fredag 21. januar 2022

Oppreist

 

4. s. i openberringstida. III. 23.01.22
Bardu
Luk. 13, 10-17

 

I evangelia møter vi mange menneske som var nedbøygde av mange grunnar, Som gjekk rundt i livet og bar på noko tungt, noko som gjorde  ryggen  krum, nakken bøygd og knea skjelvande.

Det kunne vere ein lam som måtte ha hjelp for å finne seg ein stad i vegkanten eller på torget for å møte rike menneske med sitt bedande og tiggande blikk.

Eller vi høyrer om dei med verkbrotne og nedbrotne lemmer. Kanskje var det leprabasillen som hadde sendt dei ut i grenselandet mellom øydemark og sivilisasjon der familien bar mat ut til dei ureine som var smitteberande med ein langt verre sjukdom enn dagens covid.
Urein, urein, ropa dei om seg sjølve for å halde avstand, langt over meteren. Sjukdommen og skamma var forferdeleg. Slik var det i Israel på Jesu tid, og slik var det her hjå oss like fram til vår eiga tid.
Den aller siste spedalske i vårt land budde i min heimkommune. Han døydde  i 1957 i Bergen, og i NRK sine gamle arkiv går det enno an å høyre intervju med denne mannen.

Tenk også på dei mange andre skamfulle, med blikket i bakken, som vart hersa med av mektige og store, av dei  som var rike og som sat med makta til å dømme, og i verste fall til å mishandle. Vi ser for eksempel for oss forteljinga om kvinna som dei skriftlærde mennene ville kjeppjage og steine fordi ho var teken på fersken mens ho gjorde ekteskapsbrot. Heilt fram til dei la saka hennar fram for Jesus og alt snudde seg. Det kan vi lese om i Johs. 8

Og eg trur at den krumbøygde kvinna som stig mot oss i denne forteljinga vi har lese i dag, også var av dei skamfulle.
For aksepten for den slags funksjonshemming i Jesus samtid var neppe særleg stor.
I 18 lange år har ho gått der med sin krokete rygg og stira ned for seg.
Ho var sikkert sett utanfor det meste av det sosiale livet som dei fleste andre tok del i. Truleg var ho aldri ein kandidat til å få seg ein mann og stifte familie. Det står ikkje noko om det, men det er lett å forstille seg at ho var ei av dei som sat med tiggarskåla på byens torg.
Når det på toppen av dette også står at diagnosen og årsaka til den bøygde ryggen hennar er sett i samanheng med det som kallast ei sjukdomsånd, og at Jesus sjølv seier at denne Abrahams dotter, altså ein kvinne med djupe røter i det jødiske folket, rett og slett var bunden av Satan gjennom desse 18 vonde åra, så hjelper ikkje det mot skamkjensle.

Desse forunderlege diagnosane kunne vi sjølvsagt brukt tid til å dukke ned i.
Ville Jesus, om han gjekk rundt mellom oss og kunne vise til moderne medisin og flotte sjukehus, brukt slike ord og uttrykk? Det tvilar eg på.
Eg vil ikkje seie meir om desse uttrykka, anna enn at vi må sjå dei i lys av det som gav meining for folk som høyrde på Jesus, som møtte han, og som var begeistra for det han gjorde, eller som tvert i mot heller såg på han som ein trøblete oppviglar i det religiøse miljøet rundt synagoga.

Denne kvinna møtte Jesus, og ho fekk endeleg rette ryggen. Ho fekk løfte ansiktet og møte andre sine ansikt. Det var eit betre og hyggelegare syn enn å stire ned for seg og berre sjå sine eigne, eller naboens, sandalar som var sveipte rundt støvete tær.

Denne kvinna møtte Jesus.
Slik også vi i dag kan få møte Jesus.

Jesus gjore to viktige ting.

Først dette at han gjorde noko med hennar naud. Med den krokete ryggen hennar. Han la hendene på henne, og ho kunne rette seg opp. Ho kunne lovprise Gud. Ho kunne sjå rundt seg. Ho kunne sjå menneske og natur, dyr og hus, frå det perspektivet ho var skapt til, ikkje slik sjukdomen hadde tvinga henne til å sjå tilværet sitt. Ho hadde sett det låge, det det støvete, det som alle gjekk og trakka på og i. No kunne ho sjå familien som smilte til henne, ho kunne gle seg over borna som leika, og over å setje seg til bords og nyte eit godt måltid utan å vere til bry og sjenanse for menneska som var hennar nære.

Jesus gjorde to viktige ting, sa eg.

Det andre han gjorde var å ta eit oppgjer med dei villfarne religiøse leiarane som hadde stivna til. Også dei var krumbøygde og skakke. Men det var i deira oppfatning av kva som var Guds vilje for menneska som levde saman på denne staden der Jesus no gjekk rundt mellom dei.

Forstandaren i synagoga fekk passet sitt påskrive at Jesus. Det er nesten som vi ser han for oss der han prøver seg med å kome drassande med det som var velkjende påbod og forbod som var knytte til sabbatsfeiringa. Arbeid var slett ikkje lov på den jødiske kviledagen. - Kva som helst, sa han – men styr unna lækjedom på denne eine dagen i veka.

Hyklarar! Jesus var skarp. Han var tydeleg. Og truleg vart han populær med ein slik reaksjon. Populær mellom vanlege folk, men på ingen måte i augo til synagogeforstandaren.

Det er nesten som vi den dag i dag høyrer ekkoet, snerten, av dei sylkvasse irettesetjingane frå Jesus: «Hyklarar! … Løyser ikkje kvar ein av dykk oksen eller eselet sitt frå båsen på sabbaten og leier dei ut så dei få drikke ?»

Kva er det som skjer?
Det er at Jesus ser at dei guddommelege reglane om korleis vi skal leve saman, dei vert plukka ut or sin samanhang, og nye, menneskeskapte lovar og reglar oppstår slik at vi står att under eit trykk av forventningar og eit finurleg forventningspress som fort får oss til å bøye nakken og krøkje ryggen og stå igjen som vanskapte kristne, utan glede, og i verste fall med skade på helsa vår.

I møte med denne evangelieforteljinga vert eg ekstra glad og oppbygga.
For her får vi malt opp for augo vår to velsigna gode sider ved Jesus.

Det eine er altså at vi har sett korleis han tek eit oppgjer med det som av og til kan synast som ein ibuande trong for religiøse, eller skulle vi i vår norske samanhang seie, kyrkjelege eller kristne, leiarar til å herse med menneska som desse leiarane heller skulle hjelpe til gode liv, og til innsikt i Guds gode vilje. Hyklarstempelet frå Jesu munn må mane kvar og ein av oss som er i ein slik posisjon til å granske Jesu ord endå djupare, og endå meir nøye slik at vi kan sleppe eit rettferdig hyklarstempel.

