mandag 6. april 2020

Engelen styrkte han


Nykirken. 07.04 2020.
Bønn/Andakt for Bjørgvin bispedøme. Streaming.
Luk. 22, 29-44 (Getsemane)

Den stille veka.
Men meir stille enn nokon gong. Heimeliv. Hytta er lenger borte enn vi synest om. Isolasjon for nokre.
Men største problemet vårt nett no er likevel noko anna. Dette at inni i oss er det så mykje angst og uro. Vi maktar ikkje å kvile i stilla. Den usynlege fienden har skaka oss.

I Jerusalem var det desse dagane fokus på Jesus. Gjennom år hadde han gått rundt i det heilage landet. Halde store talar for veldige folkemengder. Gjort under og teikn. Lækt sjuke. Til og med hadde han vakt Lasarus opp frå døden.

For nokre dagar sidan kom han til Jerusalem, ridande på eselet, mens folk hylla han.
Knapt nokon hugsa orda han ein gong sa - at han snart skulle lida. Døy. Stå opp.
Og om dei hugsa, så forstod dei ingen ting. Ikkje ein gong venene hans forstod.

Det er nesten så vi som lever i dag må lure: Forstod Jesus sjølv?
For rett etter innstiftinga av nattverdmåltidet på skjærtorsdag møter vi Jesus og læresveinane hans i Getsemane.
Les: Luk 22, 39-44
Kjære urolege medmenneske. Kjære truande kristne. Vi skal inn i påskehelga no.
Redde, vi og. Vi ropar som Jesu gjorde: «- ta dette begeret frå meg!»
For slik Jesus hadde det i Getsemane, slik kjenner også mange truande på at Gud synest så lengt borte i det vi opplever denne påska.

Visste ikkje Jesus kva som venta han?
Han hadde på førehand tala tydeleg nok om at Menneskesonen skulle lida. No var tida inne.
Det vart tøft – også for Jesus. «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil.»
Jesus forstod at det venta han noko tungt og vanskeleg. Difor bar han fram si klage til sin himmelske Far. Han ropa ikkje på noko forklaring, han tømde berre ut sin angst.

Vi som skal feire påske om nokre dagar skal gjere som Jesus gjorde:
Vi skal få rope ut vår naud.
Og vi skal merke oss kva det står: «Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.»
Vent på engelen, du også. Han skal du også møte att når sola renn påskedagen. Der vil han vere ved den tomme grava. Han skal vitne til oss frå Gud: Jesus lever.
Det er vårt håp når vi meir bokstavleg enn nokon gong til no i våre liv kjenner på at vi er i lag med Jesus i Getsemane.
Difor ber vi om at vi også må få oppleve dette:  «Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han»
AMEN

mandag 9. mars 2020

Guds finger II



3. s. i fastetida I  - 15.mars 2020
Salhus
(Lett omarbeida preike frå 2014)
Luk. 11,14-28

Øde vidder, eller [som det eigentleg står på gresk - άνύδρων - ] det som er uttrykt i den nynorske bibelomsetjinga: Tørre vidder, og endå betre, slik det stod i den nynorske omsetjinga fram til 2011-utgåva av vår Bibel kom: Vasslause vidder.
Der kan den ureine ånda hamna, les vi.
Eg synest uttrykket «vasslause vidder» kling veldig flott.
Eg vil bruke det fleire gonger i denne preika.

Når eg høyrer desse to orda: «vasslause vidder», ser eg for meg eit lite innbydande landskap.  Ein stad på grensa mellom ørken og sumpland. Ikkje heilt tørt. Men med enkelte blaute pølar med giftig, stinkande veske. Udrikkande og livsfarleg. Flatt og varmt. Over slike vasslause vidder flakkar dei vonde åndene som Jesus talar om.

Om det verkeleg finst slike vasslause vidder nokon stad, eller om dette er eit fantasibilete, skapt i teikneseriar, det spelar inga rolle. For Jesus brukar eit bilete på det totalt ugjestmilde. På staden der ingen kan leve. Ikkje ein gong dei ureine åndene. Demonane.
Men vondskapen som er driven ut i dette dødens landskap søkjer seg betre tilhaldsstader. Den vonde ånda hugsar betre tider og seier: «Eg vil fara attende til huset mitt som flytte i frå.»

Vondskapen har ein bustad. Eit hus. Demoniet er å finne på ei adresse. Dersom då ikkje nokon tek opp kampen mot "vondskapens åndehær i himmelrommet" (Ef.6,12) og set djevelen på porten.

I dag handlar preiketeksten nettopp om dette. Om at det er mogeleg å kjempe mot det vonde og å vinne over det. Men det handlar om meir. Det dreiar seg òg om å vere åndeleg vaken; om å vere så pass medviten at vi syter for at den vonde ånda som vender attende frå flakking over vasslause vidder, aldri vil finne eit tom hus der det berre er å flytte inn i lag med endå verre selskap enn det denne vonde ånda sjølv utgjer.

Vi har kasta dei vonde åndene på dør! Vi vil knapt nok ta ordet «vond ånd» i vår munn. Tekstar i Bibelen, som den vi møter på denne 3.søndagen i faste, vil vi helst hoppe bukk over, eller ta ein elegant sving utanom.
Dette er noko som Jesus var nøydd å ta opp i si samtid, men i dag, to tusen år seinare, veit vi betre enn som så. Demoni dyttar vi kjapt og enkelt over til psykologane og psykiatrane. Slikt teier ein moderne teolog om i eit moderne norsk samfunn.
Vi har vaska ut dette rommet. Lufta og gjort reint.

Men kva har vi fylt opp med i staden?
Står det berre att eit tomt rom? ”Feia og pynta”.
Lar vi oss bedra til å tru at ånda frå dei vasslause viddene ikkje flyttar inn att med sitt utrivelege selskap, så snart ho berre får sjansen?

Kanskje skulle vi akkurat i dag, på denne 3.s. i faste, filosofere litt over det uttrykket som Jesus brukar. Han snakkar om at den vonde ånda leitar etter ein stad å bu, og at ho kjem tilbake der ho ein gong var. Ho "-finn det feia og pynta" og flyttar inn.

Når det er feia og pynta, då er det av og til heilt tomt.
Eller det kan vera sterilt og nærast livlaust.
Er det slik det er i livet til mange av oss? At det er tomt?

Mange har gjort alt grundig reint; dvs. dei har kasta ut gamaldags moral og tankegods frå fedre og forfedre. Kyrkjegang på søndag, heilaghalding av kviledagen, bordbøn og kveldsbøn forsvann samstundes som ein også kasta på dør tankar om at kortspel og dans var dei største syndene i livet.

