fredag 6. mai 2022

Fars hus

 

4. s. i påsketida III. 08.05.2022
Øvre Bardu kapell
Johs. 14, 1-11

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
Orda kjem frå Jesus. Jesus talar til sine nære vener. Dei er i lag, og Jesus veit at for han sjølv går det mot drama i form av liding og død og oppstode. Jesus veit at tida hans på jorda snart er forbi. Etter påske skal han på ei reise bortanfor vår tid. Utanfor våre rom. Inn eit guddommeleg tilvære som han kjende før han kom til jorda som eit lite barn den første jula.

«Jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere» seier han. Dei tolv skjøna ikkje kva han tala om. Det hadde neppe du og eg gjort heller, om vi ikkje var kjende med fasiten.

Han startar denne samtalen med sine tolv nære ved inngangen til det som etter kvart skulle bli ytterst tunge og vanskelege dagar.
Og som vanleg har Jesus akkurat dei rette orda. Ord vi skal lytte til midt i det mange av oss opplever som tunge og vanskelege dagar.

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»

Her har vi i eit par år, i litt vekslande grad, gøymt oss bak blå ansiktsmasker, vi har vaska oss i sprit, og vi har snike oss som innbrotstjuvar rundt hyllene i butikken for ikkje å kome for nær naboen, eller endå verre, bli pusta på av ein ukjend. Vi kom stort sett heilskinna gjennom pandemien, men det har vore tungt. Mange har vore redde. Mange har vore så redde at redselen i seg sjølv vart verre enn sjukdommen som har sveipt seg rundt heile jordkloden, og som framleis trugar millionar av menneske som aldri fekk verken den første eller den andre eller den tredje veksinesprøyta.

«La ikke hjertet bli grepet av angst.»

Kjære Jesus, ber vi i dag. Hjelp oss mot angst og redsle!
For du har sett oss her i Bardu når pandemien såg ut til å brenne ut den verste krafta si. Då vart bygdene våre fylte av tusenvis av soldatar. Langs vegane rulla stridsvogner og kanonar. Vi høyrde skotsalvane frå maskingeværa. Vi såg kamphelikoptera over hovuda våre. Alt medan TV-skjermen og Internett fløymde over av oppdateringar frå den nyaste krigen som naboen vår i nord gjekk i gang med. Mange vart redde.
Mange tenkte: -Kan dette som vi har sett ved stovedørene våre bli til meir ein ei diger militærøving ved neste krossveg?

I dag er det 8.mai. Fredsdagen frå 1945. I dag ber vi om at freden må senke seg der krigen rasar. I dag ber vi om at freden aldri skal vike frå landet vårt. I dag ber vi om at leiarane i verda skal hugse Jesu ord ved ein annan anledning, orda han sa i Bergpreika: «Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Gud barn.»

Vi vil ut av angst og redsel, og inn i det trygge, gode og varme rommet.
«I min Fars hus er det mange rom» seier Jesus.
Fars hus. Vi må snakke om Fars hus i dag.

Dei aller fleste vil heldigvis kunne tenkje på barndomsheimen sin som ein slik stad, som eit varmt og godt og trygt rom i lag med far og mor og søsken.
Men diverre er det også nokre som tenkjer tilbake på Fars hus med tankar som liknar på mareritt. For der var kanskje nettopp der det forferdelege skjedde med den unge jenta. Eller det var der mor drakk. Det var der borna vart oversette og neglisjerte slik at alt var vondt. Det finst slikt, også.

Slik er det ikkje i det Jesus omtalar som Fars hus. For det er huset til hans himmelske Far. Det er det guddommelege paradiset, bortanfor det mislukka og skakke som vi må innrømme finst, også mellom oss. Til og med finst det mørke rom i det vi kallar for Guds hus her på våre stader, i våre kyrkjer i landet vi bur i.
Det er skam og synd. Til å gråte over.

Men i dag lyttar vi til Jesu ord om Fars hus. Det gode huset. Det varme huset. Det lyse huset, utan mørke og bortgøymde kjellarrom. Huset med dei mange rom

I dag ber vi, som kanskje er redde, eller som har opplevd noko vondt:
Kjære Jesus. Vis meg vegen til Fars hus!
Gje meg nøklane til rommet du har gjort i stand for meg. Og kanskje legg vi til: Lat det rommet vere tett ved sida av rommet til dei eg er så glad i her på jorda.  Og eg håpar vi ikkje treng å be: - Lat det vere mange krokar og omvegar til dei som gjorde vondt mot meg i dette livet.

Jesus er ikkje lenger mellom oss her på jorda. Etter påska vende han tilbake dit han kom frå, han fôr opp til himmelen, seier vi i vår truvedkjenning. Og vi minnes den hendinga på Kristi Himmelfartsdag, 40 dagar etter påske. Dagen er like rundt hjørnet no.
Der, hjå sin Himmelske Far, har Jesus det travelt. Langt travlare enn ein middels norsk kommunedirektør som skal ordne med kommunale bustader til flyktningar som er på veg hit frå krigen ute i Europa.

«-jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere»

No er han i gang. Han snekrar på eit rom til meg. Og eit til deg.
Eit møblert, varmt og lyst og godt rom. Ein betre stad å vere enn sjølv i den mest varme og omsorgsfulle heim i denne bygda, eller nokon annan stad i Norge, i Sverige, eller i den vide verda.

Ein dag er alt klart med dette rommet som han heldt på å gjere i stand. Då hentar han oss. Vi vil nok gjerne at det ikkje skal skje før vi kjenner på at tida vår her på jorda har vore lang nok. Samstundes veit vi at lengda på vår levetid er utanfor vår kontroll. Men uansett, om livet vert kort eller langt, har vi lov å tru på han som talar til oss i dag. Vi har lov å håpe på at det han seier er sant.

Og vi har lov å kvile i hans lovnader:
«La ikke hjertet bli grepet av angst.»
«I min Fars hus er det mange rom»
«-jeg går og vil gjøre i stand et sted for dere»

Eg håpar at du vil gje deg i veg dit, til Fars hus. At du vil leite etter vegen dit. Men kanskje er du usikker på adressa der Fars hus ventar med dei mange romma? Slik var det for læresveinane til Jesus. Slik var det for Tomas som hadde spørsmålet på tunga: «Herre, vi vet ikke hvor du går. Hvordan kan vi da vite veien?»

