onsdag 5. februar 2014

I fengselet

Innsetjing av fengselsprest Børge Ryland
Bjørgvin fengsel, 05.02.2014
Rom. 4,7-8 (frå 5. s. i openb.t. I)

Kjære Børge.
Til lukke med ny jobb. Med ny stilling.
Du har mange år bak deg som prest i Den norske kyrkja. Du har hatt prestekjolen på deg tallause gonger. Du har konfirmert og døypt. Du har vigsla brudepar og gravlagt døde. Og du har gått ut og inn av kyrkjehus og privathus over heile Nordhordland i fleire tiår.
No skal du utføre ein bit av prestetenesta som har ein litt annan karakter enn det du er van med.
Men ikkje mindre viktig av den grunn.
Til dykk som er i lag med oss på denne gudstenesta her i Bjørgvin fengsel, vil eg gjerne seie: Gratulerer med dagen! Gratulerer med ein ny medarbeidar.
Gratulerer med ein ny medvandrar til dykk som er her i fengslet av ei årsak som gjer at vi byggjer fengsel. Noko har hendt som gjer at samfunnet må tale eit tydeleg språk om ansvar og om konsekvensar av det som ligg bak.
Ein av dei som skal vere til hjelp når det skal talast og samtalast med dykk, det er denne nye fengselspresten. Det er Børge. Ta vel i mot han. Han har mykje å gje dykk, mykje å lytte til og mykje å respondere på, gje dykk tilbakemelding om.
Til dykk alle, og akkurat no; mest til Børge, har eg eit bibelod eg vil løfte fram. Dette er utdrag av det alle som var i kyrkje ein eller annan stad i landet var møtt med sist søndag. For då las vi frå Romarberevet kap. 4. I det 7.og 8.verset står det:
Salige er de som har fått sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult. Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner synd.


I eit fengsel må og skal det handle om soning. Om oppgjer. Om ein veg vidare.
I kyrkja må og skal det handle om soning. Om oppgjer. Om ein veg vidare.
Difor har du som fengselsprest ei dobbel oppgåve. Du skal hjelpe fengselsvesenet til å formidle kvifor vi har fengsel. Du skal hjelpe dei som sit i fengsel til å akseptere, forstå, og å kome vidare i livet når tida her inne er over.
Men du skal også løfte fram det fantastiske som gjeld oss alle, det som er frå Gud, og som er heilt uavhengig av prestekjolar, uniformer, nøkkelknippe eller om vi må sove på ei låst celle, avsondra frå resten av samfunnet og frå dei menneska vi er glade i.
Når vi kvar for oss stig fram for Gud handlar det om at vi alle ber med oss nederlag som fører oss inn i ein posisjon der vi må gjere soning for våre brot. Gjere opp for det som kyrkja og Guds ord omtalar som synd.
Då lyder det til oss alle:Salige er de som har fått sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult. Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner synd.
Kjære Børge: Du skal vere ein medvandrar for dei som er i fengsel.
Du skal vere prest for dei som er i fengsel. Du representerer kyrkja. Men mest av alt representerer du Gud.
Gjev ordet frå Gud som vi fekk høyre sist søndag vidare til dei du møter på denne spesielle plassen.
Dette er ord som kan setje fri, også om ein for ei tid er låst inne: 
Salige er de som har fått sine lovbrudd tilgitt og sine synder skjult. Salig er det mennesket som Herren ikke tilregner synd.
Hjarteleg til lukke med arbeidet som prest i Bjørgvin fengsel, og ver likeeins velkomen som medarbeidar i Arna og Åsane prosti der du i 20% av arbeidstida di også skal gjere teneste.


søndag 26. januar 2014

Kyrie eleison

4.s. i openberringstida I – 26.01.2014
Arna
Luk.18, 31-43

For meir enn eit ti-år sidan var eg ein vinter vikarprest på Finnmarksvidda, i Kautokeino.
Eg sat ein dag i veka som gjekk og bladde i litt av det eg var oppteken av å forkynne og formidle den gongen – bl.a i ei andakt eg sende til lokalavisa der eg den gongen eigentleg budde, i Sunnfjord. Då ser eg at eg fann trøyst i den blinde tiggaren sitt naudrop – ”Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg”. Det er nettopp dette ropet vi finn att i vårt kyrierop i gudstenesta. Kyrie eleison ropar vi på gresk. Orda er m.a henta frå dette tekstavsnittet vi  har lese på denne søndagen. ”Miskunna deg over meg”
Kyrie eleison, bøneropet frå vår gudsteneste er altså greske ord, og dei betyr dette: Herre, miskunna deg over meg. ”Kyrie eleison”.

Vinteren i Kautokeino fann altså eg trong til å be med desse orda då gradestokken passerte 50 minusgrader - på veg nedover mot rekordkalde -52 grader. Gjennom veke etter veke levde vi i temperaturar på 30 – 40 - 45 minusgrader. Til slutt var det godt å ty til vårt velkjende Kyrierop.  Kanskje ber dei slik, nokre av dei som i januar dette året bur på Finnmarksvidda, for eg har sett det har vore nesten like kaldt i år som den gongen eg var der gjennom ein vinter?
Eg opplevde i alle fall at det var tid for å be om varmare vêr.

Men no: Lat oss helse på den blinde mannen ved Jeriko som ropa til Jesus på denne måten. Kanskje kan han vise oss kva det er vi gjer når også vi ropar om Guds miskunn på denne måten. For vi gjer det som sagt kvar einaste gong vi kjem saman til høgmesse. Men tenkjer vi då over kva dette inneber?
”Miskunna deg over meg!”  Vi ber om Herrens miskunn. Om Guds miskunn. Og det gjer vi med det same vi har sagt fram syndevedkjenninga i lag. Vi fortel altså til Gud, det han allereie veit, at vi er syndarar. Så ber vi han om å vise miskunn mot oss. Det betyr at vi ber Gud om at han ikkje må gje oss som vi fortener for syndene våre. Vi ber han om å vere nådig. Vi ber om å få meir enn vi har gjort oss fortente til.

Til og med for den blinde var miskunn viktigare enn syn. Det første han bad Jesus om var miskunn. Deretter, når Jesus spør han: ”Kva vil du eg skal gjera for deg?” er det at den blinde ber om å få sjå.
Dette bør lære oss noko om kor viktig Herrens miskunn er. For Herrens miskunn er det som er grunnlaget for vår frelse. Vårt rop til Gud: ”Kyrie eleison” er framfor alt eit rop om frelse. Det må kome først. Så kjem helse.
Jesus gjev oss lov å leggje fram alt som er vondt og vanskeleg for han.
Den blinde fekk synet att. Du har kanskje andre ting du vil be Gud om i ditt liv. Han stoggar også framfor deg.
Mannen var blind. Det var veldig mykje han gjekk glipp av  i livet. Mykje meir enn det blinde menneske i dag går glipp av, Ikkje minst gjorde den alvorlege funksjonshemminga at han ikkje kunne arbeide og tene pengar. Han var tvinga til eit liv i tiggaren sin stakkarslege posisjon.

