lørdag 26. mars 2016

Livet vann


1.påskedag III. 27.03.2016
Åsane
Johannes 20,1-10
Gjeldsbrevet mot oss slettet han, det som var skrevet med lovbud; han tok det bort fra oss da han naglet det til korset. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og stilte dem fram til spott og spe da han viste seg som seierherre over dem på korset. (Kol.2,14-15)

Slik las vi frå Kolossarbrevet tidlegare i gudstenesta.
Slik finn vi gjennom bibellesingane på denne dagen ei bru frå langfredag til påskedag.
Vi høyrer om Jesus som sigerherren på krossen.
Sigerherre. For eit ord å bruke om det som hende langfredag!
Langfredag var tilsynelatande berre mørke og blod. Eit kaos som i våre dagar kan kjennast att i bomberøyken som stig opp gjennom lange rulletrapper som kjem frå perrongar med knuste t-banevogner der terroren sløkte ut livet for aldeles uskuldige menneske.
Men i kaoset og mørket på langfredag var det faktisk ein sigerherre.
Ikkje ein som kjempa mot vondskapen ned med våpen i hand. Men som sigra ved å møte maktene og åndskreftene der dei høyrer heime.
Han nagla det vonde til krossen. Han døydde og var i dødsriket tre dagar.
Kva som eigentleg hende der nede veit vi lite om. Anna enn at der kjempa Jesus seg laus frå dødens brutale krefter.
På tre dagar bygde han brua frå langfredag til påskedag.
Så lang tid trong han for å stå fram som vinnaren i det ultimate slaget mellom vondskap og død på en eine sida, og fullkomen, rettferdig kjærleik til menneska på den andre sida.
Jesus er sterkare enn døden. Det er det vi vil feire i dag, og vi gjer det når vi no reiser oss og syng høgtidsversa i salmen «Deg være ære» (Nr.197)
Tekstlesing: Joh 20,1-10
Maria kom mens det enno var mørkt.
Takk skal du ha, Maria, for at du våga deg ut i mørket!
Det er godt å vite at den som vågar seg ut i mørkret for å leite etter Jesus, den rekne med å sjå lyset.
For når påskeveka går inn med enno meir terror i denne delen av verda der vi bur og kjenner oss som ein del av, vert lampar sløkte, fortvilinga senkar seg, og mange må gråte.
Men påskedagen skulle vi sleppe å gråte. I dag er vi inne i tredje dagen sidan krossfesting og død. Og i dag kan eg melde til alle som vil høyre: Det er fred. Kanskje ikkje fred mellom terroristar og styresmakter som ikkje kan akseptere eller leve med slik framferd. Ingen av oss kan det.
Men det er fred mellom Gud og oss. Fred, fordi eit gjeldsbrev av skuld er sletta ut. Di og mi skuld og skam er teken bort. Dette som har si årsak i vår syndige natur og som gjorde oss fortente til Guds dom over våre liv.
Vi fortener ikkje dette lenger. Ufortent har nåden nådd oss. Nåden frå krossen. Overgjeven til deg og meg då Jesus steig ut att or grava der døden vart overvunnen.
Det er liv der døden rådde, for Jesus lever. Han er nemleg ikkje i grava som han vart lagd i.
Eg har gledesbod til dykk alle! Døden er overvunnen!
Dette skulle også vere ord til dei som denne påska spreier død og redsle rundt seg. Til dei som ved vold og tyranni driv millionar på flukt. Dei skal aldri vinne. For livet har vunne. Livet skal vinne til slutt. Difor er det så meiningslaust med alt vi ser av vald og terror.
Det gjer så vondt når levande liv vert øydelagd av sorg der gleda eigentleg skulle flomma over.
Alle er vi er redde for å døy.
Du har heilt sikkert opplevd at dei døydde rundt deg. Dine kjære vart tekne frå deg. Lagd i kiste og gøymd i jorda utanfor ei kyrkje du kjenner deg knytta til.
Vi har alle opplevd gråt og tårer. Kanskje vågar vi av og til å tenkje den tanken at nokon ein gong kjem til å felle tårer ved mi kiste og på mi grav.
Vi veit noko om sorg og sakn. Slik det alltid er når døden stikk si kalde klo fram.
Vi såg tårer som rann over TV-skjermen når dei vart ramma av blind terror i Brussel eller Paris. Vi anar litt av at slik kjennest det også for palestinarar det når kuler frå israelske gevær drep borna deira. Og slik kjenner jødane det når palestinske bomber går av i ein buss eller på eit torg i ein storby i det heilage landet.
Også i vår eigen bydel, Åsane, er det familiar som må sørgje i dag på påskedag fordi ein prest kom på døra ein gong i påskeveka med bodskapen om uventa, brå død.
Ver trygg på at smerten ved døden kjende også dei som stod ved Jesu kross og opplevde dramaet. Der stod Jesu mor, Maria. Der stod Maria Magdalena. Der stod Johannes, den læresveinen Jesus var så glad i. Og der stod mange andre av hans aller næraste.
Alle opplevde dei sorga og tårene langfredagen.
Men så vart det påskedag, og dei skulle ut for å stelle grava for første gong.
Maria Magdalena er den første vi høyrer om. Det var grytidleg morgon. Enno kvilte mørkret over landskapet. Men Maria våga seg ut i mørkret.

