lørdag 13. juni 2015

Følg meg

3.s. i treeiningstida. II. 14.06.2015
Hamre kyrkje
Joh.1, 35-51

"Kvar kjenner du meg ifrå?" spurde Natanael. Jesus svara: "Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg."

Kvar kjenner du meg i frå?
Kanhenda har du også opplevd å verta stogga på vegen av ein eller annan som snakkar til deg. Vedkomande veit kven du er, men du kan ikkje fatte at de to har snakkast før.
Kvar kjenner du meg i frå?

Det er alltid både overraskande å verte utsett for slik, samstundes som ein har ei kjensle som er blanda av glede over å vere kjent av andre. Men det er litt ekkelt og flaut ikkje å vite kven den andre er som snakkar til.

Natanael hadde hatt eit eller anna å gjere under fikentreet. Kanhenda hadde han berre hatt seg ein liten siesta under dei store greinene. Men Filip hadde kome bort til han og fortalt om ein merkeleg mann frå Nasaret. Jesus. Natanael hadde ikkje stor tru på at Jesus kunne vere noko til kar: "Kan det koma noko godt frå Nasaret?" spurde Natanael. "Kom og sjå!" svara Filip.

Og no såg Natanael Jesus. Og det var eit noko annleis syn enn det ein får når ein møter ein ukjend langs vegen. Jesus står framfor Natanael, og augo til Natanel er store og runde. Han ser rett på Jesus. Han frå Nasaret. Sanneleg kjem det noko godt frå Nasaret. Jesus samtaler med han, og det er tydeleg at Jesus veit kven han er. Ja, Jesus har gode og fine ord å seie om Natanael: "Sjå, der er ein ekte israelitt, ein som er utan svik." sa Jesus.
Kva i all verda er dette? Natanel er storøygd: "Kvar kjenner du meg ifrå?" spurde Natanael. Jesus svara: "Eg såg deg då du var under fikentreet, før Filip ropa på deg."

Natanel har møtt ein god ven. Det var Filip. Filip fekk han med seg ut or skuggen under fikentregreinene. Filip hadde sett noko som venen Natanael måtte få del i. Filip hadde sett Jesus. No måtte også Natanael få sjå.
Men utan at Natanel var klar over det, var han sjølv allereie både sett og kjent av Jesus.  Difor var Natanel forvirra der han stod ansikt til ansikt med Meisteren. "Kvar kjenner du meg i frå?" 


Det er dårleg med fikentre på Osterøy. Ingen av oss har søkt skuggen under dette treet i dag. Men vi er samla, og de som i dag møtte opp i den gamle Hamre-kyrkja har fått vitjing av ein mann som seier til dykk: Kom og sjå! Kom og sjå Jesus frå Nasaret. Det kjem noko veldig godt frå Nasaret, og i dag vil vi freista å måla Jesus opp for folket her på Hamre. Løft augo frå fanget. Jesus er her og vil ha deg i tale. Ja, han kjenner deg allereie.
Hadde soknepresten dykkar halde denne preika for dykk ville de ha kjent han, og han hadde kjent mange av dykk. Men i dag er det kome ein prost frå Åsane til dykk. Kanhenda har nokre av dykk sett meg før, men eg må innrømme at eg veit lite om kven de er som eg talar til no.
Men om vi er ukjende for kvarandre, så er det ein som kjenner dykk.
Det er den same som kjende Natanael under fikentreet. Det er Jesus Kristus.

I dag er Jesus framfor deg. I dag vil vi at du skulle sjå han for ditt indre auga, og det er viktig at du forstår at du allereie er kjend av han.
Ein gong for lenge sidan sa Gud til profeten Jeremia: "Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, og før du vart fødd helga eg deg..."  (Jer.1,5)
Det same som den gamle profeten fekk høyra, lyder i dag for dine øyro: "Før eg forma deg i mors liv, kjende eg deg,...."
Du er kjend av Gud. Du er også kjend av Jesus Kristus. Han har ikkje sett akkurat deg under noko fikentre. Men ein gong såg han deg medan du var i mors liv. Han såg deg. Han kjende deg; han la planar for livet ditt, slik han har planar for livet til kvart einaste menneske. Dette visste også salmediktaren David då han dikta si 139. salme:
"Auga dine såg meg då eg var eit foster, Alle dagar er skrivne opp i di bok; dei fekk form før éin av dei var komen." (Salme 139.16)

Slik det var sant for David; slik det var sant for Natanael, slik er det også sant for deg og meg: Vi er kjende av Gud. Jesus Kristus kjenner oss. Og om du spør som Natanel gjorde: "Kvar kjenner du meg i frå", så vil Jesus svare deg:
-Eg kjenner deg att heilt frå du var eit foster. Og ikkje minst kjenner eg deg frå den dagen du vart boren til den heilage dåpen. På same måten som det har hendt med dåpsborna vi har møtt i dag, hende det med kvar og ein av oss på vår dåpsdag. Den gongen vart vi kvar for oss gjort til Guds barn. Den gongen vart Gud din far. Han som også er min far i himmelen.
Difor kjenner eg deg, seier Jesus i dag. -Du er mi søster. Du er min bror. Gud er vår far. - Eg kjenner deg att frå dåpen, seier Jesus.

Det går an at livet vi lever snur seg slik til at kontakten mellom søsken etter kvart vert broten. Ein glir frå kvarandre. Eller ein kan til og med verta bitre uvener, sjølv om ein er søsken. På same måten er det med det livet vi fekk del i gjennom dåpen. Det kan visna bort og kontakten med Gud vår far, og med Jesus vår bror, kan etter kvart verta fullstendig broten. Men det hindrar ikkje at du framleis har Gud som din far i himmelen. Til og med utan det aller minste antyding til kontakt mellom foreldre og born, så har kvar einaste ein av oss ein far som er vårt eigentleg opphav. Ingenting kan endra på det. Og då kan det heller ikkje endrast at Jesus er vår bror.

Gud har skapt oss. Gud har teke oss til sine born i den heilage dåpen. Gud er vår far i himmelen, sjølv om vi har villa oss bort på dei mest kroket sidevegar og er i ferd med ikkje å finne heima att før det er for seint. Gud har sendt Jesus, sin son, vår bror, i døden for alle oss som er skilde frå Gud gjennom synd og nederlag. 


Og i dag står det ein mann og kallar på deg, du som er kjend av Jesus fordi han er din bror og din frelsar. Mannen som kallar på deg er prest, og han seier: "Vi har møtt han som Moses har skrive om i lova, og som profetane har skrive om: Det er Jesus frå Nasaret, son til Josef."
Vi har funne Jesus frå Nasaret. Han er din og min bror. Han vil vise oss vegen heimatt til Gud vår far dersom vi har villa oss bort på livsvegen. Kom og sjå!

Kom og sjå! Kom og sjå Jesus. Ja, det er meir å seie enn det.
Til Filip sa Jesus også, før Filip ropa på Natanael: «Følg meg!» 
Det er innbydinga til deg i dag. Kom og sjå. Og deretter – når du har sett Jesus som vi peikar på, så lyder kallet frå hans munn: «Følg meg!» 

