ikkje lett å seie det. Men vi veit at føl vi han, då skal han vere med oss heilt til vegs ende, heim til vår himmelske Far.

Det er mange forteljingar i Bibelen om menneske som vart kalla til å vere i følgje med Jesus. I GT møter vi ikkje Jesus kall. Der er det gjerne Gud sjølv som på underleg vis utfordrar menneske til å verte hans etterfølgjarar.
Vi kan nemne Moses. Vi kan lese om profetane; for eksempel Jesaja og Jeremia.
Og vi må sjølvsagt ikkje gløyme forteljinga vi har høyrt lese i dag, om guten Samuel i tempelet, som til slutt forstod at Herren Gud ville ha han i tale og braut ut: «Tal, tenaren din høyrer!» 1.Sam 3,10

I NT er det aller mest kjent korleis Jesus kalla dei 12 læresveinane til å verte sine etterfølgjarar. Det kunne vi brukt mykje tid til å snakke om.
Men på same måte som med forteljinga om Samuel, ser vi også at læresveinane høyrde Jesus kall. Dei høyrde orda hans. Så braut dei opp. Så drog dei av gårde i lag med Jesus. Radikalt. Utan returbillett.
Tenk f.eks på Simon Peter. Fiskaren. Han som fekk det som høyrdes ut som eit amatørråd frå Jesus om å kaste fiskenota på motsett side av båten, så skulle nullfangst bli til kjempefangst av fisk. (Luk 5,1-11)
Tullprat – kunne fiskaren sagt til snekkarsonen.

Men Jesu ord og undervisning som dei nettopp hadde lytta til, må i sanning ha gjort inntrykk på Peter og dei andre proffe fiskarane, for dei la i veg med ei einaste grunngjeving: ”På ditt ord…” Kjappare enn nokon av oss ville gjort, hadde dei teke inn over seg at når Jesus talte, når han underviste, så var det ei slik kraft i orda hans at det måtte få konsekvensar for det dei gjorde. ”På ditt ord…”   

”På ditt ord…”
 Dette ordet var sjølve skaparordet. Det ordet som i opphavet på den fjerde dagen gjekk ut frå Guds munn og skapte alt liv som yrer i vatnet; det ordet lydde no frå Jesu munn ved Genesaretsjøen. Og på dette ordet gjekk Peter i båten og kasta garnet. Og det som hende som ei følgje av at Peter og dei andre følgde Jesu ord, at dei lytta til han, var at dei også følgde han. Bokstavleg tala. Gjekk saman med han.  Resten av livet. Peter og Jakob og Johannes.

”Kva var det som hende med Jakob og Johannes?
Kvifor gjekk dei av garde saman med Peter og Jesus?”
I møte med eit slik spørsmål, tenkjer eg litt på gamle Sebedeus, far til Jakob og Johannes. Han opplevde å stå åleine att på stranda etter at sønene hans og Peter drog av garde i lag med Jesus. Korleis ville han svara?
«-Høyrde du ikkje kva Jesus sa til dei,»  trur eg at den gamle Sebedeus 
svara
«- Peter vart så oppskræmd av all fisken dei fekk, at han kasta seg ned for Jesus og bad han gå bort. -Eg er ein syndig mann, høyrde eg Peter sa til Jesus. Men Jesus tok tak i Peter og reiste han opp og sa: - Ver ikkje redd. Heretter skal du fanga menneske? Dette høyrde også sønene mine,»  sa Sebedeus. «- Så dei tre, Peter, Jakob og Johannes gjekk berre frå alt her på stranda i følgje med Jesus.»

«Følg meg!» Det handlar om at du og eg vågar det radikale brotet med det vi tenkjer er eit naturleg vegval gjennom livet.
Kanskje så radikalt som å gå i frå alt for å følgje Jesus.
Vågar vi det? Vågar vi å satse alt i livet på å følgje Jesus?
Å slå følgje med Jesus kan for enkelte verte eit radikalt bort med sitt tidlegare liv.
- dei gjekk i frå alt og fylgde han”
står det om Peter, Jakob og Johannes.

Men vi skal gjere litt av det same Jesus gjorde der ved Gennesaretsjøen.
Først underviste han folket. Han lærte dei om Guds rike. Så utfordra han trua deira. Prøv! Prøv om ikkje det stemmer det eg seier. ”-Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.”
Så er det tid for å våge etterfølginga. «Følg meg!» lyder det i dag
Kanskje var det slik i dag at desse orda kunne vere eit kall og ei utfordring til ein eller fleire i denne kyrkja? Eit kall til å reise seg og gå vidare i livet tett i Jesu fotefar.
Synest du det høyrest ut som ei vågestykke?
Kanskje det. Men er det betre å sitje på ei strand og reinse tomme fiskegarn resten av livet?                   
AMEN

torsdag 10. oktober 2019

Rein


18. s. i treeiningstida. III. 13.10.2019
Herdla kyrkje
Mark.1,40-45

«Om du vil kan du gjere meg rein»
Slik tala den spedalske til Jesus. Slik ropte den spedalske til Jesus. For eg trur det var det han gjorde. Han ropte. Kanskje var det ikkje nødvendig med så veldig høge rop, for trass alt låg han der på kne rett fram for Jesus. I desperasjon over alt det negative denne forferdelege sjukdomen bar med seg av sosial isolasjon, av frykt, og av det som heilt sikkert var direkte vondt og pinefullt med reelle smerter.
«Om du vil kan du gjere meg rein»
Og Jesus ville! «Eg vil, sa han. Bli rein!»

På denne søndagen så handlar alle dei tre evangelietekstane som kjem tre år etter kvarandre om korleis Jesus kan lækja sjukdom. Eit år høyrer vi om korleis Jesus gjer svigermor til Peter frisk. I den teksten, frå Matt. 8, vert også eit kjent profetord om Jesus sitert: «Han tok bort våre plager og bar våre sjukdomar» (Jes. 53,4)

Neste år kan vi lese evangelieforteljinga om offiseren i Kapernaum som hadde ein tenestegut som var sjuk. Jesus såg offiserens store tru og gjorde guten frisk. (Matt.8,5-13)
Dette året stansar vi på denne kyrkjesøndagen opp for den spedalske som trygla om å bli rein.
«Om du vil kan du gjere meg rein»
Og Jesus ville! «Eg vil, sa han. Bli rein!»
På ulikt vis handlar det om at Jesus kan gjere frisk.

Det er eit fantastisk evangelium som vi som kristne skal ta til oss. Gle oss over. Og sjølve feste tru til på ein slik måte at også vi vågar oss fram for Jesus når vi treng hans omsorg, hans lækjedom.

Det er berre nokre få veker sidan vi i Bergen hadde besøk av den kjende «Snåsamannen», Joralf Gjerstad. Få i landet vårt har bede til Gud om lækjedom for så mange menneske han.
I avisreferatet frå samlinga i Bergen Domkirke stod det at Gjerstad har bede for 55.000 menneske gjennom sitt 93-årige liv. Eg veit ikkje kvar talet kjem frå.
Men bønene hans har vore mange. Og mange er også vitnemåla om bønesvar og lækjedom.
I flg. avisa Dagen var dette hovudpoenget i hans bodskap til den fullsette Domkyrkja:
– Kraften ligger i bønnen, sa Gjerstad og siterte Jesu ord fra evangeliene:
– Be og dere skal få, bank på og det skal lukkes opp for dere.
Han oppfordret forsamlingen til å tro på Jesu ord om bønn.

