fredag 25. august 2017

Nåde


12.s. i treeiningstida. 27.08.2017
Biskopshavn. Reformasjonsmarkering. Tema: «Nåde»
Preiketekst: Ef. 2,1-10

Nåde.
Kanskje er det dette vesle ordet som meir enn dei fleste andre små ord på fire bokstavar har forma oss? Forma kyrkja vår. Nasjonen vår. Trua vår. Livet vårt.
Grunnen til at det er råd å påstå noko slikt, er at dette ordet var så fullstendig avgjerande for at Martin Luther for 500 år sidan kom inn på sporet av det som førte til reformasjonen av den katolske kyrkja, og etter kvart til at den lutherske kyrkja stod fram.
Same kva vi måtte meine om kristen tru og den kristne kyrkja, eller heilt spesifikt om vår norske kyrkje anno 2017, så skal det godt gjerast å fornekte at Martin Luther har hatt meir å bety for utviklinga av landet vårt enn nokon annan enkelt person vi kjenner frå historia.
Her og no er det ikkje tid for å argumentere for den påstanden, men eg har vanskeleg for å tenkje meg at nokon på truverdig vis vil kunne motbevise det.
Her og no kan vi heller ikkje repetere biografien om Martin Luther. Til det treng vi dagar og veker, og ikkje nokre få minuttar.
Her vi må minne om at han for 500 år sidan var inne i ein voldsom indre kamp. Ei fortvila lengting etter å finne ut av sitt forhold til Gud. «Kan det finnast ein nådig Gud?»
Det var dette som storma inne i den fromme munken. Han som brukte døgnet rundt til å be og å lese og å gjere gjerningar som han hadde fått vite måtte utførast for at Gud skulle sjå med blide auge på livet hans. Han låg på kne i timevis og skurte steingolva i klosteret så fingrar og knær draup av blod. Han reiste til Roma og kjøpte avlatsbrev før han sleit seg på kne opp den lange og bratte og steinete spansketrappa mens han bad og ropa til Gud.
Men han fann ikkje fred. Han fann ikkje den nådige Gud i alt dette strevet. I alle desse gjerningane.
Det var ved å studere Bibelen at lyset gjekk opp for han. Og det var ved å dele dei bibelske oppdagingane sine at kyrkja vart snudd på hovudet. Tyskland vart endevendt. Europa stod i ein ideologisk brann som omforma Tyskland, Danmark, Sverige og Norge for alltid.
Og i dag minnest vi dette over heile landet vårt. 500 år etter. Her i Biskopshavn løftar vi ordet frå reformasjonen fram på nytt. Nåde
Kva betyr dette ordet for oss som lever 500 år etter Martin Luther?
Eg vil seie litt om kva det betyr for meg.
For eg kan ikkje gjere anna enn å klamre meg til nåden. Som menneske og som prest er eg fullstendig avhengig av at Gud ser på meg med nådige auge. For om han såg på meg og skulle bedømme meg ut frå mine tankar ord og gjerningar, då var eg ingen ting verd.
Eg veit om meg sjølv at eg som menneske er verdifull. Slik alle menneske er verdifulle. Men eg veit også at eg har gjort meg sjølv uverdig. Uverdig til å fortene nåde.
Vi har lese likninga om den bortkomne sonen i dag. Og om den heimeverande sonen. Begge hadde gjort seg uverdige til å fortene farens nådige kjærleik.
Eg kjenner meg igjen i dei begge. Eg veit at eg treng ein far i himmelen som står og speidar etter meg. Som inviter meg inn til glede og fest. Slik er nåden. Ufortent. Den klamrar eg meg til, for eg trur eg har fått nåde. Eg trur at eg får nåde. Ufortent.
Eg står her og ser på dykk som har bore eit barn til dåpen i dag. Eg ser dette vesle hjelpelause barnet. Eg har sett det same mange gonger før, og vi veit alle korleis eit slikt lite barn, ufortent og av rein kjærleik vert løfta opp, skifta på, vaska og mata av mor eller far. Og det gjer dei på ein aldeles sjølvsagt måte med eitt einaste utgangspunkt: Ein kjærleik til barnet som er bortanfor ord.
I denne foreldrekjærleiken kjenner eg att Far i himmelen sin nådige kjærleik til meg.I foreldrekjærleik kjenner eg att alt dette eg sjølv er avhengig av i mitt forhold til Gud: Reinsing og oppreising. Eit barn må få bleie. Det må matast, om att og om att. Eit litt større barn fell på grusen og treng trøyst, tåretørking og plaster. Blod må tørkast frå eit lite sår. Gråt skal stilnast når ord vert kviskra i øyra.Slik er nåden. Guds nåde. Ufortent for den hjelpelause. Nåden er som den blankaste foreldrekjærleik.
Dette klamrar eg meg til for min eigen del.
Martin Luther var på fortvila leit etter ein nådig Gud.Han var rett og slett livredd for å gå fortapt. Hamna i helvetet. Han såg for seg djevelen som ein høgst reell, levande og livsfarleg motstandar her i dette livet, og endå verre som ein despot som ville kunne plage han i det ufattelege evige livet.Difor hadde Martin Luther så inderleg bruk for Gud. Gud som kunne sjå i nåde til Martins liv og berge han unna djevel og evig dom.
Kva skal vi tenkje om ein slik inngang til spørsmålet etter ein nådig Gud anno 2017?Vel – slik eg opplever livet rundt meg er det ikkje mange nordmenn som i dag går rundt og er redde for djevelen og fortapinga.Kanskje er det også difor at mange nordmenn ikkje ein gong kjem på tanken om å rope på ein nådig Gud i dag. Heilt irrelevant, vil mange seie.Om Gud i det heile finst, så er det i alle fall kun ein snill og godmodig Gud som er interessant å tru på for nordmenn flest.
Kor snill og godmodig Gud er, kunne vere eit spanande tema å dukke djupare ned i. Men uansett kva vi skal tru og meine om ei slik forstilling av Gud og korleis han er, så er det kanskje eit anna ord som på ein viktigare måte karakteriserer kven Gud er, og kvifor vi menneske ikkje utan vidare kan nærme oss Gud slik vi kan nærme oss kvarandre.
Bibelen lærer oss at Gud er heilag.
Gud er heilag – det betyr at han er rein. Han er utskilt og opphøgd og prinsipielt utilnærmeleg for syndige og ureine. Det bør vi kanskje lage ein bibeltime om her i denne kyrkja. Finne ut kva det betyr at Gud er heilag. Lese korleis menneske vi møter i Bibelen, og som på ein eller annan måte kom nær Gud, reagerte og uttalte seg.
Når vi får ei aning av at vi står framfor den Heilage, då forstår vi også meir at vi som menneske treng Guds nåde. Vi treng Guds nåde for å få frelsa, nå inn til det evige samværet med Gud.
Då er det ikkje redsla for djevelen og det vonde som skremmer oss til Gud. Då er det heller lengten etter å få den nådige reinsinga som gjer at vi kan nærme oss den evige og opphøgde som gjer at vi innser at vi treng Guds nåde over alt anna her i livet.
På denne søndagen der heile vår kyrkje set fokus på dette nøkkelordet, nåde, som Martin Luther har løfta fram for oss, vert vi minna om kjerna i det vi har lese som preiketekst i dag:
«For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.» (Ef.2,8)
Dette ordet var med på å opna augene til Luther. Han forstod at nåden var noko han berre kunne klamre seg til og halde fast ved. Ei gåve som vart hans rett og slett ved å tru at han hadde fått det.Han kunne aldri gjere seg fortent til nåden. Då vart nåden ei salsvare. Men nåden er ikkje noko anna enn ei gåve. Gjeven av han som elskar meir enn våre ord kan skildre.
Vi har fått ei gåve frå Gud som opnar vegen inn til det evige om vi vil halde fast på gåva. Tru på nåden. Klamre oss til den.
Samstundes utfordrar nåden oss. Guds gåve utfordrar oss til sjølve å vere nådige mot våre medmenneske.
For tekstordet vårt konkluderer slik om kva det betyr at vi får ta mot Guds nåde ufortent og gratis: «For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.» (Ef.2,10)
Korleis kan vi som kristne, slike som har fått nåde, vise så lite nåde mot medmenneske som ropar i naud? Eg sa noko om korleis kjærlege foreldre står fram for barnet sitt som er såra og treng omsorg. Eg brukte ord som «reinsing» og «oppreising».
«Eit … barn fell på grusen og treng trøyst, tåretørking og plaster. Blod må tørkast frå eit lite sår. Gråt skal stilnast når ord vert kviskra i øyra.»
Har vi trøyst til tårer? Har vi plaster på sår? Kva ord får dei høyra, våre medmenneske som treng kjærleik?Om vi les kommentarfelt på Facebook og i avisspalter når framande menneske er omtala er det ikkje mykje nåde å finne.
Bibelordet seier noko til deg og meg som har fått nåde. Det står at vi er: «skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige»
Eg vil klamre meg til nåden eg har fått. Eg vil takke Gud for nåden eg har fått. Den som kan gjere meg klar til å stå framfor den Heilage Gud. Eg ber om at Gud må vise meg dei gode gjerningane eg skal gå inn i slik at eg kan verte ein reiskap for Guds nåde mot mine medmenneske.                           
AMEN

