torsdag 27. juni 2019

Vi skal bli like han

                                               Gravferd                                                                     

                                                           Gravferd                                                                           
    (Frå episteltekst 3.s i treeiningstida III)

1.Johs 3,2b :«Vi veit at når han openberrar seg, skal vi bli like han, for vi skal sjå han som han er.»  

Ved ei kiste får vi alltid eit bilete måla opp for augo våre. Det vi konkret ser her i kyrkja når vi møter fram i gravferd, er nettopp kista. Vi ser blomster. Vi ser lys. Og kanskje passerer ei mengd indre bilete for vårt indre auga. Kvar for oss hugsar vi den døde. Nokre hugsar det eine, andre hugsar noka heilt anna om den døde.

For meg som prest er det ofte det slik at eg ikkje ser noko for meg som har rot i eit minne. For eg møtte aldri den vi tar farvel med.
Likevel har også eg eit bilete inne i meg. Det har kome fram gjennom samtalar og notatar frå dykk som er pårørande.
Kor presist og rettferdig dette biletet er, veit eg ingen ting om. Meg eg set alltid mi lit til at strekane som slik vert rissa opp at eit liv, av eit menneske, er sanne.
Men eg trur at det berre er ein liten bit av sanninga.
For det er sjølvsagt så mykje meir. Det er aldeles uråd i løpet av 5-10 minuttar å teikne eit fullstendig bilete av eit menneske som kanskje levde så lenge som 80-90 år.
Uansett er det slik at det livet som var; det livet, og det mennesket, vi no tek farvel med, det var eit liv vi i dag takkar for, slik vi allereie har gjort det i minneorddelen av denne seremonien.

Det er alltid godt å kunne takke. Takke for minna. Takke for det biletet av NN som for mange av dykk er godt å tenkje på.


I dag vil eg gjerne setje fokus på noko som alltid har vore ein vesentleg bit av det kyrkja trur og tenkjer om det å vere menneske. Om det å leve mellom andre menneske, før vi ein dag vert teken heilt bort frå dette fellesskapet, og det einaste som lever vidare, er nettopp slike minner som vi no har snakka om.
Eg vil snakke om det som kyrkja trur er framhaldet av dette livet.


Om at det er mange vakre strekar av eit bilete som på ingen måte er teikna ned enno.
Han som mange trur er apostelen Johannes, skreiv i si tid fleire brev.
Tre av dei er bevarte, og den dag i dag kan vi lese dei i NT. I det første av desse breva skriv Johannes om alle dei som kan kalle seg Guds born. 


I vår kyrkje tenkjer vi at det er alle dei som er døypte inn i den verdsvide kyrkja, og som vil høyre kyrkja til ved å tru på kyrkja sin Herre, Jesus Kristus.
Om dei som er Guds born, skriv Johannes bl.a.: «Mine kjære, no er vi Guds born, og det er enno ikkje openberra kva vi skal bli»

Apostelen talar om eit «enno ikkje» - altså noko vi ventar på, noko der framme ein stad.
I dag opplever vi ein situasjon der vi vert sterkt påminna om dette «enno ikkje».
Med ei kiste i sentrum, med døden midt mellom oss, kan vi ikkje skuva unna den realiteten at døden er høgst verkeleg.
Og vi veit at ein dag er det min tur til å døy.
Kva då?


Då skal det teiknast eit nytt bilete av kvar enkelt av oss. Det vil seie, heilt nytt blir det ikkje. Men då skal biletet av oss fullførast.

Vi er allereie Guds skapningar.
Skapte i hans bilete. Skapte som menn og kvinner.
Kvar for oss unike. Men kvar for oss også med heilt ulike måtar å leve livet vårt på.
Nokre vart stamforeldre til ei stor etterslekt. Andre levde som einslege, men sette djupe spor i samfunnet dei var ein del av. Atter andre levde temmeleg anonymt gjennom tiår etter tiår, mens det også kunne verte slik at eit og anna liv berre varte i nokre korte dagar, eller i nokre få barneår.


Livet her på jorda er fullført for millionar av menneske. Livet her på jorda vert nett no levd av milliardar av ulike personar.

Men ein gong, enno ikkje – men der framme ein stad, når han vi trur på; vår Herre Jesus Kristus, openberrar seg for oss, då skal det skje noko.
Då skal skapinga fullførast ved ei total fornying. 


Alle vi som er skapte som menneske, som menn og kvinner, i Guds bilete, og som gjennom dåpen og trua har fått retten til å kalle oss for Guds born, vi skal då verte han like, står det i brevet frå Johannes.


Kva det betyr å verte Jesus lik, er ikkje så lett å vite noko heilt sikkert om. For mitt indre ser eg ikkje for meg at det som Bibelen med sin bilettale kallar for «Den store kvite flokk» er ei forsamling av kloningar av Jesus. At vi skal gå rundt med jesus-fjes alle saman.
Meir tenkjer eg at vi skal verte han like på den måten at det mørke og vonde som bur i oss er borte. Dette vi aldri vil omtale i eit minneord i kyrkja, men som også er eit bit av kvar einaste ein av oss – synda som bur i oss. Det skal verte borte når vi vert han like.
Vi skal verte han like –biletet av kvar og ein av oss skal fullførast.


Vi er skapte i Guds bilete. Likevel er det noko meir som enno står att.
Vi er enno ikkje komne dit, vi som er samla til gravferd i dag. Men ein dag, bak døden skal det skje – vi skal verte han like. Vi skal verte Jesus like. Han som vi no berre kjenner av omtale. Då skal vi sjå han som han er.
Vi skal få leve ut det nye, evige livet på ein måte vi her og no berre anar konturane av.
Eg trur det nye biletet som då får si fullføring, skal verte uendeleg vakkert.

AMEN



fredag 21. juni 2019

Nattprat i lyset


2. søndag i treeiningstida III.
Ytre Arna
Johs 3,1-13
Nattprat.
Nikodemus.
Ny fødsel.
Nytt liv.
Vi skal innom desse underoverskriftene i preika vår denne søndagen.

Nattprat.
Kvifor hende det om natta? Det er ikkje sikkert det finst eit oppsiktsvekkjande svar på det spørsmålet. Det er ikkje sikkert at spørsmålet er spesielt viktig ein gong. Men det er alltid sikkert at dette vert eit tema når denne forteljinga skal løftast fram. «Han kom til Jesus om natta», står det om Nikodemus.

Eg har mange gonger før tala over denne teksten. Då har eg ofte brukt ord som dette:
Mannen som oppsøkjer Jesus kjem ikkje i vanleg kontortid. For då kunne han risikere at nokon som kjende han ville få auga på at denne viktige personen gjekk til Jesus. Jesus som var så omstridt blant farisearane og rådsherrane til jødane.
Midt på natta snik Nikodemus seg ut.
Langs stille vegar og i tronge gater. Rundt hushjørne etter hushjørne kikkar han forsiktig for å forsikre seg at ingen han kjenner skal sjå at han er ute på nattevandring. Og slett ikkje må dei sjå at han bankar på døra i huset der Jesus bur.
Eg ser for meg Jesus som høyrer dørbankinga, som tek lampen med seg i handa, opnar for Nikodemus i den mørke natta, og at dei to set seg ned for å tale saman.