Kanskje kasta vi barnet ut med badevatnet?
Kanskje har vi vore så ivrige etter å unngå å verte sett i bås med trongsynte, rettruande at vi har feia ut det meste. Det er feia og pynta i livet. Eller det er aldeles sterilt. Ingen får sleppe til for å smitta meg.
Vi får av og til inntrykk av at å påverke borna og dei unge med kristen forkynning er omtrent like skummelt som viruset så mange er livredde for akkurat no. Difor høyrer ein ikkje ei andakt eller ei preike, like lite som ein høyrer eit manande foredrag av ein politikar som ynskjer at eg skal engasjere meg i samfunnet.

Det er godt for alle som har eit hus å bu i om det er reint, feia, pynta og fjelga i heimen. Men om vi legg same målestokk på livet vårt, då kan det gå reint ille.
Vi kan tømme ut og reinske bort så mykje, at det vert ståande att eit tomrom som må fyllast med eit eller anna. Vi kan skapa eit åndeleg vakuum rundt oss som rett og slett må fyllast med noko.
Influensarar er det ein del unge menneske som kallar seg. Dei poppar opp der unge menneske i dag søkjer informasjon og inspirasjon. Dei har makt. Dei påverkar. Dei fyller tomrom. Eg påstår slett ikkje at dei er vonde, desse unge influensarane. Eg trur ikkje det er vonde ånder som driv dei, Men det er verkeleg mykje tomgods dei presenterer som viktig.
Tenk om det kunne dukke opp kristne influensarar som fekk millonar av Likes ved å skrive om Kristus i staden for om kosmetikk?

Uansett skal vi tenkje over at den vonde sjølv er ute for å fylle opp. Han vil ha hus og heim i ditt og mitt liv. Han flyttar inn på dagen om han får sjansen. Ikkje i form av ei teatralsk demonbesetting. Men på ein raffinert måte, umerkeleg både for oss sjølve og for andre.

Det er kamp om mitt og ditt liv. Ikkje lat som om du ikkje merkar det. Det var ikkje utan grunn at Jesus sjølv i Herren bøn lær oss å be med desse orda: «Lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde»
Slik skal vi be fordi den vonde er ute etter å få herredøme over deg og meg.
Det er kampen om dette herredømet som er det eigentlege sentrum denne kyrkjesøndagen. Kampen mellom Jesus Kristus og Satan sjølv.
Vi kan kvie oss for å innrømme det, men det er i flg. Guds ord ikkje noko mindre som står på spel.
Og det finst ikkje noko nøytral mellomstilling, slik vi så gjerne ynskjer å tru.
Jesu eigne ord frå teksten i dag står der og lyser som ein neonreklame:
"- Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier."

Det nøytrale, det tomme, det sterilt reine, er eit bedrag i denne samanhang.
Vi må fylle opp våre tomme rom, slik at ikkje vondskapen og ureinskapen og djevelskapen flyttar inn der tomrommet står og ventar på å bli fylt opp.

Difor er det i dag ein veldig styrke i å feste seg ved at du og eg får hjelp til å hugse at vi tilhøyrer ein som er sterkare enn Satan. Vi er døypte for å tilhøyre den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus. Vi har hans eigedomsmerke, krossteiknet, på oss. Difor skal du vite at du er hans.  Difor gjeld det i denne fastetida: Lat han fylle deg med sin Ande og si kraft. Lat det som er tomt i livet ditt vere ope for Jesus.  Sei nei til freistaren, og ta heller tak i handa til han som er sterkare enn freistaren.

Vi song nokre vers av ein pinsesalme like før denne preika i dag. Innhaldet i denne salmen gjev djup meining i høve til det vi no snakkar om:

Vår fiende, jag ham langt på flukt,
gi fred og troens fagre frukt,
og la oss alle, store, små,
i sjeleomsorg hos deg stå! 
(NoS 512. v.5)

I vår kamp mot fienden, den vonde, og mot dei vonde åndsmaktene som kjempar om herredømet i våre liv, møter vi i dag altså Jesus som tok opp kampen. Det var ein kamp som vart ført på vegne av oss alle. Vi har lese korleis han dreiv ut den vonde ånda frå den mållause mannen. Og i det som hende i den samanhang, skal vi merke oss Jesu retoriske utsegn:  ”Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja då har Guds rike nådd fram til dykk."

Guds finger!
Det er nettopp Guds finger vi skal sjå etter. Den Guds finger som har så stor styrke og kraft at eit lite vink med fingeren er nok til å vippe all vondskap av pinnen.
Guds finger peikar ut vegen mot dei vasslause viddene for dei vonde åndene. Dit skal dei fare. Der skal dei flakke. Der skal dei halda seg utan rast eller ro, og dei skal aldri flytte inn att og slå seg ned i ditt eller mitt liv.

Guds finger peikar deretter på Jesus Kristus. Med skapande kraft teiknar fingeren opp Jesu frelsarverk for oss. Vi ser hans kamp mot all vondskap og synd. Vi ser kor tung kampen er. Vi ser ein frelsar som lyt tole kross og død og grav. Men Guds finger er der heile tida. Hans finger veltar bort steinen ved inngangen til Jesu grav. Vi ser inn på vitnemålet om han som har sigra over det vonde og over den vonde.

Det er Guds rike vi ser inn i. Guds rike har kome til oss. Guds rike der det gode vann over det vonde. Der all djevelskap har vike plass.

Jesus løftar opp Guds finger mot oss. Meir skal det ikkje til før vondskapen har tapt. Det er denne bodskapen  som skal fylle hjarto våre og sinnet vårt i dag.  For når vi er fylte av glede over Jesu kraft og Jesu siger i våre liv og for våre liv; når han flyttar inn i våre liv og i våre hjarto, då er det ikkje att noko feia, pynta og fjelga tomrom der ubedne gjestar frå aude, vasslause vidder skal flytta inn.

 AMEN

torsdag 27. februar 2020

Mat, mirakel og makt


1.s. i fastetida. I – 01.03.2020
Arna
Matt, 4,1-11

«Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.»
Jesu fastetid i 40 dagar i øydemarka, åleine med Gud, var ei direkte følgje av det vi kan lese om i linjene rett føre vår preiketekst frå starten av kap. 4 i Matteusevangeliet. Kap.3 i same evangelium sluttar nemleg med forteljinga om Jesu dåp. I det vi kan lese om Jesu dåp, ser vi m.a. at Jesus får Den Heilage Ande som ei gåve frå Gud Fader sjølv. Den treeinige Gud openberrar alle personane i guddommen samstundes ved Jesu dåp. Vi møter Jesus; vi ser Anden kome ned frå himmelen som ei due, og Guds røyst lyder frå skya.