Det er heilt sikkert ille nok å vere blind i våre dagar også. Eller å vere sett utanfor normalt daglegliv av andre grunnar. Men her i vårt land slepp vi å tigge til livets opphald. Eg vågar ikkje å prøve å skildre korleis det var å vere blind på Jesu tid. Heller ikkje korleis det er å vere blind i dag. For eg veit det ikkje. Eg har ikkje opplevd det. Men det er ikkje vanskeleg å begripe å det er naturleg å be om å få synet tilbake når det skjer at ein som har sjanse til å gjere noko slikt, stoggar opp framfor ein.

Jesus stogga ved den blinde.
Den blinde sitt første rop var – miskunna deg over meg! Kyrie eleison.
Vi treng ikkje vere blinde for å rope slik.
Vi treng ikkje vere sjuke eller funksjonshemma for å rope slik.
Men vi treng likevel å rope slik - alle som ein.

For heile vårt liv ropar mot oss at vi treng Herrens miskunn.
Vi treng Herrens miskunn fordi vi ikkje ser. Vi ser med augo våre. Men vårt indre auga ser ikkje.
Vi ser ikkje kor ille vi har stelt oss når Jesus frå Nasaret kjem forbi oss.

I kyrkja har vi gjennom hundreåra snakka mykje om at vi er syndarar.
Det vedkjenner vi også i alle gudstenester. Og det er slik det er.
Men folk i dag har teke til å riste på hovudet av all denne syndsvedkjenninga.
Vert det for mykje av det? For mykje av anger? Meir enn vi har godt av?
Dette var tema for eit stort oppslag i avisa VL sist torsdag. Vi kunne lese at mange kyrkje- og kristenleiarar i dag heilt medvite unngår å bruke ordet synd i forkynninga.
Det er råd å forstå det. Eg trur at presten Per Arne Dahl rører ved noko viktig når han peikar på at ein i forkynninga gjennom fleire hundreår i alt for stor grad har lagt vekt på enkeltsynder. Og så viser Per Arne Dahl til dette viktige som Jesus seier: Synda er at dei ikkje trur på meg
. Johs. 16,9

Kanskje er det på tide om vi som går ofte til kyrkje tenkte nærare over kvifor vi treng Herrens miskunn.
Er det p.g.a eit for aktivt sexliv? For mange drinkar på byen på fredag eller laurdag? Sit syndene våre i kva vi tenkjer og meiner om dei homofile? Eller er det våre tankar på pengar og rikdom som har ført oss i gjørma? Ja, kanskje det.

Men alt dette vil eg hoppe kjapt forbi på denne søndagen. Og heller fokuser på dette:
Er vi så blinde at vi ikkje ser Jesus?
Er vi så blinde at vi ikkje ser slik at vi trur på han?
Er vi blinde? Åndeleg blinde? Slik at vi er vantru? Synda er at dei ikkje trur på meg seier Jesus.
Om vi ikkje trur, så lever vi i synd. Då må vi våge å rope på Jesus når han nett no stansar opp ved den enkelte av oss. Rope: Kyrie eleison. Herre miskunna deg over meg.

Jesus sa: ”Kva vil du eg skal gjera for deg? «Herre,lat meg få synet att!» svara han.
Vågar vi å be slik? Det kan vere eit dristig prosjekt. Kanskje vil vi sjå ting vi til no har vore blinde for? Kanskje vil vi sjå eigne svik? Eigne synder?  Då treng vi å rope det ut: Kyrie eleison!

For mange vintrar sidan sat eg i Kautokeino og ba om varmare vêr.
Eg skulle aldri vore så konkret i mine bøner!
For tilsynelatande har eg fått svar som langt overgår det eg forstod å be om.
Den gongen, som i dag, skulle mine ord berre ha vore: Kyrie eleison.
For vi treng Herrens miskunn når vintrane vert varmare her på våre breiddegrader og naturen gjev oss midt i ansiktet for vår eigen uforstand. Og for vår synd. Og for vårt forbruk. Og for vårt tankelause jag etter velstand og rikdom.

Sakte, men sikkert, går det opp for oss at det finst verre synder enn det vi gjerne tenkjer på når ordet synd vert nemnt i våre samanhangar. Umoral er ikkje berre det som dreier seg om sex og samliv. Vi kan sjølvsagt kome i uføre også på dette området.
Men våre felles synder som har ført oss inn i ei klimakatastrofe som kan få langt, langt større følgjer for ufatteleg mange menneske.
Kanskje vil våre eigne barneborn få det rimeleg bra her i vårt land, også i den ukjende framtida. Men korleis vil dei stille seg til endelause flokkar av klimaflyktingar og økonomiske flyktingar frå heile verda som vil hit til vår del av verda om 50 – 100 år? Det er eit av mange spørsmål vi kan stille i året 2014.
Kanskje er spørsmålet eit heilt anna om nokre år. Kanskje dukkar det opp nye problem. Nye utfordringar som vi enno ikkje har sett. Fordi vi kanskje er blinde. Eller fordi vi let att augo våre med vilje.

I dag har vi sett nok, og veit vi nok, til å stemple mykje av vår måte å leve på som synd. Vi er ikkje lenge heilt blinde. Difor må vi rope høgt: Kyrie eleison.

Vi har lese om eit møte med ein blind mann og Jesus i dag. Eit møte som snudde opp ned på livet hans.
I dag sit vi her i Arna. Vi er med på store og flotte ting i denne gamle kyrkja. Nokre er her med dåpsborn og skal heim til fest og glede i den samanhang.
Men alle er vi i dag i den situasjonen som den binde mannen var i: ”Jesus frå Nasaret kjem forbi”.
Den blinde hadde så pass tru på at Jesus kunne gjere noko for han at han våga å bryte ut i sitt hjartesukk: ”Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg” 

I dag må vi ikkje la Jesus kome i vår veg utan at vi gjer som denne mannen. Gjev uttrykk for trua vår. Kallar på Jesus, slepper han inn i livet. Slik at vi kan sjå. Slik at vi kan verte frelste.
”Jesus sa til han: ”Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg. Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.”