Det handlar om sjukdom. Og om lækjedom. Om Jesu makt til å gjere under og teikn.
Slik var det den gongen Jesus gjekk rundt mellom oss.
Kyrkja vår trur at slik er det også i 2019. 

Som presten dykkar i dag vil eg gje deg frimot til å rope til Jesus om hjelp i sjukdom og plager. Om å be. Gjere slik Snåsamannen sa det:
– Kraften ligger i bønnen, sa Gjerstad og siterte Jesu ord fra evangeliene:
– Be og dere skal få, bank på og det skal lukkes opp for dere.
Han oppfordret forsamlingen til å tro på Jesu ord om bønn.
Eg vil ikkje prøve å redusere dei bibelske lovnadene.
Eg vil heller ikkje dele ut garantiar om at ein kvar som ber om å bli frisk faktisk blir det.
Eg konstaterer at nokre opplever å bli bønhøyrde. Andre blir skuffa.
Forklaringa på dette ligg bortanfor det eg har innsikt i. Likevel har eg trua på dette. Likevel vil eg flagga lovnaden som er knytt til det som hende med den spedalske:
«Ein mann som var spedalsk, kom til han, fall på kne og bad: … »

Dette er oppskrifta. Til dette er lovnaden knytta. Dette får vi lov å tru på, og den trua skal ingen ha rett til å smile av, til å kritisere, eller til å devaluere.
– Kraften ligger i bønnen, sa Gjerstad og siterte Jesu ord fra evangeliene:
– Be og dere skal få, bank på og det skal lukkes opp for dere.
Han oppfordret forsamlingen til å tro på Jesu ord om bønn.

For tjue år sidan var eg ein vinter vikarprest på Finnmarksvidda, i Kautokeino.
Eg sat ein dag og bladde i litt av det eg var oppteken av å forkynne og formidle den gongen – bl.a i ei andakt eg sende til lokalavisa der eg den gongen eigentleg budde, i Sunnfjord. 

Då ser eg at eg fann trøyst i den blinde tiggaren sitt naudrop – «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg». (Luk.18,39) Det er nettopp dette ropet vi finn att i vårt kyrierop i gudstenesta. Kyrie eleison ropar vi på gresk.
Kyrie eleison, bøneropet frå vår gudsteneste er altså greske ord, og dei betyr dette:
Herre, miskunna deg over meg. ”Kyrie eleison”.
Den spedalske vi møter i dag, brukar ikkje nøyaktig dei orda, men innhaldet i det han tryglar om er akkurat det same. «Miskunna deg over meg»

Vinteren i Kautokeino fann altså eg trong til å be med desse orda. For den gongen, i februar 1999, så passerte gradestokken 50 minusgrader - på veg endå lenger nedover. Gjennom veke etter veke levde vi i temperaturar på 30 – 40 - 45 minusgrader. Til slutt var det godt å ty til vårt velkjende Kyrierop.  Eg opplevde då at det var tid for å be om varmare vêr.

Kvar einaste gong vi kjem saman til høgmesse ber vi desse orda:  «Miskunna deg over meg!»  Vi ber om Herrens miskunn. Om Guds miskunn. Og det gjer vi med det same vi har sagt fram syndevedkjenninga i lag. Vi fortel altså til Gud, det han allereie veit, at vi er syndarar. Så ber vi han om å vise miskunn mot oss. Det betyr at vi ber Gud om at han ikkje må gje oss som vi fortener for syndene våre. Vi ber han om å vere nådig. Vi ber om å få meir enn vi har gjort oss fortente til.

Den spedalske vart rein av den vonde sjukdomen han bar på. Du har kanskje andre ting du vil be Gud om i ditt liv. Også du kan be Jesus om hjelp om det som er vanskeleg i ditt liv. Du kan rope om lækjedom. Du kan rope om miskunn.
For heile vårt liv ropar mot oss at vi treng Herrens miskunn.
Vi treng Herrens miskunn fordi vi ikkje ser. Vi ser med augo våre. Men vårt indre auga ser ikkje.
Vi treng Herrens miskunn, ikkje fordi vi er spedalske, det er ein sjukdom som ikkje lenger er aktuell her i landet. Men vi er ureine. Vi ser ikkje kor ille vi har stelt oss når vi får sjansen til å møte Jesus, til å leggje frå oss det vonde og vanskelege, som kan vere så mykje meir enn medisinske utfordringar.

I kyrkja har vi gjennom hundreåra snakka mykje om at vi er syndarar.
Det vedkjenner vi også i alle gudstenester. Og det er slik det er.
Men folk i dag har teke til å riste på hovudet av all denne syndsvedkjenninga. Vert det for mykje av det? For mykje av anger? Meir enn vi har godt av?
Kanskje er det på tide om vi som går ofte til kyrkje tenkte nærare over kvifor vi treng Herrens miskunn?
Er det p.g.a eit for aktivt sexliv? For mange drinkar på byen på fredag eller laurdag? Sit syndene våre i kva vi tenkjer og meiner om dei homofile? Eller er det våre tankar på pengar og rikdom som har ført oss i gjørma? Ja, kanskje det.

Men alt dette vil eg hoppe kjapt forbi på denne søndagen. Og heller fokusere på dette:
Er vi så blinde at vi ikkje ser Jesus? Er vi så blinde at vi ikkje ser slik at vi trur på han? Og slik at vi ikkje har tru på, eller håp om at han kan gjere oss reine?
Er vi blinde? Åndeleg ureine, spedalske? Er vi vantruade?

Då lever vi i synd. Då må vi våge å rope på Jesus. Falle på kne framfor han og be om hjelp.
«Om du vil kan du gjere meg rein»
Og Jesus ville! «Eg vil, sa han. Bli rein!»

Vågar vi å be slik? Det kan vere eit dristig prosjekt. Kanskje vil vi sjå ting vi til no har vore blinde for? Kanskje vil vi sjå eigne svik? Eigne synder?  At du livet ditt er prega av det som er ureint. Då treng vi å rope det ut: «Om du vil kan du gjere meg rein» «Kyrie eleison!»

For mange vintrar sidan sat eg i Kautokeino og ba om varmare vêr.
Eg skulle aldri vore så konkret i mine bøner! For tilsynelatande har eg fått svar som langt overgår det eg forstod å be om. Den gongen, som i dag, skulle mine ord berre ha vore: Kyrie eleison.

For vi treng Herrens miskunn når vintrane vert varmare her på våre breiddegrader og naturen gjev oss midt i ansiktet for vår eigen uforstand. Og for vår synd. Og for vårt forbruk. Og for vårt tankelause jag etter velstand og rikdom. Vi får att, ikkje berre for at vi er ureine, men også fordi vi ureinar det Guds har gjeve oss.

Sakte, men sikkert, går det opp for oss at det finst verre synder enn det vi gjerne tenkjer på når ordet synd vert nemnt i våre samanhangar. Umoral er ikkje berre det som dreier seg om sex og samliv. Vi kan sjølvsagt kome i uføre også på dette området.
Men våre felles synder som har ført oss inn i ei klimakatastrofe kan få langt, langt større følgjer for ufatteleg mange menneske.