Takk skal du ha, Maria, for at du våga deg ut i mørket!
For det er godt å vite at den som vågar seg ut i mørkret for å leite etter Jesus, den rekne med å sjå lyset.
Maria kom til grava. Ho hadde trong for å sørgje. For å gråte.
Men ho fekk anna å tenkje på. For ho kom til ei tom grav. Gravsteinen var borte.
Vi høyrer korleis ho la på sprang. Inne i henne brann det sikkert av fortviling og forvirring.
Ho spring av stad, stod det å lese. Maria spring mot lyset.
I dag lyser det mot oss. I dag lyser det over heile verda. Anten det er ein påskedag med skodde eller skyer, fulle av regnet som samlar seg over fjella, eller det er solskin mot kvite vidder. Det lyser i Bergen. Det lyser i Brussel. Uavhengig av meteorologi.
I Roma forkynner paven i dag til titusenvis av menneske at Jesus vann over døden.
I Romania forkynner ein ortodoks prest på påskedag, rett nok på ein annan dato enn hjå oss, at Jesus vann over døden.
I Romsdalen samlar kyrkjelyden i ei lita kyrkje seg i glede på denne påskedagen og syng slik vi gjer det i Åsane: «Deg være ære, Herre over dødens makt»
Lyset skin over landet vårt.
Lyset skin over Europa, der terrormørket må vike.
Lyset skin over det heilage landet der sola gjekk opp over Maria og læresveinane.
Lyset som ikkje kjem frå sola, men frå Kristus.
Jesus Kristus lever i dag, og han har sigra over alle mørke krefter. Den sigeren skal han dele med alle truande på den siste dagen. Då har vi alle håp om å stå opp av våre graver slik Jesus stod opp påskedag.
Dette må vi ta med oss ut i alle våre kvardagar.
Heldigvis er ikkje alle kvardagar grå, triste og sorgfulle.
Heldigvis er kvardagar også fulle av liv og glede, av meiningsfult arbeid, verdifull fridtid og byggjande familieliv.
Heldigvis opplever vi langt oftare glede og smil enn vi opplever sorg og smerte.
Heldigvis er vi med på å bere sprell levande nyfødde til dåpens bad, slik vi har gjort det med stor glede i denne gudstenesta.
Og heldigvis kan trua på den oppstadne og levande Jesus Kristus sende strålar av håp og forventing når det står ei kiste mellom døypefonten, midt i kyrkja, og altaret heilt framme i koret. Det handlar om å leve og om å døy i håpet om å få del i Jesu oppstode.
På denne dagen har vi gått over brua frå langfredag til påskedag.
Frå langfredagen har vi med oss eit gjeldsbrev der det står betalt. Vi har med oss ei kvittering på at åndsmakter og vonde krefter er overvunne av sigerherren på krossen.
Påskedag møter sigerherren oss som dødens triumfator.
Bak han ligg ein naken kross. Bak han ser vi inn i ei opna grav som er aldeles tom.
Det einaste som er att der inne, er dei likkleda som Jesus aldri meir vil få bruk for, slik enkjesonen i Nain, eller Jesu ven, Lasarus,  begge måtte bruke om att, sjølv om dei for ei kort stund fekk livet i gåve av Jesus sjølv.
Takk skal du ha, Maria, for at du våga deg ut i mørket!
Du tok oss med på leit etter Jesus. Han har stige fram i lyset på denne påskedagen.
Mørker skal aldri meir vinne over han, eller over ei kjempande menneskeslekt.
Livet vant, dets navn er Jesus. Halleulja!
Amen.

søndag 20. mars 2016

Fest. For livet. Før døden.



Palmesøndag III. 20.03.16

Biskopshavn

Johs. 12,1-13
 
 
Det var fest i Betania. Stor jubelfest. "Takk-og-lov"-fest. Det var gjestebod av det store slaget. Jubel. Glede. Fullt hus av slekt og vener. Med ei strålande opplagt vertinne i spissen for heile arrangementet. Ei vertinne som vi frå andre samanhangar veit kunne dette med å stelle hus, med å varte opp, med å gjere i stand til fest. Vertinna var Marta. Og heidersgjesten var også denne gongen Jesus. Han som fleire gonger før hadde vore på besøk hjå Marta og søstera Maria, og som i alle fall ved eitt høve hadde måtte setje den travle og flittige Marta på plass:

"-Marta. Marta. Du gjør deg strev og uro med mange ting. Men ett er nødvendig. Maria har valgt den gode delen.."                                                 
                                      (Luk. 10,41f)
 
Og no var altså Marta i sving att. Men denne gongen hadde ikkje Jesus innvendingar mot at ho stelte til fest. Og jammen hadde dei grunn til å feste. Ikkje berre fordi Jesus var der som heidersgjest, men også fordi Lasarus var der. Bror til Marta og Maria, han som Jesus hadde vakt opp frå dei døde. Det var i sanning ei skikkeleg "takk-og-lov-fest". For her sat undergjeraren og livgjevaren til bords og åt saman med han som hadde lagt som lik i fire dagar i grava. Jesus og Lasarus var på fest i lag. Det var takkefest for livet. Han som var død, var levande, og eit naturleg midtpunkt for glade søstrer og for undrande vener og slektningar.
 
Men eit endå meir naturleg midtpunkt var Jesus. Han som hadde vakt Lasarus opp att frå døden. Betania var i festrus. Her var det god mat og godt drikke. Og sannleg vart ikkje feststemninga også krydra med ei gjennomtrengjande godlukt som liksom understreka at dette var noko heilt utanom alt som elles var vanleg. For ved festbordet dukkar Maria opp att ved Jesu føter. Den gongen Jesus måtte irettesetje Marta for å vere altfor travel med sitt husstell, høyrde vi om Maria, søster hennar, at ho sette seg ved Jesu føter og lydde på orda hans.
 
No, ved festen for den levande Lasarus, tok Maria fram ei krukke med salve - dyr nardussalve- og sette seg ved Jesu føter enno ein gong. Ho salva føtene til Jesus. Og den gode lukta frå salven breidde seg i heile huset. Sanneleg - her var det fest i glede for livet - livet som Lasarus hadde fått attende.
 
Eller var det livet som stod i sentrum der i Betania?
For vertskapet var det nok livet - glede over at Lasarus var mellom dei att, og takksemd til Jesus som hadde vist seg sterkare enn døden.
 
Men sanneleg tek ikkje Jesus til å tale om døden på denne gledesfesten for livet. For når han får kritikk frå den svikfulle Judas for at han verkeleg lar Maria få sløse bort så mykje pengar til dyr salve, berre for å salve Jesu føter, når pengane som det kosta å kjøpa salven heller kunne vore gjevne til dei fattige; så er Jesus kontant med si irettesetjing av han som skulle verte svikaren, samstundes som han tek Maria i forsvar:
 
"La henne være! Hun har gjemt salven til den dag jeg skal begraves. De fattige har dere alltid hos dere, men meg har dere ikke alltid."
 
"Den dag jeg skal begraves…"  Gravferdsdagen!
Var det ikkje nettopp i glede over ein oppattlivna Lasarus dei var samla?
Og så tek Jesus til å tale om sin eigen gravferdsdag.
Snakk om kalddusj!
 
Vegen er ikkje lang frå feststemning til skuggar av trugande død. Og midt oppe i dette lar altså Jesus seg salve. Han tek i mot takk og hylling for sin siger over døden. Han let seg tilbe på ein måte som kan hende syntes ekstragavant og råflott.
Midt i festen for livet, ser vi at Jesus er på veg til sin eigen død. Midt i gleda over at Lasarus sat lys levande i det velluktande rommet, gjer Jesus det klårt at for hans eigen del nærmar død og grav seg. Han som er Herre over døden vert salva til si eiga gravferd på ein fest for at livet hadde sigra.
Dette er paradokset på palmesøndag.
 