Overskrifta i vår nyaste bibelomsetjing på dette avsnittet frå Joh 1 som vår preiketekst i dag er henta frå, lyder slik: «Dei første læresveinane»
Jesus stod fram og var tydeleg i si kall til etterfølging. Sjå på meg, seier han. - For eg kjenner deg.
Følg meg, seier han. -for då skal du bli kjend med meg.

Dei første læresveinane er for lengst døde.
Det sit ikkje lenger folk under fikentrea i Nasaret og ventar på at Jesus skal kome ruslande. Jesus går ikkje omkring mellom oss, men lever likevel ved Guds høgre hand i himmelen, samstundes som han gjennom sin Ande gjev seg til kjenne mellom oss som lever på jorda i dag.
Dei første læresveinane rekrutterte nye etterfølgjarar av mannen frå Nasaret. Ordet om han som kjenner oss frå mors liv og som kallar oss til å følgje han har lydd på nytt og på nytt ut over verda. Det spreidde seg frå Jerusalem og Israel utover Midtausten, Europa og til alle verdens hjørne.
I tusen år har nordmenn fått høyre om Jesus: «Kom og sjå» «Følg meg!»

I dag lyder orda og kallet på nytt, slik det har gjort det her på denne kyrkjestaden, kanskje så langt tilbake som til på 1000-talet.
I dag har nye læresveinar teke mot den kristen dåpen. Foreldre har løfta dei over døypefonten og lova å oppseda dei i den kristne trua.
Slik skal orda om Jesus førast vidare inn i nye generasjonar.
Vi som har lært han å kjenne, skal løfte peikefingeren og peike på Jesus for dei døypte og seie som Johannes: «Sjå, Guds lam!»
Ekkoet av Jesu ord lyder frå Bibelens sider når nokon lurer på kven Jesus er: «Kom og sjå»
Kallet hans skal aldri tagne, men lyde til kvar einaste som vil lytte: «Følg meg!» seier Jesus til oss alle.
Natanael såg Jesus. Og det han såg, fekk han til å bryte ut: "Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge."

Eg vonar at du kan seia det same i dag: "Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge."
Eg håpar du høyrer orda syngje i ditt indre; orda som uttrykkjer kallet til å følgje Jesus, slik vi no alle skal gjere det når vi stemmer i salmen: «Det er navnet ditt jeg roper, vil du følge meg?»   AMEN

lørdag 6. juni 2015

Gud er nådig. Gud velsignar.

2. s. i treeiningstida. 7. juni 2015. GT-II
Arna
Salme 67,2-6
I desse dagar har kvar einaste prest i Bjørgvin bispedøme teke fatt på eit ganske solid stykke etterutdanning. Som ei førebuing til det store reformasjonsjubileet i 2017,
500-årsjubileumet for Luthers reformasjon, er heile presteskapet i bispedømet i gang med å lese og studere meir om kven Martin Luther var og kva han lærte. I over eit år skal vi halde fram med desse etterutdanningsstudiane.

For Martin Luther starta det heile ved at han kom i naud for si sjel og for sitt evige liv. Han var i djup tvil om det verkeleg fanst ein nådig Gud.
I dag er det eit ubetydeleg problem for dei aller fleste menneske.

Knapt nokon lar seg i dag affisere av denne tanken. Knapt nokon er bekymra for det evige. Eller for om Gud er nådig, eller om han har dom i blikket når ha ser oss. Nesten ingen vil våge å tenkje tanken fullt ut at eg er ein syndar som treng Guds nåde og Guds velsigning.

Men det er nettopp dette alt handlar om på denne søndagen:
Gud vere oss nådig og velsigne oss,
Gud la sitt andlet lysa for oss.
Gud er nådig. Gud velsignar.
For nokre vakre ord. De må lytte til dette, kjære kyrkjefolk!
Lytt til orda om Gud som har nåde og velsigning i sin bagasje. Som han strør ut over oss.
Lytt slik at du kan kalle dei orda fram att når tida vi lever i kjem veltande inn over oss med all sin oppdemde gudskritikk eller religionskritikk.
Ja, det som verre er: Hat mot Gud og dei som trur på han.
I dag er det knapt råd å slå på radioen eller opne ei avis utan at oppgulpet frå religionshatarane kjem mot oss.
For deira del er det leit at det er slik. Leit at dei ikkje har sett eller opplevd Gud som nådig. Gud som velsignar.
Som kyrkje må vi ta inn over oss at det kanskje er fordi vi som skulle vere hans kyrkje, hans representantar, i den felles verda vi lever i som har vore dårlege vitne om den Gud vi trur på.
Det er i så fall ikkje Guds feil.
For Gud er nådig. Gud velsignar!

Og som Martin Luther hadde trong for det, så treng også moderne nordmenn ein nådig Gud.
I dag har vi vore vitne til at vi har nettopp det.
Tre småborn og eit større barn har opplevd at Guds ansikt lyste over dei.
Meir kjærleg en når mor bøyer seg over vogga og ser ned på det nyfødde, sovande livet, så lyste Guds ansikt mot dåpsborna i den heilage handlinga vi var med på då desse fire vart døypte i dag.
På underfullt vis hende noko som er bortanfor våre ord å forklare. Bibelens ord vart lese over vanleg vatn. Ordet og vatnet sameina seg til eit nådemiddel der Gud gjorde noko med desse borna. Han tok dei til seg. Velsigna dei. Gjorde dei til sine born. Han opna alle dører inn til Guds evige rike.

Gud er nådig. Gud velsignar!
Ikkje slik at vi forstår og kan forklare.
Men så tydeleg at det mogeleg og gripe tak i og halde fast på med ei tru som vi gjerne kan kalle for barnetrua.

Guds nåde og Guds velsigning har konsekvensar for livet den døypte skal leve. Det livet skal vere slik at lyset frå Guds nådige ansikt vert som eit flomlys på vegen – livsvegen – som alle folk går på.
”Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag”
Dette er noko av det same som vi høyrde frå Paulus sin munn då vi las frå Galatarbrevet nettopp:
De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.(Gal.3,26-28)

Å vere døypt er å vere ikledd Kristus. Alle døypte er èin i Kristus Jesus.
Og då vert også mykje av det som skaper bry og mange problem for menneska i dag viska ut: Skiljelinjer gjennom nasjonar og religionar. Klasseskilje og kjønnsskilje.
- alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus.

Då sjølve dåpshandlinga i dag var avslutta, minna eg som prest heile kyrkjelyden på følgjande viktige sanning om det som skjer i dåpen. Eg las desse orda frå dåpsritualet:
”Kjære kyrkjelyd. Gjennom dåpen set Gud oss inn i si verdsvide kyrkje og gjev oss del i Jesu kall og oppdrag. Lat oss stå saman i vitnemål og teneste…”
Vi som er døypte er del av den verdsvide kyrkje. Del av det største organiserte fellesskapet vi kjenner på jorda – den kristne kyrkja.
Anar du kor stort det er?