Men det andre vi har sett på, og som er det største i dagens evangelium, det er likevel å få høyre om at det går an å få rette ryggen for kvar einaste som av ein eller annan grunn kjenner seg krumbøygd, som stirer i bakken og ikkje mot sola.

Ein som har sagt nokre flotte visdomsord om dette er teologiprofessoren Notto R. Thelle i ei bok som heiter «Ditt ansikt søker jeg». Eg siterer frå boka[1]:

«Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.
Vi er ikke kalt til å kues med bøyde nakker og blikket vendt mot jorden. Da blir vi i stagnasjonen og veksten stopper opp. Vi er heller ikke skapt til å gå på tærne og strekke oss etter det som er over vår fulle lengde. Da ender vi i overanstrengelsen.
… Den virkelige utfordringen er å bli et menneske som lever i sin fulle høyde.»

Vi kan gjerne bøye oss for Guds storverk som han viser oss når vi får sjå kven Jesus er og kva Jesus gjorde og kva Jesus sa. Men vi skal ikkje gå inn i det sjukelege, det krumbøygde, det underkua.
Det står i det vi las frå evangeliet i dag at folket som opplevde desse hendingane med Jesus i sentrum, dei «gledde seg over alt det underfulle han gjorde»

Det skal også vi får gjere på denne søndagen, og vi gler oss i lyset frå evangelieordet, men gjerne også av dei kloke orda til teologiprofessoren: «Det er en dyp bibelsk innsikt at den som bøyer seg for Guds storhet, også blir et stort og helt menneske. Vi forteller om Guds storhet ved å rette ryggen, strekke lemmer og kropper i deres fulle lengde.»

AMEN

 



[1] Notto R Thelle: «Ditt ansikt søker jeg» s.22

torsdag 13. januar 2022

Namnet

 

3. s. i openberringstida III. 16.01.2022
Nedre Bardu kapell
Johs. 1, 15-18

Når vi skal bli kjent med kvarandre, så er det alltid grunnleggjande at vi fortel kva vi heiter. At vi presenterer oss. Og då er det slik at nokre av oss er veldig treige til å hugse namn. Det er litt pinleg å seie det, men eg er ein slik som treng lang tid på å lære meg namn på nye kjenningar. Andre synest å vere reine ekspertar på å lære namn, og å plassere desse rett i årevis seinare, kanskje berre etter eit flyktig møte. 

I kyrkjene våre har vi no etter jul gått inn i den delen av det kyrkjelege året som vi kallar openberringstida. Då er det noko vi skulle bli betre kjende med, noko som skulle openberrast for oss.
Det er vel ikkje spesielt overraskande at det i kyrkja handlar om å gjere oss betre kjende med kven Jesus er, kvar han kjem frå, og kva som er hans viktigaste oppgåve.
 

I dag får vi gjennom det vi les frå Bibelen lære noko både om kven Jesus er, og om kven Gud er. Vidare om den tette samanhengen, eller skal vi heller seie: Om den merkelege einskapen det er mellom Jesus og hans himmelske far, Gud sjølv.

Vi høyrer først i dag frå eit lite avsnitt frå 2.Mos i GT. Forteljinga om då Moses fekk vite kva Guds namn eigentleg er. Det er ein underleg, men viktig samtale vi høyrde eit referat frå.

Det er Gud som presenterer seg sjølv for oss, så og seie! 

Da sa Moses til Gud: "Sett at jeg går til israelittene og sier til dem: Deres fedres Gud har sendt meg til dere, og de så spør meg: «Hva er hans navn? Hva skal jeg da svare dem?" Gud svarte Moses: "Jeg er den jeg er». Og han sa: «Slik skal du svare israelittene: Jeg er har sendt meg til dere." (2.Mos.3,13-14)

Gud, han som har det merkelege namnet ”Jeg er” eller ”Eg er” som det er naturleg for meg å seie, han møtte Moses. Han kalla Moses til leiar og førar for Israelsfolket. Og Gud gav seg til kjenne for Moses ved å presentere seg, ved å openberre namnet sitt. Gud heiter rett og slett ”Eg er”.

Kanskje visste du ikkje det før du kom til kyrkja i dag? Kva Guds namn er. Vi kallar han gjerne for Gud. For Far. For Jahve. For Herren. Gud har mange namn. Men når han presenterer seg for Moses kallar han seg altså for ”Eg er”.

Vi kunne brukt mykje tid på å forklare djupna i dette namnet. Det har vi ikkje tid til no. Men om du ikkje har lært noko anna i dag, så har du i alle fall lært kva Gud eigentleg heiter. Eg er heiter han. 

Og ved å ta på seg eit slikt namn, fortel det noko grunnleggjande om Guds eksistens, om hans posisjon i tilværet.
Dette betyr at Gud har ein eksistens som går tvers gjennom, og utanpå det vi er i stand til å førestille oss. Eit menneske, du eller eg, har ei tilmålt levetid der vi er – der vi finst til. I snitt lever dei fleste nordmenn nokre og 80 år her på jorda. Nokre mykje kortare, Og ein del til dei vert litt over 100 år.

Men når Gud seier at han er, så betyr det at han også var – før tida tok til, og så var han der vidare gjennom alle tider. Når ein gong alle jordiske klokker og kalendrar ikkje har meir tid å måle her på jorda, då skal Gud framleis vere. Inn i det evige som ikkje har ein ende. Gud er. Alltid og i all æve. 

Gjennom alle tider har folk vore på leit etter Gud. Mange leitar også i dag. Dei søkjer Gud og det guddommeleg på mange underlege stader. I stjerneteikn og meditasjon; i framande religionar eller i naturopplevingar. Den religiøse lengten er kanskje større i vår tid enn det vi har sett nokon gong. Sjølv om mange rett og slett er sjenerte over å vise at Gud er i tankane deira. Sjølv om mange har tungt for å finne vegen til ei kyrkje og slik gje uttrykk for at Gud kan bety noko i livet deira. 

Men å finne Gud på ein fjelltopp, i ei stjernetåke eller ved å lage seg det mange omtalar som «min gud», eller ved å prøve å snekre seg ein eller anna form for privat religion, det er truleg vanskeleg, og neppe realistisk.
I vår kyrkje trur vi på, og er overtydde om, at det berre er ein som har vist oss kven Gud er. Det er han som kom frå Gud, han som Gud kallar for son sin, og som vi også har lese om i dag, gjennom orda som er refererte frå munnen til døyparen Johannes:
 

«Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.» 

