lørdag 3. mai 2014

Gravferdstale - "Ars longa - Vita brevis"

Om avdøde: http://no.wikipedia.org/wiki/Einar_Kvamme 


Gravferd, Store kapell, Møllendahl 02.05.2014: Einar Kvamme
Salme 8,4-6

I gym.salen på ungdomsskulen på Lindås der eg var elev for over 40 år sidan, hadde vi ei provisorisk scene som vart sett opp til elevkveldar, 17.mai og andre gonger når det skulle vere framføringar det var trong for sceneteppe. Over scena hadde ein eller annan laga ei innskrift som eg aldri forstod meininga av så lenge eg gjekk på ungdomsskulen. Eg hadde nok halde på lenge med teologistudiet også, før dei latinske orda opna seg, og eg forstod det som gamle Hippokrates ein gong skal ha sagt. Han var gresk, men orda er kjende på latin:
”Ars longa – vita brevis”. Kunsten er stor, men livet er kort, kan vere ei passande omsetjing.
Og dei orda kan vere tankevekkjar på denne dagen, her ved Einar Kvamme si kiste.
Kunsten er stor, men livet er kort.

Kunsten var så viktig for han. Den er også viktig for dykk som stod han nær. Slik den er viktig for dei fleste menneske, anten dei er klar over det eller ikkje. Kanskje er det slik med kunsten at vi må modnast og undervisast slik som når vi lærer språk, som for eksempel latin, før vi skjønar. Det er ikkje all musikk som er lett tilgjengeleg. Heller ikkje all litteratur eller målarkunst. Og mangt eit sceneteppe løyner perler av skodespelarkunst som kan vere eit nummer for stort for nokre av oss til at vi fattar høgde og djupn i det vi har fått ved teppefall. Kunsten er stor, men livet er kort!

De som sørgjer i dag har opplevd det. Etter vanlege mål fekk Einar Kvamme eit langt liv. Likevel er eit slikt liv berre ein liten pust i den store samanhangen. Målt med æva som målestokk. No er han borte. Etter han skal kunsten leve. I lag med minna som bur i hjarto til dykk som var hans aller næraste.
Den siste lupin bøyer seg på framsida av programarket. Hans gåve til ei kjær kone. Lupinen bøyer seg mot oss, òg. Er det ei helsing? Ein takk? Hans handtrykk med farvel?

For meg vert det på denne dagen meiningsfullt å gå til den aller største kunstnar vi kjenner. Vi kjem fram for han i ærefrykt og undring og spør, slik menneskeslekta har gjort i tusenvis av år:

Salme 8:3-4 

Når jeg ser din himmel, et verk av dine fingrer,
månen og stjernene som du har satt der,
hva er da et menneske, at du husker på det,
et menneskebarn - at du tar deg av det?

Slik spør David i sin 8.salme. Han ser på det kunstverket som sjølve skapinga er. Han ser himmelen. Månen og stjernene. Heile universet. Han fattar ein ting: Bak dette står det ein Gud. Ein som skaper. Ein som styrer.
Men  i det veldige han ser, så begrip han ein annan ting:
I universets ufattelege stordom, er vi menneske som støv.
Om det er sant at kunsten er stor, så er det mykje meir sant at universet er overveldande stort. Og midt i dette lever vi menneske. Korleis kan Gud sjå oss? Korleis kan han kjenne oss? Eller vi kan spørje på ein annan måte: Ser Gud oss i det heile? Ja, finst det eigentleg ein Gud?

Om det er sant at kunsten er stor, så den kan setje tankar og kjensler i sving hjå menneske, så er det ikkje mindre sant om teologien, om læra om Gud. Her brytest dei verkeleg djupe spørsmål. Her handlar det om djupner og høgder som ligg utanfor vår fatteevne.
Og vi kan ikkje unngå å kjenne på dette: Vi vert så små i møte med livets Herre, med skaparen, med Gud.

Eg forstod ikkje latinen før det gjekk mange, mange år. Eg måtte lese og lære før språket falda seg ut for meg. Og framleis er det veldig, veldig mykje latin eg ikkje skjønar.
I møte med Gud er det ikkje same trong for lærdom og innsikt. Der handlar det mindre om kunnskap enn om tru. Difor er dette bibelordet framfor alt ei utfordring til truslivet vårt. Kan vi sjå Gud i dette veldige vi opplever? For døden er veldig. Og vi er så små. Livet er så kort. Men Gud – er han der? Kan vi tru?

Eg kan ikkje gjere anna i dag enn å vitne om at eg trur på han som skapte himmel og jord. Han er kunstnaren over alle kunstnarar. Og eg kan ikkje gjere anna enn å gle meg over at han som er så stor at han har skapt universet, han har også gjeve meg levedagar. Og for meg er det ei kvile å vite at han også veit å telje rett når mine levedagar skal teljast opp. Om dei vert mange eller få, det må kvile i Herrens hender.

- hva er da et menneske, at du husker på det? Det var Davids spørsmål.
Svaret det gjev seg sjølv. Mennesket er det største av alt. Diamanten i skaparverket. Og kvart einaste menneske er i Guds tankar og Guds omsorg. Eg kan ikkje anna enn å tru det som står skrive, at Gud har bevist sin utrulege omtanke for oss menneske ved at han valde å sende sin eigen son, Jesus Kristus i døden for å berge oss gjennom døden og inn i det evige livet. Den bergingsaksjonen gjekk føre seg ei påskehelg i Jerusalem. Det handla om eit drama som ikkje noko teater seinare har kunna kopiere. Det handla om svik og justismord, om tortur og uskuldig død, men mest om alt om at han som døydde, sigra over døden og at han lever i dag og er midt mellom oss som sørgjer ved denne kista.

Livet er kort. Vi veit det, vi som er med i denne gravferda. Men vi skal også vite: Ved å gripe med tru det vi no har peika på, så kan livet verte utfatteleg langt – livet kan då verte evig: 

Joh 3:16 

For så høyt har Gud elsket verden at han gav sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv. 

                                                                                                                             AMEN

lørdag 19. april 2014

Daggry

ANDAKT TIL ASKØYVÆRINGEN. 

PÅSKEDAG – Bibeltekst: Lukas 24,1-9


Daggry.
Dagen med lyset sigrar alltid over nattemørket. Dagen med arbeid og aktivitet tek over for draumar, søvn og kvile. Slik er det veka gjennom. Bortsett frå den eine dagen. Dagen som gryr med helg. Dagen som ber høgtida med seg. Herrens dag. Denne eine dagen som både minner om Guds skaparakt som vert krona med kvile, men som endå meir er Herrens dag, den første i veka, som gryr til minne om daggry i Jerusalem for lenge, lenge sidan.

