søndag 3. november 2013

Trur du dette?

Allehelgensdag/Minnedag. III. 03.11.2013
Åsane gamle krk. (Kveldsgudst)
Johs. 11,19-27

Dei hadde ikkje funne opp flagget den gongen. Difor vaia det ikkje på halv stang då Jesus stod utanfor denne heimen han var så godt kjend i. Det var i Betania. Her budde venene hans. Dei to søstrene og den eine broren. Marta og Maria og Lasarus. No stod Jesus utanfor huset, fordi dei hadde sendt  bod etter han. Ordet frå søstrene nådde øyra til Jesus: «Herre, han som du er så glad i er syk».
Den sjuke var Lasarus. Han var meir enn berre forkjøla. Han var dødssjuk. Så då Jesus stod på trappa til denne familien kunne han høyra det med det same: Den såre gråten. Innanfor var dei fortvila. Dødsens fortvila, rett og slett. Sorg i huset. Sorg,  blanda seg med fortviling og sinne. Dei kunne ikkje anna enn å gråte, dei to søstrene. For bror deira Lasarus, var død.
Slik sett var det ikkje noko unormalt. Denne situasjonen kjenner vi alle. For ingen av oss kjem utanom dette. Før eller seinare bankar døden også på inngangsdøra til min heim. Vi har opplevd det alle saman. Mange av dykk som sit i kyrkjebenken i kveld opplevde det i året som har gått sidan sist Allehelgensdag. Vi skal oppleve det igjen. Like visst som nye menneske vert fødde og foreldre gler seg, slik vi har sett det når vi møter dei nyfødde ved døypefonten i kyrkja, like visst er det at vi alle før eller seinare skal følgjast til grava. Då sørgjer familien. Då er glede bytt ut med sorg og tårer. Lik det dei opplevde i Betania.

Men av og til er sorga meir enn berre sår gråt. Av og til er sorga blanda med sinne eller irritasjon. Også det er heilt vanleg. Eg har sett det mange gonger som prest i møte med pårørande. Oftast hender det når døden kjem brått og uventa. Kanskje særleg ved ulukker. Eller når unge menneske døyr. Dei sørgjande er sinte. Sinte på Gud, ikkje minst. Kvifor Gud?  Kvifor let du det hende?
«Eg ropa til Gud om at han måtte spare barnet mitt frå døden. Men barnet mitt døydde! Eg er så sinna. Eg er så fortvila.»  Slik kan ei ung, sørgjande mor pressa fram med bivrande røyst og augo som fløymer over i tårer.
På liknande vis kan ein mann uttrykkje seg når han stirer ned i den opne kista der ho han elska ligg kald og kvit, og borna som enno berre er i småskulealder står hjelpelause og gret med såre hikst.

Døden kan vere forferdeleg brutal. Rett nok kan han av og til også opplevast som ein utfriar. Men då har dødskreftene fått herje så lenge i ein levande kropp at alle opplever døden som ei kvile frå ein hjarteskjerande vond sjukdom.

Dei fleste av oss har opplevd dette. På nær hald. Eller sett det litt meir på avstand. Vi fattar difor lett at Marta og Maria hadde det vondt. Det var ingen grunn til dans og gladsong i den heimen. Døden i sin usminka fasong, slik vi les om han her, og slik døden verkeleg er, er vond og fråstøytande. Til å verte redd av. Til å grave ned slik, vi gjer det. Det er faktisk sant: ”Det luktar alt av han.” Døden røvar bort livet.

”Herre, hadde du vært her, var min bror ikke død”
Det var Marta sitt såre og kanskje også litt irriterte utrop til Meisteren, til venen, som ikkje kom då ho først sende bod etter han.
Slik han tilsynelatande også let vere å kome så ofte seinare. Alle dei gongane fortvila menneske vende seg til han i bøn om å gripe inn og stogge døden.
Men døden kom i staden for Jesus.

Men stemninga i Betania skulle snart snu seg. For Jesus kom ikkje for seint. Jesus kom akkurat tidsnok. Tidsnok til å utfordre trua til søstrene. Tidsnok til å demonstrere si makt over døden. Tidsnok til å vise at dette også handla om at Guds son skulle herleggjerast (Johs.11,4)

Det hende eit ubegripeleg under i Betania då Jesus omsider dukka opp. Tilsynelatande fire dagar for seint. Fire dagar etter at Lasarus var lagt i grava. Likevel i tide til å vise at dødens vonde røyndom ikkje var sterk nok til å hindre Jesus i å demonstrere si veldig makt.
Med ein makelaus autoritet og med eit medvit om å vere send frå Gud sjølv, går Jesus til grava og ropar dødens fange ut att til livet. Bunden på hender og føter av likklede. Blinda av duken som dekka ansiktet, kom den døde ut att i lyset og til livet.

No kunne dei dansa. No kunne dei syngje av glede. No kunne festen ta til. Lasarus var enno ein gong mellom dei levande, han som døden hadde herja så stygt med. Han som det hadde lukta død av, han kunne ta ei søster i kvar hand og danse inn att i heimen i Betania.

Tenk om Jesus hadde kome nokre dagar før? Tenk om han hadde gjort Lasarus frisk att av tuberkulosen eller hjerneslaget eller kreften eller kva for sjukdom det var han døydde av?
Familien hadde nok vorten glad. Søstrene hans hadde sluppe ein del tårer, frustrasjon og kanskje også sinne. Men du og eg ville vore utan den veldige forsikring det inneber for vårt evige liv, det at Jesus demonstrerte si makt over døden.

Forteljinga om at Jesus gjev livet tilbake til Lasarus er difor eit veldig rop til alle oss, unge, vaksne eller gamle, som er redde for døden og som helst vil dytta heile temaet langt utanfor rekkevidde av sjølve livet:
Det finst håp!
Døden er likevel ikkje sterkast.

Bibelen talar eit språk som er til å forstå: Jesus ropte med høg røyst: "Lasarus kom ut! Da kom den døde ut, med liksvøp rundt hender og føtter og med et klede bundet over ansiktet. Løs ham og la ham gå, sa Jesus."

Tenk deg forundringa, ja sikkert også vantrua, når folka ved grava såg det som hende. Eit større under enn at ein død vender tilbake til livet, kan vi ikkje førestille oss.
Og nettopp fordi dette er det største av alt som kan skje, er det at det er så stort å rope det ut til alle oss som er samla til gudsteneste i dag: Slik Lasarus vart ropt ut igjen til livet, slik skal også du og eg ein gong vekkjast opp att til evig liv.

Og det evige livet er sterkare enn døden. Det evige livet er viktigare enn alt anna å få del i. Men det er berre Jesus som har kraft til å gje oss del i dette.
Medan dei venta på at Jesus skulle dukka opp heime hjå dei, fekk Marta og Maria trøyst av venner dei hadde rundt seg. Slik skal også vi trøyste når vi møter folk i sorg.
Men berre Jesus kan gjera meir enn å trøysta. Han lovar oppstode og evig liv.

Det evige livet er ikkje ein garanti for alle som ynskjer det. Det evige livet er det dei har i vente som gjer som Marta og Maria: Søstrene stola på Jesus. Dei trudde på Jesus.
Aller tydelegast kjem dette fram i Jesu samtale med Marta:
"Jesus sier til henne: -Jeg er oppstandelsen og livet, den som tror på meg skal leve om han enn dør, og hver den som lever og tror på meg skal aldri i evighet dø. Tror du dette? -Ja Herre, sier hun,-jeg tror at du er Messias, Guds sønn.."

Det hende for at vi skal tru. Tru på Herren Jesus som har makt over døden. Tru på han som seier: ”-hver den som lever og tror på meg skal aldri i evighet dø.”