Her ligg det noko i lufta!
Den velluktande salven sper ei godlukt av påske!
 
For allereie dagen etter festen i Betania høyrde vi at Jesus var veg inn til påskehøgtid i Jerusalem. Og enno ein gong høyrer vi om hyllingsrop, om jubel og tilbeding.
Med palmegreiner og Hosiannarop  vart Jesus møtt på vegen frå festen i Betania til påskehøgtid i Jerusalem.
 
Heile teksten vår er eigentleg eit einaste ropande vitnemål til oss som lever i dag: Livets Herre er på veg til sin eigen død! Og på denne vegen tek han mot vår tilbeding og vår hylling.
På sin veg mot død og liding let han seg salve av overdådig dyr nardussalve. Han lar seg takke og tilbe. Og han sit på eselryggen og lar folket hylle seg som ein konge. For han er då Herre over livet! Han har prova det ved å vekkje Lasarus opp att frå dei døde. Men han som er sterkare enn døden, skal sjølv dø. Her er det ikkje berre takkefest for at Lasarus vart levande att. Her går festen over i ei hylling av han som skal døy. Det er både fest for livet og fest før døden; på same tid.
 
Slik er det også i vår kyrkje på palmesøndag.
Det er fest for livet.
Vi gler oss over at vi veit at Jesus er sterkare enn døden. Vi prisar og hyller Jesus for hans livgjevande krefter. I dag skal vi med takk og glede vere med å tilbe Jesus gjennom salmar og bøner for hans makt over døden.
Og paradoksalt nok skal vi samstundes hylle og tilbe han for at han sjølv er viljug å døy.
Det er også fest før døden.
 
Når vi stemmer i våre Hosianna, så er det ei lovprising av han som både gjev liv, samstundes som han sjølv er viljug til å døy.
Som Maria var overdådig i si salving av Jesu føter, vil vi i dag vere sløsande med vår lovsong og vår takk. Vi har ikkje salve av det dyre og velluktande slaget mellom hendene. Men våre bøner og vår lovsong skal fylle oss på denne palmesøndagen.
 
Det er noko i lufta. Det luktar av påske.  Og påske handlar om død. Ein død som Jesus med opne augo og eit hjarta som bankar i otte og redsel rir friviljug i møte. Men påske er i endå høgare grad livet. Han som skal døy; han som alt er salva til si eiga gravfred, han har prova at døden er for svak for han. Ingen har meir makt enn mannen på eselet. Sjølv om han må døy, så er det livets triumfator som rir inn mot påske i Jerusalem.
 
Kan det tenkjast nokon som er meir verdig Hosiannarop, tilbeding og lovprising enn han som var på fest for livet, og før døden?
Denne palmesøndagen var det eit mål for oss alle om vi kunne gå ut att or kyrkja, og inn i påskeveka og påskefeiringa med eit brennande ynskje: Også vi vil hylle livets triumfator på hans veg mot døden. For den døden han skal lide, er ein død i staden for deg og meg. Det er ein soningsdød for syndene mine som ventar eselryttaren inne i påskebyen Jerusalem. Det er likeeins dine synder som utgjer vekta eselet må bere denne forunderlege dagen.
 
Jesus skal lide og døy - men han skal også leve!
Påska er så proppfull av paradoks at det er vanskeleg å setje ord på dei. Kanhenda er det ikkje dei mange orda som gjev uttrykk for det vi skal vere saman om i den veka vi no går inn i. Kanhenda er det handling etter førebilete frå evangeliets eige vitnemål vi heller skulle leggje vekt på. Handling, meir enn mange ord. Og handling i denne samanhang, er det same som tilbeding.

Maria sat ved Herrens føter. Ho sløsa med dyr salve. Jesus sjølv sa det var til hans eiga gravferd.

Kva er det du og eg kjem til å sløse med i påska?

Er det vår tid ved Herrens føter? Eller er det viktigare for oss å bruke tid ved solgudens føter i påska?
Ropar vi etter fritid, ferie og kriminalgåter i påskehelga, eller ropar vi Hosianna i Guds hus på dei ulike helgedagane?

Det er påske. Det ligg noko i lufta. Og det vi skulle kjenne på som godlukt i lufta over alle våre byar, bygder og kyrkjelydar denne påskehelga, det var suget frå eit kyrkjefolk som skunda seg til kyrkje for å takke, tilbe og hylle med Hosianna-rop, han som er Herre over livet; han som skundar seg mot si eiga liding og død, men som skal leve slik at vi i all æve skal eige Livet.

 

                                                        AMEN !

lørdag 5. mars 2016

Mat som varer


4. s. i fastetida III
Haus, 04.03.2016
Joh. 6,24-36
 
Tenk om Jesus hadde gått rundt på jorda anno 2016!
Og tenk om han hadde gjort dei same teikn og under som han gjorde den gongen ved Tiberiassjøen då han metta 5000 og vel så det, med mat som knapt ville ha fylt ei vanleg norsk nistekorg – fem brød og to fiskar.
Eg ser det for meg at han ville fått det travelt. At han ville fått tilbod om superløn som konsulent i for eksempel Kirkens Nødhjelp. Men var det pengar det stod på, ville nok langt større organisasjonar eller firma kunne overby det ein norsk naudhjelpsorganisasjon kan varte opp med.
Men med Jesus har det heldigvis aldri stått om pengar. Det han gav, og gjev, kan ikkje målast med pengar.
Og det han gav, og gjev, er så mykje meir enn berre mat til 5000 svoltne.
 
Men: Han gav mat før han gav noko anna!
Dei som sat i det tørre graset ved Tiberias og drøymde om at Jesus skulle vere konge for dei, hadde god grunn til å drøyme slik.
Slik så mange, mange menneske i dag drøymer seg inn i ei framtid der ein konge eller ein frigjerar eller eit opprør skal velte om på deira situasjon. Ein håplaus situasjon for veldig mange. Fordi dei lever i skuggen av krig. I otte for terror. Med mangel på mat. Utan medisin og lækjehjelp. Mange er fortvila. Mange legg ut på flukt. F.eks frå Syria til Europa. Der dei ikkje akkurat møter opne grenser, opne dører eller opne armar. Men også desse håpar på eit betre liv. Dei treng det. Slik mange gjer det av dei som Kirkens Nødhjelp set fokus på i denne fastetida.
 