Daggry. I denne korte timen der sola viser seg, og skaparverket litt etter litt stig ut or skuggane, skal kvinner gje seg i veg mot gravstaden. Også tankane deira er sveipte i skuggar. Kjenslene deira er frynsete av sorg. Augo er såre av gråt, og av netter nesten utan søvn.
Dei er ikkje trusheltar. Dei er trøytte, sørgjande, fortvila.
Dei rakk å vere med å leggje Herren Jesu kropp i grav før sabbaten gjorde ende på den lange fredagen. Det vart inga kvile for dei gjennom helga. Berre sorg. Og så eit besøk i dei innerst skapkrokane der den velluktande olja var gøymd. Den som berre skulle brukast når døden gjesta huset.
Døden, i si mest brutale form, hadde røva Jesus frå dei. Kunne det verte lys over livet deira igjen?

Daggry over Jerusalem. Kvinnene steig inn i grava med sine oljer og med sine tårer.
Aldri har dagen hatt meir lys i fanget enn ved dette morgongry. Ikkje sidan skapingsdagen. Slik Gud skapte lyset i opphavet, slik skapte han livet på ny ved dette daggryet. Or dødens uløyselege knute hadde Gud løyst banda som heldt Jesus i grava.

Frå livets lyse kjelde, som lys som skin gjennom diamant, steig bodberarane fram i daggryet med ein bodskap som aldri før hadde gjeve meining: Den levande – den kroppen som var lagt i grava , tømt for blod, med naglehol, spydhol og torturmerke i panna, denne døde menneskekroppen var no den levande. Jesus var ikkje lenger blant dei døde.

Dagen grydde for kvinnene. Dei hugsa orda som den levande hadde tala. Ord om liding, død og oppstode. Dei kunne neppe ta inn over seg dei fulle konsekvensane av denne soloppgangen over alt liv. Men over deira sinn lysna det nok til at vegen heim att frå ei tom grav vart leikande lett å springe. Dei måtte tala med alle dei andre. Framfor alt med dei elleve.

Daggry over vestlandsk kystlandskap enno ei påske. Frå fjella i aust ser vi solstrålane frå det høge leike seg ned mot fjordar og holmar. Over byen og bygdene våre.
Her bur kvinner. Her bur menn. Her bur det born og unge.
Vi må skunde oss og løfte ansikta mot lyset.


Vi jublar for skaparen av påskesola, guddommen bak lyset, han som var før tida, og som sende Jesus og let han døy. For å bryte mørket i dødsriket. For å nedkjempe dødskrefter og for å bryte gravlenkjer.


Mørket i oss, syndemørket, skal få himmellyset over seg. Det skal lysne i våre liv. Eit lys av tilgjeving. Eit skin som blenkjer med håp om liv bak graver, og frelse når døden har henta oss.
Også då skal vi vente på daggry. Det evige morgonlyset som ikkje skal slokne. Der skal den levande sjølv lyse for alle som trur.

fredag 18. april 2014

"Ved korsets fot hos Jesus"

Langfredag, 09.04.2004  IV
Strusshamn
Johs.18,1-19,30

Hammarslaga har stilna. Smerteropa, ynkinga, og grimasane som vart skapte av redselsfull tortur har lagt seg. Kvar minste rørsle og kvart einaste stønn som kjem frå dei krossfeste no, gjer berre det heile endå meir uuthaldande. Dei romerske bødlane har gjort det grufulle handtverket sitt. I utkanten av Jerusalem, på Golgata - hovudskallen, heng tre menn i dødskamp. På kvar sin kross lir dei med ufatteleg smerte. Snart kjem døden som ein utfriar. Men før dei døyr, skal dei pinast endå litt meir.

Det er nesten utruleg at denne scena har verka til inspirasjon for så mange kunstnarar, anten det er dei som nytta penn og papir, hammar og meisel, lerret og palett, nål og tråd eller tonekunst. For heller enn inspirerande, synest Jesu dødskamp på krossen rett og slett avskyeleg. Så ille, at hadde moderne TV-kamera vore til stades, ville vi heilt sikkert vorte åtvara mot  sterke scener før vi fekk sjå glimt i Dagsrevyen. Mest truleg ville vi ikkje fått sjå noko i det heile.

Likevel er det mange som har sett, og som ser, langfredagens drama føre seg. Med sitt indre auga. Og det dei ser, skaper dei kunst av. Noko har vorte til fabelaktig flott kunst. Anna meir middelmådig. Akkurat dete året er det også skapt ein film. Ein omdiskutert film: ”The passion of Christ”. Enno har ikkje eg rukke å sjå filmen. Men den skal vere umåteleg sterk. Stå sterk at det visst nok knapt er laga noko liknande. Eg veit ikkje enno om eg vil sjå filmen. Kanskje gjer eg det.
For kanskje får eg då ein sjanse til å stille meg opp i lag med dei andre som ein gong verkeleg var der. Som var ved foten av krossen då det hende. Då dramaet utspela seg. Dei som var vitne til ”The passion of Christ” – Kristi liding.

Kven var desse? Kva såg dei? Kva opplevde dei? I lag med nokre av dei om stod der ved foten av Jesu kross på langfredag, vil vi stilla oss opp. For på denne dagen er det så mykje som dukkar opp for augo våre. Så mykje vi kan stogga for og seia meir om i ei preike. Vi skal berre gjera eit lite utval av alt som er rulla opp for oss gjennom den lange teksten vi har lese.

 "Attmed Jesu kross stod mor hans og morsyster hans, Maria som var gift med Klopas, og Maria Magdalena."

 "Ved korsets fot hos Jesus" heiter det i ein enkel bedehussong.  Der stod altså Maria, mor hans.
Om langfredagen ber med seg ein bodskap som går ut over menneskeleg fatteevne i si skildring av liding, tortur og redsle, så er det vel eigentleg utanfor det noko menneske kan begripa, at Jesu eiga mor var augnevitne til sonen sin dødskamp der til og med Jesu far, Gud sjølv, forlet han. Forlaten av Far i himmelen. Men den jordiske mora heldt ut, der ved foten av krossen.
Kanhenda var det nettopp denne stunda den gamle Simeon, med profetiske augo hadde sett, då han velsigna det vesle Jesus-barnet i templet i Jerusalem då Jesus var åtte dagar gammal? For til Maria sa Simeon om Jesus den gongen: "-Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, ..... Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd." (Luk.2,34-35)


Ingen veit kva Maria kjende der ved foten av krossen. Men at det var som eit sverd som vart stukke i henne, er sikkert berre ei varsam omskriving av det ho opplevde då Jesus døydde framfor augo hennar. Ein langsam og ufatteleg pinefull død.

Men saman med Maria, var det fleire som hadde samla seg og som også var vitne til dramaet. Vi høyrer m.a. om "-den læresveinen han hadde kjær.." Dette er truleg han som har skrive Johannes-evangeliet, nemleg apostelen Johannes.
To av dei menneska som Jesus var aller mest glad i, var altså der når han stridde sin aller tyngste kamp. Det var mor hans, og det var apostelen Johannes. Og så skjer det forunderlege. Like før døden sløkkjer ut livet hjå Jeus, så bind han desse to menneska som var så viktige for seg, saman.