Kanskje er det litt for lettvint, dette med at Nikodemus er så redd for nabosnakket?
Eg les at andre meiner det rett og slett var slik på Jesu tid at det var vanleg å kome saman etter at det var mørkt for å drøfte religiøse og teologiske spørsmål. Då var
det rolegare, temperaturen var svalare, og ein kunne snakke i fred.

Men så opnar eg ei tjukk bok om Johannesevangeliet[1] og les ein spanande tanke:
«Det er rett og slett meir sannsynleg at han (evangelisten Johannes) har vilja å indikere det mørkret Nikodemus kom frå, som ein kontrast til nærværet av det sanne lyset.» Jfr. det evangelisten skriv lenger ute i kap. 3 der han i versa 19-21 talar om at «Lyset er kome til verda» (v.19) og at «-den som følgjer sanninga kjem til lyset» (v.20). Det er i alle fall sikkert at Nikodemus kom til Jesus, til han som i Johs 1,9 er omtala som «Det sanne lyset». Og i Johs 8,12 omtalar Jesus seg sjølv som «Eg er lyset i verda».
Nattpraten kan vi kanskje konvertere til ei forteljing om å stige inn i det store lyset. Det gjev djup meining.

Nikodemus
Kven var denne mannen som kom til Jesus i mørkret?
Han var «farisear, og sat i Rådet til Jødane» står det om han.
At han var farisear betyr at han var ein lærd mann. Skriftlærd. Dvs. at han var godt kjend med dei gamle lovene vi gjerne omtalar som Moselova, og som framleis står i GT. Og meir enn at han kjende lova – han levde heilt sikkert i samsvar med Moselova. Ivrig og nidkjær.
Vidare sat han i Rådet til jødane, Sanhedrin, gjerne omtalt som Det høge råd. Dette var jødane sin høgaste domstol. Nikodemus var altså ein skikkeleg storkar. Noko som hjå oss i dag kanskje ville vere ein miks av stortingsrepresentant og høgsterettsdommar.

Vi merkar oss at Nikodemus tiltalar Jesus som Rabbi, altså som ein lærar.
Frå evangelia veit vi at farisearane ofte kom i konfrontasjonar med Jesus. Dei ville setja han på prøve, står det gjerne. Og vi ser alltid korleis dei i staden for sjølve vert sette til veggs av Jesus. Men i samtalen mellom farisearen Nikodemus og Jesus, merkar vi oss at Nikodemus anerkjenner Jesus som ein likemann, minst. Tiltalen som Rabbi er teiknet på det.

Og vi ser at Nikodemus har skjønt at Jesus ikkje er nokon kven-som-helst.
«-ingen kan gjera dei teikna du gjer utan at Gud er med han» konstaterer Nikodemus.
Litt merkeleg er det at evangelisten Johannes her lar Nikodemus tala om teikn i fleirtal. For i følgje Johannesevangeliet har Jesus på det tidspunktet denne samtalen går føre seg, berre utført eit under, nemleg vinunderet Kana.

Vi møter Nikodemus igjen to gonger til i Johannesevangeliet. I Joh. 7,45-51 les vi om ein episode der tempelvakta prøvde å ta Jesus til fange, men utan å gjennomføre oppdraget. Grunnen til det, var at dei vart oppglødde av Jesu tale på ein slik måte at dei ikkje kunne tenkje seg å fengsle han. Når overprestane og farisearane kritiserer vaktene, tek Nikodemus parti for vaktene.

Vidare står det i Joh. 19,39-42 om då Jesus vart teken ned frå krossen for å gravleggjast. Då hadde Nikodemus med seg hundre pund med salve som vart brukt på linkleda Jesus vart sveipt i før han vart lagd i grava. Dette fekk dei til før sabbaten tok til.
Dette er altså Nikodemus, storkaren som i nattemørket vågar seg inn til lyset, og samtalen mellom han og rabbi Jesus kastar verkeleg nytt lys inn over livet som Nikodemus fram til den natta hadde levd.

Ny fødsel
Kanskje sit Jesus og Nikodemus ved ei bleik oljelampe og samtalar heime hjå Jesus denne natta? Kanskje byr Jesus på noko å drikke? Te? Vin? Eg veit ikkje. Men eg har lyst å førestille meg at han skjenka opp vanleg vatn til Nikodemus. For ganske snart vert i alle fall vatn ein viktig bit av det den skriftlærde Nikodemus får utvida sin kunnskap om. Han må lære noko av Jesus som handlar om å «sjå Guds rike», slik Jesus uttrykkjer det.

For ein lærdom!
Dette kan ikkje Nikodemus ha sett føre seg då han knakka på døra der Jesus budde denne nattetimen: «Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»
Det er ikkje rart at rådsherren hadde innvendingar At han hadde spørsmål. Eg er nokså trygg på at det vart sagt mykje meir i samtalen mellom Jesus og Nikodemus enn det som er referert her i evangeliet vi kan lese 2000 år seinare. Men det viktigaste står her.

Det om ein ny fødsel.
Sjølvsagt ikkje ein vanleg barnefødsel, slik Nikodemus tydeleg såg føre seg då Jesus sa desse merkelege orda.
«Ein kan vel ikkje kome inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» var hans innvending.

Det handlar om noko heilt anna.
Det er ein åndeleg løyndom Jesus openberrar. Noko om det himmelske. Det som har å gjere med å finne ein veg for å sjå inn i Guds rike. Om å kome inn i Guds rike.

Når Jesus talar om å bli fødd andre gongen, eller på nytt, som vi også har lese i norske bibelomsetjingar, så brukar han eit ord (ἄνωϑεν) som like gjerne kunne omsetjast med å bli fødd ovanfrå, på ein overnaturleg måte. Det handlar altså ikkje om ein fødsel nr. to, men om ein fødsel som skjer ovanfrå, frå Gud. Denne måten å tenkje og tale på var ukjent i jødisk og rabbinsk tankegang. Det som Nikodemus altså er ein representant for, som jøde, og som ein lærar for Israel, er noko som aldri vil kunne føre heilt fram til eit mål heime hjå Gud.

Den nye fødsel må difor skje ved vatn og Ande, seier Jesus.
Gjennom den går vegen inn til Guds rike.
Inn i denne verda, til det jordiske, kjem vi frå mors liv gjennom ein vanleg fødsel.
Inn i Guds rike kjem vi ved ein ny fødsel. Ein fødsel ovanfrå – ved vatn og Ande. Altså gjennom dåpen.