Lasarus fekk nokre ekstra leveår. Han skulle enno ein gong sveipast i likklede og leggjast i grav. Oppvekkinga av Lasarus var ikkje eit teikn på at slik vil det normalt kunne hende når menneske vi er glade i døyr frå oss. Men oppvekkinga hende for å vise at når døden har kome til oss, så er han der, Jesus. Han gret. Han trøystar. Han talar sine ord. Han er nær oss med si utfordring til å tru. Han er nær med si veldige kraft. Den som skal vekkje oss opp att på de yttarste dagen.
«Tror du dette?» sa Jesus?

Vi vil gje vårt svar på det spørsmålet ved å reise oss og saman vedkjenne vår heilage tru:

Truvedkjenninga. 

søndag 27. oktober 2013

Heimlengt

Bots- og bønnedag III. 27.10 2013.
Biskopshavn. Skriftemålsgudstjeneste
Åsane. Dåpsgudstjeneste
Luk.15,11-32

(Halden på skriftemålsgudsteneste i Biskopshavn, og i forkorta og litt omarbeidd utgåve i dåpsgudsteneste i Åsane krk same dag) 

Det gjekk dårleg med den bortkomne sonen. Det einaste som kunne gått verre, var at han kunne mista livet. Han kunne ha døydd der han gjekk mellom grisar og åt grisematen. Han slapp unna døden, men lenger ned i søla kunne han ikkje kome.
Der - på botnen - forstod han korleis han hadde stelt livet sitt til. Han forstod at han kun hadde eit menneske å takke for at han var hamna i slummen, og det var seg sjølv.

Av og til skuldar vi på arv og miljø når eit menneske kjem dårleg ut i livet. Då tenkjer vi at oppveksten har vore dårleg. Foreldra har svikta. Ein har kome i dårleg selskap. Difor har livet gått utforbakke.
For den bortkomne sonen spela arven også ei rolle. Men ikkje ei negativ rolle. Arven hans var god og stor. Han hadde til og med teke den ut på forskot. Før faren som hadde gjeve han arven var død. Og faren var slett ikkje av det dårlege slaget som ikkje hadde omsorg.
Faren var så glad i sin yngste son at han gav han fridom. Fridom, til og med til å øydeleggje livet sitt. Vi kan vere trygge på at det ikkje var med lett sinn at faren såg kva sonen fann på. Kanskje freista faren å formane han til å velje betre? Men han gav han uansett fridom til å gjere som han sjølv ville.

Nokre vil kanskje spørje: Korleis kunne faren tillate at sonen øydela seg sjølv?
Dette spørsmålet er heilt på linje med korleis verda i dag spør når dei ser all liding og vondskap i verda: Korleis kan ein kjærleg Gud tillate vondskapen vi ser rundt oss. Lidinga? Krigen? Nauda?

Faren i dagens likning er eit bilete på Gud. I kjærleik let Gud menneska få høve til å følgje sin frie vilje. Til og med når dette fører oss i avgrunnen. Gud tvingar ingen til å leve i hans nærleik, sjølv om vi er døypte til å tilhøyre han, døypte til å leve tett saman med han og nyte godt av hans daglege velsigning.
Men til alle tider har menneska gått sine eigne vegar. Til alle tider har folk rive seg lause frå Gud Faders hus. Det har gått dei ille i livet. Synda har ført dei i avgrunnen. Ja, syndige menneske har til og med ved si synd rive uskuldige og rettferdige med seg i avgrunnen.

Et godt eksempel på det, er svolten som plagar store deler av menneskeslekta. Det er nok mat til alle på kloden. Men vi som bur i den rike del av verda er bundne så fast i vår egoisme at vi ikkje korkje vil, eller får til, å dele dette med dei som ingen ting har. Det er ikkje Guds kjærleik som er så liten at han lar nokre svelte, men det er vår syndige egoisme som dreg uskuldige med oss ned i avgrunnen slik at det i dag faktisk finst millionar som var takknemlege om de fekk mette seg av den maten våre norske grisar et.

Den bortkomne sonen fekk heimlengt. Og han fekk syndeanger:
"Far, jeg har syndet mot Himmelen og mot deg. Jeg fortjener ikke lenger å være sønnen din"

I dag skulle eg ynskje at mange av oss vart gripne av heimlengt.
Eit par gonger i livet har eg over lang tid, veker og månader, budd så lenge borte frå heimen og familien at eg anar noko av det som ligg i ordet heimelengt. Det å sjå for seg kone og born og eiga stove og eiga seng, og å telje ned dagar og timar til ein skal reise heim att - frå ein grei plass, men som likevel er ikkje heimen. Lengslene går mot det som er heime. Mot dei ein er glad i heime. Ein vil snarast mogeleg setje kursen heim.

Men denne type heimlengt er noko anna enn den heimlengt vi alle skulle hatt meir av. Det handlar om vår lengt etter å kome til Gud, etter å være hjå han. Alltid!
Det er denne typen lengt det handlar om når kyrkja ein gong i året har sin bots- og bønedag. Dagen for justere kursen. Har eg rota meg bort? Går den an å snu seg? Vende om? Finne heim att? Heim att til Far – han i himmelen. Gud.

Kanskje har du alltid vore hjå Gud? Kanskje har du heile livet levd i trygg tillit til di dåpspakt. Du veit kven du trur på. Du kviler hjå Gud.
Då har du det kanskje som den eldste sonen vi også har lese om. Den heimeverande sonen. Han som var hjå Far i trufast teneste medan den yngre broren hans sløste bort farsarven i eit vilt og utsvevande liv.
De to brørne levde veldig ulikt med sine liv. Kvar av dei brukte sin frie vilje til å gjere slik kvar av dei syntes var fornuftig. Ingen av oss vil protestere på at det var den heimeverande sonen som valde rett.

Likevel står heller ikkje den heimeverande sonen igjen som noko ideal når vi les denne likninga. Tvert i mot. Kva var i vegen med han då?
Jau, han bar på slike eigenskapar som misunning, sinne og irritasjon. Han var sta, sjølvgod og bitter. Dette kjem tydeleg fram når han anklagar faren for å ta så vel i mot den angrande broren som til slutt vender heim. Ja, så ille var han angripen av desse slette eigenskapane at vi rett og slett ikkje veit om han til slutt vart ståande utanfor når den store gledefesten for brorens heimkomst tok til.

To brør: Med den eine gikk det nedanom - og heim!
Med den andre vart det berre heime.
Den eine var ein grov syndar. Han levde eit vilt liv. Han sløste bort farsarven på fest og horeri.
Men den andre? Han var også ein grov syndar. For han bar på misunning, sinne og irritasjon. Han var sta, sjølvgod og bitter.

Kven av dei to var den største syndaren?
Ja, spelar det eigentleg noka rolle?
For dei to hadde begge den same far. Den same far som elska dei like høgt.
For faren var det ingen skilnad. Han visste  om alt som hadde skjedd med den yngste. Og han såg den eldste sonen sin rett i augo mens alt det negative som budde i han lyste i mot faren.

Men faren var berre god og kjærleg. Mot den bortkomne sonen. Mot den heimeverande sonen.
Det er den kjærlege faren det dreiar seg om i denne likninga. Ikkje om nokon av sønene. Det handlar om han som rettar armane ut mot dei begge to og forkynner:

"Barnet mitt! Du er alltid hos meg, og alt mitt er ditt. Men nå skal vi holde fest og være glade…."