"- Då Jesus fekk auga på mor si, og såg den læresveinen han hadde kjær stå attmed henne, sa han til mor si: "Kvinne, det er son din." Så sa han til læresveinen: "Det er mor di." Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg."

Midt i all vondskapen rundt seg. Mens han sjølv er i ferd meg å anda ut i gudsforlaten einsemd, medan mørkret er i ferd med å setja ein tjukk strek under det faktum at her stridest vondskapens åndehær i himmelrommet med Guds einborne son, så ser vi korleis det svake skinet av kjærleikens lys glimtar til i sjølve dødsstunda . Mørkret skal ikkje sigra. Kjærleiken vinn. Ei mor som misser son sin, får ein ny son; ein som kan ta vare på henne og berga henne. Slik demonstrere Jesus kva kjærleik er. Kjærleik er det som er så stort at ikkje ein gong døden er sterk nok til å hindra kjærleiken i å sigra. Men kjærleiken er også det nære og kvardagslege. Det handlar om å syna omsut for dei som treng det.: "-Frå den stunda tok læresveinen henne heim til seg."
Heilt inn i dødsstunda demonsterer Jesus kva kjærleik er: Kjærleik er å gje seg sjølv like til døden. Men kjærleik er også å vera nær i kvardagen. Store kontrastar- likevel: begge delar får vi sjå om vi vågar å stille oss opp der ved foten av krossen.

Maria og Johannes, det var dei som stod han aller nærast i sjølve dødsstunda. Men vi veit at det var mange andre som også var der. Nokre var sikkert like i nærleiken og såg på dramaet. Andre stod lenger unna og fylgde med. Og for mitt indre auga ser eg ein kar som har gøymt seg bak nokre steinar, ikkje så langt unna. Det er mange kvinner rundt han, men denne er eg ikkje heilt sikker på kven er. Det er i alle fall ein mann.


Eg trur det må vera Peter. I så fall har han nok litt av eit oppgjer med seg sjølv. For også Peter har vi møtt i denne dramatiske langfredagsteksten. Ja, ved sida av Jesus, så er Peter ein av dei aller viktigaste personane i det som hende. Og sant å seia er det ikkje rart om han gøymer seg nett no. For kven andre enn han, storskrytaren og den ivrige Jesus-tilhengjaren hadde gått rett i fella og avslørt seg som ein feiging og ein svikar. Ikkje så ille som Judas, rett nok. Men Peter hadde altså tre gonger nekta for at han kjende Jesus eller var i Jesu fylgje då det heile tok til å snøra seg saman og Jesus vart ført bort som fange.
Hanen som gol, måtte ha lydd som dommedagstrompetar i øyro til Peter. Hanegalet uderstreka Peters totale fall og hans hårreisande mangel på sjølvinnsikt og dømekraft. Det var lite Peter kunne gjera for å hindra at Jesus vart arrestert, dømd og avretta. Men han kunne ha vist seg som eit mannfolk og stått ved Jesu side slik den andre læresveinen, han Jesus hadde kjær, gjorde.
Jau, det er mykje som talar for at det er Peter som gøymer seg bak steinen og knapt torer å stikka nasa fram. Peter må ha ein forferdeleg dag han òg; ikkje berre Jesu mor og alle dei andre som var glade i Jesus.

Men når eg gjev meg litt betre tid, og lar synet som eg får få festa seg noko betre for mine attlatne augo, då ser eg noko som gjer meg redd. Mannen som oppfører seg som Peter kunne ha gjort, endrar utsjånad. Etter kvart liknar han veldig på ein herverande sokneprest. Ein som har all grunn til å kjenna seg att - nettopp i Peter! Ein som veit noko om kva som bur inne i han. Presteklærne kan kanskje løyna skavankane for dei fleste, men ikkje noko kostyme kan lura han som heng på krossen. Han veit om alt som bur inne i denne presten. Slik han visste om Peter. Han veit om det som bur i folkemengda som er i flokken i lag med presten. Mange av dei har kjende ansikt. Ansikt som folk her på Askøy ville kjent att som naboar, slekt og vener. Ja, kanskje ville dei sett andlet som likna veldig på det dei ser i spegelen kvar morgon, om dei såg godt etter.

Gjennom augo som snart brest i døden, så ser frelsaren ned på dei som har samla seg vet foten av krossen. Han ser med eit blikk som er utan botn. Eit blikk av kjærleik.
Han ser mor si. Han ser Johannes. Eg veit at han såg Peter også. Han såg i kjærleik til svikaren og sette han til å byggja si kyrkje etter at han hadde stått opp att frå grava han snart skulle leggjast i.
Det gjev meg von på langfredag. Von om at augo hans også har sett meg og alle rundt meg. Menneske som frå vår tid ropar til den krossfeste: Herre! Sjå også til meg. Sjå til meg i nåde. Frels meg , slik du frelste røvaren som fekk vera med deg til Paradis.

Eg er "-Ved korsets fot hos Jesus.". Eg  er stille og lyttar. No bøyer Jesus hovudet. Augo hans brest. "Det er fullført".

onsdag 16. april 2014

Brødet og vinen

Skjærtorsdag I. 05.04.2007
Ask bo- og omsorg. Herdla
Matt. 26,17-29

Brød og vin er i sentrum på denne dagen. Slik det er kvar gong når vi samlast til nattverd i ei kyrkje, på ein institusjon eller ved ei sjukeseng i ein heim eller på eit sjukehus.
Brød og vin er alltid i sentrum når det handlar om nattverd.
Men på sjølvaste skjærtorsdag er det likevel rett tid til på ein heilt særleg måte å rette lyskastaren mot desse to elementa som betyr så mykje i den kristne kyrkja og for den kristne tru og for dei kristen truande.

Kva dreiar det seg eigentleg om?
Først litt om brødet.
Det er ikkje vanleg kneip eller loff vi serverer. Det er ikkje høge smørbrød med eggerøre, laks eller reker som pålegg.
Brødet i nattverden har sitt førebilete frå GT.
Utgangspunktet er forteljinga om Israels utferd or Egypt. I 2.Mos 12 les vi korleis Israelsfolket fekk føreskriftene frå Moses om at dei skulle gjere seg klare til å dra ut or Egypt. Moses forklarar om påskelammet som skulle slaktast, om korleis blodet av påskelammet skulle strykast over dørstolpane i husa der israelittane budde og korleis kjøtet av påskelammet skulle etast same natt, men det skulle etast med usyra brød og bitre urter til.
I alle år etter utferda or Egypt feirar jødane minnet om denne storhendinga ved å ete eit måltid, eit påskemåltid, med dei same måltidingrediensane som dei hadde på bordet i Egypt. Ein del av dette påskemåltidet var usyra brød.