Og denne viktige hendinga, som eigentleg fortel oss korleis Jesus, ved å verte døypt, går inn under menneskelege kår; han vert som ein av oss vanlege syndarar; denne hendinga fører altså direkte vidare til det vi les om i dag: «Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka»

Den Anden som Jesus fekk ved dåpen, er det som fører Jesus ut i øydemarka for at han skal faste, for at han skal vere nær sin himmelske Far og førebu seg på prøvingane som ventar han.

Og han hadde grunn til å førebu seg. For det var store prøvingar han gjekk inn i då dei 40 dagane og nettene var til ende.  
For då var han straks på pletten. Han som er vond og sløg som slangen. Djevelen sjølv. Men taktikken til djevelen er heldigvis grundig avslørt alt på Bibelens første sider. Heilt frå vi møter han når han lokkar dei første menneska, Eva og Adam, til fall, og tvers gjennom alt vi les i Bibelen, så trør Satan dei same stigane.

I gudstenesta i dag har vi alt lese om korleis djevelen skapte seg om til ein slange som smaug seg inn i Paradis og førte Adam og Eva utfor stupet. Tilsynelatande uskuldig nærma han seg dei første menneska. Lokkemiddelet hans var enkelt, men utspekulert:
- Smak og et!   - de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt. (1.Mos.3,5)

Den første freistinga gjekk på at mennesket ville verte som Gud.
Dei ville unngå døden. Dei lytta til djevelen som laug: "De slett ikkje til å dø" sa han. Men ved å ta djevelen på ordet, i staden for å lyde Guds påbod, var det nettopp døden som vart resultatet, ikkje berre for Adam og Eva, men for heile menneskeslekta som vart deira etterkomarar.

”- No såg kvinna at treet var godt å eta av, og og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så tok ho av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt.” (1.Mos.3,6)

Tilbake til Jesus i teksten vår i dag.
Han er i same situasjon som Adam og Eva. Freistaren smyg seg innpå han. Men no er Jesus trøytt og utmatta etter lang faste. Djevelen veit at Jesus er svolten. Han lokkar ikkje med frukt. Men med brød. Dvs., han lokkar med Jesu allmakt som kan skape om steinar til brød for ein svolten mage.
 
I denne situasjonen er det at vi ser kva som bur i Jesus. I motsetnad til dei første menneska, som vart lokka i djevelens felle, så maktar Jesus å avvise djevelens freisting.

På første søndag i faste står den kristne kyrkja opp for å sjå djevelen i kvitauga. Vi vil freiste å finne ut kven det er som utfordrar Jesus og alle hans tilhengjarar så kraftig. Kven er som byd opp til kamp?
Djevelen er ingen mann med horn og geitefot. Han svingar ikkje djevelgaffelen over hovudet. Rett nok står det i skrifta at ”Motstandaren dykkar, djevelen, går omkring som ei brølande løve og leitar etter nokon å sluka.” (1.Pet. 5,8)

Men djevelen, det er han som lokkar med alt som tilsynelatande er godt og positivt.
Han lovar mat, mirakel og makt i møte med ein svolten og utsliten Jesus.
Tre gonger gjekk djevelen i nærkamp med Jesus. Tre gonger gjorde han freistnad på å lokke Jesus inn i si teneste. Tre klassiske feller stilte djevelen opp for Jesus.

Først var det maten. Den svoltne Jesus skulle gjera steinar til brød og ete seg god og mett.
Djevelen vart avvist av Jesus.

Dinest var det mirakelet som den vonde lokka med. Han ville ha Jesus til å kaste seg utfor tempelmuren, for at englar skulle kome og bere han på hender.
Framleis var Jesus avvisande.

Den tredje fella til djevelen var makta: All verdens rike og deira herlegdom skulle Jesus få om han tilbad Satan.
Vekk med deg! var Jesu klåre svar.

Mat - mirakel og makt.
Freistingar som ville lokka dei fleste av oss til fall.
Men Jesus stod fast. For han visste kva det heile dreia seg om. Han visste at her stod det om å unngå Adam og Evas grunnleggjande feilsteg - det som førte død og fortaping med seg. 
Den forførande djevelske røysta som til og med nytta Guds ord som lokkemiddel, den måtte avslørast med det same middelet: Gud ord.
Difor var Jesus kontant og krystallklår: "- Det står skrive" eller: "Det står òg skrive.."
Jesus hadde det rette svaret å møte den vonde med:
"Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn".

Eg trur at djevelen i dag gjerne vil stengje utsynet vårt til lidande menneske rundt om i verda. Akkurat no har ei heil verd fokuset retta mot eit virus som skapar frykt og uro hjå mange. Det skulle berre mangel om ikkje styresmakter og helsevesen tar dette på alvor.

I Kina har det på to månader døydd ca 1350 menneske av Coronaviruset.
Det skaper panikk og mediestorm over heile verda.
Samstundes døyr 24.000 menneske av svolt, kvar dag.
Av desse er 3 av 4 born under 5 år. Nesten ingen skriv om dette i media.

Vi må spørje: Er det djevelen som har fått oss til å vere så passive at vi tilsynelatande nesten ikkje gjer noko som helst for å betre deira kår som svelt, eller for å dempe konfliktar mellom rike og fattige?
Er det fordi svolt ikkje er noko som rike døyr av? Er det difor vi uroar oss grenselaust for eit virus, mens det døyr ca. tusen gonger fleire pr. dag av svolt?

Djevelen vil ikkje at vi skal sitje att med ein dårleg smak eller kjenne på at livet vårt har gått sund. Men om han kan få oss til å leve slik at livet for mengder av menneske andre stader brotnar i hop, då har djevelen likevel vunne ein stor siger. Om vi kan leve slik at vi med vår levemåte provoserer dei fattige til opprør, motstand og terror, til at krigar vert utløyste, og miljøet og klima vert øydelagd, då kan den vonde smile til slutt.

I dag er vi komne til Guds hus, ikkje for å la oss vippe av pinnen av vår vonde motstandar.
Men for å la oss inspirere til å leve slik han viste at vi kan gjere det, han som ikkje let seg freiste – Jesus Kristus.

Vi må våge å seie nei til det som fortener eit nei. Vi må innrømme at vi er svake i vår vilje, at vi av vond røynsle veit at det er lett å gje etter for noko vi seinare vil angre på. Det gjeld å lære seg sjølv å kjenne på godt og på vondt.