Nytt liv
Difor seier eg no: Kjære døypte! Eg går ut frå at den forsamlinga eg i dag talar til, er ei forsamling av menneske som ein gong vart døypte i namnet til den treeinige Gud.
I dag brukar vi m.a. desse orda når vi døyper born i kyrkja vår: «I dåpen tek Gud i mot oss og sameinar oss med den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus» - og vidare, før vi les orda om Jesus og småborna: «Høyr kor venleg Jesus tek i mot borna og opnar Guds rike for dei»

Difor: Du fekk eit nytt liv i dåpen. Du fekk ein opna veg inn til Guds rike den dagen du vart døypt. Du vart sameina med den krossfeste og oppstadne. Dette var ein fødsel ovanfrå. Noko nytt. Ikkje ein ny fødsel frå eit morsliv, men ein ny fødsel av eit Guds barn som har ein opna veg inn til Guds rike. Ein veg du skal gå i vissa om at då lever du det nye livet. Livet i Kristus. Livet du må leve for å kunna sjå Guds rike. Eit liv i tru på Jesu ord om dei himmelske ting.

Det var dette Jesus underviste Nikodemus om. Ikkje noko enkel lærdom. Men derimot tale om dei himmelske ting, som Jesus seier sjølv.

Vi har nett feira pinse. Vi høyrde om Anden som kom. Om Anden som kom med sterk lyd. «-som når ein sterk vind blæs..» (Apgj 2,2) Denne Anden, denne vinden, kom som ei livskraft til deg då du vart døypt. I Andens medvind skal du leva livet ditt. I trygg forvissing om at du er fødd på ny. Av vatn. I dåpen. Fylt av Anden, også gjeven i dåpen.

Våg å gjere som Nikodemus – gå til Jesus og be han å lære deg meir om dette.
Slepp hans lys inn i livet ditt. Lat han få lyse inn i dei mørke krokane du gjerne vil låse av. Han som er det sanne lyset som gjer alle våre åndelege netter til lys dag.         
AMEN



[1]  C.K. Barrat: «The Gospel according to St. John»

fredag 14. juni 2019

På Areopagos


Treeiningssøndag. III – 16.06.2019
Eidsvåg
Apgj. 17,22-34
(Delvis omarbeida frå preike i 2013)
Det er sikkert feire enn eg som har vore i Hellas og beundra det verdensberømte Akropolis. Vi har stått og sett på dei gamle greske tempelruinane og samstundes kunne nyte utsikta over den gamle verdsbyen Aten.
Men like utanfor sperringane som losar turistar inn på Akropolisområdet idag, ligg Areopagos. Det er ikkje mykje meir enn ein steinhaug.
Der finn vi i dag ei stor bronseplate der preiketeksten på denne søndagen, det vi nett høyrde lese frå Apostelgjerningane, kap.17, er rissa inn. Dette er apostelen Paulus sin berømte Areopagostale.

I denne byen, Aten, verdensbyen nesten på linje med Roma, gjekk altså den første kristne misjonæren, Paulus rundt. Framleis kan vi sjå templa han såg. Gudebileta grekarane tilbad. Landskapet med slakke åssider og blømande tre. Og utsyn over ein by som i dag er stor og moderne og hovudstad i Hellas. Men det er likevel det same Aten som Paulus reiste til på si andre misjonsreise, den vi kan lese om i Apostelgjerningane kap.15-18.

Kvifor drog Paulus til Aten?
Kvifor risikerte han fengsel og tortur når han slik steig fram og heldt store offentlege talar? Kvifor la han ut på fleire dramatiske reiser, også ei reise til Roma, ei sjøreise som nesten kosta han livet?

Svaret: Han hadde møtt Jesus!
Han hadde opplevd kallet frå Jesus til å tene han, til å vitne om han, så sterkt at han aldri meir hadde noko anna val enn å bruke all tid og kraft og intellektuell kapasitet på å breie ut bodskapen om Jesus Kristus.

På denne søndagen har vi også høyrt lese ei anna veldig sterk kallsforteljing frå GT. (Jes.6,1-8)
I den står profeten Jesaja i sentrum. Eit voldsomt drama i Jerusalems tempel vert rulla opp gjennom Jesaias si kallsforteljing. Jesaia opplevde Gud sjølv som openberra seg på ei høg trune mens englar og røyk og rop fylde templet. Kallet frå Gud til Jesaia var dette: ”Kven skal eg senda, og kven vil gå for oss?” Svaret frå Jesaia - som med dette svaret steig inn i si profetgjerning – var kort og enkelt: ”Send meg!”
Jesaia vart profet. Paulus vart misjonær. Begge opplevde sterke og dramatiske kallsopplevingar. Jesaia sitt kall har vi lese om i dag. Og vi hugsar korleis Paulus, som tidlegare bar namnet Saul, og var ein ivrig forfølgjar av dei kristne, vart møtt av eit himmelsk syn utanfor Damaskus i Syria. Der fekk han sitt kall til ei eineståande pionerteneste som misjonær.

Kva er dette?
Det er resultatet av dagens evangelietekst. Det som hende den gongen Jesus tok farvel med læresveinane sine. Han hadde samla dei rundt seg i Jerusalem. Han tala til dei om det som nett hadde hendt – si eiga liding og død, og det at han no stod lys levande mellom dei like etter påske.

Det var neppe lett for desse mennene. Dramaet i påska var nær i tid. Det å skulle forhalde seg til ein dei var glad i, som døydde gjennom ei regelrett avretting, men som så vart levande, og som attpå til gjekk ut og inn av ein tilstand som veksla mellom å vere synleg og usynleg, dette var ubegripelege påkjenningar og utfordringar til deira forstand, rett og slett.  Kanskje tenkte dei med seg sjølve: Har eg gått frå vettet?
Men i dag las vi om Jesus: ”Han opna forstanden deira så dei kunne skjøna skriftene”
Det var nok nødvendig. Å opne forstanden til læresveinane, rett og slett, så dei ikkje skulle misse forstanden
.
Jesus tok seg av dei. Han opna forstanden, kan vi lese. Han forklara dei det som stod skrive om han i Skriftene, i GT. Ord om at Messas skulle lida og stå opp frå dei døde tredje dagen. Det var nettopp det han hadde vore gjennom og som læresveinane hadde vore vitne om.
Men no kom utfordringa til dei tolv: Å breie ut bodskapen om denne Jesus. Vere vitne om dette som hadde hendt med Jesus. Jesu eige ord til læresvenane lydde slik: ” – i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.”

For læresveinane var det ei oppgåve utan sidestykke. Forkynne om Jesus til alle folkeslag. 
Forkynne omvending – syndsforlating.
I dag spør vi - er ikkje dette gammaldagse ord? Var det ikkje slik dei tala om på bedehusa for 50-60-70 år sidan?