Svaret som Jesus gjev er eit klassisk, eit fantastisk og eit lysande svar som står til alle tider for alle som vi rekne seg som kristne: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg.»
Eit klassisk, fantastisk og lysande svar sa eg nettopp. Men også eit eksklusivt, og, vil mange seie: eit ekskluderande svar.

Vegen til Fars hus finn vi ikkje ved å stige opp på den høgaste og vakraste fjelltoppen i Troms. Vegen finn vi ikkje ved å grave oss ned i filosofi og religiøs grubling. Som prest kan ikkje eg klappe i hendene når eg høyrer det som mange seier: Eg har mi tru, eg har min veg, eg har sett eit lys som ingen andre har sett.

Som prest kan eg ikkje på konfronterande vis motseie dei mange opplevingar som slike menneske kanskje har hatt. Eg vil lytte.
Men eg kan heller ikkje oversjå orda frå han som vår kyrkje byggjer heile sin eksistens på.
Det er på Jesus Kristus. Det er han, og ingen andre, som er vår frelsesveg. Det er han som kan ta oss med til Fars hus, huset med dei mange rom. Til Fars hus finst det eit tydeleg veg. Og ingen omvegar.

I dag vil eg slå dette vegskiltet kraftig ned i bakken her i Øvre Bardu. Det skiltet som peikar mot Fars hus ein stad i det evige.
På pilen står Jesu ord som skal vise oss vegen heilt fram: «Jeg er vegen, sannheten og livet. Ingen kommer til Far uten ved meg.»                                                                                    
AMEN

onsdag 13. april 2022

Første strek under svaret

 

Langfredag.  15.04.2022. IV
Rødalen, Bardu (friluftsgudst.)
Johs. 18,1 – 19,42

Det er påske.
Det er fritid for dei fleste av oss.
Men nokre er igjen i bygda for å ta seg av det mest nødvendige. Bønder har alltid dyr å ta seg av. Nokre har omsorg for dei gamle på Barduheimen. Andre vaktar ro og orden og beredskap, eller går i uniform i forsvaret sine store anlegg her i traktene. Bensinstasjonane er opne, og slik også med nokre serveringsstader.
Heller ikkje kyrkja har stengt i påska. Og det skulle berre mangle!
Var det nokon som skulle stå på, nesten døgnet rundt, i desse dagane, så var det oss som har løn for å fortelje om desse hendingane. Påskeforteljingane.
For å forkynne til så mange som råd om Jesu liding, død og oppstode.

På langfredag gler vi oss over å sjå alle dykk med påskefritid som har funne vegen hit til fjellet og snøen og løypene for å sitje ned og lytte til forteljinga om langfredagsdramaet.

Det er påske. Og i påska dette året skjer det verdshistorie nesten utanfor stovedørene våre. Krigen, med all si gru, rullar på TV-skjermar og på mobiltelefonar, slik at vi er oppdaterte nesten frå minutt til minutt.
Dagsrevyreporterane åtvarar mot sterke bilete. Bileta er sterke. Dei er vonde.
Dei gjer noko med oss alle. Sympati med dei lidande utløyser hjelparglede.
Og raseri over meiningslaus rasering og død utløyser antipati, og i verste fall hat, mot eit nabofolk som landet vårt aldri har vore i krig mot.
Måtte krigens brutalitet og meiningsløyse ta ein ende. Og måtte det finnast lækjedom for fiendskap som spirer betre enn på mange, mange tiår her i vår del av verda.

Det er påske.
Vi har lese den lange lidingsforteljinga på langfredag. Det vi har lese, handlar ikkje om krig. Derimot om det som har vore kjent for menneskeslekta tilbake til opphavet.
Ei forteljing om svik.
Ei forteljing om korrupte og ansvarslause styresmakter.
Og framfor alt – forteljinga om brutalitet, råskap og vald.
Dette er også krigens ingrediensar. Dei mørkaste sidene av menneska.

Langfredagen er historia om menneskeslekta si styggaste bakside.
Og er vi ærlege, gjev dette også innsyn i det negative potensialet som vi alle er smitta av. Men vi har lov å håpe og tru at vi aldri skal dukke inn i bekmørket som bur ein stad i det indre av oss.
Det beste vi kan gjere for å hindre det, er å sleppe lyset til. Påskelyset.

Kvifor vart det langfredag?

Det finst eit svar med to strekar under.

Langfredag er Guds paradoksale kjærleik til det ypparste av skaparverket hans – menneskeslekta.
Den første av dei to strekane er alt som hende denne dagen, langfredagen.
Den andre streken under svaret på kvifor dette hende, er opprullinga av påska som endar sjølve påskedagen. Det skal vi kome tilbake til komande søndag, påskedag.

På langfredag høyrer vi om at Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus, Guds eigen son, går inn i offerrolla og sonar straff for menneska sine svik.
I det vi har lese om i dagens lange evangelietekst er dine og mine svik og nederlag representerte ved Peter. Peter patetiske tredoble nekting for at han var ein av Jesu aller næraste. Hanegalet som var punktum for det Jesus allereie hadde profetert – «Hanen skal ikke gale før du har fornektet meg tre ganger.»
(Johs 13,38)

Guds kjærleik til menneska viser seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all synd og misbruk som gøymer seg bak korrupsjon, snusk, bedrageri, løgn, ansvarsfråskriving og misbruk av personleg og offentleg makt og styrke.
Den latterlege dommen som Pilatus får seg til å ileggje Jesus, er det nesten utrulege uttrykket for embetsmannens og det offentlege sitt svik mot det dei visste var sant og rett.
Heiarop på «krossfest, krossfest» er eit vidare uttrykk for den personlege forføringa som er utan ryggrad. Dette vi kan kjenne igjen i oss sjølve når vi stig over grenser vi veldig godt veit om. Men vi lar oss rive med på så mange område av livet til å tøye strikken utover det vi eigentleg veit er godt og rett.