fredag 4. august 2017

Kvile


9. s. i treeingstida I. 06.08.2017
Salhus
Matt. 11.28-20

Mange av oss har nett avslutta sommarferien.
Men framleis er det nokre som gler seg over fridagar, reiseliv eller avkopling i lag med familie og vener.
Ferie er ein god ting. Veldig god. Til og med om store delar av min ferie gjekk med til å hjelpe dei to sønene i familien med to ulike flyttelass nettopp i desse sommarvekene, med alt det stresset det innebar, så har i alle fall eg funne vegen tilbake til arbeidsrutinane med glede, og er klar for eit nytt haustsemester.
Eg nemner to flyttelass. Dermed seier eg òg noko om tunge bører. Ned trapper. Opp trapper. Gjennom dører som er for smale. Med bokkassar som nokon pakka for mange bøker i. Sveitte som renn mens ein ber ut og inn. Stress og tungt å bere.
Så – midt oppe i dette opnar eg Bibelen for å sjekke ut kva eg skal snakke om på første gudstenesta etter ferien. Der møter orda frå Jesus meg som ein mild, kjølande vind:
«Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!»
Kvile er noko fantastisk. Ikkje minst når ein kjenner seg pressa. Når ein kjenner seg tom. Når ein ser seg sjølv som sitronen all safta nettopp vart kvesta ut or.
Orda frå Jesus har adresse til så mange. Sant å seie trur eg ikkje at han såg for seg slike som bar møblar i sommarferien. Eg trur dei tunge, dei vanskelege børene har anna fasong enn nettopp det.
For når ein bokkasse kjennest tung er det vel helst fordi eg har for slappe musklar. Verre er det når sjølve dagane vert tunge. Når livet vert ei bør. Når vi har tunge tankar. Når vi må bere ei sorg. Eller sove dårleg fordi vi er uroa for eit eller anna.
Vi treng kvile.Når vi er fysisk trøytte. Når livet er ein motbakke i seg sjølv.
Midt oppe i dette kjem altså Jesus oss i møte med sine gode ord. Ord som har ei rot som går heilt tilbake til opphavet. For vi skal ikkje lese mange linjene i vår Bibel før det står at Gud kvilte!
Den allmektige, han som berre med sitt ord kunne skape det ufattelege og ubegripelege universet; han hadde trong for kvile. Difor kvilte han etter den sjette dagen. Etter å ha fullført skapinga, etter at himmel og jord og alt som lever og rører seg der, var ferdig og i samsvar med Guds gode vilje, så kvilte Gud på den sjuande dagen.
Difor er det eit evangelium til oss frå Bibelens første bok: Gud kvilte. Og ikkje berre det. Gud velsigna denne kviledagen. Gud velsigna den sjuande dagen og han lyste han til og med heilag.
Spør du folk om kva som er det største Gud skapte på dei seks dagane, så vil dei fleste svare at det var mennesket. Ingen vil protestere på det.Men Gud skapte på sett og vis også noko stort på den sjuande dagen. Då skapte Gud kvila! Denne velsigna gåva til deg og meg. Gåva til oss menneske. Det er som om Gud ser på skaparverket sitt, han ser at alt er såre godt. Han ser på alt han har gjort, og også Gud ser at mennesket er sjølve kruna på skaparverket hans. Men så vil han liksom setje ein ekstra fin juvel inn i denne kruna. Difor gjev han mennesket ein kviledag. Mennesket er skapt til å arbeide seks dagar og til å kvile ein dag.
For ikkje berre Gud skal kvile på den sjuande dagen. Det skal også du og eg. Gud har gjeve oss ein heilt spesiell dag. Ein velsigna dag. Kviledagen.På denne dagen samlar den kristne kyrkja seg i Guds hus. Denne dagen vil vi bruke til meir enn å kople av frå kontorpult eller fabrikk, frå kassaapparat eller kateter, frå snikkarbelte eller pleieuniform. Denne dagen vil vi bruke til å kople oss til. Kople oss til han som gjev oss lov å kople ut inntrykk, mas og stress. Kople oss til han som har kvile å gje.
Kviledagen er ein dag der forpliktingane i kvardagslivet vert sette på ”vent”, og så lar vi Gud få fylle oss med den gode kvila. Og den kan gjerne vare ein sjuandedel av livet.
Gud har meir å gje enn ein enkelt kviledag for ein sliten kropp. Gjennom tekstordet i dag, ord frå Jesus sjølv, høyrer vi også om det som må vere kvile for sjela: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!»
På dagen som frå skaparens side er utskild og velsigna og avsett til avkopling, kan vi samstundes få lov å kome til han som lesser av oss bører og det vi strevar med som går ut over det daglege arbeidet, det vi gjer for å kunne heve løn. På denne dagen kan vi på ein særleg måte få møte han som vil gje kraft og styrke til å halde ut både gjennom kvardagens strev, men like mykje i møte med det strev som heng saman med at vi som menneske også har ei sjel som treng  kvile og avkopling. Vi strevar med vårt åndelege liv. Med våre bøner. Med vår bibellesing. Med vår synd. Med våre nederlag som kristne medmenneske.