På Areopagos stod Paulus fram i det som var eit møte mellom på den eine sida den jødisk-kristne tru, tanke og kultur, og på den andre sida den greske, klassiske filosofi og førestillingsverd.
Raag Rolfsen, direktør i Areopagos, ein norsk-dansk misjonsorganisasjon som har teke namnet sitt etter denne hendinga, seier i ei preike over denne teksten[1] at Paulus sitt møte med atenarane på Areopagos er sjølve arnestaden for vår europeiske kultur. Ikkje noko mindre. I løpet av dei første hundreåra av vår tidsrekning smelta idear og førestillinger frå desse to kulturane saman til éin kultur som etter kvart skulle kome til grunnleggjande å påverke heile kontinent vårt.
Men går det i dag an å tale meiningsfullt om slike ord som Paulus brukar? I ei tid der folk vel sine eigne vegar, der ingen spør etter normer, berre etter kva som passer for meg og mitt liv nett no.

Omvending. Det betyr som kjent ein ny kurs. Det betyr å snu ryggen andre vegen, men framleis gå vidare utan å stogge opp.
Omvending. Det kan bety å vende seg bort frå vegen der familie og vener vil ha deg med. Det kan verte aktuelt å vende seg bort frå fleirtalets sug når deira vegar fører bort frå den kursen som vart peika ut av Jesus den gongen han vart skild frå læresveinane sine, ved Betania, like utanfor Jerusalem. Det var denne hendinga vi har lese om i dag.

Dette kan i dag vere ein kraftig kulturkollisjon. Tida vi lever i vert gjerne omtala som postmoderne. Det er ei tid som er sterkt prega av individualisme. Av at vi skal styre livet vårt sjølv. At ingen andre skal lære oss kvar våre vegar skal gå. Postmoderniteten er kritisk til at eit livssyn er meir rett enn andre livssyn. Her plukkar ein religiøse og ideologiske tankar frå mange kjelder, utan å bry seg om desse passar logisk i hop.

Nettopp i møte med det postmoderne skal omvendinga forkynnast, også i 2019. Men samstundes som vi vågar å bruke Jesu eigne ord i dagens evangleium, kan vi lære av apostelen Paulus som altså våga seg inn i ein dialog med si samtid. Han tok dei religiøse atenarane på alvor. Han nærma seg deira tempel. Han gjekk inn der. Han stod framfor deira altar. Han siterte frå deira litteratur. Samstundes løfta han opp Jesus.

Også vi må vi i like sterk grad løfte fram det andre Jesus legg inn over læresveinane: Syndsforlating. Kvart einaste menneske i Eidsvåg, i Bergen, i Norge og elles i verda treng å omvende seg frå alt som kallar og lokkar og dreg i retning bort frå det som er midtpunktet for vår tru: Han som har syndsforlating å gje.

Og syndsforlating leitar vi ikkje etter på høgfjellet, i skjergarden på båttur, eller på trivelege hytteturar. Syndsforlating vert formidla gjennom Ord og sakrament – dvs. der Guds folk samlast i Jesu namn, og det er framfor alt i den kristne kyrkja.
«I han er det vi lever og rører oss, og er til,» seier Paulus om Jesus.
Det er dette kyrkja vitnar om. Om han som leid på krossen døydde og stod opp. Han som heiter Jesus. Han som har eit namn som skal forkynnast saman med orda om omvending og syndsforlating.

Det er den kristne sitt kall. Det var læresveinane sitt kall. Det var dette Paulus drog ut for å forkynne i heile Middelshavsområdet. Minst tre lange reiser av denne store misjonæren kjenner vi til. På ei av reisene kom han altså til Aten. Til Areopagoshøgda. Og her forkynte han til atenarar som hadde så mange gudar, så mange altar og så mange tempel at dei til og med reiste altar for ein ukjend Gud.
”Det som de tilbed utan å kjenna, er det eg forkynner dykk” sa Paulus i Aten – og så løfta han Jesus opp for augo deira. Han forkynte den krossfeste og oppstadne Kristus. Han som gav læresveinar den gongen og til alle tider ordren om å forkynne for alle folkeslag.

På Areopagos lydde orda om Jesus til verdensborgarane i Aten. Talen til Paulus er eit fantastisk døme på  forkynning inn i ei vantruande og vanskeleg samtid. Men i dag er vi ikkje i Jerusalem i lag med Jesus. Vi veit at mange år har gått etter at Paulus drog frå Aten, men at dei ruglete steinane står der som monument over ei storhending.
I dag er vi ikkje i Jerusalem, Aten eller Roma. Vi er i Eidsvåg.

Men orda frå Jesus er like aktuelle. Orda som kallar på oss. Som vil at vi skal vere vitne. Her hjå oss. Og til alle folkeslag: «– i hans namn skal omvending og tilgjeving for syndene forkynnast for alle folkeslag; de skal byrja i Jerusalem. De er vitne om dette.»
AMEN



torsdag 30. mai 2019

Sound of Silence


Søndag før pinse, 02.06.2019
GT III. 1.Kong 19, 3b-13
Hamre kyrkje. (50-års konfirmantar)


Profeten Elia er ein av dei mest forunderlege personane vi møter i GT. «-
en av de merkverdigste profetene og usedvanlige skikkelsene som historien kjenner» skriv Den katolske kyrkja i Norge om han på sine nettsider.
Elia er for eksempel mannen vi kan lese om som vart henta direkte opp til himmelen i ei vogn av eld (2.Kong 2.11)
Det er ein mann vi merkeleg nok også møter i NT. Der kan vi lese om korleis han stod fram den gongen Jesus tok med seg Peter, Jakob og Johannes opp på eit høgt fjell, og desse tre læresveinane fekk sjå Jesu guddom. Jesus vert forklåra for augo deira, står det. Ved det høvet dukka det brått opp to figurar vi elles berre kjenner i frå GT. Det var Moses, og det var Elia. Og vi les at Peter ville byggje hytter til desse tre, Jesus, Moses og Elia.

Her og no kan vi ikkje gå veldig djupt inn i alt som skal ha hendt med denne forunderlege figuren frå GT.
Vi flyttar oss likevel tilbake i tid frå det som hende på fjellet med Jesus, Moses og Elia; det handlar om nesten 900 år, til den tida då kong Ahab regjerte i Israel. Det var i ein periode på 22 år mellom år 871 og år 852 f.Kr. Denne kongen vert i GT framstilt som ein ugudeleg konge. Han «-gjorde det som vondt var i Herrens auge» (1.Kong 16,30). Saman med dronninga, Jesabel, opna denne kongen for å dyrke heilt andre gudar enn Israels Gud. Det dreia seg om tilbeding av Baal-gudane. Det står så sterkt om kong Ahab at «han heldt fram med å gjera H
ERREN, Israels Gud, rasande» (1Kong 16,32)

Inn i dette vart så profeten Elia sendt frå Gud for å forkynne Guds vilje for Israels folk.
Men det var ingen dans på roser å skulle vere profet i ei slik tid. Profeten fekk aldri anna enn motstand. Mange stod han etter livet, ikkje minst dronning Jesabel.