AMEN

søndag 19. januar 2014

Svært godt

3.s. i openberringstida. I. 19.01.2014
Åsane – dåpsgudsteneste
1.Mos 1,26-31

Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! Og det ble kveld, og det ble morgen, sjette dag.
Eg ser ut over dykk stolte og glade foreldre som ber fram borna dykkar til dåp i dag. Eg anar gleda i augo dykkar. Eg fornemmar kor stolt hjarta dykkar bankar. Eg trur de har den store og gode kjensla for at no er de med på noko stort.
Når eg slepper inn over meg det eg berre kan sjå for mitt indre auga, ser eg ei lita barneseng der guten eller jenta di søv. Og det stig fram eit bilete av far og mor, saman ved senga eller vogga, der de berre er stille og glade og takksame. Slik kan de stå. Når det er kveld. Når det er morgon. Stille i glede.

Slik det var med Gud i opphavet.
Skaparen av det vi ser rundt oss. Skaparen av universet. Lystennaren i opphavet. Den kreative anden som samlar vatnet og formar fjella og landet, og som plantar og fargar og lagar livet. I havet. I lufta. På jorda.
Og som krunar det heile med å skape menneska: Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! Og det ble kveld, og det ble morgen, sjette dag.
Det var svært god. Guds skaparverk. 

I Skrifta, i det aller første kapitlet i Bibelen, som vi har lese i lag – her får vi skildra Gud omtrent som ein stolt far eller ei lukkeleg mor, som står ved barnesenga og nyt det vesle livet som ein har ansvar for og som ein kan glede seg over.
Også ditt barn er ein del av Guds skaparverk. Difor deler Gud dykkar glede over livet som no er nytt, og som vi ber  fram for han i Guds hus denne søndagen. I dag kviler Guds auga på desse borna. Også i dag vil det vere sant om Gud:
Gud så på alt det han hadde gjort, og se, det var svært godt! Og det ble kveld, og det ble morgen, sjette dag.

Vi kan fort gli inn i ein nesten parodisk idyllisering om vi held fram å tale på denne måten.
På den eine sida er ein dag som i dag nettopp dagen for idyll, glede og fest. Det skulle berre mangle.
På den andre sida talar bibelteksten frå Bibelens første blad om meir enn idyll.
Framfor alt talar desse orda til oss om ansvar.
I teologistudiet lærer vi tidleg at desse eldgamle orda vi har lese i lag høyrer heime under ei overskrift som er veldig relevant for menneske som lever anno 2014. Den teologiske overskrifta er lett å forstå: «Kulturoppdraget»
Dette skriftordet er grunnleggjande for både kristen skaparteologi og det kristne menneskesynet.
Av dei viktige tema desse orda gjev grunnlag for, er ei grunnleggjande positiv kristen tilnærming til det fenomenet at menneska sitt arbeid på jorda resulterer i kultur. Det handlar om det som vi med eit litt foreldra begrep kallar for odling. Om dette er det skrive mange bøker i tjukke bind. Om dette er det mogleg å tale i dagevis for ein prest. Eg skal berre tale nokre få minuttar til, men då er det ikkje minst viktig å peike på at vi her får, svart på kvitt - frå skaparens munn - tildelt ansvaret for det Gud skapte til oss og for oss: «Vær fruktbare og bli mange, fyll jorden og legg den under dere! Dere skal råde over fiskene i havet og over fuglene under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorden.» Og Gud sa: «Se, jeg gir dere alle planter som setter frø, alle som finnes på hele jorden, og alle trær som bærer frukt med frø i. Det skal dere ha å spise.


Dere skal råde over … seier Gud. Og så ramsar han opp for oss det naturen er, og det naturen kan gje. Fyll jorda, seier Gud.
Det er Guds oppdrag, kulturoppdrag, til heile menneskeslekta som vert rulla opp for oss.


Året er 2014. I dette året ber vi nye liv inn i Guds hus. Desse nye menneska skal vekse opp i ei ukjend framtid. Vil fisken i havet vere like sunn og etande i morgon som i dag? Vil fuglane ha skogar å byggje reir i om 50 år? Vil det kry av dyr på jorda når vi skriv 2114? Vil isen fylle havet over Nordpolen, eller vil havet fylle landa som i dag berre så vidt løfter seg over bølgjene?

Vi er av Gud sette til å råde over. Råde over det som veks og lever og utgjer natur og kultur rundt oss. Men Gud gav oss ikkje lov til å forbruke. Til å bruke opp. Til å øydeleggje. 

Knapt nokon gong sidan skapinga har desse orda frå Bibelen hatt slik relevans og vore så viktige å tenkje gjennom og å ha som overskrift for politikk og samfunn, så vel som for kyrkje og tru, som orda har i dag.


I opphavet såg Gud på skaparverket sitt. Han såg noko som var svært godt. Like godt som borna vi har som midtpunkt på denne dåpsgudstenesta.

Når desse borna kjem i vaksen alder og skal ta kulturoppdraget vidare, vert det deira tur til å fylle jorda med nye slekter. Men vil dei kunne stå ved barnebarnet ditt si vogge og vere trygge for framtida som då skal opne seg?
I dag legg vi desse borna i Guds gode hender i tru og med håp om at han ser på dei  med glede i dag. Vi ber om at dei må få dele trua på Gud som skapar og på son hans, Jesus Kristus, som frelsar, slik at Guds glede vil vere like stor når livet deira ein gong kjem til enden av vegen.


I dag legg vi våre eigne vaksne liv inn under Guds nåde og Guds Ande, og ber om at han må lyse opp vegen vår vidare slik at vi med truskap kan råde over skaparverket utan å forbruke det på ein måte som tek håpet i framtida frå våre born og barneborn. AMEN

søndag 12. januar 2014

Jesu dåp

2.s i openberringstida. I ~ 12.01.2014
Biskopshavn
Matt.3,13-17

Kjenner du på at du av og til er langt nede? At du deppar litt. Det gjekk skeis på jobben. Sjefen er vanskeleg. Kollegaen er lat. Læraren er teit. Kanskje har du ungdommar i familien som set grå hår i hovudet på deg? Eller du er konfirmant og har dei vanskelegaste foreldre av alle i din venneflokk. 

Av og til er det slik for dei fleste av oss at vi kjenner oss nokså på bånn. Vi trur til og med at livet aldri kan verte verre enn på ein slik overskya dag. Lenger ned går det ikkje an å kome.

Som regel gjer det det. Som regel er det nokon som har det verre enn du har det. Og då tenkjer eg ikkje på dei som svelt i Afrika, dei som dopar seg i prostitusjonsstrøket i Bangkok eller dei som må livnære seg av småkriminalitet i bakgatene på Londons austkant. Alle desse har det mykje, mykje verre enn nokon av oss. Om det skal vi kanskje snakke ein anna gong.