Men Jesus har kvile. Og nettopp ved å gå han i møte på kviledagen, dagen som er utskild og helga for dette føremålet, kan vi finne kraft, styrke og påfyll til å leve både vårt kristenliv og vårt borgarlege liv på ein god måte. 
I den kristne kyrkja er kviledagen ei samansmelting av den jødiske sabbaten – den sjuande dagen, lørdagen etter vår kalender, og Herrens dag, den første dagen i veka, dagen då Jesus stod opp att or grava, søndagen. Som kristne har vi valt søndagen som vår kviledag. Herrens dag. Påskedagen som vender tilbake ein dag i veka.
Dette er altså dagen til minne om at Jesus stod opp att or grava. Då er det veldig meiningsfullt å bruke den både til den regelmessige kvile som kjem att med sju dagars mellomrom, men like mykje til heilagdagen som Gud talar om i det tredje bodet. Den heilage kviledagen.
Og korleis skal vi så bruke denne dagen?Ein ting vert i alle fall meiningslaust. Det er når vi tenkjer på at når Jesus stod opp på denne dagen, så blir vi likevel liggjande i senga på den same dagen.Så altfor mange, også truande kristne, tek kvila så sjølvsagt at ein ikkje giddar å stå opp på denne dagen tidsnok til å helge kviledagen ved å samlast i Guds hus til gudsteneste, bøn og tilbeding.
”Du skal halda kviledagen heilag” står det i det tredje bodet. Slik Gud velsigna denne dagen og lyste han heilag, slik skal vi gå inn under velsigninga det er å samlast i hans hus i lag med dei andre som trur, tilber og lovsyng.
Å halde denne dagen heilag er ikkje det same som å sitje med hendene i fanget utan å gjere noko. Lenge var dette eit utbreidd misforståing mellom truande. Søndagen vart ein forbodsdag. Ikkje arbeid! Ikkje strikketøy. Ikkje lydar av hammar frå kjellar eller hytta som er under bygging. Ikkje fisketurar eller bærplukking. Den pietistiske tradisjonen i vår kyrkje har gjennom hundreåra halde dei kristne kraftig i øyra med alle sine påbod og forbod for kviledagen.
Vi kjenner igjen den jødiske tradisjonen som vi kan lese om i forlenginga av dagens evangelietekst der vi les om læresveinane som plukka kornaks på ein sabbat. «Då farisearane såg det, sa dei til han: «Sjå, læresveinane dine gjer noko som ingen har lov å gjera på sabbaten?» (Matt,12,2)
Kviledagen er ein dag som skal vere heilag. Kviledagen er ein dag vi har fått i gåve. Poenget er ikkje dagen eller reglene, poenget er funksjonen og føremålet. Når reglane tek overhand vert dagen ei tvangstrøye. Det kan mange vitne om frå norsk kvardagskristenliv. Men dagens frigjering frå gamle tvangstrøyer kan kanskje ha slått for langt andre vegen. Der kviledagen vert borte, misser menneske sin fridomsdag. Slik er det for mange i dag. For når alle dagar er like, misser vi det heilage pusteholet i vår veke. Når alle dagar vert handledagar, arbeidsdagar, forbruksdagar og aktivitetsdagar, misser vi ei av Guds finaste gåver til menneska. Dagen då vår eiga oppbygging, restaurasjon, står i fokus. Dagen med ei annleis rytme.
Eg trur ikkje Gud er oppteken av om vi tek fram strikketøyet framfor peisvarmen ein sur søndagsettermiddag. Heller ikkje av at hyttebyggaren gjer ferdig listinga rundt døra inn til soverommet før han reiser heim att søndagskvelden etter ei god og avkoplande helg. Men eg trur at Gud er oppteken av at vi fekk utnytte ein av dei sju dagane i veka til å slappe av, kvile ut og kople frå, og ikkje minst, at vi fekk høve til eit heilagt møte med han som også kvilte på den sjuande dagen. At vi ikkje forsømer samlinga om Guds ord på denne dagen, slik Luther talar om det i forklåringa til det tredje bodet.
Gud skapte kvila. Gud vil gje deg og meg kvile.Men Gud har meir enn ein kviledag med sju dagars mellomrom å by oss.
Forfattaren av Hebrearbrevet held nærast ei preike om dette i brevets 3. og 4.kapittel. Overskrifta på kapittel 4 i Hebr. er: ”Guds folk har ei kvile i vente”. Her vert det skapt ei forventning og ei von om ei endeleg kvile. Ein slags evigvarande kyrkjegang, ein tilstand i fullkomen kvile.
Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila,… (Hebr.4,9-10)
I dag er det søndag. I dag er det kviledag. I dag er det heilagdag.Takk for at nettopp du fann vegen hit til Guds hus på denne dagen for å helge den ved å lytte til Guds ord, ved å be, lovsyngje og ved å bøye deg ved Herrens bord for å ta i mot den heilage nattverden, og slik møte han som er Herre over denne dagen.
Men du skal vite at det vi opplever på ein vanleg søndag midt på sommaren, det er ein bleik skugge av den fest og glede og tryggleik som ligg der framme ein stad.
Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk. Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine. Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila,… (Hebr.4,9-10)






