søndag 25. januar 2015

Blind


4. s i openberringstida, II. 25.01.2015
Ytre Arna
Johs.9,1-7.35b-38

Eg kjenner nokre få blinde menneske. Dei eg kjenner er i fullt arbeid og fungerer på ein nesten uforståeleg måte i kvardagslege oppgåver som eg med alle mine vankunnige fordomar ville tenkje var uråd å gå inn i for blinde.

 Eg ser godt. Det sa augnelækjaren eg var hjå i veka som gjekk. Men eg har etter kvart forstått at eg er nesten blind for kva det i praksis betyr å leve som blind.

 Eg har forstått at eg ikkje skal prøve på å gje meg ut på å skildre kvardagen til dei blinde. Det har eg ingen føresetnader for. Heller ikkje kva tankar blinde gjer seg om den lagnaden som har ramma dei. Til det har eg alt for liten kunnskap.

Men vi som ser, veit i alle høve kva dei går glipp av, dei som ikkje kan sjå. Difor har nok sjåande gjennom alle tider hatt det med å synast synd på dei blinde. Og til å undre seg over korleis dette eigentleg opplevest. Og innimellom til å stilla uforskamma spørsmål.

Eg vonar at dei blinde har evne til å bere over med vår uforstand når vi som ser, demonstrerer vår hjelpeløyse i møte med det som er deira kvardag, eit tungvint handikap, som likevel ikkje set dei utanfor utdanning og arbeidsliv. Når blinde kan takle sitt problem så framifrå som dei blinde eg kjenner har gjort, så skulle ikkje vi gjere som læresveinane til Jesus gjorde det; spørje med slik infam uforstand: "-kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?" 

Dette er feil spørsmål!

Det fører fullstendig på viddene om vi som kristne skal leite etter årsakene til sjukdom eller funksjonshemming i gamle synder, anten som vi sjølve har gjort, eller som foreldra våre gjorde før vi sjølve kom til verda.

Sjukdom og liding er ikkje straff for enkeltmenneske sine synder.

Både friske og sjuke gjer synd. Blinde og sjåande syndar heilt på lik linje. Det gjer vi fordi vi alle er ein del av ei fallen menneskeslekt som ein gong må stå til ansvars for den synd vi har gjort. Og ansvaret vi må påta oss, er klårt i følgje apostelen Paulus: "For den løn synda gjev er døden.." (Rom 6,23a)

Ikkje noko mindre. Døden. Den ventar oss alle.  

Men i møte med døden er det likevel von, for Paulus held fram i det same verset i Romarbrevet: "..men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre."
(Rom 6.23b)

Feil spørsmål i møte med lidinga, altså.

Jesus er ikkje oppteken av årsaka til at denne mannen vart fødd blind. Og at nettopp denne eine vart vald ut til å få synet tilbake, kan også verke tilfeldig. For det var ikkje slik at Jesus gav synet tilbake til alle blinde den gongen. Like lite som blinde i dag kan rekne med å få sjå fargar og former som vi sjåande kan gle oss over.

"- no kan Guds gjerningar bli openberra  på han".
Slik tala Jesus om denne spesielle mannen. Han som på så underleg vis fekk synet tilbake. Nesten gjennom magisk trolldom kunne det først synast. For når Jesus spyttar på jorda og lagar ei leire av spytt og jord som han smør på dei blinde augo, så minner det ikkje om noko anna enn det trollmenn og magikarar gjer under heilt andre tilhøve, som vi i dag gjerne omtalar som primitive.

Men lat oss ikkje øyda tankekrafta vår på kvifor Jesus valde å gjera dette underet akkurat på denne merkelege måten. Slik gjekk det føre seg, og poenget er ikkje korleis Jesus gjorde eit under, men poenget er føremålet: Han ville syne Guds gjerningar på denne blinde. Og han ville, ved å opne for lys og for fargar gjennom mørke og blinde augo, syne at han sjølv, Jesus Kristus, han var den han gav seg ut for å vere: "-eg er lyset i verda"

Jesu under då han gav den blindfødde synet tilbake, var noko mykje meir enn eit under med lækjedom for denne mannen, som sjølvsagt var råka av ein tung og vanskeleg lagnad.

Jesu under viser at han har større oppgåver enn å sleppe lyset til der synet manglar. Han vil sleppe lyset til der sjølve trua er formørka.  

Han står der og lyser sjølv, han som er lyset for verda. Jesus set fokus på seg sjølv.
Visst er det mykje vakkert å sjå for den som legg merke til menneske og natur når augo ser seg rundt.
Men kan du sjå Jesus, du som ser så mykje anna i verda som omgjev deg?

Har du dette lyset klårt for ditt indre auga? Det som skin frå Jesus sjølv? 

Det hende noko underleg med den blindfødde og med dei som var vitne til at Jesus gav denne mannen synet tilbake.

Forteljinga som vi har lese som vår preiketekst er korta kraftig ned i forhold til alt som står i det 9.kapittelet i Johannes evangeliet. Det vi las, var om sjølve underet, og om tydinga av underet. Men mellomspelet, heile 26 vers i dette kapittelet, det har vi hoppa over. 

Ser vi på kva som skjer med han som var blind, men som fekk synet tilbake, så kan vi lese korleis hans innsikt i kva som eigentleg hadde hendt, den vart større og større. Første gongen nokon spurde kva som hadde hendt, svara han: "Den mannen som heitte Jesus, laga til litt leire osv." (v.11) Jesus er her berre ein mann.

Nokre vers lenger ute, får han enno ein gong spørsmål om kva han meiner om han som gjorde han frisk. No svarar den blindfødde: "Han er ein profet" (v.17)

Endå litt lenger ute kjem mannen i kraftig krangel med jødane om kven Jesus var, som hadde gjort han frisk, og no er konklusjonen i v.33 at Jesus er frå Gud.

Og høgdepunktet har vi lese i preiketeksten. Jesus sjølv utfordrar han: "Trur du på Menneskesonen." "Eg trur, Herre, sa mannen. Og han tilbad han" (v.38) 

Den blindfødde fekk synet at. Og etterkvar vart hans indre syn og hans tru klårare og tryggare. Hans innsikt om Jesus utvikla seg frå at Jesus berre var ein mann, så at han var ein profet, vidare at han kom frå Gud, til at han var Menneskesonen som han kasta seg ned for i tru og tilbeding.

Men for dei såkalla sjåande vitna til Jesu under gjekk utviklinga nærmast omvendt.
"Denne mannen er ikkje frå Gud", seier dei først (v.16). Lenger ute vitnar dei falskt om Jesus: "Vi veit at dette mennesket  er ein syndar" (v.24), og dei seier òg: "vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå" (v.29)
Det handlar altså om meir enn augo som kan sjå på denne søndagen.

Det handlar om å sjå i sitt indre at Jesus er verdens lys. Det handlar om å tru på Menneskesonen. Det handlar om å kome så langt som at Jesus vert trudd og tilbeden. At ein kastar seg ned for han med orda: "Eg trur, Herre"

I tekstordet høyrde vi at Jesus til slutt var utfordrande og direkte til den blindfødde: "Trur du på Menneskesonen?"

Dette spørsmålet skal hange att når eg snart er ferdig med denne preika. Eg vonar at vi kvar for oss etter kvart har sett så mykje av Jesus at augo våre er så klåre at vi kan svare som han som også hadde fått nytt syn gjorde: "Eg trur, Herre"
Den blindfødde kasta seg ned for Jesus i tilbeding.

Eg utfordrar ingen til å kaste seg ukontrollert ned  her i kyrkja i dag. Derimot innbyr eg deg til stille og roleg å finne din plass saman med dei andre i kyrkjelyden når vi om litt skal knele ved Herrens bord. Den same Jesus som møtte den blindfødde og gav han nytt syn og ny tru, vil då møte oss med nattverdens handtrykk.