Du er alltid hos meg, og alt mitt er ditt.
Dette er dei ord som må være sanne om deg og meg. Uansett kven av dei to brørne vi liknar på. For det spelar inga rolle om vi har rota oss bort frå Gud på vår veg gjennom livet. Om synda vår er av det slaget som folk reagerer på, fordi vi vert så synlege syndarar der vi rotar rundt i søla saman med grisane, eller om vi er av den typen menneske som makter å løyne vår synd bak ein pynteleg fasade. Uansett så er vi syndarar. Uansett er vi til og med store syndarar. Slik begge de to brørne var det.

Men ein gong vart vi syndige menneske gjort til Guds born. Det hende i dåpen. Då vart Gud vår himmelske far. Og vår Far i himmelen står i dag med opne armar retta ut mot kvar einaste av sine born. Han ynskjer oss velkomen heim. Heim der det er godt å være. Trygt å være.

Og så dukar han bord for oss. Festbord.
Akkurat i dag har vi ikkje dekka nattverdbordet i vår kyrkje. Men det gjer vi nesten kvar einaste søndag. Då er det ingen gjøkalv på menyen. Men vi vert serverte frå sølvfat og frå sølvkalk. Vi drikk av sølvbeger. Den dyraste mat som nokon gong er sett fram på noko bord. Nattverdens brød og vin. I dette måltidet er vår himmelske Far. Der gjer han seg til eitt med oss gjennom Jesu lekam og blod som er eitt med brødet og vinen.

Kanskje har du heimlengt i dag? Kanskje har du vore borte ei tid? Ikkje så langt borte at du hamna i rennesteinen. Ikkje slik at du levde som ein gris. Men ein snartur over ei grense du veit med deg sjølv at du ikkje skulle ha kryssa.
Du lengtar inn att i fellesskapet som fekk ein knekk. Du vil så gjerne vere trygg på at Gud framleis ser deg. At han rettar armar mot deg også på denne søndagen


I bøna vi snart skal be - og deretter: I skriftemålshandlinga der du får tilsagt nåde for synder, får du ein sjanse til å kome på nytt. Høyre orda frå Far Orda om at han tilgjev. Han reiser opp. Gjev deg ein ny start, slik den bortkomne i likninga fekk det.

Gud er her i dag. Han talar til oss alle no når vi les Ordet og forkynner det.
Han er her og lyttar når du lovsyng gjennom salmane du er med i.

Han kjenner deg allereie før du formar bøner i hjarta ditt. Han har opne armar mot oss alle. Bortkomne eller heimeverande søner og døtre. Han lengtar etter å møte oss. Opne armar mot oss. Kysse oss velkomen heim. For gjøkalven er slakta for vår skuld. Jesus var namnet til han som slik let livet. Han som også er vår bror!

søndag 20. oktober 2013

Vår neste? Kven.... ?

22.s. i treeiningstida. III. 20.10.2013
Biskopshavn
Lukas 10,25-37

Kanskje tenkjer ein og annan at vi skal ha søndagskule no. I lag med den barmhjertige samaritan. Dette er ei av dei klassiske søndagsskuleforteljingane. Her finn vi røvarar. Vi har ein såra mann. Vi har slemme og snille folk. Dette er barnebiblen. Eg håpar du tenkjer litt annleis når denne gudstenesta er over.
Dette er for born. Men det er mykje meir til oss vaksne.

For i dag las vi ikkje berre denne forteljinga, likninga, som Jesus løftar opp for oss. Vi har lytta til ord frå GT også. Ord frå Gud, formidla gjennom Moses. Ord som også ei kristen kyrkje må ta til seg og leve etter:
Herren sa til Moses:  Tal til hele Israels menighet og si til dem: Dere skal være hellige, for jeg, Herren deres Gud, er hellig. …..
Når en innflytter bor i landet hos dere, skal dere ikke gjøre urett mot ham.  Innflytteren som bor hos dere, skal være som en av deres egne landsmenn. Du skal elske ham som deg selv. For dere har selv vært innflyttere i Egypt. Jeg er Herren deres Gud. (3.Mos 19)

Så har vi lese frå Jakobs brev. Eit kort lite brev, langt bak i Bibelen. Berre fem kapittel. Skrive av Jakob, Jesu bror. Men lite kjent mellom vanlege bibellesarar.
Jakob seier i dag: (Jak, 2)
Mine søsken! Dere kan ikke tro på vår Herre Jesus Kristus, herlighetens Herre, og samtidig gjøre forskjell på folk.
Hør, mine kjære søsken: Har ikke Gud utvalgt de fattige i verden til å være rike i troen og til å arve det riket han har lovet dem som elsker ham?  Men dere har foraktet den fattige!

Men altså: Framfor alt - Vi møter samaritanaren i dag. Den barmhjertige, eller miskunnsame, samaritanaren. Han som Jesus har gjort verdensberømt. Kjent av born og vaksne over heile verda, langt utanfor kyrkjemurar og søndagsskuleklassar.

Men vi kjenner  andre samaritanar også.
Ein annan som vi hugsar var han som vart frisk etter eit møte med Jesus. Han - i lag med ni andre. Men denne eine samaritanaren var den einaste av dei ti som Jesus lækte som kom tilbake for å takke Jesus for det han hadde gjort. Han som var takksam, var han som Jesus omtala som «- denne fremmede som vendte tilbake for å gi Gud æren»
(Luk 17,18)

Samaritanarane var framande. Dei var av eit folkeslag som Jesus gjer til førebilete for sine jødiske landsmenn.
Ein av desse framande var samaritanaren som var miskunnsam, barmhjertig. Framande. Gjennom det vi les frå Guds ord denne søndagen er framand ein raud tråd. Framand. Fattig. Forakta.
Moses. Jakob. Jesus. Dei set lyskastaren på denne gruppa i dag. Dei framande. Dei fattige og forakta.

Framande. Eit lada ord i vår tid. Eit politisk vanskeleg ord. Eit ord dei sleit med, dei som rydda regjeringskontora sine i hovudstaden i veka som gjekk. Eit ord dei skal slite med, dei som fekk overrekt nøklar til dei same regjeringskontora då dei gamle flytta ut.

Dette er også eit ord dei veit kva betyr, dei få sjelene som bur på Lampedusa nede i Middelhavet, og som er vitne til framande lik som skyl i land på strendene. Eit ord den italienske statsministeren har måtte tenkje gjennom på ny. For mange av dei framande i verda, er flyktningar. I Italia har det vore forbode å hjelpe flyktningar. Vi får tru det vil endre seg når stasministeren kom på betre tankar etter kvart som  kistelagera tok til å tømmast.
I BT i veka som gjekk (15.10.2013) las eg at Sverige tek mot 15.000 flyktningar i året frå Syria. Irak tek mot 200.000,og fattige Libanon 700.000.
I vårt eige land, det rikaste på kloden, bråkar vi om å ta mot 1000 ekstra kvoteflyktnigar. Vi har ikkje råd.

Eg kjenner ikkje likningsattesten til den barmhjertige samaritan. Men han sa til herbergeeigaren om han som hadde falle mellom røvarar: «Sørg godt for ham. Og må du legge ut mer, skal jeg betale deg når jeg kommer tilbake.»

Kvifor fortel Jesus denne likninga? Er det for å lære oss noko om kven som er god? Og kven som er skurkar? Er det for å gje nokre lettvinte poeng til bruk for dei som vil kaste skuggar over prestestanden? Jesus seier faktisk noko om at ein prest ikkje brydde seg, men gjekk forbi den skamslegne som hadde hamna mellom røvarar.

Utganspunktet for alt dette var noko mykje meir. Det var den lovkunnige sitt innsteg mot Jesus med det livsviktige spørsmålet: 
”Mester, …. hva skal jeg gjøre så jeg kan arve evig liv?”