I dagens bibeltekst møter vi Jesus og hans læresveinar når dei er samla for ete det jødiske påskemåltidet til minne om utferda or Egypt. Og når vi les at Jesus der ved bordet tok ”eit brød, takka og braut det, gav det til disiplane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» - når vi les om dette , så les vi om det usyra brødet.
Difor er det også usyra brød vi brukar i det vi nyttar som nattverdbrød ved våre gudstenester. Vi brukar oblatar, bakte, eller steikte, ved diakonissehusets oblatbakeri i Oslo. I dei fleste store kyrkje verda over brukar dei nettopp slike oblatar til nattverden. Her ser vi at det er prega inn eit bilete av Jesus på krossen. Det var det sjølvsagt aldri tale om ved det aller første nattverdmåltidet. Då brukte dei vanleg brød som var bestemt til å etast som ein del av måltidet. Og det er på ingen måte slik at vi ikkje kan lage oss vår eige nattverdbrød til våre gudstenester, brød som vi kan bryte bitar av og ete slik vi et oblatane. Mange stader gjer dei nettopp det. Einaste kravet er at vi skal bruke usyra brød, slik dei brukte den aller første gongen.

Det er brød. Det ser ut som brød. Det smakar som brød.
Likevel er det noko langt meir, den vesle brødbiten vi får i handa når vi samlar oss ved Herrens bord, anten det er skjærtorsdag eller ein annan dag i løpet av kyrkjeåret.
Jesus sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.»
Desse orda frå Jesu munn endrar alt. Desse orda frå Jesu munn var ord som utretta under den aller første gongen dei vart uttala. Desse orda frå Jesu munn urettar under når vi les dei frå den Heilage skrifta ved nattverdfeiringa i kyrkjer verda over den dag i dag.
Nattverdbrødet er brød. Det ser ut som brød. Det smakar som brød. Men samstundes er det Jesu kropp. Jesu lekam. Heilt og fullt er brødet Jesu kropp. Kyrkja tenkjer ikkje at brødet er eit symbol på Jesu lekam, men kyrkja trur fullt ut at det hender eit under, slik at i brødet vi et i nattverden, der er Jesus fullt og heilt tilstades med sin kropp, sin lekam.
Dette er, som eg seier, ikkje noko mindre enn eit under. Dette er det ikkje råd å forklare med logiske tankerekkjer, med vitskapleg gransking, med kjemiske testar av brødet før og etter at vi har lese innstiftingsorda.
Dette er eit mysterium for trua vår.

Det handlar om brød og vin i nattverden.
No vil eg seie litt om vinen.
For i påskemåltidet som vi alt har snakka om, inngjekk også vanleg vin.
Vi les i tekstordet vårt at Jesus tok ein vinkalk, eller eit beger og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir aust ut for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»
Kva slags vin dreier det seg om?
Heilt vanleg druevin!
Vi høyrer Jesu ord der han omtalar drikken som ”frukta av vintreet”. Frukta av vintreet er ikkje saft. Det er ikkje vatn. Det er ikkje te. Det er ikkje kaffi. Det er vin. Vanleg vin med alkohol, slik dei drikk til dagleg over store delar av verda. Kanskje var det slik vin som Jesus skapte då han som sitt første under gjorde vatn om til vin i bryllaupet i Kana.
Eg veit at urolege fråhaldsfolk i vårt land av og til protesterer på at Jesus kunne nytte eller nyte alkohol. Eg kan ikkje hjelpe for at det står slik. At det handlar om alkoholhaldig vin skulle vere tydeleg i Kana, for då høyrer vi at vinen dei drakk var til å bli full av.
I våre kyrkjer her på Askøy brukar vi også vin, fukta av vintreet. Alt anna ville vere meiningslaust. Dei som tek i bruk saft el.l. set seg opp mot Skrifta sitt ord. Rett nok har den vinen vi brukar mest av i våre kyrkjer gått gjennom ein ekstra prosess hjå vinmonopolet slik at mesteparten av alkoholen er fjerna. Men framleis handlar det om vintreets frukt. Og framleis er det ørlite alkohol i vinen. Og slik må det vere, elles fuskar vi med det Jesus sa vi skulle gjere når vi feirar nattverd.

Både i GT og i NT er vin svært ofte eit uttrykk for glede. Den nemnde hendinga der Jesus gjorde vatn om til vin i Kana er eit døme på det. Samstundes les vi også i Bibelen åtvaringar mot å drikke seg full, om å vise måtehald med alkohol. Men også i den himmelske festen ved enden av tida ser det ut for at det skal vere vin å få. Jesus skal drikke dette på nytt i sin Fars rike, les vi.
Likevel, det viktige for oss å halde fast på når vi snakkar om vin og nattverd, det er at Jesus knyter nattverdens vin til det å drikke hans blod. Heilt parallelt til å ete brød som er hans kropp.
Og slik nattvedebrødet verkeleg er Jesu kropp, slik er også nattverdvinen Jesu blod. For ein del menneske som er meir eller mindre negative til både Jesus og den kristne kyrkja, så kan ein slik påstand opplevast som ein form for kannibalisme.
Men for ein kristen er vinen – Jesu blod ikkje noko mindre enn det yttarste beviset på Jesu kjærleik.
På den eine sida handlar det altså om vanleg vin som vi kjøper på Vinmonopolet, men samstundes endrar vinen seg , eller rettare - vinen sameinar seg på underfullt vis med Jesu blod gjennom at Den Heilage Ande gjer eit under når Jesu eigne ord vert lesne i kyrkja sin liturgi.

Den første nattverd – halden på Jesu siste kveld i lag med sine læresveinar er altså eit underets måltid.
Det hende eit under den gongen. Brødet som Jesus tok og braut, det vart til hans kropp. Vinen som han løfta opp i ein kalk, den vart til Jesu blod.
Og det underet hender på nytt når vi i nattverden gjer dette på nytt på denne skjærtorsdagen eller på ein vanleg søndag eller når vi elles måtte feire nattverden.
Eit under. Ikkje noko mindre.
Ikkje til å forstå. Men som vi held fast i med trua vår.

Men endå større enn det, er det under at vi ved å ete og drikke brødet og vinen, hans kropp og hans blod, så får vi del i det ubegripelege som hende med Jesus på krossen dagen etter at denne hendinga vi har lese om no, gjekk føre seg. Gjennom nattverden får vi del i den same kropp og det same blod som dagen etter at Jesus innstifta nattverden vart krossfesta, blødde og døydde for vår skuld.
I dag skal vi som går til nattverdens heilage måltid få ta i mot, ete og drikke, den same kropp og det same blod som dei første læresveinane fekk del i den aller første skjærtorsdagen.

Til mannen som var eigar av huset der Jesus og læresveiane åt det siste måltidet i lag, sende Jesu følgjande bodskap: Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med disiplane mine.'»