Eg vonar vi kvar for oss kan gå frå kyrkja i dag og at det då syng i vårt indre: "Eg trur, Herre!"

AMEN

søndag 4. januar 2015

12 år

Kristi openberringsdag, II. 04.01.2015
Bruvik
Luk. 2,40-52
Ein stad i Italia sit det framleis ein gammal, avgått pave. Kva tyske Joseph Ratzinger var for si kyrkje i åra han var pave og bar nemnet Benedikt XVI, skal ikkje eg meine så mykje om. Men han gav ei gåve til heile den kristne kyrkja som eg har gledd meg over fleire gonger. Han skreiv tre bøker om Jesus frå Nasaret. Glimrande bøker til oppbygging og til djupare forståing av kven Jesus var, og kven Jesus er, for oss som lever i dag.
På nokre få sider har den gamle paven kommentert avsnittet i vår Bibel som vi stoggar for på denne Kristi openberringsdag. Mykje av det eg vil seie i dag er inspirert av pavens innføring. 
Men ikkje alt har Benedikt skrive like levande om.
Kanskje fordi han sjølv har levd heile sitt lange liv i det katolske sølibatet, og difor ikkje sjølv har opplevd det å vere far. Han har, så langt eg veit, aldri hatt ansvar for ein tolvåring. Han var sjølv ein gong 12, men det er lenge sidan.
Dei av oss som er foreldre her i kyrkja i dag, har kanskje fleire gonger opplevd den iskalde klo som set seg i brystet vårt når vi leitar etter barnet vårt, og ikkje finn guten eller jenta med det same.  Litt avhengig av barnets alder og kvar i verda vi måtte vere, er dette ei forferdeleg oppleving.
Ti minuttar leiting etter eit barn, om det renn ei stri elv like i nærleiken, er eit mareritt.
Eit barn som blir borte i storbygatene medfører full politiutrykking etter ein halvtime.
Når nokon går manngard i skogen for å leite etter ein gut på 12, er TV2 på pletten med helikopter og kamera.

Maria og Josef på leit i tre dagar etter tolvåringen Jesus var forferdeleg dramatisk. Dei var redde, står det.
Som far eller mor forstår vi det utan vidare. 

Kanskje har vi sjølve leita ein eller fleire gonger? Vi likar ikkje å tenkje på det ein gong.
Litt vert ein pave spart for. Men sanneleg går paven og dei andre katolske prestane glipp av mykje også når dei avstår frå gleda ved å bli foreldre.

Denne første vanlege søndagen i eit nytt år, kallar vi altså for Kristi openberringsdag.
Vi går denne dagen inn i ein periode på nokre søndagar framover der vi i kyrkjene vår skal kome tettare inn på det å oppdage kven Jesus eigentleg er. Det handlar om at han skal openberrast for oss. At vi skal sjå han, og undre oss over denne guten. Barnet som kom til oss i jula. Han som vismennene leita opp ved å følgja stjerna på himmelen heilt til dei stod ved Betlehemsstallen. Han som kongen var så redd for at han sette i verk barnedrap i stor stil, og slik jaga den vesle familien som vi har i fokus i dag som flyktningar i Egypt.
Om dette barnet har vi i dag lese profetiar. Jesaja tala ord om ein Herrens tenar som allereie frå mors liv var kalla og utvald av Gud. Han skulle vere lyset for folkeslaga. Han skulle føre frelse til endane av verda.
Han fekk namnet sitt kunngjort av ein engel – han skulle heite Jesus – det som betyr Herren frelser.

Lite veit vi om barnet, om Jesu barndom. Vi veit om fødselen i Betlehem. Vi veit om flukta til Egypt. Så les vi om tolvåringen Jesus slik vi har høyrt i dag.

Kva er dette for ei forteljing?
Ei litt søt barndomshistorie, om ein ekte gluping av ein gut? Ein slik gut som vi i dag kanskje ville kalla for vidunderbarn? Eller litt mindre vakkert: Ein nerd?

Dette er noko meir enn ei søt barndomshistorie!
Lat oss gå tilbake til det vi alt har vore inne på. Foreldra som leita etter guten som var sakna. For foreldra var dette tre mørke dagar med sorg og angst.
Tre dagar med mørke tankar på kva som kunne ha hendt. For Jesu var borte. Første dagen leita Maria og Josef ved å gå nordover i retning frå Jerusalem mot Nasaret. Ein dag leita dei blant kjenningar. Ingen Jesus var å finne. Så gjekk dei ein dag tilbake mot Jerusalem. Like resultatlaus leiting. Men heilt sikkert mørkare og mørkare tankar etter som timane gjekk og Jesu var som sokken i jorda.
Skal tru om Maria allereie no hugsa orda ho i si tid fekk høyre frå gamle Simeon i tempelet – orda om at «gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd» (Luk.2,35)?

Tredje dagen hende det endeleg. Dei fann Jesus. I tempelet.
Tredje dagen.
Kva er det eigentleg som står mellom linjene?
Etter tredje dagen var han tilbake mellom dei. Slik det skulle vere mange år seinare. Her finn vi det som må forståast som ei stille og varsam tilvising til tre dagar som seinare skulle vere sentrale i Jesu død og liv. Tre dagar mellom krossfestinga og oppstoda. Også det skulle bli tre dagar fylte av smertefullt fråvær. Tre dagar i mørket.

Kor stort mørke dei var i ved dette høvet, anar vi når den skjelvande, og sikkert også gråtkvalte, stemma til Jesu mor lyder for vårt indre øyre. Orda som er skrivne med vanlege bokstavar på bibelsida vert levande, og vi lar dei tale til vår indre med sitt sukk av utløyst smerte og redsel: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.»

Teksten vår startar med å vise til at dette hende i samband med påskefeiringa. Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet er ein boge som spenner frå Jesu første påske i Jerusalem til hans siste, påska med krossen.

Jesus har eit svar å gje når Maria spør: Kvifor har du gjort dette mot oss?
Og det er eit underleg svar. Eit mektig svar. Kunne dei begripe at han ville svare slik: «-eg må vera i huset åt Far min»?
Det han eigentleg seier er: Eg er akkurat der eg høyrer til. Eg er heime. Eg er hjå Far.
På bakgrunn av det vi veit både Maria og Josef hadde opplevd i samband med Jesu unnfanging og fødsel der det med engleautoritet vart slege fast at Marias barn var eit Guds under; at ho og Josef aldri hadde vore saman slik at barnet Jesus kunne verte til, så synest det merkeleg at her omtalar Maria Josef som far til Jesus.
Men så vert ho korrigert av Jesus sjølv. Av han på 12 år. -Josef er ikkje far min, seier han; utan å bruke akkurat dei orda. Jesus seier det ved å vise til at no er han i Fars hus. Han er i tempelet. -Eg er hjå Far når eg er her. I hans hus.
Gud sjølv er Jesu far. Det guddommelege far-son forholdet vert uttrykt krystallklårt av ein 12 år gamal Jesus.

Samstundes brukar Jesus eit språk når han seier dette til Josef og Maria som uttrykkjer noko endå djupare.
Uttrykket «-eg må vera» er meir spesielt enn det kan sjå ut til når vi les dette slik det står på norsk i vår bibel.
Dette er ein av dei tinga den gamle paven har fått så fint fram i si bok, når han forklarar at det vi har omsett med ordet «må» er eit uttrykk som går att mange stader i evangelia i NT. Og då ser vi om att og om att at Jesus brukar dette uttrykket når han skal seie noko om det som handlar om den planen Gud har vilja og tenkt ut for Jesu liv og død. Eit døme finn vi i Mark.8,31 der det står at Menneskesonen lida mykje --- bli slegen i hel, og tre dagar skal han stå opp att.» At Jesu «må» vere i templet, i Fars hus, er ikkje eit opprør mot foreldra i Nasaret, men han må vere der fordi han er bunden av den same lydnad til sin Far i himmelen som seinare skal føre han til krossen og til oppstoda etter tre dagar.