Guds kjærleik til menneska viser seg ikkje minst ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for maktmisbruk, vald, brutalitet og rein vondskap som uttrykkjer seg i sjølve krossfestinga.
I dei andre evangelia som skildrar krossfestinga høyrer vi at Jesus til og med ber for bødlane sine midt under dette forferdelege som skjer med han:
«Jesus sa: Far, tilgi dem, for de vet ikke hva de gjør»
(Luk, 23,34)

Vondskapen i verda, vondskapen som bur i oss menneske synes å vera botnlaus.
Det vi ser i dagens krig, og det verda har sett fram gjennom hundreåra, på vårt kontinent, og som har vore mindre synleg, men kanskje minst like ille, f.eks i ein del krigar i Afrika, det er ikkje verdig det ypparste av Guds skaparverk.
Menneskeverdet er uendeleg, men det er krenka av oss sjølve.
Det er som soning for alt dette at Jesus hang på krossen og døydde langfredag.
«Det er fullbrakt! Så bøyde Jesus hodet og utåndet»

Vi har sett den første streken under svaret på kvifor det vart langfredag. Det var for at Guds kjærleik til menneska skulle vise seg ved at Jesus går inn i offerrolla og sonar for all vår synd.

Den andre streken under dette svaret vert sett påskedag. Då viser Jesus si makt og sin siger over alt det vonde, og over døden. «Det er fullbrakt!»

AMEN

tirsdag 12. april 2022

Vatn og blod

 

                                                   Skjærtorsdag, 14.april 2022. III
                                                              Øvre Bardu kapell
                                                                  Johs. 13,1-15

Ved det vi har lese om i dag, ser vi at det tek til å snøre seg saman om Jesus. Vi anar konturane av det som skal skje: ”De holdt måltid. Djevelen hadde alt gitt Judas, sønn av Simon Iskariot den tanken i hjertet at han skulle forråde ham.” 

Ved dette måltidet gjer Jesus enno ein gong det totalt uventa.

Han sit der og et i lag med læresveinane sine. Judas tumlar med sine vonde mordplanar i sitt hovud. Kva dei andre tenkjer på og snakkar om, veit vi ikkje. Truleg var det heilt daglegdagse ting.

Men brått dyttar Jesus sin mat til sides. Han reiser seg frå bordet og legg kappa av seg. Før dei andre får summa seg, er han i gang med dette arbeidet som elles var reservert for trælar og trælkvinner. Han vaska føtene til dei andre. Læresveinane sine føter.

Sand og skit. Sveitte og vond lukt. Jesus tok seg av deira velvære. Det som husverten eigentleg skulle ha sytt for. Det han skulle sett slavane og tenarane og dei som var lågast på rangstigen til å utføre.

No var det Jesus som låg der på kne framfor dei han var læremeister og Herre for. Han  hadde gjort tilsvarande ting før. Og enno ein gong opplevde forundra læresveinar korleis Jesus snudde opp-ned på alt som syntes rett og rimeleg. 

Det er skjærtorsdag. Vi tenkjer på denne dagen som nattverddagen. Nattverden som vert gjeven til forlating for syndene dine og mine, i flg. Jesu eigne ord.
Men på denne dagen les vi om at Jesus gjer meir enn å innstifte det heilage  sakramentet. Det ser ut for at Jesus også  reinsar læresveinane for det som dagleglivet påfører dei av smuss og skitt. 

Det er ikkje klukkinga frå ei vinflaske vi høyrer. Derimot sildringa av rennande vatn. Kan hende burde vi i dag sjå på dette vatnet i Jesus vaskefat som eit bilete på det vatnet som ein gong sildra og rann over ditt og mitt hovud. Ein gong vart du og eg døypte. Og vi hugsar andre ord frå evangelisten Johs. – m.a. det han refererer frå samtalen mellom Jesus og Nikodemus, der Jesus seier: ”Den som ikke blir født av vann og Ånd, kan ikke komme inn i Guds rike” (Johs. 3,5)

Dåpen er både eit bad til atterføding – vi vert fødde på nytt, som vi seier det i vår dåpsliturgi, - men dåpen er også eit bad som gjev reinsing frå synd.
Men dåpens reinsande kraft kviler på Jesu fullførte frelsarverk der han ein gong for alle bar fram det reinsingsoffer for synda som Loven kravde.

Fotvaskinga peikar fram mot dåpen.
Men fotvaskinga syner også til den tenargjerning Jesus gjorde for oss. Sjølve arbeidet; det å vaske føtene til gjestane i huset, det var simplaste slavearbeid.

Ved å gjere dette viste Jesus at han var oppfyllinga av dei gamle profetiane vi kjenner frå GT. I Jes. 53 les vi om Herrens lidande tenar; om han som ”ble såret for våre lovbrudd og knust for våre synder. Straffen lå på ham så vi fikk fred …” (Jes. 53.4-5)

Denne lidande Herrens tenar som Jesaja spådde om mange hundre år i førevegen, det var Jesus. Og ved sin død på krossen gjekk han inn i den oppgåva og den rolla profetane hadde gjeve han, og som Gud hadde utvald han til.
Han som var Herre og Meister, han la seg på kne og tolte det nedverdigande slavearbeidet. Vaskevatnet, vondlukta, skiten, hånande ord og vantru blikk . Jesus brydde seg ikkje i det heile. For han var ein tenar. Ein lidande tenar som skulle døy. Som skulle gje seg sjølv. Sin kropp og sitt blod.

Med sildrande vatn mellom fingrane reinsa han dei skitne og syndige læresveinane. Slik gav han ei aning om det han etter si oppstode skulle innstifte – dåpen som skulle gje del i hans død og hans oppstode.

Samstundes var fotvaskinga eit heilt konkret forbilde for læresveinane. Slik han gjorde mot dei, slik skulle dei gjere mot kvarandre. Slik han var ein tenar for dei, slik skulle dei med sine liv vere tenarar for kvarandre. Slik Jesus gav seg sjølv gjennom teneste – gjennom diakoni – slik skal kristne gje sine liv i teneste for sine medmenneske.
”Forstår dere hva jeg har gjort for dere? Dere kaller meg mester og herre, og dere gjør det med rette, for jeg er det. Når jeg som er herren og mesteren, har vasket deres føtter, da skylder også dere å vaske hverandres føtter.” 

Det er skjærtorsdag. Dagen for påskemåltid og nattverd. Men også ein dag der vi høyrer sildringa av rennande vatn. Dåpsvatnet minner det oss om. Men vi har skitna oss til sidan dåpens bad. Difor treng vi framleis å reinse oss. Og då er det ei lukke at vi tvers gjennom påska sitt veldige drama framleis høyrer korleis det piplar og renn i reinsande vatn. I evangelisten Johannes si skildring av langfredagen, kan vi lese at då Jesus var død på krossen, stakk dei eit spyd i sida hans, og ut or såret rann det blod og vatn. (Johs.19,34)

Blod og vatn.
Nattverd og dåp.