I dag lyder dei orda til deg og meg. Meisteren er her. Han vil halde måltid i lag med oss. Han vil ete med oss. Han vil etast av oss.
Måltidet som er duka opp er proppfullt av ubegripelege ingrediensar. Måltidet er ei einaste utfordring til trua vår. Det er ei utrekt hand frå han som vil leie oss inn i eit fellesskap av kjærleik, av liding, av død og av oppstode. Det er eit måltid for alle som har bruk for det Jesus lovar at vi får når vi et og drikk: ” - så syndene blir tilgjevne”
Måltidet har eit ubegripeleg innhald.
Samsundes er det ytterst begripeleg. For brødet, det usyra, enkle brødet, ser vi, vi smakar det, vi et det. Som om det var vanleg brød. Men det er det ikkje. Vinen, vintreets frukt, ser vi, vi smaker den, vi drikk den. Som om det var vanleg vin. Men det er det ikkje.
Det er eit underleg måltid. Det er eit underfullt måltid. Måltidet er eit under.
Med takk og i tru rekkjer vi hendene våre ut. Vi tek mot og puttar i munnen. Vi et og drikk. Og vi trur.
Slik kjem Jesus til deg og meg i dag. Slik kjem han og held påskemåltid med oss. Slik skal vi ein gong ete med han, på den dagen Jesus ser fram i mot når han seier at han skal drikke ”- saman med dykk i riket til Far min.»

Vi ser fram mot den dagen med forventning og glede, men til vi opplever å ete i lag i Gud Faders rike, så bøyer vi oss her ved Herrens bord og et og drikk av dei gåvene han byr oss ” - så syndene blir tilgjevne”


AMEN

søndag 13. april 2014

Ei evig ordning.......

Palmesøndag I – 13.04.2014
Biskopshavn
Johs.12,12-24

Allereie då Moses var Israels førar vart påskeskikkane innførte.
Vi las om utgangspunktet for påska då vi høyrde frå 2.Mos om førebuingane til Israels utferd frå Egypt. Vi las om slaktinga av påskelammet, om blod, om ein isopkvast. Og om ein skikk som folket skulle halda ved lag som ei evig ordning – påskefeiringa.
Denne veka opnar påska seg for den kristne kyrkja verda over. Vi har teke over delar av den jødiske påskefeiringa til minne om det som hende med eit fanga israelsfolk i faraos varetekt i Egypt. Det jødiske er for lengst kristna. Og no samlar vi oss til fest. Vi gler oss over det vi skal vere i lag om.

Men samstundes ser vi rundt oss. Det vi ser skulle gjere oss tankefulle. For det er ikkje slik i Bergen anno 2014 som det var for 2000 år sidan i Jerusalem. Det er ikkje folkemengda som skal feire påske som slår oss. Vi er ein ganske beskjeden kyrkjelyd i eit fint kyrkjehus. Vi skulle gjerne vore mange fleire.

Vi har lese i avisene dei siste dagane at kyrkja si krise er at kyrkjemøtet ikkje kunne samle seg om eit standpunkt om kva eit ekteskap skal vere, og korleis kyrkja skal tenkje  og meine om homofilispørsmålet.
Det er vanskelege saker.

Men kyrkja si krise er i større grad at vi ikkje samlar oss til det som vi har høyrt skal vere «en evig ordning  for deg og dine etterkommere» - nemleg påskefeiringa.

På Jesu tid strøymde folk til Jerusalem for å feire den jødiske høgtida. Dei kom langvegs frå. Vi høyrer om grekarar som hadde reist frå Hellas for å feire påske. Det var langt frå Hellas til Jerusalem med båt eller til fots eller til hest for 2000 år sidan. Tenk om folk i vår tid hadde strøymt til kyrkjebygga for å feire? For å lage fest. For å syngje Hosianna. For å minnast eit drama som meir enn noko anna har endra verdenshistorien.

Vi som har samla oss i Biskopshavn kan ikkje løyse kyrkja si krise.
Men i pur påskeglede kan vi løfte våre bøner og våre rop til han vi trur på og be om frimot til å spreie ryktet frå Jerusalems påske på ein slik måte at vi samlar oss. Som kyrkje. Som truande. Som tilbedande. Samlar oss i stadig større flokkar, år for år. At det vi peikar på er arven frå Skrifta – omtala som «en evig ordning  for deg og dine etterkommere». Det handlar om å feire han som faktisk er sjølve påska – han som gjekk inn i rolla som det fullkomne påskelammet vi høyrde om frå GT, då i ei profetisk utgåve.

Vi høyrde i evangelieteksten om ei stor folkemengde som var samla til fest. Festen er den jødiske påska.
Men like før påske hadde det vore ei anna fest, ei privat fest i Betania, nokre få kilometer utanfor Jerusalem.
Vi kan lese om denne festen i same kapittel som vår preiketekst er henta frå, men nokre vers lenger framme. Her les vi om festen for den levande Lasarus. Han som var død, med som Jesus hadde vakt opp frå døden. Festen der Jesus vart salva av Maria, søster til Lasarus. Salva til sin død, allereie før dødsdagen.

Ei aldeles ufatteleg historie. Og no gjekk rykta om dødeoppvekkjaren. Om Jesus som hadde vore på fest hjå familien Lasarus i Betania. Påskefestfolket ville også sjå mirakelmannen. Slik var det f.eks med dei langvegsfarande grekarane: ”Herre, vi ville gjerne se Jesus” sa dei til Filip. Men påskefolket ville ikkje berre sjå Jesus. Dei ville også sjå den levande Lasarus som hadde lagt fire dagar i grava. Det var påske der rykta om sensasjon svirra i lufta!

Men sensasjonsmannen skulle på endå meir overveldande måte skulle overtyda om at han kunne gjera noko med den vonde makt som døden representerer. Lasarushendinga sette folket i rørsle for at dei skulle få ein glimt av Jesus som var på veg frå Betania til Jerusalem. På veg for å feire påske.
Men Jesus var ikkje på veg til Israels hovudstad, Jerusalem, for å la seg krona til hovding eller konge.

Mange trudde at dette endeleg var Messias, frigjeraren, kongen som kom. Han som kunne ordna alle jødefolkets mange problem; han hadde til og med synt at han kunne sigra over døden,  Difor strøymde dei til møtes med han. Difor hylla dei han. Hossianna-ropa runga kraftigare enn hurra-ropa på slottsplassen i Oslo 17.mai. Dei hylla Jesus som konge. Hadde dei tankar om å kruna han til Israels konge?

Den krona Jesus skulle få nokre dagar seinare var ikkje av gull, men derimot av stikkande torner. Ingen forstod det på palmesøndag.
For  no skal Jesus snart overgjevast til liding og til død. Han som hadde vist sine guddommelege krefter ved å ropa den døde Lasarus ut or grava; han som no vart hylla som ein konge, han kom eigentleg for å gje seg sjølv over i hendene på dei som stod han etter livet; dei som hata han.
Jesus kom rett frå feiringa i Betania. Dei hadde feira triumfen ved Lasarus si grav. Men snart venta eit dramatisk sceneskifte til forrederi, rettsak, dødsdom og avretting.

Og midt oppe i dette; denne forunderlege kongehyllinga. Ei hylling der dei som ropa Hosianna, måtte forstå at det var eit eller anna som var ramlande gale i det dei var med på. For han såg då ikkje ut som ein konge der han kom ridande utanfor byporten i Jerusalem. Om Hosiannaropa var aldri så kraftfulle, så kom ein ikkje forbi det faktum at han som dei hylla sat på ein eselfole. Og for å seia det rett ut: Eit esel passar seg ikkje som ridedyr for ein konge. Kongen skal ha ein flott hest. Soldatar skal ri føre og varsla at han kjem. Trommer og trompetar er ein del av kongens inntogsmarsj. Alt dette mangla der utanfor Jerusalem. Der var det berre Jesus på eselet. Og folkemengda som ropa Hosianna.