Maria og Josef skjøna ikkje kva han sa. Kva han meinte.
Og det er ikkje det minste merkeleg.
For ofte er det slik at når Jesus talar, så er orda hans for store til at ein i augneblinken maktar å ta til seg den heile og fulle breidde og djupne i det han seier.

Men vi har noko å lære av Maria. Vi kan lære å gøyme Jesu ord i hjarte vårt. Gøyme det. Grunne på det. La orda frå Jesus bu der inne i oss slik at dei kan modnast for at vi skal forstå og skjøne betre etter kvart.
Kanskje er det nettopp det openberringstida i kyrkjeåret skal hjelpe oss til? Å oppdage kven Jesus eigentleg er!

Det er kanskje ikkje til å verte overraska over at ein pave løfter fram Marias tru som eit forbilde for oss. I boka si gjer den gamle paven nettopp det.
Og her kan det ikkje vere vanskeleg å følgje i alle fall denne biten av katolsk Marialære.
For paven skriv noko å gjere som henne, som Maria, å bøye seg for dette store som er vanskeleg å forstå, og så langsamt vekse inn i det ved å ta vare på Jesu ord i hjarte og å grunne på det.
Og, seier paven vidare: «- Samtidig fremstår Maria ikke bare som den store troende, men som bilde på Kirken som bevarer Guds ord i sitt hjerte og gir det videre.»

Forteljinga om Jesus som tolvåring i tempelet seier oss noko om at Jesus vaks vidare etter fylte 12. «Han gjekk fram i alder og visdom»
Det er viktig å ta også dette med seg på denne søndagen. For det at Jesus veks på denne måten, handlar om at Jesus verkeleg kjenner sin himmelske Far – Gud – innanfrå. Ingen annan enn Jesus står Gud så nær som han gjer. Vi nærmar oss no dette forunderlege som til slutt går opp i treeingslæra som vår kyrkje deler med den katolske kyrkja.
Men her handlar det altså om den visdom som Jesus veks inn i fordi han og Far er eitt. Dei må vere i same hus. Og der finn vi Jesus ved Fars hjarte, slik vi las det i eit av versa som var sentrale i juledagens preiketekst i kyrkjene våre. Det står om dette forholdet mellom Jesus og hans Far i Johs 1,18:
«Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, han har synt oss kven han er.»
I Jesu svar til si mor når ho finn tolvåringen i Jerusalems tempel, skin det tydeleg gjennom i tekstorda vi kan lese i dag: Jesus er hjå Far. Jesus ser tinga og menneska i hans lys.
Men samstundes ser vi at Jesus veks i visdom. Han er ingen guddommeleg robot der han vert funnen i diskusjon med dei lærde i tempelet. Han er inga datamaskin. Han er ingen nerd.
Han er i Fars hus. «-i fanget til Far». Samstundes rotfesta i heimen til Josef og Maria i Nasaret. Dit reiser dei no. I lag. Her skal han vekse til ein mann. Til ein menneske som utviklar seg og modnast.
I kyrkjeleg språk uttrykkjer vi dette ved at vi seier om Jesus at han er både sann Gud og sant menneske. Korleis det eigentleg heng i hop at dette er mogeleg, det ligg utanfor det du og eg kan begripe. Men vi kan gripe det. I tru. Slik Maria gjorde det. Og trua gøymer vi i hjarta vårt.

I tru let vi att døra til Jerusalems tempel denne søndagen. Vi ser for oss tolvåringen som veit kvar han høyrer til. I Fars hus. Og vi gler oss med dei to frå Nasaret som såg lyset der i tempelet då dei etter tre dagars mareritt fann att guten dei var så glade i.
Vi skal forlate kyrkja i Bruvik snart også. Kanskje er det ein far eller ei mor her denne kyrkja i dag som leitar etter barnet sitt. Som har ein son eller ei dotter som ikkje er å finne i Fars hus. Det kan vere i heimen her på Osterøy at dei aldri viser seg. Noko hende som gjorde det vanskeleg mellom foreldre og born. Vi saknar dei slik. Vi leitar. Etter bortkomne søner og døtrer.
Nokre ville så gjerne at borna deira var å finne i tempelet. I kyrkja. Men son eller dotter veit ikkje vegen dit. Eller dei vil ikkje gå på den vegen. Det er så sårt.
Vi maktar ikkje å gle oss med ei glade, dei som fann sine att der dei aller helst ville finne dei – i Fars hus.


Til alle som har bortkomne som vi leitar etter, som vi søkjer, som vi så gjerne vil finne att:
Du skal vite: - Ingen søkjer så nøye etter dei som han vi har møtt i dag. Jesus.
I dag har vi høyrt og lese om han. I dag har vi også lese ein gamal profeti som kyrkja tolkar slik at den handlar om Jesus. Litt av den profetien vil eg løfte fram heilt til slutt som eit ord du som framleis leitar og søkjer etter dine bortkomne skal få ta til deg. Gøym det i hjarta ditt etter denne gudstenesta. Det var sagt om Jesus, men det gjeld for deg. Det gjeld for dine: « - før eg vart fødd, frå eg var i mors liv, har han hugsa namnet mitt» (Jes. 49,1b)
AMEN

søndag 21. desember 2014

4.s. i adv.tida II. 21.12.2014
Arna ~ Samisk gudsteneste i Skrudhuset, Bergen domkirke
Luk.1,39-41

Forventning. Det ligg i lufta
Maria har nett fått vite at ho skal bli mor. Eit svangerskap på ni månader ligg framfor henne. Så skal det bli fødsel.
Ein fødsel utanom alle andre fødslar. Maria veit at ho og Josef aldri har vore saman slik at det kan bli barn av det. Og heller ingen anna mann har rørt henne. Likevel skal det ufattelege hende.

Først vart ho redd. Så kom forventninga. Og gleda. Og lysten til å dele forventninga med nokon.  Ho hadde så mykje på hjarta, Maria. Og ho bar så mykje under hjarta, Maria.
Ho hadde hatt englebesøk. Kven kunne ho snakke med?
Josef, sjølvsagt. Han var alt innvigd i det som hadde hendt. Og ubegripeleg nok – Josef hadde akseptert. Han skulle bli far, utan at han var far. Han ville ta Maria til seg og leve med henne som si kone.

Forventning.
Stega oppover i fjellbygdene dit Maria visste at slektningen hennar, Elisabet, no gjekk gravid i sjette månaden, dei stega var lette. Maria hadde undra seg over at den gamle Elisabet kunne vere i slike omstende. Ho måtte snakke med henne. Dele forventinga. Få høyre om englebesøket som Sakarja hadde opplevd. Elisabet og Sakraja budde i prestebustaden, men Sakarja var prest i tempelet. Sakarja hadde hatt englebesøk der, i tempelet. Ein engel som til og med hadde sagt namnet på barnet dei to gamle skulle verte foreldre til. Johannes skulle han heite.