Nettopp det er eit kall og ei utfordring til oss som er døypte, og som trur, til å vise fram for ei heil verd: Han som gjorde oss til sine born i dåpen, den treeinige Gud – Han er nådig og han velsignar. ”Då skal din veg bli kjend på jorda, di frelse mellom alle folkeslag”

Er dette så viktig då?
At Gud er nådig. At Gud velsignar. At ordet som fortel oss dette skal forteljast overalt – til alle folkeslag?
Ja, det er viktig. For som Martin Luther hadde trong for ein nådig Gud, så lever vi alle same med den same nauda, uansett om vi tenkjer på det eller ikkje.
Om du vågar å rette eit ærleg blikk mot deg sjølv, så veit du at det bur mykje der inne som ikkje held mål i Guds augo.
Det er alt dette du treng at Gud ser på med eit nådig blikk.
Det blikket som ikkje ser deg og dine nederlag, men som i staden ser ein krossfest Jesus som har teke di og mi synd og skuld og skam med seg på krossen.
Det er dette vi kallar for nåde – at vi gjennom trua får del i ei soning for synd ingen av oss kunne syte for sjølv.
Det er dette som er velsigninga – at vi kan leve eit liv i kvardagen i glede og med trøyst om at Gud ser på livet mitt med kjærlege og tilgjevande augo.
Han ser eit menneske som ein gong vart vaska rein i dåpens bad. Han ser eit tru som rettar handa mot Jesus.
Han lyser opp ein veg inn til sitt rike.
På denne vegen skal vi gå.
På denne vegen er det plass til mange. Plass til folkeslaga på jorda.
Dei skal alle få sjå ein nådig Gud. Ein Gud som velsignar.
Folka skal prisa deg Gud, alle folk skal prisa deg!




AMEN

søndag 31. mai 2015

Treeininga



Treeiningssøndag II – 31.mai 2015
150-års jubileum for Arna kyrkje – i Haus kyrkje
Luk. 10, 21-24
For 150 år sidan samla dei seg både frå Osterøy og frå Arna i kyrkja på Haus. Dei samla seg til gudstenester, til bryllaup, dåp og gravferd. Dei kom hit til fots, dei kom med hest og kjerre, eller slik nokre av oss gjorde det i dag, roande i båt frå fastlandet til øya der kyrkja låg før Arnakyrkja i all si prakt var ferdig bygd, stein på stein, som ein lokal kjendis frå denne bygda gjerne uttrykkjer det.
Kven var dei – dei som samla seg den gongen?
Ganske sikkert var det heilt vanlege folk. Bønder og arbeidsfolk. Over fjorden kom nok ein del av dei som hadde fått seg arbeid på den relativt nye fabrikken i Ytre Arna. Eller unge kvinner i huspostar. Husmødre. Born. Konfirmantar. Ein og annan lærar. Nokre kommunefunksjonærar eller kjøpmann.
Alle kom, og alle hadde lært seg å syne respekt for presten. Kanskje kan nokre av oss som i dag er i den stillingen drøyme om farne tider og om eit samfunn der nokre ytterst få, deriblant prestane, var løfta ut or sjiktet av såkalla ”vanlege” folk og var blant dei privilegerte?
Skulle det vere slik at dagens prestar lengtar tilbake til klasseskiljet, så får dei berre gjere det. Det er fåfengte draumar, og det er dårlege draumar. Vi skal vere glade for at verda har gått framover gjennom 150 år.
Men her møttest kyrkjelyden frå øya og frå fastlandet. Og her lydde Ordet. Forkynninga.

Forstod folket det som vart sagt til dei frå preikestolen?
Tja – eg veit ikkje. Eg veit lite om kor gode predikantar mine kollegaer var for så lenge sidan.
Men eg er ganske sikker på at også prestane som den gongen stod fram, hadde litt å bryne seg på når dei skulle forklare kyrkjelyden frå Osterøy og Arna om den heilage treeininga.
For evangeliet som lyder til oss på denne jubileumsdagen er like gåtefullt i 2015 som det var i 1865 eller som det var den gongen Jesus sjølv tala orda vi har lese i lag. Orda som opnar eit vindauge på gløtt slik at vi skimtar konturane av ein av dei vanskelegste trussanningane som den kristne kyrkja står samla om. Treeingslæra – det at den Gud som vi trur på samstundes er både tre personar og ein Gud.
Vi har lese om Jesus i dag. Vi har møtt han i ein av dei få situasjonane i NT der han står fram og på same tid gjer seg til eitt både med Gud Fader og med Den heilage ande.
I same stunda jubla han (Jesus) i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.  Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»

Jesus jublar i Anden. Jesus ber til Faderen. Jesus talar om at berre Faderen og Sonen kjenner kvarandre fullt ut. I Johs. 17,11 seier Jesus det med reine ord om forholdet mellom han og Far: ”-vi er eitt”
Dette er ikkje noko mindre enn eit mysterium.
Dette er ikkje logisk.
Eg trur ikkje at prestane midt på 1800-talet makta å forklare dette på ein betre måte enn dagens prestar gjer det. Og dagens prestar gjer det neppe betre enn forgjengarane gjorde det.
Likevel trur eg kyrkjelyden frå Osterøy og Arna den gongen kunne har eit forhold til læra om den treeinige Gud som var minst like godt som det vi har, vi som har funne vegen til kyrkje i dag.
Dei hadde mindre skulegang enn oss, for 150 år sidan. Knapt nokon hadde skulegang utover den obligatoriske, korte folkeskulen. Nokre få hadde kanskje artium. Truleg var det berre presten som hadde vore ved Universitetet i Christiania eller i København.
Men det er ikkje skulegang som opnar opp for mysteriet.
Jesus seier det krystallklårt: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små.»
Kva er det Jesus har openberra for umyndige små?
Kva er det Jesus jublar for i Den heilage ande?
Det kan vere to ting.
Det eine er det han talar om vidare i tekstavsnittet vi har lese – nemleg forholdet mellom Far og Son.
Men det kan òg vere at han jublar for det han nettopp har forkynt til læresveinane sine.
For i bibelteksten står det litt andre ord enn dei redigerte orda vi har lese frå tekstboka som preiketekst på denne søndagen: Der står det: I same stunda jubla han (Jesus) i Den heilage ande…
I same stunda – som kva?
I same stunda som han sa til læresveinane: ”Gled dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen!”
(Luk. 10,20)
I dag er det treeiningssøndag. I dag kunne vi gjerne sett for oss å bruke lang tid på ei preike som tok form som ein bibeltime slik at vi fekk dukke ned i treeinigsmysteriet. Seie litt om det store teologar og tenkjarar har sagt føre oss. Kanskje kunne dette vore ein dag der presten tok fram dei mange sitata frå kloke .
Vi har ikkje tid til det. Og eg skal nøye meg med eit lite sitat frå ei preike av ein svensk kollega som verkeleg har lese bøker eg aldri visste eksisterte ein gong. Presten Bo Brander skriv i ei preike på denne søndagen om apostlane og profetane som gjerne tala om alt dei hadde fått openberra frå Meisteren. Men når dei kom til det som låg bortanfor orda, så foreskreiv til og med dei største av dei rett og slett den totale stilla.
[1]
Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for
Ingen veit, seier Jesus, om dette mystiske forholdet mellom han og Faderen.
Men vi treng ikkje vite. Vi treng ikkje forstå. Vi skal berre tru. Ikkje tale mysteriet bort i mange og vanskelege ord.
I Ordet vert alt dette openberra for oss. Ikkje alt like klårt rett nok.
Men det viktigaste er så klårt at til og med umyndige små skal forstå og skjøne og vere i stand til å juble i lag med Jesus. Slik han i dag har vist oss at han jublar i Den heilage ande.