Her siktar evangelisten Johannes, som har skrive desse orda, til Jesus.
Ingen har sett Gud.
Men mange har sett, eller såg, Jesus. Og det dei såg og høyrde av Jesus, det vart skrive ned slik at vitnemåla om denne eineståande mannen kan vi ta fram og lese i vår Bibel den dag i dag. I historia vår finst det ikkje ein einaste person som er så mykje omtala, og som har fått så sterke vitnemål om seg som snekkarsonen Jesus Kristus frå Nasaret.
 

I dag får vi høyra at Jesus er den som har gjort Gud kjend: «Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.»

«Den einborne» står det. Kva betyr det? Det betyr den einaste; det einaste barnet, den einaste sonen. Guds einaste son. Det er han som vart fødd av Maria i 
jula, og som heiter Jesus. 

Guds son, Jesus, han har eit nesten uforståeleg tett forhold til sin Far, til Gud. Det står her at han er i Fars favn; på nynorsk står det i Fars fang.

I Johs. 10,30 uttrykkjer Jesus dette tette forholdet endå sterkare. Her seier han det rett ut: «Eg og Far er eitt»

Altså: Ved at vi ser på Jesus, ved at vi les og lærer, lyttar og tilber, kjem vi så tett inn på Jesus at vi får ei aning og ei formeining om kven han var. Kven han er. Kven Jesus er.
Men då forstår vi også ein liten bit av kven Gud er. Korleis Gud er. Korleis han er, han som kallar seg sjølv for «Eg er»
 

Guds namn, Eg er, høyrest veldig merkeleg for oss som er vane med at vi alle har normale fornamn, slik kvar og ein av oss fekk tildelt då vi var nyfødde. Men når vi ser på Guds namn og på Jesu namn, så er det ein ting til vi må merke oss som angår Jesus.

Det at han og Gud, han og Far, som han seier at han er eitt med, har eit så tett forhold, avspelar seg i at Jesus mange stader når han talar om seg sjølv også stig inn i rolla til han som heiter Eg er.

For når vi tenkjer etter, hugsar vi korleis Jesus omtalar seg sjølv. Har seier f.eks:
Eg er  - den gode hyrding; - vegen sanninga og livet; - lyset i verda; - livsens brød; - døra; -oppstoda og livet; -det sanne vintreet.

Alle desse presentasjonane av seg sjølv der han brukar denne formelen, eg er, om seg sjølv, viser at Jesus også identifiserer seg med måten Gud presenterte seg for Moses på då Gud fortalde kva hans namn er – han heiter Eg er.

I det nye testamentet viser Gud seg som Gud i og gjennom Jesus, som er Gud. Menneska har fått eit nytt gudsnamn – Jesus.

Når vi vil ha kontakt med Gud kan vi be i Jesu namn. Då ber vi også til Gud. For Jesus namn er Guds namn på jorda.

Når vi vil ha kontakt med Gud og ber til han, snakkar med han, då går vi til Jesus. Han kan vi kome fram for, og han har uendeleg rike gåver å gje til dei som vil være nær med han, verte kjend med han som presenterer seg for oss, og  som vil la oss forstå kva som ligg gøymt bak namnet hans. 

Vi går vidare inn i det nye året, og ynskjer å lære Gud og Jesus betre å kjenne. Vi vil be om at Gud vil gje oss av alle sine rike gåver gjennom Jesus.
Det største av alt er omtalt i tekstordet til oss i dag:
Nåden og sanninga som kom ved Jesus Kristus.
Dette vert også kalla for nåde over nåde.
Måtte kjennskapen til Jesus vekse og modnast slik at vi kan halde fast på hans overflod som vi alle har fått av.

AMEN

mandag 10. januar 2022

Sjå!

 

2. s. i openberringstida. III. 09.01.2022
Bardu krk
Johs 1, 29-34

 
Vi kallar det for openberringstida, desse vekene i året som kyrkja no har gått inn i. Når noko skal openberrast, så er det noko som vi får lov å sjå. Sjå inn i. Noko som kanskje har vore gøymt for oss. Eller usynleg. Eller uforståeleg. Kanskje kan vi tale om noko mystisk som ikkje lenger skal vere så mystisk.

Vi helsar på Johannes i dag. Døyparen Johannes. Slektningen til Jesus. Son til Elisabet og Sakarja. Vi kan lesa at engelen som kom til Maria og fortalde at ho skulle bli mor til Jesus, denne engelen omtalar Elisabet som slektningen til Maria. Desse to slektningane, - kanskje var dei søskenbarn? – gjekk altså gravide samstundes. Johannes vart fødd eit halvt år før Jesus.

I dag møter vi Johannes som vaksen mann, og han hjelper oss til å sjå det som skal openberrast for oss, nemleg kven Jesus var, og kven Jesus er.

Vi skal sjå.

Johannes ser også. Først ser han Jesus som kjem gåande mot seg.
Det som er i ferd med å hende, er at Jesus er på veg ut i øydemarka for å la seg døype av slektningen sin. Det er dette Johannes ser, og han anar straks at no skal no veldig stort skje.
Noko mykje større enn det som har pågått ei stund ved at Johannes sjølv har døypt menneske som kom til han. Denne dåpen som Johannes utførte, var noko heilt anna enn det vi er med på i kyrkjene vår når småborn vert døypte med ein kristen dåp i Jesu namn. Johannes sin dåp var ei symbolhandling der folk som hadde eit litt rufsete liv kunne stige ut i elva Jordan og på den måten vise at no ville dei starte eit nytt og betre liv. Vende seg bort frå det som av mange vart opplevd som vondt og vanskeleg. Kanskje ville vi i dag omtale det som eit syndig liv.

Den kristne dåpen som skjer i kyrkjer verda over, er ein dåp der vi trur at den som vert døypt vert gjort til eit barn av Gud. Den døypte blir eitt med Kristus og får del i hans frelsarverk.  Det gjev mellom anna full soning av alle synder. Det er ein dåp der vi vert sameina med Kristus i hans død og oppstode, og slik får vi ein open veg til frelse og evig liv.

Johannes døyparen ser altså at Jesus er på veg til han for å verte døypt med denne omvendingsdåpen. Han reagerer. I Matteusevangeliet kan vi lese at Johannes til og med vil hindre Jesus i å bli døypt med Johannes sin dåp. «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg» står det at Johannes seier til Jesus. (Matt.3,14)

Altså: Johannes har sett at Jesus kjem til seg for å blande seg med syndarane som stod i kø for å starte ei nytt og betre liv ved å stige ut til ein dåp i Jordanelva.
Då ropar han ut til alle dei andre som er i lag med han, samstundes som han peikar på Jesus:
«Sjå Guds lam, som ber bort synda i verda»

Dette er den første openberringa vi skal stogge for på denne søndagen: Jesus er Guds lam.
Men det er veldig lett å forstå om nokon av dykk som lyttar no, straks innvender: Det var ikkje mykje til openberring!
Guds lam – det høyrest meir ut som eit mystisk kodespråk. Kva betyr det?