To nye liv var på veg,. To kvinner skulle verte mødre.
Men desse to borna var heilt spesielle. Det viser også namna deira:
Johannes  betyr Gud er nådig.
Jesus betyr Herren frelser.
Kvinnene var utvalde. Velsigna av Gud sjølv til å innta sine plassar i Guds plan for å frelse verda.
Dei bar på nåden og frelsa under sine hjarto: Johannes = Gud er nådig og Jesus = Herren frelser.
Snart skulle ho føde, Elisabet. Ho skulle føde guten med namnet nåde. Han som vaks til mannen som møtte unåde. Hovudet hans vart til slutt servert på fat i eit vanstyrt kongehus.
Elisabet skulle føde han som rydja vegen for slektningen sin. For Jesus. For frelsa.
I Elisabets hus var Maria lukkeleg. Herrens tenarinne. Men sverdet  skulle stikkast i hennar sjel. (Luk.2,35). Ho skulle kome til å gråte tunge tårer ved ein kross nokre og tretti år seinare.

Men der og då: I fjellbygdene i Juda, i Elisabets hus, prestebustaden for henne og Sakarja, og kan hende med den stumme presten Sakarja som tilhøyrar i ein krok i huset, der var det glede og jubel i kvinneleg lag. To glade kvinner i Herrens teneste. To forventningsfulle kvinner.  Med nåden og frelsa i sine morsliv. Dette var deira gåve til ei heil menneskeslekt. Å bere Guds under inn i vår verd.
Dette er julegåvene vi kan gle oss til på denne dagen den siste i adventtida. Tida med forventing i fokus.
Nåden er komen frå Gud. Frelsa er komen frå Gud. Elisabet og Maria var med å føre Guds gåver til oss. Om dette ber vi fram vitnemål i denne kyrkja i dag.
Men det er meir å ta med seg no tett opp under jul når vi les forteljinga om kvinnemøtet i fjellbygda der Elisabet budde.
For Elisabet var meir enn ei gamal kvinne som endeleg bar på eit barn i sitt morsliv, eit etterlengta barn. Elisabet var også ei kvinne som der og då steig inn i den rolla vi kanskje kunne forvente at mannen hennar, Sakarja heller skulle hatt: Ho tala profetisk til Maria. Fylt av Den heilage ande, står det.
Her var det kvinna som tala. Mannen, presten, var stum fordi han ikkje hadde trudd då engelen tala til han. Men viktigare enn det er:  Elisabet hadde ein bodskap vi skal ta inn over oss når jula nærmar seg for oss. Om Maria seier den åndsfylte Elisabet:
”Sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt henne, skal oppfyllast”

Det Herren har sagt…
Elisabet talar om at Herrens ord om Jesus er sanne. Dei skal oppfyllast.
Barnet Maria ventar er ei fullkomen oppfylling av dei mest grenselause forventningar det går an å ha når ein ventar eit barn.

For kva hadde Herren sagt til Maria? Kva ord bar engelen med seg frå Herren?

For det første namnet – Han skal heite Jesus. Det som betyr: Herren frelser.
Elisabet stadfester det, fylt av ånd og kraft: Herrens ord skal oppfyllast. Maria ber verdens frelsar  som eit foster i sitt morsliv.
Kan vi tenkje oss ein større grunn til forventing?
Maria hadde fått høyre meir om barnet ho venta frå engelen. Det var meir som skulle gå i oppfylling.
Barnet skulle bli stort, og kallast Son til Den høgste. … Han skal vere konge over Jakobs hus til evig tid. (Luk 1,32-33)
Dette er engleord om Jesus som no er på veg inn i vår verd. Engleord som samstundes er Herrens ord. Ord frå himmelen om Jesus som snart skal fødast.

Men lenge før englebesøket til både presten Sakarja og til Maria, hadde Herren tala ord om barnet som no var i fokus.
Vi har lese desse orda i gudstenesta i dag. Orda frå profeten Mika om han som skal fødast i Betlehem. Dei orda var gamle. Kanskje hadde det på Elisabet og Maria si tid gått så mykje som 750 år sidan profeten hadde tala dei orda. Orda vi i dag har lese frå det 5.kapitlet i Mikaboka.

Også desse orda, orda frå profetens munn, er ord som skal gå i oppfylling slik Elisabet talar om det.
Mika sa fleire viktige ting om han som skulle fødast i Betlehem, ein gong langt inne i framtida.
Det som eg vi løfte fram i denne gudstenesta, er den siste setninga vi las frå Mikas profeti om denne fødselen: ”Og han skal vera fred”  (Mika 5,4a)
På Betlehemsmarkene, hundrevis av år etter at Herrens ord lydde gjennom profeten Mika, og ni månader etter at Elisabet tala, fylt av Ande, til sin slektning, Maria, så kom englane på nytt og stadfesta Herrens ord. ”Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda, blant menneske Gud har glede i!” Slik lydde englesongen Då alt vart oppfylt.

Fredsfyrsten, som ein annan profet kalla han, (Jes. 9,6) han som i flg Mika ”skal vera fred”, han kom med fred til Betlehem og til jorda vår.
Med frelse og med fred.
Ikkje noko treng vi meir til i dag enn frelse og fred. Fred med Gud. Og fred mellom menneske.
Det var forventning og spaning i lufta der desse to kvinnene møttest i fjellbygda. Ei gamal og ei ung kvinne. Men kvart sitt gutebarn i morsliva sine. Med Guds nåde og Herrens frelse.

Det er forventning i lufta på den siste adventsøndagen også. Juleforventning.
Vi rettar hendene våre ut mot frelsa frå vår Gud. Vi tek mot han. Vi gleder oss over at han kom, og at han framleis kjem.

Men så må vi også bruke denne glade forventning til å be fram det Jesus kom for å gje oss.
Be fram frelse for vår medmenneske.
Be fram fred mellom våre medmenneske. Ikkje minst fred i Betlehem, dit han kom. Der det hende. Der forventningane først vart innfridde då Gud vart menneske.
I dag har vi menneske vendt Gud ryggen slik at ufreden rår, ikkje minst ved Betlehem. Difor ropar vi med håp og forventning på han også i år:
Kjære Jesus: Kom til oss på nytt. Kom med di frelse. Kom med din fred.
Kom - i denne jula vi snart skal gå inn i.
Amen




søndag 23. november 2014

Mellom nakne tre

Domssøndagen / Kristi kongedag  I  -  23.11.2014
Biskopshavn
Matt.25,31-46

For eit år sidan gjekk vi inn i det nye kyrkjeåret som i dag ikkje er nytt, men utbrukt. Det manglar akkurat ei veke på at det er eit år sidan. Slik det enno er ei veke att før vi på nytt stig inn i adventtida. For eit år sidan, då vi gjekk inn i advent og dette kyrkjeåret som i dag er kome fram til siste vers, tala vi om å ta i mot kongen over kongane. Første søndag i advent handlar det om at Kristus kjem som konge og vil inn i våre liv. Då syng vi, slik vi sikkert kjem til å gjere det i den adventtida som vi så smått anar konturane av nokre dagar inn i  framtida: ”Rydd vei for Herrens komme, for frelsen fra vår Gud”

Så har søndagane gått gjennom dette året. Ein etter ein fall dei til jorda, slik haustlauvet no ligg på bakken under trea i skogen og i hagen. Eit nake år står igjen. Ribba for pynt, som eit tre utan lauv.
Men vi skal ikkje sjå etter lauvet på treet. Vi skal sjå etter frukta i dag. Vart det velsmakande frukt av det du fekk med deg frå kyrkja gjennom året som no er omme?

For i dag møter vi kongen enno ein gong. Den same kongen som vi for eit år sidan tala om då han kom ridande på ein eslefole, audmjuk og smålåten.
Men i dag er det ikkje den audmjuke kongen vi har lese om. Det er Majesteten på kongetruna. Der har han funne seg plass, og no i rolla som dommar.
I advent talar vi om kongen som rir på eselet mot fornedring og krossfesting.
Når kyrkjeåret ebbar ut er han å finne i himmelsk herlegdom i lag med alle sine englar. Og no samlar han alle folkeslag framfor truna si.