Tenk om Jesus hadde vore her!
Kva ville han gjort for alle desse? Kva ville han gjort før han gjorde noko anna?
Dei 5000 som var svoltne fekk mat før han gjorde noko meir. På ein så overtydande måte vart dei metta at draumane deira tok heilt av – Jesus måtte verte konge for dei. Og no var dei på leit etter han. Dei reiste frå Tiberias til Kapernaum for å finne han. For at han skulle fylle håpet deira. Han hadde gjeve dei mat. Jesus måtte vere noko som ingen andre var.
 
Kristne som lever anno 2016 skulle vere med å tenne håp hjå dei svoltne. Vi skulle fylle matfat der mat er manglevare. Vi har overflod. Andre manglar det meste. Ikkje minst dei som rømer frå krig og vald og vondskap.
Vi lever ikkje i håpløyse. Til og med når alvorleg sjukdom rammar, har mange av oss håp fordi sjukehusa står der med all sin teknologi og med dyre medisinar.
Kor håplaust må det vere for dei millionane som døyr av bagatellmessige sjudomar. Som døyr fordi ingen har lært dei om hygiene, eller fordi ingen har vist dei korleis reint vatn kan skaffast, eller kor livsviktig det er å få kloakken bort frå borna som leikar i gata. Reint vatn – det er fokus for Kirkens Nødhjelp når fasteaksjonen som konfirmantane her i Haus skal vere med på når den går av stabelen neste søndag
Vi har lært oss lekser om krig og terror også i vårt land. Likevel kan ingen påstå at det kastar skuggar over tilværet vårt, slik til kvardags.
Tenk korleis dei har det, dei som lever der dette er det normale – at bomber går av, at blodet flyt og tårene renn i svartaste fortviling. Kva drøymer dei om?
Kva ville du ha drøymt om?

Eg trur mange av oss ville drøymt om mat og fred og helse og levedagar.
Om framtidshåp.
I fastetida dette året er utfordringa gjeven til kvar einaste av oss: Ver med å ta eit tak for at draumane til dei fattige, til dei lidande, til dei krigsherja, til terroroffera, kan verte noko meir enn draumar. At noko kan skje slik at framtida kan smile til dei.
 
Jesus gjorde noko – før han gjorde alt det andre: Først metta han dei svoltne – så heldt han tale om brødet frå himmelen. 
I dag stig vi inn med antennene våre innstilte på denne talen. Kva hadde Jesus på hjarta til dei han allereie hadde gjeve mat – dei som hadde vore vitne til underet hans? Ikkje berre eit brødunder. For Jesus hadde faktisk nettopp også gått på vatnet. Han hadde altså vist seg som ein som var heva over alle naturlover.
 
Og no talar han til alle desse som hadde sett kva han var i stand til å gjere. 
De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk.
 
I gjerning har Jesu allereie vist kor viktig det er å fylle dei menneskelege behov. Før han heldt talar og gjorde teikn og under, metta han dei svoltne.
Samstundes vil ikkje Jesus vere mirakelmannen eller brødkongen. Han ville vere noko meir. Han ville gje håp om noko som gjekk ut over det kvardagslege.
De leitar ikkje etter meg fordi de såg teikn, men fordi de åt av brøda og vart mette. Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. 

Den forrige paven i Roma, den tyske pave Benedikt XVI, har skrive ei bok som kom på norsk for nokre år sidan, ”Jesus fra Nasaret”. Her er det mykje tankevekkjande og spanande stoff. Eit langt kapittel i boka er ein gjennomgang av dei ulike bønene i Fadervår, og når paven kommenterer  den fjerde bøna i Fadervår, ”Gjev oss i dag vår daglege brød”, så opnar han for viktig ny forståing både av denne bøna, men også av det vi talar om i denne teksten på 4.s. i faste.

Paven peikar på at bøna i Fadervår: ”Gjev oss i dag vår daglege brød” eigentleg er ei bøn om den maten dei fattige treng for å leve kvar dag.
Men samstundes peikar bøna utover seg sjølv. Når Jesus lærer sin vener å be på denne måten, så kan desse orda også hjelpe oss til å hugse det som skjedde med Israels folk som Gud sjølv gav mat i den tida dei var ute på vandring i øydemarka. Paven legg vinn på å understreke at underet med mannaen i øydemarka, som også er omtala i vår preiketekst, dette mirakelet peikar ut over seg sjølv og mot den verda i det framtidige der Jesus sjølv vil vere vår mat – han som kallar seg for Livsens brød.
 

Gamle pave Benedikt kommenterer denne brødtalen som vi har for oss som preiketekst nett no. Han peikar på det vi alt har vore inne på, om dei svoltne menneska som lytta til Jesus, og som han ikkje vil sende bort før han har gjeve dei nødvendig mat for å leve utan å vere svoltne der og då.
Men, seier paven: - Jesus tillet ikkje at vi stoggar der og reduserer menneskets behov for brød til det som er reint biologisk og materielt nødvendig. ”Mennesket lever ikkje av brød åleine
, men av kvart ord som går ut frå Guds munn” (Matt. 4,4)
Det mirakuløse brødunderet som Jesus gjorde, minner om mannaunderet i øydemarka, men samstundes om noko meir, nemleg at Logos, Guds ord, Jesus Kristus, er den eigentlege næring for mennesket. Dette er det evige Ordet, den evige meininga som vi kjem frå i opphavet, og som våre liv er innretta i mot.
 

Med klårtenkte og elegante ord knyter paven orda frå preiketeksten vår til orda vi kjenner att i frå juleevangeliet i flg. Johs der Jesus omtalar seg sjølv som Logos, som Ordet som vart kjøt, ordet som vart menneske.
Han som vart menneske gjev seg sjølv for oss i nattverdens sakrament, i brødet, og på den måten vert det evige Ordet, Logos, Jesus sjølv, til eit brød for framtida som vi kan ta i mot her og no gjennom nattverden. 

Ingen skal skulda den tyske paven for å fare med lettvint prat når han kommenterer Fadervår. Men om det han uttrykkjer kan vere tungt og vanskeleg stoff å trengje inn i, så har det sjølvsagt samanhang med at det Jesus talar om også er temmeleg ubegripeleg.

For oss er det liksom så mykje enklare å løfte fram mirakel-Jesus. Han som fiksar mat til ei svær folkemengde ein fei. Han som kjem spaserande på vatnet i møte med vitskræmde læresveinar.

Han er ein slik vi kan drøyme om. Ein som kan ordne våre dagleg problem i nærmiljøet eller som kan vere løysinga på store konfliktar langt ute i ei verd under andre himmelstrok.

I vår fastetid skal vi ikkje gløyme denne Jesus. Mirakelmannen. Lat han inspirere deg til å følgje opp det han demonstrerer av handlekraft og velvillig omtanke for alle som treng hjelp. 