Men eg vil aller først rette lyset mot ei gruppe menneske som har det vanskeleg. Dei kristne i det heilage landet. I Israel. I Palestina. I områda i Jordan som omfattar landområdet der Jesus i si tid gjekk omkring. Å leve som kristen her er eit liv i motvind. Styresmakter og lokalbefolkning av anna tru har gjort at talet på kristne har stupt i området dei siste åra. Dei er drivne ut og på flukt. Og dei som er tilbake strevar med mykje motstand.



Nettopp difor er det godt å kunne melde om ei gladhending i området. For ei veke sidan vart det vigsla ei heilt ny evangelisk-luthersk kyrkje i Jordan. Det skjedde med velvilje frå kongen i Jordan, og med sterk norsk medverknad. Biskopen i Borg deltok i vigslinga, og heile altarutsmykkinga i den nye kyrkja er laga av den norske kunstnaren Håkon Gullvåg.

Og staden der denne kyrkja er plassert er spesiell. Det er lagd til den plassen der mange meiner at Jesus vart døypt av døyparen Johannes, slik vi nett har lese om det. Og difor er hovudmotivet i Håkon Gullvågs altartavle nettopp Jesu dåp i elva Jordan.
Kyrkjevigslinga og kyrkjesenteret i Jordan er eit lyspunkt for alle kristne i området. Kongedømmet Jordan befester på denne måten sin posisjon som eit av dei landa i Midtøsten som er mest opne og som viser størst toleranse mot dei kristne minoritetsgruppene i området.


Men i dag handlar det om oss som er her i Biskopshavn. Og i dag vil vi slå følgje med ein som er på veg nedover. Nedover - så djupt det går an å kome. På veg nedover for å gjere seg eitt med menneska som alt er der. I djupet.

Jesu fødeby, der vi har halde oss dei siste vekene medan vi har feira jul, Betlehem, ligg 800 meter over havet. Nokre mil unna, 400 meter under havets overflate, renn Jordan-elva ut i Daudehavet. Då Jesus som vaksen skulle ta fatt på sitt oppdrag her i verda, drog han ikkje tilbake til fødebyen. I staden oppsøkte han Jordan-dalen. Der er det aller lågaste punktet på jorda si overflate. 400 meter under havet.
Og ikkje nok med det. Ved Jordan-elva stilte Jesus seg opp i ein lang kø av vanlege menneske, som om han var ein av dei. Der venta han pent på at det skulle vert hans tur til å bli døypt i elva. Døypt av slektningen sin Johannes. Jesus vart døypt som ein annan syndar.
Då var Jesus verkeleg langt nede. Heilt på bånn. Jesus vart døypt på det lågaste punktet på jorda. For å vise at han inkluderer absolutt alle.  Same kven du er og kvar du bur, har Jesus plassert seg lågare ned. Same kor djupt du kjenner på at livet har drege deg ned, er Jesus lågt nok nede til å løfte deg opp og dra deg med seg  opp mot Gud. Frå det lågaste punktet går det oppover.
Lat oss prøve å vere med ein tur til dette lågaste punktet på jordoverflata. Der elva Jordan renn ut i Daudehavet. Lat oss prøve å gjenoppleve Jesu dåp i Jordan. Ein som kan hjelpe oss til det, er den gamle italienske målaren Pietro Perugino.



Han levde på 1500-talet og har måla fleire flotte måleri som du i dag kan sjå i det sixtinske kapellet i Vatikanet. Han har altså måla dette som har motiv av Jesu dåp.


På biletet står Jesus midt i elva som renn nesten som ein liten bekk. Jesus ser forsvarslaus ut der han står. Overgjeven til det som skjer. Avkledd og åleine - sjølv om det er mange tilskodarar til dåpen. Kappa hans vert teken vare på av englar. No har han teke det avgjerande steget ned i elva, ut i vatnet, inn i livets straum. På maleriet er det berre Jesus som har stige ut i vatnet. Til og med døyparen Johannes står på ei helle ute i vatnet. Berre eit par av tærne hans er uti vatnet. Og tilskodarane rundt? Nokre av dei synest uinteresserte i det som skjer. Dei vender seg bort og pratar om andre ting. Som t.d. ein kardinal i flotte presteklede. Han diskuterer med sine tilhengjarar. Likevel er det nokre som synest vera klare til å følgja etter Jesus. Dei er i ferd med å kle av seg for kanskje å stiga ut i vatnet. Vi ser dei på biletet, der dei vert overvaka av Gud sjølv og hans englar.

Eg ser på biletet. Eit bilete som har vore til tankevekkjar for tallause menneske som gjennom hundreåra har vore innom det sixtinske kapell i Vatikanet der dette er eit av veggmaleria. Og det er som eg høyer døyparens røst frå steinhella i elva der han står og er klar til å døypa Jesus. Sjå! - lyder det. Sjå Jesus. Guds lam. Han ber verdsens synd.
Eg ser og eg lyttar. Utan ord er biletet. På veggen i Vatikanet er det sikkert både vakrare og meir imponerande enn det vi kan gje att her. Men biletet talar.
Så legg eg merke til ein av mennene på biletet. Han sit heilt ved kanten av elva. Han heldt på å leggja kleda av seg for sjølv å fylgja etter Jesus ut i vatnet.
Eg spør meg: Kan denne mannen vera meg? Eller er det ein av dykk som sit der?

Er det ikkje tid for å leggje av seg og fylgja Jesus? Jesus vart døypt. Han let seg døype for å døy for verdens synd. Ved sin dåp helga han alt dåpsvatn. Han reinsa dåpsvatnet i staden for å skitne det til. Då Jesus vart døypt reinsa han og helga han det vatnet som vi i dag døyper våre born med. Det vatnet som du er døypt i. Kanskje var det her i Biskopshavn det hende?
Også eg vart døypt. Med heilagt vatn. Eg vart døypt til Jesu død. Det store bytet skjedde. Han vart døypt til å dø. Og ved hans død som eg fekk del i gjennom min dåp, fekk eg livet. Evig liv.

Sjå - lyder det. Og eg ser enno ein gong på mannen som er iferd med å stiga ut i vatnet. Han vil vera Jesu etterfølgjar. Ser eg meg sjølv i rolla som Jesu etterfølgjar?
Og kva med deg? Du som er med på denne gudstenesta? Kanskje er du ein av konfirmantane dette året? Er det også tid for deg til å stiga ut i vatnet for å fylgja Jesus? Tett. Tettare enn du har gjort til no? Også du er døypt med heilage dråpar. Også du har fått del i samfunnet med Jesus Kristus gjennom dåpen.
Men står du trygt på land og pratar uinteressert med andre om vêr og vind i staden for å leggja av deg alt det trygge og fine du har pakka livet ditt inn i? Eller gremmar du deg over at eit eller anna er kjipt akkurat i dag? At du har ein grå dag. At du kjenner deg nede eller utanfor.
I staden for å stire oss blinde på dette, får vi i dag eit kall til å fylgje Jesus, han som vier sitt liv til å leve og døy for verdsens synd, til å døy for at du skal få leve. Leve evig. Det handlar om at denne dagen her i kyrkja kunne verte ein opptur for deg og meg for oss alle når vi får ei aning av kva Jesus gjorde i sin dåp, og kva som hende i min dåp.