- alle folkeslag skal samles foran ham. Han skal skille dem fra hverandre, som en gjeter skiller sauene fra geitene, og stille sauene på sin høyre side, og geitene på sin venstre.

Det er dramatisk dette.
Det sit litt langt inne å seie det for meg, men her handlar det faktisk om noko langt meir enn om det er Brann eller Mjøndalen som skal spele eliteserie neste år.
Det er ikkje noko mindre enn vår evige lagnad det dreiar seg om.

Frelse eller fortaping. Alle folk står for kongen som no er dommaren. Den rettferdige dommaren. Han som kjenner oss ut og inn. Som ser alt. Veit alt.

Kven er den velsigna?
Kven kviler det ei forbanning over?
Det er slike perspektiv over desse spørsmåla at det er knapt som om i vågar å gå vidare.
Kvar er min plass i dette? I kva for flokk høyrer eg heime? Til venstre, mellom die forbanna i den evige elden, eller til høgre der dei velsigna går inn og tek Riket i eige?

Vi får aldri vite nøyaktig kven som hamnar kvar. Ikkje før dagen renn:
Herre, når din time kommer,
åpenbarer du ditt rike,
og i klarhet får vi skue
alt det skapte, frigjort, fullendt!  
(NOS 510,1)

Slik song vi nett før preika.
Nettopp fordi ingenting vert openberra før på den aller siste dagen av vår tid, på sjølvaste Dommedag, skal vi ikkje bruke tida på å spekulere og gruble. Heller ikkje skulle kreftene våre gå med til å grue oss, eller til å leite etter utvegar, krokvegar og bakvegar inn til Gud. Slikt finst likevel ikkje.

I dag er det tid for å tru.
I dag er det tid for å sleppe trua laus i våre liv. Trua på at Kristus, kongen, han som kom på audmjukt vis gjennom fødsel i ein stall, på ein eselfole. Han som levde og verka, som døydde og stod opp, og som også sit ved Gud Faders høgre hand – som dommaren.
Trur du på han?
Vågar du å sleppe trua laus i livet ditt?

Du som bar barnet ditt til dåpen i dag?
Det var ei trushandling du gjorde. Du la den vesle i Guds hender. Du bar barnet ditt, gjennom den døra som heiter dåpen, inn i Guds rike. Du gjorde vel ikkje noko slikt utan å tru?
Men vågar du å la trua di leve i kvardagane som kjem. Vågar du å satse på å gje trua vekstvilkår hjå barnet som skal vekse til?
Lære barnet om Jesus. Lære barnet å leve ut si tru, for eksempel ved å gjere gode gjerningar mot sine medmenneske.

For det er i møte med våre medmenneske trua avspeglar seg. Det er der vi skal leite etter frukt. For dagane kjem til å gå. Kvar sjuande dag vert ein søndag. Då kallar Gud heilt spesielt på deg og meg. Han vil gjerne at vi skal stogge opp då. Finne vegen til forsamlinga av dei andre som trur. Slik at vi kan lære meir om Kristus, Kongen. Lære om våre medmenneske. Lære korleis vi skal leve. Korleis vi skal tru. Lære om samanhangen mellom tru og levd liv. For den samanhangen er tett. Tettare enn vi er villige til å skjøne.

På dommens dag vil kongen skilje alle folkeslag i to grupper.
Dei som hamnar i den velsigna gruppa, det var dei som trudde. Trua som viser seg som ei berande tru. Så berande at vi tek eit lite barn i armane og ber det Herren i den heilage dåpen. Så berande at vi sjølve faldar hendene våre og ber bøner til Gud. Ei tru som grip tak i det grunnleggjande som handlar om Jesu sonande død for synd og nederlag i levd liv.
Men framfor alt viser trua seg i  det heilt praktiske. At vi er der for våre medmenneske. Dei som svelt og tørstar. For framande og for fangar. For sjuke og for nakne. For det er desse menneska Jesus møter oss gjennom. Det er i møte med dei i alle våre kvardagar, dei seks dagane som kjem mellom kvar søndag,  at vi kan leve ut trua vår i praksis.

Og så har vi lese i dag at nettopp det vil kongen sjå etter på den yttarste dag. For når han ser ein truande som forbarma seg over dei som trong hjelp, så ser han samstundes ein truande som forbarma seg over han som er kongen, den audmjuke, han på eselfolen som reid mot pisking, spott, mishandling, tortur og drap.

Trea står nakne utan lauv i dag.
Slik spriker kyrkjeåret sin gamle greiner og kvister mot oss på denne siste søndagen i kyrkjeåret. Men det er ikkje så farleg. For det skal vekse nytt lauv til våren. Det som er farleg, er om det ikkje vart frukt på ditt tre i året som gjekk. Vart det slik for deg at du gjekk forbi dei svoltne, dei tørste, dei framande, dei nakne, dei sjuke eller fangane?
Vart det lite frukt i av trua di året som gjekk?

Då er det godt at dagen – den aller siste – enno ikkje har kome.
At det ligg eit nytt kyrkjeår, blankt og ubrukt framfor oss.
Det er godt at det kan spire på nytt. At trua kan få ny næring. At det grøne kan sprengje seg fram. At det kan bløme og vekse god frukt, også i ditt liv. For om du veit med deg sjølv at du ville hamna i feil flokk dersom Herrens dag var i dag, så har du sjansen til å gjere noko med det når den dagen er utsett, minst til i morgon.

For trua har du. I alle fall så pass tru at du fann det bryet verd å kome til kyrkje i dag. Og trua di kan få utfalde seg i fri dressur frå og med no. Allereie før klokkene ringer til utgang etter denne gudstenesta, skal vi samle oss i bøner til Gud. Du kan be med. Leggje hjarta ditt i bønene vi ber. Be med eigne, lydlause, ord. Be for deg sjølv. For borna dine – heilt spesielt for dåpsborna og for dei borna som vi har døypt i Biskopshavn sidan det var advent for eit år sidan.
.
Du kan be om at Gud må vise deg kven dei er, dei han vil du skulle vere noko for som truande kristen når du går ut att frå denne gudstenesta. For dei er der som ei konstant påminning til oss om å leve slik at vi på den store dagen får høyre Jesu velsigna ord til kvar og ein av oss:

«Kom hit, dere som er velsignet av min Far, og ta i arv det rike som er gjort i stand for dere fra verdens grunnvoll ble lagt. For jeg var sulten, og dere gav meg mat; jeg var tørst, og dere gav meg drikke; jeg var fremmed, og dere tok imot meg; jeg var naken, og dere kledde meg; jeg var syk, og dere så til meg; jeg var i fengsel, og dere besøkte meg.» Da skal de rettferdige svare: «Herre, når så vi deg sulten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? Når så vi deg fremmed og tok imot deg, eller naken og kledde deg? Når så vi deg syk eller i fengsel, og kom til deg?» Og kongen skal svare dem: «Sannelig, jeg sier dere: Det dere gjorde mot én av disse mine minste søsken, har dere gjort mot meg.

søndag 2. november 2014

- dei skal sjå Gud

Allehelgensdag I. 2.nov 2014
Åsane
Matt 5,1-12
For ein god dag Allehelgensdag er!
Det er dagen for å minnast. Dagen for å hugse på dei som ikkje lenger er mellom oss. Våre nære og kjære som kviler på kyrkjegarden. Dei vi sørgjer over. Gret for.
Det er så godt å minnast med takk.
Til og med tårene kan av og til vere gode, sjølv om dei også er såre.
Jesus seier til dykk som kom hit med desse kjenslene langt framme på denne dagen:
”Salige er de som sørger, for de skal trøstes”

Men denne Allehelgensdagen vil eg flytte fokuset litt bort frå dei døde.
For dagen har så mykje meir i seg.
Det er i endå større grad ein dag for å løfte blikket. Til å sjå framover.  Til å gle seg seg over alt det som Jesus set ord på når han talar desse fantastiske orda til oss – sæleprisnigane. Dette er orda som speglar av himmelen for oss.