Kanskje vil våre eigne barneborn få det rimeleg bra her i vårt land, også i den ukjende framtida? Men korleis vil dei stille seg til endelause flokkar av klimaflyktingar og økonomiske flyktingar frå heile verda som vil hit til vår del av verda om 25 - 50 – 100 år? Det er eit av mange spørsmål vi kan stille i året 2019.

Kanskje er spørsmålet eit heilt anna om nokre år. Kanskje dukkar det opp nye problem. Nye utfordringar som vi enno ikkje har sett. Fordi vi kanskje er blinde? Eller fordi vi let att augo våre med vilje? Eller fordi vi med vårt ureine og syndige liv kjem aldeles på kant med Guds gode vilje for oss og for verda vi lever i?

«Om du vil kan du gjere meg rein»
Og Jesus ville! «Eg vil, sa han. Bli rein! Med det same var sjukdommen borte, og mannen vart rein»
I dag skulle vi våge å leggje våre liv, våre sjukdomar og vår ureinskap, vår synd fram for Jesus.
Det kan framleis skje under.
AMEN





torsdag 3. oktober 2019

Først må vi leve livet


17. s. i treeinigstida III. 06.10.19
Strusshamn kirke
Fil 1,20-26
Hausten er over oss. Enno er det litt att av det grøne. Men det er mykje som har vorte gult. Og brunt. Og så vert alt svart på trea når haust skal bli til vinter. Når forsmaken på haust som vi alt har fått over oss, vert til haust på skikkeleg vis.
I kyrkja her i vårt land feirar vi påske når det er vår. Men så seier vi også gjerne at kvar einaste søndag er ein påskedag. Søndagen, Herrens dag, feirar vi prinsipielt til minne om at Jesus stod opp frå dei døde.

Men så, mens hausten sig inn over oss, mens vi ser at naturen rundt oss er i ferd må å gå i dvale; når naturen døyr for vinteren, så kjem det kvart år ein søndag der det handlar om at det som døyr skal få nytt liv. I kyrkja handlar det på denne søndagen om oppstode frå dei døde. Slik Jesus stod opp ein gong, slik skal vi stå opp. Livet skal sigre. Difor kallar vi søndagen i dag, den 17. i treeiningstida, for haustens påskedag.
Livet skal sigre. Vi kan aldri høyre nok om det. Vi som gjennom året kanskje har fleire gravferder frå kyrkjehuset enn vi har gudstenester.
Vi las nettopp om Jesus som vakte dotter til synagogeforstandaren til nytt liv. Vi høyrde desse forunderlege orda frå Jesu munn: «Talita kumi!» Det betyr: «Lille jente, jeg sier deg: Stå opp!» Straks reiste jenta seg og gikk omkring; hun var tolv år gammel.

I dag står livet i fokus her i kyrkja. Ikkje minst er det eit krystallklårt faktum når vi ser desse familiane med tre nyfødde liv på fanget til foreldra. De har bore dei fram for Gud i dag. I dåpen var borna lagde i Jesu hender.
Vi kan ikkje møte kyrkja sine born eller kyrkja sine unge, f.eks konfirmantane, med ord om døden. For borna skal leve. Dei unge skal leve. Livet skal blomstre. Framtida skal vere som ein vår, lysande grøn. Ny og spanande.
Men vi veit likevel at døden er der. Av og til stikk ei kald og kvass klo frå døden handa fram og røvar frå oss, ikkje berre bestemor eller farfar, men kanskje ein venn eller ei venninne. Like ung som du sjølv - eller like vaksen. Eller yngre.
Tolv år var dotter til synagogeforstandaren. Ho vi las om i Markusevangeliet. Det er forferdeleg når det skjer, at born som henne døyr. For borna skal leve. Dei unge skal leve. Leve og blomstre. Bere frukt. Om att og om att gjennom mange år.
Kanskje er det nokre av dykk som høyrer på meg no som har epletre i hagen heime. Nokre av trea kan vere heilt nye. Planta for få år sidan. Kvar haust ser vi at epla vert modne. Det er liv i treet. Slik er det mens treet enno er ungt. Men det kan kome svære mengder frukt, også frå gamle tre. Så lenge det er liv, kan vi vente frukt.

I dag har vi helsa på apostelen Paulus.
Han er ein utruleg viktig person for den kristne kyrkja. Breva han skreiv til dei aller første kristne kyrkjelydane rundt Middelhavet berre få år etter at Jesus var faren opp til himmelen, inneheld stoff som aldri vert uaktuelt. Orda hans er ikkje spesielt moderne. Ikkje lette å forstå, av og til direkte vanskelege. Nokre gonger også provoserande. Men aktuelle. Veldig aktuelle, også for oss som lever akkurat no.

Vi har i dag lese ord av Paulus som på ingen måte er lette å forstå. Han går nærmast inn i ein diskusjon med seg sjølv. Er det best å dø, eller er det best å leve?
Vi som les det i dag klør oss i hovudet. Går det i det heile an å tenkje slik? Paulus skriv: Å leve er for meg Kristus, og å dø er en vinning

Å døy er ei vinning.
Heldigvis er det ikkje slik dei fleste, friske, menneske tenkjer. At det er ein fordel å døy gjev berre meining om ein vert så sjuk at livet er aldeles uråd å halde ut. Det kan skje. For unge. Og mykje meir for dei aller eldste. Det kan skje at døden kan vere ein utfriar frå eit smertefullt sjukeleie.

Men det normale er at livet er det største. Det rikaste. Det vi skal gle oss over.
Skal vi forstå kva Paulus meiner med at døden kan vere eit vinnarlodd, så må vi vite noko om at den gongen han skreiv dette, så var det ei sterk tru og ei sterk forventning til at Jesus skulle kome tilbake. Veldig snart. I levetida til dei som levde den gongen. At han skulle samle dei som trudde på han rundt seg i eit nytt liv. Bak døden. Difor seier Paulus også:
Jeg kjenner meg trukket til begge sider: Jeg lengter etter å bryte opp og være sammen med Kristus, for det er så mye, mye bedre.
Vi kan lære av dette. Vi kan lære at bak døden ventar noko godt. Eit nytt liv. Ei nyskapt jord. Det som er fullkome utan alt som kan vere vondt og vanskeleg mens vi lever her.
For ein som trur på Jesus er det meiningsfullt å sjå fram til det evige livet.

Men først må vi leve dette livet. Først skal vi gle oss over livet Gud har gjeve oss. Det som skal utfaldast mens vi er unge. Det som skal blomstre når vi er vaksne. Livet som skal gje frukt. Det livet som sakte men sikkert skal visne og falle bort. Som lauv på trær om haust. Litt etter litt vert vi plukka av. Nokre få litt tidleg. Det meste rett før det vert vinter.
Paulus leikar med tanken: Kva er best: Å døy eller å leve?

