søndag 28. juli 2013

Tilgje - Lite ord. Stort innhald

10. s. i treeiningstida III. 28.07.2013
Åsane
Mark. 11, 25-26
To søndagar på rad har vi helsa på to brødrepar som har møtt oss gjennom tekstlesingane i kyrkjene våre. Sist søndag fekk dei som då var i kyrkja høyre om Kain og Abel. (1.Mos 4,8-15) Sønene til Adam og Eva. Det første søskenparet. Vi vart konfronterte med familieidyllen som rakna totalt. Om missunning. Om grunnlause mistankar som enda med at bror drap bror. Eit av dei styggaste ord i språket vårt fekk reelt innhald: Ordet brodermord. Kain drap Abel.

I dag er det to andre brør frå GT som har stige ut frå sidene i Bibelen og stått ansikt til ansikt med lyttande kyrkjefolk landet over. Det har handla om Esau og Jakob. (.Mos 33,1-11) Det var også to brør som fekk eit tynnslite forhold seg i mellom etter at yngstemann, Jakob, på finurleg vis hadde lokka den gamle far deira, Isak, til å velsigne Jakob i staden for Esau. Vi kunne brukt mykje tid til å filosofere kvifor Isak ikkje også hadde ei velsigning til Esau etter at luringen Jakob hadde vore ute med fantestrekane sine. Det kan vi ikkje gå inn på her. Men vi hugsar at Esau vart rasande slik at Jakob rett og slett måtte røme frå slekta si med reell frykt for at også han skulle verte offer for brodermord. ”Esau sa i hjartet sitt: Snart kjem dagane då vi skal sørgja over far min. Då skal eg drepa  Jakob, bror min” står det i 1.Mos.27,41

Mykje hende gjennom mange år der Jakob heile tida var på rømmen. Jakob vart rik. Jakob fekk familie. Det gjekk han godt, og det må ha gått godt også for Esau, for vi kan lese at det til slutt var to rike brør som skulle møtast att etter at det hadde gått årevis med fiendskap, flukt og mykje fortviling på grunn av uretten som Jakob i si tid gjorde mot Esau. Det var om møtet mellom dei to brørne vi las i ein av tekstane tidlegare i gudstenesta. Eit rørande møte. Om to brør som gret. Om to brør som tydeleg ville gjere opp. Jakob ville overause broren Esau med store gåver. Esau ville rett og slett berre  vise at han var i stand til å tilgje.
Eit møte heilt ulikt det som hende med katastrofen til Kain og Abel. Brodermordet. Det er fantastiske ord som Jakob seier til broren Esau. Framleis hadde Esau grunn til å bere hat til Jakob for hans urett. Men høyr desse orda av Jakob, sagt til Esau då brørne møttes igjen: ”- då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du  mot meg.” (1.Mos. 33,10)
På denne søndagen handlar det om eit av dei aller mest sentrale begrep i vår kristne tru. Det er alt som ligg i det vesle ordet med det store innhaldet: Tilgje.
Kor viktig det er, forstår vi bl.a. fordi det er Jesus som flytter ordet fram i sentrum av mykje av si forkynning.

Vi las den korte evangelieteksten i dag: ”Når de står og bed og har noko å klaga ein annan  for, så tilgjev han. Då skal òg Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar.” (Mark.11,25)
Dette er, som vi snart forstår, omtrent akkurat det same som Jesus også legg vekt på når han skal lære sine vener å be. Ei av enkeltbønene i Herrens bøn lyder som kjent slik: ”Tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar” (Matt.6,12)

Tilgjeving er eit veldig stort tema.
Nokre forkynnarar har gjort det til eit lettvint tema. Som om at det skulle vere like lett å tilgje dei grovaste overgrep som det er å tilgje 10-årige gutar på epleslang i ein bognande hausthage.
Urett kan vere forferdeleg å leve med. Eit aktuelt og skræmande eksempel på slik urett har vi sett i norske media den siste veka. Kvinna som gjekk til politiet i Dubai og melde frå om valdtekt. Så endå ho sjølv opp med å verte sett under tiltale og få ein dom på seg. Det er så himmelropande urettferdig og djupt krenkande at vi ikkje treng argumentere mot det ein gong. Men vi kan gle oss over at saka eit stykke på veg enda godt. Det vart ikkje fengsel på kvinna, men heimtur til Norge.
Men uretten? Og tilgjevinga? Gjev det meining å tale om det i slike tilfelle?

Ein prestekollega som nett har vorte pensjonist har skrive vesentlege bidrag til det vi no rører ved. Eg tenkjer på Harald Kaasa Hammer (son til tidlegare døveprest Ragnvald Hammer som budde her i Åsane, i Eidsvåg, fram til han døydde).
Harald Kaasa Hammer har ei omfattande nettside med mykje stoff til prestar som treng inspirasjon til preikene sine (http://www.preken.net/)

I sin gjennomgang av tekstane for denne søndagen er ei av tesene til Hammer denne:
Gud tilgir ikke ved å si: ”Vi bare glemmer det!”
Da ville han glemme konene som var bedradd, og han ville ikke brydd seg om barna som ble mobbet fordi faren deres drev hor. Gud tilgir ikke ved å glemme.
Gud tilgir ved å løfte synden fra vår samvittighet og over på korset. Han lar Jesus dø på korset i stedet for den som har synd på samvittigheten.

I dag har vi møtt Esau. Han hadde vore utsett for urett. Han hadde slett ikkje gløymt. Men han makta å tilgje. Jakob, syndaren i denne saka, sa det slik om broren: ”- då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du  mot meg.”
Det er godt at tilgjeving kan skje under slike forhold. Det er godt når missunning, urett, hat og årelang mistru ikkje endar som det gjorde med Kain og Abel – i full familiekatastrofe.

Men forteljinga om Esau og Jakob og deira strålande møte med tilgjeving etter alle bibelske prinsipp, synest likevel ikkje å bere i seg vanskane som ligg der når eit krenka menneske vert utfordra til å tilgje etter å ha vore utsett for djupaste urett. Kanskje handla det om mishandling? Kanskje vald? Kanskje tortur?
Maktar vi då å leve opp til Jesu utfordring? Går vår bøn til Vår Far i himmelen i oppfylling?: ”Tilgjev oss vår skuld, slik vi òg tilgjev våre skuldnarar”

I Sør-Afrika ser det ut for at levedagane til den politiske kjempa Nelson Mandela no går mot slutten. Ikkje mange menneske har i vår tid vist oss så mykje av kor viktig det er å arbeide med desse vanskelege spørsmåla. Å ta inn over seg at urett faktisk har hendt. Og at det ikkje er ein enkel veg ut av uretten ved ei overflatisk tilgjeving. Men Mandela viste veg utanom det overflatiske. Ein som har site 27 år i fengsel pga av rasehat og diskriminering går ingen lettvint veg utanom urett. Kva han tenkte dei lange åra han sat på fangeøya veit ikkje eg. Men då han slapp fri i 1985 resulterte det i alle fall i eit prosjekt av forsoning og tilgjeving som verda neppe har sett maken til.