Kanskje skal vi prøve å ta ein omveg tilbake til GT for å forstå betre.
Vi har i dag også lese eit avsnitt frå den gamle profeten Jesaja som levde 600-700 år før Jesus. Her ligg noko av bakgrunnen for at Johannes brukte uttrykket Guds lam om Jesus.
Vi repeterer: (Jes.53,6-7)

Vi gjekk oss alle vill som sauer, kvar tok sin eigen veg, men skulda vi alle hadde, lét Herren ramma han. Han vart mishandla, han vart plaga, og han opna ikkje munnen, lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.

Desse orda skulle vi hatt god tid til å forklare, men vi må nøye oss med ein kortversjon. Profeten skriv her om ein som vert omtala som Herrens tenar. Denne tenaren har i ettertida vorte sette på som ein profeti om Jesus. Jesaja viser oss at her handlar det om eit menneske som tek på seg skuld og straff for det som andre har gjort feil. For synda deira. Denne tenaren, Jesus altså, gjekk inn og tok straff for det som andre var skuld i. Og så står det også: «-lik eit lam som blir ført til slakting, lik ein sau som teier når han blir klipt, og han opna ikkje munnen.»

Døyparen Johannes ropar ut til alle som kan høyre han: Sjå! Der er Jesus. Der er Guds lam. Han er det som ber bort synda i verda.

Angår så dette oss som nett har starta på eit nytt år, vi er i 2022?
Vi er moderne menneske. Er slike gåtefulle ord noko å bry seg om i vår tid?
Sauer og lam, gamle profetar og mystiske menneske som snakkar om å omvende seg. Kan dette betyr noko, for f.eks ein konfirmant? I ein konfirmantfamilie?
Er dette aktuelt for eit folk som kjempar for å bli kvitt koronapesten snarast råd er?

Av og til kunne det vere godt om vi som enkeltmenneske våga å stige litt til sides og dra bort alt vi har pakka oss inn i av kamuflasje eller sminke eller godluktande deodorantar som skal gøyme bort det ved oss sjølve vi ikkje heilt vil vedkjenne oss. Vi treng ikkje gjere det for å blottstille oss for slekt og vener. Men for å være ærlege med oss sjølve, og med Gud.

I ei slikt lys kan det vere at vi anar at det finst noko som skulle vore borte. Ute av livet mitt. Ordet synd er faktisk råd å bruke.

Det er dette Jesus vil gjere noko med.
Difor er det at vi på denne søndagen kunne få ei god openberring. At vi kan sjå at Jesus vil bere bort, ta i frå meg, følgjene og konsekvensane av det som ikkje vart slik det skulle ha vore i livet.
Det at eg har gått på nederlag i forhold til det eg veit er rett å gjere.
Nokre få eksempel: Å vere ærleg. Kutte ut baktaling av andre. Vise omtanke med menneske som har det vanskelegare enn eg. Verne om natur og miljø. Ditt bidrag til det indre livet i ein familie må tole lyset utanfrå.
Det er veldig mykje vi med takk og tilbeding kan leggje av oss dersom vi får sjå at dette ligg på Jesus. Guds lam som ber bort synda i verda.

Vi er i openberringstida.

Vi skal sjå og oppleve kven Jesus er. Kven han kjem frå. Kvar han vil ta oss med. Han kom frå himmelen, frå Gud.
I dag møter vi han og døyparen Johannes ved Jordanelva. Der ved Jordan får Jesus familiebesøk ved sin dåp. Slik det er vanleg i våre dagar at ein familie samlar seg når eit lite menneske vert døypt, slik hende det ved Jesu dåp. Då var den heilage treeinige Gud til stades i alle tre personar.
Jesus var der. Gud Fader var der. Røysta hans lydde frå himmelen som var open. Og Den heilage ande var der i dua som dala ned over Jesus.

Kjære truande kyrkjelyd.
Dette er eit mysterium.
Ingen kan forklare. Ingen kan begripe.
Vi kan berre gripe. Gripe i tru etter orda frå den opne himmelen. Halde fast i dei.
Her i Jordan, på den aller lågaste staden på jordkloden, så langt ned som det var råd å stige for ein menneske, steig mennesket Jesus ned for å gjere seg til ein av oss. Til ein syndar utan synd. Ein som gjekk inn i rekkja av andre syndarar som let seg døype til omvending når Johannes ropte på dei og kalla dei for ormeyngel.
Slik viste Jesus at han var som ein av oss, endå han var frå Gud. Heimen hans var hjå Far i den opne himmelen. Gud stadfesta det med ei røyst som klang over elvevatnet: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede»

Og Johannes såg endå ei avgjerande viktig side ved Jesus som vi skal halde fast ved på denne dagen: «- eg har sett det, og eg har vitna: Han er Guds Son»

AMEN

onsdag 29. desember 2021

FRED

 

Gravferd
Luk.2,29-39
FRED


Døden kom.

Eit liv er ført til ende. Det står att å bere kroppen dei siste stega, ut or kyrkja, på vegen mot grava. Vi er samla her i kyrkja for å vere i lag til eit siste, verdig farvel.  I dødens fotefar tek minna over. Dei skal leve.
Men livet gøymer vi i jorda og venter på den store oppstodedagen som vår Herre Jesus har lova alle som trur på han som vart krossfest, som døydde og som stod opp att or grava. Nettopp fordi Jesus stod opp att or den grava dei la han i, er det at vi på ein gravferdsdag kan eige vona om at døden er overvunnen.

Jesus tala om dette før han døydde, og det han den gongen sa, det tek vi med oss når vi vert konfronterte med døden, slik vi vert det i dag: «Eg er oppstoda og livet, den som trur på meg, skal leve om han så døyr. Og kvar den som lever og trur på meg, skal i all æve ikkje døy.» (Johs. 11, 25-26) 

Døden kom. Men døden kom med fred.
Det vil eg setje fokus på ved denne kista. At døden kan vere fredfull.
Det skulle vise seg at det ho/han trudde på heldt, også då døden opna døra og steig inn i rommet og tok henne/han med seg. Det var ikkje kamp for å klamre seg til livet. Det var lyset som slokna fordi kvelden kom. Fordi det venta ei natt etter livets lyse dag. Då er det godt å kvile. Kvile i fred. Kvile med fred.
 

Ordet fred er eit forunderleg ord. Ikkje minst i møte med døden.
Då går gjerne dette ynsket att: «Kvil i fred» Eller det vert sagt: «Ho/han sova fredfullt inn»
Det betyr ikkje at livet før døden var prega av ufred. Slett ikkje. Men gjennom livet er det lagt eit grunnlag for at freden skal vere følgjesveinen inn i det ukjende. Det som er bak døden.
 