Det er aldri tvil om kva som er hans konklusjon:
Å leve er for meg Kristus, og å dø er en vinning. Men hvis jeg får bli i live, kan jeg gjøre et arbeid som bærer frukt, og da vet jeg ikke hva  jeg skal velge. Jeg kjenner meg trukket til begge sider: Jeg lengter etter å bryte opp og være sammen med Kristus, for det er så mye, mye bedre. Men for deres skyld er det mer nødvendig at jeg fortsatt får leve. Og fordi jeg er trygg på dette, vet jeg at jeg skal bli i live, ja, bli hos dere alle og hjelpe dere til fremgang og glede i troen.
Paulus vil hjelpe oss til framgang og glede i trua.
Det er det vi så gjerne vil hjelpe kristne til i våre kyrkjelydar også.
Borna i kyrkjelyden. Unge kristne. Konfirmantar. Ungdomsleiarar. Vaksne. Pensjonistane. Soknerådsmedlemer. Dei tilsette i kyrkjelyden.
Vi skal leve. Vi skal utfalde livet. Mellom venner. Heime i vår familie. På skulen eller på jobben. Livet kan bere god frukt også når det er levd gjennom mange år, slik eit gamalt frukttre også kan bogne av det som er godt å ete.

Vi skal be om ein ny vår. At det må spire og vekse og kome frukt av det vi er i lag om i kyrkja. At Jesus kan verte stor for oss. At vi kan lengte etter å leve tett i lag med han. Mens vi lever her og no. Og når vi ein gong stig inn i den aller siste haust. Når vinteren kjem i livet vårt. Når døden hentar oss.
Men også då er det håp. Då skal vi gå over den grensa som ingen kjem tilbake frå. Den grensa som heiter døden. Men vi trur at bak der ventar han på oss, han som er Herre i våre liv og som er Herre over døden. Han som er så sterk at når den evige våren lysnar bak dødens vinter, så skal han stå ved kvar einaste grav og det skal lyde slik ved dørstokken til eit nytt og evig liv: «Talita kumi!» Det betyr: «Lille jente, jeg sier deg: Stå opp!» Straks reiste jenta seg og gikk omkring.



fredag 20. september 2019

Store ord


15. s. i treenigstida. III. 22.09.2019
Johs 15, 9-12
Eidsvåg kirke
Det handlar om dei store orda i dag. Dei som er i overkant å bruke, slik til dagleg. Orda som vi hentar fram ved særlege anledningar. Orda som nokre veldig sjeldan brukar. Orda som andre tek oftare sin munn, men kanskje ikkje heilt ser rekkevidda av.
 
Og mest tankevekkjande: Orda som aldri blir ytra til ein del menneske. Ofte er det nettopp desse menneska som aller mest skulle høyre dei. Men fråværet av dei største orda, gjer skade på menneskesjeler.

Knapt nokon har sagt slike ord på ein så vakker måte som apostelen Paulus.
Dei orda vi har lese i dag. Dei same orda som ofte vert lesne i bryllaup. Av og til også i gravferder. Kjærleikens høgsong kallar vi ofte det vi las frå 1.Kor 13.
Desse orda pyntar gjerne vakre gåvebøker. Dei blir rissa inn i berg og trestammar. Dei kan verte fletta inn i som ein bit av eit kunstmotiv.
Eller dei blir devaluerte til eit kort ord på engelsk, som glir lettare inn og ut av munn og øyrer når vi er i fanget til populærmusikarane.

Vi har ikkje så mange ord på norsk som kan brukast. Ikkje ein gong det ordrike engelske språket har mange variantar eller nyansar.

Annleis er det når vi opnar Bibelen.
Kanskje er nettopp ordet kjærleik det aller største ordet i språket vårt?
Det er ordet som vi skal setje lyskastaren på i dag.
Kanskje er dette ordet det største i Bibelen?
Men då må vi vere klar over at Bibelen er omsett frå gresk, og der finn vi fleire ulike ord som på norsk alltid vert skrive på denne måten: Kjærleik.

Mange mellom oss tenkjer erotikk når dei høyrer ordet kjærleik. Mange tenkjer sex når det vert snakk om å elske. Det er full dekning, språkleg sett, for å tenkje slike tankar.
Men det går an å ha fleire tankar i hovudet på ein gong.
Ordet erotikk kjem frå det greske ordet eros, som vi rett og slett ikkje finn i Bibelen.
På engelsk er ordet «love» både substantiv og verb. «Love» betyr kjærleik. Og det betyr å elske.

På norsk kjenner vi ordet om å elske i fleire ulike tydingar.
Kjærastar sa ein gong for første gong til kvarandre: «Eg elskar deg».
Det var store ord den gongen.
Ektefolk har sagt det mange gonger til kvarandre. Det er alltid stort og viktig å seie det, og å meine det. I dette ligg sjølvsagt erotikken mellom ektefolk. Men det ligg så mykje meir også. I dette verbet, å elske, ligg kjærleiken gøymt.

På gresk er det òg eit anna ord som og vanlegvis berre har ei dekkjande omsetjing. Det er ordet filadelfia. Det betyr kjærleik mellom vener. Venskap. Ha kjær.
Ordet er brukt fem gonger i NT. Ordet betyr søskenkjærleik. Det er det same som å elska sine brør eller søstre. Familien sin. Venene.
Betania er namnet på ein liten by utanfor Jerusalem. Det var heimstaden til dei tre søskena Marta, Maria og Lasarus. Det var staden der Jesus vanka for å omgåast venene sine. Omgangsvenene.
Der, i Betania, pleia Jesus søskenkjærleiken, filadelfia, til sine vener. Der viste Jesus at han var glad i venene sine. Vi hugsar då Lasarus var sjuk og låg for døden. Då les vi i Johs. 11: «Søstrene sende då bod etter Jesus og sa: -Herre, han som du er så glad i, er sjuk.»

Han som du er så glad i!
Jesus var glad i Lasarus. Dei var vener. Gode vener. Dei hadde kjærleik til kvarandre. Filadelfia, heiter slik kjærleik på gresk.
Om dette skriv Paulus i Rom 12.10: Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve!

Dei store orda i dag er altså ordet kjærleik. Det er ordet elske.

Men når Jesus i dagens evangelium talar om å elske, og når han talar om kjærleik då brukar han eit heilt anna ord.
Han seier: «Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!»
Vi må lære eit gresk ord til i dag: Agape. Det er Bibelens viktigaste ord for kjærleik. Det har også ei verbform på gresk: agapaå. Det omset vi på norsk med å elske.

Det store ordet i dag er agape. Kjærleik. Å elske.
Og for verkeleg å forstå djupna i ordet, må vi ha klårt for oss: Denne kjærleiken som Jesus talar om her; det å elske slik Jesus ber oss om å gjere; det er å elske med ein kjærleik som Guds sjølv viser mot oss menneske.

Ingen stader i Bibelen er dette uttrykt sterkare enn i det ordet som vi gjerne kallar for den vesle Bibel: Johs. 3,16: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Slik er Guds kjærleik. Slik er Agape. Slik skal vi elske, seier Jesus. Slik Gud elska. Slik han elska verda. Med den grenselause kjærleiken som gjorde at han gav Sonen for vår skuld. For våre synder.

Vi har lese frå 1.Kor 13 i dag.
Der stod desse orda: «Kjærleiken tek aldri slutt»
Kanskje sit det ein eller fleire i kyrkjebenken og tenkjer med sorg på det som gjorde at eit ekteskap gjekk i oppløysing? Nettopp fordi de opplevde at kjærleiken av ein eller annan grunn tok slutt.
Det er heldigvis sjeldnare at kjærleiken mellom foreldre og born tek slutt. Men det kan skjære seg alvorleg også i slike forhold. Berre spør prestar som har møtt hundrevis etter hundrevis av familiar i sørgesamtalar. Der får dei innsyn i veldig mykje kjærleik. Mellom ektefellar. Mellom foreldre og born. Mellom søsken. Men diverre ser dei òg inn det som kunne gå sund. Falle frå kvarandre.