Men våg deg litt lenger inn i det vi nesten kan kalle mystiske tankegangar som Jesus også tek oss med på. Han talar om brød. Men Jesus talar også om det han kallar ”det sanne brødet” – det som kjem frå himmelen.
Det er også noko vi treng for å leve.

Og det brødet er han sjølv. -Eg er livsens brød

Vi lever eit liv her og no. Ingen fortener å svelte og lide og å ha det vanskeleg i dette livet. Difor skal vår daglege brød delast.
Men vi har eit liv å leve på den andre sida av dette livet.

Vi treng å ete også for dette livet. Vi treng å ete ”- den mat som varer og gjev evig liv”

Difor må vi bli kjende med og ta til oss av han som seier til oss på denne dagen: Eg er livsens brød  
 
Amen

søndag 21. februar 2016

Gratis


2.s. i fastetida, III. 21.02.2016
Bruvik
Jes 55,1-7

Det er i dag 2.søndag i fastetida - med tre bibeltekstar som er lesne slik vi alltid gjer det på ei vanleg søndagsgudsteneste.
Vanlegvis er det ein tydeleg og sterk samanhang mellom dei tre bibelavsnitta vil les i ei gudsteneste.
I dag er det ikkje heilt enkelt å sjå denne samanhangen. Likevel – eit stikkord er felles. Måltid.
Måltid, mat, fest.
Vi har lytta til Jesu ord i dag gjennom evangelieteksten frå Lukas 13. Orda om det store gjestebodet. «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
Kan du sjå for deg den aller siste dagen i denne tida?
Dagen når Guds rike skal renne lik sola, slik Petter Dass syng om det.
«- men opp skal rinne, som solen skinne, Guds rike!»
Mange har sikkert sine tankar om korleis det  då skal vere. Det er lett å danne seg all verdens førestillingar om korleis det er heime hjå Gud. Det gjorde dei allereie på Jesu tid. Også då var dei opptekne av korleis det skal gå med menneskeslekta, heilt til slutt. Difor også dette spørsmålet som kan vere med på å pirre også våre nyfikne sansar: «Herre, er det få som blir frelste?»
Sjølvsagt kan ingen vite noko som helst sikkert om korleis det skal verte den dagen. Likevel opnar Bibelen små gluggar med innsyn til eit rom som stort sett ligg i nokså dunkel belysning.
På denne dagen er det mykje spanande å sjå. Og mykje spanande å høyre. Men aller størst inntrykk gjer det å oppdage at her er det ubegripeleg mange menneske. Eg minnest noko eg las ein annan gong i Bibelen. Ord av Johannes på Patmos: ”Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledd i kvite klede og med palmegreiner i hendene” (Johs. Opb.7,9)
Ingen kan telje kor mange det er der. Det finst altså eit svar på spørsmålet Jesus fekk om det er få som vert frelste. Svaret er at det er på ingen måte få. Det er ein tallaus flokk. Og det er altså slik at - «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
Når Jesus fortel om dette store gjestebodet, skildrar han ein intens kamp for å kome inn der. Kampen i døropninga. Den kunne vi brukt mykje tid til å snakke om.
Men akkurat denne søndagen vert fokuset snudd. Fordi vi skal sjå nærare på dei andre orda vi også har lese i dag. Frå profeten Jesaja.
I desse gamle linjene vil les frå profetboka, er det også tale om ei innbyding til noko som ikkje kan vere anna ein ei stor fest.
Men tonane i denne innbydinga er veldig ulike dei vi høyrer når Jesus skildrar kampen i døropninga inn til det store himmelske gjestebodet.
«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
Tenk om det hadde vore slike salsplakatar på dei store kjøpesentra våre? Tenk for ei tilstrøyming vi då hadde sett. For det som er gratis, det veit vi å setje pris på. Det veit vi å forsyne oss av. Tenk berre på desse som deler ut smaksprøvar av all slags mat og drikke i butikkane. Knapt nokon går forbi utan å ta føre seg. For det kostar ingen ting!
Nei, det kostar ingen ting!
Å kome inn i det himmelske, det er faktisk gratis. I motsetnad til omtrent alt anna.
Difor er det aldri inngangspengar på ei gudsteneste. Rett nok har du høve til å gje ei gåve mens du er der. Ditt takkeoffer. Men det er heilt friviljug. Ingen kontrollerer om du gjev noko som helst, eventuelt om kronestykket var ditt, og ikkje den einsleg tusenlappen som av og til dukkar opp i kollektskåla. Og lat det vere aldeles tydeleg - det å gje pengar til eit kyrkjeleg føremål er noko kyrkja som organisasjon er takksam for.
Men i døropninga inn til det store gjestebodet, nyttar det ikkje å vifte med med kvittering på det du kanskje ein gong gav.
For på innsida, der er all betaling fullstendig utdatert. Og innbydinga til Guds rike, det er ei innbyding der står skrive med store bokstavar:
«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»
Nærmar vi oss Jesu enno ein gong, så les vi mange stader i NT at han var oppteken av å skildre alle godene i Guds rike; i Himmelriket.
Han sende ut læresveinane sine for å forkynne om dette Riket; fortelje alle stader dei kom at dette Riket no var nær alle dei som høyrde på forkynninga om Jesus Kristus. Riket var nær når Jesu læresveinar gjorde under og teikn som Jesu gav dei makt til å gjere.
Guds rike var nær, fordi Jesus var nærværande.
Då Jesus sende ut dei 12 apostlane, les vi i Matt 10: «Gå og forkynn: ‘Himmelriket er kome nær!’ Læk sjuke, vekk opp døde, gjer spedalske reine og driv ut vonde ånder. Gjev som gåve det de fekk som gåve.» (Matt 10,7-8)
Vi skal gje vidare det vi har fått. Det som ein gong vart mitt utan at eg hadde gjort noko innsats for å tileigne meg det, det skal eg ikkje klamre meg til. Det skal eg dele. Ause ut og gje vidare. Gratis, for all del. Gjev som gåve det de fekk som gåve.
Kom, alle tørste, kom til vatnet!
Slik ropar den gamle profeten orda sine ut på denne søndagen.
Tenk så flott at vi på ein slik dag kan bere fram to små born til dette vatnet nettopp i dag. I denne bygda der det er så langt mellom nye små born, så er dette ein festdag. Rett nok har de som er foreldre bustaden dykkar andre stader i landet. Men dåpsborna har likevel ei rot her på denne staden. Og den rota festar vi i kyrkjehus og kyrkjelyd gjennom den heilage dåpen.
Kom, alle tørste, kom til vatnet!
Fleire av profetorda til oss alle på denne store dagen kunne vore ramma inn og hengt over barnesenga: «Eg vil gjera ei evig pakt med dykk, mi miskunn mot David står fast»
Opphavleg gamle ord som skulle vere  til trøyst for eit heilt folk som var aldels bortkomne og landsforviste. Men Gud såg dei. Profeten hans trøysta dei.
I 2016 lyder orda på nytt til oss alle, og ikkje minst til dei nydøypte små: -Eg vil gjera ei evig pakt med dykk.
Sjeldan er innbydinga til livsfellesskap sterkare enn når vi kan lese slike ord.
Sjeldan er det lagt opp til at ein prest på tydelegare måte kan by inn til livet i lag med Gud. Han vil ha oss mellom sine. Han vil invitere oss til det store gjestebod. Han ser etter folk frå alle verdenshjørne:  «Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike»
I dag håpar eg at du som fann vegen til Bruvik kyrkje, her i dette landet langt mot nord, vil gje deg på vegen mot festbordet i det evige.
To nye medvandrarar, enno aldeles små og hjelpelause, har vi fått ansvar for å leie med oss på vegen. Vi tok dei med oss til vatnet. Vi døypte dei.
Og for alle oss som er rundt dei på denne søndagen, så innbyr vi til eit bordfellesskap som det er dekka opp til her og no. I kyrkja i dag. Nattverdbordet står klart. Guds gode gåve til oss. Hans ufatteleg store gåve til oss. Jesus Kristus som er i brødet og vinen.
Eg håpar du høyrer innbydingsorda.
Eg håpar du er tørst på dei himmelske godene. Svolten på å mettast med Guds gode gåver.
Eg har før fått ete av desse gåvene. Dei vart til liv for meg.
Eg tar Jesus på ordet og vil dele med deg det eg har fått. I dåpen. I nattverden. Himmelgodene: Gjev som gåve det de fekk som gåve.