Det var spørsmålet. Utganspunktet. Evig liv. Det handlar ikkje om noko mindre.
Svaret som Jesus gav, handla om å vere der når vår neste har bruk for hjelp. Om å stogge, og om aldri å oversjå eller ta lettvint på dei som ligg skamslegne langs vegen og har falle mellom røvarar.

Eg ser for meg mange vanlege nordmenn som er skamslegne av samfunnet rundt dei. Av arbeidskameratar som mobba, av klassevenninner som er ufine på Facebook. Ein gut har ein far som slår både han og mor hans. Eg ser nokre som er mishandla av kong alkohol. Andre av byråkratiet som var ugjennomtrengjeleg.  På ein grenseovergang vart nye nordmenn stogga av ein politisk knyttneve.
Rundt alle desse er vi der i dag. Vi frå kyrkja; både prestar, soknerådsmedlemer, kantor og konfirmantar som er under opplæring.
Og vi er der, alle vi som finn vegen til gudsteneste på søndagen.
Utfordringa til å gjere noko for alle desse som har hamna mellom røvar møter oss denne søndagen.  Vi går i oss sjølve og spør: Greidde vi det? Var vi til hjelp? Eller gjekk vi forbi?
Kven er vår neste? Eg spør oss alle som vil lytte, høyre og lese Jesu umåtelege utfordring gjennom forteljinga om den miskunnsame samaritanen

Eg spør opp att: Kven er vår neste? Kven har hamna mellom røvarar?

Kanskje er den som fall mellom røvar ingen andre enn han som vart krossfesta mellom røvarar. Han som fekk dødelege sår i hender og føter og side. Han som ikkje overlevde krossen, men som likevel overlevde døden.

Det står sterke ord i vår Bibel om å syne nestekjærleik. Og det står sterke ord om at den som viser kjærleik mot sin neste, samstundes viser kjærleik til Gud og til Jesus.
I dag har vi lese desse orda, første gongen uttala av Moses som ord frå Gud (5.Mos. 6,5) og seinare forsterka og repetert av Jesus sjølv:
«Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av all din kraft og av all din forstand, og din neste som deg selv.»
Og når vi les dette, kan vi ikkje oversjå dei orda som Jesus ein annan gong sa om seg sjølv i Matt.25,40: « Sannelig, jeg sier dere: Det dere gjorde mot én av disse mine minste søsken, har dere gjort mot meg.»

Det er ein uløyseleg samanhang mellom evig liv og han som fall mellom røvarar. Mannen mellom røvarar treng hjelp. Menn og kvinner på flukt treng hjelp. Dei fattige og forakta treng hjelp. Det er di og mi teneste. Det er å syne nestekjærleik. Det er nok av desse langs vår veg gjennom kvardagen.

Og så lærer altså Jesus oss: Det evige livet ligg m.a. i det å syna kjærleik mot desse som kjem i vår veg, såra, skada og nedbrotne.
Det handlar om vårt forhold til dei framande. Innflyttarane. Korleis møter vi dei?
Du kan vere der med di omsorg og di hjelp. Med dine bandasjar.
Eller også med di forakt. Dine harde ord. Med ei lukka lommebok.

Men til slutt: Det meste forunderlege: Han som vitterleg fall mellom røvarar, han som døydde i Jerusalem, han  møter oss både i vår neste, og han møter oss i kyrkja gjennom sitt ord, og med si velsigning og med sitt kall til etterfølging. Her skal vi skal følgja vår Herre og Meister.
Må Gud gje oss visdom og nåde til å sjå dei som ligg langs vegen.
Må Gud gje oss nåde til å vinne evig liv.
Han som fall mellom røvarar kan gje oss dette livet.

Jesus sa til den lovkunnige om samaritanaren vi har delt denne søndagen med: «Gå du og gjør som han.» Dette må vi lytte til på den 22.s. i treeiningstida.


søndag 15. september 2013

Liv før død

17. s. i treeiningstida. 15.09.2013
Eidsvåg (ungd.gudstj.)
Fil.1,20-26
Vi syng mange glade påskesalmar i dag. Om at Jesus stod opp. Vi syng Halleluja både her og der. Det er det grunn til.
Ute er det haust. Eg gjekk til bussen no nett før helga. Det kom nokre kraftige vindkast, og lauv frå trea raste ned over meg. Det er grønt enno. Men det vert snart gult. Og gult. Og brunt. Og så svart på trea når haust skal bli til vinter. Når den vesle forsmaken på haust som vi alt har fått over oss, vert til haust på skikkeleg vis.

Midt oppe i dette har vi kvart år ein søndag der det handlar om at det som døyr skal få nytt liv. Det handlar om oppstandelse frå dei døde. Slik Jesus stod opp ein gong, slik skal vi stå opp. Livet skal sigre. Difor kallar vi søndagen i dag, den 17. i treeiningstida, for haustens påskedag.
Det er godt å tale til mange unge menneske om at livet skal sigre. Vi las nettopp om Jesus som vakte dotter til synagogeforstandaren til nytt liv. Vi høyrde desse forunderlege orda frå Jesu munn: «Talita kumi!» Det betyr: «Lille jente, jeg sier deg: Stå opp!» Straks reiste jenta seg og gikk omkring; hun var tolv år gammel.
Vi skal ikkje møte kyrkja sine unge med ord om døden. For dei unge skal leve. Livet skal blomstre. Framtida skal vere som ein vår, lysande grøn. Ny og spanande.
Men vi veit at døden er der. Av og til stikk ei kald og kvass klo frå døden handa fram og røvar frå oss, ikkje berre bestemor eller farfar, men ein venn eller ei venninne. Like ung som du sjølv. Eller yngre. Tolv år var dotter til synagogeforstandaren. Ho vi las om i Markusevangeliet. Det er forferdeleg når det skjer. For unge skal leve. Leve og blomstre. Bere frukt. Om att og om att gjennom mange år.

Kanskje er det nokre av dykk som høyrer på meg no som har epletre i hagen heime. Nokre av trea kan vere heilt nye. Planta for få år sidan. Kvar haust ser vi at epla vert modne. Det er liv i treet. Slik er det mens treet enno er ungt. Men det kan kome svære  mengder frukt, også frå gamle tre. Så lenge det er liv, kan vi vente frukt.
I dag har vi helsa på apostelen Paulus.
Han er ein utruleg viktig person for den kristne kyrkja. Breva han skreiv til dei aller første kristne kyrkjelydane rundt Middelhavet berre få år etter at Jesus var faren opp til himmelen, inneheld stoff som aldri vert uaktuelt. Orda hans er ikkje spesielt moderne. Ikkje lette å forstå, av og til direkte vanskelege. Nokre gonger også provoserande. Men aktuelle. Veldig aktuelle, til og med for unge som lever akkurat no.
Vi har i dag lese ord av Paulus som på ingen måte er lette å forstå. Han går nærmast inn i ein diskusjon med seg sjølv. Er det best å dø, eller er det best å leve?
Vi som les det i dag klør oss i hovudet. Går det i det heile an å tenkje slik? Paulus skriv: Å leve er for meg Kristus, og å dø er en vinning

Å dø er ei vinning.
Heldigvis er det ikkje slik frisk, norsk ungdom tenkjer. At det er ein fordel å dø gjev berre meining om ein vert så sjuk at livet er aldeles uråd å halde ut. Det kan skje. For unge. Og mykje meir for dei aller eldste. Det kan skje at døden kan vere ein utfriar frå eit smertefullt sjukeleie.
Men det normale er at livet er det største. Det rikaste. Det vi skal gle oss over.
Skal vi forstå kva Paulus meiner med at døden kan vere eit vinnarlodd, så må vi vite noko om at den gongen han skreiv dette, så var det ei sterk tru og ei sterk forventning til at Jesus skulle kome tilbake. At han skulle samle dei som trudde på han rundt seg i eit nytt liv. Bak døden. Difor seier Paulus også:
Jeg kjenner meg trukket til begge sider: Jeg lengter etter å bryte opp og være sammen med Kristus, for det er så mye, mye bedre.