«Kjærleiken tek aldri slutt»
Den kjærleiken som aldri kan ta slutt, det er Guds kjærleik til oss menneske.
«Men Gud viser sin kjærleik til oss ved at Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.» Slik står det i Rom. 5,8
Gud sluttar ikkje å elske fordi om noko går sundt for oss menneske. Slik eit ekteskap kan falle frå kvarandre. Slik nære familieforhold kan rakne. Slik vår kjærleik kan falle bort om prøvingane vert store nok.

Alt dette som Bibelen kallar for synd, og som til dagleg skaper så mykje krøll for oss menneske; det er Gud med sine kjærlege augo i stand til å sjå forbi. Han ser i staden for på Jesus, og det han gjorde: «Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.»
Er det verkeleg mogeleg for vanlege menneske å vise så grenselaus kjærleik mot kvarandre, som den kjærleiken Jesus formanar oss til å vise i dag?
Han seier: « -dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.»
Går det an å elske slik?
Eg trur at om vi spør nybakte foreldre som ber barnet sitt til dåpen, så vi dei svare: Ja!
Det vi kan vere vitne til når eit nyfødd liv vert lagt i fanget til mor eller far, det er kanskje det næraste vi kjem av å få eit glimt av det guddommelege. Eit glimt av Agape. Kjærleiken som går utanpå det meste av alt anna som er stort og godt og vakkert.
Heldigvis er det mykje som er stort og godt og vakkert. Gled deg når du møter kjærleik frå menneske. Gled deg over venskap og søskenkjærleik, det vi kalla for filadelfia.
Vis slik kjærleik mot dine medmenneske. Kanskje aller mest mot dei som går gjennom livet som menneskelege kasteballar. Som får livet sitt mørklagd fordi ingen nokon gong tek dei inn til seg og seier: «Eg er glad i deg».

Og når du ikkje får det til, når bokstavane i dette vakre ordet kjærleik vert så store og kvasse at du rett og slett ikkje maktar å svelgje dei, når det å elske berre er ein draum på ein stad der hat og uvenskap i staden får plass til å slå rot, så skal du vite: Guds kjærleik tek ikkje slutt!
Han ser deg slik som du er. Han elskar deg slik som du er.
No seier Jesus til deg:
«Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen»
AMEN


fredag 23. august 2019

Verkeleg fri


11. s. i treeiningstida III. 25.08.2019. ~ Salhus krk.
Johs 8, 31 -36

Det er framfor alt eit enkelt ord i preiketeksten som står og lyser mot oss i dag.
Det er ordet sannhet/sanning.  "Hvis dere blir i mitt ord, er dere virkelig mine disipler. Da skal dere kjenne sannheten, og sannheten skal gjøre dere fri."  
Slik talar Jesus.
Den bundne vert frigjort  ved å lære sanninga å kjenne. Sanninga om seg sjølv. Sanninga om livet eg har levd. Sanninga om livet som ligg og ventar.
Sanninga om det evige livet. "-
sannheten skal gjøre dere fri."  

Det er slett ikkje alltid at sanninga om oss sjølve er ei behageleg sanning.
Men likevel: Det som er endå verre enn å få seg fortalt sanninga, det er å ikkje vite.
Situasjonen må verte avklåra. "Det verste er ikkje å vite..."
Slik fortel dei at det er, dei som verkeleg er sette på prøvar i livet. Ein uavklåra situasjon. Eit menneske som er forsvunne. Ingen veit kva som har hendt. Uvissa er forferdeleg å leve med. Eller ein er redd at ein går rundt med ein farleg sjukdom. Prøvar er tekne. Men resultata lar vente på seg. Uvissa i ventetida før ein får beskjeden er kan hende den aller verste. Verre enn å få høyre ei vond sanning.
 

Rundt oss er det køar av menneske som vil fortelje oss den sanne vegen å gå. Som set opp pilar som skal peika ut din og min livsveg. Som vil gje oss dårleg samvit fordi vi aldri heilt strekk til med vår måte å takle livet på. For mange er dette veldig frustrerande.  Men i dag er det ei røyst som hevar seg over alle andre. Ei røyst som gjer krav på å representere sanninga framfor alt anna.
Mange ser på det som arroganse at den kristne forkynninga hevdar at Jesu røyst er i særklasse framfor alle dei andre røystene. Mange synest det er meiningslaust at berre vi som har vår heim i den kristne kyrkja skal ha funne den sanninga som folk gjennom alle tider og over heile verda har vore på leit etter.
Kan hende ville mykje kritikk ha tagna om dei heller hadde lytta til denne røysta. Om dei hadde late Jesus vise vegen gjennom livet. Vegen som han sjølv fortel oss vil føre oss like inn i Guds rike.

Når Jesus fortel sanninga om oss sjølve, så er det ingen lettvint lukke han teiknar opp for oss. Som ein lækjar som har den ubehagelege oppgåve det må vere å fortelje ein pasient at han el. ho har fått ein sjukdom til døden, slik forkynner Jesus det som er sant om mitt liv og det som er sant om ditt liv. Og sanninga om oss er den same som for den blindfødde som vi les om i Johs. 9,34. (Eit kapittel lenger ute i vår Bibel enn det preiketeksten vår er henta frå)  Om den blindfødde står det skrive: " Du er født som en synder tvers igjennom,”

Dette gjeld i like stor grad for deg og meg. Dette er sanninga også for oss.
Men det er samstundes berre ein del av den sanninga som Jesus vil læra oss på denne søndagen.

For like sant som det er at du og eg og alle menneske er syndarar, like sant er det at Jesus har gått i døden for å sona syndene våre. Like sant som at vi vart fødde med synd, tvers igjennom, like sant er det at Jesus i dåpens bad reinsa oss for denne synda og gjorde oss til sine born.
Og like sikkert som at vi i dåpen vart gjort til Guds born; at Gud vart vår himmelske Far, like sikkert er det at vi fram gjennom livet, på tallause måtar, har gjort opprør mot han. Vi har gjort nye synder. Og endå nye synder.
Det vi framfor alt er bundne opp i, er ikkje andre menneske sine forventningar til at vi skal leve prektig når vi pyntar oss med kristennamnet, men rett og slett av vår eiga synd.

Sanninga skal gjere oss frie.
Vi må tola å høyre sanninga om våre liv. Vi må akseptera sanninga. Og vi må opna oss for sanninga om ein frelsar som døydde for å sone andre si synd. Di synd. Mi synd.
" Får Sønnen frigjort dere, da blir dere virkelig fri. ”

Det er ikkje ei god kjensle å innsjå at ein kjem til kort med livet sitt. Det er ubehageleg å verta minna om at ein har kome på avvegar frå den gamle, trygge stigen ein gjekk på som barn eller som ung. Den stigen der ein visste at Jesus gjekk ved sida og hadde godt tak når farar truga. Men fordi ein slo inn på sidevegar som syntest breiare og meir lokkande, kom ein skeivt ut. Og etter kvart var sanninga at i høve til målet for livsferda; evig liv i Guds rike, så var ein fullstendig på villspor.
Sanninga var at det levde livet hadde bunde ein så opp at det vart vanskelegare og vanskelegare å kome tilbake til den vegen ein gjekk på for lenge sida. Den gamle stigen. Den som hadde rett mål ved enden.