Det er berre ei veke sidan pinse. Ei veke sidan vi på ny kunne gle oss over å feire Andens kome og Andens verk i mellom oss.
I jubel saman med Jesus gler i oss over det som Jesus jubla for, og over det som våre forfedre frå Osterøy og Arna kunne gle seg over når presten deira forkynte det til dei: ”Gle dykk over at namna dykkar er innskrivne i himmelen”
I glede over det, og med forventning til at der, i himmelen, der skal vi ein gong møtast. Vi som er her i dag, i lag med dei som var kyrkjelyd for 150 år sidan, eller med dei som gjekk rundt i lag med den levande Kristus i hans til på jorda. Då skal løyndomane opneberrast. Då skal vi sjå og forstå det ingen i dag veit og ingen i dag kjenner fullt ut
– Den treeinge Gud.
Fader, Son og Heilag ande.

Amen



[1] Skytte/Brander: ”Ett år med Jesus” bnd I s.10

søndag 19. april 2015

Porten - Hyrdingen

3.søndag i påsketida II. 19.04.2015
Åsane kirke (5 dåp)
Johs. 10,1-10

Kjære døypte!
Eg vågar meg på ei slik innleiing av denne preika. Eg reknar med at dei aller fleste av dykk som høyrer på meg no er døypte. Skulle du vere ein av dei som enno ikkje har kome dit i ditt liv, så må nettopp du lytte ekstra godt i dag. Kanskje vil du høyre desse orda som ei innbyding retta til deg? Høyre noko om at det er godt og rett å vere døypt.

I Åsane kyrkje går det kvar søndag mange, mange menneske som ikkje alltid tenkjer over at dei er døypte og høyrer Jesus Kristus til.
Hit kjem det også flokkar med foreldre som ynskjer å bere sin nyfødde born til dåpen. Fem slike born har vi teke mot og døypt i dag.
Eg håpar inderleg at de som kom med borna dykkar i dag forstår kor velkomne de er. Og kor stort vi i kyrkja synest det er at de valde dåpen som ankerfeste for desse nyfødde små liv.

Skulle du kjenne nokon av den aukande flokken av foreldre som lar vere å bere borna sine til dåpen, håpar eg også at du kan møte dei med eit lite ord om at dei når som helst er velkomne til ein samtale med for eksempel ein av prestane våre om det temaet.

Denne søndagen steig du inn i kyrkja vår gjennom dei store, flotte dørene. Først til eit stort forrom, våpenhuset, der vi tok i mot deg, og helsa velkomen. Så gjennom ei ny dør, inn i det runde kyrkjerommet.  Kanskje opplevde du det som å gå gjennom ein stor fin port? Inn i ei slags innhegning der veggane femner rundt deg. Nesten som ei borg. Solide murvegger. Høg himling over rommet der døypefonten står aldeles midt i sentrum.

Kanskje er det omtrent dette bildet Jesus teiknar opp for oss i orda vi nettopp las frå Johannesevangeliet.
Det var noko om ein saueflokk, om ein port og om ein gjetar for sauene.
Eg opna denne preika med å tiltale dykk med orda «Kjære døypte». Det er ikkje like sikkert at du som er døypt set pris på å verte kalla ein sau. Men eg vågar meg likevel utpå. For Jesus har gjort dette biletet til noko vakkert og fint. Han kallar sine nære vener for sauer. Det er dei han har teke på seg å vakte og verne. Om det så kostar han livet. Difor ligg det ikkje noko som helst nedsetjande i å vere ein sau som Jesus vil vakte og verne.

Går vi til kyrkjekunsten, så tvilar eg på om det finst noko motiv som så mange kunstnarar har prøvd seg på å framstille som motivet «Den gode hyrding». Eg ser då bort frå bilete som framstiller krossfestinga av Jesus.
Den gode hyrding, det er søndagsskulemotivet framfor alle andre motiv.
I dag vil Jesus gjennom det han møter oss med i tekstordet lære oss noko om at han, hyrdingen, det er ein som verkeleg kjenner sine, uansett kor mange vi er, og same kor vi måtte opphalde oss.
Men endå viktigare på denne søndagen er det for oss å forstå at slik han kjenner oss, slik Jesus kjenner sauene sine, slik skal vi òg kjenne han som er hyrdingen vår. Vi skal kjenne røysta hans og kunne skilje han frå andre som kallar på oss og kanskje vil lokke oss ut av den trygge innhegninga der han er for å passe på.

Eg nemnde så vidt at vi dei siste par åra har registrert ein stadig aukande flokk av foreldre som sjølve er medlemmer av vår kyrkje, men dei let likevel vere å døype borna sine. Har dei lytta til framande stemmer? Til ei røyst som ikkje er Jesu røyst?

I dag er vi veldig glade for at nettopp du fann vegen til kyrkja og til gudstenesta. Du vert møtt av ei heilt spesiell røyst i dag som du skal lytte nøye til. Det er Jesu eiga røyst. Ikkje prestens røyst, sjølv om presten formar orda og lyden kjem frå prestens munn. Men presten skal tale orda som kjem frå Jesus.
Orda vi har lese.
Orda som lyder slik: Da sa Jesus: «Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Jeg er porten inn til sauene. Alle de som er kommet før meg, er tyver og røvere, men sauene har ikke hørt på dem.  Jeg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finne beite.  Tyven kommer bare for å stjele, drepe og ødelegge. Jeg er kommet for at dere skal ha liv og overflod.

I dag gjekk du gjennom den store kyrkjedøra, inn til Åsane kyrkje. Ein slags port.
Du har lov å forvente at ved å gå gjennom den porten skal du kunne finne Jesus.  For der inne finn du dei menneska som gjerne vil vere sauene hans. Der inne lyder Jesu røyst nå Bibelens ord vert lese, når dåpen og nattverden vert forretta, når Jesu vener påkallar han, f.eks ved inngangen til nattverdmåltidet. Då brukar vi orda: «Du Guds lam, som bærer verdens synder, miskunne deg over oss»

I dette rommet, i det som er Jesus kyrkje på denne staden, der kan du rekne med å finne han som vil vere hyrding for deg.