For mange er det kanskje lett å hoppe forbi freistingane, mens andre høyrer den lokkande røysta som eit ekko frå Paradis: ”Smak og et”.
Lærdom frå den gongen er nyttig å ta med seg. Forboden frukt smakar kanskje godt der og då. Men som i Paradis: Forbanninga kan verte følgjesveinen om ein let seg lokke. Difor må vi be om mot og kraft og visdom og Ande til å seie nei til djevelens lokkemat.

Vi står ved inngangen til fastetida. Frå kyrkja kallar vi menneske til å følgje Jesus tett gjennom denne tida. Vere nær når han kjempar mot den vonde og mot freistinga. Og vite at den sigeren han vann, den skal vi få del i.

Vi vil kome til å falle der Jesus stod fast. Men fordi han stod fast og ikkje fall, så kan vi som trur på han og lever nær han; vi kan stole på at det finst nåde og tilgjeving og oppreising som vert retta ut mot falne menneske.
Når freistingane vert for store for deg og meg, då skal vi vite at han som ikkje fall står ved sida vår, reiser oss opp etter fallet og fører oss vidare.

Vår bøn til han, i fastetida, og kvar dag i året, har han sjølv lært oss:
”-lat oss ikkje koma i freisting, men frels oss frå det vonde”.  
AMEN

fredag 14. februar 2020

Det skremmande og fasinerande mysteriet


Kristi forklåringsdag, I. 16.02.2020
Biskopshavn
Matt. 17, 1-9

Det er lenge sidan eg var teologisk student. Kanskje er det difor at eg enno hugsar første gongen vi lærte å forstå eit uttrykk på latin. Eit av faga vi fekk opplæring i den gongen eg tok mine første steg inn i den teologiske verda, var læra om dei ulike religionane. Der var det eit viktig begrep på latin som vi måtte dukke ned i, utan at vi hadde lært noko om sjølve språket det var skrive på. Det var desse orda:
”Mysterium tremendum et fascinosum”
(Rudolf Otto: «Das Heilige»)

Uttrykket er ei skildring av det som ligg i fenomenet religion, av religiøs erfaring, av nærleik til det guddommelege.
Orda betyr ”Det skremmande og fasinerande mysteriet”.

Det er ei utruleg god samanfatning av kva det handlar om når vi nærmar oss det guddommelege. Det er skremmande og fasinerande.

Slik opplevde dei nok hendinga på fjellet, dei som var der i lag med Jesus og som fekk sjå Jesu herlegdom. Peter og Jakob og Johannes var høgt oppe i denne samanhangen. Dei var høgt til fjells. Og dei opplevde det som svenskane ville kalle for en ”höydare” i det dei så langt hadde vore med på i si læretid saman med Meisteren.

Seks dager senere tok Jesus med seg Peter, Jakob og hans bror Johannes og førte dem opp på et høyt fjell, hvor de var alene.  Da ble han forvandlet for øynene på dem. Ansiktet hans skinte som solen, og klærne ble hvite som lyset.
Dei fekk ein glimt av Jesu guddom. Ikkje noko mindre.

Og alt hende på fjellet. Der Bibelen fortel oss at Gud kjem ned og stig mennesket i møte.
Gud møtte Moses på fjellet. Gud møtte Elia på fjellet.
Vi skal merke oss kva som hender på fjellet – nemleg at Gud openberrar seg for oss menneske her. Ikkje alltid synlege og tydeleg openberringar, men fleire stader i Bibelen les vi om delvise openberringar, oftast ved at utvalde personar får høyre Guds røyst. Røysta kjem som regel får ei sky eller ut or ei skodde som hyller inn fjelltoppen. Slike openberringar kallar teologane med eit framandord for teofaniar – det betyr gudsopenberring.

I lag med Peter og Jakob og Johannes kjem Jesus ved denne anledninga så nær læresveinane sine at den guddommelege glansen smittar over på dei.
Læresveinane ser Jesus. Men dei ser han ikkje som kvardagsmannen, snikkarsonen frå Nasaret. Han som hadde hus i Kapernaum. Han som gjekk rundt i same kvardagskleda som dei sjølve gjorde.
Brått framstår Jesus slik han var i opphavet, saman med Faderen, ein stad i det evige. Det vert synt fram eit glimt som viser litt av det som var før Jesus vart menneske.
Og av slik det skal vere når menneska kjem i Guds rike, og vert han like.

Jesus er så nær at det er råd å begripe at bak det vi ikkje fattar og forstår, der er han som er større enn oss. Der er Gud. Gud som skapte i opphavet. Gud som steig ned og vart menneske då Jesus vart fødd inn i vår verd.
Gud, han som er meir enn oss. Han som gjev loven gjennom Moses. Han som forkynner sin vilje til oss gjennom heilage profetar, representert på fjellet gjennom Elia som er ved hans side.

I lag med gudsmenn frå GT som ingen hadde høyrt frå på uminnelege tider, står Jesus der i det skinande lyset. No handlar det ikkje om loven eller om profetane. Her er han som er evangeliet. Den gode bodskapen. Jesus Kristus. Her vert han presentert av Gud sjølv. Løyndomsfullt, or skya talar Gud til læresveinane, men også til oss.

Vi ser han ikkje. For guddommen er ikkje for våre augo. Det guddommelege vert for oss openberra gjennom ord: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede. Hør ham!»
Men lysglansen frå Jesus vert snart borte. Røysta frå himmelen tagna.
Likevel: Det veldige som læresveinane fekk oppleve gjorde dei audmjuke, redde og underdanige. Det står at i møte med desse sterke opplevingane, så kastet de seg ned med ansiktet mot jorden, grepet av stor frykt”.
Jesus læresveinar hadde fått eit møte med det heilage, med det guddommelege. Dei opplevde
”Det skremmande og fasinerande mysteriet”.

Slik er det å kome nær det guddommeleg for eit vanleg menneske. Det vert for sterkt. Til og med Jesu aller næraste vener tolte ikkje det veldige dei fekk sjå. Dei kasta seg ned etter å ha sett den gamle og den nye pakt møtast på fjellet i guddommeleg glans.