Vi kan lære av dette. Vi kan lære at bak døden ventar noko godt. Eit nytt liv. Ei nyskapt jord. Det som er fullkome utan alt som kan vere vondt og vanskeleg mens vi lever her.
For ein som trur på Jesus er det meiningsfullt å sjå fram til det evige livet.
Men først må vi leve dette livet. Først skal vi gle oss over livet Gud har gjeve oss. Det som skal utfaldast mens vi er unge. Det som skal blomstre når vi er vaksne. Livet som skal gje frukt. Det livet som sakte men sikkert skal visne og falle bort. Som lauv på trær om haust. Litt etter litt vert vi plukka av. Nokre få litt tidleg. Det meste rett før det vert vinter.
Paulus leikar med tanken: Kva er best: Å dø eller å leve?
Det er aldri tvil om kva som er hans konklusjon:
Å leve er for meg Kristus, og å dø er en vinning. Men hvis jeg får bli i live, kan jeg gjøre et arbeid som bærer frukt, og da vet jeg ikke hva  jeg skal velge. Jeg kjenner meg trukket til begge sider: Jeg lengter etter å bryte opp og være sammen med Kristus, for det er så mye, mye bedre. Men for deres skyld er det mer nødvendig at jeg fortsatt får leve. Og fordi jeg er trygg på dette, vet jeg at jeg skal bli i live, ja, bli hos dere alle og hjelpe dere til fremgang og glede i troen.

Paulus vil hjelpe oss til framgang og glede i trua.
Det er det vi så gjerne vil hjelpe dei kristne i Eidsvåg til også.
Unge kristne. Konfirmantar. Ungdomsleiarar. Vaksne. Soknerådsmedlemer. Dei tilsette  i kyrkjelyden.
Vi skal leve. Vi skal utfalde livet. Mellom venner. Heime  i vår familie. På skulen eller på jobben. Livet kan bere god frukt også når det er levd gjennom mange år, slik eit gamalt frukttre også kan bugne av det som er godt å ete.
Vi skal be om ein ny vår. At det må spire og vekse og kome frukt av det vi er i lag om i kyrkja. At Jesus kan verte stor for oss. At vi kan lengte etter å leve tett i lag med han. Mens vi lever her og no. Og når vi ein gong stig inn i den aller siste haust. Når vinteren kjem i livet vårt. Når døden hentar oss.
Men også då er det håp. Då skal vi gå over den grensa som ingen kjem tilbake frå. Den grensa som heiter døden. Men vi trur at bak der ventar han på oss, han som er Herre i våre liv og som er Herre over døden. Han som er så sterk at når den evige våren lysnar bak dødens vinter, så skal han stå ved kvar einaste grav og det skal lyde slik ved dørstokken til eit nytt og evig liv: «Talita kumi!» Det betyr: «Lille jente, jeg sier deg: Stå opp!» Straks reiste jenta seg og gikk omkring; 


søndag 8. september 2013

Visdomen

16. s. i treeiningstida III. 08.09.2013
Åsane
Matt 11,16-19

Eg hugsar spelemann på taket, denne flotte jødiske musikalen som gjekk på teateret. Eg hugsar Lasse Kolstad som spela hovudrolla. Eg hugsar den fengjande teksten og melodien – ”Om eg var ein rik mann”. Men i hovudet mitt har den teksten endra seg framfor denne søndagen. Om att og om kjem litt andre ord til meg: ”Om eg var ein vis mann…”

Å vere klok og vis er stort og godt for eit menneske. Visdom er mangelvare. Eg trur om meg sjølv at eg er så pass klok og vis er eg at eg innser at det er langt fram for mitt vedkomande i alle fall, før eg ville våge å kalle meg for ein vis mann.
Eg ser rundt meg. Litt forskrekka, for eg ser ikkje så veldig mykje visdom. Derimot ser eg at ynskje til Lasse Kolstad og Tevje frå teaterscena har gått i oppfylling for veldig mange. Han ynskte seg rikdom. Det er det mykje av rundt meg. Til glede for mange. Men visdom? Kan nokon peike på visdom for meg? Verkeleg klokskap. Nokre stader må den vere å finne. Det er eg sikker på.

Eg har opna den store boka framfor søndagen i dag. Eg har lese i Bibelen. Eg har lese tre avsnitt som vi også har delt i denne gudstenesta.  Her høyrer vi om Visdomen. Og det er nettopp i møte med det vi les i dag at tankane mine har fått fart på seg. Kvar er denne bibelske Visdomen som vi les om? Har eg del i den? Eller er det eg som er prest som manglar visdom, mens tilhøyrarane i kyrkjebenkane har fått del i den bibelske innsikt, klokskap og visdom? Korleis i all verda skal vi nærme oss dette temaet? Desse avsnitta frå Bibelen som er tema på denne gudstenestesøndagen gjer at tankane mine formar seg til ei bøn – eit rop til Gud: ”Om eg var ein vis mann…”

Eg les nærmare det siste vi nettopp høyrde av dagens tekstar. Desse forunderlege og omtrent ubegripelege orda av Jesus om borna som spelar fløyte og syng sørgjesongar. Kva er det dei driv med? Kan det vere at dei leikar bryllup og gravferd? I så fall kan jo eg som prest blande meg i leiken, for det kan eg faktisk ein del om.
Men borna vil ikkje leike dette. Dei ville ikkje danse som i bryllup. Dei ville ikkje sørgje som i gravferd. Forunderlege ord. Kva betyr det?

Eg kan igjen sukke til Gud: ”Om eg var ein vis mann…”
Eg forstår det ikkje heilt. Eg må berre seie det som det er. Men eg anar at Jesus rett og slett kritiserer samtida si for noko. Han brukar uttrykket ”denne slekt” – eit negativ lada uttrykk slik eg tolkar det. Det er ei vrang slekt. Dei vil ikkje vere med på leiken. Ikkje vil dei danse. Ikkje vil dei gråte. Dei vil gjere som dei sjølve vil.
”Denne slekt” på Jesu tid minner meg straks om ”denne slekt” i vår tid. Vi gjer som vi vil.  Vi dansar til vår eiga pipe. Rett og slett.
Men så introduserer Jesus dette ordet som går att i alle dei tre tekstane vi har føre oss. Visdommen. Men Visdommen har fått rett, det bekrefter gjerningene hennes.
I hovudet mitt svirra det enno ein gong: ”Om eg var ein vis mann…”
Så ser eg noko her. Visdommen er ingen mann. Visdommen er ei kvinne. Men Visdommen har fått rett, det bekrefter gjerningene hennes. ”Hennes” – det peikar tilbake på ordet Visdom. Visdommen er hokjønn.
Tenkte eg det ikkje….

Eg tek til å lese meir om Visdommen i Bibelen og ser at det i alle fall må vere ein person. For blar vi opp i Salomos ordspråk der ein av tekstane våre i dag er henta frå, så les vi mykje meir om Visdomen. Sårleg viktig er det for oss å lese kapittel 8 i Ordspråka.
Høyr litt av det vi les der: (Ordsp 8,1-2+4-5)
Hør, Visdommen roper, forstanden løfter sin røst.      
Visdommen stiller seg på toppen av høydene, ved veien, der stiene møtes.
Dere menn, jeg roper til dere, min røst når ut til menneskene.
Lær klokskap, dere uerfarne, få forstand i hjertet, dere dårer!