Kva skal vi tenkja om dette?
Kva var det eigentleg som hende?
Kvifor talar vi om Jesus på eselet på denne måten?

Det finst ein fabel som er dikta omkring dette. Poenget i den fabelen er at eselet synest vekta av mannen det har på ryggen vert aldeles urimeleg tung. Og han vert tyngre og tyngre di lenger dei kjem inn i Jerusalem.
Då fortel fabelen at Jesus bøyer seg fram og kviskrer inn i øyra til eselet:
"-Den som har meg på ryggen, må samstundes bera vekta av heile skapningens sorg og naud på sin kropp"

Dette er sjølvsagt ikkje noko anna enn ein fantasi. Ein fabel. Dikting. Men likevel: Tenk om det vesle eselet verkeleg merka korleis vekta av Jesus auka etter kvart som dei nærma seg offerstaden? Vekta av Jesus auka fordi vekta av syndene mine og dine kvilte på han. Og dermed også på eselet. Sjølvsagt er dette ein fantasi. Men tenk likevel på det..

Då anar vi litt meir av palmesøndagsdramaet. Palmesøndagen er i sanning ei fullverdig opptakt til påskeveka. Vi anar kva som skal skje. Vi har fått eit glimt av det som nett har hendt. Jesus har makt over døden. Folk strøymer til for å sjå han som vekte opp Lasarus.
Men det dei får sjå, er ein skuldtyngd konge. Ein konge som ber verda sine syder på sine skuldrer. Han rir på eselet. Han rir mot dommen. Mot døden. Men vi anar meir enn dom og død. Vi anar sigeren over døden. Det var ikkje tilfeldig det som hende med Lasarus. Snart skal noko endå større henda.
Jesus sjølv held ingen tale, men han seier likevel nokre underlege ord. Ord om at eit korn skal leggjast i jord. Så skal det døy. Deretter skal kornet bere frukt.
Kornet er eit bilete på Jesus sjølv. Og som kornet som vert sådd i jorda døyr, og deretter veks opp att på nytt og gjev stor grøde, slik skal Jesu død, den død som han rir i møte på eselryggen, verte til nytt liv for han sjølv, og til von om evig liv for alle som i dag kan hylla han i hjarta med eit Hosianna.

Palmesøndagen er hyllingsdagen. Dagen for lovsong. Lovsongen føl Jesus på vegen inn i Jerusalem. Slik har lovsongen følgd han frå kyrkjelyden hans gjennom ei heil kyrkjehistorie.
Også frå vår kyrkje syng vi i dag glade Hosiannalovsongar.
Vi syng mens vi går inn i den stille veka. Inn i påskeveka. Neste gong vi samlar oss til gudsteneste her i kyrkja skal vi nyte frukta  av hans liding og død som han rid frimodig i møte på palmesøndag. Då skal vi samle oss om hans lekam og blod, om nattverdens gripande gåve.

Men påskeveka som vi no går inn i, den startar vi med at også vi tar i mot Jesus i kjærleik og med lovsong.
Og eg vil sterkt ynskje at vi gjennom heile veka kan følgje Jesus på kvart steg i prosessen som startar no.
I dag: Hyllinga.
På torsdag: Måltidet, fotvaskinga, sviket og overgjevinga til soldatane.
På fredag: Mørket. Lidinga. Døden. Grava.
Påskenatt gler vi oss over lyset som stig mot oss. Over livet som veks fram or døden. Kornet som vart lagd i jorda døydde. Nytt liv vaks fram.
Og neste søndag – påskedag, jublar ei heil verd: Livet vant, dets navn er Jesus.

Alt dette vil vi minnast når vi samlar oss i kyrkja vår eller i anna kyrje gjennom påska. No er det like før. Ver med på turen til Jerusalem. Det er no det er påske!




søndag 30. mars 2014

Guds finger

3.s. i faste. I  - 30.mars 2014
Biskopshavn
Luk. 11,14-28

”Øde vidder.”                          
Eg ser for meg eit lite innbydande landskap.  Ein stad på grensa mellom ørken og sumpland. Ikkje heilt tørt. Men med enkelte blaute pølar med giftig, stinkande veske. Udrikkande og livsfarleg. Flatt og varmt.
I den bibelomsetjinga eg kjenner best, den gamle nynorske, så var uttrykket ”vasslause vidder” brukt. Over slike vasslause og aude vidder flakkar dei vonde åndene som Jesus talar om.
Om det verkeleg finst slike vidder nokon stad, eller om dette er eit fantasibilete, skapt i teikneseriar, det spelar inga rolle. For Jesus brukar bilete på det totalt ugjestmilde. På staden der ingen kan leve. Ikkje ein gong dei ureine åndene. Demonane.
Men vondskapen som er driven ut i dette dødens landskap søkjer seg betre tilhaldsstader. Den vonde ånda hugsar betre tider og seier: "-Jeg vil vende tilbake til huset mitt, som jeg forlot"

Vondskapen har ein bustad. Eit hus. Demoniet er å finna på ei adresse. Dersom då ikkje  nokon tek opp kampen mot "vondskapens åndehær i himmelrommet" (Ef.6,12) og set djevelen på porten.

I dag handlar preiketeksten nettopp om dette. Om at det er mogeleg å kjempe mot det vonde og å vinne over det. Men det handlar om meir. Det dreiar seg òg om å vere åndeleg vaken; om å vere så pass medviten at den vonde ånd som vender attende frå flakking over aude, vasslause vidder aldri kjem til eit tom hus der det berre er å flytte inn i lag med endå verre selskap enn det denne vonde ånd sjølv utgjer.

Vi har kasta dei vonde åndene på dør! Vi vil knapt nok ta ordet i vår munn. Tekstar i Bibelen, som den vi møter på denne 3.søndagen i faste, vil vi helst hoppe bukk over eller ta ein elegant sving utanom. Dette er noko som Jesus var nøydd å ta opp i si samtid, men i dag, to tusen år seinare, veit vi betre enn som så. Demoni dyttar vi kjapt og enkelt over til psykologane og psykiatrane. Slikt teier ein moderne teolog om i eit moderne  norsk samfunn. Vi har vaska ut dette rommet. Lufta og gjort reint.

Men kva har vi fylt opp med i staden? Visst vart det både loftsrydding og utlufting då vi for ca. 30 år sidan hadde demondebatt i vår kyrkje. Dei av oss som hugsar dette, kan nesten enno høyre ulinga av den kyrkjelege storm som rasa. Stormen har lagt seg. Lufta har roa seg. Men står det att eit tomt rom? Feia og pynta?
Og lar vi oss bedra til å tru at ånda frå viddene ikkje flyttar inn att med sitt utriveleg selskap, så snart ho berre får sjansen?