Vi augnar dei verkeleg djupe samanhangar i den bodskapen som møter oss i påsketekstane. Både vatnet og blodet reinsar. Her er vi ved den verkelege kjerna i vår kristne tru. Dette som er så ufatteleg og ubegripeleg for vår tanke, men som det likevel går an å halde fast med si tru.

Jesus vil gjere oss reine. Ikkje berre overflatisk. Ikkje berre ein kattevask av støvete ørkenbein. Difor har fotvaskinga eit langt, langt djupare innhald. Fotvaskinga fortel oss noko om korleis Jesus med det rennande vatnet, med livsens vatn, kan gjere eit menneske "ren og rettferdig, himmelen verdig". 

Og så er det også slik at vi nettopp på dagen i dag, skjærtorsdag, vert minna om eit anna middel som Jesus også brukar for å reinse det som er tilsmussa og skittent. Hans eige blod. Det blodet som også rann frå såret i sida hans. Det blodet vi får del i gjennom nattverdens vin. Vi får ikkje del i det fordi dette er innlysande og logisk. Tvert om. For vår tanke er dette fullkome ufatteleg.

Men Guds ord slår også fast at på same måten som vatnet - dåpsvatnet - gjer den døypte reinsa og rein, slik reinsar også nattverden, Jesu blod, den som har fått sitt dåpsliv tilsmussa av eit levd liv. 

          "-blodet fra Jesus, hans Sønn, renser oss for all synd", heiter det i 1.Johs.1,7. 

Påskebodskapen handlar om at Jesus gjev seg sjølv for oss. Det er Gud på kne for våre føter med vaskefatet mellom hendene. Han vil vaske oss. Gjere oss reine. Han byr oss meir enn såpe og vatn og litt parfymert deodorant for å fiffe opp ein noko medtatt fasade. I staden for godlukt og sminke byr han oss sin lekam og sitt blod. Vår Herre og Meister gjev seg sjølv for oss. Med vatn og blod frå sin eigen kropp. 

Det er påske. Det dryp og renn rundt oss. Vatnet sildrar i veggrøfter og bekkar. Elvane rundt om i landet vårt går etter kvart store og flomsterke. På same måte som vatnet i naturen talar til oss om fornyande krefter når våren kjem, slik vert vi i dag minna om dei nyskapande og reinsande kreftene den kristne kan hente i det vatn og det blod som renn og sildrar for vår skuld.

"Klippe, du som brast for meg, 
la meg skjule meg i deg!        
La det vann og blod som går          
fra din sides åpne sår,          
rense meg i nådens pakt         
fra all syndens skyld og makt."    NoS. nr.341, v.1 


lørdag 9. april 2022

Gravferd. Påskeveka (Tekst frå Palmesøndag III)

 

Johs. 12,1-2: Seks dager før påske kom Jesus til Betania der Lasarus bodde, han som Jesus hadde vekket opp fra de døde.  Der ble det holdt et festmåltid for ham. Marta vartet opp, og Lasarus var blant dem som lå til bords sammen med ham.   

Vi er samla i sorg nett no. Sorg over han som ikkje lenger er mellom oss. Som er død og ligg i denne kista.
Men midt i sorga dykkar, vågar eg å ta dykk med på ein fest. Den store jubelfesten i Betania som vi høyrde om i kyrkjene vår for eit par dagar sidan, då vi gjekk inn i påska dette året. Det var palmesøndag.
Då høyrde vi om "Takk-og-lov"-fest. Det var gjestebod av det store slaget. Jubel. Glede. Fullt hus av slekt og vener. Med ei strålande opplagt vertinne i spissen for heile arrangementet. Heidersgjesten på festen var Jesus. Han som fleire gonger før hadde vore på besøk hjå Marta og søstera Maria.

Og jamen hadde dei grunn til å feste. Ikkje berre fordi Jesus var der som heidersgjest, men også fordi Lasarus var der. Bror til Marta og Maria, han som Jesus hadde vakt opp frå dei døde.
Det var i sanning ei skikkeleg "takk-og-lov-fest". For her sat undergjeraren og livgjevaren til bords og åt saman med han som hadde lagt som lik i fire dagar i grava. Jesus og Lasarus var på fest i lag. Det var takkefest for livet. Lasarus som hadde vore død, var levande og eit naturleg midtpunkt for glade søstrer og for undrande vener og slektningar.
 

Men eit endå meir naturleg midtpunkt var Jesus. Han som hadde vakt Lasarus opp att frå døden. Betania var i festrus. Her var det god mat og godt drikke. Og sannleg vart ikkje feststemninga også krydra med ei gjennomtrengjande godlukt som liksom understreka at dette var noko heilt utanom alt som elles var vanleg. For ved festbordet dukkar Maria opp att ved Jesu føter. 

No, ved festen for den levande Lasarus, tok Maria fram ei krukke med salve - dyr nardussalve, verd nesten ei heil årsløn for ein vanleg arbeidar. Maria sette seg ved Jesu føter enno ein gong. Ho salva føtene til Jesus. Og den gode lukta frå salven breidde seg i heile huset. Sanneleg - her var det fest i glede for livet - livet som Lasarus hadde fått attende. 

Eller var det livet som stod i sentrum der i Betania?

For vertskapet var det nok livet - glede over at Lasarus var mellom dei att, og takksemd til Jesus som hadde vist seg sterkare enn døden.
Men jammen tek ikkje Jesus til å tala om døden på denne gledesfesten for livet. For når han får kritikk frå den svikfulle Judas, som også var med på festen, for at Jesus verkeleg lar Maria få sløsa bort så mykje pengar til dyr salve, berre for å salve Jesu føter, når pengane som det kosta å kjøpa salven heller kunne vore gjevne til dei fattige; så er Jesus kontant med si irettesetjing av han som skulle verte svikaren, samstundes som han tek Maria i forsvar:
 

"La henne være! Hun har gjemt salven til den dag jeg skal begraves. De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid." 

Den dag jeg skal begraves Gravferdsdagen!

Var det ikkje nettopp i glede over ein oppattlivna Lasarus dei var samla?
Og så tek Jesus til å tale om sin eigen gravferdsdag. Snakk om kalddusj!
 