«Kom, alle tørste, kom til vatnet!
De utan pengar, kom og kjøp korn og et!
Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

AMEN

torsdag 4. februar 2016

Opp


Fastelavnssøndag III. 07.02.2006
Arna
Luk. 18,31-34

Les vi Lukasevangeliet nøye, ser vi at når vi kjem eit stykke ut i det 9.kapittelet, i 9.51, så får alt det Jesus seier og gjer ein heilt spesiell retning, eit veldig konkret mål.
Der står det: «Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.»
Dermed startar eit langt avsnitt i Lukasevangeliet  som gjerne blir omtala som den lukanske reiseforteljinga. Den strekkjer seg over 10 kapittel, og under og bak alt vi kan lese der ligg altså dette at det hender mens Jesus er undervegs på ei pilegrimsferd med eit heilt spesielt mål. Jerusalem. Tempelet. «Medan han var på veg til Jerusalem» er ei formulering vi støyter på fleire gonger i Lukasevangeliet. (13,22-17,11) Og så får vi  fortalt noko av det som hende rundt Jesus på vegen dit.
Den gamle paven som gjekk av for nokre få år sidan, kommenterer dette i ei av sine bøker, og  seier at dette er for Jesus ei indre oppstiging som vert fullført ved å gå ein ytre veg, oppstiginga til tempelet der Gud har lova å la namnet sitt bu. (5.Mos 12,11)
I dag møter vi Jesus i traktene ved Jeriko. Han har vore undervegs mot Jerusalem ei tid no. Jeriko er den byen i verda som ligg aller lågast, 260 meter under havet. I dag har byen ca.   26 000 innbyggjarar, men det var heilt sikkert mykje mindre på Jesu tid. Startar ein heilt nede i byen er det altså først 260 m opp før ein er på høgde med havet. Derifrå er det så ytterlegare 700-800 høgdemeter før ein er i Jerusalem. Altså ein skikkeleg fjelltur, det å gå opp frå Jeriko til Jerusalem og til tempelet der Guds namn bur.
Det er ingen grunn til å tru at læresveiane var jublande glade for dette forslaget. Dei såg føre seg tunge motbakkar, mykje sveitte, og dei bar nok i seg uro over at dette var eit område som slett ikkje var ufarleg å ferdast i.
Like etter at Jesus hadde sett ut sin kurs mot Jerusalem slik det er omtala i det 9. kap hjå Luk, kan vi i det 10.kap lese om den lovkunnige som ville setje Jesus på prøve, og som spurde Jesus «Kven er så nesten min?».
Då er det at Jesus fortel ei av sine mest kjende likningar der han tek utgangspunkt i mannen som fall mellom røvarar og som fekk hjelp frå den miskunnsame samaritanen.
Og kvar var det overfallet hende? «Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar» (Luk.10.30)
Jesus skulle til Jerusalem. Ingen tvil. Og heller ingen røvarar på det siste bratte stykket mot byen skulle stogge han. Røvarane venta derimot på han ved målet. I byen. Ved tempelet. Der Guds namn bur!
Men altså, læresveinane stilte ikkje opp til nokon høgtideleg prosesjon i motbakkane som venta. Dei samla seg ikkje til kaffikos og fastelavnsbollar i Jeriko og hadde ei triveleg stund før dei gav seg i veg.
Kanskje er heller stemninga slik Johannes skildrar det i sitt evangelium (Johs 11,16) der Tomas i samband med oppvekkinga av Lasarus sa til dei andre læresveinane: «Vi går med vi òg, så vi kan døy saman med han»[1]
For det er heilt tydeleg at Jesu læresveinar  ikkje på nokon måtte hadde forstått kva som skulle skje. Kva som var i emning. Og det trass i at dette var tredje gongen Jesus tala med dei om heile vitsen med å dra til Jerusalem – nemleg at der skulle han lide og døy.
Orda til Jesus var eigentleg krystallklåre. Men likevel så dunkle og så ubegripelege:
«-alt som profetane har skrive om Menneskesonen skal oppfyllast. Han skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på, og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.»
Ikkje berre var orda klåre der og då.
Men som Jesus seier - dette har profetane skrive om for lenge sidan også. No skal det gå i oppfylling
Og med det profetane hadde skrive, siktar han bl.a. til profetorda vi har lese i vår gudsteneste tidlegare i dag:
«Sjå, min tenar skal ha framgang, han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.
Slik mange vart forfærde over deg – så øydelagd var han, han likna ikkje ein mann, han såg ikkje ut som eit menneske»
(Jes. 52,13-14)
Noko stort er på gang. Noko tungt er på gang. Motbakken ventar. Og når toppen er nådd, vert det berre endå verre.
Den kristne kyrkja står no på terskelen til fastetida. Om tre dagar er det oskeonsdag. Fastetida er i gang frå og med då.
Tradisjonelt har difor denne søndagen, fastelavn, vore ein slags festdag før faste, ein folkeleg dag for feiring og fortæring av god og feit mat. For fasten er tung og lang. Difor fest før faste.
Vi vil ikkje vere festbremser i kyrkja. Folk må gjerne ete gode bollar og kose seg med kakao og kaffi eller brus.
Men vi må våge spørsmålet: Når du slik gleder deg i festen, vil du deretter følgje med vidare inn i lidinga? Opp motbakkane. Tole sveitten, slitet, strevet?
Kanskje ligg det framleis røvarar og ventar mellom Jeriko og Jerusalem?
Opp til Jerusalem. Det er målet for Jesu pilegrimsreise.
Gjennom fastetida skal vi følgje han på ferda mot byen der Guds namn bur i Herrens tempel. No treng vi difor tre dagar på oss til å bremse ned inn mot onsdagen og fastetida.
I fastetida er Jesus ikkje berre på veg til Jerusalem. Han er på himmelveg, rett og slett. Han har noko å undervise sine læresveinar om mens dei er i lag på denne vegen. Han talar med dei om det himmelske. Han må forklare at det er hindringar som kan setje dei utanfor dette riket.
Hindringane ligg i motbakkane. Hindringane ligg i motstanden.
Men Jesus er klår i retning og mål. Han skal opp. Han skal trasse alt som er i mot. Motbakkar og motstand.
Fordi han ber i seg mot. Mot til å fullføre det han er komen for å utføre. «Då tida kom og Jesus skulle takast opp til himmelen, vende han andletet mot Jerusalem; det var dit han ville fara.»
Oppgåva hans vart sett ord på til læresveinane. Utan at dei forstår orda.
«Menneskesonen … skal gjevast over til heidningane og bli spotta og mishandla og spytta på, og dei skal piska han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.»
Gjevast over til…
Det er formuleringa Jesus brukar.