No ved juletider vert vi minna om det. Ein av tekstane vi stoggar for når jula er i ferd med å ebbe ut, handlar om Josef og Maria som tek med seg den vesle Jesus til templet for å bere han fram og la han bli helga der. I templet i Jerusalem møter dei gamle Simeon. Mannen som har fått vite at han ikkje skal døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva, altså Messias. 

Det er nesten som forteljinga om Simeon og Jesusbarnet i templet kan konkurrere med skildringane frå fødselsnatta i Betlehem om kva som er dei vakraste orda.
Ser du for deg den gamle mannen som varsamt løfter barnet Jesus or armane til Maria? Ser du han når han held barnet mot himmelen, strekkjer armar mot Gud og har augo som skin i puraste glede over dette synet:
 

«Herre, no lèt du tenaren din fare herifrå i fred, slik som du har lova, for augo mine har sett di frelse…» (Luk 2,29-30) 

Etter at vi snart er ferdige med seremonien her i kyrkja, skal vi samle oss ved grava. Der senkar vi kista i jorda, syng salme, ber ei bøn og kastar dei tre første spadane med jord på kista, så vert gravferda avslutta med dei eldgamle orda som vi kjenner så godt. Velsigningsorda. Vi les velsigninga, samstundes som vi teiknar krossteiknet over grava, over kista og over oss som er samla i sorg ved gravkanten.

Du har høyrt det før. Mange gonger. Men har du tenkt over kor djupt meiningsfullt dette er?

Ei gravferd vert avslutta med velsigninga og med krossteiknet.

Vi avsluttar ei livsferd med ynskje om at Gud skal velsigne oss som lever vidare. Samstundes ber vi med oss ynske om at Guds gode ansikt no lyser over han/ho vi tek farvel med. Og vi vonar at vi som ei følgje av det som hende på krossen der Jesus døydde for våre synder skal hans åsyn lyse på resten av vår livsveg slik at vi alle finn vegen heim til det evige livet når det ein gong vert vår tur til å døy. 

Vi lyser velsigninga til slutt, ved grava: «Herren velsigne deg og vare deg! Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig! Herren løfte sitt andlet mot deg og gje deg fred! (4.Mos 6,24-26)
Den aronittiske velsigninga, som vi kallar desse orda, er ord som er som skapte nettopp for ei slik stund. Det er ord som kan gje oss det dei handlar om, nemleg fred.

Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred! 

Eg trur at vi allereie kjenner litt av denne freden her ved denne kista. For vi veit at det livet som ligg gøymt under kistelokk og blomsterdekorasjon, det er eit langt og
strevsamt liv som vart levd for at de som sørgjer skulle få det best mogeleg.
Eg var saman med familien før gravferda og de fortalde meg om noko av alt det de hadde hatt saman fram gjennom åra. No var det tid for å få kvile frå alt dette.

Til slutt kom døden og tok han/henne med inn til den store kvile. Ein fredfull død. Og vi kjenner at det kviler fred også over denne stunda.
Og fred er det vi ber om når vi, slik vi alltid gjer det i gravferder, avsluttar seremonien med å be om Herrens velsigning.
 

Herren skal bevare deg. Herren skal gje deg fred. Men framfor alt: Herren skal vere nådig mot deg!
Meir enn alt anna treng vi alle Herrens nåde fordi vi med våre liv ikkje maktar å leve slik vi til ei kvar til skulle. Alle strevar vi med synda som bur i oss. Alle ber på skuld og skam over tankar, ord og gjerningar som vi veit ikkje held mål i Guds augo. Men krossteiknet vi får sjå samstundes som vi til slutt, ute ved gravkanten, ber om Herrens nådige velsigning, det minner oss om grunnlaget for at vi har lov å rekne med at vi skal få det vi ber om: Velsigning, vern, nåde og fred. 

Fred – fordi augo våre har sett Herrens frelse, slik Simeon sa det der han stod med Jesusbarnet i hendene. Julegåva. Gåva med fred – slik englane song: «Ære være Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!» (Luk 2,14) 

AMEN

torsdag 25. november 2021

Hosianna

1. s. i adventstida. III. 28.11.2021.
Salangsdalen kapell. 50-årsjubileum
Matt. 21, 1-17 (Forteljingstekst/evanglietekst)

I 50 år, sidan 1971, har bygdefolket her i Salangsdalen toga inn i kyrkjehuset på denne staden. Eit enkelt, lite og praktisk kapell, til glede og til velsigning for alle dykk som bur i denne bygda. Gudstenester og oppbyggelege samlingar. Dåp, vigsel og gravferd. Minnesamvær og konfirmasjonsfestar. Alt slikt som eit kyrkjehus skal vere ramma for.

Ein gong opplevde de det vonde at kapellet brann ned, men i 1982 stod bygget fram, nyreist frå oske og ruinar.

Og i dag, på den første dagen i eit nytt kyrkjeår samlar vi oss til jubileumsglede i frost og snø, og litt dagslys før polarnatta snart skal opne seg for nordlys og stjerneskin over denne staden.
I skogane rundt oss ruslar det kanskje ein og anna bjørn som ikkje har forstått at det er lurast for han å gøyme seg inne i Sverige ein stad. Og heilt sikkert går det rundt mange eksemplar av skogens konge som har overlevd jakttida så langt.
Uansett vakker vinternatur, skog eller dyr, så det er vi, menneska på denne staden, kyrkjelyden i Salangsdalen, som no skal helse på den kongen som vil møte oss til enno eit nytt nådens år.
Ikkje berre i eit jubileumsår som vi stig ut or, men i eit nytt, nådens kyrkjeår som vi i lag går inn i.

Borna i bygda har vore samla sidan frukosttider i dag og førebudd pynting av juletre, dei har øvd på songar, og dei har sett farge på salmesongen ved å hjelpe oss alle med å gjere som dei gjorde i Jerusalem den gongen Jesus kom ridande på eselet.
Vi ropte og song det ut i glede: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste!»

Det er så flott at vi har borna mellom oss i dag. Unge menneske. Slike som slett ikkje hugsar det som hende for 50 år sidan då kapellet var bygd. Eller for snart 40 år sidan då det reiste seg etter ein brann. Historie kan vere nyttig. Men det er framtida vi skal oppleve. Borna er notida. Borna er framtida.

I lag med borna skal vi gjere som dei gjorde i Jerusalem for lenge sidan, og som vi alt har gjort her i kapellet i dag: Rope til Jesus enn ein gong: Hosianna!
Veit du kva det ordet betyr?
Hosianna betyr «Kom med hjelp!» eller: «Gje frelse!»