Matt 17:7-8:  Men Jesus gikk bort og rørte ved dem og sa: «Reis dere, og frykt ikke!» Og da de løftet blikket, så de ingen uten Jesus alene.
Det var ikkje meir enn dette dei fekk sjå. Eit kort glimt av Jesu herlegdom. Ei kort vitjing av Bibelske personar som kom frå Guds æve og inn i deira tid. Berre små glimt.
«-Og da de løftet blikket, så de ingen uten Jesus alene.»
Det var over. No skulle dei ned att frå fjellet.
Det er der vi er nett no. Slik vi oftast er det. Nede i låglandet.
Men vi som har funne vegen inn i Biskopshavn kirke denne vinterdagen, vi skulle ta med oss viktige ting etter å ha høyrt om denne hendinga.

Først: Trua vår handlar om at vi stig nær eit mysterium. Å nærme seg den heilage Gud, å våge å feste blikket på det guddommelege, er å stige ut or kvardagen. Det er å gå steg som løftar oss høgare opp. Kanskje er det tungt å gå i motbakke av og til, trua sin motbakke. Men vi veit at når vi har forsert tunge brattheng og steile skråningar, så ventar det strålande utsyn frå fjelltoppen.

Som kyrkjelyd og som enkeltkristne skulle vi i sterkare grad søkje mot det guddommelege, mot det vi ikkje forstår og enno ikkje har sett fullt ut. Mot det vi anar er der, men som vi ikkje heilt har ord for å skildre. Skal vi våge å kalle det for det heilage? Eller rett og slett mysteriet? ”Troens mysterium”?

”Det skremmande og fasinerande mysteriet”.
Det heilage mysteriet er ikkje berre fasinerande. Det kan også verke skremmande. Skremmande fordi når vi syndige menneske kjem tett inn på det guddommelege, då vert nettopp vår syndige side avslørt.
Då er det utruleg sterkt å sjå det reine, det lyse, det skinande, i kontrast mot alt i meg sjølv som er tilsmussa, mørkt og falleferdig.

Det er ikkje tilfeldig at alle stader der vi les om liknande episodar som den vi har hatt i sentrum frå Bibelen i dag, så endar det med at menneska som møter det heilage vert slegne til jorda. ”(de) kastet seg ned med ansiktet mot jorden, grepet av stor frykt
Skremmande og fasinerande.

I skjeringspunktet mellom desse motsette røynslene av det heilage, av Gud sjølv, der lyser Guds nåde aller klårast mot oss.
Det er forferdeleg for ein syndar å falle i hendene til den heilage Gud.

Men det er den same Guds hender som kan reise opp den som ligg nede, som kan fri oss frå angst og uro, som kan vise oss kva som hender når vi har opplevd det som er skremmande, slik Peter, Jakob og Johannes opplevde det:
Jesus gikk bort og rørte ved dem og sa: «Reis dere, og frykt ikke!» Og da de løftet blikket, så de ingen andre enn ham, bare Jesus.»
Han som er høg og heilag, han som talar or skya, han som er Gud og som let sin guddom skine gjennom Jesu ansikt, han kan nok slå oss til jorda. Men denne Gud kan også vise oss det vi treng å sjå for at vår redsle kan vike, og våre lengsler kan fyllast. Han vil vise oss Jesus åleine. Difor, når vi ser han, kan vi med rette syngje: ”Deg å få skode er sæla å nå”

Vi skulle våge oss nærare inn på dette mysteriet. Ta slitet med og gå trua sine motbakkar mot fjelltoppen, dit vi kan vere åleine med Jesus. For det står faktisk at det var litt av poenget med fjellturen.

Slik det også står at Jesus på veg ned frå fjellet bad læresveinane om ikkje å snakke om det dei hadde opplevd av store ting, ikkje før seinare.
Dette siste er også eit poeng vi ikkje skal oversjå. Mange har lurt på kvifor Jesus ikkje ville at dette skulle snakkast om, før etter hans død og oppstode.
Noko sikkert og godt svar på spørsmålet har vi ikkje.

Men kanskje kan vi som lever i ei tid der vi har lett for å stige over grenser mellom det intimt, private, og det som er offentleg, tenkje over: Er dette eit teikn på at vi lever i ein kultur i oppløysing?

Eg tenkjer at det i alle menneske finst opplevingar, ikkje minst av åndeleg karakter som skal forvarast i det løynde, som ikkje skal brettast ut for kven som helst. Difor er det av og til godt å søkje inn i det stille rommet. Inn i det meditative, inn i retreaten, der vi kan vere åleine ei stund i lyset frå Jesus, og vere så stille at vi kan høyre den stemma som peikar på Jesus: «Dette er min Sønn, den elskede, i ham har jeg min glede. Hør ham!»
Høyr han!

Det er dit vi må kome. Inn i stilla og det ettertenksame, der Ordet lyder, der Jesus talar, der mysteriet blenkjer slik at trua kan sjå og gripe tak.
Det kan være skremmande. Men også fasinerande.
Og synet av Jesus vi då får sjå, kan vere aldeles overveldande.
AMEN

lørdag 8. februar 2020

- du passer perfekt i Guds hånd


Innsetjing av to prestar, Eidsvåg kirke 09.02.20. Såmannssøndag.
Aage Mjeldheim, sokneprest.  -   Martin Nørremark, kapellan.

Kjære Eidsvåg menighet.
Kjære Aage. Kjære Martin.

Dette er ein veldig spesiell dag for Eidsvåg menighet. Så vidt eg veit har det ikkje hendt før at to prestar på formelt vis er blitt innsette på same dag i denne kyrkja.
Vi kjenner rett nok deg, Aage, godt no. Du har vore mellom oss lenge, men først i dag kan vi helse deg velkomen mellom oss som fast tilsett sokneprest. I den tida du har vore konstituert i denne stillinga har du fått mange vener her i denne kyrkja. Vi veit kven du er. Vi veit kva du står for, og hadde vi vore små born kunne vi stemt i barnesongen der omkvedet lyder slik:
«Du er du og du duger,
ja, du passer perfekt i Guds hånd»

Aage, det var aldri tvil om at du skulle bli fast sokneprest i Eidsvåg. Du duger! Lukke til!

Sant å seie er dei fleste som er her i dag, meir spente på kven den nye kapellanen vår er.
Martin, vi har venta lenge på deg no.
Du har gjort eit stort oppbrot i livet ditt. Frå Danmark har du tatt med deg kona di og dei to borna dine, og alt du eig og har. Med danskebåten kom du og dine seglande hit til byen vår for ei veke sidan. Du har fått deg norsk personnummer og norsk mobiltelfonnummer. Du må selje den danske bilen din og kjøpe deg ein svensk bil med norske skilt. Så er du klar til å bli kjent med norsk kultur, med norsk språk og med norsk kyrkjeliv.