I dag skal Jesus gjevast over til deg.
Han som er spotta, mishandla og spytta på.
Han som dei slo i hel.
Blodet som rann. Kroppen som vart broten sund.
Overgjeven til heidningar.  Samstundes gjeven for deg.
I dag skal du få rette handa di ut når du går opp. Ikkje til Jerusalem. Men opp og fram til Herrens altar. I handa di får du «Jesu kropp – gjeven for deg»
I begeret som du rettar fram får du «Jesu blod – utrend for deg»

Han som skulle gjevast over til motstandarar og bødlar i Jerusalem vert gjeven over til deg i det heilage sakramentet her i Arna kyrkje på denne siste søndagen før faste.
Han fullførte kjærleikens motbakke. Han gjekk den tunge vegen i kjærleik til ei menneskeslekt som var aldeles på kant med Gud og hans gode vilje for sin skapning.
Då han nåde toppen av motbakkane steig han samstundes ned i den djupaste fornedring: spotta og mishandla og spytta på, … piska og slegen ihel.
Alt som møtte han var hat og hån og spott. Røvarane frå landevegen mellom Jerusalem og Jeriko hadde søkt seg tilbake til hovudstaden, til Jerusalem. Dei visste kven dei ville ha som sitt offer. Og Jesus visste at dei venta på han ved målet for den lange reisa.
Han er på veg opp «mot Jerusalem; det var dit han ville fara.»
No skal det menneskelege sviket og den forferdelege fornedringa av sjølvaste Gud som vart eit menneske fullførast. Men det heile skal vendast til velsigning og frelse for alle som trur. Alle som trur, sjølv om ein forstår like lite som læresveiane.
Og trua vår kan vi vise med å følgje oppover. Mot Jerusalem.
Trua vår kan vi vise ved at vi går  opp og fram, til Herrens bord der han som vart overgjeven til røvarar vert gjeven for deg i brødet og vinen.
«Sjå, vi dreg opp til Jerusalem»                                          
AMEN




[1] Sjå: Skytte/Brander: «Ett år med Jesus II» s. 36f

søndag 3. januar 2016

På veg mot lyset




Kristi openberringsdag III. 03.01.2016
Salhus
2.Kor. 4,1-6

Det er i dag, på Kristi openberringsdag, at den kyrkjelege tradisjonen lar oss møte nokre underlege figurar som etter kvart har fått ein mytisk status mellom folk. Vismennene frå aust. Dei tre heilage kongane vert dei ofte kalla, sjølv om dei slett ikkje var kongar.
I Matteusevangeliet er dei på gresk kalla for mágoi, som skal bety trollmenn eller vismenn, muligens astrologar.
Vi les altså om dei i Bibelen, men der er dei namnlause. Mange har lyst å omtale dei som Kaspar, Melchior og Baltasar. Men dei namna er oppdikta, ikkje noko anna.
Samstundes kan vi sjølvsagt leve med å kalle dei slik.
Særleg i den katolske kyrkje er det spunne mange legender om desse tre karane. Der har dei lært oss å feire dagen til minne om vismennene på 6. januar – trettande dag jul. Det er vel også den dagen dei fleste i vårt land vil rekne julefeiringa for slutt. 

På katolske nettsider kan vi også lese at legenda fortel at Dei heilage tre kongar seinare vart døypte i Persia av apostelen Thomas
og deretter vigde til biskopar. Dei skal ha feira jula i lag i året 54, og så døydde dei like etter.

Kva som er sant eller ikkje av dei mange historiene som går omkring vismennene, er ikkje godt å seie. Det spelar lita rolle at det aller meste truleg er dikta opp.
Det viktige for oss i vår kyrkje er å ta inn over oss det som faktisk står om dei i Bibelen.

Dette var dei første pilegrimane som la ut i mørke natta fordi dei hadde sett noko. Eit lys hadde openberra seg for dei. Dei forstod å tyde teiknet inn i deira tid, og dei gav seg i veg mot lyset.

Her hjå oss bytta vi ut dei gamle kalendrane for eit par dagar sidan.
Midt i ei vindfull og regnvåt natt sat vi oppe og såg korleis den belgmørke nattehimmelen i nokre korte midnattsminuttar var opplyst av sprutande lys og fargerikt fyrverkeri. Det var fort over. Og natta var snart like våt og vindfull og mørk som før.

Det kan vi leve med. At denne årlege syklusen vekslar mellom mørke og lys. Vi veit at vi skal byte ut alt det svarte no i desember og januar med sol og lyse netter når kalenderen viser juni og juli.