Kan hende skulle vi akkurat i dag, på denne 3.s. i fastetida, filosofere litt over det uttrykket som Jesus brukar. Han snakkar om at den vonde ånda leiter etter ein stad å bu, og at ho kjem tilbake der ho ein gong var. Ho "-finner det feid og pyntet" og flyttar inn.


Når det er feia og pynta, då er det av og til heilt tomt. Eller det kan vera sterilt og nærast livlaust.
Er det slik det er i livet til mange av oss? At det er tomt?

Mange har gjort alt grundig reint; dvs. dei har kasta ut gamaldags moral og tankegods frå fedre og forfedre. Kyrkjegang på søndag, heilaghalding av kviledagen, bordbøn og kveldsbøn forsvann samstundes som ein også kasta på dør tankar om at kortspel og dans var dei største syndene i livet.
Kanskje kasta vi barnet ut med badevatnet?
Kanskje har vi vore så ivrige etter å unngå å verte sett i bås med trongsynte, rettruande at vi har feia ut det meste. Det er feia og pynta opp i livet. Eller det er aldeles sterilt. Ingen får sleppe til for å smitte meg. Difor høyrer eg ikkje ei andakt eller ei preike, like lite som eg høyrer eit manande fordrag av ein politikar som ynskjer at eg skal engasjere meg i samfunnet.

Det er godt for ei husmor og for ein familie om det er reint, feia og pynta i heimen. Men om vi legg same målestokk på livet vårt, då kan det gå reint ille. Vi kan tømme ut og reinske bort så mykje, at det vert ståande att eit tomrom som må fyllast med eit eller anna. Vi kan skape eit åndeleg vakuum rundt oss som rett og slett må fyllast med noko.

Og då kan vi vere trygge på at den vonde sjølv er ute for å fylle opp. Han vil ha hus og heim i ditt og mitt liv. Han flyttar inn på dagen om han får sjansen. Ikkje i form av ei teatralsk demonbesetting. Men på ein raffinert måte, umerkeleg både for oss sjølv og andre.

Det er kamp om mitt og ditt liv. Ikkje lat som om du ikkje merkar det. Den vonde er ute etter å få herredøme over deg eller meg. Og det er kampen om dette herredømet som er det eigentlege sentrum denne kyrkjesøndagen. Kampen mellom Jesus Kristus og Satan sjølv. Vi kan kvia oss for å innrømme det, men det er i flg. Guds ord ikkje noko mindre som står på spel. Og det finst ikkje noko nøytral mellomstilling, slik vi så gjerne ynskjer å tru. Jesu eigne ord frå teksten i dag står der og lyser som ein neonreklame:
"-Den som ikke er med meg, er mot meg. Og den som ikke samler med meg, han sprer!"

Det nøytrale, det tomme, det sterilt reine, er eit bedrag i denne samanhang.
Vi må fylle opp våre tomme rom, slik at ikkje vondskapen og ureinskapen og djevelskapen tek over.



Difor er det i dag ein veldig styrke i å feste seg ved at du og eg får hjelp til å hugse at vi tilhøyrer ein som er sterkare enn Satan. Vi er døypte for å tilhøyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Vi har hans eigedomsmerke, krossteiknet, på oss. Difor skal du vite at du er hans.  Difor gjeld det i denne fastetida: Lat han fylle deg med sin Ande og si kraft. Lat det som er tomt i livet ditt vera ope for Jesus.  Sei nei til freistaren, og ta heller tak i handa til han som er sterkare enn freistaren.

Vi skal snart syngje ein pinsesalme i lag. Og innhaldet i denne salmen gjev djup meining i høve til det vi no snakkar om:

Vår fiende, jag ham langt på flukt
gi fred og troens fagre frukt,
og la oss alle, store, små
i sjeleomsorg hos deg stå!
(Nr 512. v.5)

I denne striden mot fienden har vi altså i dag høyrt om Jesus som tok opp kampen. Det var ein kamp som vart ført på vegne av oss alle. Vi har lese korleis han dreiv ut den vonde ånda frå den stumme mannen. Og i det som hende i den samanhang, skal vi merka oss Jesu retoriske utsegn: "- er det ved Guds finger jeg driver de vonde åndene ut, da har jo Guds rike nådd fram til dere."

Guds finger!
Det er nettopp Guds finger vi skal sjå etter. Den Guds finger som har så stor styrke og kraft at eit lite vink med fingeren er nok til å vippe all vondskap av pinnen. Guds finger peikar ut vegen mot dei aude viddene for dei vonde åndene. Dit skal dei fare. Der skal dei flakke. Der skal dei halde seg utan rast eller ro, og dei skal aldri flytte inn att og slå seg ned i ditt eller mitt liv.

Guds finger  peikar deretter på Jesus Kristus. Med skapande kraft teiknar fingeren opp Jesu frelsarverk for oss. Vi ser hans kamp mot all vondskap og synd. Vi ser kor tung kampen er. Vi ser ein frelsar som lyt tole kross og død og grav. Men Guds finger er der heile tida. Steinen veltar bort frå Jesu grav. Vi ser inn på vitnemålet om han som har sigra over det vonde og over den vonde.

Det er Guds rike vi ser inn i. Guds rike har kome til oss. Guds rike der det gode vann over det vonde. Der all djevelskap har vike plass.


Jesus løftar opp Guds finger mot oss. Meir skal det ikkje til før vondskapen har tapt. Det er denne bodskapen  som skal fylle hjarto våre og sinnet vårt i dag.  For når vi er fylte av glede over Jesu kraft og Jesu siger i våre liv og for våre liv, då er det ikkje att noko feid og pynta tomrom der ubedne gjestar frå vasslause, aude vidder skal flytta inn. 

søndag 2. mars 2014

Jesus ber

Fastelavnssøndag I – 02.03.2014
Eidsvåg
Johs. 17,20-26

Jesus ber.
Inderleg og personleg. Han går inn i ein tett, tett samtale med sin Far i himmelen, med Gud sjølv. Så nært og så tett at vi i dag ville sagt at dette er privat. Dette skal ikkje skje i påhør av andre eller med rett til å referere det som vert sagt.
Jesu bøn som vi kan lese i det 17.kapittelet av Johannesevangeliet er ei eineståande bøn.
Her opnar Jesus eit vindauga inn mot seg sjølv og sitt nære forhold til sin Far. Han sjenerer seg ikkje for det private. Heller ikkje er han redd for å syne fram det mysteriøse, det som eigentleg er ein løyndom av guddommeleg format, men som han vel å openberre for sine nære vener. Det som handlar om ein overjordisk einskap mellom Far og Son, mellom Gud og Jesus.
Jesus brukar desse orda: ”- du, Far, er i meg og jeg i deg”
Av og til er det godt å stige inn i ei kyrkje, lytte til bibelordet, la det sige inn i tanke og sinn, opne hjarte for det, og prøve å kvile i at dette er ein bit av sjølve mysteriet som berre er for trua og som er for stort for vitskap og rasjonell forklåring.