Men akkurat i dag har livsvegen vår snudd seg slik til at vi er tett opp til den gamle stigen. Så tett at vi høyrer Frelsarens røyst som kallar oss til å ta steget tilbake. Han står der og fortel oss ei sanning som vi ikkje kan unngå å høyre: Dersom du ikkje lever livet ditt i lyset frå han som fortel sanninga, så er du på feil kurs, på feil veg.

Men vi er så tett ved Jesus i dag, at vi høyer kallet til å leve sant. Vi er så nær ved den gamle stigen, at det berre skal eit kort lite steg til, så er vi på rett veg. Det steget er steget inn til Jesus. Gå bort til han og ta tak i handa hans. La han leia oss vidare i livet. For eksempel på den korte vegen som fører fram til nattverdmåltidet i dag. Der møter han deg. Enno ein gong. Også om det er lenge sidan du sist var tett ved han.

Der er vi frie. Der får Sonen feste sitt trygge tak i oss. Så vil han så gjerne leie oss heilt fram til det lysande målet for vår ferd gjennom livet, målet heime hjå Gud.
Han vil heile tida fortelje oss sanninga om vårt eige liv. Men framfor alt vil han vise oss at det nettopp med ditt eller mitt levde liv som bakgrunn, så er det mogleg å finne ein veg som leier oss mot det eine og sanne målet: Gud rike.
Den veien er Jesus sjølv og hans frelse.
" Får Sønnen frigjort dere, da blir dere virkelig fri."

torsdag 11. juli 2019

Kvile for livet


5. s. i treeiningstida III. 14.07.2019
Åsane
Matt 18, 12-18
Det er så mykje å oppleve ute i verda.
Det er så mykje å sjå. Vakre utsyn. Store byar. Små grender. Høge fjell. Fjerne øyar. Holmane i fjorden heime. Atlanterhavsvegen. Trollstigen. Den transsibirske jernbana. Lindisfarne, eller Holy Island i fjæra litt nord for Newcastle. Eller fottur på den Trondhjemske postveg forbi det vakraste kulturlandskapet i vest, Mellingen her i Åsane.

Så seier Herren: Still dykk på dei gamle vegane og sjå! (Jer.6,16)
 «Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode!»
Profetordet vi las i denne gudstenesta heng litt og dirrar.
Kva er det Herren vil seie oss?
Han vil oss noko godt i dag. Herren vil visa vegen til det gode.

Eg er så nyfiken på alt slikt. Også eg synest det er så mykje fint å sjå, og så mykje god mat å smake på. Eg ser med store auge. Syg opplevingar til meg.
Og eg et stort sett med god appetitt. Også det eg ikkje burde ete. Det er oftast enkelt å finne ut at det ikkje smakte så godt likevel. Men eg lærer av det. Mykje kinamat er veldig god. Men i min munn er det også noko som er beint fram ekkelt.

I dag må det vere lov å håpe at det som Herren vil vise kyrkjefolk frå Åsane, er litt meir populært enn det profeten i si tid tok fram som det beste for Israelsfolket.
«Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Gå på den så skal de finna kvile for dykkar liv.
Men dei svara: -Vi vil ikkje gå der.»
Vegen til det gode.
Kvar går den? Kvar går den vegen i det landskapet vi som lever anno 2019 reiser rundt i?
Det gode liv.
Mange jagar etter det. Ikkje minst i vår tid. Vi leitar etter det gode liv på alle tenkjelege stader. Ikkje minst vert dette bevist ved den enorme reisetrongen som folk over heile verda legg for dagen. Turistindustrien er overveldande. Rundt 1,5 milliardar menneske i verda er registrerte med turistreiser i året. 1/3 av desse kjem frå Asia.[1]
Men vi i vesle Norge veit å ta vår del av dette.
Og eg for min del har eit solid personleg bidrag til reiseverksemda.

Kva søkjer vi? Kva leitar vi etter?
Gamle stigar? Ja kanskje det. Men då er det slik at for nokre av oss er Silkevegen til Samarkand meir utfordrande enn den gamle postvegen gjennom Mellingen.

Kvar finn vi kvile for våre liv? Det er det Herren framfor alt vil vise oss på denne søndagen. Kvile.
Herren vil vise deg vegen til kvile. Slik profeten forkynte for folket i Israel.

«Men dei svara: -Vi vil ikkje gå der.»
Vi jaktar på opplevingar. På det eksotiske. På det nære. På det velsmakande. På det utfordrande.
Kanskje er vi som sauer? Slike sauer som Jesus måler opp i eit riss for augo våre når han fortel likninga om den eine sauen og dei nittini.
Ein sau kom på avvegar og måtte leitast opp.
Kvar var den eine? Kvar hadde han rota seg bort? Kvar vart han funnen att?
På ei berghylle ved ein djup avgrunn?
Hadde han vikla seg inn i ei gamal fiskenot som nokon hadde slengt frå seg ved stranda til den store innsjøen? Som eit slags førebilete på dagens moderne miljøsvin.
Eller fann gjetaren den eine sauen att i eit myrhol der sauen trudde vatnet smaka ekstra godt? Det viste seg å bli ein bomtur som lett kunne kosta han livet. Sauen var bortanfor gjerdet, utanfor gjetaren sitt synsfelt, i fare for å bli til ulvemat.

Det er ofte slik med sauer. Eller kyr. Eller menneske.
Gjetaren vil at dei gamle stigane skal følgjast.
At vi skal gå vegen dit det er kvile. Ikkje stress.
«Men dei svara: -Vi vil ikkje gå der.»
Det vil seie: Sauen på ville vegar svara vel ikkje så mykje. Men han stakk av. Det kunne gått verkeleg ille for denne sauen. Der han no på ein eller annan måte hadde hamna: Utanfor gjerdet. Med ulven siklande ikkje langt unna.

Det kunne gått verkeleg ille. Om ikkje det var for den gode gjetaren.
Vi skal ikkje bruke så mykje tid på å repetere det vi alle no tenkjer på, håpar eg.
At Jesus kallar seg sjølv for den gode gjetaren.
I møte med ulv og villdyr treng sauene gjetar. Ved avgrunnen. I myra.
Den gode gjetar - måtte han alltid vere der! Ikkje minst for oss menneske på oppdagarferd.
Spør etter dei gamle stigane, etter vegen til det gode! Gå på den så skal de finna kvile for dykkar liv.

Når Jesus talar om den gode hyrding, så er sauene eit bilete på deg og meg. På kyrkja. På dei kristne.
Men ulven? Kven er det?
Kanskje er det også ulvar mellom oss?
Ulven ein skapning som skapar frykt og forvirring. Han jagar og spreier for alle vindar. Til slutt drep ulven for å ete.
Slike ulvar finst det også der dei kristne samlar seg.
Ulven er rett og slett den motsette av gjætaren. Ulven tenkjer på seg sjølv. Ulven bryr seg ikkje om skade, om skambitt og blodspor, om liding og om oppsplitting der mor vert skild frå son, der vener vert delte i småflokkar, utsette for alt som er vondt og vanskeleg og farleg.
Han set alt inn på å splitte flokken. Få den eine bort frå den trygge stien. Den gamle vegen.