tirsdag 25. juli 2017

Han som leitar


Gravferd[1]

Luk. 15. 4-5: Jesus seier: -Om ein av dykk har hundre sauer og mistar éin av dei, lèt han ikkje då dei nittini vera att ute i øydemarka og går av stad og leitar etter den bortkomne sauen til han finn han? Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine.

Ei gravferd er ei takk for livet.
Eit langt liv som no er gøymt under kistelokk og blomsterdekorasjon.
Eit menneske mange var glade i, er ikkje lenger mellom oss.
Det er tid for farvel. For å takke. For verdig og respektfull avskil.
De som sit her på dei fremste benkane i kyrkja er dei næraste til å takke. Framfor alle andre er det de som kjende. De som veit om livet som var. Om livet som blomstra. Om livet som skapte. Til og med var det kanskje det livet som no er slokna, som ein gong gav liv til dykk som i dag sørgjer. Kanskje nettopp difor hugsar de eit liv som var fullt av omsorg.
Som eg sa – de er dykk næraste som kjende henne/han vi no tek farvel med.For meg som prest var det eit menneske eg ikkje fekk møte i live.Men de har fortalt litt om det som ligg bak. Teikna nokre strekar av eit bilde som har gjeve meg ei lita aning av det mange år i lag har skapt av fellesskap og dyrebare minner.
No er vi altså her. Med dette kyrkjerommet som ei høgtideleg ramme om eit aller siste farvel.
Eg veit lite om kva forhold den døde hadde til kyrkja og til kyrkja sin Herre. Like lite som eg veit kva kvar av dykk tenkjer om dette.
Men eg veit litt meir om kva forhold kyrkja sin Herre har til den enkelte av dykk.
Det er det same som han har til meg, og til alle andre som ein gong vart døypte til å tilhøyre han.
Difor trur eg vår Herre Jesus Kristus ser på meg, og på deg, slik han gjorde det med ho/han vi i dag tar avskil med. Slik han også ser på dei menneska som myldrar rundt oss i kvardagen der vi bur.
Bibelen brukar eit bilete der menneske vert samanlikna med ein saueflokk. Ein stor og uoversiktleg saueflokk. Slik dei av oss som vaks opp på landsbygda hugsar saueflokkane. Dyr som for oss vanlege ser aldeles like ut. Dyr som går om kvarandre på beitet og er vanskelege å skilje frå kvarandre.
Likevel veit vi at eigarane og gjætarane heldt styr på dei. Kan skilje dei ifrå kvarandre. Og har stor omsorg for at kvart individ skal ha det så godt som råd er. Og ikkje minst – kjem nokon av dei utanfor gjerdet og tek ut på eiga hand, så vert det leita og leita til alle er på plass der dei høyrer heime.
Andaktsordet vi har lese her ved denne kista, er eit ord som set dette i fokus.
Det var altså om gjætaren som hadde hundre sauer, men der éin kom på avvegar. Dei nittini må då passe seg sjølve ei tid mens leitinga etter den eine går føre seg.  Og når den eine vart funnen, utløyste det glede. Og takk!
Av og til er det godt å ikkje kjenne folk. Ikkje vite kva som bur av tankar, ord, eller gode eller dårlege gjerningar, bak alle ansikt ein møter. Det er som med ein stor saueflokk. Mange menneske som synest å vere ganske så like, trass i at det er høgst individuelle og markerte liv bak kvar einaste smil, eller bak kvart einaste ord som vert ytra.
Eg kjenner dykk ikkje. Men eg trur at han som kallar seg sjølv for den gode gjætaren, eller den gode hyrdingen, kjenner deg og meg og alle andre menneske. Slik han kjende dei som har døydd i frå oss.
Og eg er trygg på at han leitar om vi skulle vere utanfor gjerdet. Ved ein avgrunn. På ein blindveg. I ei hengemyr.
Han leitar til han finn oss. Så ber han oss heim på sterke skuldrar.
I møte med døden er det godt å vite om det som ligg i dette håpet som alltid har vore rotfesta i kyrkja som ei felles tru: Vi er ein del av eit veldig fellesskap som er sentrert rundt den kristne dåpen. Der fekk vi del i det vakthald og det tilsyn som den store, gode hyrdingen, Jesus Kristus, står for.
Det er han som vaktar oss med sitt eige liv som innsats. Det er han som alltid ser etter oss. Leitar etter oss, og ikkje slepper oss.
Og når den dagen kjem at det er tid for å bere oss inn gjennom den siste porten til innhegninga, les vi noko om glede. Glede over å kome heim med enno eit menneske som høyrer til i den store flokken.
Måtte vi alle vere ein av dei som Herren Jesus Kristus ein gong kan bere inn til alle dei han ser på som sine. Då vil det verte stor glede.