Midt i festen for livet, ser vi at Jesus er på veg til sin eigen død. For dette skjer på palmesøndag. Ved inngangen til påske. Midt i gleda over at Lasarus sat lys levande i det velluktande rommet, gjer Jesus det klårt at for hans eigen del, nærmar død og grav seg. Han som er Herre over døden, vert salva til si eiga gravferd på ein fest for at livet hadde sigra. 

Livets Herre er på veg til sin eigen død!

Og for oss som sit her i kapellet med ei kiste midt mellom oss, er ingenting viktigare enn å få høyre om dette. At Jesus ville døy, for så å vise enno ein gong, si makt over døden.

Først gav han liv til Lasarus som dei no festa for. Men snart skulle han sjølv rive seg laus or grava sitt kalde grep og stå opp. Det er det vi skal høyre om påskedagen.

 Jesus siger over døden i påska.

Det er ditt og mitt håp når vi møter døden.
Når dagen kjem at det er eg som ligg i ei kiste. Eller når det vert din tur.
Jesus er Herre over livet! Også i møte med døden. Han har prova det ved å vekkje Lasarus opp att frå dei døde. Men han som er sterkare enn døden, skal sjølv døy. Difor var det ikkje berre takkefest for at Lasarus vart levande att. Festen gjekk over i ei hylling av Jesus som skal døy. Det er både fest for livet og fest før døden; på same tid.
 

Vi er i gravferd no. Vi festar ikkje. Vi sørgjer. Vi takkar for livet som var.
Men vi ventar også på ei oppstode, om enn ikkje slik Lasarus stod opp.
Vi ventar på ei oppstode på den siste dagen i denne tida.
Då skal Jesu makt over døden vise seg ved alle graver.
Då håpar vi på den store oppstoda. Då skal også vi  stå opp.
Då skal festen bli stor og evig.
Det er vårt håp på denne gravferdsdagen, der vi takkar for livet som vi no tek farvel med.

                                             AMEN !

fredag 18. mars 2022

Motstandaren

 

3. søndag i fastetida III. 20.03.2022
Bardu krk
Luk. 22,28-34


Vi gjekk inn i fastetida på oskeonsdag. Fastetida varer fram til og med påskeaftan. I 40 dagar held kyrkja faste. Kvar dag, bortsett frå søndagane. Ei slags indre, åndeleg vårreingjering for oss som trur på den kristne bodskapen om Jesu liding, død og oppstode for vår skuld.
Gjennom denne tida prøver vi å kome tettare inn på forteljingane vi møter i Bibelen om Jesu veg mot Jerusalem for å kjempe den avgjerande kampen mot all vondskap; mot alle motstandarar, som vil hindre Guds gode vilje med menneskeslekta.

Jesu veg mot liding og død er ein veg i kamp og krig mot freistingar og sterke motstandar.
Dette har kyrkja som tema på ulikt vis alle dei 6 søndagane gjennom denne perioden i kyrkjeåret.
Slik har det vore så lenge kyrkja har eksistert, og dette, altså kamp og krig mot freistingar og sterke motstandar, det ser vi kanskje særleg godt akkurat på denne 3.søndagen i fastetida med dei bibeltekstane vi har lese i lag, og som vi skal seie meir om no.

Snart skal vi også syngje i lag det som er ein av dei aller viktigaste salmane i vår salmebok, skriven av han som vi reknar som vår åndelege kyrkjefar, sjølvaste Martin Luther. «Vår Gud han er så fast en borg» er den heilt sentrale salmen å syngje gjennom fastetida, og ikkje minst i dag. Den handlar om kamp:

Om verden full av djevler var
som ville oss oppsluke,
vi frykter ei, vi med oss har
den som Guds sverd kan bruke.

Dette er ei god og presis omsetjing av Martin Luther sine tyske ord.
Dette er presise ord på det vi må snakke om i dag: «Om verden full av djevler var»

Ja, korleis var det i verda, om den var full av djevlar?
Korleis vart det rundt oss om alle bannorda, dei som faktisk er henta frå Bibelen, og som vi har lese fleire gonger i dag; om desse påkallingane av den vonde vart høyrt og oppfylte?
Fem gonger har vi ved å lese bibeltekstar i dag høyrt Satans namn nemnd. Ordet betyr rett og slett motstandar. Det er eit lite vakkert ord som vi skulle halde oss for gode til å sleppe ut av oss som rein bannskap, i dårleg selskap med det kanskje enno meir brukte f...-ordet.

Har Satan overtaket rundt oss?
Er verda full av djevlar?

Ja, vi kan verkeleg lure når vi brått har fått ein krig midt i fleisen.
Så himmelropande unødvendig. Så hjarteskjerande urimeleg. Så djevelsk vond. Og vi torer å namngje motstandaren, det som på hebraisk altså heiter Satan. Vi må over på russisk og hengje bjølla på katten. Eller heller bjørnen, den russiske bjørnen. Namnet er Putin.

Det er kamp mot ein despotisk motstandar. Eit heilt folk kjempar. Ei heil verd heiar på folket og på leiaren deira. Og, naturleg nok, vi ynskjer ikkje å dra fleire inn i krigen, vi ser med smerte på det vonde som skjer, men trur at det rette er å halde avstand.

Midt i dette kjem orda mot oss frå Bibelens sider: Orda frå Jesu munn: «Jeg ba for deg at din tro ikke måtte svikte»
Det er mange som ber i dag. Som ber i desse dagane. Fastetida skal vere nettopp det: Ei tid for bøn, ettertanke og refleksjon. Ei tid for å gå tett inn på Jesus og spørje kva hans vilje med oss er.
Det er ingen tvil om Jesu vilje. Det er fred. Fred på jord. Fred mellom menneske. Fred i Ukraina.

Kan dette seiast vakrare enn med Jesu eigne ord i Bergpreika?:
«Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Guds barn» (Matt. 5,9)

Kan det seiast meir håpefullt enn i profetien om dei siste dagar, der det står slik hjå profeten Jesaja?:
De skal smi sverdene om til plogskjær  og spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig. (Jes 2,4)

Då vi gjekk inn i fastetida med familiegudsteneste her i kyrkja på 1.s. i faste, var det eit barn som las høgt for oss denne tydelege bibelteksten om kva faste skal vere:

Dette er fasten jeg har valgt: å løse urettferdige lenker, sprenge båndene i åket, sette undertrykte fri og bryte hvert åk i stykker, å dele ditt brød med sultne og la hjelpeløse og hjemløse komme i hus. Du skal se til den nakne og kle ham, Du skal ikke snu ryggen til dine egne. (Jes 58, 6-7)

I dag møter vi Jesus i hans tette nærvær med sine læresveinar.
Det vi har høyrt om, hender i forlenginga av det aller siste måltidet som dei alle tok del i på skjærtorsdag. Nattverden var nettopp innstifta, men enno var det det att mykje av denne kvelden og denne natta.