Konflikten med kongen og dronninga toppa seg kanskje høgast då Elia utfordra kongen ved å skulda han for å føre ulukke over landet ved Baal-dyrkinga. (1.Kong 18,18)
Det var ein kjempekonfrontasjon mellom profeten og prestane som dyrka Baal. 
Baal-dyrkarane fekk aldri den guden dei trudde på til å brenne opp offeret deira.
Elia, derimot, dynka sitt offer i store mengder vatn. «Då fór H
ERRENS eld ned og øydde både brennofferet og veden, steinane og jorda….» (1.Kong 18,38)
Trass i kongeleg motstand og forfølging kan vi heile tida her i 1.Kongebok lese korleis Elia var under Guds omsorg.
Merkelege ting hende. Profeten flykta, og gøymde seg ved bekken Kerit, aust for Jordan. Der var det to ramnar som kom med mat til han,
Vi møter han også saman med enkja i Sarepta, ho som gav profeten mat endå ho så å seie ikkje hadde noko å ete i det det heile. Då vart det slik at mjølkrukka til enkja i Sarepta aldri gjekk tom for mjøl, og oljen i mugga hennar tok aldri slutt.
Og vi brukar framleis uttrykket «Sareptas krukke» om noko som synest utømmeleg.
Profeten Elia: «-en av de merkverdigste profetene og usedvanlige skikkelsene som historien kjenner»

Kan alt dette verkeleg ha hendt?
Ramnane som kom med brød og kjøt til han?
Det at Elia ikkje berre gav opphav til uttrykket «Sareptas krukke», men at han også gav livet tilbake til enkja sin døde son? At han vart teken direkte opp til himmelen i ei eldvogn? Eller at han dukka opp, lys levande i lag med Moses på Jesu tid, 900 år seinare?
Spør du teologane, så vil det neppe vere vanskeleg å finne meir eller mindre gode forklaringar, kanskje til og med bortforklaringar, eller i alle fall oppfatningar av det mange vil kalle mytiske drag ved desse forteljingane.

Sjølv er eg ikkje så tungt oppteken av om bokstavane i forteljinga verkeleg er bokstavlege, eller om det finst andre måtar å tolke og forklare tekstane på.
På den eine sida er det for ein som trur på den allmektige Gud som skapte himmel og jord; eller ein Gud som også vakte Jesus opp att frå døden; ikkje ein umogeleg tanke å ta til seg som sanning at Bibelorda er bokstavleg meinte.
På den andre sida er det heilt tydeleg at mangt og mykje av det vi les i Skrifta aldri er meint å skulle oppfattast som anna enn bilete på noko djupare og viktigare.

På denne søndagen møter vi i alle fall denne forunderlege profeten i ein fortvila situasjon. Han er livredd. Redd fordi dronning Jesabel vil drepe han fordi Elia på si side hadde late drepe alle Baal-prestane som svikta då dei påkalla sine gudar ved den store offerkonkurransen. Han rømmer ei dagsreise ut i ørkenen. Han ber til Gud om å få døy.

Men Gud vil noko heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.

Kjære alle dykk som kom hit til Hamre kyrkje på denne siste søndagen før det snart er pinse.
Nokre kom fordi de vill døype det vesle barnet dykkar.
Mange kom fordi de ville feire at de vart konfirmerte her i denne kyrkja for 50 år sidan.
Andre kom hit fordi de rett og slett går til kyrkje som ein naturleg del av livet. Søndag veit du kvar du har din plass når kyrkjeklokka kallar på deg.

Til dykk alle seier eg: Så fint at du er her.
Så fint at du orkar å lytte til ei merkeleg forteljing frå fleire tusen år tilbake i tid. Eg trur denne forteljinga har noko å vise deg, å lære deg, eller å gjere klårt, også for meg som er prest på denne søndagen, søndag før pinse.

Eg har forsøkt å dra opp nokre strekar av eit bilete av kven profeten Elia var. «-en av de merkverdigste profetene og usedvanlige skikkelsene som historien kjenner»
La du merke til kva eg nett sa om han? Eg trur det må repeterast. Eg sa:
Gud vil noko heilt anna enn døden for Elia.
Gud vil demonstrere sitt nærvær.

No møter vi han han altså på ei flukt både frå kongeleg raseri og frå ein Gud han har tent med iver og truskap. Men profeten kjenner på at han ikkje orkar meir: «No er det nok, HERRE, sa han»  (1.Kg 19,4) «Nok er nok» Vi har adoptert uttrykket og laga det om til eit omstridt slagord her på våre kantar også, i vår eiga samtid.

Eg veit nesten ingenting om dykk eg no snakkar til.
Men eg forstår godt at når ein fin flokk med 50-årsjubilantar kjem saman på denne måten og skal minnast ein konfirmasjonsdag for fem tiår sidan; når de så seinare i dag skal prate over kaffikoppane på Raknestunet og mimre over åra som ligg bak, så er det litt av kvart som vil dukke opp.

Kanskje vågar du også i ditt stille indre å reflektere litt over det som hende i konfirmasjonstida. På konfirmasjonsdagen? Du var nær Gud då. Kanskje kom han endå nærare deg seinare? Eller det var som om han glapp for deg. Eller du opplevde ting i livet som vart for vanskeleg. Sorg, kanskje. Motgang.

Profeten sa det slik: «No er det nok, HERRE,»
Eg ser ikkje dine tankar.
Like lite som eg kan lese tankane til nokon andre menneske.
Men eg vil minne deg om det som hende med Elia, med profeten. Han som var redd. Han som flykta. Han som ikkje orka meir. «No er det nok, HERRE, sa han» 
Guds svar til profeten var desse orda: «Gå ut og still deg opp på fjellet, for H
ERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi» (1.Kg 19,11)

Kva betyr eigentleg det? Kva betyr det å stille seg opp for Herrens andlet, og at Herren skal gå forbi?
Det er ein måte å uttrykkje at no kjem ein sjanse til å oppleve noko uendeleg stort. Noko som kan gje styrke til trua. Noko som kan gje håp for dagar som skal kome. Noko som gjer at dette guddommelege som Peter, Jakob og Johannes fekk oppleve på fjellet i lag med Jesus, då dei også fekk møte den bibelske fortida i form av nettopp profeten Elia; det kan vere det også du får kjenne ein flik av. Ein flik av det himmelske. Det som er større enn oss. Større enn våre tankar. Bortanfor det vi kan forklare. Det vi skal rette ut handa og halde fast i med eit hjarte som bankar i tru.

