søndag 18. desember 2016

Juleglede


4.s. i adventtida. 18.12.2016
Åsane gamle kyrkje (nynorsk gudsteneste)
Lukas 1,46-55

Det vert omveltingar i ein familie når eit nytt barn er på veg, eller når barnet er fødd og gjer krav på omsorg, omtanke og kjærleik.
Dette kan de fortelje mykje om, de som i dag har bore dei tre dåpsborna fram her i kyrkja og lagt dei Guds hender gjennom dåpshandlinga vi har vore vitne til.
De har gjennomlevd ventetida på ni månader med all den spaning det inneber. De har førebudd å ta i mot eit nytt familiemedlem som har kome i sentrum på ein heilt spesiell måte med all si nyfødde hjelpeløyse, men likevel med sitt fantastiske menneskeverd. Kanskje har de også opplevd sjalusi frå litt større søsken, eller de har sukka for dykk sjølve over nattevåk og lange timar med intenst omsorgsarbeid, døgnet rundt. Familieauke er sanneleg ikkje berre-berre. Omvelting kan trygt brukast som eit dekkande ord.
Men midt oppe i alt det nye eit nyfødd menneske fører med seg, har eg ei aning om at det største av alt er dette udefinerbare som handlar om at vi får eit glimt av sjølve underet som knyter seg til at nytt liv er skapt. Dette er det ikkje lett å finne dei gode orda på å skildre.
I dag har vi bore born til dåpen på ein søndag som på ein underleg måte set familien og livet i ein familie inn dei verkeleg store samanhengane.
Det er den fjerde søndagen i adventstida. Snart er juledagen her. Med eit nytt fokus på verdens mest berømte fødsel. Dette vi har vore med å feira så mange gonger, men som vi likevel aldri vert heilt ferdige med. Like før jula tek taket i oss, får vi dette høvet til å ta inn over oss tankane til ho som bar underet inn i vår verda. Tankane til Jesu mor – som nett har fått vite om eit svangerskap i så ristande ung alder. Utan at det handlar om overgrep frå ein vaksen mann, ja til og med utan at ho er innvigd i seksuallivets gleder og mysterier står ho fram, svanger med Gud.