[1] Gravferd for personar der ein som prest berre anar konturar av livet som var, og dessutan er ukjend med dei pårørande.

lørdag 17. juni 2017

Ein syndfri syndar mellom syndige syndarar.


2.søndag i treeiningstida I. 18.06.2017
Ytre Arna
 
Matt.3,11-12

Døyparen Johannes gjekk rundt i Jordandalen i si kamelhårskappe. Han hadde grashopper og villhonning på menyen, og han forkynte med slik glød og slike store ord at han vart rekna på line med dei store gamaltestamentlege profetane. No samla han store flokkar av tilhøyrarar rundt seg. Dei strøymde ut i øydemarka for å høyre kva denne underlege mannen hadde å seie. Og Johannes nådde inn i det aller inste av desse menneska sine hjarto med det han forkynte. "Vend om! For himmelriket er nær." sa Johannes.

Det var saft i Johannes i omvendingsforkynning. Her var det aldri tale om å lefle med synda. Når han inviterte til dåp, så var det til ein reinsingsdåp for synder; ein dåp som skulle gjelde ein gong for alle og som skulle vise seg i eit nytt og betre liv; eit liv med dei rette omvendingsfrukter. Mange vende verkeleg om. Dei kom til han, og Johannes døypte dei i Jordanelva medan dei sanna syndene sine.

Johannesdåpen er ikkje det same som den kristne dåpen.
Det som hende då Johannes døypte ved Jordanelva er ikkje det same som når vi døyper småborn i våre kyrkjer.
Likevel er det ein viktig samanhang som vi må vite noko om på denne søndagen.
For når Johannes seier han døyper til omvending, altså at han utfører dåp på menneske som er villige til å endre kursen på livet sitt; til å slå inn på ein ny veg, til å vende seg bort frå mislukka liv og gamle synder og nederlag, så er dette eit signal til oss om kva dåp er.

Dåp er noko langt djupare enn ein vakker namneseremoni. Meir enn ein slektstradisjon.
Det handlar om at noko nytt skal skje. Noko som eigentleg er utruleg og bortanfor det vi heilt kan forstå. Slik var det faktisk også der ved Jordan.
Lenge hadde Johannes døyparen drive på med sitt.
Så ein dag løfta han stemma ytterlegare og tok til å tale om noko som snart skulle hende. Snart skulle han stige fram, han som spela ei viktigare rolle enn Johannes gjorde. Snart skulle han openberre seg, han som fylgde etter Johannes. Han som skulle døypa med Den heilage ande og med eld.
Johannes gjorde det som var hans eigentlege kall. Han peika på slektningen sin. På Jesus. Han profeterte om Jesus.
Johannes som altså var son til Elisabeth, slektningen til Jesu mor, Maria. Desse to kvinnene som var gravide med kvar sin historiske son på same tid. Men Johannes kom til verda før Jesus. Eit halvt år. Difor skal vi om ei veke, 24.juni, feire minnet om dette på St.Hans – dagen til minne om døyparen sin fødsel, eit halvt år før Jesus var fødd. St.Hans er akkurat eit halvt år før jul.

Men tilbake til det som hende rundt den vaksne Johannes.
Ein dag skjer det utrulege, der Johannes døparen var i full sving ved Jordanelva.
I køen av syndarar, av løgnarar og tjuvar, av ekteskapsbrytarar og småsvindlarar, av skattesnytarar og valdsmenn, der ser døyparen Johannes slektningen sin, Jesus frå Nasaret, stå. Jesus står i køen av syndarar. Han kjem for å la seg døype av Johannes, av han som døypte dei som ville omvende seg, dei som ville byrja eit nytt og betre liv fordi dei hadde ei fortid som var tilsmussa og flekkete og som ikkje heldt mål i lys av Guds gode vilje og Guds velkjende ti bodord. 

Johannes si buldrande stemme tagna då han såg Jesus. Han steig opp or elvevatnet, sveipte kjortelen av kamlehår betre kring seg, gjekk bort til Jesus, tok han ut or køen og gjekk til sides for å tale alvor med slektningen sin:
"Jesus. Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!" 

Ja, nett slik var det! Ved å verte døypt med Johannes sin dåp til omvending, viste Jesus at han var viljug til å gå inn i Guds plan for sine skapningar. Syndefallet til det første mennesket måtte rettast opp. Difor stod Jesus der. Han som var Guds son. Om han proklamerte Gud med veldig røyst frå ein opna himmel: "Dette er son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede."
Guds son hadde stige ned til menneska. Djupt ned. Frå Guds himmelske rike til vår jord. Til oss menneske. Til syndarane som var samla ved Jordanelva, dette som er jordas lågaste punkt, 400 meter under havet.
Som ein i rekkja av syndarar steig Jesus ut i Jordanelva og vart døypt til omvending. Tilsynelatande fullstendig meiningslaust. Samstundes djupt meiningsfullt. Klårare kunne ikkje Jesus demonstrere kor fullt ut han gjekk inn i våre kår; oss syndarar som han var komen for å frelsa. Han tok syndene våre på seg og steig ut i dåpsvatnet i Jordan.

På krossen demonstrerte Jesus at han var viljug til å døy for oss.
Men ved sin dåp i Jordan viste han at han også var viljug til å leve for oss. Han ville vere som deg og meg. Ein syndfri syndar mellom syndige syndarar. 

Jesus vart døypt. Han let seg døype for å døy for verdens synd. Ved sin dåp helga han alt dåpsvatn. Han reinsa dåpsvatnet i staden for å skitne det til.
Då Jesus vart døypt reinsa han og helga han det vatnet som vi i dag døyper våre born med. Det vatnet som du er døypt i. Kanskje var det her i Ytre Arna det hende?

Også eg vart døypt. Med heilagt vatn. Eg vart døypt til Jesu død. Det store bytet skjedde. Han vart døypt til å dø. Og ved hans død som eg fekk del i gjennom min dåp, fekk eg livet. Evig liv.