Tenk om dette vart eit rop vi kvar for oss la hjarta vårt i når vi får høyre at no kjem Jesus til oss.
Enno ein gong er det det som skal stå i sentrum når vi i vekene framover førebur jula og høgtid.
Jesus kom til oss ein gong. Den aller første jula kom han til jorda. Eit lite barn, fødd av ei ung mor.
Eit barn som Maria fødde til jubel frå englar, sende frå himmelen. For barnet hennar var meir enn vanlege guteborn. Han var også Guds son.

Jesus kom til oss på denne jorda. Jesus kom til dei som levde i Israel i hans samtid. Han var gutt, han vart mann, og han stod etter kvart fram mellom sine eigne og gjorde det klart at han kom frå Gud.

Han kom til sine eigne, og etter kvart som tida gjekk og Jesus vart meir og meir kjent, forstod mange at Jesus ikkje var som andre menn. Han heldt store talar som gjorde inntrykk på tilhøyrarane. Han møtte menneske med varme og omsorg. Til og med gjorde han store under og teikn som førte med seg at folk flokka seg rundt han. Rett før hendinga med inntoget i Jerusalem, kan vi lese at Jesus hadde gjeve synet tilbake til to blinde menn.
Difor stimla folk saman då han ein dag kom til Jerusalem og passerte gjennom byporten. Han sat på ein eselfole og reid inn i byen til stor jubel frå både born og vaksne.

Og så var det sjølve jubelropet då! Eller var det eit jubelrop?
«Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn. Hosianna i det høgste!»

Folkemengda ropa. Samstundes som dei vifta med palmegreiner som dei strødde langs vegen. Framfor eselfolen som kom med Jesus på ryggen, breidde dei ut kappene sine på vegen.

Det var jubel og fest for Jesus som kom. Men det var også alvor og forventning i ropa deira: Hosianna! - «Kom med hjelp!» eller: «Gje frelse!»
Det er advent.
Det er forventning. Det nærmar seg jul. Då er det fest og feiring. For Jesus som kom. Som vart fødd. Det er det årlege jubileet for Guds son som vart menneske.

Jesus kom til Jerusalem.
I dag kjem han til oss i Salangsdalen. For å vere med på vår fest og feiring i dette huset som vi har vigsla til hans ære.
Han kjem slik at vi kan hylle han og helse han og ta mot han med glede og med opne armar.
Men i våre rop kan vi legge inn at vi treng han i våre liv. For at han skal kunne hjelpe oss med det som er vanskeleg for den enkelte av oss. «Kom med hjelp!»

Bruk dei orda med stort frimot, du som treng Jesus i din kvardag. Vi høyrde at han lækte blinde rett før han rei inn i Jerusalem. Og i tekstordet til oss i dag står det å lese at Jesus kom med hjelp også denne dagen. Vi kan lese at då han var på tempelplassen, så kom det nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei.

Difor: Ver frimodig til å be om hjelp for dine sjukdomar. For dine sorger. For det du er redd for å møte på din veg gjennom livet.
Jesus kjem framleis til oss for å vere nær oss. For å gje oss hjelp.
Han vil være nær borna i mellom oss. Dei vaksne. Dei gamle.

Det er advent, og vi vil 
med våre Hosiannaropta ta i mot han som kjem til oss : «Gje frelse!»
Vi vil legge oss og våre liv i Jesu hender og tru at gjennom det skal vi får glede oss over hans frelse. Over at vi skal kunne håpe på det evige livet, det evige som startar her og no, mens vi lever kvardagane våre på vår eigen plass. I heimen vår. På skulen. På arbeidsstaden. Mellom naboar i bygda. I kyrkjelyden.

Jesu frelse og berging startar her og no. Og skal bli fullkomen når det evige opnar seg framfor oss, bak slutten av jordelivet.

Jesus kom til oss på denne jorda den første jula.
Jesus kom seinare til sine samtidige medmenneske på ein eselfole.

Jesus kjem til oss i dag og vil være nær oss i dette kapellet som vi i glede jubilerer for.
Jesus skal ein gong kome tilbake og hente oss inn i sitt evige rike.
Og heile tida vil vi med forventing rope til han: Hosianna! Kom Jesus! Hjelp oss, berg oss. Frels oss.

Gratulerer med jubileet for Salangsdalen kapell.
På jubileumsdagen går vi med glede inn i eit nytt kyrkjeår.
Vi går ut her i frå med forventning til jula som kjem mot oss.
Vi ventar på Jesus, og ropar våre Hosianna til kongen vår.

God adventstid!

AMEN


 


onsdag 3. november 2021

"Hjemme i himlen"

 


Allehelgensdag II. 07.11.21
Bardu kirke
Matt. 5, 13-16

I kveld skal vi syngje ein salme av Leonard Gudmundsen. Han var frå Harstad, og har skrive ein drøss med songar, og nokre av dei har han også sett melodi til. Etter at vi om litt har lese namna på, og tent lys til minne om, dei som døydde her i Bardu sokn i perioden frå Allehelgensdag i fjor til i dag, skal vi syngje salmen «Hjemme i himlen» av Leonard.

Eg fekk møte han ein del gonger. For i mine første år som prest  var han og eg tilsette i same organisasjon, Det norske lutherske Indremisjonsselskap, det som i dag heiter Normisjon. Difor vart eg litt kjend med han som kollega før han døydde altfor ung, berre 65 år gammal. Han var ein av dei aller mest folkekjære og etterspurde predikantar for Indremisjonen for 40-50 år sidan.

Få salmar eller songar summerer så godt opp essensen og poenget med denne dagen i kyrkjeåret, Allehelgensdag, som salmen «Hjemme i himlen». Ikkje fordi det er så imponerande stor poesi. Men fordi det er så enkle og folkelege ord som er kledd i ein like enkel og velklingande, folkeleg melodi som til saman kan opne hjarte og auge for det vi vil løfte fram som det store håpet vi vil setje lyskastaren på nett no:

Hjemme i himlen skal ingen mer gråte.
Herren skal selv tørke tårene av.
Hjemme i himlen skal ingen mer sørge.
Ingen skal dø eller legges i grav.

Hjemme i himlen!
Eg veit i praksis ingen ting om dei menneska vi tenkjer på og minnes på denne gudstenesta. Dei aller fleste av dei var døde før eg kom til bygda her for litt over to månader sidan. Difor er det heller ikkje så veldig mange av dykk pårørande eg har fått møte, men nokre er det trass alt.
Men nett no spelar det ikkje så stor rolle.
For det er ikkje mi oppgåve som prest å vite så mykje om liv som er levd til endes.
Det er heller mi oppgåve å seie noko til alle oss som enno lever som kan gje oss eit håp på ein slik dag.
Eit himmelhåp. Eit frelseshåp. Ei forløysing av ein lengt mot det ukjende i det evige.