Tilgje. Det er eit veldig ord. Det er eit ord som skal brukast når vi har vore utsette for urett. Ikkje all urett er like dramatisk som nokre av eksempla vi har snakka om så langt.
Urett kan vere langt meir kvardagsleg. Ofte er det forhold i nære relasjonar det handlar om. I familien. På arbeidsplassen. Økonomi. Litt skeiv fordeling av materielle goder. Eit usant ord her. Litt baktale der. Det er så mange ting som hender. Alt dette kyrkja og Bibelen kallar for synd. Nokre er syndarar. Andre vert offer for synda. Offera vil måtte tenkje gjennom om det er råd å tilgje. Og då må det handle om å ta inn over seg at Jesus talar orda til oss alle i dag. Orda om at det skal vere moglege å tilgje.

Lat meg enno ein gong ta fram litt av Det Harald Kaasa Hammer seier om dette:
Det kan føles temmelig lettvint å bare si ”Tilgi meg!” og så skal liksom alt være glemt. For ikke å snakke om hvordan det føles for den som er offer for mine synder. Hva må de tenke når jeg går til kirken? Og hva føler de hvis de kan høre hvordan jeg ber om tilgivelse?
Når vi ber om tilgivelse, bør vi se opp på korset, på hva som foregår når Gud tilgir. Gud glemmer ikke synden vår, han legger den på Jesus. Å tilgi er ikke å glemme, men å nagle synden til korset!
Det holder ikke å be om tilgivelse. Jeg må bekjenne synden først. Jeg må si meg enig i at det jeg gjorde var synd, og jeg må si meg enig i at det ikke må skje en gang til. Det er det vi kaller å angre!
Noen går og lurer på om de angrer nok til at Gud kan tilgi dem. Til deg vil jeg si: Når du bekjenner, angrer du nok. Når du sier deg enig i at det du gjorde var synd og at dette ikke må skje en gang til, - da angrer du nok. Selv om du har mange andre følelser inne i deg også.

Dette er ein søndag for dei store orda. No skal vi lytte til dei. Ta dei inn over oss. Leve etter dei.
Som alltid har vi ein som er vårt store forbilde. Han som makta det vi aldri heilt får til: Fullkomen tilgjeving også når den siste avgrunn opna seg framfor han. Han tilgav sine bødlar då han hang på krossen: «Far, tilgjev dei, for dei veit ikkje kva dei gjer.» (Luk 23,34)


Vi avsluttar med endå nokre store ord. Ord av apostelen Paulus frå det vi i dag også las i lag (Ef.4,32): ”Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, likesom Gud har tilgjeve dykk i Kristus”                                                                                    

AMEN

tirsdag 25. juni 2013

Gravferd ved midtsommar

Gravferd[1]
Johs. 1, 5-8
(Jonsok, III- del av preiketekst)

Lyset skinner i mørket,
og mørket har ikke overvunnet det.
Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes.
Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.

Lyset skin i mørkret,
og mørkret har ikkje overvunne det.
Eit menneske stod fram, utsendt av Gud; namnet hans var Johannes. Han kom for å vitna. Han skulle vitna om lyset, så alle kunne koma til tru ved han.
Han sjølv var ikkje lyset, men han skulle vitna om lyset.

Døden kom til dykkar familie midtsommars. Mens dagane var som aller lysast og aller lengst seig ein skugge inn over heimen. Ein mørk skugge. Vi kjenner han att som døden.
Like sikkert som at vi opplever det som sollys og glede når eit barn kjem til verda som eit nytt liv, så kjenner vi mørket og sorga når døden gjestar oss. Nett like mange skal døy som dei som vert fødde. Ein gong vart du og eg fødde inn i verda. Ein gong skal vi forlate livet, døy og leggjast i grav.
Slik lys og mørke skifter med dagen eller årstidene, slik er det også i våre liv. Slik er det for alle. Den store syklusen med liv og død renn stilt forbi oss som ei mektig elv som ingen kan stoppe.
I år svinga elva innom ditt hus. Det hende ved midtsommarstider. Eit liv vart med ut att. Eit liv var over. Vi er difor samla i sorg rundt denne kista, og vil ta eit verdig farvel med NN.
Mellom dødsdagen og gravferdsdagen i dag har vi feira Jonsok eller St.Hans. Det var sist måndag, den 24.juni. Dei færraste som feirar denne dagen tenkjer over at det faktisk er ein kyrkjeleg minnedag. Dagen til minne om at døyparen Johannes vart fødd. Johannes med kortforma Jon – derav Jonsok, eller Hans – St.Hans. Frå Bibelen veit vi at Johannes var slektningen til Jesus. Mødrene deira, Elisabeth og Maria var i slekt, kanskje så nært som søskenbarn. Og dei venta barn samstundes. Johannes var eit halvt år eldre enn Jesus, difor feirar vi fødselsdagen eit halvt år før jul, 24.juni.
På St. Hans eller Jonsok har kyrkja vår sett opp bibeltekstar som til ein vanleg kyrkjesøndag. Vi har lese litt av ein slik tekst som eit andaktsord no.
Vi har lese om Johannes, om han som skulle vitne om lyset slik at alle skulle kome til tru ved han står det.
Døyparen Johannes er den som kan tenne lys i mørket. Døyparen Johannes er den som har lys som kan skine for alle som er i sorg. Difor lyttar vi til bibelorda i dag.
Det handlar om lys. Om lys i eit mørke. Om lys på ein tung sørgjedag.
Lyset skinner i mørket, og mørket har ikke overvunnet det. Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.
Det er om dette lyset at Johannes vitnar. Det lyset som heiter Jesus. Johannes var ein stor og mektig mann. Jesus seier om Johannes at det aldri var fødd nokon større av kvinner enn Johannes. Likevel valde Johannes å stille seg i skuggen bak Jesus, slektningen sin. Johannes på si side sa om Jesus: han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane
Johannes si store oppgåve i livet var å rydde veg for Jesus. Det var å vitne om Jesus. Det var å vitne om han som var det store lyset i verda. Det var å skape tru på at det var ein som kan skine for alle menneske som det verkelege lyset når dagar mørknar og fortviling, sorg og sakn senkar seg over oss.
Kjære sørgjande.
I dag ser du for deg ansiktet til eit menneske du var glad i. Du minnest og tenkjer tilbake og har mange kjensler som etter kvart skal falle på plass når vi snart har teke det endelege farvel med NN som er død.
Desse minna er gode å ta med seg.
Men prøv om du også kan ta med deg frå denne sørgjehøgtida eit lys som skin ned på deg frå himmelen i dag. Midtsommarlyset – med netter som aldri går heilt i svart - skal minne deg om eit evig lys der sol og måne ikkje vil vere nødvendig, for det står noko underleg om at i Guds rike, der er Jesus sjølv lyset som aldri skal slokne.
Her og no er Jesus lyset som skin inn i skuggen som la seg over oss som ei sky av sorg då døden kom. Jesus er den som står fram og minner oss om at han er vegen som fører oss trygt gjennom døden og inn i det evige lyset bak død og grav.
Ein gong låg Jesus i djupaste mørket nokon har vore i. Han var i dødens fangeskap, forlaten av Gud, svikta av vener, dømd for dine og mine syner, pint til døde for all skuld og skam i verda. Alt dette mørket gjekk han gjennom for å kunne tenne lyset og håpet på nytt då han stod opp or grava påskedagen. Han lever, og han lovar den som trur på han lys og evig liv.
Det er vårt håp – det er vårt lys når vi no takkar og tek farvel med NN.