Og då vil eg først av alt seie noko til dykk som kom hit med dåpsborna.
Gratulerer med desse små! Dei representerer i aller høgste grad kontinuiteten i den livssyklusen som Allehelgensdagen er knytta så sterkt opp mot.
Når vi ser dei små er det ikkje for å minnest. Men for å gle oss til ei framtid i lag med dei. Det handlar om dei som kjem med nytt liv og nytt håp inn i ei verd der vi har meir enn nok sorg og tårer.

Dei små gjer oss glade. Takksame. Og i augo deira speglar Gud himmelen som er spent over oss alle. Det er kyrkja si faste tru at det vi nett var vitne til då soknepresten vår døypte desse fire borna, det var at noko langt større enn prestens hand som rørte ved borna. Gud var der. Gjennom orda som lydde. Gjennom vatnet som var vigsla til dåpsvatn. I kraft av sin lovnad tok Jesus dei til seg. Gjorde noko med dei. Noko vi kallar for frelse. Det som også ber namnet nåde.

I dåpen fekk borna retning for sine liv. Kursen er staka ut. Ein gong skal dei nå eit mål heime hjå Gud. I himmelen.
Det er det målet vi må fokusere på når vi feirar Allehelgensdag.

Korleis kan vi vere trygge på at borna når fram til målet?
Korleis kan du som vart døypt for 30 år sidan, - for 50 år sidan, -for 80 år sidan; korleis kan du vita at du skal nå målet heime hjå Gud?

Jesus talar til oss i dag.
Høyr orda hans om kven som skal verte sæle, eller salige! Det står skrive:
Salige er de rene av hjertet, for de skal se Gud.
Mange vil hevde at det kan ikkje finnast noko reinare og meir uskuldig enn eit lite barn.
Langt på veg er det sant.
Barnet har enno ikkje tenkt dei vonde tankane. Gjort det som er vondt og urett.
Samstundes veit både foreldre og besteforeldre som har sett at borna veks til, at nokså snart openberrar det seg at det ligg noko latent som vi gjerne kunne vore forutan.
Sinne. Ulydnad. Trass. Det kjem snart til overflata.

I dåpen ber vi alt dette fram for Gud. Han rører ved oss og opnar veg for oss som i dåpen får våre liv reinsa. Han gjev oss nye hjarto i ein ny fødsel, for at vi skal få leve nær han.
Han vil vere ved vår side, livet igjennom, og ta oss inntil seg, reinse oss og leie oss vidare når vi snublar, fell og skitnar oss til.  Også når sinne, ulydnad, og trass er retta mot sjølvaste Gud. Når det ikkje lenger er noko å diskutere, men vi berre må slå det fast – synda bur i oss alle.

Men eit barnehjarta som får trua med seg som bagasje, kan vere eit hjarte som dagleg vert reinsa av Gud, som slik kan leve i forventning om at ved enden av vegen, då skal dei få sjå – sjå Gud! Salige er de rene av hjertet, for de skal se Gud.

Det er dette synet vi set i fokus på Allehelgensdagen.
Då handlar det om vona som ligg i dette å bli ein del av det vi las om tidlegare i gudstenesta, den store kvite flokken som tilber Gud framfor hans himmelske trune. Bibelen brukar mange underlege bilete på korleis det er å verte frelst eller sæl/salig. Nokre av desse bileta heng framfor oss i sine rammer i dag.
Ramma er orda vi les i Bibelen. Ikkje alt er like enkelt å forstå, men så pass mykje anar vi, at det er tydeleg at det å vere med der – det er maksimum av alt godt det er moglege å tenkje for eit menneske.

Difor er det viktig for oss å leve i trua på at dei som gjekk føre oss i tidlegare generasjonar, og som vi no saknar og minnest – dei nådde fram dit.
Difor er det viktig at vi peikar på vegen dit for dei som enno knapt har teke eit einaste steg på ei livslang ferd med mange ukjende dagar.

Og framfor alt er det viktig at vi kvar for oss seier til oss sjølve: Det framme, hjå Gud, der vi også eg vere med når livet her på jorda ikkje har meir tid for meg.
På Allehelgensdagen glimtar det i håpet om å få vere med, når Jesus seier det slik:
Salige er de rene av hjertet, for de skal se Gud.

AMEN

søndag 26. oktober 2014

Kampen i døropninga

Bots- og bønedag I - 26.10.2014
Åsane
Luk.13,22-30

Det er så mykje kamp og strid rundt oss.
Verst og vondast er det med dei som kjempar med våpen i hand. Dei som skyt og drep. Dei som sprengjer terrorbomber og drep uskuldige. Vi ser det på TV. Det er ekkelt. Det smertar å sjå at det skjer!
Og vi ser dei som krigen har jaga på flukt. Frå Syria strøymer millionar av flyktingar over grensene til Libanon, Tyrkia og Jordan. FN melder i haust om at over tre millionar har forlate heimlandet sitt, Syria, og er på flukt. Flukt frå vondskap, djevelskap og islamistisk terror. I flyktningeleirane kjempar dei fordrivne om eit minimum av mat, vatn, klede eller telt.
Dette skjer i dei områda av verda der dei første kristne fann jord for sine røter. Ikkje langt frå der Jesus sjølv drog frå by til by for å undervise, og der han ein gong stogga og tala til læresveinane sine dei orda vi i dag har lese i lag. Orda om å kjempe.

All kamp og strid er vond og vanskeleg.
Men for dei fleste av oss som fann vegen til Åsane kyrkje denne bots- og bønedagen, er dette uverkeleg langt unna. Det er så fredeleg her hjå oss. Det er ikkje så mange som skyt. Vi høyrer av og til om sjuke og sinnsforvirra som kjem i fengsel for slike ting. Vi har ikkje gløymt 22.juli for tre år sidan. Men vi er lite urolege. Vi slepp å blø. Vi slepp å verta rivne sund av valden som herjar andre stader i verda.

Likevel er det som om det riv og slit i oss. Ikkje fordi det er så brutalt å leve og å bu her hjå oss. Men fordi vi lever i ei tid og i eit samfunn og i ei kyrkje der det trass i velstand, fred og ro ulmar av noko som ikkje er lett å setje namn på. Noko inne i oss som gneg og ikkje gjev oss heilt ro.

Kanhende er det velstanden som vi alle vil ha ein størst mogeleg del av som riv aller sterkast i oss.
Ein velstand som gjer oss lite imøtekomande mot dei som kjempar der ute. Grensene våre er heilage. Vi synest det er vanskeleg å bruke millionar av våre mange milliardar til å rydde opp i utanlandsk kriminalitet her hjå oss. Eg kjenner irritasjonen sjølv når vi høyrer om slikt.
Men kva er dette, mot dei som kjempar for livet der ute ein stad?
Og kampen rullar vidare. Kven taper? Kven vinn?

Vi har vunne! Vi har vunne velstandskampen. Vi har vunne oss fridom, rikdom og demokrati. Vi skal ikkje sleppe dette.
Men eit påtrengjande spørsmål gneg oss:
Kvifor vert vi ikkje lukkelege når velstanden flyt rundt oss?
Kan det ha noko med at vi innerst inne anar at vi er ein del av noko som skulle vore heilt annleis. At den Gud som vi sannar trua på når vi samlast her i kyrkja eigentleg rettar ein åtvarande peikefinger til velståande nordmenn som kjempar ein kamp som den fattige del av verda stiller seg totalt uforståande til.