«- still deg opp på fjellet, for HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»
Desse orda er ein biletleg måte å invitere deg til ei kort stund som kan openberre for deg eit glimt av Gud. Han er der faktisk! Aldri har noko menneske sett HERREN Gud. Men i enkelte korte glimt går det an å få sjå pass at tvilen ikkje lenger er der.

Men kvar skal vi sjå? Kor er fjellet vi skal stille oss opp på? Kva er det vi skal søkje etter? Kor skal vi leite etter Gud i våre liv?

For profeten Elia vart det på denne måten:  Føre HERREN kom ein stor og sterk storm som kløyvde fjell og knuste knausar, men HERREN var ikkje i stormen, etter stormen eit jordskjelv, men HERREN var ikkje i jordskjelvet, etter jordskjelvet ein eld, men HERREN var ikkje i elden, etter elden – lyden av ei skir stille.  Då Elia høyrde den, drog han kappa føre andletet, gjekk ut og stilte seg i hòleopninga. (1. Kg 19,11-13)

Forunderlege ord. Men dei betyr rett og slett: Vi søkjer ikkje Gud i det opprørande. Det som stormar og buldrar. Det som bivrar og brenn. Gud er ikkje i det oppsiktsvekkjande. Sjamantrommene er ikkje lydar vi skal lytte etter når vi søkjer å finne Gud.

Derimot står det ord om «ei skir stille». På bokmål: «en skjør stillhet» Eller: «ei linn susing» som det stod i førre bibelomsetjing.

Dette parakdoksale er det vi skal sjå og lytte etter. Det stille. Lyden av stillheit. «The Sound of Silence» som Paul Simon så meisterleg har uttrykt det i sin vedensberømte song.

Ei skir stille. Det høyrde vi då vassdropane forsiktig draup frå eit barnehovud som Gud møtte ved døypefonten. Denne stilla kjem til uttrykk når vi sender våre bøner utan ord til Gud frå dette kyrkjerommet. Bøner om at han må halde fast i handa som vart retta mot han på ein konfirmasjonsdag for lenge sidan.
Det er stille når vi smakar, et og drikk av den heilage nattverden.

Lyden av det stille er skrudd på i dette kyrkjerommet nett no.
Vil du lytte? Kan du tru? «- still deg opp på fjellet, for HERRENS andlet, så vil HERREN gå forbi»
AMEN.



                                                    

onsdag 22. mai 2019

Vår Far


Andakt publisert på heimesidene til Askøy kirkelige fellesrådhttp://www.kirken-askoy.no/?p=26933
6.søndag i påsketida. III. 26.mai 2019
Matt. 6, 7-13


Då eg var eit barn bad eg ofte min far om noko. 
Han var ein god far for meg. Han kunne gje det eg bad om. Han kunne avslå det eg bad om.
Det nærmar seg 40 år sidan far døydde. Eg ber sjølvsagt ikkje han om noko meir.
Eg håpar sønene mine kan tenkje på meg som ein god far også. Som ein dei kan kome til og be om noko når dei treng dei. Dei er vaksne sjølve, og er fedre dei òg. Farfar gler seg over å sjå god kontakt mellom barneborn og far. Mellom barneborn og farfar.

Men heile tida handlar det eg nemner her om noko internt. Eit indre anliggande i familien.
Ingen andre har eigentleg noko med korleis min far i si tid svara på det eg fann på å be han om. Heller ikkje korleis mine søner kom til meg, og kva eg svara dei.

Då er det veldig annleis med å be til Vår Far.
For han er ein far eg ikkje deler berre med søstrene mine. Han er også far for mine born. Og for mine barneborn. Han er far for kona mi òg. For hennar slekt som er noko heilt anna enn mi slekt.

Vår Far er far for så uendeleg mange.
Han er kyrkja sin far. Han er den himmelske Far med ein bustad på ei adresse vi ikkje kan søkje opp i ei kartbok eller på Google Map.

I gudstenesta ber vi i lag til vår felles Far. Til vår Skapar. Til vår Herre.
Når Herrens bøn er tema og preiketekst for ei gudsteneste, kan det vere veldig godt å starte med refleksjonar og tankar rundt dette at vi ber til han som er det sterkaste limet i vårt fellesskap. Han som er mykje meir enn ein familiefar, som kan opplevast slik eg heldigvis kan vitne om at min eigen far var. Men ein vanleg far kan også framstå som den reine tyrann som kan øydeleggje eit farsbilete i generasjonar av etterkomarar.

Han som kyrkja over heile verda kallar for Vår Far, går uendeleg langt utanpå alle jordiske fedre. Det finst heller inga god mor, om ho er aldri så kjærleg mot borna sine, som har elska så høgt som Vår Far i himmelen.

Vår bror, Gud eigen son, Jesus frå Nasaret, har lært oss korleis vi skal snakke med Far på den aller beste måte. Korleis vi skal tiltale han. Det er likt på alle språk: Pater Noster på latin, Notre Père på fransk, Áhččámet på nordsamisk.
Frå vår munn her i vest skal det lyde: Vår Far.
Det er ein tiltale som når fram – heilt dit han har si adresse: «- i himmelen.»



fredag 19. april 2019

- ein betre vår ein gong


1.påskedag III. 21.04.2019
Gjerstad kyrkje

Johs 20,1-10
Denne preika vart fødd på langfredag.
Denne uendeleg vakre langfredagen, meteorologisk sett.
Eg kjende sola som varma. Observerte gradestokken som stogga på rundt 20 pluss. Og ved kveldstid, då eg sette meg ned for å skrive preike, hadde det skjedd: Bjørka utanfor vindauga hadde kledd seg i grønt i løpet av den lange fredagen.

Vinteren var overvunnen. Tida med døde kvistar som fall frå trea når vinden kom, den var slutt. Sevja har gjort greinene seige, og grøne og fulle av liv.
Denne årssyklusen kjenner vi så inderleg vel. Og vi lengtar mot at det skal skje, dette som nordlandsdiktaren Elias Blix har sett så vidunderlege ord på:

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong,
Preika føddest langfredag. På årets vakraste dag, så langt.

Men langfredagen er ingen vakker dag, trass i sola og våren og alt som kan skje når naturen spelar på lag på begge sider av Osterfjorden.
Eg måtte ta det inn over meg då Dagsrevyen kom til endepunktet den kvelden, og vêrdama forkynte at allereie påskedag, altså i dag, så ville vestlandsregnet vere tilbake.

Eg måtte riste av meg godkjensla, og hugse med meg sjølv: Langfredag var den mørke dagen. Mørkret fall over landet mellom den sjette og den niande timen, las vi i preiketeksten på langfredag. (Matt 27,45) Mørkret som understreka Jesu død. Naturen som viste alvoret.
Det står også i Matteusevangeliet at då Jesus døydde, så « -rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned. Jorda skalv og berga brast. Gravene opna seg og kroppane til mange av dei heilage som var avlidne vart reiste opp frå dei døde» (Matt 27, 51-52)

Jesu død og Jesu oppstode, heile påskeunderet har rett og slett kosmiske dimensjonar.
Det er som om menneskeord og vitnemål frå skremde læresveinar må ha støtte i noko endå traustare, noko som står att som ein del av Guds skaparverk etter kvart som vi menneske smuldrar bort og vert til jord att.