[1] Ytre Arna, 27.06.2013. Mann, f. 1926
   Salhus, 28.06.2013, Mann, f
. 1929
   Birkeland, 28.06.2013, Mann f. 1926

søndag 23. juni 2013

Dei bortkomne

5.s. i treeiningstida III. 23.06.2013
Ytre Arna
Matt. 18, 12-18
Syndar bror din mot deg, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand.  Slik talar Jesus til oss.
Dette kan lett verte dagen for å rettferdiggjere moralisering. Tekstordet vi har fått i kyrkjene våre landet over på denne dagen kan synast som skapt for å heise flagg og faner som stadfestar karikaturvarianten av den kyrkja vi tilhøyrer – ei kyrkje der det handlar om å vere prektig, om å vere betre enn andre, om å pirke på andre si synd og støyte folk ut i eit mørke der dei får streve med følgjene av eigne nederlag, mens alle som er på innsida av fellesskapet, bak tjukke kyrkemurar, i varmen frå altarlys, og med ein eim av lukt frå kyrkjekaffi, vi er dei heldige, utvalde.

Ja, var dette sanning, då vil eg for min del hengje frå meg prestekjolen for godt etter denne gudstenesta. Var det slik kyrkja verkeleg var, då er det meiningslaust å stige inn i dette kyrkjehuset Ytre Arna med sikte på å byggje kyrkjelyd og å tale til trøyst og oppmuntring.
Evangeliet er ikkje ein løfta peikefinger. Det er ikkje å ta folk til sides for å tale dei til rettes på tomannshand.
Evangeliet handlar om å forkynne omsorg for medmenneske. Det vi kallar for diakoni i kvardagen. Men endå meir: Evangeliet handlar om å setje lyskastaren på Jesus som seier at han sjølv er midt mellom alle som samlast i hans namn.

Når Jesus gjev oss ei innføring i korleis vi skal gå fram dersom vi opplever at det vert gjort urett mot oss, når han talar om at det kan opnast for å tale eit medmenneske som har synda mot oss til rettes, så er hans poeng at det må skje noko med den som gjorde urett. Jesus vil berge syndaren frå konsekvensane av synd. Jesus seier om den som har gjort synd mot deg: - Høyrer han på deg har du vunne bror din.
Legg merke til at det står ikkje at du har vunne over nokon. Altså at du har vore sterkare enn -, eller at du har argumentert betre enn-, eller rett og slett vore ein dyktigare kverulant. Det står at når han som har gjort urett høyrer på deg som fortel kva som er rett, då har du vunne han. Det betyr at du har vunne han eller henne for -, dvs. at du har vunne nokon for himmelriket. Du har berga eit menneske for det evige livet.

Evangeliet handlar om å vinne andre for det største og beste av alt, nemleg Guds rike og det evige livet. Det gjer vi når vi viser andre kven Jesus er. Når vi viser det ved orda vi seier eller ved handlingane vi utfører. Når vi tek menneske med der Jesus har sagt at han er å finne, vert evangeliet synleg for desse menneska som kanskje ikkje har kjent til evangeliet, den glade bodskapen, frå før. Jesus har sagt at han er å finne der dei som trur på han samlast til bøn, til lovsong og for å høyre meir om Jesus, nett slik vi gjer det no. Akkurat det er det Jesus seier til oss i orda vi lyttar til. ”For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.» Dette kjende ordet av Jesus står berre to vers etter at vi avslutta det som er dagens preiketekst.
Ein løfta peikefinger, ein moralpeikefinger. Slikt er lite populært i samfunnet vi lever i. Her gjeld det for dei fleste av oss at vi er opplærde til å gjere det vi vil utan innblanding frå andre. Og få av oss ville finne på å prøve oss som moralvaktarar ved å peike på vegvalg vener og familie gjer for å stemple dette som feil, eller endå verre: som synd.

Men i kyrkjeleg samanhang lærer vi faktisk noko om at det går an å gjere feil val. Det går an å slå inn på ein feil veg. Det går an å ville seg bort.

Det er dette Jesus minner oss om i likninga vi har lese. Om den eine sauen, og dei nittini andre. Vi las at saueeigaren lèt det nittini vere att for seg sjølve mens han legg ut på leiting etter den eine, bortkome og forsvunne.
Dette er er den gamle søndagsskuleforteljinga. Dette er barnebilete over senga der vi ser Jesus, den god hyrdingen, med ein sau over skuldrene på veg tilbake til flokken med den forvilla sauen.

Om vi no stig ut or søndagsskulemoduset ein augneblink og tenkjer etter: Er det nokon i kyrkjelydelyden i Ytre Arna vi saknar? Noko som ein gong var mellom oss, men som vi aldri ser meir? Nokon som vi rett og slett mistenkjer for å ha villa seg bort? Ikkje berre frå våre samlingar, men som synest å vere komne bort frå Jesus?
Kva skal vi i så fall gjere?
La dei ville rundt, eller prøve å vise dei tilbake til Jesus?

Dei fleste vil i dag kvie seg. Få har lyst å blande seg inn i andre sine liv. «Eg vil ikkje bry meg» seier du sannsynlegvis.

Jesus seier: «Slik vil ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt» Det handlar om store ting. Om at det er mogeleg å gå tapt for Jesus.

I Bergens Tidene har vi i veka som gjekk kunne lese store reportasjar som gjekk over mange sider om eit søskenpar i byen vår som livet har fare forferdeleg ille med. Dei vaks opp med vanskjøtsel og mishandling og seksuelt misbruk. I dag er dei begge øydelagde, målt etter vanlege verdiar på eit menneskeliv.
Mange visste. Mange prøvde å gripe inn. Men ingen gjorde noko med stor nok tyngde før alt hadde havarert. No kan dei kanskje få stor økonomisk erstatning. Men økonomi kan ikkje reparere ein hjerneskade.