Visdomen ropar til menn, les vi. Ei klok kvinne som lokkar på mannen…
Men viktigare enn kjønn er det å finne ut kven Visdommen eigentleg er. Lenger ute i kap 8 i Ordspråka les vi om at Visdomen ser ut til å ha eksistert til og med før verda vart skapt. Ja, Visdomen synest å vere ein del av sjølve guddommen, skaparkrafta.
Herren bar meg fram som sitt første verk, før hans gjerninger i fjerne tider.
Jeg ble født da dypene ikke fantes og de vannrike kildene ikke var til.
Jeg var der da han grunnfestet himmelen og risset opp himmelranden over dypet, (Ords 8,22.24-25)

Eg leitar der visdom normalt skal vere å finne. Eg leitar i bøker, og då finn eg snart at det står noko om at denne personifiserte Visdom som i Ordspråka er framstilt som ein person eller ei kraft som var der allereie før skapinga; denne visdom har sterkt påverka oppfatninga av det som dei gamle grekarar kallar for Logos, det som i vår Bibel er omsett med Ordet med stor O, slik vi les om det i juledagens Johannesevangelium – Ordet, Logos, som vart menneske.
I begynnelsen var Ordet. Ordet var hos Gud, og Ordet var Gud.
Han var i begynnelsen hos Gud.
  Alt er blitt til ved ham, uten ham er ikke noe blitt til.(Johs 1,1-3)
Visdommen kan altså vere Logos. Visdom kan altså vere Gud.
Gud som er mann. Visdommen som er hokjønn.
Ordet som vart menneske. Visdommen som vart menneske. Visdommen – kan det rett og slett vere Jesus sjølv, han som var med ved skapinga?
Og i så fall - korleis skal vi tenkje om Gud som kjønnsvesen? Mann eller kvinne?

Eg kjenner meg langt frå vis nok til å konkludere i desse spørsmåla som reiser seg, men eg anar at det ligg noko der. Noko djupt som vi treng Visdom og innsikt for å kome lenger ned i. I alle fall synest det for meg som om vi må gje opp alle tankar om at Gud er som ein av oss. Sjølvsagt er han ikkje det – for det har faktisk Jesus sagt noko om. Noko om at ikkje vi ein gong skal vere slik som vi er no, kjønnsvesen, når vi kjem til himmelen:  Jesus svarte dem: «Dere farer vill fordi dere ikke kjenner skriftene og heller ikke Guds makt. 
For etter oppstandelsen verken gifter de seg eller blir giftet bort; nei, de er som engler i himmelen.
(Matt, 22,29-30)
Men Visdommen har fått rett, det bekrefter gjerningene hennes.
Det er dei konkluderande orda til Jesus i evangelieteksten denne søndagen.
Det kan vere mykje som tyder på at når Jesus brukar begrepet Visdommen, så er det ein måte å peike mot seg sjølv på. Det er Jesus som er den verkelege visdom. Den som går utanpå all anna jordisk visdom.
Ikkje minst apostelen Paulus, som mange stader brukar dette begrepet, seier noko om det.
I orda vi høyrde lese tidlegare i dag frå 1.Kor 1 stod det bl.a.:  -jøder spør etter tegn, og grekere søker visdom,  men vi forkynner en korsfestet Kristus.
Han er en snublestein for jøder og dårskap for hedninger, men for dem som er kalt, både jøder og grekere, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. (1.Kor 1,22-24)
Kristus er Guds kraft og Guds visdom.
Kanskje er det denne bodskapen vi framfor alt skal ta inn over oss i dag?

Eg ynskjer at eg var ein vis mann. Andre har ynskt som Tevje i Spelemann på taket: ”Om eg var ein rik mann”. Verda har mykje å by. Mykje vi kan ynskje oss. Rikdom. Visdom. Ære. Makt. I dag og i morgon går nordmenn mann og kvinne av huse for å gje makt til dei som søkjer makt for å styre oss og å styre landet vårt.

Det må rett og slett vere noko anna det handlar om.
Eg har sukka etter visdom. Det står sikkert mykje att enno før eg ser alt. Men framfor meg opnar orda seg; dei som Paulus skreiv til dei kristne i Korint:
Hvor er da de vise, hvor er de skriftlærde, hvor er denne verdens kloke hoder?
Har ikke Gud vist at verdens visdom er dårskap?  For da verden ikke brukte visdommen til å kjenne Gud i hans visdom, besluttet Gud å frelse dem som tror, ved den dårskapen som vi forkynner.  For jøder spør etter tegn, og grekere søker visdom, men vi forkynner en korsfestet Kristus. Han er en snublestein for jøder og dårskap for hedninger, men for dem som er kalt, både jøder og grekere, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. For Guds dårskap er visere enn menneskene, og Guds svakhet er sterkere enn menneskene..
Den største visdom frå Gud handlar om det som mange menneske oppfattar som dårskap.
Den største visdom frå Gud handlar om han som sjølv er Visdomen. Han som let seg krossfeste og som gjekk i døden for å frelse ei heil menneskeslekt.
 Å, dyp av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Hvor uransakelige hans dommer er, hvor ufattelige hans veier! (Rom. 11,33)