Leonard Gudmundsen syng om ein himmelsk jubel der framme. Jubel for frelste som er berga i hamn, som han uttrykkjer det.
Er det slik at kvart einaste døde menneske når fram dit? Til himmelen. Er det slik at vi kan vere sikre på at våre kjære faktisk er der no? Og at vi kan vere like sikre på at vi sjølve kjem dit på oppstodedagen? Dagen som vi ventar på når det siste kalenderbladet vert snudd i denne tida.

Det finst heilt sikkert mange prestar og teologar som utan vidare vil svare ja på det.
Alle kjem til himmelen til slutt hevdar dei.
Andre er like tydelege på at slik kan det på ingen måte vere.
Sjølv må eg innrømme at eg synes svaret på dette er vanskeleg å vere sikker på. For ved å lese i Bibelen er det mogeleg å finne ord og utsegn som peikar i både den eine og den andre retninga.

Men det eg er sikker på, det er at Bibelen fortel oss at der framme ein stad kan vi tru og håpe på at det finst ein plass i Guds nærleik der mange, mange som trudde her i dette livet skal vere i lag. Korleis det evige livet vil utfalde seg i detalj gjev Bibelen berre små, forunderlege blikk inn i som ikkje avslører meir enn det vi kan eige som eit håp, og som Leonard Gudmundsen har sett desse enkle orda på:

Hjemme i himlen er smertene borte.
Ingen skal lide og pines som her.
Hjemme i himlen skal ingen mer klage.
Fullkommen glede skal fylle oss der.

På denne dagen er det likevel noko viktigare å seie til kvarandre enn at salmeboka vår har med ein flott salme på denne dagen, skriven av ein diktar, komponist, songar og predikant her frå dette fylket.

På denne dagen les vi også ord frå Jesu eigen munn, henta frå sjølvaste Bergpreika.
Det handlar om korleis dei som trur på Jesus skal leve. Korleis dei skal vere førebilete for andre. Korleis dei kan vere med å vise vegen for alle som tenkjer seg heim til himmelen for å møte Jesus.

Då talar Jesus om å vere lys og salt i den verda vi lever i.

Menneske som er lysande føredøme.
Menneske som ber i seg krafta som ligg i saltet. Krafta til å bevare friskt det som elles vil rotne. Krafta til å setje smak på det smaklause. Krydder i livet.

Slike eigenskapar skal dei som trur på Jesus bere med seg.
Ja, det er som om Jesus rett og slett konstaterer at dei som høyrer han til allereie har desse eigenskapane:

Dere er jorden salt!
Dere er verdens lys!

Tenk litt på det, du som trur. Kanskje trur du ganske lite, men likevel – nok til at du kjem innom kyrkja av og til. Nok til at du er medlem. Tru nok til å døype borna dine. Og kanskje også til at du eig håpet som gjer at du kan gle deg over songen til Leonard Gudmundsen?
«Hjemme i himelen» - er det ditt håp, at dei orda er sanne for deg?

Lat ingen røve frå deg håpet som ligg i songen.
Lat ingen krasje krafta i Jesu ord, sagt til dei som vil høyre han til: «Dere er jorden salt! Dere er verdens lys!»

Dette er ord med håp i seg. Håp om at vi er sette inn i ein samanhang der vi skal få leve liv som er slik at folk opplever oss som gode medmenneske. Som gode foreldre. Som gode søner og døtre. Som naboar, samfunnsborgarar og kyrkjemedlemmer.

Om vi vågar å opne oss for dette, er vi på vegen. På rett veg. Vegen mot himmelen.
Då kan vi kanskje også sjå for oss at ordet helgen ikkje er eit meiningslaust ord om våre kjære som vi i dag saknar. Helgenar, ikkje fordi dei var perfekte. Men med alle sine feil og manglar, levde dei kanskje slik at nokon fekk eit glimt av lyset, himmellyset, gjennom livet deira.

Lys og salt. Det er orda Jesus set i fokus på denne søndagen.
Lyset kunne vi sagt veldig mykje om. Lat meg berre minne om noko heilt enkelt:  Når vi tenner lys heime i stova vår, så er det eit teikn på at vi er der inne. Vi er heime. Vi kan treffast der.

I dag tenner vi mange lys her i kyrkjerommet.
Vi er heime no. Vi treffest her.
Men dei første lysa vi tende her i kyrkja i dag, var altarlysa.
Ved altaret bur Gud. Der møter vi han. Der møter han oss.
Gud er her, med sitt nærvær, med sitt lys. Vi går han i møte, og ber med oss håpet om ein gong å stige inn i det store lyset. Hjå Gud. Hjemme i himlen!

AMEN

fredag 17. september 2021

Nain

 

17. s. i treeingstida. II 19.09.2021.
Nedre Bardu kapell. Høsttakefest/«Høstens påskedag»
Luk.17,11-19

Det er flott å sjå alt vi har bore inn i kyrkja av haustgrøda  dag.
Det er godt at vi også i kyrkja kan kome saman å takke for alt dette.

Takke for haustgrøda. Gle oss over naturen og det den gjev oss. Det som vi treng for å berge livet. God og smakfull mat som veks hjå bøndene og i private småhagar.
Og ute i skogen luskar elgen rundt. Eg fekk helse på ein av dei for nokre dagar under ein trimtur i området. Elgjakta står for døra, høyrer eg. Spaning for jegerane. Men også vesentleg matauk i mange familiar. Der eg kjem frå, rett utanfor Bergen, der går hjorten rundt i store flokkar omtrent opp på hustrappene, og der jaktar dei også dag og natt på denne tida av året. Eller vi fiskar i havet og haustar inn derifrå av det vi vert mette av.

Vi takkar for hausten. For maten. For alt det gode og vakre Gud gjev oss.

Men samstundes kan vi ikkje la vere å la tankane våre gå til dei mange, mange rundt om i verda som ikkje har denne overfloda vi kan vise fram i kyrkja vår.
Det vakre vi ser, og det hyggelege vi opplever her i kyrkja nærmast ropar til oss: ”Kva veit de om nauda andre stader i verda? Kva veit du om å stå utsliten og utsvolten i matkø i Sudan eller oversett av alle i slummen i Pakistan?"

Vi veit ikkje så mykje om korleis dei har det i Sudan eller Pakistan eller Syria eller Afghanistan.
Men ein ting veit vi om dei som bur der, ein ting vi alle har felles.
Og no flyttar vi fokuset frå hausttakkefesten til det som er tema i kyrkjene rundt om i heile landet nettopp i dag. Tema på ein dag vi gjerne omtalar for haustens påskedag, fordi vi har fokus på Jesu makt over døden.