Kva som er rett oppskrift for å rette opp alt som er skeivt i tilhøvet mellom fattige og rike i verda, det veit ingen av oss. Men eg trur vi er samde om at den vegen vi no går på i alle høve går i feil retning. Og at vi veit med oss sjølve at Gud vil stemple veldig mykje av det vi er ein del av, som synd.
Sjølv om vi ikkje skyt eller sprengjer bomber.

Og det er mykje anna av det vi er med på som også må kallast for synd.
Vi er t.d. med på å øydeleggje klima, miljø og natur.
Vi stel rett og slett naturgrunnlaget frå dei som skal kome etter oss.

Og som vi alt har vore inne på: Vi let att augene og gjer hjarto harde når flyktingar bankar på grenseportane til landet vårt. "Reis heim att. I beste fall skal vi gje deg nokre almisser der du bur. Men her hjå oss har vi berre plass til oss sjølve. For om det skal bu flyktningar i mitt nabolag, då vil verdien på huset mitt minke. Så kom ikkje for nær meg!"

I den kristne kyrkja er det også vanskeleg å halda fred. Av og til vert kyrkjeleiarar tvinga til å tale i saker der media vil setja dagsorden. Og når kyrkjeleiarane ikkje talar slik media innbyr til, så vert kyrkja skulda for å vere kald og avvisande. Kanskje er det sant? Kanskje er kyrkja for kald og avvisande. I så fall er det synd og skam.
Men sanneleg må media også stå til rette og til ansvars for at synda og skamma veltar inn over oss.
Men vi kjøper og betaler for synd og skam. Vi gottar oss over "Se og Hør." I staden skulle vi slege augo skamfulle ned når blada sine forsider avslører kva vi er ein del av. Synd og skam.

Det er alt dette vi i dag skal bere fram når vi lagar til skriftemålsgudsteneste. Synd og skuld og skam handlar det om i våre liv. I dag er ein god dag til å leggje av oss hjå Gud. Og til å lytte med hjarta når Guds ord om syndstilgjeving lyder frå prestens munn.

Men også det er ein kamp. Ein kamp mot djevelens makt over mitt liv. Han kjempar i mot meg når eg skal fram for Gud med synd og skuld og skam. Difor trur eg at djevelen er i dårleg humør akkurat på denne søndagen. For i dag gjer vi det i kyrkjene våre som vi skulle gjort langt oftare. Vi går fram for Gud i bøn og bot. Vi sannar syndene våre gjennom det allmenne skriftemålet. Vi set ord på skamma. Vi ber Gud om å løfta bort vår skuld.
Det er bots- og bønedag. Det er skriftemålsgudsteneste. Då vert det også ein kampdag.

 «Kjemp for å komme inn gjennom den trange døren! seier Jesus.

I dag står vi i døropninga. Døra inn til Guds rike. Og vi legg merke til at det er tumultar her i døropninga. Her er det kamp om å kome seg inn. Og ingen ynskjer å verte ståande utanfor. For innanfor døra ser vi festbordet. Vi høyrer musikken som skaper feststemning. Vi ser ein glimt av han som byr inn til fest. Han som vi kjenner så godt. Han som vi så gjerne vil vere ven med.
Her vil vi verkeleg vere med. Kanskje har vi allereie vore ein tur innom døra. Difor veit vi at det er der vi høyrer til. Men vi fekk lyst på ein liten luftetur utanfor. Vi vart lenger ute enn vi hadde tenkt. Vi gjekk lenger bort enn vi hadde tenkt. Men no er vi tilbake. Og vi ser at vi er mange som vil inn. Det er trengsel i døropninga. Her er det rett og slett fare for å bli ståande utanfor når husbonden stengjer døra.

Kven er det som får kome inn, og kven er det som vert ståande utanfor når dørlåsen smell i frå innsida? Når det er endeleg stengetid?

I tekstordet på Bots- og bønedag gjer i allefall Jesus det klårt at dette selskapet ikkje utan vidare er ope for kven som helst. Det er ikkje ein gong nok at ein har vore innanfor tidlegare og teke til seg av rettane ved Herrens bord. Eller at ein har site ved læremeisterens føter og lytta til kva han har sagt.  Skal ein til sjuande og sist vere på innersida av den tronge døra, må ein ikkje vere mellom dei som gjer urett, seier Jesus.
Når husherren først har reist seg og lukket døren og dere blir stående utenfor og banker på og sier: ‘Herre, lukk opp for oss’, da skal han svare: ‘Jeg vet ikke hvor dere er fra.’ Da vil dere si: ‘Vi har jo spist og drukket sammen med deg, og du har undervist på gatene våre.’  Men han skal svare: ‘Jeg vet ikke hvor dere er fra. Bort fra meg, alle dere som gjør urett!’

Høyrde du det: " Bort fra meg, alle dere som gjør urett!’

Vi gjer urett alle som ein her i kyrkja i dag. Difor vert det verkeleg kamp på liv og død for å sleppe inn gjennom den tronge døra. Gjennom døra, inn til bordet, inn til fellesskapet. Inn til Guds rike.

Og nettopp fordi vi gjer urett, vi som har funne vegen til Åsane kyrkje i dag, så er det frigjerande at vi denne eine gongen i året kan få ta del i bots- og bønedagens nærgåande skriftemålsgudsteneste.
For vi må gjere noko med den uretten vi har gjort. Med den synda vi har gjort. Med den skulda vi ber på. Med den skam vi kjenner inne i oss. Med alt dette som vi veit skulle vore annleis. Dette som er på tvers av Guds vilje med våre liv.

Dette må vi bere fram for Gud. I bot og i bøn. I skriftemålet.
Dette er noko av det som er denne dagens heilt spesielle kjenneteikn. Vi sannar for Gud at vi har synda. At vi er ein del av ei syndig verd. At vi er ein del av ei kyrkje som langt frå er feilfri.
Men i denne kyrkja som ikkje er feilfri, vågar vi i dag oss fram for Gud. Med vår synd og vår skuld og vår skam. Vi kjem for å få høyre dei gode orda om syndstilgjeving. Om nåde. Om oppreising og ein ny start.
Det at vi kjem fram for Gud på denne måten er ein del av kampen. Kampen i døropninga. Kampen for å sitje til bords i Guds rike.

Og det store er at på innersida av døra står det ein og rettar handa ut mot oss. Han ser kor vi kjempar. Han ser at vi er såra i kampen. At vi blør. Ikkje av skotskader eller bomber. Men fordi vi har falle og slege oss på vegen gjennom livet. Vi har rive oss opp på djevelens tornekratt.

Det er plass til oss innafor. Dvs. det er plass til dei som grip tak i denne handa. Handa med sårmerker frå krossfestinga.
Men det er ikkje plass til dei som stolte og eigenrådige krev at dørene skal opnast vidt opp: " Vi har jo spist og drukket sammen med deg ".
Ja, kanhende åt du og drakk du ved Herrens bord ein gong. Men det i seg sjølv garanterer ikkje at du slepp innfor på den siste dagen dersom du gjekk frå nattverdens bord og ut or kyrkja for å gjere meir urett.

I dag er det altså ikkje tid for å slutte å kjempe. Kampen mot vondskap og djevelskap skal halda fram. Og kampen for å kome inn gjennom den tronge døra til Guds rike.
Sjå etter handa med naglemerke når du kjempar denne kampen. Ta tak i den. Då får du kraft. Då skal du vinne. Då skal han leie deg innafor til bordet og til fellesskapet før døra stengjest på den siste dagen!