AMEN

søndag 18. august 2013

Utvald til å bere frukt

13. s. i treeiningstida III. 18.08.2013
Salhus
Johs. 15,13-17

Det er stort å vere utvald. Få lov å representere noko. Ofte noko større enn seg sjølv. I desse dagar kjempar politiske parti for at du skal velje nettopp eit av dei. At du skal velje blått, raudt, gult eller grønt. Dei utvalde frå kvart parti skal til slutt representere deg eller ditt fylke i landets fremste forsamling, Stortinget, Nasjonalforsamlinga.
Andre kjempar for å få flagget på brystet når landslag skal veljast ut, eller å få aksle ei klubbdrakt på ei idrettsbane.
Den eller dei som på denne måten vert utvald kan innta sin posisjon fordi dei gjorde seg fortente til det. Dei skaffa seg tillit. Dei presterte så godt at det var uråd å la dei sitje att som tilskodarar.
I dag har vi vore vitne til ei utveljing som er fullstendig uavhengig av prestasjon eller forteneste. Tre småborn vart borne fram i kyrkja. Ingen av dei ana kva dei var med på. Kanskje har dei vore litt ekstra stressa dei siste dagane mens foreldre eller besteforeldre har ståka rundt dei for å lage til dåpsfest? Kanskje protesterte dei ørlite mot den uvande kvite dåpsdrakta? Men ingen av dei ana kva som hende.
Men dei vart valde ut. Av Gud sjølv. Og av foreldre som ville at det skulle vere slik. Av dykk som har fått med dykk det Jesus ein gong sa til alle foreldre, og som de sjølve også vart ein del av då de vart døypte. Jesus har sagt: «Lat småborna koma til meg.» Han har også sagt: «Guds rike høyrer slike til».
I dag seier Jesus til oss alle gjennom det som er tekstordet vi har fått å dele med alle som går til kyrkje i landet vårt: De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, ei frukt som varer.
Utvald til å bere frukt. Det skal vi snakke om i dag. Om at Jesus har vald oss ut til å bere frukt for han og for hans rike.
Å bere frukt er eit eige bibelsk begrep. Eit viktig begrep. Heile 24 gonger finn vi dette uttrykket i Bibelen. Det er ikkje tilfeldig, og det handlar om noko meir enn det epledyrkarane i Sogn eller morellplukkarane i Hardanger tenkjer på no utover hausten. Frukta det er snakk om, er noko som Bibelen sjølv definerer for oss. Andens frukt vert den gjerne omtala som, slik vi kan lese om det i Gal. 5,22 der Paulus utrykkjer det med desse orda:  Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.
Å bere frukt i bibelsk forstand – å bere frukt som Jesus har utvald oss til å bere, det er altså noko heilt konkret, og det handlar framfor alt om den edlaste av alle Andens frukter: Kjærleik.
I samband med at vi som er litt ekstra opptekne av det nynorske språket nettopp har feira 200-årsdagen til Ivar Aasen, las eg at for eit tid sidan vart det vakraste ordet i det nynorske språket kåra. Det ordet var «kjærleik»
Kjærleik. Eit vakkert ord. Ei edel frukt. Det som skal vere frukta av at vi kallar oss kristne. Det som skal vekse fram av at vi i dag har døypt tre nye menneske inn i den kristne kyrkje, lagt dei i Guds hender som slik vel dei ut til å representere han, til å spele på hans lag, til å bere frukt for Guds rike, kjærleikens rike frukter.
Det er ei forunderleg linje i alt dette. Dåpsborna sjølve er nettopp frukter av kjærleik. Av kjærleiken mellom dykk som er foreldre. Mann og kvinne fann saman i kjærleik, og borna er den aller fremste frukta av denne kjærleiken.
Ingen ting i dykkar liv vil nokon gong kome til å overstige den kjærleiken de har til desse små. De har allereie kjent på det gjennom dei månadene de har hatt den vesle i armane dykkar. Det vil berre vekse seg enno sterkare i tida framover. De er som foreldre utvalde til å syne kjærleik til borna dykkar. Det aller beste svaret på dette er det vi har sett i dag då de ved døypefonten la dei over i Guds hender.
Men kjærleik er enno meir enn forholdet foreldre-barn.
Kjærleik er ei frukt av det at vi er døypte til å høyre til hjå Gud.
Det å vite at Gud har elska oss høgare enn vi er i stand til å elske våre eigne born, det skapar eit svar hjå oss; eit svar til Gud. Svaret er meir kjærleik, også frå oss, retta mot Gud og utausa over våre medmenneske.
Utvald til å bere frukt.
På ein dag med fleire dåpsborn legg vi inn over dykk som er foreldre og fadrar til dåpsborna: Ta på alvor det ansvaret de har for å fremje ein god haust. Gud har først vald ut dykk gjennom dykkar eigen dåp til å vere hans fruktberande medarbeidarar. Dette skal de no ta vidare med dykk når vekstvilkåra for dåpsborna skal verte best mogleg. Frøet er sådd. No skal det odlast og dyrkast fram. No skal de hjelpe til så veksten kjem. Så frukta av Den Heilage Ande som verka gjennom dåpen kan vekse fram: Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap, audmjukskap og sjølvdisiplin.
Men vi er mange fleire enn dåpsfølgja her i kyrkja i dag.
Utveljinga til å vere Jesu Kristi fruktberarar er noko som angår oss alle. Det handlar om at det skal vekse kjærleik frå oss som enkeltmenneske. Kjærleiken skal berast i bognande fruktkorger frå dette kyrkjehus og denne kyrkjelyd. Den edlaste av alle Andens frukter. Viktigast av alt det Jesus talar om. Det som Jesus har lagt inn over oss i det doble kjærleiksbodet – det om å elske Gud og vår neste som oss sjølve.
- eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt seier Jesus i dag.
Tidlegare i gudstenesta las vi frå Apostelgjerningane om korleis apostlane valde ut dei første diakonane. Dei som skulle gjere teneste ved borda, for at læresveinane skulle få tid til å reise rundt og forkynne ordet, evangeliet om Jesus Kristus. (Apgj 6,1-7)
Denne forteljinga er fasinerande lesing som vi gjerne skulle hatt tid til å fordjupe oss i. Det handlar om at nokre vart utvalde til ei heilt spesiell og viktig teneste i den kristne kyrkja. Det var den tenesta som hadde ansvaret for å hjelpe dei svakaste. Gje mat til enkjer og familiar med særleg trong for omsorga frå kyrkjelyden.
Mange forventa at Jesu læresveinar skulle gjere både dette praktiske arbeidet, omsorgsarbeidet, samstundes som dei skulle fare rundt med vitnemålet i ord – forkynninga. Det var ikkje tid for dei til alt dette. Difor les vi om denne spesialiseringa av tenestene innan kyrkja. Nokre fekk ansvar for å forkynne. Andre for å stå for den praktiske omsorgstenesta.
Seinare har vi hatt denne oppdelinga i kyrkjeleg aktivitet. Seinare har diakonien – omsorgstenesta, kjærleikstenesta, hatt ein heilt spesiell funksjon i den kristne kyrkjelyden.

Eg har utvald dykk, seier Jesus i dag.
Det er stort å vere utvald. Få lov å representere noko. Det var orda eg innleia denne preika med.
Eg kjenner ikkje til nokon det er større å vere ein representant for enn Gud. Eg kjenner ingen som har representert Gud betre her i denne verda enn Jesus Kristus, hans eigen son. Om han står det at han har så stor kjærleik at han gjev livet sitt for venene sine.
I dag vil Jesus ha med deg med på sitt lag. Han minner oss på, gjennom det vi i dag var vitne til ved døypefonten, at ein dag vart kvar av oss iførte ei snøkvit klubbdrakt som gjorde oss til likeverdige medspelarar.

Kanskje har vi gjennom livet som så langt er levd, flekka drakta til? Men Jesus reinsar oss i så fall på nytt og på nytt. For han vil at vi skal vere på hans lag, og bere fram dette som laget vårt, kyrkja vår, har som oppgåve å få fram i lag: Andens gode frukter. Dei som varer. Og fremst av dette er kjærleiken.
AMEN.

søndag 28. juli 2013

Tilgje - Lite ord. Stort innhald

10. s. i treeiningstida III. 28.07.2013
Åsane
Mark. 11, 25-26
To søndagar på rad har vi helsa på to brødrepar som har møtt oss gjennom tekstlesingane i kyrkjene våre. Sist søndag fekk dei som då var i kyrkja høyre om Kain og Abel. (1.Mos 4,8-15) Sønene til Adam og Eva. Det første søskenparet. Vi vart konfronterte med familieidyllen som rakna totalt. Om missunning. Om grunnlause mistankar som enda med at bror drap bror. Eit av dei styggaste ord i språket vårt fekk reelt innhald: Ordet brodermord. Kain drap Abel.

I dag er det to andre brør frå GT som har stige ut frå sidene i Bibelen og stått ansikt til ansikt med lyttande kyrkjefolk landet over. Det har handla om Esau og Jakob. (.Mos 33,1-11) Det var også to brør som fekk eit tynnslite forhold seg i mellom etter at yngstemann, Jakob, på finurleg vis hadde lokka den gamle far deira, Isak, til å velsigne Jakob i staden for Esau. Vi kunne brukt mykje tid til å filosofere kvifor Isak ikkje også hadde ei velsigning til Esau etter at luringen Jakob hadde vore ute med fantestrekane sine. Det kan vi ikkje gå inn på her. Men vi hugsar at Esau vart rasande slik at Jakob rett og slett måtte røme frå slekta si med reell frykt for at også han skulle verte offer for brodermord. ”Esau sa i hjartet sitt: Snart kjem dagane då vi skal sørgja over far min. Då skal eg drepa  Jakob, bror min” står det i 1.Mos.27,41