Og døden er noko vi som er rike i Norge må slite med, trass i overflod av mat og av naturens gåver. Slik dei fattige må gjere det. Slik det er i dag, og som det var den gong Jesus og hans følgje var på veg inn i den vesle byen Nain.

Då hende det altså at i motsett retning kom eit anna følgje. I byporten møttest dei, Jesus og venene hans, og dei som bar ein ung, død mann på veg til grava like utanfor byporten.

Når eg les denne forteljinga, ser eg for meg fleire ulike scener.
Og no vil eg løfte fram det eg fantaser litt om.
Først om nokre arbeidskarar som har gjort arbeid som viser seg å vere til ingen nytte. Det hender av og til at vi held på i timar med eit eller anna, der vi til sjuande og sist like godt kunne lagt på sofaen med ei bok eller ein bunke aviser. For vår innsats var til ingen nytte. Ingen hadde bruk for det vi gjorde, eller andre hadde gjort det før.

Strevet hadde vore til ingen nytte.

Slik var det for mange i Nain denne dagen. Først var det mannen som grov graver. På Jesus tid kunne dei sjølvsagt ikkje ane at langt framme i tida ein gong, skulle noko vi kallar for gravemaskinar overta dette arbeidet. I hard og steinet jord grov han seg ned med handemakt. Fot for fot. Sveitten rann. Det var tungt, men han grov i jorda samstundes som sorga grov i han. Han spadde unna, som for å hive sorga av seg. For vi har lese at det var ein ungdom som var død. Ein heilt ung mann som heile det vesle samfunnet i Nain kjende. Alle var berørte av dødsfallet. Og alle syntest synd på mora som hadde mista einaste sonen. Det var ikkje så lenge sidan denne kona fylgde mannen til grava. Ho var enkje. Og i dag var det sonen som måtte i grava. Gravaren grov fortare, for han forstod at no var gravfølgjet på veg. Snart var dei ved byporten. Men snart var også han ferdig. Litt av den tørre jorda vart fuktig. Det draup sveitte av mannen som grov. Og det draup nokre tårer også. Men grava måtte opp. For alle skal ha ei grav, før eller seinare!

Men denne gongen grov han til fånyttes!

Det var andre som også gjorde innsats som var til ingen nytte. Gråtekonene i huset til den døde i spissen for sørgjefylgjet på vegen til grava, dei hylte for tidleg.
Det hadde også vore utan meining for folk å finne fram sørgjekleda.
Ei ung enkje, og kanskje vart der også ei endå yngre jente, ein kjærast, som felte tårer som rann for tidleg.
Og det lange gravfølgjet hadde også møtt fram utan grunn.
Men det kunne ingen av dei vita. For underet vi har lese om er ikkje daglegkost, korkje den gongen, eller i våre dagar.

Dødens tragedie hadde verkeleg hendt. Den unge mannen som var framtida og tryggleiken til mora som var enkje; han som sjølv skulle vere ein av dei som bar landsbyens bører, han var lagt på likbåre. Det var dei andre unge mennene i Nain som måtte ta denne børa på skuldrene sine. Dei bar tungt dei òg. Med bøygde hovud gjekk dei. Snart var dei ved byporten!

Då vart dagen som starta med klage, sorg og gråt snudd på hovudet. For før kvelden kom, var gråten vendt til latter, og sorga vendt til glede. Og grava som var ferdig nett før sørgjetoget kom til byporten, den låg tom og ubrukt då kveldsmørket senka seg.

Slik var det ein gong i Nain. Men slik er det ikkje alltid. Ofte har spørsmåla i møte med døden vore gnagande, også i meg som var prest ved avskilsstunda. Eg har spurt Gud om det same mange gonger. Men eg har aldri fått noko fullgodt svar på dei mange "kvifor" som vi ropar ut til Gud. Eg kan difor ikkje forkynne ei løysing på lidinga og sorga sitt store mysterium. Det har mange langt større tenkjarar og teologar enn meg måtta kapitulere for fram gjennom tidene.

Den unge mannen vi har høyrt om i dag,  var ein av tallause menneske som altfor tidleg vart boren til grava. Ved byporten i Nain stod ei attlevande mor som kun hadde denne sonen, og som allereie hadde gjennomlevd sorga ved å verta enkje. Ho var ribba! Og ho gret!

Men ho var omslutta av Jesu omsorg og Jesu kjærleik.

"Da Herren fikk se enken, fikk han inderlig medfølelse med henne og sa: «Gråt ikke!"

Og sanneleg hadde Jesus grunn til å seia til enkja: "Gråt ikkje!" For Jesus kunne nyskapa livet der døden hadde vore på røvarferd. Jesus har makt over døden. Det er hovudpoenget i alt vi samlar oss rundt på denne søndagen

Enkjesonen i Nain fekk nytt liv.
Noko liknande skjer ikkje fleire gonger. Ikkje før på den store oppstandelsesdagen ved slutten av tida. Då skal alle graver opnast og alt liv nyskapast. Og det nyskapte livet skal vera fullkome. Ikkje sjukdom. Ikkje liding. Ikkje ei menneskeslekt som ropar "Kvifor, Gud?" i kor.

Også her mellom oss er vi vel kjende med at nokre menneske av uforståelege grunnar får eit kort liv, medan andre lever til langt inn i alderdommen.

Ein som berre fekk eit kort liv her på jorda var Jesus sjølv. 33 år vart han, før torturistane og bødlane pinte livet av han på ein kross utanfor Jerusalem. Men Jesu korte jordeliv, og hans død på krossen var det som skulle til for å gje ei heil menneskeslekt eit prov på at det Jesus viste av undergjerande krefter ved byporten i Nain, det var ikkje verk av ein mirakuløs trollmann. For Jesu liv og død enda i ei triumferande oppstode påskedag. Jesus har verkeleg makt over døden!

Og med sitt korte liv og med sin kamp mot dødskreftene har Jesus prova sin kjærleik til ei heil menneskeslekt. Jesus brydde seg om fleire enn ei gråtande enkje ved båra til einaste son sin. Jesus hadde tanke for å frelsa ei heil menneskeslekt frå den evige døden. Denne frelsa fullførte han då han påskedagen gjekk lys levande ut or den grava som hadde gøymt den døde lekamen hans i tre dagar.

Det Jesus gjorde den gongen, det var for vår skuld. For syndene til kvar einskild av oss. Like inn i døden og med ei sigerrik oppstode prova Jesus sin kjærleik til oss alle. Dette kan ingen ta frå oss. Ikkje eingong døden.
I tiltru til dette, ser difor vi fram mot den store dagen når Jesu ord "Stå opp!" skal lyda over alle graver. Den dagen skal vi få svar på alt det vi spurde om her.  

AMEN

                                                                                                                                                                     Etter  idè frå Knut Grønvik, Vårt Land 06.10.2000

Bloggarkiv