På veggen heime i stova vår, har kona mi og eg i mange år hatt hengande eit bilete vi er veldig glade i. Det er laga av presten og kunstnaren Bjørn Bjørneboe. Det har mange detaljar, og vi kan ikkje stogge for alle. Men hovudmotivet er ei klassisk norsk kyrkje. Frå den ser vi stigen reise seg mot himmelen. Øvst ser vi nettopp lammet, Guds lam, Jesus Kristus. Og så har Bjørneboe ramma inn teikninga med teksten frå ein av salmane i salmeboka (552): «Her er Guds hus og himlens port, her fra det går en stige, av ord og sakramenter gjort, helt opp til himmerike.»

Denne søndagen handlar det om porten. Porten til Guds rike. Til det evige livet der alle døypte skal leve evig, eller som Jesus seier det: «- ha liv og overflod»
Porten inn til Guds rike, er framfor alt Jesus sjølv.
Det er gjennom han vi finn inn til fellesskapet der vi saman med alle som er hans, alle som er hans sauer, kan leve trygt i trua på han som gav livet sitt for suene sine.
Men ein anna port som vi også skal sjå etter, og som er meir materiell og konkret enn Jesus, er kyrkja og kyrkjehuset.
Der er han nærværande til ei kvar tid. Der samlar han sine døypte vener rundt ord og sakrament. Der lyder røysta hans. Hyrdingrøysta.

Eg håpar du kan høyre denne røysta i dag når han nemner namnet ditt i lag med dei mange andre namn på alle hans vener som høyrer han til.
AMEN


søndag 5. april 2015

Møtestad med livet



1. påskedag ~ I – 05.04.2011
Eidsvåg
Matt 28,1-10



He Qi: "Easter morning"

Enkelte dagar er ikkje som andre dagar.
Påskedagen er ikkje som andre dagar. I kyrkja vår har vi mange dagar i året der vi gler oss og jublar fordi vi forkynner at store ting har hendt. Men ikkje noko kan måle seg med det vi har fått å rope ut på denne dagen. For dette er dagen der døden må vike for livet. Dette er dagen der vi les ord i Den heilage skrifta som gjev oss eineståande grunn til glede og smil.
I dag vil vi juble for livet. ”Livet vant, dets navn er Jesus” Det er visjonen på denne dagen. Det er dette vi vil sjå som ei strålande påskesol over våre liv. Det er dette vi ynskjer for ei heil verd: At livet skal sigre der døden har fare fram.
Vi vil samle oss i lovsong og jubel for han som vann over døden, han som steig ut or grava, for han som lever midt mellom oss.
Vi reiser oss og syng våre høgtidsvers:

NoS 196, v.1-3 (Påskemorgen slukker sorgen)
Tekstlesing

"-Da sabbaten var over".. står det.
Sabbaten var jødane sin gamle kviledag. Ein dag med strenge reguleringar. Mangt og mykje var ikkje tillate den dagen, og av den grunn hadde ikkje dei to kvinnene som gjerne ville ha stelt Jesu døde kropp fått gjort dette. Jesus vart gravlagt ved inngangen til sabbaten, fredag kveld. Fredag og heile laurdag og litt inn i den tredje dagen - søndagen låg Jesus i grava. Men så var sabbaten slutt og dei to som begge heitte Maria kunne gje seg i veg til grava.

Sabbaten var til ende. Den gamle tida var over. Det er tidleg om morgonen, den første dagen i veka. Det lysnar av dag, står det.
Ja i sanning var det gamle til ende.
Ikkje meir sabbat. Den er til ende, både i bokstavleg og i overført tyding. Men ei ny tid renn; ei ny tid der Herrens dag - søndagen - avløyser den gamle jødiske kviledagen. Dagen som Herren har gjort.
Det hende medan det lysna av dag. Og jammen vart det også lyst. For det var eit nytt lys som gjekk opp denne tidlege påskemorgonen.
Langfredagsmørkret rår ikkje lenger. Ved det tidlege morgongry renn sola over ei ny tid, ei tid der dødens krefter har måtte vika for Livet.

Dei to som begge heitte Maria, var på veg til grava, for å stelle ein død, for å minnast Jesus som hadde vore så viktig i deira liv. Men grava var tom! Dei hadde gått til ei grav for å minnast. I staden for ein minnestad med døden i sentrum, kom dei til ein møtestad med livet i sentrum. Ei tom grav, og ein levande Jesus. Det var underet som varsla den nye tid. Det var dette Herren hadde gjort på denne forunderlege dagen.

Og kvinnene fekk meir å tenkje på enn kva som var i grava. For det hende mykje dramatisk rundt dei.
Vi les at det kom eit kraftig jordskjelv, der ved grava.
Og vi spør: Kvifor eit jordskjelv?
Sjølvsagt er det vanskeleg å gje eit definitivt og avgjort svar på dette spørsmålet, men ettersom vi ikkje kan tru at noko av det som hende på denne historiske merkedagen som så eintyding var signert med Herrens finger var tilfeldig, trur vi heller ikkje at jordskjelvet var tilfeldig.
Var det eit etterskjelv av jordskjelvet vi høyrer om langfredag? (Matt. 27,51.54).
Eller er det dei veene som innevarslar endetida som tek til? (jfr. Matt.24,27f)

I alle høve ser vi at oppstodeunderet var så mektig  at jorda rett og slett ikkje tolde vekta av Jesu gjerning. Allereie på langfredag les vi at
Jorden skalv og klippene slo sprekker. Gravene åpnet seg, og kroppene til mange hellige som var sovnet inn, ble reist opp.  (Matt 27:51-52)

Kva var jordskjelvet?
Vi les at det kom "-et kraftig jordskjelv, for en Herrens engel steg ned fra himmelen, gikk fram og rullet steinen til side."

Jordskjelvet kom ikkje frå jordas indre. Jordskjelvet kom frå himmelen. Jordskjelvet var eit resultat av at Herrens engel steig ned. Det mektige som føregår ved Jesu oppstode, føregår ikkje i jorda, men i himmelen. Det er Guds himmelske krefter, representert ved engelen, som kjem til jorda og vekkjer Jesus opp att frå dei døde.
På framsida av programarket for denne gudstenesta kan du sjå korleis den kinesiske kunstnaren He Qi forestiller seg denne hendinga.

Det engelen gjer, er forunderleg. Han rullar steinen bort frå gravopninga. Ikkje for å demonstrere kor sterk og mektig han er. Heller ikkje for at den døde Jesus skulle kome seg ut or grava. Han var allereie ute. Han var mellom dei levande. Men steinen måtte bort for at kvinnene skulle få sjå inn i den tomme grava. Steinen måtte bort for at vi kan sjå inn på staden der døden tapte.

Det var veldige ting som hende på Herrens dag. Herrens eige verk vart gjennomført. Og når Gud Herren handlar til frelse for ein heil menneskeslekt, er det ikkje merkeleg om det vert sett sterke kjensler i sving.