Det er ikkje å «bry seg» når ein grip inn der hjelp er naudsynt, Ikkje i det vi til dagleg omtalar som sosialsaker. Og heller ikkje når vi i ein kyrkjelyd anar at nokon av våre søsken i trua har hamna i ein bratt, åndeleg utforbakke.

Eg vil ikkje sleppe tragedien frå Bergens Tidende. For i forlenginga av åndeleg omsorg for dei vi går til kyrkje i lag med, skal vi som medmenneske og som kristne også ha omsorg for menneska som bur rundt oss. Dette vi kallar for diakoni. Og etter det vi har lese i avisa er vi sterkt minna om å sjå etter borna mellom oss.
Vi skal engasjere oss. Ikkje ved ein irriterande peikefinger, men ved ei utretta hand, med eit vennleg ord, ved eit tilbod om hjelp når det trengst.
Det handlar om familiar og born som har det vanskeleg. Som lir under alkoholens og dopets forbanning. Eg trur  dei finst, dei som strevar med dette, også i Ytre Arna.
Er vi i stand til å våge noko om vi ser at vi kan vere til hjelp? I det minste – våge å seie frå til dei som har eit betalt ansvar for å gripe inn?

Vi har samla oss til gudsteneste. Ikkje berre to eller tre. Vi er mange. Og vi trur at midt mellom oss på denne søndagen finn vi Jesus. Han ser oss og høyrer oss når vi ber. Når vi ber for dei forkomne. Når vi ber for dei bortkomne.

Han ser og kjenner dei mange, mange som strevar i dag. Borna som nett no ein stad her i vårt nabolag tuslar åleine frå soverom til kjøkken til ein flimrande TV-skjerm fordi far og mor framleis søv av seg lørdagens djupe rus. Kanskje er kjøleskapet tomt fordi barskapet skulle fyllast opp. Kanskje høyrde dei krangel og slossing før dei sovna i går. Borna har det vondt.

For alle desse ropar vi til han som no er midt mellom oss: Kyrie eleison. Herre miskunna deg. Vi gjer det i tillit og tiltru til at han er her. At han ser og høyrer og svarar, han som er vår far i himmelen, han som aldri sviktar men som leitar til han finn den bortkomne eller til han finn den forkomne.
Og når han finn slike, då gler han seg, han som er den gode hyrding.
Kan vi hjelpe til med å skape slik glede?

AMEN

søndag 16. juni 2013

På leit

4. s. i treeiningstida. III 16.06.2013
Biskopshavn
Salme 22,8-12

På leit etter Gud.
Fleire søndagar på rad har vi på ulikt vis følgd dei som leitar etter Gud når vi har lytta til bibeltekstane som har vore tema for preikene i våre norske kyrkjer.

Det er to veker sidan vi helsa på Nikodemus. Denne storkaren i det israelske samfunnslivet som oppsøkte Jesus midt på natta og ville ha ein læresamtale med Meisteren om Guds rike. Han var på leit etter Gud.

Sist søndag møtte vi dei unge mødrene som oppsøkte Jesus med borna sine. Dei ville at Jesus skulle røre ved borna. Leggje hendene på dei. Velsigna borna. Som alltid med ei mor: ”Berre det beste er godt nok for barnet mitt” – difor leita dei seg fram til Jesus; difor oppsøkte dei Jesus. Difor gav dei seg ikkje når opphissa læresveinar ville vise dei bort.

I dag vil orda frå Bibelen, Salmeorda, hjelpe oss djupare inn i søket etter Gud. Tekstavsnittet vi nett las frå Salme 22 er ikkje veldig mykje sitert frå preikestolane i kyrkjene våre.
Det er derimot annleis med innleiinga til denne salme 22. For denne salmen opnar med dei fortvila orda Jesus sjølv brukte då han opplevde gudsforlatinga på det aller mørkaste. I den svarte fortvilinga når dødsstunda på krossen berre var nokre få djupe innpust unna. Som sitt aller siste skrik i smerte, kom det over Jesu lepper: ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”
(Matt.27,46)  Dei orda var eit sitat av Salme 22,v.1 – innleiinga til salmen preiketeksten i dag er henta frå.
I førebuinga framfor denne søndagen las eg kva ein kollega tenkte om denne salmen. Ho peika på at det handlar om -uroen som oppstår når livet butter imot, når det nettopp ikke er orden og harmoni, men snarere forvirring, motstand og fortvilelse. …..Salmen… reiser spørsmål som: Kan Gud fortsatt være Gud, midt i alt det som er kaotisk og truende? (Aud Irene Svartvassmo, FB, prekeskapet)
Når livet buttar i mot!
Kvar er Gud når livet buttar i mot? Kvar skal vi leite etter Gud då? Kva ord skal vi bruke når vi ropar på han? Kvar er du Gud?
Er du der midt i natta, Gud?
Kan eg gå ut i mørket som ein Nikodemus og søkje samtalen med ein Meister som kan fortelje noko om å bli fødd på nytt? Ja, kanskje kan du gjere nettopp det.

I evangelieteksten i dag høyrer vi at også Jesus ser at folk villar rundt på leit. Han ser dei  som er forkomne og hjelpelause, som sauer utan gjetar. (Matt.9,36). Men Jesus set læresveinane sine i arbeid. Dei skal ta vare på desse hjelpelause, som villar rundt. Som treng ein gjetar. Arbeidsfolk må til for å vakte den som ikkje lenger finn vegen til Gud. Slike arbeidsfolk må stadig vere på jobb i den kristne kyrkja. Nokre av oss får betalt for å vere gjetarar, hyrdar. Nokre av dykk er med på laget. Utan betaling. Og når du ser ein som ikkje lenger veit vegen til Gud, skal du løfte handa og peike ut kurs på nytt. Du skal opne munnen din og sitere orda av Jesus som seier om eg sjølv: ”Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg”
(Johs. 14,6)

Og er du ein av dei som er på leit, kjenner du deg som ein Nikodemus som villar rundt midt i nattemørket og ikkje finn vegen til Jesus – så høyr i dag når det vert sagt at vi finst, vi som er i flokken av dei Gud har som sine arbeidsfolk på denne staden, her i Biskopshavn. Kanskje kan du finne eit svar på det du søkjer gjennom ein samtale, i eit tettare fellesskap her i kyrkja, i ei bibelgruppe, ved nattverdbordet.