Det blir masse nytt for deg. Det blir mange utfordringar. Og vi som allereie før denne dagen i dag har rukke å helse på deg, har lært så pass om deg at vi forstår at du med stort frimot vil ta fatt å lære deg alt dette nye på kort tid.

Du er dansk. Du skal få lov å vere dansk mellom oss. Nordmenn og danskar har som kjent eit langt og djupt fellesskap som eitt folk. Eg håpar av vi her i Eidsvåg vil demonstrere for deg og din familie at vi framleis kan leve som eitt, og at du etter kvart vil bli ein så integrert del av Eidsvåg menighet at ingen vil reflektere over dette. 

Vi skriv difor litt om på den norske barnesongen, og ynskjer deg velkomen med desse orda:
«Du er dansk og du duger,
ja, du passer perfekt i Guds hånd»

Vi ynskjer to prestar velkomne på såmanssøndagen.
Det er Martin som i dag skal forkynne for oss alle om såmannen, og om såkornet.
Kva Martin har på hjarte om såmannen og om såkornet vil vi snart få høyre.
Men om både Martin og Aage ser eg for meg dette som vert uttrykt i den enkle, norske songen som mange av barnekora våre syng: «Du passer perfekt i Guds hånd»

Eg ser for meg at på same måten som såmannen tar kornet, altså Guds ord, i handa si og sår det ut slik at det skal bere frukt, slik har Gud også desse to prestane i si hand.

Guds hand sår, eller plantar, dykk to i dag i jorda her i Eidsvåg.
Og så skal de to, på kvar dykkar måte, vere såmenn som skal forkynne Guds ord.

Aage: Du skal tru at den gode jorda, den finn du her i Eidsvåg. Så skal du rikeleg forkynne. Du skal med forventning og spenning sjå fram til det bibelteksten i dag omtalar som fullmoden frukt. Kvil i prestegjerninga di. For: «Du passer perfekt i Guds hånd»

Martin: Både i Eidsvåg, og i Biskopshavn, der du også skal gjere ein del av di prestegjerning, der fins det rikeleg med god jord. Her finn du mange menneske, born, unge, vaksne og eldre, som alle har eit fint og godt hjarte.
Du skal så. Du skal gje dei Guds ord. Gjer det på din måte. Bruk gjerne dine danske ord, for vi forstår dei. Så vil Gud sjå til at det blir frukt. Du skal også sjølv vere uthaldande i såmannsarbeidet, og bere god frukt. For: «Du passer perfekt i Guds hånd»

No vil eg bed dykk begge om å knele her ved altaret, slik at vi kan få leggje tenesta dykkar fram for Gud i bøn.

L  La oss be om Guds velsignelse over vår nye medarbeidere.

Evige Gud, du som kan bruke svake og syndige mennesker i din tjeneste, vi takker deg fordi du kalte apostlene og grunnla din kirke på jorden. Vi ber deg, velsign Aage Mjeldheim og Martin Nørregård ved din Ånd, så de forkynner ditt ord klart og rent og forvalter de hellige sakramenter med troskap. Hjelp oss alle å tjene deg med våre nådegaver og evner, så vi sammen kan bygge vår menighet på den ene sanne grunnvoll, Jesus Kristus, vår Herre.
Amen




torsdag 30. januar 2020

Fullt hus


5. s. i openberringstida. I. 02.02.2020
Haus (Gudsteneste med suppleringsval til soknerådet)
Mark. 2,1-12
Fullt hus.
Det er gøy med fullt hus når vi innbyr til eit møte med Jesus. Slik vi gjer det i kyrkjene våre på søndagane. Av og til fyllast det også godt opp. Trongt i benkeradene. Varmt og klamt kanskje.  Vi helsar og nikkar til kvarandre på slike dagar, og gler oss over storhendingar.

Men det er for sjeldan at det faktisk er slik i våre kyrkjer. Dei siste vekene har eg jobba med statistikken for prostiet vårt. Då ser eg at det går for lenge mellom kvar gong vi har det som på julaftan eller på konfirmasjonssøndagane. Her i Haus har det vore ein liten nedgang i kyrkjesøkinga frå 2018 til 2019. Ikkje dramatisk stor. Det meste kan forklarast med ein konfirmantflokk som berre utgjorde halvparten av flokken året før. Det utgjer mange kyrkjebesøk gjennom året. 

Dette kan fort snu seg, og i det nye året vi har kome godt i gang med, vil vi heie på kvarandre. Vi vil invitere. Vi vil gjere det vi kan for å fylle tettare opp i kyrkjebenkane. Tenk om vi kunne auke gjennomsnittet for kyrkjebesøk i Haus i 2020 til å passere 100 personar! Det er å setje seg eit høgt mål, men ikkje eit urealistisk mål.

I dag skal vi komplettere soknerådsvalet som ikkje gjekk heilt i boks i haust. Eg ynskjer dei som vert valde i dag all moglege lukke med å finne gode måtar å invitere folk inn til oss.
Frå mi side har eg to stikkord som eg har tru for kan hjelpe oss til å få fleire til å kome til kyrkje:
a) Få i gang søndagsskule.
b) Invitere kor og musikk-krefter utanfrå til å delta i gudstenestene.

Eg har gått gjennom mange statistikkskjema dei siste dagane. Då har eg merka meg at alle sokn som har hatt auke i oppslutninga om gudstenestene sine, dei har også hatt søndagsskule.
Kanskje sit det nokon i kyrkjebenkene i dag som kjenner på at dette er ei oppgåve eg vil gå inn i? Då må du snakke til. Kontakte soknepresten eller nokon i soknerådet.

Det er så kjekt med fullt hus!
Men det kan av og til vert litt i overkant fullt.
Slik var det ein dag i Kapernaum. Kapernaum var ein liten by ved Galileasjøen som på Jesu tid hadde ca. 1500 innbyggjarar. Det står om denne byen i Matt 4,12 at «Han (Jesus) flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen..»
Etter ei rundreise i Galilea der Jesus i ei tid hadde reist omkring og forkynt i synagogene, drive ut vonde ånder og lekt ein spedalsk mann, står det på slutten av kap. 1 hjå Mark. at den friske, tidlegare spedalske, mannen alle stader fortalde om det som hadde hendt. «Etter dette kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. … - folk kom til han frå alle kantar.» (Mark.1,45)
Då er det at Jesus i flg. innleiinga til vår preiketekst vender heim. Han vil ha fred og ro i eige hus i Kapernaum. Men det var lettare sagt enn gjort. Det står om det som hende:
« - det vart kjent at han var heime. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.» (Mark. 2,1b-2)

Fullt hus!
Visst er det spanande når det vert oppstyr rundt Jesus. Når folk strøymer til og vil høyre meir om han.  Fordi dei allereie har høyrt eit rykte. Ord om lækjedom. Ord som har utfordra. Handlingar som er underlege. Nesten utrulege.