Den første kjensla som melde seg var redsle. Redsel. Frykt. Otte. Det står om vaktmennene, som også såg engelen, at dei
"-skalv av redsel da de så ham, og de ble liggende som døde."
Sjå ein gong til på bilete i programmet; korleis kinakunstnaren har fått fram dette forunderlege: Vaktene var sette til å vakta døden, men dei vart ramma av livet.
Det var vaktene sjølve som vart liggjande som døde. Påskedagen vart styrkane til denne verda slegne i bakken. Av redsel og i vanmakt.
Med makt og med sverd hadde soldatane og vaktene tvinga Jesus til rettarstaden. Dei hadde aldri merka seg Jesu profetiske ord i samband med at han vart teken til fange:
"- alle som griper til sverd, skal falle for sverd" (Matt. 26,52)
I møte med livet, låg vaktene att som døde.

Men også kvinnene var naturleg nok redde.
Dei vart difor straks tekne inn i himmelsk sjelesorg av engelen sjølv:

"- Men engelen tok til orde og sa til kvinnene: "Frykt ikke! Jeg vet at dere søker Jesus, den korsfestede. Han er ikke her, han er stått opp, slik som han sa. Kom og se stedet hvor han lå!   

Det er ikkje alltid lett å sleppe redsla på kommando.  Men når det bydande 
"- frykt ikke!" kjem frå englemunn, nærast som eit himmelsk bydeord, og når engelen samstundes har ei grunngjeving som overgår alt som nokon gong har vorte sagt til sørgjande menneske, då kan vi tenkje oss at kvinnene si redsle veik for undring og forbløffing:

"- Jeg vet at dere søker Jesus, den korsfestede. Han er ikke her, han er stått opp, slik som han sa. Kom og se stedet hvor han lå!"

Det var litt av ein bodskap dei fekk å forkynne til Jesu læresveinar desse to kvinnene. Her var det ikkje noko form for kvinneleg teieplikt i forsamlinga. Desse to, som begge heitte Maria, -to kvinner- vart sendt av ein engel for å forkynne for Jesu næraste vener dei viktigaste orda som kyrkja har fått å forkynne: "Han er oppstått!"

"-Skynd dere av sted!" sa engelen.
Og dei så gjorde. Dei skunda seg. Framleis redde. Men redselen var blanda med den fantasiske kjensla av glede. "redde, men jublende glade", står det om Maria og Maria.

Påskedagen er Herrens dag. Underet hende. Uforståeleg. Ulogisk. Men med ettertrykkeleg himmelsk stempel på det heile. Grava var tom. Jesus lever. Og kvinnene er forsongarar i eit verdsomspennande jublekor på Herrens dag.

Engelen fortalde det til kvinnene: " Han er stått opp fra de døde og han går i forveien for dere til Galilea; der skal dere få se ham. ­ Nå har jeg sagt dere det."

Den oppstadne hadde allereie forlate gravstaden. Han høyrde heime i livet. Det var tilbake til livet at kvinnene skunda seg. Bort frå grava og tilbake til livet, sprekkeferdige med påskedagens nyhende, snubla dei seg ut i verda for å fortelje om ei tom grav der døden hadde lidd eit endeleg nederlag. Redselen deira, forvirringa og sorga, veik etter kvart plass for ei fast tru på at han som hadde lagt i grava, verkeleg levde. Ei tru som også du og eg kan gripa tak i. Vi lyttar til engelens vitnemål, til det kvinnene forkynner, og vi les vidare i evangeliet enn det påskedagens preiketekst omfattar, og vi ser at den oppstadne Jesus verkeleg møtte dei og helsa dei.

Dette er det som kveikjer trua vår. Dette er det som gjev oss von om at døden verkeleg er overvunnen. Til og med der krigen har herja. Der lidinga har overgått forstanden. Der sjukdomen trugar. Livet er sterkare enn døden alle desse stadene. Slik livet skal vise seg sterkare enn døden, også ved gravene i Eidsvåg eller i Åsane.

Påskedagens utfordring er å ta til seg dette i tru. At hans siger over døden skal gje oss alle siger over døden på den yttarste dagen.
Ser du vegen ut att frå kyrkja og inn i verda der døden herjar? Vil du gå ut dit i dag i lag med kvinnene?
Frå påskehelg og inn i kvardagen med eit nytt ankerfeste for vår tru:

Jesus lever! Døden er overvunnen!                                                              

AMEN!

fredag 3. april 2015

Nådeblod


Langfredag 2015
Eidsvåg
Matt .26,30-27,50

"Red Crusifixion" av Daniel Bonnell

Dramaet på langfredag går utanpå det som til og med blaserte veteranar i TV-sjåing og videovaldkonsumering kan varte opp med. Alt det forferdelege som skrekkfilmane som vert sensurerte til 18-års aldersgrense; det er på plass.
Svik og løgn. Korrupsjon. Blod. Smerte. Skrik. Nyfikne tilskodarar. Alt kunne danna ramma for ein tradisjonell, men ufyseleg valdsfilm, lik dei mange som flimrar over våre skjermarar og som gjer mange av oss så sløve at vi ikkje lenger reagerer på vondskap og djevelsk brutalitet.

Likevel er det stor skilnad på alt dette skodespel, og på det som hende med Jesus langfredag. For her er skodespelarane bytte ut med verkeleg menneske. Svikaren Judas er ingen rollefigur. Han er ein tragedie som endar i fortapinga. Fornektaren Peter trong ikkje løk for å framkalle falske tårer som kunne tilfredsstille ein eller annan kameramann. Hans såre gråt sleit i dei djupaste hjarterøtene hans. Han ana omfanget av sviket sitt i det same hanegalet stilna.
Pontius Pilatus står tilbake som ein prototype på den feige og upålitelege dommar og embetsmann. Mange liknande personar er framstilte i litteraturen og i filmar fram gjennom tidene. Ja, også i det verkelege livet har slike menneske funnest. Likevel: Pilatus var slett ikkje oppdikta. Men han står att som ein karikatur av ein dommar.

Det er heller ikkje det faktum at dette verkeleg har gått føre seg, som set langfredagsdramatikken i ein så heilt spesiell særstilling. Det som gjer dette til noko fullstendig eineståande, er at i dette dramaet, så har vi alle ei rolle. Hovudpersonen er Jesus. Men i det som utspelar seg i Jerusalem og på Golgata er det med tallause statistar. Eg er ein av dei. Du er ein annan.