Det er om alt dette Johannes vitnar i dag.
Om at Jesus skal kome. Han som er større enn Johannes.
Jesus kom. Han let seg døype då han stod ved inngangen til sitt jordiske virke som Messias.
Gjennom tre år utførte han alt dette vi les om i evangelia.
Til slutt døydde han. Men han stod opp att, og vart teken opp til himmelen.
Det var ved himmelfarten at han som sine aller siste ord uttrykte det som kom fram i preiketeksten sist søndag. Dåpsbefalinga.
«Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk.»

Gjer alle folk til læresveinar, sa Jesus.
Omtrent som Johannes, som baud folk om å omvende seg og la seg døype, for himmelriket er kome nær, som han sa.

«Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande» sa Jesus, og innstifta med det den kristne dåpen som vi i vår kyrkje døyper med.

Denne kristne dåpen er ein dåp der vi trur at vi får det døyparen Johannes profeterte om, nemleg Den heilage ande. Han som fall på læresveinane då synlege eldtunger sette seg på dei pinsedag, ti dagar etter Jesu himmelfart.

Johannes sin dåp var ein omvendingsdåp.
Jesu dåp – den kristne dåpen – er ein frelsesdåp.
Ved å la seg døype med Johannesdåpen viste Jesus at han som var syndfri ville vere som oss syndarar. Han tok på seg og delte det vi alle ber med oss og som vi treng å omvende oss frå.

Når vi så lar oss døype med den kristne dåp, vert alt det Jesus var, og alt det Jesus gjorde, gjeve til oss som ei gåve. Ei frelsesgåve.

Om dette las vi i dag frå Pauls sitt brev til Titus:
«- Han frelste oss ved badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande, som han så rikeleg har aust ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar, …» (Tit 3,5b-6)

Dåpen er eit bad som frelser.
Dåpen er ei handling som har frelse med seg. Gjennom dåpen vert vi frelste.

Eg vil tru at dei aller fleste av oss som er samla her i dag er døypte med heilage dråpar. Slik har vi fått del i samfunnet med Jesus Kristus gjennom dåpen.
I dag lyder eit fornya kall til å fylgje Jesus, han som vier sitt liv til å leve og døy for verdsens synd, til å døy for at du skal få leve. Leve evig.
Slik kan denne dagen her i kyrkja verte ein opptur for deg. 

Ein opptur som eigentleg starta då vi vart døypte. Den gongen lydde det rett nok ikkje noka himmelsk røyst, berre prestens vanlege stemme. Men det presten seier når vatnet er ausa over vårt hovud i samband med dåpen, er himmelsk nok: ”Den allmektige Gud har nå gjeve deg sin Heilage Ande og gjort deg til sitt barn.” 

Jesus delte lagnad med oss, for at vi skulle få dele med han. Han vart døypt. Og sidan drepen. Men han stod også opp frå dåpsvatnet og grava. No sit han ved Faderens høgre hand. Han har gått i førevegen for oss. Her nedanfrå. Og oppover.
Om du skulle kjenne deg langt nede i dag, så vit at når du finn saman med Jesus på den aller lågaste staden, då går det berre ein veg. Oppover. Velkomen til å gå oppover med Jesus!

lørdag 10. juni 2017

All makt



Tenk å ha all makt.
Tenk om nokon verkeleg hadde all makt? Ein president f.eks.
Makt over folket. Over tilsette. Over andre politikarar.
Vi har høyrt om einevaldskongar.
Dei hadde veldig stor makt. Men ein eller anna stad var det alltid nokon som var mektigare. I nabolandet.
  Krig kunne koma og det var aldri sikkert kven som var mektigast.
Vi høyrer om diktatorar rundt om i verda. Dei er mektige innanlands. Men dei har ikkje all makt. I alle fall har dei ikkje all makt i himmelen og på jorda.

Det var det Jesus sa at han hadde.
Han fortalde dette til dei som var hans aller næraste. Læresveinane hans. Dei 12 – dvs dei 11 som var att etter Judas sitt svik.
Det var dei som tilbad han. Med blant desse står det også at det var nokre av dei som tvilte.
Til tilbedande, men også tvilande, nære vener og medarbeidar forkynte Jesus si allmakt.
Det same forkynner han til si kyrkje på denne søndagen.
Til alle oss som er samla her under open himmel, så lyder det at Jesus har all makt i denne himmelen. Slik han òg har det her på jorda der vi har funne vår plass.
All makt.
Tvilar du?
Tilber du?
Jesu aller næraste vener gjorde begge delar. Nokre tilbad. Andre tvila.
Men i Jesu arbeidslag var det likevel rom for alle.
Slik er det framleis for alle som vil vere i fylgje med han. Han som forkynner at han har all makt. Han som beviste makta si ved å sigre over døden. Han som steig opp til himmelen frå denne jorda der han har makt over truande og tvilande sjeler som vil tilbe og ære han.

Jesus vil oss noko i dag.
Han seier noko om at den veldige makt han har, den skal vi støtte oss på. Den skal vi få del i når han er med oss gjennom alt han vil bruke våre liv til.
Høyr difor bodskapen hans:
Gå!
Gå og gjer andre til hans læresveinar.
Skap nye Jesu vener. Ny tilbedarar.
Slike som skal få tru og kvile i hendene til den allmektige. Leve ut ei tru som vert gjeven når vi tek Jesus på ordet og utfører det han ber oss om:
Døyp!
Døyp i Jesu namn. Døyp i den treeinige Guds namn.
Døyp i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.
Døyp borna dine. Gjer det i tillit og tru på den allmektige som vil vere der hjå deg som ber barnet ditt til dåpen. Han vil vere der når barnet veks opp. Når det stig inn i rekkjene av modne vaksne. Når barnet ein gong kan sjå tilbake på eit langt liv og så sit som ein olding og veit at livsklokka ikkje har så mange rundar att før det er stopp. Då vil han vere der.
Han som har all makt, har også makt til å verne om dette livet som var lagt i hans hender ved ein døypefont.