AMEN

søndag 28. september 2014

Lat deg opp!

16. s. i treeiningstida. I. 28.09.2014
Haus
Mark 7,31-37

Han var døv og hadde vondt for å tale.
Vi kjenner folk som har det slik den dag i dag. Vi kunne brukt mykje tid på å prøve å seie noko om korleis det er å leve med ei slik funksjonshemming.
Det vil eg ikkje gjere nett no.
Ikkje har eg spesielt gode føresetnader for å seie så mykje om det heller.
Ikkje meir enn at eg anar at dette er noko som er tungt å leve med for den som er ramma. Eg er takksam for at eg sjølv høyrer, og for at ingen av dei som står meg nær må leve med ei slik liding.

Derimot vil eg gjerne seie noko om det vi høyrer at Jesus gjer for denne mannen som var døv og hadde vondt for å tale.
Kort kan vi seie at han gjorde mannen frisk. Jesus gjorde eit under. Det skjedde eit himmelsk mirakel. På eit eller anna vis greip Gud inn.
Også i dag høyer vi om folk som står fram og fortel at dei har opplevd det dei forklarar er eit mirakel. At Jesus på ein eller annan måte kom inn i livet deira med lækjedom og oppreising etter tung liding.

Heller ikkje det vil eg seie så mykje om. Eg vil ikkje bortforklare vitnemåla vi høyrer om at slike ting skjer. Eller forklare det. Men lytte, og ta det til meg som vitnemål om trua på Jesus.
Det eg vil løfte fram i dag er noko eg fekk augene mine opp for ved å lese ei enkel andakt av ein som var min studiekamerat gjennom alle åra på MF.

Mange vil kjenne Knut Grønvik frå hans andakter i radioen eller frå det han har skrive i Vårt Land og i ei rekkje andaktsbøker.  Han har bl.a skrive ei bok med ei kort andakt for kvar dag i året. Boka heiter «Alle dager. 366 enkle betraktninger»
På ein av dagane har han nokre tankar om det som er vår samlande tekst i dag.
Der peikar Knut Grønvik på tre viktige faktorar som vi skal sjå litt på. Faktorar som gjer at menneske får opne øyre for evangeliet, og at det vert naturleg for dei å lovprise Gud med si tunge.

Han peikar på det Jesus faktisk gjer med den døve og stumme mannen:
-nær berøring
-sterk medkjensle
-tillitsfull bøn

Det står i tekstordet at folk førte den døve bort til Jesus og bad han leggje hendene sine på den døve.
Det Jesus gjorde var at han tok mannen med seg bort frå folket.
Legg merke til det.
Hadde det vore i dag, ville ikkje Jesus stilt opp for ope kamera frå ei spektakulær scene i ei eller anna megakyrkje.
Han gjekk avsides med han. Han var åleine med han.
Det er ikkje utan grunn at vi i kyrkja vår oppmuntrar til at sjelesorg og samtale skal skje i det stille. På tomannshand.
Eg er lite begeistra for dei som reklamerer med møtearrangement der dei lovar lækjedom og helbreding i Jesu namn, like lett som om dei kan love innslag av ein musikar eller songartist i det same møtet.

Jesus var nær den døve. Så nær at han tok på han med hendene sine. Han rørte ved han. Det står til og med at han stakk fingrane inn i øyra han, og at han brukte spytt til å røre ved den stumme tunga hans.

Jesus vil gjerne være nær oss. Røre ved oss. Berøre hjarta vårt slik at vi kjenner at det er han som er der. Han vil tale til oss ved sin heilage ande. Når han talar, kan til og med døve høyre. For han talar ikkje berre gjennom trommehinner.  Han gjer det òg når forkynninga om Jesus lyder. Men Jesus talar til heile kroppen vår. Ved det vi ser, når vi les i Ordet hans. Ved det vi kjenner når dåpsvatnet væter hender og hovud, ved det vi smakar når vi et og drikk brød og vin der vi også får del i Jesus kropp og Jesu blod.

For 50 år sidan var det fleire av dykk som var her i kyrkja som unge konfirmantar. Den gongen knela de ved altaret, og prest og kyrkjelyd bad for framtida dykkar.
Eit ungt liv låg i Jesu hender. Tillitsfullt vart framtida di lagt fram for Gud.

Jesus ville forma livet ditt ved å røre ved deg. Være nær deg. By deg inn til å kome litt avsides med han frå tid til anna. Vere stille for han i bøn og lytte til det han vil seie deg. Andre gonger inviterte Jesus deg til å møte han i fellesskapet med andre som trur, for å tilbe og lovsyngje han.
Tiår på tiår har gått. Dei eine kalenderen etter den andre er bytta ut. Pensjonisttida står for døra, og barneborna er klare til å konfirmerast.

Eg ser Jesus for meg i dag. Eg trur hans auge er fokuserte på Haus kyrkje og alle oss som er her no. Jubilantar eller pårørande. Faste kyrkegjestar, eller ein som er meir tilfeldig innom Guds hus denne søndagen.
Eg trur han ser oss, kjenner oss, og vil røre ved oss alle som ein.
Det er som eg kan høyre sukket hans mellom litt malingslitne kyrkjevegger her på Osterøy denne haustsøndagen: Effata, lyder det frå Jesu munn. Lat deg opp!

Lat opp øyra ditt og lytt. Lat opp hjarta ditt og tru. Lat opp munnen din til takk og lov.
For framleis ser han. Framleis kjenner han deg og meg og oss alle.
Han ikkje berre kjenner oss. Han har også medkjensle med oss. For han veit om det som er vanskeleg i livet til deg og meg.

Det er ikkje sikkert det er så mange stumme og døve mellom oss. Men han ser oss med det som er vår bør. Det som er vanskeleg i ditt og mitt liv.

Han vil ta deg ut or flokken som driv rundt i i velstandslandet Norge og er forblinda av løn og status, hus og bil, ferieturar til eksotiske stader eller av at born og barneborn skal gjere endå betre karriere i livet enn det vi sjølve fekk til.

Effata. Lat deg opp – lyder det frå Jesus når han ser deg og meg.
Lat opp livet ditt for han som tok deg ut or kvardagsmaset og sette deg på kyrkjebenken denne søndagen. Her møter han deg og legg armen på skuldra di og seier: «Her er eg». Han vil vere her. Nær deg. Røre ved deg. Vere god på ein annan måte enn det er råd for familie eller samfunn å vere god.

Framleis ser Jesus mot himmelen og ber for oss. Tillitsfullt går Jesu bøn til hans Far i himmelen. For dykk som jubilerer for ein konfirmasjonsdag for lenge sidan. For du som har det travelt med småborn heime. For ungdomar som vert dregne mot spanande utfordringar der viktige vegval ventar bak kvar sving. Han ber for deg som er gammal og veit at enden på livsvegen kanskje nærmar seg.

Han som er god, han som vil hjelpe, han som i det stille vil ta oss ved handa, føre oss ut og gjennom tunge eller vonde dagar, han løfter blikket mot himmelen i denne stund. Han har sett deg.

Og du? Måtte du sjå Jesus i dag. Lytte til han. Høyre på han.
Måtte di tunge verte løyst så du kan takke Jesus. Lovprise han. Gå han i møte når han i dag byd deg til bords. Der er han nær deg.
Det er ikkje berre hans finger som rører ved øyra ditt, der ved altarbordet.
Der er Jesus kropp og blod i brødet og vinen. Det er gjeve for deg. Så synder vert tilgjevne.
«-de har smaka at Herren er god» (1.Pet 2,3) Eg unner deg også, å kjenne denne smaken,

AMEN.

Bloggarkiv