For nokre tiår tilbake i tid så høyrde vi rett som det var om det vi kalla for vekkingar her på våre kantar av landet. Gjerne i tilknyting til bedehusa rundt omkring. Eg var ung gymnasiast då eg var vitne til dette i bygda der gymnaset låg. Folk fylte det store bedehuset kveld etter kveld. Kyrkja måtte opne dørene for å få rom til alle som kvar einaste kveld ville inn og høyre om Jesus. Det var fullt hus i månadsvis. Mange fann ei trygg og god tru på Jesus ved det som hende. Men det var også nokre som vart skuffa, og dei kom ikkje tilbake.

Eg eg ikkje sikker på at vi skal drøyme om at nett slike tider må kome i reprise.
Men det må vere lov å håpe på at dører skal opne seg i kyrkjene våre, også i denne kyrkja vi har samla oss i nett no, og at det er ei folkemengd utanfor som er stor og velviljug innstilt til å få eit møte med Jesus.

Om det som hende i Kapernaum står det om Jesus at han forkynte Ordet for dei.
Jesus går ikkje lenger rundt på jorda. Og her på Osterøy er korkje soknepresten eller prosten av eit slikt kaliber at vi skal samanliknast med Meisteren.
Men vi representerer ei kyrkje som har sett oss prestane til å forkynne Ordet. Inn i vår tid. Til alle som vil høyre.
Og vi prestar er heldigvis ikkje åleine om dette oppdraget. Vi har betalte medarbeidarar. Det finst friviljuge medarbeidarar. Det finst foreldre og besteforeldre som vil vere utanfor kyrkjedøra og invitere borna og dei unge inn til eit møte med Jesus.

I dag har vi samla oss, ein flokk frå kyrkjelyden på Haus i kyrkja vår til ein viktige søndag for heile kyrkjelyden.
Til liks med alle som går til kyrkje rundt om i landet, vert vi møtt av ord frå Bibelen som tek tak i oss og fører oss inn i kjernen av det kristne livet. Vi høyrer om Jesus. I dag handlar det om ei tru som i fellesskap fører andre menneske til Jesus; om tru som opnar veg både for frelse og for helse fordi vi kjem inn i huset der Jesus er å treffe.

Evangeliet i dag handlar om ein lam mann som på eiga hand ikkje kunne kome seg inn i huset i Kapernaum der Jesus budde. Fire menn tok den lamme mannen mellom seg. Mannen låg på ei båre og dei var på veg til huset der Jesus var. Men det var altså fullt hus. Aldeles stapp fullt hus. Ikkje ein gong fram for døra var det rom for dei fire som bar den lamme. Men inne i huset var Jesus. Der talte han Ordet, står det. Då gjorde dei det geniale: Opna eit hol i taket og firte den lamme ned til Jesus.

Eg kan ikkje kome på nokon annan stad i Bibelen der vi får eit betre bilete på kva det kristne fellesskapet av menneske som trur på Jesus kan utrette, enn denne forteljinga viser oss. Dette er eit verkeleg godord til alle som vil vere med på det som går føre seg i ein kristen kyrkjelyd, som denne på Haus.

Vi møter nokon som i tiltru til Jesus tok eit tydeleg ansvar for eit anna menneske som tilfeldigvis var sett utanfor, som ikkje makta å finne vegen til Jesus på eiga hand.
Her handla det om ein lam mann. Ein som ikkje kunne gå på eigne bein. Ein som ikkje kunne trengje seg gjennom folkemengda. Ein som var overlaten til seg sjølv og til sin eigen lagnad. Difor trongst det berarar. Og det trongst mot til å bryte seg inn der normale inngangar var stengde.

Det finst ufatteleg mange av slike som er overlatne til seg sjølve. Dei finst mellom oss som bur i denne bygda. Det er ikkje sikkert at dei er så lette å sjå, slik ved første augekast. Utanpå har dei same klede som alle andre. Dei bur i hus som liknar på det naboen har, og dei køyrer ein bil som kanskje til og med er finare enn gjennomsnittet. Men i høve til det å finne vegen inn dit Jesus er, så er dei åndeleg tala, lamma. Dei vågar ikkje å nærme seg Jesus.

I konfirmasjonstida høyrer dei unge mellom oss om Jesus. Dei får vite at dei ein gong vart døypte til å tilhøyre Jesus. Til å vere hans. På konfirmasjonsdagen kneler dei ved kyrkja sitt altar og opplever at det er godt at presten og kyrkjelyden ber for dei.
Seinare kjem mange innom Guds hus der Ordet vert tala når borna deira skal døypast, eller når foreldre eller besteforeldre eller tante og onkel skal leggjast i grava.
Dei fleste av oss er i kyrkja så pass ofte at ein heile tida anar litt av at dette er noko stort, men ein har berre opplevd ein ørliten smakebit. Likevel er kanskje det nok til at lengten ligg der. Lengten etter tettare fellesskap. Etter meir nærleik til Jesus. Etter å få høyre ord som kan tale frigjerande til hjarta: ”- Syndene dine er tilgjevne”

I dag skal vi i den kristne kyrkja her på Haus, vi som trur på Jesus, vere med ta eit tak i ei båre som kan bere slike menneske til Jesus. Menneske som på ein eller annan måte ikkje kjem seg heilt inn til han. Menneske som opplever at det er for fullt av folk rundt Jesus til at det også er plass for dei. Menneske som lengtar etter tettare samfunn med han, men som ikkje vågar seg inn mellom alle dei som fyller opp huset hans. Menneske som er stengde ute frå det kristne fellesskapet av fordommar og angst for å inkludere dei som er annleis.
I dag skal vi vere med på å velje ut nokre av dei som vert utfordra til å bere andre fram for Jesus. Eit nytt sokneråd har det som si oppgåve. Dei skal arbeide for alt som kan vekkje og nære det kristne arbeidet i soknet. Det er ei veldig viktig oppgåve, og difor er det også viktig at vi som no er i lag om å velje ut desse menneska, også hugsar å be for dei slik at dei kan gå inn i oppgåva  med frimot og glede. 