I Salme 22 møter vi ein person som vert håna for trua si. ”Alle som ser meg, håner meg”
At den kristne trua generelt vert utsett for spott og hån har vi visst lenge. Det har på ingen måte vorte mindre av det inn i våre dagar. I takt med sekularisering og avkristning har frimotet til å spotte og gjere narr av, og til å motarbeide dei kristne og den kristne kyrkja, berre auka. Det vert brukt store ord om toleranse og inkludering, utan at det alltid speglar seg når kristne med ei tradisjonell tolking av kva kristen tru er står fram.
Dette kan kyrkja leve med. Dette kan dei kristne leve med.

Men når enkeltpersonar vert hengde ut, når spotten rammar eit namn under eit bilete i avisa, då vert det lett blytungt for den som kjem i fokus. Vi ser kanskje ikkje tårene. Vi høyrer ikkje dei stille bønene. Men vi kan ane kjensla av at nokre av våre står åleine. Vi spør kanskje stille, men utan å gjere noko: Er det eit ekko i lufta av det sterke ropet ”Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?”

På leit etter Gud.
Når trua møter motstand. Når mennesket opplever at det står åleine mot dei som lever der side om side i dagleglivet, når fellesskapet i kyrkja opplevest dødt og meiningslaust, ja når Gud sjølv synest å vere bak alle blåner, då er det ikkje lett å finne det vi leitar etter. Då må Gud verkeleg leitast opp.

Mødrene som bar småborn til Jesus vart viste bort av Jesu læresveinar. Uforstand skapte ein avstand mellom dei som søkte ei velsigning for sine aller kjæraste, og Jesus sjølv.
Uforstand er det overflod av. Vi må leve med uforstand.
Men heldigvis kan det vi ikkje forstår verte opplyst gjennom samtalar, tilrettevisning og omtanke. Då forsvinn u’en. Forstanden tek over. Innsikt fyller eit tomrom.
I kristen samanhang har vi lov å tru at Anden kan vere den som forløyser og opplyser og gjev oss forstand. Forstand til ikkje å spotte. Forstand til å inkludere i eit fellesskap. Men først og fremst forstand og innsikt til å forstå at Gud er å finne. At Gud vil være nær.

I andaktsordet vi har fått til å tenkje over denne søndagen, er Gud samanlikna med ei jordmor: ”Du drog meg fram frå mors liv, du gjorde meg trygg ved hennar bryst.
Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud”

På leit. Kvar går vegen? Vegen til Gud. Kvar er du Gud?
Av og til kan det hjelpe å finne ein veg vidare om vi i vår forvilling maktar å ta oss tilbake til utgangspunktet. Starte på nytt derifrå. Tilbake til start.
Vår absolutte start var i mors liv. Livet som vart skapt i mor. Livet som vart forløyst i fødselen. Der var livets skapar med som jordmor. Der var Gud. I starten.
Kan du sjå det? Kan du ta det til deg? La orda fylle deg? Gjere deg trygg?
Der Gud der, der du like trygg som du ein gong var ved mors bryst.
”Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud.”

Når Gud synest langt borte. Når Gud synest som om at han rett og slett ikkje eksisterer meir, så er han likevel min Gud. Han er din Gud. Han er her.
Då Jesus i sin dødsangst på krossen ropa etter Gud, er det ingen tvil om at Gud var langt borte. Men ikkje så langt borte at Gud ikkje høyrde sonens rop. Guds skaparkrefter fylte Jesus der han låg i grava slik at han makta å rive seg laus frå jarngrepet til sjølvaste døden.(1.Pet 1,21) 

Kvar er du Gud? Svaret er at Gud er alle stader. Til og med i døden, der han ein gong gav liv til Jesus i hans mørke grav.
Gud er i døden, men han er endå meir i livet. Livet vi alle lever. Livet som innimellom vert prega av solformørking eller storm og uvêr der vi ikkje er i stand til å sjå han eller finne vegen til han.

På leit etter Gud. Vi går tilbake til start. Dit livet starta. Tilbake til forløysinga. Tilbake til han som drog meg ut or mors liv og inn i dette verkelege livet der eg gjennom dåpen og trua vart knytta fast til ein levande Gud som er. Som alltid er. Som ikkje slepper meg sjølv om han synest veldig langt unna innimellom. Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud”.

Denne Gud har ikkje forlate den som kjenner seg forlaten.
Denne Gud er ikkje blind, men ser den som kjenner seg usett.
Denne Gud er ikkje døv, men høyrer til og med våre ordlause rop: Kvar er du Gud? Kvifor har du forlate meg?

”Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud”
AMEN

tirsdag 11. juni 2013

Gravferd, Åsane krk, 11.juni 2013
Atle Kittang

2.Tim 3,14-15: Men hald fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. Og heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Jesus Kristus.

Kjære sørgjande.
Vi tek farvel med eit menneske som var lærd. Bøker var verda hans. Orda var det som rann i årane hans. Han forstod ord på vårt språk og på framande språk. Han las og analyserte. Skreiv og underviste. Om lyrisk dikting og poesiens hemmelege liv, stod det i minneordet i avisa. Slikt som var viktig for andre som også skulle lære og verte lærde.
”Alt han har skrevet kaller på oppmerksomhet og refleksjon” fortel kollegaer om han.

I dag er det mange som takkar Atle Kittang for livet hans. For lærdomen hans. For at han delte kunnskap med studentar og kollegaer. Mange av dykk som kjende han og vil heidre han på avskilsdagen her i kyrkja, vil tenkje på namnet hans og på kva han gav dykk av seg sjølv. Og for mange vil apostelen Paulus sine ord til sin gode ven Timoteus vere relevante. Orda som samlar oss til andakt her ved denne båra: ”- hald fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av.”

Atle var akademikaren med den lange universitetskarrieren bak seg.
Det finst andre personar i litteraturmiljøet som slett ikkje var akdemikarar, men som likevel har gjeve viktige bidrag inn i vår diktarskatt. Ein av dei er ein nolevande, sjølvlærd telemontør som mange vil kjenne: Arnold Eidslott.
Eit av dikta hans er ”Kierkegaard memorial” og der finn vi avsnittet: ”Adagio”:

Jeg må lytte til de døde
De trenger seg inn i mitt hus
for å åpenbare meg sine unnlatelser
jeg en ensom sørgepil under tårnet i Babel

Deres øyne er rolige
som lagunene og de taler stille
som vindsus i gresset mine gjester
fra dypenes dyp men de har ensomme hender

Jeg hører lyden av en kvern
bak deres tause skrik det kverner
et sted i det mørke dypet under Patmos
og både levende og døde kan høre kvernduren

Eidslott slår fast: ”Jeg må lytte til de døde” I dag lyttar vi. Ekkoet etter hans stemme som vi takkar for i dag har ikkje stilna. Det vil rulle langs våre veggar lenge enno.