For oss som i dag høyrer kyrkjelyden til, må vi våge å sjå i augene at det er fort gjort å hamne utanfor gjerdet når vi tek ut på våre oppdagingsferder. Når det er mykje nytt og spanande å smake på.
Men det viste seg å smake ekkelt, trass i at danderinga var vakker å sjå til.

Vår tid er ekstremt innretta mot det private. Mot å vere sin eigen herre. I vår tid vil vi ikkje at andre skal fortelje oss kvar vi skal gå. Kva vi skal sjå. Kva vi skal smake på.
Alle val skal vere mine eigne. Dette er postmoderniteten i eit nøtteskal.

Då kan det lett skje at vi med vår livsferd kjem i skade for å gjere vondt og urett mot andre. Våre brør og søstre.
Urett mot samfunnet vi lever i.
Urett mot framtida vi enno ikkje har sett.
Kva gjer vi med miljøet rundt oss? Med naturen vår? Reflekterer vi nok over om det rette er ein tur på postvegen forbi Mellingen, heller enn ein ekskursjon langs Silkevegen i Kirgisistan?

Profeten løftar opp for oss desse orda i dag: « -vegen til det gode! Gå på den, så skal de finna kvile for dykkar liv.»

Tida vår er eit dragsug. Tida vår tek oss med inn i ein malstraum av opplevingar. Nokre er veldig fine. Nokre er veldig gode. Det finst vegar vi skal gå på. Men ikkje absolutt alle.
Og når vi gjekk feil, er det faktisk råd å finne tilbake til hjelp til fred. Til kvile. Til ein ny start.

Ein skal leite lenge føre ein finn ei så god kvile som det er å få leggje feilstega bak seg. Få ein sjanse til å starte på nytt. Vaske skitt bort. Ta på reine klær når ein har skitna seg til.

Det er det siste vi skal løfte fram i dag. Orda som Jesus brukar om å tale til rette den som har gjort feil val. Om å hente tilbake den av forsamlinga i kyrkjelyden som har rota seg bort. Gått seg ut i myra. Eller som står på berghylla, livredd for å ramle utfor i avgrunnen.
Dette er vanskeleg. Dette er rett og slett ikkje for kyrkjelege amatørar eller for umodne nybyrjarar. Det å stille til ansvar, på tomannshand eller for forsamlinga, det skal vi ikkje gjere utan å vite, utan å forstå, utan å kunne stå for, det vi gjer.
Det er ikkje utan grunn at sjelesorg er eit eig fag i presteutdanninga.
Det er ikkje tilfeldig at det å gå inn i slike situasjonar som Jesus talar om i evangelieteksten i dag, bør overlatast til dei som kan dette faget betre enn ein gjennomsnittleg prest.
Vi har etterutdanning og spesialisering i dette.

Men redsla for å nærme seg det å tale til rette må ikkje bli så stor at vi misser dette instrument til å hjelpe dei som treng det, hjelpe den eine som er på avvegar.
Det handlar om berge frå ein avgrunn. Det kan handle om å berge frå fortapinga.

Nøkkelordet vi avsluttar med, heiter skriftemål.
Skriftemålet er å sanne syndene sine for ein bror eller søster som trur på tilgjevinga av synd som vi får ved Jesu soningsdød på krossen.
Prestar lyttar gjerne til skriftemål på tomannshand. Prestar har den aller strengaste teieplikt knytta nettopp til dette.
Eg kjenner ikkje til noko større kvile i livet enn å få høyre desse orda; løysingsorda:
«Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn tilseier eg deg nåding forlating for alle dine synder, i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande».
Jesu forsikring til alle oss som trur på skriftemålet er det han seier i dag:  «Alt det de løyser på jorda, skal vere løyst i himmelen»
Dette er « -vegen til det gode! Gå på den, så skal de finna kvile for dykkar liv.»

AMEN





torsdag 4. juli 2019

Grøda er stor


4. søndag i treeiningstida. III. 07.07.2019
Åsane kirke
Matteus 9, 35-38


Kjære Åsane menighet.
Det er alltid eit privilegium å stå ansikt til ansikt med forsamlinga som fyller opp kyrkja her i Åsane. Slik det er eit privilegium å sitje på ein behageleg stol i denne kyrkja og vere ein del av dei som finn vegen hit for å møte den treeinige Gud når vi samlast til gudsteneste.
Fordi Åsane er ein kyrkjelyd der det er mange som bur, er vi heldige som så å seie alltid samlar ein så pass stor flokk på søndag føremiddag at det ikkje kjennest tomt i kyrkja. Ingen kan kome hit og tale om tomme kyrkjebenkar.

Mens samstundes som det er slik, må vi være så pass ærlege med oss sjølve at vi innrømmer: Vi burde vore mange fleire her. Om vi samlar 100 eller 200 eller 300 eller av og til 400 menneske til gudsteneste kvar søndag, så er det berre ein ørliten prosentdel av alle som bur her, i eit av dei største kyrkjesokna i landet. Det bur meir enn 22 000 menneske i Åsane sokn. Vi har over 17 000 medlemmer i Den norske kyrkja

Eit av dei aller minste sokna i landet ligg også her i Åsane prosti.
Det er Bruvik på Osterøy.
Der har kyrkja vår rundt 300 medlemer. I 2018 var det gjennomsnittleg 54 personar på kvar gudsteneste i Bruvik. Det er ca. 18 % av medlemstalet. Skulle vi hatt tilsvarande tal i Åsane, måtte over 3000 menneske møtt fram til gudsteneste kvar søndag. Det er eit stykke dit enno!

Likevel – det er eit stort privilegium å vere her. Arbeide her. Vere ein del av fellesskapet. Og kunne vere vitne til at det spirer og gror. Det må vere lov å gle seg over at det trass alt veks. Mange stader i våre kyrkjer peiker pilar nedover. I Åsane peikar dei oppover.
Som prost er eg stolt over medarbeidarane som gjer teneste her. Ein visjonær sokneprest. Eit strålande team rundt han av kyrkjelege og administrative medarbeidarar. Glitrande musikarar. Flotte songarar. Og ikkje minst: Mange trufaste kyrkjefolk som møter fram og tek del i lovsong og tilbeding når vi samlast til gudstenester.

På ein feriedag, midt i ein klissvåt vestlandssommar, trur eg vi kjenner litt på dette, vi som er her i dag på kanskje den tynnast befolka gudstenesta i året, utan så mykje som ein einaste barnedåp ein gong: - Det er godt å vere her. Takk til dykk som kom for å vere i saman!

Kva er det vi er saman om?
Kva er det som fører oss i hop?
Eg tenkjer at svaret er: Fellesskap. Kyrkja er eit fellesskap. Men ikkje eit tilfeldig fellesskap. Ikkje slike tribuneslitarar som f.eks Terje B og eg som også har eit fellesskap med mange ukjende som heiar på Brann på Stadion. Fellesskapet i kyrkjelyden stikk heldigvis djupare enn som så.

Fellesskapet vårt er eit fellesskap rundt mannen som for to tusen år sidan vandra rundt i byane og landsbyane i Israel. Fellesskapet rundt Jesus.
For ei dryg veke sidan las eg gjennom avsnittet frå Matteusevangeliet som er preiketeksten på denne søndag. Eg har sjølvsagt lese det mange gonger før, men aldri hatt det som utgangspunkt for ei søndagspreike. Eg drog litt på skuldrene, og tenkte med meg: Har dei ikkje meir utfordrande bibeltekstar til ein sommarsøndag i kyrkja enn denne?