Dei sit framleis rundt bordet, og samtalen mellom Jesus og dei tolv heldt fram, og Jesus seier «Det er dere som har blitt hos meg i prøvelsene mine. Og nå overdrar jeg riket til dere.»

Det at Jesus overdrar riket til venene sine, bety at han legg innover dei at no skal dei breie vidare ut bodskapen om Guds rike, og korleis det skal vere der.
Jesus starta heile si offentlege verksemd tre år tidlegare ved å halde si første store, offentlege tale i syngagoga i Nasaret der han hadde vakse opp. I den talen får vi første proklameringa av kva Gud hadde sett han til, kva Jesus var innvigd til å gjere her på jorda. Og orda hans er som eit ekko av profetorda om kva faste skal innebere. Men det er samstundes eit riss av korleis det skal vere i Guds rike, det riket Jesus overdreg til venene sine, til læresveinane.
Jesus brukte desse orda i si første offentlege tale som vi er kjenner frå NT:

Herrens Ånd er over meg, for han har salvet meg å forkynne et godt budskap for fattige.
Han har sendt meg for å rope ut at fanger skal få frihet
og blinde få synet igjen, for å sette undertrykte fri
og rope ut et nådens år fra Herren.
(Luk. 4,18-19)

Det er fastetid i vår kyrkje. I kyrkjer over heile verda.
Fastetid er kamptid.
Men i kyrkja kjemper vi ikkje med sverd eller våpen. Ikkje med bomber eller droner eller hangarskip.
Vi brukar  i staden ordet, og gjer som Jesus -  rope ut at fanger skal få frihet og blinde få synet igjen, for å sette undertrykte fri.

Vi fokuserer på ei fastetid i samsvar med profetorda om korleis fastetida skal vere: å løse urettferdige lenker, sprenge båndene i åket, sette undertrykte fri og bryte hvert åk i stykker, å dele ditt brød med sultne og la hjelpeløse og hjemløse komme i hus. Du skal se til den nakne og kle ham, Du skal ikke snu ryggen til dine egne.

Vi kan ikkje ignorere det vi opplever nett no. Vi kan ikkje oversjå krigsherjingane.
Men som kyrkje er våre kampvåpen av ein annan sort enn stridsvognene og kanonane som rullar på E6, ti meter frå kyrkjedørene våre her på Setermoen, gjennom den gigantiske militærøvinga Cold Response vi er midt oppe i. Det ser ut for at også stridsvognene, diverre, trengst i møte med motstandaren som vi ikkje vil sjå innafor våre grenser. Ein motstandar med eit ansikt og med eit namn.
Men motstandaren er ikkje folket og enkeltpersonane vi kjenner på den andre sida av grensa. Dei som kanskje er førte vill av meiningslaus propaganda.

«Salige er de som skaper fred, for de skal kalles Guds barn» sa Jesus.
Det er ord med gullskrift.

Poeten Helge Torvund har skrive eit lite dikt som er til ettertanke når vi veit at det regnar krig over Europa sitt kornkammer, Ukraina:
 
«Eg prøvde å tenkja på
kva som er det motsette
av bomber
og enda opp
med å tenkja på korn.
Korn som veks så stille
og som kan vaia
så vakkert i vinden
og som kan
gje oss brød.»

Det er fastetid. Når fasten er over skal vi ete som aldri før.
Men i fastetida kan vi også ete. Ete brød. Nattverdbrødet. Laga av mjøl, som er laga av korn. Det som veks så stille. Det som veks i Ukraina – meir korn der enn dei fleste andre stader.
Korn som er det motsette av bomber!

Og så ein gong – når Guds rike renn i all sin strålande glans, er det vårt håp at vi ikkje skal kjempe lenger.
Då er vår motstandar, han som kallast Satan, gått på sitt siste og endeleg nederlag.
I lag med apostlane skal vi få oppleve det som står i vår tekst i dag, der Jesus lovar: «-dere skal spise og drikke ved mitt bord i mitt rike».

Då har også profetordet om dei siste dagane gått i oppfylling: De skal smi sverdene om til plogskjær  og spydene til vingårdskniver. Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig.

 

AMEN

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

onsdag 16. februar 2022

Etter motbakken

 

Gravferd. Kristi forklåringsdag.
Luk. 9, 28-36

I fotspora til døden føl sorga. Sorga er er alltid tung å bera.

I sorga ropar vi på Gud. Men Gud er ikkje alltid like lett å få auga på. Gud kan opplevast langt unna. Gud synest innimellom å ha attlatne augo og øyro. Han trekkjer seg unna. Vi ser lite til han. Slik kjennest det i alle høve av mange.
Men kanskje var det godt om vi, når vi opplever slike tider, spurde oss sjølve: Er det eg som gøymer meg for Gud, eller er det Gud som gøymer seg for meg?

Men så kan det òg vere slik at Gud kan nytte ein anledning lik den som i dag samlar oss, ei gravferd, til å syne for oss kven han eigentleg er. Og det han vil vise oss, det kan gjere at sorga og det tunge vert til å leve med. For Gud vil vise oss at han er der når det er tungt. 

Slik er det i det vi høyrer om på Kristi forklåringsdag, ein søndag vi no står framfor. På søndag skal vi få høyre om fjellturen med Jesus og hans tre mest betrudde læresveinar. Ein fjelltur med sveitte og kanskje også gnagsår. Ein tur der turgåarane vart trøytte. Så trøytte at dei i flg. Lukasevang. rett og slett sovna der oppe på toppen.
Fjellturen var sjølvsagt ein tur i motbakkar med strev og med tunge og seige parti som måtte forserast for å nå heilt opp.
Slik det også er i vårt daglege liv. Av og til buttar det imot.
F.eks. når dødens bratte bakke tårnar seg opp framfor oss.

Det står ikkje noko om korleis Jesus hadde det på fjellturen med Peter, Jakob og Johannes. Men han var sikkert trøytt, han som dei andre.