Jesus døydde.
Jesus stod opp.
Det er hovudpoenget i påskeevangeliet.

Og eg tenkjer med glede tilbake på den vakre langfredagen her på våre kantar av landet.
Kulde, is, regn og visne blad.
I møte med påska i år fekk vi sjå det: Livet sigrar! Livet vert fornya.
«Livet vant, dets navn er Jesus» syng vi i ein påskesalme.

Ja! Nettopp dette handla det om når påskedagen renn. Vi går inn i evangeliet mens det enno er mørkret som rår: «Tidleg om morgonen, medan det endå er mørkt, kjem Maria Magdalena til grava». Slikt vert evangelieorda til oss i dag innleia.

Medan det endå er mørkt.
Men mørkret lyt vike for sola. For lyset.

Slik eg har vore vitne til det vi alle har sett i år, at vinteren må gje tapt for sola og sleppe livskreftene som søv i jorda laus så det nake og brune vert grønt og livfullt, slik fekk Jesu næraste vener etter kvart aninga av at det underfulle hadde hendt.

Det som er meir ubegripeleg enn at våren kjem på nytt. Det har vi sett så mange gonger før. Det veit vi skjer. Til og med der snøen er som aller djupast, og der kuldegradene var mange og blå midtvinters, der er vi trygge på at livet spirer på nytt.

Men kan vi makte å tru det same når vi står ved ei opna grav, og med tårer ser kista med den vi var så glad i vert senka ned?
Vi høyrer lyden av jorda som fell på kista. Dei tre første spadane med jord. Grava skal fyllast att og ikkje opnast før det skjer det presten seier med desse orda vi har høyrt før:
Av jord er du komen. Til jord skal du verta. Av jorda skal du atter stå opp.

Den einaste grunn til at desse presteorda gjev meining, er at vi har hatt påske.
Vårt einaste håp om oppstode frå døden ligg i dette at det faktisk er sant det som hende den aller første påskedagen.

Grava var tom!
Maria Magdalena såg det. To av Jesu læresveinar såg det. Det var Peter. Det var den læresveinen som Jesus hadde kjær, altså Johannes, han som skriv desse orda.
Dei såg ei tom grav. Ikkje noko meir.

Der og då såg dei ikkje den oppstadne Jesus. Det hende seinare same dagen.
Og så skriv Johannes, ein av dei to som hadde sprunge om kapp til Jesu grav då Maria kom og fortalde dei utrulege orda; Johannes skriv om Peter: «Han såg og trudde.»
Og eg må tilstå at eg tenkjer at Johannes sjølv også trudde.

Dette er utfordinga til oss som opplever påskedag i lag her i denne kyrkja. Det er om vi kan tru at grava er tom. Om vi kan tru at Jesus levde den gongen. Og at han lever i dag, anno 2019.

Kjære kyrkjefolk!
Takk for at du la vegen til Gjerstad kyrkje denne påskedagen. Eg tenkjer at det er eit uttrykk for at du trur. Om det er sterkt eller svakt veit eg ikkje. Det betyr heller ikkje noko som helst. For trua lar seg ikkje måle. Ikkje i kilo. Ikkje i meter. Ikkje i liter.

Trua er denne urkrafta som bur i deg og som spirer fram og gjev liv. Du fekk trua sådd i hjarta ditt den gongen det hende med deg, det vi har vore vitne til ved det som hende ved døypefonten i dag.

Når barnet blir døypt, skjer det vi las om i ein annan av tekstane for påskedagen: «I dåpen vart de gravlagde med Kristus; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde.» (Kol 2,12)

Gjennom dåpen er vi alle knytta til påskeunderet. Dåpen er staden der vi vert overrekt, eller får del i Kristi død, vi vert gravlagde med han. I dåpen får vi del i Kristi oppstode «ved trua på Guds kraft»
Dåpen er staden der spiren til tru vert sådd. Spiren til liv. Til det som skal sprette ut, verte grønt og livskraftig, etter kvart blomstre og bere frukt. Trua sine frukter. Anden sine frukter.

Den triste, tunge og vonde langfredag var ytre sett uendeleg vakker her hjå oss i år.
Men langfredagsbodskapen var like alvorsfull for det.
Kross og pine. Død og grav.
Det hende for di og mi skuld. Det var di og mi skuld, skam og synd som hang på den krossen. Det var staden der Gud tok eit oppgjer med meg. Han gjorde det ved å ramme Jesus.

Den glade og lyse påskedagen avløyser langfredagsmørket.
Om det er sol eller regn på denne dagen er sjølvsagt totalt likegyldig. For om sola skin på strilane, så regnar det over andre i dag. Og regnar det her, så skin sikkert sola i Spania likevel. Men påska er for strilar og spanjolar. For katolikkane i Roma, pinsevennene i Korea, og for folket i Oslo eller på Svalbard.

Uansett kvar vi bur, så handlar det om å våge å opne hjarta for dette som eigentleg er så umogeleg, men som likevel har vakse fram og vorte sjølve livsgrunnlaget for milliardar av menneske fram gjennom 2000 år – det som står om apostelen Peter: Han såg og trudde.
Han såg Jesu tomme grav.
Det han trudde, var at Jesus levde.

Våren 2019 har vore ein fantastisk vår på desse kantane av landet.
Eg er så glad for den praktfulle langfredagen der desse orda vart fødde.
Eg er så glad for påskedagen der desse orda kan delast med dykk.

Eg har berre eit spørsmål til slutt: Kan det finnast noko betre enn dette?

Elias Blix svarar:

Du vår med ljose dagar,
med lengting, liv og song,
du spår at Gud oss lagar
ein betre vår ein gong,
då me med vigsla tunge,
med kjærleik heil og klår,
alt utan brest og sprunge
skal lova Herren vår!

AMEN



torsdag 4. april 2019

Livsens brød


4.s. i fastetida. III. 07.04.2019
Arna. (Fasteaksjon ved konfirmantar)
Joh. 6,24-36

Tenk om Jesus hadde gått rundt på jorda anno 2019!
Og tenk om han hadde gjort dei same teikn og under som han gjorde den gongen ved Tiberiassjøen då han metta 5000 og vel så det, med mat som knapt ville ha fylt ei vanleg norsk nistekorg – fem brød og to fiskar. Det er dette store underet Jesus siktar til når han seier til folket som har følgd etter han for å leite etter Jesus i byen Kapernaum. De leitar «-fordi de åt av brøda og vart mette.»