Guddommen er av ein slik karakter.
Gud er slik. Han er utanfor oss. Han er større enn nokon av oss. Han er sjølve livgjevaren og skaparen.
Og i ein einskap med han er Jesus. Son hans, som vart menneske. Også det er utanfor fatteevne og rasjonell tilnærming.
Men det er dette vi trur på i kyrkja. Det er dette vi byggjer livet vårt på, vi som trur. Det er denne trua vi stolar på skal vere brua over frå det kjende livet her på jorda til det ukjende og evige bak død og grav.

Ein liten flik av dette ubegripelege, mysteriøse og evige kjem i fokus når vil les bøna som Jesus bed – hans innarste og private samtale med Far. ”- du, Far, er i meg og jeg i deg”
Men Jesu øvsteprestelege bøn, som vi gjerne kallar det vi les her i Johs.17, er meir enn eit glimt inn i det tette og uforståelege forholdet mellom desse to personane i den treeinige guddommen. Bøna er også full av gripande ord om kva som ligg Jesus aller mest på hjarte. Vi kan lese korleis Jesus ber for dei han kallar for sine. Det er alle dei som trur på, og som kjenner Gud Fader, og han Gud har sendt til jorda Jesus Kristus.
Overskrifta som er sett inn i vår Bibel over dette kapittelet er kort og godt: ”Jesus ber for alle sine”
Det skal alle vi som er benka her i Eidsvåg kyrkje i dag ta inn over oss. Jesus ber for sine. Då ber han vel også for deg?
Jesus seier i dag at han ber for ”-dem som gjennom deres ord kommer til tro på meg.”
Som ein litt løynd og innvevd tråd ligg det i heile Jesu bøn eit moment av ei tru som vert utfordra. Di og mi tru på Jesus. Vår tru på dette som er så stort for tanken vår, men som likevel er så påtrengjande – det at Jesus er midt mellom sine samtidige og kallar dei til eit liv i lag med han og dermed også til eit evig liv i lag med Gud Fader.

Jesus gjer det ikkje lett for trua når han dreg inn slike ufattelege tankar som det at Jesus og hans Far i himmelen er eitt - men likevel to, ja faktisk også tre, slik vi kunne ha utvikla denne tankerekkja om vi hadde hatt tid til det, og drege inn fleire ord frå Bibelen.
Og det er vel nettopp det at vi ser inn i noko overjordisk, guddommeleg – at vi smakar på det som vi i vår nattverdliturgi omtalar som ”Stort er troenes mysterium” – det er dette som for mange lokkar dei inn i ei kyrkje som elles kan synast skrøpeleg og skeivt samanskrudd.

Det står mange menneske utanfor kyrkja og brukar sterke og nedsetjande ord om dette trusfellesskapet som kyrkja faktisk er. For sant å seie er det ikkje så vanskeleg å få auga på feil og manglar ved kyrkja vår. Eller ved andre kyrkjesamfunn. Vi som trur er ikkje feilfrie. Langt, langt derifrå.
Men vi kastar eit anker av tru inn mot han som vi opplever har kraft, styrke og rettferd nok til å halde oss fast. Til å halde oss saman. Og til byggje ei kyrkje som er ein levande organisme, ikkje på grunn av dei som høyrer til der – mykje meir på tross av. Kyrkja er fram for alt levande takka vere han vi trur på. Han som lever tvers gjennom alle tider og som heile tida ber for dei som er hans, altså for dei som trur på Han, på Jesus Kristus.

Jesus ber. Inderleg og personleg. Han går inn i ein tett, tett samtale med sin Far i himmelen, med Gud sjølv.
Kva er det han ber om?
Viktigast av det vi kan lese i orda vi har framfor oss på denne søndagen, er at Jesus ber om at alle dei han kallar sine må vere eitt.
”Må de alle være ett, slik du, Far, er i meg og jeg i deg.
Slik skal også de være i oss, for at verden skal tro at du har sendt meg”
Det er lite som er så negativt for kyrkja sitt omdømme og rykte som oppsplittinga og kranglinga vi ofte ser mellom kristne, eller mellom ulike kyrkjesamfunn.
Også lokalt i Bergen, eller i våre bydelar i Arna og Åsane, ser vi at kyrkja er splitta. Framleis er det store fleirtalet tilhøyrande Den norske kyrkja, men vi har ei rekkje kyrkjelydar som står heilt fritt i forhold til storesøster, Den norske kyrkja. Vi ser også at det vert danna forsamlingar rundt fleire av bedehusa våre. Slik har det vorte på eit av bedehusa der vi heldt gudsteneste i regi av Eidsvåg menighet den gongen eg sjølv var kapellan her i Eidsvåg for ca 30 år sidan. Dei som kjenner seg heime her er kanskje framleis medlemer av kyrkja vår, men dannar likevel eigne fellesskap der dei til og med praktiserer dåp.
Det eg seier no, er ikkje eit forsøk på å vurdere eller kritisere eller rose det vi ser.
Berre på å konstatere.

Men det gjev óg ein sjanse til å peike på at det faktisk fins alternativ til å splitte seg opp, til at ein i ein kvar samanheng må skilje lag; til å gå inn på vegar som synest å føre ut i det som liknar isolasjon.
Det går an å møtast på tvers av kyrkjegrenser og trusfellesskap. Økumenisk fellesskap kallar vi det.
Økumenikk er ei stor sak for dei kristne kyrkjene. Arbeidet som vert drive på dette feltet på topplan er ei blanding av tung teologi, avansert diplomati og etter å søkje menneskeleg forbrødring.
Men også på grunnplanet, i mykje enklare former, og utan dei tunge teologiske agendaene på arbeidsbordet, går det an å møtast på tvers. Eit lokalt eksempel er dei økumeniske gudstenestene som vi hadde både i Åsane og i Arna for nokre få veker sidan. Vi var samla frå mange ulike forsamlingar. Vi delte det vi står saman om. Trua på Jesus. Trua på at han openberrar seg for oss gjennom Bibelen, det vi kallar for Guds ord.

I dag hører vi at Jesus ber nettopp om dette. At kristne som trur på han skal samle seg. Vere eitt.
Dette er ein veldig visjon for alle som trur. Dette ber også vi om i vår kyrkje. Dette arbeider vi mot.
Alle kristne ser for seg at ein gong skal dei truande samlast i Guds evige rike, i det vi ofte omtalar som himmelen. Der er det ingen som tenkjer at det skal være splitting og trusretningar. Då kan det kanskje vere lurt om vi i mellomtida øver oss litt på det vi håpar på! Øver mens vi lever her. Øver på å vere saman. På å møtast, litt på tvers.

Eg synes eg høyrer det er dette Jesus sjølv ber om. For ein gong ba han slik: ”Må de alle være ett, slik du, Far, er i meg og jeg i deg. Slik skal også de være i oss, for at verden skal tro at du har sendt meg”

AMEN

Bloggarkiv