På denne dagen har vi altså samla oss i eit kyrkjerom for det aller siste farvel. I dette runde rommet rullar ekkoet meir enn det mange er komfortable med. Akustikken er vanskeleg, og det er ikkje alltid lett å høyre orda som vert sagt her inne.
Eg håpar likevel at alle som på denne dagen sørgjer ved Atle Kittang si båre kan høyre orda frå den største av alle bøker rulle mot oss slik dei har gjort til generasjonar og til kulturar gjennom alle år i vår tidsrekning. Apostelorda som aldri skal stilne, men som om att og om att konfronterer lærde og ulærde i alle land og av alle ætter: ”- heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Jesus Kristus."

Visdom til frelse.
Når døden ruskar i handtaket til døra inn i livet mitt, tenkjer eg at eg treng visdom. Livsvisdom i møtet med døden. Ikkje ein akademisk tittel, men innsikt som kan gjere meg opplyst om det som ligg bak døden. Og endå meir: Om det som Bibelen kallar frelse.
Den innsikt og den kunnskap treng eg ikkje lese til ein eksamen for å få med meg.
Til og med borna kan begripe nok av det til at dører skal opne seg. ”- heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene,” seier Paulus til Timoteus.

Ja, nettopp borna er forbilde for alle som speidar etter fast land bak døden.
For ei og ei halv veke sidan fekk alle som då var i denne kyrkja, eller ei anna kyrkje ein stad i landet vårt, helse på Nikodemus. Det var han som var rådsherre i Israel, altså ein slags mellomting mellom ein norsk stortingsrepresentant og ein dommar i Høgsterett. Ein skikkeleg storkar. Det var han som ikkje våga å oppsøkje Jesus i vanleg kontortid, men som sneik seg ut om natta for å tale med Meisteren. Det var denne mektige mannen som fekk høyre frå Jesu munn: ”Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike”. (Joh 3,3)

Ein ny fødsel – bli som barn. Ei enkel barnetru. Eller som Paulus formulerer det til sin ven Timoteus: ”- heilt frå du var eit lite barn har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Jesus Kristus."

Det vi lærer frå skrifta som barn, det som Jesus løfter fram når han tek småborn på fanget og seier at Guds rike er for slike, eller det som til og med born kan lese seg til og som kan danne grunnlag for å tru på Jesus Kristus, på forteljinga om at han døydde for det i våre liv som aldri vart fullkome, at han stod opp att frå dei døde gjennom Guds mektige kraft, og at han lever i dag og ein gong skal nyskape alt liv til noko fullkome der framme ein stad – dette er frelsa ved trua på Jesus Kristus.

Det er denne visdom til frelse som framom alt skal lyse opp vår livsveg når vi har teke farvel ved denne kista i dag og skal leve våre liv vidare.
I sorg over han som ikkje er mellom oss, men med forventning om at Kristus skal gje oss visdom om vegen til Guds evige rike.

AMEN.

søndag 2. juni 2013

Fødd på ny!


2.s. i treeiningstida III. 02.06.2013
Eidsvåg – hagefest.
Joh.3,1-13

Fødd på ny!

Ein forunderleg tanke. Men eg våga meg til å tenkje litt på den tanken framfor denne søndagen. For på onsdag i veka som gjekk fekk eg enno ein gong oppleve kor stort det er for ein farfar å få halde eit nyfødd barnebarn i hendene for aller første gong. Berre eit halvt døgn gamal var det vesle vedunderet av ei jente som eg såg inn i ansiktet. Eit splitter nytt liv å bli kjent med. Det er store stunder for ein familie, slike dagar.

Ein halvgamal mann kan då fort ynskje – kunne eg enno ein gong vere så uskuldig. Kunne eg enno ein gong få kvile så trygt i andre sine armar og sleppe ansvar, arbeid, ventande oppgåver, stress, uro for både det eine og det andre som vedkjem arbeidsliv eller privatliv.
Kunne eg enno ein gong bli fødd på ny. Verte liten. Som veslejenta eg helsar på for aller første gong.

Eg leikar litt med tanken. Men let den fare nokså fort. For det er så umogeleg. Eg er så altfor gamal. Eg er ikkje barn igjen. Eg kan, om eg vil, telje ned til pensjonisttida i staden for å drøyme om eit nyfødd tilvære.

Fødd på ny. Lite aktuelt, konkluderer eg.

Men stopp litt! Er det aldeles uaktuelt?
Det er då nettopp det Jesus talar om til oss alle i dag. Til meg, ein godt vaksen prest. Til kvar og ein av dykk som vil til gudsteneste og på hagefest i Eidsvåg denne første junisøndagen. For det var det Jesus sa til Nikodemus, rådsherren. Men orda hans gjeld oss alle den dag i dag.

Kanskje var Nikodemus ein mann på min alder? Han var i alle fall vaksen, og han hadde skaffa seg ein høg posisjon i samfunnet han levde i. Det står at han var farisear og ein av jødane sin rådsherre. I vårt land i dag ville det bety noko av ein mellomting av ein som sit på Stortinget og ein som dømmer i Høgsterett. Ingen småkar altså.

Det er denne mannen som oppsøkjer Jesus. Ikkje i vanleg kontortid. For då kunne han risikere at nokon som kjende han ville få auga på at denne viktige personen gjekk til Jesus. Jesus som var så omstridt blant farisearane og rådsherrane til jødane.
Midt på natta snik Nikodemus seg ut. Langs stille vegar og i tronge gater. Rundt hushjørne etter hushjørne kikkar han forsiktig for å forsikre seg at ingen han kjenner skal sjå at han er ute på nattevandring. Og slett ikkje må dei sjå at han bankar på døra i huset der Jesus bur.

Eg ser for meg Jesus som høyrer dørbankinga, som tek lampen med seg i handa, opnar for Nikodemus i den mørke natta, og at dei to set seg ned for å tale saman.
Vi har alt lese frå Bibelen eit lite referat frå det som hende:
Nikodemus kom til Jesus om natten og sa: «Rabbi, vi vet at du er en lærer som er kommet fra Gud. For ingen kan gjøre de tegnene du gjør, uten at Gud er med ham.» Jesus svarte: «Sannelig, sannelig, jeg sier deg: Den som ikke blir født på ny, kan ikke se Guds rike.» «Hvordan kan en som er gammel, bli født?» sa Nikodemus. «Kan noen komme inn i mors liv igjen og bli født for andre gang?» Jesus svarte: «Sannelig, sannelig, jeg sier deg: Den som ikke blir født av vann og Ånd, kan ikke komme inn i Guds rike. Det som er født av kjøtt, er kjøtt, men det som er født av Ånden, er ånd. Undre deg ikke over at jeg sa til deg: ‘Dere må bli født på ny.’