Nokre tvilar. Nokre tvilar på nettopp dette – Jesu makt til å verne og vakte dei han kallar for sine.
Sant å seie er det mange grunnar til å tvile. For vi kjenner sikkert menneskelagnader som ikkje akkurat bar preg av å vere under vern av ei trygg, allmektig gudshand.
Det er godt å lese, midt i dette manande avsnittet som handlar om Jesu sending av medarbeidarar, at det faktisk også står at nokre av hans aller næraste tvilte. Men likevel ville han sende dei ut.
Gå – sa han.
Døyp – sa han.
Og han sa ein ting til; Lær.
Lær dei som de går til. Gje opplæring til dei de døyper. Lær. Undervis. Undervis om kven Jesus er.
  Kva han gjorde. Kva han sa. Kva han baud dei om å gjere.
For i dette ligg det som trengst for å gje trua levekår. Her finn vi grunnlaget for at skeptisk tvil kan transformerast til trygg tru.
All makt.
Jesus forsikrar at han har all makt i himmelen og på jorda.
Heldigvis
  skal han ikkje gje prov på at dette er rett ved å stå fram som ein politisk despot som viser musklar ved militært nærvær eller gjennom økonomisk utnytting av veikare menneske.
Jesus vil vise si makt gjennom sitt nærvær.
Han lovar å være med, alle dagar.
Kanskje ser du han ikkje like lett kvar einaste dag? Kanskje er tvilen større enn trua di?
Ikkje fortvil om du tvilar.
Ikkje gje etter for vantru, om trua er lita.
Sjå heller etter Jesu nærvær i livet ditt. Ta fram dåpsattesten din og vit at dette vesle papiret minner deg om at ein gong hende det som batt deg fast til han som står ved enden av vegen for å helse deg velkomen heim.
Vegen mellom desse to stasjonane ved yttergrensene i livet ditt er brulagd med lovnader. «Eg er med», seier han.
Difor skal du våge seg inn under hans nærvær. Kanskje med tvil. Men endå meir med tilbeding.
Amen.








fredag 26. mai 2017

I himmelen. Midt mellom oss


Søndag før pinse. I – 28.05.2017
Hamre
Johs. 15, 26-27
Jesus er midt i mellom oss på denne gudstenesta.
Vi ser han ikkje. Vi kan ikkje ta på han. Helse han i handa. Føre ein samtale med han. Likevel vågar eg denne påstanden: Jesus er midt i mellom oss på denne gudstenesta.
Det er berre tre dagar sidan den kristne kyrkja feira at Jesus reiste frå oss. Kristi Himmelfartsdag er dagen til minne om dette. Minnet om det som ligg i namnet på dagen: Himmelfarten. Jesus forlèt læresveinane.
Det stod i evangelieorda vi høyrde på Helgetorsdag:
«Etter at Herren Jesus hadde sagt dette til dei elleve, vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Guds høgre hand» (Mark.16,19)
Jesus er altså i Himmelen. Ved Guds høgre hand. Det trur eg i lag med mi kyrkje. Slik vi også uttrykte det i truvedkjenninga som vi sa fram under dåpshandlinga vi var med på nettopp. Men likevel trur eg også: Jesus er midt i mellom oss på denne gudstenesta.
Vi har samla oss til gudsteneste på denne søndagen mellom Kristi Himmelfartsdag, som ligg bak oss, og pinsedag som ligg ei veke inne i framtida.
Vi er inne i ein litt underleg mellomperiode i kyrkjeåret.
Før jul har vi ei førebuingstid fram mot sjølve høgtida. Det er advent.
Før påske har vi tilsvarande veker i fastetida.
Men ikkje framfor pinse som vi no nærmar oss.
Desse ti dagane mellom Himmelfart og pinse er kanskje det næraste vi kjem ei slik førebuande tilnærming til pinsehøgtida. Vi skal ta inn over oss dette som tanken vår knapt kan finne ut av: At Jesus på same tid er den himmelske kongen ved Gud høgre hand, men også den nærverande og levande guddommen som rører ved sine truande med sitt velsignande nærvær slik at vi kan gripe tak i dette mysteriet med trua, utan å kunne føre handfaste bevis for at trua vår verkeleg er sann og reell.
Overtru, kallar gjerne spottarane av kristendommen dette.
Oppspinn og forføring er andre ord om det som er kyrkja si tru.
Slike ord kan vi ikkje nekte nokon å bruke. Det er til og med forståeleg at om ein først ikkje trur, så er nettopp desse sidene ved det som har med Jesus å gjere noko av det som det går an å støyte seg på og å avvise.
Samstundes så må vi som er innanfor kyrkjeveggane våge å nærme oss underet, det underfulle, det som er større enn logikk og tankar, med opne sinn for at kanskje er det noko som er større enn dine og mine tankar og forstillingar. Kanskje har kyrkja noko å gje til dei som kjem hit? Noko som ikkje finst i butikken. Noko som banken ikkje kan garantere for. Noko som ingeniørane aldri kan konstruere eller kjemikarane kan analysere.
Som f.eks dette: Jesus er midt i mellom oss på denne gudstenesta. Sjølv om vi ikkje ser han. Vi kan ikkje ta på han. Helse han i handa. Føre ein samtale med han. Men han er her.
Grunnen til at dette gjev meining, at vi kan tru på det, ja meir enn det, faktisk også erfare det når vi vågar oss inn i det åndelege rommet der han har lova å vere, det er det vi no ventar på. Det vi skal samle oss om når pinsedagen kjem.
Nett no er det slik med vår kyrkje som Grundtvig har skildra det i si mektige pinsesalme (NOS nr. 231,v.1): Apostlene satt i Jerusalem
og ventet på Herrens time…
Vi er samla på Osterøy og ventar – ventar på Herrens time – på at Herren skal velsigne oss med sitt nærvær slik at det vert moglege å tru, også på det som er utanfor fatteevne.
Det er dette evangelieorda til oss på denne søndagen seier noko om: «Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg»
Talsmannen. Sanningsanden. Det er Bibelens ord på det vi til dagleg i vår kyrkje omtalar som Den heilage ande.
Andre gonger kallast Anden for den tredje personen i guddommen, eller den tredje i treeininga. Det er ikkje akkurat enkelt stoff dette.
Ikkje det vi startar med for fireåringane på søndagsskulen.
Men av og til må også dette løftast fram i våre gudstenester slik at vi kan kjenne litt på det som utfordrar tanken vår. Trua vår.
Når Talsmannen kjem…..
Vi er inne i desse siste, få førebuingsdagane fram mot pinse. Det er søndag før pinse i dag. Det er søndagen etter Kristi Himmelfartsdag.
Det er midt i spenninga mellom det at Jesus fòr frå oss, og det at han stadig er nærvarande og midt mellom oss.