Eg ser det for meg at han ville fått det travelt om han var her hjå oss, akkurat i dette året. Eg trur han ville fått tilbod om superløn som konsulent, i for eksempel Kirkens Nødhjelp. Men var det pengar det stod på, ville nok langt større organisasjonar eller firma kunne overby det ein norsk naudhjelpsorganisasjon kan varte opp med.
Men med Jesus har det heldigvis aldri stått om pengar. Det han gav, og gjev, kan ikkje målast med pengar.
Og det han gav, og gjev, er så mykje meir enn berre mat til 5000 svoltne.

Likevel: Han gav mat før han gav noko anna!
Dei som sat i det tørre graset ved Tiberias og drøymde om at Jesus skulle vere konge for dei, hadde god grunn til å drøyme slik.
Slik så mange, mange menneske i dag drøymer seg inn i ei framtid der ein konge eller ein frigjerar eller eit opprør skal velte om på deira situasjon. Ein håplaus situasjon for veldig mange. Fordi dei lever i skuggen av krig. I otte for terror. Med mangel på mat. Utan vatn. Og utan medisin og lækjehjelp. Dei drøymer, slik mange av dei som Kirkens Nødhjelp set fokus på i denne fastetida gjer det.

Tenk om Jesus hadde vore her!
Kva ville han gjort for alle desse? Kva ville han gjort før han gjorde noko anna?
Dei 5000 som var svoltne fekk mat før han gjorde noko meir. På ein så overtydande måte vart dei metta at draumane deira tok heilt av – Jesus måtte verte konge for dei. Og no var dei på leit etter han. Dei reiste frå Tibarias til Kapenaum for å finne han. For at han skulle fylle håpet deira. Han hadde gjeve dei mat. Jesus måtte vere noko som ingen andre var.

Kristne som lever anno 2019 skulle vere med å tenne håp hjå dei svoltne. Vi skulle fylle matfat der mat er manglevare. Vi skulle bygge brønnar og springar og stasjonar med reint vatn der vatnet er så uendeleg langt borte. Eller så uappetittleg møkkete.
Vi har overflod. Andre manglar det meste.
Vi lever ikkje i håpløyse. Til og med når alvorleg sjukdom rammar, har mange av oss håp fordi sjukehusa står der med all sin teknologi og med dyre medisinar.
Kor håplaust må det vere for dei millionane som døyr av bagatellmessige sjudomar. Som døyr fordi ingen har lært dei om hygiene, eller fordi ingen har vist dei korleis reint vatn kan skaffast, eller kor livsviktig det er å få kloakken bort frå borna som leikar i gata.
Vi har lært oss lekser om krig og terror også i vårt land. Likevel kan ingen påstå at det kastar skuggar over tilværet vårt, slik til kvardags.
Tenk korleis dei har det, dei som lever der dette er det normale – at bomber går av, at blodet flyt og tårene renn i svartaste fortviling.
Kva drøymer dei om?
Kva ville du ha drøymt om?

Eg trur mange av oss ville drøymt om mat og fred og helse og levedagar.
Om framtidshåp.
I fastetida dette året er utfordringa gjeven til kvar einaste av oss: Ver med å ta eit tak for at draumane til dei fattige, til dei lidande, til dei krigsherja, til terroroffera, kan verte noko meir enn draumar. At noko kan skje slik at framtida kan smile til dei. At dei kan smile fordi vatnet renn frå pumpene konfirmantane i Arna har finansiert gjennom Kirkens Nødhjelp.

Jesus gjorde noko – før han gjorde alt det andre: Først metta han dei svoltne – heldt han tale om brødet frå himmelen.

I dag stig vi inn med antennene våre innstilte på denne talen. Kva hadde Jesus på hjarta til dei han allereie hadde gjeve mat – dei som hadde vore vitne til underet hans? Ikkje berre eit brødunder. For Jesus hadde faktisk nettopp også gått på vatnet. Han hadde altså vist seg som ein som var heva over alle naturlover.

Og no talar han til alle desse som hadde sett kva han var i stand til å gjere:
De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk.

I gjerning har Jesu allereie vist kor viktig det er å fylle dei menneskelege behov. Før han heldt talar og gjorde teikn og under, metta han dei svoltne.
Samstundes vil ikkje Jesus vere mirakelmannen eller brødkongen. Han ville vere noko meir. Han ville gje håp om noko som gjekk ut over det kvardagslege. 

Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk.

For oss er det enklaste å løfte fram mirakel-Jesus. Han som fiksar mat til ei svær folkemengde ein fei. Han som kjem spaserande på vatnet i møte med vitskræmde læresveinar.
Han er ein slik vi kan drøyme om. Ein som kan ordne våre dagleg problem i nærmiljøet eller som kan vere løysinga på store konfliktar langt ute i ei verd under andre himmelstrok. Tenk om han, ved å vifte med finger, tok styringa over miljø- og klimaproblem?
I vår fastetid skal vi ikkje gløyme denne Jesus. Mirakelmannen. Lat han inspirere deg til å følgje opp det han demonstrerer av handlekraft og velvillig omtanke for alle som treng hjelp.

Men våg deg litt lenger inn i det vi nesten kan kalle mystiske tankegangar som Jesus også tek oss med på. Han talar om brød. Men Jesus talar også om det han kallar ”det sanne brødet” – det som kjem frå himmelen.
Det er også noko vi treng for å leve.
Og det brødet er han sjølv.
Eg er livsens brød
Vi lever eit liv her og no. Ingen fortener å svelte og lide og å ha det vankeleg i dette livet. Difor skal vår daglege brød delast.

Men vi har eit liv å leve på den andre sida av dette livet.
Vi treng å ete også for dette livet. Vi treng å ete ”- den mat som varer og gjev evig liv”

Difor må vi bli kjende med, og ta til oss av, han som seier til oss på denne dagen:
Eg er livsens brød.
Livsens brød blir ikkje bakt hjå ein bakar. Du finn det ikkje i butikken. Livsens brød, det er Jesus sjølv. ”Eg er livsens brød” seier han.
Difor: Då han ved det første nattverdmåltid, skjærtorsdag, tok eit brød, takka og braut det, då sa han dei orda som i dag gjev oss rett til å feire nattverd i trua på at Jesus verkeleg møter oss i dette brødet som vi i dag set fram på altaret her i Arna kyrkje: ”Dette er min kropp som blir gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.”
Slik vart det sagt då nattverden vart innstifta. Slik seier vi det også i dag når vi snart skal feire nattverd saman.

Himmelbrødet. Livsens brød. Jesus kropp. I dag set vi det fram på duka bord for deg og meg. Ta i mot og et. Et slik at du får leve. Et slik at du ikkje skal hungre, og tru slik at du ikkje skal tørste. For Jesus talar til deg i dag og seier:

«Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje hungra, og den som trur på meg, skal aldri tørsta.

AMEN

Bloggarkiv