Undre deg ikke – sa Jesus.
Eg trur at Nikodemus likevel undra seg. For det Jesus seier er ikkje direkte innlysande.
Eg undrar meg sjølv også over desse orda.
Ikkje minst undrar eg meg over slik språkbruk når eg har fått aktualisert barnefødsel så konkret som eg som nybakt farfar har får gjere nettopp denne veka.

Kan eg verkeleg bli fødd på ny? Og kva meining har det at eg skal bli så liten og hjelpelaus og avhengig av vaksne som den vesle jenta vi har fått inn i vår familie?

Den nye fødsel som Jesus snakkar om, er ikkje av typen ”mor-føder-barn” fødsel. Vi kan gløyme den forståinga.
Det handlar om noko som har med mitt åndelege liv å gjere. Det livet eg skal leve i Guds rike, ikkje det familielivet eg lever med foreldre, barn eller barnebarn.

Nøkkelen til å forstå det som eigentleg er uforståeleg i Jesu ord til Nikodemus, er denne setninga frå Jesu munn:
Den som ikke blir født av vann og Ånd, kan ikke komme inn i Guds rike.

Ein fødsel av vatn. Ein fødsel av ånd.
Ein fødsel til eit liv i Guds rike.
Ein slik fødsel kan skje med eit menneske som er større enn ein nyfødd baby. Det kan skje med den unge konfirmanten. Fødselen av denne type kan skje for mora som sjølv har fødd eit barn heilt nyleg. Den kan skje med besteforeldre eller oldeforeldre. Den kan skje med glade songarar som ikkje er i eit kloster, men som ber klosternamn.

Også det nyfødde barnet får ein ny fødsel når foreldra ber det til døypefonten og legg det over i Guds hender. Då vert barnet fødd inn i Guds rike. I dåpen får det Gud som sin Far – han som er Far for alle som høyrer til i Guds rike. Eit rike som omfattar så utruleg mange born. Alle Guds born gjennom alle tider og på alle stader.

Gjennom dåpen skjer eit nytt ubegripeleg under.
Fødselen opplevdes nok slik for den som vart mor eller far. Det var eit under, det som hende.
Dåpen er eit nytt under der Gud handlar. Gjennom vatnet som vi ser, og gjennom sin Heilage Ande som vi trur er nærverande på sitt usynlege vis, handlar Gud med den som vert døypt. Der, i dåpen, skjer den nye fødsel. Vi vert fødde av vatn og ande, slik Jesu tala om det til Nikodemus i den mørke natta.

I dåpens bad skjer altså den nye fødsel. Gud opnar alle dører inn til sitt rike gjennom denne åndelege nyfødinga.

Men som det var det for Nikodemus, slik bør det også vera for oss alle i dag: Vi må gå til Jesus for å finne ut om vi likevel er på rett veg. Er vi som ein gong vart døypte, framleis på den rette vegen? Eller har også vi gått ut i ei mørk natt, og i motsetnad til Nikodemus, så har vi kanskje villa oss bort frå vegen til Jesus?

Nikodemus var fariserar og trudde at alt var bra i hans liv. Han levde slik Skrifta gav føresegner om. Likevel levde han på eit bedrag. Du og eg kan også leve på eit bedrag dersom vi trøystar oss til dåp og konfirmasjon, til kyrkjevigsel og til kyrkjegang ein gong i blant.

Det er bibelsk sant at du vart fødd på ny i dåpens bad. Men det store spørsmålet denne søndagen vert om vi kvar for oss verkeleg lever det nye livet vi fekk i dåpen. Eller har vi sovna inn i ein åndeleg søvn slik at vi ein gong går over i åndeleg død?

For dåpens nye liv må levast!
Dåpens nye liv må levast tett inn til Jesus. Han som gav livet for at vi skal få leve. Dåpen det er den nye fødsel i vatn.
Men om du skulle ha eit sovande eller nesten dødt dåpsliv, så finst det likevel håp.

Det handlar på denne søndagen også om å fødast på nytt - ved ånd.
Det betyr at Guds heilage ande, han vi snakka om på pinsedag for to veker sidan, er her på sitt underlege vis. Slik vinden ruskar i trær utan at vi eigentleg kan sjå vinden; slik vinden bles på oss så vi vert kalde eller varme, alt etter kva temperatur vinden har; slik bles anden på oss så vi skal merke at Gud har ein bodskap til oss.

Vinden stryk over kinnet ditt i dag og minner deg om at Jesus vil deg noko. Han vil at du skal stå opp og leve det nye livet du fekk i dåpen. Han vil at du skal leve dette livet som ein borgar av Guds rike. Leve nær Gud som er din store skapar og Herre. Leve nær Kristus som vil frelse og berge deg og gje deg evig liv. Leve nær Anden som er din livgjevar og vegvisar her i ditt jordiske liv, og også når det evige ventar bak alt det ukjende når vi ikkje har att fleire levedagar her og no.

AMEN

søndag 26. mai 2013

"De er vitne om dette.”


Treeiningssøndag. III – 26.05.2013
Arna
Luk.24,45-48


I fjor haust fekk eg sjansen til å stå framfor denne haugen eller steinknausen.Eg var ikkje åleine. Haugevis med turistar var rundt meg.

Dei fleste ville opp på verdensberømte Akropolis og sjå dei gamle greske tempelruinane og samstundes nyte utsikta over den gamle verdsbyen Aten.
Men like utanfor sperringane som losar turistar inn på Akropolisområdet, ligg Areopagos. Det er denne steinhaugen. Der finn vi i dag ei stor bronseplate der ein av tekstane vi i dag har lese frå Bibelen er rissa inn. Det er apostelen Paulus sin berømte Areopagostale.

I fjor haust var altså alle prostane i Bjørgvin og Møre bispedøme der. I lag med våre to biskopar. For prestar og teologar er dette ein pilegrimsstad. Areopagos i Aten.

I denne byen, Aten, verdensbyen nesten på linje med Roma, gjekk altså den første kristne misjonæren, Paulus rundt. Framleis kan vi sjå templa han såg. Gudebileta grekarane tilbad. Landskapet med slakke åssider og blømande tre. Og utsyn over ein by som i dag er stor og moderne og hovudstad i eit land som nett no kjempar i økonomisk motvind. Men det er likevel det same Aten som Paulus reiste til på si andre misjonsreise, den vi kan lese om i Apostelgjerningane kap.15-18.

Kvifor drog Paulus til Aten?
Kvifor risikerte han fengsel og tortur når han slik steig fram og heldt store offentlege talar? Kvifor la han ut på fleire dramatiske reiser, også ei reise til Roma, ei sjøreise som nesten kosta han livet?

Svaret: Han hadde møtt Jesus!
Han hadde opplevd kallet frå Jesus til å tene han, til å vitne om han, så sterkt at han aldri meir hadde noko anna val enn å bruke all tid og kraft og intellektuell kapasitet på å breie ut bodskapen om Jesus Kristus.