For Jesu eigen del begynte oppturen straks han steig opp av vatnet. Då opna himmelen seg over ham, Guds Ande kom til syne som ei due, og Guds eiga stemme ropa ut: ”Dette er min Sønn, den elskede, i ham har eg min glede.”
For vår del begynte ein liknande opptur då vi blir døypte. Den gongen lydde det rett nok ikkje noka himmelsk røyst, berre prestens vanlege stemme. Men det presten seier når vatnet er ausa over vårt hovud i samband med dåpen, er himmelsk nok: ”Den allmektige Gud har nå gitt deg sin Hellige Ånd og gjort deg til sitt barn, og tatt deg inn i sin troende menighet”

Ikkje ulikt det Gud ropa ut om Jesus, altså. Han er Guds Son og vi får vere hans døtre og søner. Og det er jo sjølve løyndomen. Jesus delte lagnad med oss, for at vi skulle få dele med ham. Han vart døypt. Og sidan drepen. Men han stod også opp frå dåpsvatnet og grava. No sit han ved Faderens høgre hand. Han har gått i førevegen for oss. Her nedanfrå. Og oppover.
Om du skulle kjenne deg langt nede i dag, så vit at når du finn saman med Jesus på den aller lågaste staden, då går det berre ein veg. Oppover. Velkomen til å gå oppover med i livet som ligg framfor deg!

AMEN


søndag 29. desember 2013

Jul med kontrastar

Romsjulssøndag I. 29.12.2013
Eidsvåg
Matt 2,13-15

Det var ei fin jul. I alle fall for meg og min familie.
Eg håpar det vart slik for alle dykk som høyrer på meg også. Jula er ei god tid for dei aller fleste. Difor gjer det slikt inntrykk å lese aviser når juledagane har slokna og romjula tek over. Vi såg framsida i Bergens Tidende tredje juledag der vi kunne lese om familiar som er ramma av ulukker og brå død. Ein av dei var ein småbarnsfar som trafikkdøden reiv bort. Vi grøssar. Og vi håpar at vi ikkje kjende nokon av dei. Det gjer i alle fall eg, for eg har ti års presteteneste i Sunnfjord bak meg, og veit at eg kjenner mange i bygda der det hende!

Eg opnar fleire aviser denne dagen, og i ei anna avis, sjølvaste Vårt Land, les eg leiaren som avsluttar jula. ”Julens hovedbudskap er godhet og omsorg” skriv VL.
Tja, tenkjer eg. Det er ein viktig bodskap i jula – det med å vere god og å vise omsorg. Men hovudbodskap?

Hugsar eg rett, så var det noko anna innhald i bodskapen frå engelen ved Betlehem. ”Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede ---- i dag er det fødd dykk ein frelsar.” Det er hovudbodskapen i jula.

Det handlar om glede i jula. Om stor glede. Ei glede over at vi har ein frelsar. Han som kom frå Gud og vart menneske for at han skal berge og redde alle oss andre menneskeborn. Berge oss for det evige livet. Opne vegen til Gud.
Eg vågar å påstå at det er hovudbodskapen i jula. Glede og frelse.

Når det er sagt, må vi skunde oss å leggje til: Jula ber i seg mykje, mykje meir. Jula er fylt av mysteriet. Jula er full av kontrastar.
Apostelen Paulus skriv nokre ord om mysteriet i teksten vi las i denne gudstenesta: ”Samstemt bekjenner vi at gudsfryktens mysterium er stort.” (1.Tim 3,16)

Eg tala om dette i nabokyrkja her i Åsane 1.juledag. Om mysteriet, og då sa eg m.a.:
-fordi Guds vegar og Guds tankar ikkje er til å begripe, er det at vi som kyrkje samlar oss i kvar ein krok over heile verda. Men vi samlar oss ikkje for å forstå på denne juledagen. Vi samlar oss i tru.
Det ufattelege og ubegripeleg går utanpå forstand og logikk.
Seinare i dag, når vi nærmar oss noko anna uforståeleg i kyrkja sitt liv, nemleg nattverden, så brukar vi eit liturgisk uttrykk: ”Stort er troens mysterium”
Jula er ein del av dette ”troens mysterium”. Og nettopp trua vår er det som opnar augo våre for det uforståelege og ubegripelege.

Det uforståelege og det ubegripelege.
Vi er omgjevne av dette kvar dag, året igjennom. Slik vi som trur også rammar livet vårt inn i dette forunderlege mysterium som vi ikkje maktar å begripe, men som vi klamrar oss til, nettopp med trua vår.

På denne romjulssøndagen vert vi gjennom den korte preiketeksten konfronterte med fleire innslag av mysterium i samband med juleforteljingane.
”Da vismennene var dratt bort…”
Slik vart tekstorda innleia. Det dreiar seg sjølvsagt om vismennene frå Austerland som kom til Betlehem for å hylle han dei trudde var ein nyfødd konge. Det handlar om vismennene som følgde stjerna. Stjerna viste veg for dei og stansa over den staden i Betlehem der barnet var.

Mysterium! Betlehemsstjerna er eit mysterium for trua. Korleis kunne det skje? Er det mogeleg at Gud set stjernene på himmelen i rørsle for å vise sine planar for å frelse menneskeslekta? Eller er det myter og oppspinn?
Det finst haugar av forklaringar på stjerna. Gode - dårlege. Konspiratoriske.
For meg kjem dette inn i kategorien ”Stort er troens mysterium”

Men forteljinga om vismennene og stjerna har også i seg ein annan figur. Ein verkeleg og historisk figur som gjer at det er råd å tidfeste fødselsforteljingane i Betlehem. Vi møter kong Herodes i denne forteljinga. Herodes den Store. Er du interessert i å vite meir om han, kan du gå heim og lese på nettet, f.eks i Wikipedia. Der ser vi at han døydde i året 4 f.Kr – altså eit bevis på det vi veit frå andre samanhangar, at vår tidsrekning ikkje stemmer heilt. Jesus vart nok fødd nokre år før det vi reknar som år 0. I teksten vår står det Jesus og familien hans vart i Egypt til Herodes var død.
Vi skal ikkje seie særleg meir om Herodes, men han er framstilt i historia som uvanleg brutal og rå. Og i Bibelen les vi om det forferdelege barnemordet i Betlehem som gjorde at Josef og Maria vart drivne på flukt til Egypt.