Der, høgt til fjells, fekk Jesus eit høve til å gje læresveinane ein liten glimt av kven han eigentleg var. Han som alle oppfatta som snekkarsonen frå Nasaret, var noko heilt anna.

Peter, Jakob og Johannes hadde eit fabelaktig syn der på fjellet. Dei såg at den sveitte og trøytte Jesus brått endra seg langt meir radikalt enn om det hadde stått eit moderne dusjkabinett klar til å vaske bort alle spor av sveitte og slit frå fjellturen.

"Mens han ba fikk ansiktet hans et annet utseende, og klærne ble blendende hvite" (Luk.9,29)

Eller som det står om same hendinga i Matteusevangeliet: «Ansiktet hans skinte som solen, og klærne ble hvite som lyset.» (Matt.17,2) 

Vi kan i dag seie at dette bokstavleg tala måtte vere oppfyllinga av bøna om velsigning som vart beden i synegogegudstenesta den gongen, og som om litt skal avslutte denne seremonien vi no er med på; den Aronittiske velsigninga:

Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! (4,Mos.6,24-26)


Eit skinande andlet. Eit åsyn som var oppløfta og opphøgd. Det guddommelege var nærværande. Læresveinane var ikkje berre høgt til fjells. Dei var nesten i himmelen. Dei fekk sjå ein liten glimt av det guddommelege. Men den vesle glimten var meir enn nok til å spikre fast eit inntrykk av noko utfatteleg vakkert, noko som var med på å gjere trua deira tryggare,og vitnemålet om Jesus endå meir overtydande, når dei seinare skulle fortelje verda om kven Jesus eigentleg var. 

For ein fjelltur Peter og dei to brørne Jakob og Johannes hadde! Jesus med guddomeleg velde. Til og med Moses og Elia fekk dei sjå. Og som om dette ikkje var nok. Gud tala direkte til dei. Guds stemme frå det høge. Guds vitnemål om han som stod framfor dei og glitra i sin guddomelege velde:

"Dette er min Sønn, den utvalgte. Hør ham!" 

Visst kan det vere tungt og slitsamt å gå i motbakkar. Men utsynet som møter oss på toppen gjer oftast til at vi gløymer strev og slit for å koma oss opp.Til og med dødens motbakke kan vere til å halde ut når vi veit at på toppen vil Jesus openberre seg for oss. Vi får sjå han slik han verkeleg er. 

Augo våre speidar etter det guddommelege. Vi vil så gjerne sjå eit vakkert syn som kan styrkje trua vår. Finst det eit fjell vi kan stige opp på og koma nærare Gud? Der vi ser Jesus tydelegare? Som gjennom himmelstrålar. Guddommeleg velde. Kvar finn vi det i vår eiga tid?
Eg trur at det beste vi kan gjere er å lytte til dei som verkeleg har sett.
Jesus tok dei til sides, dei tre, for at berre dei skulle få dette synet. Dei skulle få noko dei kunne bere fram vitnemål om. Vitnemål til styrke for trua. Både deira eiga tru, og trua til dei som seinare les om det som hende.

Jesus har aldri lova deg og meg ei openberring av det guddommelege. Men han har lova å vere nær oss. Nær i kvardagen vår. Nær oss når vi strevar i motbakke. Nær når døden vert ein røyndom som kjem tett inn på oss. Nær når vi græt i sorg over våre kjære.
 
Og så har han lova å velsigne oss. Måtte du som kjenner på sorga og saknet i dag få oppleve at Gud høyrer bøna som ligg i velsigninga presten ber ned over kyrkjelyden på kvar gudsteneste, og etter kvar gravferd:

Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred! (4,Mos.6,24-26)

 

fredag 4. februar 2022

Bålet

 

Samefolkets dag. III. 06.02.2022
Bardu kirke
Johs. 21, 9-13

 

Det er sikkert mange som lurar på kvifor det i kvar gudsteneste i kyrkjene våre her i Bardu, og elles også i heile bispedømmet vårt no, lyder korte liturgiske ledd på samisk språk. Ikkje berre i dag, på samefolkets dag, men på alle søndagar.
Den 10. januar i år fekk alle kyrkjelydar her i bispedømmet eit brev frå biskopen vår om bruk av samisk og kvensk i kyrkjene i Nord-Hålogaland. Der skriv han bl.a., etter å ha gått gjennom grunngjeving for desse orda:

 Biskopen vil derfor pålegge alle menigheter i Nord-Hålogaland om å ta inn samiske liturgiske ledd i sin lokale grunnordning. Et minimum må være å inkludere nådehilsen og velsignelsen.

Det er altså ein av grunnane til at samisk lyder her i Bardu, uttalt av ein søring som forsiktig prøver seg med noko som er endå meir framandt for han, enn det er for dykk som trass alt har ei lita gruppe av dette folket, buande mitt mellom dykk.

Eit pålegg frå biskopen er naturlegvis god nok grunn til å bruke språket. Men ein betre grunn finn vi i den fasinerande bibelteksten vi nettopp har lese, pinseteksten frå Apgj.2 om då apostlane talte på så mange ulike språk som dei i utgangspunktet slett ikkje kunne tale.
I denne bibelforteljinga handlar det om noko som ikkje er mindre enn eit guddommeleg under. Slik vi også har lese om to andre guddommelege under i bibeltekstane i dag. Her om språkunderet på pinsedag.
Og det store poenget med språkunderet står tydeleg på trykk i vår Bibel. Alle desse folkeslaga som høyrde apostlane tale til dei på framande språk, kunne til slutt stemme i: «- vi hører dem tale om Guds storverk på våre egne tungemål.»

Det at alle skal få møte bibeltekstar, kyrkja sin liturgi, salmar, og aller helst forkynning, på hjartespråket sitt, det er noko Den norske kyrkja vil prioritere svært høgt i alle samanhangar. Og det er veldig godt, ikkje minst for alle som snakkar eit mindretalsspråk. Det veit eg, som er nynorsktalande, noko om også. Eg hugsar godt i fjor haust då kyrkjetilsette frå heile bispedømet her i nord var samla til gudsteneste i Tromsø domkirke der m.a. vår preses Olav Fykse Tveit tok del. For meg var det rørande å kjenne på inkluderinga då velsigninga til slutt lydde i den store kyrkja – på kvensk, samisk, og så også på nynorsk, frå preses sin munn!