Mykje hende gjennom mange år der Jakob heile tida var på rømmen. Jakob vart rik. Jakob fekk familie. Det gjekk han godt, og det må ha gått godt også for Esau, for vi kan lese at det til slutt var to rike brør som skulle møtast att etter at det hadde gått årevis med fiendskap, flukt og mykje fortviling på grunn av uretten som Jakob i si tid gjorde mot Esau. Det var om møtet mellom dei to brørne vi las i ein av tekstane tidlegare i gudstenesta. Eit rørande møte. Om to brør som gret. Om to brør som tydeleg ville gjere opp. Jakob ville overause broren Esau med store gåver. Esau ville rett og slett berre  vise at han var i stand til å tilgje.
Eit møte heilt ulikt det som hende med katastrofen til Kain og Abel. Brodermordet. Det er fantastiske ord som Jakob seier til broren Esau. Framleis hadde Esau grunn til å bere hat til Jakob for hans urett. Men høyr desse orda av Jakob, sagt til Esau då brørne møttes igjen: ”- då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du  mot meg.” (1.Mos. 33,10)
På denne søndagen handlar det om eit av dei aller mest sentrale begrep i vår kristne tru. Det er alt som ligg i det vesle ordet med det store innhaldet: Tilgje.
Kor viktig det er, forstår vi bl.a. fordi det er Jesus som flytter ordet fram i sentrum av mykje av si forkynning.

Vi las den korte evangelieteksten i dag: ”Når de står og bed og har noko å klaga ein annan  for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.” (Mark.11,25)
Dette er, som vi snart forstår, omtrent akkurat det same som Jesus også legg vekt på når han skal lære sine vener å be. Ei av enkeltbønene i Herrens bøn lyder som kjent slik: ”Tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar” (Matt.6,12)

Tilgjeving er eit veldig stort tema.
Nokre forkynnarar har gjort det til eit lettvint tema. Som om at det skulle vere like lett å tilgje dei grovaste overgrep som det er å tilgje 10-årige gutar på epleslang i ein bognande hausthage.
Urett kan vere forferdeleg å leve med. Eit aktuelt og skræmande eksempel på slik urett har vi sett i norske media den siste veka. Kvinna som gjekk til politiet i Dubai og melde frå om valdtekt. Så endå ho sjølv opp med å verte sett under tiltale og få ein dom på seg. Det er så himmelropande urettferdig og djupt krenkande at vi ikkje treng argumentere mot det ein gong. Men vi kan gle oss over at saka eit stykke på veg enda godt. Det vart ikkje fengsel på kvinna, men heimtur til Norge.
Men uretten? Og tilgjevinga? Gjev det meining å tale om det i slike tilfelle?

Ein prestekollega som nett har vorte pensjonist har skrive vesentlege bidrag til det vi no rører ved. Eg tenkjer på Harald Kaasa Hammer (son til tidlegare døveprest Ragnvald Hammer som budde her i Åsane, i Eidsvåg, fram til han døydde).
Harald Kaasa Hammer har ei omfattande nettside med mykje stoff til prestar som treng inspirasjon til preikene sine (http://www.preken.net/)

I sin gjennomgang av tekstane for denne søndagen er ei av tesene til Hammer denne:
Gud tilgir ikke ved å si: ”Vi bare glemmer det!”
Da ville han glemme konene som var bedradd, og han ville ikke brydd seg om barna som ble mobbet fordi faren deres drev hor. Gud tilgir ikke ved å glemme.
Gud tilgir ved å løfte synden fra vår samvittighet og over på korset. Han lar Jesus dø på korset i stedet for den som har synd på samvittigheten.

I dag har vi møtt Esau. Han hadde vore utsett for urett. Han hadde slett ikkje gløymt. Men han makta å tilgje. Jakob, syndaren i denne saka, sa det slik om broren: ”- då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du  mot meg.”
Det er godt at tilgjeving kan skje under slike forhold. Det er godt når missunning, urett, hat og årelang mistru ikkje endar som det gjorde med Kain og Abel – i full familiekatastrofe.

Men forteljinga om Esau og Jakob og deira strålande møte med tilgjeving etter alle bibelske prinsipp, synest likevel ikkje å bere i seg vanskane som ligg der når eit krenka menneske vert utfordra til å tilgje etter å ha vore utsett for djupaste urett. Kanskje handla det om mishandling? Kanskje vald? Kanskje tortur?
Maktar vi då å leve opp til Jesu utfordring? Går vår bøn til Vår Far i himmelen i oppfylling?: ”Tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar”

I Sør-Afrika ser det ut for at levedagane til den politiske kjempa Nelson Mandela no går mot slutten. Ikkje mange menneske har i vår tid vist oss så mykje av kor viktig det er å arbeide med desse vanskelege spørsmåla. Å ta inn over seg at urett faktisk har hendt. Og at det ikkje er ein enkel veg ut av uretten ved ei overflatisk tilgjeving. Men Mandela viste veg utanom det overflatiske. Ein som har site 27 år i fengsel pga av rasehat og diskriminering går ingen lettvint veg utanom urett. Kva han tenkte dei lange åra han sat på fangeøya veit ikkje eg. Men då han slapp fri i 1985 resulterte det i alle fall i eit prosjekt av forsoning og tilgjeving som verda neppe har sett maken til.

Tilgje. Det er eit veldig ord. Det er eit ord som skal brukast når vi har vore utsette for urett. Ikkje all urett er like dramatisk som nokre av eksempla vi har snakka om så langt.
Urett kan vere langt meir kvardagsleg. Ofte er det forhold i nære relasjonar det handlar om. I familien. På arbeidsplassen. Økonomi. Litt skeiv fordeling av materielle goder. Eit usant ord her. Litt baktale der. Det er så mange ting som hender. Alt dette kyrkja og Bibelen kallar for synd. Nokre er syndarar. Andre vert offer for synda. Offera vil måtte tenkje gjennom om det er råd å tilgje. Og då må det handle om å ta inn over seg at Jesus talar orda til oss alle i dag. Orda om at det skal vere moglege å tilgje.

Lat meg enno ein gong ta fram litt av Det Harald Kaasa Hammer seier om dette:
Det kan føles temmelig lettvint å bare si ”Tilgi meg!” og så skal liksom alt være glemt. For ikke å snakke om hvordan det føles for den som er offer for mine synder. Hva må de tenke når jeg går til kirken? Og hva føler de hvis de kan høre hvordan jeg ber om tilgivelse?
Når vi ber om tilgivelse, bør vi se opp på korset, på hva som foregår når Gud tilgir. Gud glemmer ikke synden vår, han legger den på Jesus. Å tilgi er ikke å glemme, men å nagle synden til korset!
Det holder ikke å be om tilgivelse. Jeg må bekjenne synden først. Jeg må si meg enig i at det jeg gjorde var synd, og jeg må si meg enig i at det ikke må skje en gang til. Det er det vi kaller å angre!
Noen går og lurer på om de angrer nok til at Gud kan tilgi dem. Til deg vil jeg si: Når du bekjenner, angrer du nok. Når du sier deg enig i at det du gjorde var synd og at dette ikke må skje en gang til, - da angrer du nok. Selv om du har mange andre følelser inne i deg også.

Dette er ein søndag for dei store orda. No skal vi lytte til dei. Ta dei inn over oss. Leve etter dei.
Som alltid har vi ein som er vårt store forbilde. Han som makta det vi aldri heilt får til: Fullkomen tilgjeving også når den siste avgrunn opna seg framfor han. Han tilgav sine bødlar då han hang på krossen: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» (Luk 23,34)


Vi avsluttar med endå nokre store ord. Ord av apostelen Paulus frå det vi i dag også las i lag (Ef.4,32): ”Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, likesom Gud har tilgjeve dykk i Kristus”                                                                                    

AMEN

Bloggarkiv