Enno ein gong vert trua vår utfordra av det mysteriøse. Herrens engel talar til Josef i ein draum og fortel korleis dei skal forhalde seg til kongens grufulle gjerningar.

Men viktigare for deg og meg i dag enn å gruble over stjerne, draumar og forunderlege menn frå det store ukjende i aust, er det å konstatere at gleda i jula nokså snart gjekk over i frykt og redsel, flukt og store strabasar.
Barnet i krubba er no eit lite flyktningebarn.

Dermed er vi midt inne i jula sine veldige kontrastar. Kontrastar vi opplever på kroppen den dag i dag. Den eine dagen gler vi oss over familesamvær, gåver og overflod av god mat. Den neste har vi isingar langs ryggen over vonde overskrifter som fortel at døden ikkje tek juleferie.

Ei stor glede, forkynte engelen.
Men for Maria skulle barnet ho hadde fødd gje henne mange tårer.
Dei første felte ho sikkert den dagen det gjekk opp for henne at sjølvaste kongen var ute etter å drepe barnet. Kanskje nådde ryktet henne, ryktet om at soldatar fòr rundt i den vesle byen og tok livet av småborn. Av gutar under to år. Det er så vi ikkje kan fatte rekkevidda av det.

Ein som hjelper oss å sjå julekontrasten er han som vart prestevigd i lag med meg og ei rekkje andre tilbake i 1979. Arnfinn Haram. Presten og prosten som tilslutt valde paven framfor Den norske kyrkja. Det har gått 1 ½ år sidan han døydde. Mange sørgjer enno over han. Arnfinn var mykje meir enn ein prest. Han var også ein stor diktar, og salmen vi snart skal syngje er ei av gåvene frå han som vil leve vidare etter han.

”Djupaste mørker ligg over jord,
frosthard er marka, stjerna står stor…”

Julesalmen om Maria som skulle oppleve dei store kontrastane. Gleda ved barnet. Men også marerittet. Flyktningemarerittet. Og endå verre: sverdet i sjela hennar då ho ein mannsalder seinare stod ved foten av ein kross og sonen Jesus vart torturert inn i døden.
I Anfinn Harams velvalde poesi høyer vi juleunderet skildra slik:

Tettast ved krubba, moderleg god
vaker Maria, glad er ho no.
Guten ved barmen, tvegen og fin;
Gudeson er han, sjå kor han skin.

Dette vesle barnet – gudsonen – var heilt frå spebarnstida eit mål for alle som ville han vondt. Herodes hadde aldri sett Jesus. Men berre ryktet om at eit barn som kunne verte kongens konkurrent,  var nok til å setje despotiske krefter i sving.
Despotiet tok overhand då den vaksne Jesus vart krossfesta. Vondskapen i verda gjorde det naudsynt. Vondskapen i verda fullførte det som som måtte gjerast. Med Maria som vitne:

Maria, Maria, visste du vel
alt som deg ventar: Sverd i di sjel,
naglar og tornar, blod på ein kross!
ofrast lyt Sonen, ofrast for oss.

Vegen frå mørke fødselsnatta der lyset frå himmelen skein, skulle gå vidare ut i ei mørk verd. Vegen gjekk langs ein flyktningesti. Til Egypt. Til landet som Jesu forfedrar hadde flykta frå. Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som akkurat i dag kjempar desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria flyktar dei i millionar denne jula. Flukt ut i det djupaste mørket.
Om det verkeleg er slik at avisa Vårt Land hadde rett då det stod på leiarplass i førgårs at ”Julens hovedbudskap er godhet og omsorg” – så verkar det i så fall som om nordmenn har misforstått jula totalt. Vi veit å vise omsorg for vår eigne. Men flyktningane frå Syria, dei stengjer vi grensene for.

I oktober i år stod det ein artikkel i Bergens Tidende om temaet. (15.10.2013). Der las eg at Sverige tek mot 15.000 flyktningar i året frå Syria. Irak tek mot 200.000,og fattige Libanon 700.000. I vårt eige land, det rikaste på kloden, bråkar vi om å ta mot 1000 ekstra kvoteflyktnigar.
Vi har ikkje råd. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.
Ville vi opna grensene våre i 2013 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes? Det finst parallellar til den mannen i lys levande live i vår tid!

Jula er full av kontrastar. Jula er skinande lys. Jula er tungt mørke. Jula er ei påminning om undergangskrefter, men endå meir ei forkynning av frelse. Jula er framfor alt glede over barnet som splittar alt mørke og all vondskap og som tenner lys der sorg og hjelpeløyse tilsynelatande er uovervinnelege krefter.

Difor er det så godt for oss at vi på Romjulssøndagen kan få syngje og be med orda vi har arva frå broder Arnfinn:

Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva, Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge, du er min fred!

Amen



onsdag 25. desember 2013

Guds ufattelege vegar

1.juledag 2013
Åsane
Johs 1,1-14
Jula har så mange fasettar. Så mange småbitar som til saman utgjer ein heilskap og som dannar det vakre bilete av høgtid og glede som samlar nasjonen vår på ein heilt spesiell måte når året er på det mørkaste og våtaste og tristaste, reint meteorologisk.

Det vi ser lettast er festen. Familiehøgtida. Pynten. Maten. Gåvene. Alt dette som vi gjennom desember brukar så mykje pengar på, og som det meste sirklar rundt.

Også i kyrkja vår er det stort sett det same som går att, år etter år, når vi feirar tradisjonar som vi knapt ynskjer å bryte. Vi opplever dei trygge og gode. Difor held vi på tradisjonane.

Men så dukkar det innimellom opp litt som er nytt. For eksempel det at vi for eit par år sidan fekk nye tekstrekkjer. Difor las vi i dag frå Salomos ordspråk. Vi las om Visdommen, og vi er dermed utfordra til å sjå nærare på ein av desse fasettane i julebiletet som dei fleste av oss knapt har reflektert over.

Vi las for eksempel:
Herren bar meg fram som sitt første verk, før hans gjerninger i fjerne tider. Fra eldgammel tid ble jeg formet, i begynnelsen, før jorden ble til. Jeg ble født da dypene ikke fantes og de vannrike kildene ikke var til.
(Ordsp 8,22-24)

Orda er sagt om Visdommen. Men utan at vi har tid til å argumentere for det her og no, vågar vi å slå fast at det også er Kristus som talar. Kristus er Visdommen. Visdommen er Ordet, Logos. 

På juledagen har vi fått eit glimt bak skapinga. Korleis det var i opphavet. Der Kristus også var. Høyr ekkoet frå den opphavlege æva:  Jeg var til glede for ham dag etter dag og lekte stadig for hans ansikt.
Jeg lekte på hans vide jord og gledet meg med menneskene.
Frå dette tilværet i det evige kom han og vart menneske. Ubegripeleg for vår tanke. Den største visdom frå Gud handlar om han som sjølv er Visdomen. Han som for vår skuld vart menneske i jula og som seinare let seg krossfeste og gjekk i døden for å frelse ei heil menneskeslekt. 