Det er lett å rygge tilbake i møte med ein slik påstand. Slik Peter gjorde det då han vart attkjend og plassert som ein av dei som var i Jesu følgje: "Visst er du en av dem, du også! Dialekten røper deg" (26,73)
Han vart attkjend. Panikken tok han. Ville dei arrestera han også? Han som hadde svore på at Jesus kunne lite på han. At han ikkje skulle svikta. Bannorda rann or Peters munn. Han svor og forsikra: "Jeg kjenner ikke denne mannen" (26,74)

Eg står og ser ut over ein lyttande kyrkjelyd. Ein kyrkjelyd med døypte kyrkjemedlemer. I langfredagslyset er det som om vassmerket på hovudet til dei døypte stig fram. Ja, til og med krossmerket du vart teikna med kan skimtast. Krossmerket du fekk teikna over deg i dåpen:  "- at du skal tilhøre den korsfestede og oppstandne Jesus Kristus og tro på han." 


Visst er du en av dem!
Vi er ein kyrkjelyd i dag av døypte kyrkjemedlemer. Døypte til Jesu død og oppstode, som det står i Romarbrevet. Vi har våga oss inn i Guds hus på denne langfredagen. Vi er attkjende som slike som er involverte i Jesu død. Døypte til hans død.

I dag ser vi endå ein gong på dette forferdelege som hende med Jesus. Og med Judas som svik han til døden og som sjølv enda i fortapinga. Vi ser Peter som fornekta, men som reiste seg etter eit djupt, djupt fall.
Men det er ikkje berre i Bibelens historielys vi skal sjå på det som skjer. Vi stig på ein måte inn i historia og vert gjort samtidige med dramaet. Vi er med på det heile. Vi er av dei som ser historia på avstand, men som så lett gløymer at vi sjølve er ein vesentleg del av historia.
Også du og eg er ein del av langfredagsdramaet.

Pilatus stod med handduken og tørka dryppvåte hender. Han gjorde eit siste desperat forsøk på å skuve frå seg den ekle kjensla av å dra seg unna eit ansvar som berre var hans. Han var dommaren. Han skulle vurdere skuld og uskuld. Og alt han hadde sett og høyrt i møte med Jesus tilsa berre ei einaste fornuftig domskjenning: Uskuldig! Frikjent!
Men han var fanga inn av mobben. Av oppiska hatstemning. Han var ingen upartisk og rettferdig dommar. No freista han å vaske skulda av seg:
- Da Pilatus så at ingenting nyttet, men at uroen bare økte, tok han vann, vasket hendene mens mengden så på, og sa: «Jeg er uskyldig i denne mannens blod. Dette blir deres sak.» Og hele forsamlingen svarte: «La blodet hans komme over oss og våre barn.» (27, 24-25)

Pilatus si handvasking har for all ettertid stått som symbolet på ansvarsløyse og duglaust leiarskap. Men folket sitt rop gjekk likevel i oppfylling: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»

Folket var skuld i at Jesu blod skulle renne ut or den døyande kroppen på krossen. Folket som ropa krossfest var sjølvsagt medskuldige i det som Pilatus var hovudansvarleg for, at dødsdommen over Jesus vart avsagt. Men kor bokstavleg folket sitt rop skulle verte gjeldande for all etterslekt, tenkte neppe nokon av skrålhalsane i Jerusalem over denne dagen: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»

Jesu blod kom over borna til dei som ropa krossfest. For desse borna, det er deg og meg. 


Dei skjøna nok ikkje rekkevidda av sine rop. Profetiske rop var det nærast. Dei bad om å få bere si eiga skuld. Dei forstod ikkje at det som dei meinte var blod frå ein som fortente døden, eigentleg var blod frå ein skuldlaus som leid døden i staden for dei mange skuldige. Dei meinte at dette var straff som fortent. Det var det for så vidt også. Det var berre det at dei som fortente straff var folkemengda som skreik, det var Pilatus som dømde ein uskuldig, det var Peter som fornekta, og ikkje minst det er oss; alle vi som vart døypte til Jesu død for at det skulle gjerast soning for våre synder, for vår skuld.  - hele forsamlingen svarte: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»

Her er det at Gud oppfylte folkemengda sine bøner langt utover det dei sjølve forstod:
Gud fylte det blodet som rann frå såra til den skuldlause og krossfeste Jesus Kristus med eit heilt nytt innhald. Gud gjorde Jesu blod til nådeblod.
For alle som er involverte, anten det er bødlar eller krossfesta røvarar, anten det er Peter som fornektar eller du og eg som er for feige i kvardagen til å stå opp og rope ut at vi tilhøyer den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus og eg trur på han; for oss alle draup det dråpar med nådens blod frå såra til den døyande Jesus på krossen.

Langfredagsdramaet inkluderer difor oss alle. Eg er ein av dei. Du er ein av dei. Kanhende er det ikkje farleg for deg og meg å stå fram og seie dette. Ikkje slik det var farleg for Peter. Han risikerte trass alt å verte arrestert han òg. Likevel dreg vi oss unna. Det skal så mykje til å involvere seg i alt dette. Det er så mykje som går utanpå min forstand.

Ja visst!
Lat deg likevel involvere. For det angår deg i aller høgste grad. Profetien frå folkemengda har gått i oppfylling: «La blodet hans komme over oss og våre barn.»
Dette blodet er i dag eit nådeblod. Og at det verkeleg gjeld deg og meg, det får vi handfast prov for når vi ved neste nattverdhandling her i kyrkja knelar ned og grip rundt kalken som vert rakt fram frå altarbordet: "Dette er Jesu blod". Eller kanskje vi høyrer orda ”Kristi blod – utøst for deg”
Når vi i nattverden rekkjer fram hendene våre og let kalken verte fylt opp, når vi fører klaken til munnen og drikk, då vert underet levande der og då. Hans blod har kome over oss, og det skal kome over våre born.

Han drakk sin kalk til døden. Blodet hans rann. Han anda ut.

Vi drikk hans kalk til livet. Blodet hans rann for mi skuld. For di skuld. Vi skal leve til evig tid fordi han døydde på krossen!

søndag 22. mars 2015

Tenarsinn

Maria bodskapsdag II. 22.mars 2015
Gjerstad
Lukas 1,46-55
Er det nokon av dykk damer eller jenter her i kyrkja i dag som heiter Maria?
Vi fekk aldri ei jente i vår familie, men hadde vi gjort det, trur eg ho hadde fått namnet Maria.

Namnet er vakkert. Og eg trur Maria var vakker. Ho som vi møter på denne søndagen; på dagen som kjenner vi som Maria bodskapsdag. Vi feirar denne søndagen så nær ni månader før jul som det er råd å få det til. Om tre dagar er det 25.mars. Det er ni månader til juledag, dagen for Jesu fødsel. Difor feirar vi og minnest at Maria fekk englebesøk og bod om at ho skulle verte mor til Jesus, at ho skulle føde eit barn som ingen mann var far til, derimot var barnet ei frukt av Guds vilje med henne.

Maria var rett og slett ei ungjente, truleg omtrent på alder med dykk konfirmantar som har funne vegen til kyrkje i dag.
Vågar du tanken, du konfirmantjente, at dette hadde handla om deg?
Vågar du tanken, du konfirmantgut, at du fekk vite at ei du gjekk på skulen med skulle bli mor. Med ein aldeles ukjend far?
Vågar du tanken, du som er far eller mor til ein av desse unge at det hadde hendt med ein av osterøyungdomane?
Og hadde vi vore i stand til å ta inn over oss at det handla om eit under, og ikkje om overgrep eller om sex som kom alt for tidleg?