«- vi hører dem tale om Guds storverk på våre egne tungemål.»

Om Guds storverk!
Det skal det handle om på denne dagen også. Det skal vi tale om. På norsk, ja til og med slik eg må gjere det, på nynorsk, som vi alle forstår, heldigvis.

Og då set vi oss ned ved bålet. Då stirer vi inn i elden, blafrande og varm, slik det kan vere på vidda for folket som i dag feirar dagen sin, men slik det også er for ein kvar av oss som likar varmen og gløden i bålet, anten det er på hytta no om vinteren, eller ein sommarkveld ved eit fiskevatn.

Bålet vi ser på denne søndagen er av ein litterær karakter. Av ein bibelsk karakter. Vi møter fiskarane som hadde gått frå alt dei hadde for å slå seg i følgje med Jesus. Hus og heim og familie. Alt låg bak dei gjennom tre år i følgje med denne merkelege mannen som gjor under og teikn, og som heldt så mange store talar. Men så enda det heile med katastrofe. Med at han dei trudde på, han som var helten og venen deira, han vart fanga, dømd, krossfesta og lagt i grav.
Det gjekk nokre dagar etter påske, og rykta om at Jesus hadde stått opp att or grava høyrdes no mellom folk. Nokre påstod at han som var krossfesta framleis levde, men det er veldig tydeleg at noko slik var vanskeleg å tru på.

Difor står det at læresveinane, dei gamle fiskarane, rett og slett ville ta opp igjen sitt gamle fiskaryrke.

No var det tilbake til kvardagen. Fiskebåtane venta.

Men fiskarane på veg tilbake til sitt gamle liv i båtane fekk snart oppleve at den levande Jesus enno ein gong kunne endre tilværet deira.
Det gamle livet synte seg å vere tomt og verdlaust.
Garna vart kasta. I utgangspunktet var det profesjonelle yrkesfiskarar som gjekk i båtane for å ta opp att sin gamle leveveg. Men det gamle livet var innhaldslaust. Garna var tomme. ”-den natten fikk de ingenting”

 Slik er det også for oss som tenkjer at vi kan leve utan Jesus. Det kan vere eit tomt og innhaldslaust liv. Som læresveinane sine garn.

Men heldigvis har vi ein levande Jesus. Ein levande Jesus som på uforklarleg vis fylte garna til læresveinane med så mykje fisk at garna heldt på å revne.
Sjøen var ikkje død. Like lite som Jesus var død.

Heldigvis har vi hatt påske. Om ikkje så lenge skal vi enno ein gong feire påske i kyrkjene våre. For Jesus har stått opp att, og Jesus lever! Han vil fylle ditt og mitt liv med det vi treng for å leve godt, slik han fylte læresveinane sine garn med fisk.

Slik eit nyfødd liv, som dette dåpsbarnet vi har mellom oss i Bardu kyrkje i dag, fyller ein familie med nytt og rikare innhald, med nye kvalitetar, med nye ting å tenkje på og ta ansvar for, slik fyller Jesu liv etter påske heile hans kyrkje med nytt innhald, med lys, med framtid, med håp.

 I dag vil vi la den krossfesta og oppstadne sleppa til mellom oss. La han få puste litt bålvarme på oss, midt i vinteren. For då opplever vi at det livnar til også i våre liv, slik som læresveinane fekk oppleve det på ei strand ved Tiberiassjøen.

Kanskje er ikkje alt som Jesus vil vise oss like behageleg. Det kan vere at det må til snø- og issmelting i våre liv òg. Slik vi håpar at all snøen vi har fått å hanskast med denne vinteren til slutt må vike for vår og grotid.

 Vi hugsar kanskje korleis kulda tok tak i Peter seint om kvelden skjærtorsdag. Det var så kaldt at han fraus og måtte inn til eit bål for å varme seg. Der, i skinet frå bålet vart han attkjend av fleire av dei som var Jesu fiendar og som nett då var ute etter å ta Jesus til fange for å få han dømd. Dei spurde om ikkje også Peter var ein av Jesu læresveinar. Men han nekta. Tre gonger nekta han. Heilt til hanen gol. Peter sitt fundamentale svik mot Jesus.

Møtet med Jesus her på stranda nokre dagar seinare, vart for Peter eit minne om dette sviket mot Jesus. For det første han ser når han stig i land frå båten etter denne merkelege fiskefangsten, det er eit lysande bål.

I lyset frå bålet står hans nederlag og hans synd klårt for han. Han har ikkje gløymt då han ved eit anna bål svor på at han ikkje kjende Jesus.

 Men i lyset frå bålet denne kvelden ser han også Jesus, han som dei hadde lagt i grav og som dei trudde var død.

Men Jesus er ikkje død. Jesus lever. Ein levande Jesus står der og ber om fisk. Om mat. Og brød har Jesus med seg. Han steller i stand eit måltid.

 Peters svik gløder i glørne frå bålet. Men det er som om følgjene frå sviket smeltar bort som snø for vårsola. For Jesus er der også. Det han har å by Peter er viktigare enn fisk og brød. Gjennom dette måltidet forkynner Jesus på sin stillfarande måte at han har tilgjeving å by fram.

Slik er det å møte den levande Jesus. Han feier ikkje våre svik og nederlag under teppet.  Han tek dei fram og lyser dei opp. Men så hentar han nåden fram. Tilgjevinga og oppreisinga. Nåden som kan etast som eit måltid. Brødet som vert brote. Ta og et! Til minne om meg, seier Jesus. Til forlating for syndene.

Nåden er ikkje å gøyma og å gløyma. Nåden er å vedkjenne og å vedkjenne. Først vedkjenne synda og nederlaget. Så vedkjenne trua.

Læresveinane møtte ein levande Jesus, like etter påske. Han var ikkje død. Han levde. Og dei trudde! ”De visste at det var Herren”

 Vi stirer inn i bålet i dag. Der kan vi ane Jesu nærvær. Der kan vi ane hans storverk, hans død, men også hans oppstode. Han lever. Han lever i dag. Han vil gje oss sin nåde og sin fred. Om dette vil storverket vil vi forkynne til alle folkeslag, og på alle språk: For nordmenn, samar eller svenskar, eller kvar dei måtte høyre heime på jorda.

Jesus lever, og vil fylle alle folk med glede og med håp for dette livet, og for det evige.

 Amen

Bloggarkiv