Det står noko om at Jesus gjekk omkring. Han underviste. Han var i synagoga. Han forkynte. Han lækte sjukdom og plager. OK – tenkte eg. Det er godt at det står slik. Men, det er liksom så lite kjøt på desse beina. Ingen underfundige, djupe ord frå Meisterens munn i desse skildringane.
Orda eg hadde lese frå evangeliet låg der og duppa i bakhovudet mitt. Det var ikkje særleg djupe inntrykk å hente frå dei. Tenkte eg i nokre dagar.

Men så fekk eg for mitt indre auga sjå Åsane kyrkjelyd. Og tankane kom til meg.
Er Åsane slike kyrkjelydsfolk som er forkomne, hjelpelause, som sauer utan gjetar?
I så fall - kven har ansvaret for det?
Kven er gjetar – hyrde, i denne kyrkjelyden?

Vel. Soknepresten har kontor vegg i vegg med meg. Dei andre prestane sit på rekkje og rad i same gangen. Litt lenger borte i gangen sit «sjefshyrden» for konfirmantane. Vi har han med oss i gudstenesta i dag.  I same gangen er det kontor for diakon og trusopplæringskonsulent også. Synleg for oss alle, ved orgelet, sit ho som leier det omfattande musikkarbeidet her i kyrkja. Og eg sjølv? Prosten si oppgåve er å leie prestetenesta …

Åsane kyrkjelyd har ein stor flokk med gjetarar. Kappene deira har litt ulik farge og fasong, så vi kan kjenne dei frå kvarandre. For dei har noko ulike oppgåver. Men dei er her. Vi er her. Og saman med gjetarane har kyrkjelyden folk som passar på papir og avtalar, som administrerer, ryddar og lagar til, eller som tek seg av pengar som flyt inn og ut.

Så langt eg har lært alle desse å kjenne, så gjer dei alle eit stort og dedikert arbeid for på ulikt vis å gjete flokken som høyrer til i kyrkjelyden. Eg er uendeleg stolt og glad over desse medarbeidarane. Ikkje minst gler det meg å oppleve at det kjem inn så mange gode ord og tilbakemeldingar frå djupet av kyrkjelyden; ord som uttrykkjer takk for det dei tilsette gjer. Aller størst inntrykk gjer det å sjå at desse tilsette og løna medarbeidarane får støtte og hjelp frå ein drøss friviljuge som stiller opp, nesten døgnet rundt. Takk – takk, til kvar og ein av dykk.

I dag les vi altså om Jesus at han vandra rundt i alle byane og landsbyane.
I dag opplever eg det som om Jesus på denne vandringa har teke turen hit, til Åsane.
Eg håpar han har hatt ei fredfull stund her hjå oss i føremiddag. Kanskje brukte han litt tid nett før lyset kom tilbake etter den korte natta, for å rusle rundt mellom gravene på kyrkjegarden vår?
Under lauvtunge tre såg han på namna på steinane. Nikka, kjende namna igjen frå dagen dei vart døypte og gjorde til hans brør og søstre. Smilte for seg sjølv; og tenkte: - For ein dag det vert når dei skal stige ut or gravene, slik eg sjølv ein gong gjorde.

Kanskje stogga han utanfor den gamle kyrkja vår? Sukka eit takknemleg sukk for at djevelskapen vart overvunnen også her då kyrkja reiste seg frå brannruinane. Slik skal kyrkja vinne til slutt, tenkte han kanskje.

Nett no tenkjer eg at Jesus er i ferd med å oppfylle ein lovnad han har gjeve. « -der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei» (Matt 18,20) sa han ein gong.
Vi er langt fleire enn to eller tre i kyrkja vår i dag. Vi er samla i Jesu namn.
Eg trur Jesus er midt mellom oss, slik han har lova. Vi ser han ikkje. Men kanskje kan du våge å sleppe hans Ande inn i livet ditt slik at du merkar hans usynlege nærvær?
Høyer du kva han har å seie oss?

Eg vil fortelje kva eg høyrde då evangelieordet hadde duppa i bakhovudet mitt i nokre dagar.
Det står der så tydeleg.
Og det er så innlysande sanne ord til ein kyrkjelyd som Åsane. Ord til ein kyrkjelyd med så mange menneske. Så mange medlemmer. Som har så mykje. Ein kyrkjelyd som i si visitasmelding til biskopen vår for nokre år sidan valde denne overskrifta: «Stor menighet – store muligheter.»

Til alle oss talar Jesus. Han er midt mellom oss no, og vil gjerne røre ved oss i sommarsøndagen. Han seier: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda arbeidsfolk ut til å hausta inn grøda si.»

22 000 innbyggjarar. 17 000 kyrkjemedlemmer. I snitt rundt 200 på gudsteneste kvar søndag. Gudstenestene er flotte. Gode. Inspirerande. Det er godt å vere i lag i denne kyrkja. Stab og friviljuge gjer imponerande innsats.
Men vi ser det alle, om vi vil sjå: «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.»
Difor seier Jesus vidare: «Be då han som er herre over grøda, at han må senda arbeidsfolk ut til å hausta inn grøda si.»

Kjære Åsane menighet: Kanskje er dette utfordringa som må sitje att på denne søndagen?: Be om meir arbeidsfolk!
Eller kanskje er det også slik: Du høyrer eit kall frå han som no er midt mellom oss. Noko om at du skal vere svar på ei bøn om arbeidsfolk.

Eg sat i kyrkjebenken for nokre veker sidan og høyrde appellen frå lesepulten om at vi treng søndagsskulelærarar i Åsane. Det som då vart sagt, står ved lag.
I avisa VL sist tirsdag las vi om filosofen og statsministersonen Henrik Syse. Han arbeider som fredsforskar, er bl.a. nestleiar i Den Norske Nobelkomité. Men han er også aktiv i Fagerborg menighet i Oslo der han bur. I avisa står det å lese at han og kona var på ei gudsteneste og det vart kunngjort at menigheten hadde bruk for søndagsskulelærarar. «Det nyinnflyttede paret så på hverandre og nikket.
… Da Henrik Syse meldte seg til søndagsskoletjeneste etter gudstjenesten i 1992, visste han ikke at han fortsatt skulle være søndagsskolelærer 27 år seinere.»

I mine åtte år som prost i dette prostiet har vi hatt ei rekkje presteordinasjonar. Kanskje er det ikkje noko prosti i vårt bispedøme der det i denne perioden er ordinert fleire prestar? Men så langt eg hugsar er ingen av dei nyordinerte frå Åsane sokn. Rett nok har vel det vorte ordinerte prestar frå Åsane i andre prosti.
Men same korleis det er med det: Nett no er det ein nesten prekær prestemangel i heile vår kyrkje. «Grøda er stor, men arbeidsfolka er få.»

Kan du høyre utfordringa frå han som gjekk rundt i byar og landsbyar; frå han som eg med fantasi, og for mitt indre auga, har sett vandre rundt i Åsane denne søndagen?
Eg trur han er midt mellom oss nett no. Jesus utfordrar oss i dag:
«Be då han som er herre over grøda, at han må senda arbeidsfolk ut til å hausta inn grøda si.»

AMEN

Bloggarkiv