Men korleis er det med tida vi lever i?
Lenge har vi sett oss tilbake og med forakt stempla fortida som mørk og middelaldersk. Samstundes har vi kalla oss sjølve opplyste og framtidsretta.

Konservatisme er eit fyord. No er det liberal som er moteordet. I alle fall i kyrkjelege samanhangar.

Korleis er det med tida vi lever i?

Som kristne pilegrimar, på ei ferd inn i tida vår, framtida, som er aldeles ukjend, er vi ikkje avhengige av merkelappane som stemplar oss som konservative eller liberale.
Som kristne pilegrimar er vi derimot avhengige av å finne ein kurs som fører oss til målet for ferda vår. Difor treng vi noko som kan lyse for oss på denne vegen.


For tida vår er trugande mørk. Vindfull og våt.
Avisene ved årsskiftet gav oss analysar av alt som skjer rundt oss. Det var ikkje mange lysglimt å få auge på. Det vart tvert om mange mørke ord. Kanskje det mørkaste var ordet redsel.
Så mange er redde ved dette årsskiftet. Redde for det ukjende. Redde for motgang. Redde for økonomi.

Eit nyord dukka også opp. Eit misbruk av eit ord som ber håpet med seg. «Godheitstyranni» kalla ministeren det dei steller med, dei som vil vere gode og opne seg for menneske i naud og vanskar.
Har du høyrt på makan? Ho skulle aldri fått lov å bruke eit så vondt ord.

Tyranni er noko heilt anna enn å vere god. Tyrannane gjer oss redde når dei forfølgjer kristne. Når dei avrettar sine eigne som ikkje trur som dei sjølve. Når dei sprengjer bomber i staden for nyttårsrakettar.

Den kristne kyrkja skal løfte lyset når slike tyrannar sløkkjer håp og framtid for millionar av menneske og driv dei på flukt.
For som vismennene frå aust er det noko vi har sett. Noko som lyser inn i vår tid, og som vil vise veg gjennom ukjend landskap.
Vi har sett Jesus!

Gjennom adventtida speida vi etter han. På julaftan såg vi enno ein gong barnet og mora. Vi høyrde jubelsongen frå Himmelen. Englesongen.
Og juledagen lytta vi til Ordet. Ordet som vart menneske og tok bustad mellom oss.
I dag har vi følgd vismennene til krybba for å sjå barnet på nytt. For å tilbe.
Og det som skin mot oss er lyset. For Gud, som sa: «Lys skal stråla fram frå mørkret», han har late det skina i våre hjarte, så kunnskapen om Guds herlegdom i Jesu Kristi andlet skal lysa fram.
Den store svenske åndelege leiaren, Peter Halldorf, har gjeve ut ei bok som han kallar for «Postilla för et kyrkoår». «Som brann där en eld» heiter boka. Han har mange poeng i ei preike på denne søndagen, over nettopp dette verset, henta frå preiketeksten vår i dag.

-Kva har vi sett? spør Halldorf.
Svaret hans er: Det uskapte lyset, Jesus Kristus, det lys som lyser i verdens mørke og som vert formidla gjennom Anden….
…. Då skjer det forunderlege, seier Halldorf: -Vi tek til å sjå verda med nye auge, slik Gud ser henne, med uendeleg ømheit. Anden er det lyset som reinsar og lyser opp vårt indre for å sjå Guds herlegdom i kvart menneske. Er ikkje dette eit mirakel som kan jamførast med barnet i krybba?
Og Halldorf skriv vidare: - Det er tid for å bryte opp. Også eg vil gje meg ut på ei reise. Eg vil følgje skinet frå den strålande morgonstjerna. … Eg vil reise langt, langt gjennom veglaust land. Utover. Oppover. Innover. Til den staden der Guds herlegdom strålar frå Kristi ansikt og lyser opp hjarta mitt. …. Eg vil at det lyset som lyser i verdens mørke skal strøyme inn i mitt liv og lyse opp mi pilgrimsferd.

I dag samlar den kristne kyrkja seg over heile verda. Vi går inn i openberringstida. Ei tid som her hjå oss ber misjonstanken med seg. Tanken om at bodskapen om det store lyset skal skina over heile verdshimmelen slik at folk kan sjå han som er lyset i verda.
Vi har sett noko vi kan og skal vitne om. Vi har sett noko som har sett seg i vårt hjarte slik at vi tenkjer annleis om dei som vandrar rundt i ei verd der mørkret trugar med å senke seg som eit teppe vi ikkje veit korleis vi skal bli kvitt.
Difor vil vi dele det vi har sett og det vi har fått.
Difor protesterer vi høglytt mot å bli kalla for godheitstyrannar. 

I lyset frå orda som Paulus skriv til kyrkjelyden i Korint, så står tida vår fram slik det kanskje er rettast å kjenne den, nettopp ved dette årsskiftet, og på denne openberringsdagen:
For guden i denne verda har blinda forstanden til dei vantruande, så dei ikkje ser lyset som strålar frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar, for Jesu skuld. 

Det strålar eit lys frå evangeliet.
Det strålar eit lys frå barnet i krybba.
Det er Kristus som lyser for oss. Det er Kristus som lyser mot oss.
Det er han som er Herre i våre liv. Det er han som er Herre i kyrkja sitt liv. Kunnskapen om dette løftar oss vidare på vår pilegrimsferd gjennom eit mørkt og skuggefullt landskap.
Vi kjenner oss ikkje heilt trygge kvar gong vi kjem til ein sving på vegen der vi ikkje ser kva som ventar oss bak svingen. Men då løftar vi blikket og ser at det lyser der framme ein stad. Alt er ikkje mørkt. Difor vågar vi oss vidare i trass og tru. Steg for steg, Kanskje listande varsamt i dei knappaste svingane og langs dei djupaste avgrunnane.

 Men vi er på vandring og får erfare at det går godt. Mørkret får ikkje det heile og fulle overtaket. Vi vert minna igjen og igjen om sanninga frå juledagens mektige evangelium:
Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det. (Johs 1,6)

 Vi minnest dei tre vismennene på denne søndagen. Desse første pilegrimane som la ut i mørke natta fordi dei hadde sett noko. Eit lys hadde openberra seg for dei. Dei forstod å tyde teiknet inn i deira tid, og dei gav seg i veg mot lyset.

Vi vil følgje dei inn i det nye året. Inn i vår tid. Inn i vår framtid. Då er vi på veg mot lyset!
AMEN

Bloggarkiv