Nærværande.
Men altså: Vi ser han ikkje. Vi kan ikkje ta på han. Helse han i handa. Føre ein samtale med han. Likevel vågar eg denne påstanden: Jesus er midt i mellom oss på denne gudstenesta.
Einaste grunnen til at dette gjev meining å seie om ein guddom som sit ved Gud Faders høgre hand i himmelen, det er at det hende i pinsa, det som Jesus sa på førehand, og som han lova: «Når Talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Far, Sanningsanden som går ut frå Far, då skal han vitna om meg»
Talsmannen. Sanningsanden. Den heilage ande. Han kom den aller første pinsa. Vi skal lese og forkynne og høyre meir om det neste søndag, pinsedag.
Men i dag tek vi inn over oss at han er her med eit vitnemål om Jesus.
Eit vitnemål om Jesus som er midt mellom oss i denne gudstenesta.
Er det vanskeleg å tru?
Synest det som overtru når presten forkynner at Jesus er midt mellom oss?
Då håpar eg at vi kan våge å nærme oss pinsa. Nærme oss hovudpersonen i pinsa. Den tredje personen i det vi kallar for den treeinige Gud, nemleg Den heilage ande. Han som Jesus i dag omtalar som Sanningsanden.
For det er han som kan skape denne trua i hjarta ditt. Den trua som vart lagd ned i deg som eit spirande tru då du vart boren til dåpen. Dåp slik vi har vore vitne til det tidlegare i gudstenesta.
I vår nye salmebok har vi ein del salmar av Kristin Solli Schøien.
Men ho har skrive meir enn det som står i Salmeboka. Ei av hennar åndelege viser tek tak i dette vi talar om. Nokre hugsar kanskje desse versa frå hennar hand:
Hvem sier at kirker er tomme?
Gud var i kirken i dag.
Framme i kirkekoret
hørte jeg vingeslag.


Hvem sier det ikke skjer under?
En gang ble vann til vin;
i dag ble vinen og brødet
til frelse for sjelen min.

Hvem sier at Gud bare dømmer?
Jeg møtte en kjærlig Gud.
Han selv ba meg om å komme,
han fulgte meg da jeg gikk ut.

Er ikke det et under
at jeg som er ussel og stygg
og egentlig burde dømmes
får lov til å være trygg?















søndag 21. mai 2017

Framtid og håp



Innsetjing av Børge Ryland som ny sokneprest i Eidsvåg.
Eidsvåg kirke 21.mai 2017. 6.søndag i påsketida
.

Framtid og håp

Det vil eg gjerne seie litt om til deg Børge, når du i dag vert offisielt helsa velkomen til den nye prestejobben du har hatt sidan vi gjekk inn i mai månad.
Det vil eg gjerne seie litt om til Eidsvåg menighet også, som i dag helsar enno ein ny prest velkomen i denne kyrkja som eg personleg er så glad i. For eg var ein av dei to første prestane her den gongen kyrkja var ny. For 35 år sidan.
Gjennom desse åra har mange prestar kome og reist.
Og slik det har vore ved kvar anledning, både då kyrkja vart vigsla og når prestar eller andre medarbeidarar har teke fatt på ei oppgåve, så har ei ny framtid opna seg.
Noko nytt kjem inn. Noko anna enn det ein kjende i fortida.
Kanskje var fortida glansfull og glad? Eller kvistfull og stri?
Uansett kan vi gjere lite med det som no er fortid. Heilt annleis med framtida. Den er urørt. Kva framtida vil føre med seg, veit difor ingen.
Men på den første dagen av framtida, her vi er nett no, så er alt fylt med håp.
Dette vedunderlege, lyse ordet. Håp.
Håpet er ei perle av ei gåve. Ei gåve frå Gud sjølv. Ei gåve som kan løfte og bere. Ei gåve med kraft til dagar når mismotet bankar på kontordøra eller på hjartedøra. Men også ei gåve som kan verke som dynamoen som driv arbeidsdagar og kviledagar inn i eit spor av tru og drivande optimisme. Håpet er skaparens løft til innsats når kyrkja ropar etter dei to klassiske orda for alt som kallast teneste: Be og arbeid!

Det handlar om nettopp dette på denne søndagen.Om bøn. Om å be, og ikkje miste motet.
Om å gripe den veldige gåva Gud rettar ut. Han lova det gjennom profeten Jeremia til eit Israel som levde i fortviling, lengt og depresjon der heile folket var ført i eksil til Babylonia. Vi skal snart lese nettopp denne teksten som ein av  bibeltekstane som er ein del av gudstenesta i alle landets kyrkjer i dag.
Til dette folket lovar Gud: «For jeg vet hvilke tanker jeg har med dere, sier Herren, fredstanker og ikke ulykkestanker. Jeg vil gi dere fremtid og håp.» (Jer.29.11)
Kjære Børge. Kjære Eidsvåg menighet.
Lytt til løftet. Løft blikket. Sjå framover i lag.
Børge – du går inn i ei ny teneste som sokneprest i Eidsvåg. Det er di ukjende framtid. Det er gåva frå Gud. Fylt av håp!
Eidsvåg menighet får ein ny medarbeidar i dag. Ei ny framtid reiser seg. Børge er Guds gåve til dykk i dag.
  Fylt av håp!
Ordet frå Gud er ord til oss alle på denne dagen: «For jeg vet hvilke tanker jeg har med dere, sier Herren, fredstanker og ikke ulykkestanker. Jeg vil gi dere fremtid og håp.»
Eg ynskjer deg, Børge, til lukke som ny sokneprest.
Eg ber deg no om å knele på altarringen som vi kan få leggje deg og di teneste fram for Gud i bøn.







Bloggarkiv