Paulus skriv om det: Den største visdom frå Gud handlar om det som mange menneske oppfattar som dårskap.
 
Å, dyp av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! 
Hvor uransakelige hans dommer er,
hvor ufattelige hans veier! (Rom.11,33)

Vi vil leite etter Guds visdom på denne juledagen. Søkje etter det han vil syne fram. Vi startar med å reise oss og syngje juledagens høgtidsvers som står på nr. 41 i salmeboka.

Guds vegar er ufattelege, seier Paulus i Romarbrevet.
Guds vegar går frå æva av.
Der Kristus også var til stades allereie før Gud skapte verda.
Han var i begynnelsen hos Gud.  Alt er blitt til ved ham, uten ham er ikke noe blitt til.
I jula, der barnet Jesus står så midt i sentrum, er det ein spanande tanke og ein fargerik fasett i julebiletet å tenkje på det vi har lese om Visdommen, Logos, Ordet, Kristus – frå Salomos ordspråk: Jeg var til glede for ham dag etter dag og lekte stadig for hans ansikt.
Kan du sjå Kristus langt tilbake i æva, leikande for Guds ansikt mens Gud i sin visdom planlegg skapinga av verda, av menneska, av alt det som er til?

Kan du høyre lyden av skaparordet som ordnar universet og jorda til ein stad å leve for oss menneske? Han brukar Ordet som sitt verktøy. Han sa. Og han skapte.
Men Ordet er meir enn eit verktøy. Ordet er Gud. Og Ordet er Kristus. Ordet er visdom. 

Vi må enno ein gong stemme i med Paulus som har sagt det slik: Å, dyp av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Hvor uransakelige hans dommer er, hvor ufattelige hans veier!

Desse Guds ufattelege vegar svingar seg ned gjennom tida. Gjennom historia. Ved enkelte vegkryss står det fram menn, sende av Gud, for å opplyse Guds vegar for menneskeslekta. Abraham som såg mot himmelen, talde stjerner, og trudde på Gud. Slik bar han Guds velsigning inn i verda.
Moses, som var folkeføraren, han tala med Gud, og han bar Guds gode bod ned til oss. Ti bod til å innrette våre liv etter.
I andre vegkryss stod profetar for å peike ut retning og vegval for dei som leita seg fram langs Guds ufattelege vegar.
I det siste vegkrysset før Kristus kjem gåande på Guds veg inn i vår tid, står døyparen Johannes. ”Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham.
Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.” Slik har vi høyrt det lese om døyparen i dag.

No skin lyset for oss.
No er lyset frå det høge tend. Skapingslyset. Vi veit at Guds første skaparord var nettopp dette: ”Det skal bli lys” (1.Mos 1,3)
No kjem ordet heilt inn i livet vårt. No lyder ordet frå Guds munn for øyro våre. Ordet som har rot tilbake før tida kunne målast med kalender og klokke. Ordet som vart menneske lyder i dag: ”Det skal bli lys”
Lyset skin i mørket.
Lyset skin på vegen der Kristus kjem til oss. Han som går på Guds vegar inn mot menneskeslekta. I dette lyset frå det høge er det at vi må kjenne han som kjem til oss.

Mange i verda ville ikkje kjenne han.
Mange rundt oss som vi lever i lag med vil ikkje kjenne han.
Kanskje er dei så blenda av alle lysa i verda at lyset frå himmelen ikkje er synleg? Vi stirrer så lenge på kjøpesenterets neonlys og fargesprakande reklame at lyset gjennom det kyrkjelege glassmaleriet vert ukjenneleg. 

”- verden kjente ham ikke” seier evangelisten Johannes i dag om han som kom. Om det som hende då Gud vart menneske. Då vegen hans var ferdig bygd inn i ei veglaus slekt av menneske på så mange slags avvegar 
Gud går sine vegar inn i vår tid, inn i vår verd.

Guds vegar er ufattelege. Det må vi gje apostelen Paulus rett i.
Nettopp fordi Guds vegar og Guds tankar ikkje er til å begripe, er det at vi som kyrkje samlar oss i kvar ein krok over heile verda. Men vi samlar oss ikkje for å forstå på denne juledagen. Vi samlar oss i tru.
Det ufattelege og ubegripeleg går utanpå forstand og logikk.
Seinare i dag, når vi nærmar oss noko anna uforståeleg i kyrkja sitt liv, nemleg nattverden, så brukar vi eit liturgisk uttrykk: ”Stort er troens mysterium”
Jula er ein del av dette ”troens mysterium”. Og nettopp trua vår er det som opnar augo våre for det uforståelege og ubegripelege.

Å gå tilbake til tida før skapinga ligg utanfor fatteevna vår. Å forstå einskapen mellom Ordet og Gud, mellom Gud og Kristus, mellom skaparordet og han som vert menneske, det maktar ingen filosof eller teolog. Det har vi ingen som kan gje forklaring på.
Men trua vår kan halda fast på mysteriet.
Og juledagen er dagen for at lyset skin inn mot sentrum i det kristne mysterium. Lyser opp for trua vår.

Guds veg nådde eit mål. Langs den vegen kom han sjølv til oss. Eit lite menneske kom til oss. Dette vesle mennesket er Gud sjølv. Samstundes er dette mennesket Guds son. Og den vesle er også son av Maria, altså av kjøt og blod som deg og meg. Han er vår himmelske bror.

Vi er ved eit vegkryss. Vi lyttar til lyden av Ord frå det høge her i vegkrysset. Han kom til sine eigne. Den første gong han kom tok hans eigne ikkje i mot han.
Men i dag? I dag vil vi opne våre hjarto og våre liv. Opne for å hylle, prise og tru på han som sjølv er Ordet som lyder.
Høyrer du kva han seier denne juledagen?
”- alle som tok i mot ham, dem ga han rett til å bli Guds barn”

Den første jula vart eit Guds barn fødd inn i vår verd.
I denne verda tek vi mot barnet i jula 2013. Slik vert vi mange born som høyrer han til. Mange søsken i trua.
Og vi ser fram til å hylle han. Vi hyllar han i dag med vår lovsong og vår tilbeding. Men vi skal også hylle han på den andre sida av æva.

Vi las at ein gong var det slik at det kunne seiast: Jeg var til glede for ham dag etter dag og lekte stadig for hans ansikt. Jeg lekte på hans vide jord og gledet meg med menneskene.
Vårt mål er at han som kom frå æva for å verte menneske og vår bror; at han skal ta oss med tilbake dit han kom frå. Der skal vi som tek mot han i dag halde fram med leiken for Guds ansikt. Han være ære i alle æve.