Dei skal vere kyrkjelyden sine fremste berarar. I tru skal dei vere med på å bere naboar og vener til Jesus. Men vi som ikkje er i soknerådet er gode medberarar.
Vi eig ei tru som ber. Vi vil bere i lag slik at huset der Jesus er å finne kan bli fullt. Fullt hus i kyrkja. Og endå meir: Fullt hus i det evige Guds rike!

AMEN

torsdag 2. januar 2020

Vi går vidare


Kristi openberringssøndag. I. 05.01.2020
Åsane kirke. Konfirmantsøndag. Misjonssøndag.
Matt. 2,1-12
I dag går vi vidare.
Vi går etter kvart ut or jula no.
Vi går inn i eit nytt år som berre så vidt har vakna etter rakettar og nyttårsfeiring.
Vi går vidare ut or mørketida. Dag for dag skal det lysne. Heilt til vi når midtsommar om enno mange månader.

Og i dag må vi tru at det etter kvart også skal tørke opp rundt oss. At regnet skal ta ei pause. At vi kan få eit ørlite håp om at eit klima i endring skal kome under kontroll, fordi vi og alle endrar vår måte å leve på.

Vi går vidare i lag med alle dykk konfirmantar som set farge på, og gjev liv til denne gudstenesta.
Eg håpar at du som er midt i konfirmantførebuinga opplever at det er meiningsfullt å gå eit stykke veg av di ungdomstid her i denne kyrkja. I lag med dei andre konfirmantane og alle dei du møter her. Vi vil enno vere i lag med dykk fram mot den store høgtida i mai. Vi går vidare i lag. Mot lyset, mot høgtid og glede.

Vi høyrde nett korleis nokre av dykk konfirmantane las for oss her i kyrkja, ord av den gamle profeten Jesaja:
«Folkeslag skal gå mot ditt lys,
konger gå mot din soloppgang»
(Jes. 60,3)

Bli med oss mot lyset på denne søndagen som vi kallar for Krist openberringsdag.

To ting har vi eit ekstra fokus på i denne gudstenesta.
Det eine er dykk konfirmantar. Vi gler oss over å vere i lag med dykk. Vi takkar for måten de tek del i Åsane kyrkjelyd si gudstenestefeiring. De som er konfirmantar utgjer eit viktig hjarteslag i heile kyrkjelyden sitt liv. De er ein del av alt som skjer her i dette kyrkjehuset.

Det andre vi har fokus på i dag, er misjon. Også det er eit hjarteslag for ein kyrkjelyd.
Det må vi no seie litt meir om.

Kanskje kan eit viktig ord hjelpe oss til å forstå kva misjon er? Det ordet eg nettopp siterte på nytt, og som vart lese av ein av dykk konfirmantar: «Folkeslag skal gå mot ditt lys, konger gå mot din soloppgang»
Misjon handlar om at folkeslag, også det norske folket, skal sjå lyset. Guds lys. Sjå Jesus, han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I dag har vi bore inn to flagg i kyrkja vår. Flagget frå Thailand. Og flagget frå Kina.
Det er fordi vi i Åsane har forplikta oss til å støtte og hjelpe nokre av dei som arbeider i Thailand og i Kina med å peike på dette lyset. Peike på Jesus. Fortelje til menneske som kanskje aldri har høyrt det før, at vi trur på ein som heiter Jesus. Han er så viktig for oss, at vi ikkje kan la vere å fortelje andre om han.

Jesus har også lært oss at vi som trur, vi som kallar oss kristne, vi skal også vere tydeleg frampå med å hjelpe til der andre menneske lir naud. Vere medmenneske i møte med menneske som lever i fattigdom. Menneske som manglar grunnleggjande verdiar for å ha eit verdig liv. Ikkje eit liv i overflod. Men eit godt liv.

Vi skal ikkje hjelpe berre dei som tenkjer og trur slik som vi sjølve gjer. Misjon vil ikkje la seg avgrense av grenser. Av kultur. Av ukjende måtar å leve livet på.

Vi går vidare frå ein stad om vi blir avviste og jaga bort. Men vi vil ikkje gå bort fordi vi som kristne ser på andre som fiendar. Vi vil snakke med alle som vil lytte. Vi vil tenne lys, og fortelje at det lyset som heiter Jesus er vår leiestjerne gjennom livet. Vi gjer det samstundes som vi vil lytte til deira forteljingar som trur annleis, snakke med dei som tenkjer annleis og som lever annleis enn vi sjølve gjer.

Vi er trygge i det vi trur på. Vi gler oss over det lyset vi har sett. Og vi lar oss ikkje skremme når andre vil ta oss med inn i eit mørke.

På denne søndagen har vi også lese om vismennene frå Østen. Dei som såg ei stjerne på himmelen, og forstod å tolke teiknet. Dette mysteriet på stjernehimmelen som viste veg frå himmelen til jorda der eit nytt lys var tend. For eit barn var fødd. Det var Jesus. Han kalla seg sjølv for verdens lys då han vart vaksen.

600 år tidlegare hadde profeten spådd at «folkeslag skal gå mot ditt lys»
Vismennene frå Østen var oppfyllinga av den profetien. Dei var dei første av folkeslaga som fekk sjå lyset. Dei fekk møte barnet. Dei fekk bere fram gåver, og dei fekk tilbe barnet i lyset frå den store stjerna. Dette hende i den aller første jula. Og det som hende gjorde vismennene «fylt av jublende glede.»

Men samstundes var vismennene i utkanten av det djupaste mørket. Terroristkongen, Herodes, var ute etter å sløkkje lyset. Han tok despotiske midlar i bruk for å ramme den nyfødde Jesus.
Herodes fekk høyre om den han trudde var ein konkurrent til hans kongemakt, eit nyfødd gutebarn som det syntes å vere skrive i stjernene om, og han ville vere trygg på at dette barnet ikkje skulle overleve. Difor utførte han ein av dei verste terrorhandlingane historia kjenner til. Han let drepe alle gutar under to år i byen Betlehem.

Men Herodes lukkast ikkje å sløkkje lyset. Gud held sine hender over sonen sin.
Difor kunne også Jesus gå vidare ut i livet, gjennom døden på krossen, og så kome tilbake ved å stige ut or grava han vart lagd i etter krossfestinga og døden.

Slik vart Jesus det lyset vi har sett og som vi trur på.
Med ansiktet løfta mot dette lyset vil vi gå inn i toget av folkeslag frå alle verdens kantar som ser mot himmelen, og i glede verte fylte av trua på han som den store stjerna viste vegen til.

Vi går vidare i dag. Vidare ut i verda for å vere glade vitne om Jesus; om han som er det store lyset som stjerna viste vegen til.

AMEN.

Bloggarkiv