For her er Gud far. Og Maria er mor. Vi møter Maria som den unge kvinna som stiller heile seg til disposisjon som tenarinne for den Allmektige. Ikkje berre vert morslivet hennar bustad og oppvekstrom for det underfulle livet som er skapt i henne. Det er heile Maria – kroppen hennar, viljen hennar, sjela hennar, jubelen hennar, gleda hennar – alt som bur i Maria - som slik koplar seg opp mot den Allmektige Gud når det nye livet festar seg i henne og utviklar seg fram mot fødselen vi feirar så grundig kvar einaste julehelg.

For med Gud som far og Maria som mor, kjem til slutt han som er Guds son inn i verda. Han som er av Gud, frå Gud, han er den som det framfor alt handlar om på denne dagen. Det handlar om Sonen meir enn om mora og meir enn om faren. Det handlar om Jesus på denne dagen. Om underet som hende då Jesus vart menneske, då Jesus vart vår bror.
I dag står familien i sentrum. Far – mor – son
I dag står familien i sentrum. Far; Gud – mor; Maria – son; Jesus, han som også er bror. Vår bror Jesus Kristus.

I dag er det meininga at alle vi som er ein del av ein familie, som sjølve er fedre eller mødre, som er søner eller døtre, at vi skulle få augo våre opna mot han som er vår store Far, han som kallast den Allmektige, han som Maria kallar for Herren, eller for Gud, min frelsar.
Og då må vi få augene opna for at til sjuande og sist handlar det om vår bror, Jesus, som er på veg inn i vår verd, inn mellom vanlege menneske.

Vi har lese eit avsnitt frå vår Bibel som vi kallar Marias lovsong.
Maria jublar i glede over at ho anar litt av underet – det at Gud skal la henne bli mor.
Vi kunne stansa for mange av dei motiv Maria har for å juble.
Vi kunne sett på mange av dei orda ho brukar.
Eg trur knapt at det er slikt ungdomar i vårt land i dag går rundt og syng på, slik til dagleg. Og når vi les desse orda til Maria i dag, må vi verkeleg undrast om denne pur unge jenta faktisk forstod kva ho sa..
Sant å seie spelar det neppe så stor rolle. Men ho sa det slik.

Kanskje var det ei form for profetisk jubel som bobla over i Maria etter at ho hadde hatt englebesøk, og etter at ho hadde fått delt opplevinga si med Elisabeth, slektningen hennar, som også bar eit under av eit barn i sitt morsliv.
Uansett  så kan vi i vår evangelietekst lese korleis Maria tek i bruk dei heilt store orda. Dei orda knapt nokon av oss ville teke i vår munn på fullt alvor. Det er ord som seier noko om Gud. Om han som er far til barnet ho ber på. Men det er også ord som seier noko om Maria. Som seier noko om tenarsinn. Om vilje til å vere Herrens utvalde reiskap.

På denne spesielle søndagen her på Osterøy, når konfirmantar seinare i dag skal ut etter vegane med ei innsamlingsbøsse i hendene og be om ei god gåve til Kirkens Nødhjelp sin fastaksjon, då må vi òg snakke om tenarsinn. Om vilje til å vere Guds utvalde reiskap. I dag skulle det vere ekstra god grunn til å lytte til Maria sine ord når ho prisar Gud for underet som skjer med henne.

Vi tenkjer vanlegvis stort sett på oss sjølve. På det som synest viktig i mitt liv, i våre liv. Viktig for min familie, for mine born.
Men Maria flyttar blikket frå sin eigen navle, bort frå den magen som skal vekse seg like stor som andre komande mødre sine magar. 
Ho løfter blikket og ser den Allmektige. Skaparen. Livgjevaren. Vår Far.
Og så syng ho lovsong.
Maria jublar, syng og lovprisar.

Kvifor?
Fordi ho anar den store samanhengen. Samanhengen mellom Guds gode vilje for den slekta han har skapt, som han har gjeve liv og som han ser treng miskunn og nåde og frelse, og det liv ho no ber i sin gravide mage.
Om alt dette brukar Maria slike  flotte ord.
Ord vi sikkert aldri hadde kome på ein gong..

Desse orda skal du ha i tankane dine, du som snart skal gå ut med fastebøssene:
Først møter vi ordet fattigdom.
Maria seier om Gud: «-han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom»
Gud ser dei fattige. Han såg den fattige ungjenta.
Han ser fattige ungjenter i dag. Dei skal ikkje verte mødre til Guds son.
Men i dag merkar desse fattige meir enn dei fleste andre til konsekvensane av klimakrise, tørke eller flom. Forureina drikkevatn og milelange vegar for å hente det livsviktige vatnet. Gud ser ungjentene som ber vatnet heim i timevis kvar dag.
Gud ser dei unge gutane som skal dyrka jorda, men som får flom eller tørke i fanget slik at livet går aldeles i stå. Framtida fell i hop.
Og Gud ser tenåringar på Osterøy som lever sine liv i den aller største kontrast til fattigdomen ute i verda. Han ser mobilane dykkar. Han ser sportsutstyret. Han ser bankkontoane som for dei fleste av dykk vil få store tilskot til på konfirmasjonsdagen.

Gud ser dykk. Han såg også Maria. Han valde henne ut på ein heilt spesiell måte til å verte mor til hans son. Når han ser dykk, ser han noko anna enn han såg i Maria.
Men han ser framleis etter vilje til å vere hans tenarar. For Gud bur i verda med si frelse også i dag. Gud vil framleis vere nær dei fattige. Og han vil vere nær også hjå dykk som i dag kan stå fram som hans tenarar.
Men då skal du ikkje gløyme Maria sine ord. Alvorlege ord  til håp og trøyst for fattige og undertrykte til alle tider. Difor lovsyng Maria Gud med slike ord:
«Han metta dei svoltne med gode gåver, men sende dei rike tomhendte frå seg»
Korleis er det for oss?
Forstår vi at Gud gjennom Jesus, vår bror, har gjort oss rike?
Forstår vi at Gud i tillegg har velsigna oss i dette landet vi bur i, slik at vi i dag kan velte oss i materiell rikdom, velstand, pengar?
Forstår vi at vi ved å bruke våre liv for å hjelpe dei fattige, dei svoltne, med gode gåver, kan gje vår pris og ære tilbake til Gud?

Litt slik Maria gjorde det. Vår teneste i dag, skal vere vår lovsong.
Denne søndagen gjer vi som Maria. Av hjarta vil vi vere med på å opphøgje Herren. Med takk og med glede vil vi lovprise han for at han, vår Far, valde ut Maria til å verte mor til Guds son, han som er vår bror og som heiter Jesus Kristus.
”- store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt  er hans namn.”
AMEN


Bloggarkiv