AMEN 

tirsdag 24. desember 2013

Stille jul

Julaftan. 2013
Åsane – Ytre Arna
Lukas 2.1-20

Stille.
Har du tenkt på at vi ofte møter ordet stille når det endeleg er jul.
«Det lyser i stille grender» song vi nettopp.
Snart skal vi syngje: «Stille natt, hellige natt»
Stille går att som eit viktig ord i fleire julesongar. «Så enkelt og stille kom Gud til vår jord» syng vi i ein anna salme.

Eg trur det var stille den natta det hende. Mørk natt med stjerner. Ingen bilar. Ikkje lys frå reklame. Juletreet hadde ingen tenkt på. Ein og anna lampe lyste i dei små vindaugo i nokre av husa i Betlehem.
Der Josef og Maria hadde funne seg tak over hovudet var det også stille. Litt skraping av føtene til dyra. Kanskje kunne dei høyra at dyra togg i seg maten. Tung pust av søvnige dyr. Utanfor: Lydar av raslinga frå grashoppene. Men elles: Stille natt!

På Betlehemsmarkene var det same stemninga: Stille og roleg. Sauene kvilte i fred. Gjætarane som passa sauene varma seg ved bålet og prata lite saman. Duppa litt av innimellom, men gløtta opp no og då for å forsikre seg om at alt var bra med dyra dei hadde ansvar for.
Når vi i desse siste dagane før julaftan har hatt det travelt, er det mange mellom oss, ikkje minst av oss vaksne, som har lengta etter at det skulle verte ro. At freden skulle senke seg. Julefred er det mange som ynskjer seg.

Men sant å seie er det lite stille og fredfull ro å finne på ein slik dag. Vi har enno ikkje roa heilt ned. Heime er det framleis stress med å lage mat. Kanskje er det ein og anna detalj som skal på plass i huset for vi skal ete og gje kvarandre julegåver.
Og når vi kjem så langt, då er det i alle fall ikkje stille.
For kven kan vel vere stille og roleg når ein enno er 6 år og det ligg ein haug med gåver og ventar. Gåver som er harde. Pakker som er mjuke. Gåver som har lyd. Gåver vi kan lage lyd med. Ting vi har ynskja oss. Kanskje noko vi ikkje ynskte oss. Kanskje får vi noko som overraskar veldig og som vi blir kjempeglade for.
Det er enno mykje spanande som ventar denne dagen. Og det er vel å be om for mykje om ein ber om at det skal vere stille.

Eg ynskjer at det skal vere stille på julaftan.Men ikkje musestille kvar minutt på dagen. Ikkje stille og furtande når vi opnar pakkane. Ikkje taust og tregt når vi et god julemat. Då skal vi ta ut alt vi er så glade for i dag. Glade for alt vi får. For alt vi kunne gje bort som fine gåver. Glede for familie og vener. Glede over fest og høgtid. Over pinnekjøt, juletre og familiefest.
Men stille ettertanke akkurat no. Her i kyrkja. 

Så flott at du fann vegen hit i dag. For nokre minuttar no kan vi stengje ute alt det travle. Alle dei høge lydane som forstyrrar julefreden. Her kan vi snakke slik dei av og til gjer i barnehagen – med innestemme!

No er vi stille ein liten augneblink og lyttar til kva  som skjer på julekvelden.
Kjenn på at det er godt å roe ned. Vere tett i lag med dei du kom hit saman med. Kanskje på eit fang?

Prøv å lytte etter  julelyden akkurat no.
Du høyrer neppe så mykje. Men tenk på lydane frå det vi har lese om nettopp. Dei forsiktige lydane i den stille stallen der Maria og Josef ventar. Mens det er stille.
Så kjem det brått lydar. Frå Maria som har det vondt. For alle som har født eit barn har fortalt at det er vondt. Så kom det en heilt ny lyd i stallen. Frå barnet som skreik. Barnet som gret. Barnet som til slutt roa stille ned. Forsiktig lyd frå guten som fekk drikke seg mett av Marias morsmjølk. Lydane av dette er ikkje å høyre her i kyrkja. Men når vi er stille og tenkjer etter, kjem lydane til oss likevel. Vi veit at dei var der. Vi er stille og tenkjer etter. Kva er det eigentleg vi høyrer?

Det er lyden av det engelen fortalde om.
For  engelen var ikkje stille. Han ropte det ut så dei sovande gjætarane skvatt og sauen sprang til alle kantar.
Han ropa ut mens englemusikken og englesongen tona i bakgrunnen: «I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by»

Det er julelyden. Julelyden er lyden av englerøyster. Først ein engel som fortel at no har det hendt. Det er fødd eit barn. Maria er mora. Barnet er Jesus.
Og den vesle er ingen vanleg liten gut. Han er det òg. Men han er så mykje meir. For dette er guten frå Gud. Guds eigen son. Han som vart eit lite menneske.

Dette som er så forferdeleg vanskeleg å forstå. Difor må vi av og til vere litt stille slik at vi kan ta det til oss. Tenkje etter mens vi er stille. Gud kjem til oss. Det vesle barnet som heiter Jesus og som søv roleg og fint i ein stall, han er frå himmelen.

Julelyden er difor, for det andre, lyden av songen frå englar som syng så flott at alle andre lydar vert som støy til samanlikning.

Her i kyrkja etterliknar vi englesongen. Vi syng dei finaste og vâraste songane vi kan. Songane om Jesus som vart fødd. Dei glade songane som vi stemmer i og som bryt alle grense for lyd. For når julesongane tonar ut i kyrkjerommet skal ingen vere stille. Då skal dei høyre det så langt ut som vi berre kan få det til. Då skal dei gode lydane strøyme frå kyrkjedører og kyrkjevindauga. Då skal musikken snart blande seg med klokkeklang frå kyrkjetårnet. Klokker som fortel alle som vil høyre at engelen kom til oss med bod om at Jesus er fødd. Han er frelsaren vår.
Han er den som kan ta oss med inn til Gud.

Difor skal vi både lytte til og sjølve ta del i lovsongen for at frelsaren var fødd, Han som kom frå Gud. Han som var Gud i eit lite barn.
Vi må lytte etter julelydar i kveld. Vi må vere stille så vi høyrer at det er roleg. Vi må lytte etter barnet som fortel at Gud er her. Mellom oss. Vi må lytte etter engleorda om at barnet er vår frelsar. Og vi må lytte etter lovsongen. Julelyden som prisar Gud for eit under vi aldri kan forstå, men som vi kan opne oss for som den største av alle julegåver.

Vi ynskjer kvarandre ei stille og velsigna julefeiring.

God Jul

Bloggarkiv