På denne søndagen har vi også høyrt lese ei anna veldig sterk kallsforteljing frå GT. (Jes.6,1-8)
I den står profeten Jesaja i sentrum. Eit voldsomt drama i Jerusalems tempel vert rulla opp gjennom Jesaias si kallsforteljing. Jesaia opplevde Gud sjølv som openberra seg på ei høg trune mens englar og røyk og rop fylde templet. Kallet frå Gud til Jesaia var dette: ”Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?” Svaret frå Jesaia - som med dette svaret steig inn i si profetgjerning – var kort og enkelt: ”Send meg!”

Jesaia vart profet. Paulus vart misjonær. Begge opplevde sterke og dramatiske kallsopplevingar. Jesaia sitt kall har vi lese om i dag. Og vi hugsar korleis Paulus, som tidlegare bar namnet Saul, og var ein ivrig forfølgjar av dei kristne, vart møtt av eit himmelsk syn utanfor Damaskus i Syria. Der fekk han sitt kall til ei eineståande pionerteneste som misjonær.

Kva er dette?
Det er resultatet av dagens evangelietekst. Det som hende den gongen Jesus tok farvel med læresvenane sine. Han hadde samla dei rundt seg i Jerusalem. Han tala til dei om det som nett hadde hendt – si eiga liding og død, og det at han no stod lys levande mellom dei like etter påske. Det var neppe lett for desse mennene. Dramaet i påska var nær i tid. Det å skulle forhalde seg til ein dei var glad i, som døydde gjennom ei regelrett avretting, men som så vart levande, og som attpå til gjekk ut og inn av ein tilstand som veksla mellom å vere synleg og usynleg, eller å vere ein dei kjende og andre gonger, som på vegen til Emmaus, ein mann dei ikkje kjende att – dette var ubegripelege påkjenningar og utfordringar til deira forstand, rett og slett. Kanskje tenkte dei med seg sjølve: Har eg gått frå vettet?

Men i dag les vi om Jesus: ”Han opna forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene”

Det var nok nødvendig. Å opne forstanden til læresveinane, rett og slett, så dei ikkje skulle misse forstanden.

Jesus tok seg av dei. Han opna forstanden, kan vi lese. Han forklara dei det som stod skrive om han i Skriftene, i GT. Ord om at Messas skulle lida og stå opp frå dei døde tredje dagen. Det var nettopp det han hadde vore gjennom og som læresveinane hadde vore vitne om.

Men no kom utfordringa til dei tolv: Å breie ut bodskapen om denne Jesus. Vere vitne om dette som hadde hendt med Jesus. Jesu eige ord til læresvenane lydde slik: ” – i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.”
For læresveinane var det ei oppgåve utan sidestykke. Forkynne om Jesus til alle folkeslag.
Forkynne omvending – syndsforlating. Gammaldagse ord? Var det slik dei tala om på bedehusa for 50-60-70 år sidan? Eller den gongen Hans Nielsen Hauge grunnla småindustri der han gjekk til fots rundt om i landet vårt, men samstundes etterlet seg åndelege brør som så i si tid samla folk med åndeleg kraft som har sett tydelege spor etter han heilt fram til våre dagar. Hans Nielsen Hauge hugsar vi som nordmannen som fekk den store kallsopplevinga ute på ein åker i Østfold i 1796. Vekkingane i hans fotefar gjekk over heile landet, og han er ein av våre landsmenn som har sett djupast fotefar etter seg. Den gongen han forkynte, så gjekk desse orda att: Omvending og syndsforlating.

Men går det an å tale meiningsfullt om slike ord i dag? I ei tid der folk vel sine eigne vegar, der ingen spør etter normer, berre etter kva som passer for meg og mitt liv nett no.

Omvending. Det betyr som kjent ein ny kurs. Det betyr å snu ryggen andre vegen, men framleis gå vidare utan å stogge opp.

Omvending. Det kan bety å vende seg bort frå vegen der familie og vener vil ha deg med. Det kan verte aktuelt å vende seg bort frå fleirtalets sug når deira vegar fører bort frå den kursen som vart peika ut av Jesus den gongen han vart skild frå læresveinane sine, ved Betania, like utanfor Jerusalem. Det var denne hendinga vi har lese om i dag.

På same måten som omvendinga skal forkynnast, må vi i like sterk grad løfte fram det andre Jesus legg inn over læresveinane: Syndsforlating. Kvart einaste menneske i Arna, i Bergen, i Norge og elles i verda treng å omvende seg frå alt som kallar og lokkar og dreg i retning bort frå det som er midtpunktet for vår tru: Han som har syndsforlating å gje.

Og syndsforlating leitar vi ikkje etter på høgfjellet, i skjergarden på båttur, eller på trivelege hytteturar. Syndsforlating vert formidla gjennom Ord og sakrament – dvs. der Guds folk samlast i Jesu namn, og det er framfor alt i den kristne kyrkja.

Det er dette kyrkja vitnar om. Om han som leid på krossen døydde og stod opp. Han som heiter Jesus. Han som har eit namn som skal forkynnast saman med orda om omvending og syndsforlating.

Det er den kristne sitt kall. Det var læresveinane sitt kall. Det var dette Paulus drog ut for å forkynne i heile Middelshavsområdet. Minst tre lange reise av denne store misjonæren kjenner vi til. På ei av reisene kom han altså til Aten. Til Areopagoshøgda. Og her forkynte han til atenarar som hadde så mange gudar, så mange altar og så mange tempel at dei til og med reiste altar for ein ukjend Gud. ”Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk” sa Paulus i Aten – og så løfta han Jesus opp for augo deira. Han forkynte den krossfeste og oppstadne Kristus. Han som gav læresveinar den gongen og til alle tider ordren om å forkynne for alle folkeslag. 

På Areopagos lydde orda om Jesus til verdensborgarane i Aten. Talen til Paulus er eit fantastisk døme på forkynning inn i ei vantruande og vanskeleg samtid. Slik sett er dette ein tale som sjølvsagt alltid vil vere pensum for prestar og forkynnarar. Og difor var det stort å stå på den staden og oppleve Areopagos for mindre enn eit år sidan.

Men i dag er vi ikkje i Jerusalem i lag med Jesus. Vi veit at mange år har gått etter at Paulus drog frå Aten, men at dei ruglete steinane står der som monument over ei storhending.
I dag er vi ikkje i Jerusalem, Aten eller Roma. Vi er i Arna.

Men orda frå Jesus er like aktuelle. Orda som kallar på oss. Som vil at vi skal vere vitne. Her hjå oss. Og til alle folkeslag: ” ” – i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.”

AMEN









Bloggarkiv