Hjelpe og trøyste, seier eg.
Men det sa ikkje Maria. Ho sa Halleluja!
Det gjer ho ved å syngje ein lovsong som vi i dag har lese som vår preiketekst. Den er eit svar på dette som ho har ei aning om etter å ha hatt besøk av sjølvaste engelen: Barnet hennar er ei frukt av Guds vilje med henne. Den Allmektige er livgjevaren. Han gjer underet, han sender sin Ande slik at liv vert skapt utanom alle vanlege, biologiske reglar.
Gud er far. Maria er mor. Maria er kvinna som stiller heile seg til disposisjon som tenarinne for den Allmektige. Ikkje berre vert morslivet hennar bustad og oppvekstrom for det underfulle livet som er skapt i henne. Det er heile Maria – kroppen hennar, viljen hennar, sjela hennar, jubelen hennar, gleda hennar – alt som bur i Maria som slik koplar seg opp mot den allmektige Gud når det nye livet festar seg i henne og utviklar seg fram mot fødselen vi feirar så grundig kvar einaste julehelg.
For med Gud som far og Maria som mor, kjem til slutt han som er Guds son inn i verda. Han som er av Gud, frå Gud og som vi kallar Guds Son, han er den som det framfor alt handlar om på denne dagen. Like før vår julefeiring startar, handlar det om Sonen meir enn om mora og meir enn om faren. Det handlar om Jesus på denne dagen. Om underet som hende då Jesus vart menneske, då Jesus vart vår bror.
I dag står familien i sentrum. Far – mor – son; men også bror. Vår bror Jesus Kristus.
I dag er familien i sentrum for mange av dykk som har funne vegen til Åsane gamle kyrkje. Familien dykkar har vorte større. Her finn vi nybakte ferde. Nybakte mødre. Søner og døtre, og sikkert også brør og søstre.
I glede og takk for familieband, og ikkje minst i glede og takk over nye liv som gjennom dåpen på denne dagen er knytte fast til vår himmelske Far, skulle vi lytte til det ho har på hjarte, ho som skal verte mor. Mor til Guds son.
- mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar
Slik formulerer Maria jubelen når ho innleier det vi kallar for Marias lovsong, som altså er preiketeksten på denne søndagen.
Eg hugsar tilbake til den tida då eg ofte lytta til bedehuspredikantar. Til den gongen vi song dei evangeliske songane med eit visst ekko frå det frikyrkjelege miljøet. Og med ein gong kjenner eg att ordet ”frelsesfryd”.
Det er for gale at det er eit ord vi knapt brukar i våre kyrkjelege samanhangar i dag. Høyr for ein klang det er i dette ordet: ”frelsesfryd”. Eg trur til og med at vi forstår det omtrent utan nærare forklåring.
Fryd og glede over Guds frelse.
Det var det Maria jubla over.
Når vi les det i dag må vi verkeleg undrast om denne pur unge jenta eigentleg forstod kva ho sa. Sant å seie spelar det neppe så stor rolle. Men ho sa det slik. Kanskje var det ei form for profetisk jubel som bobla over i Maria etter at ho hadde hatt englebesøk, og etter at ho hadde fått delt opplevinga si med Elisabeth, slektningen hennar, som også bar eit under av eit barn i sitt morsliv.
Uansett  så kan vi i vår evangelietekst lese korleis Maria tek i bruk dei heilt store orda. Dei orda knapt nokon av oss ville teke i vår munn på fullt alvor. Det er ord som seier noko om Gud. Om han som er far til barnet ho ber på. Men det er også ord som seier noko om Maria. Som seier noko om tenarsinn. Om vilje til å vere Herrens utvalde reiskap.
I våre dagar er ord som tenarsinn, og all tale om at ei kvinne skal vere ein reiskap i hendene på sin Herre, det er ord som kling utruleg dårleg i øyro til dei fleste som ytrar seg i samfunnet. I dag står eg her som mann og freistar å begripe litt av tankane til den kvinna som vår Bibel løfter fram som det lysande forbildet både for kvinner og menn til alle tider. Kor fullstendig annleis er ikkje Maria frå Nasaret enn sine medsøstre i vår tid?
Kor fullstendig annleis er ikkje hennar tankar enn slik menn tenkjer både i dag, og sikkert også den gongen Maria song sin store lovsong?
For korkje menn eller kvinner, i dag eller for to tusen år sidan, tenkjer slik Maria gjer det.
Vi tenkjer på oss sjølve. På det som synest viktig i mitt liv, i våre liv. Viktig for min familie, for mine born.
Maria flyttar blikket frå sin eigen navle, bort frå den magen som skal vekse seg like stor som andre komande mødre sine magar.  Ho løfter blikket og ser den allmektige. Skaparen. Livgjevaren. Vår far.
Og så syng ho lovsong.
Så gjev ho rom for frelsesfryd. Ho gjev rom for takk. Ho ser seg sjølv, men ho ser også at ho er ein del det noko mykje større, at ho  går inn i ei rekkje med folk – frå slekt til slekt – som Gud har vore god mot. Gud har vist miskunn, lovsyng ho.
Miskunn. Enno eit slikt ord frå bedehus og salmar eller åndelege songar som vi skulle pusse blanke og ta i bruk. Guds miskunn som er frå slekt til slekt. Frå far til son. Frå mor til dotter. Som famnar om familiar i det eine leddet etter det andre.
Miskunn har sjølvsagt samanhang med  det Maria kallar for frelse som er frå Gud. Frelse – Guds redningsaksjon, Guds bergingsaksjon. Det er dette det handlar om på denne dagen.
Maria jublar, syng og lovprisar.
Kvifor?
Fordi Maria har forstått at barnet ho ventar er svaret Gud gjev på mennesket sitt rop om redning. Om berging. Om frelse.  ”- du skal gje han namnet Jesus…” sa engelen til Maria då ho fekk vite om det store som var på gang. Og så pass visste Maria at namnet og ordet Jesus hadde ei heilt spesiell tyding på hennar språk. Det namnet tyder rett og slett ”Herren frelser” .
Det var ikkje noko mindre enn Herrens frelse ho no bar på, den unge Maria. Ho som var viljug til å vere Herrens tenestekvinne.
Sanneleg hadde ho grunn til å syngje ut i jubel.
Og sanneleg har vi grunn til å juble med når vi på denne dagen tek inn over oss det vesle vi kan fatte av eit mysterium som går langt ut over det vår tanke og vår forstand kan begripe. Frelseglede. Frelsesfryd. Og vi må leggje til: Juleglede!
Denne søndagen, like før jul, hjelper Maria oss til å få eit lite glimt av ekte juleglede. Det handlar om fryd og om frelse. Men framfor alt handlar det om Jesus. Om barnet som snart skal feirast enno ein gong.  I takk for dette, og med Maria sine ord, går vi jula i møte og seier med henne:
”- store ting har han gjort mot meg, han, den mektige; heilagt er hans namn.”
AMEN

 

 

fredag 25. november 2016

Kongen


1. s. i adventtida. I. ~ 27.11.2016 - Hosanger - Matt.21,1-9

Har du tenkt på at dyra spelar ei viktig rolle i den tida vi no går inn i? Julekvelden nærmar seg. Då skal vi møtast att til krybbe, oksar  og sauer og gjætarar. Men enno er det ei tid til vi kjem så langt. Først ventar adventtida på oss. Førebuingstida. Mykje skal skje i desse mørke dagane og kveldane som ligg der og skal fyllast med innhald. No står vi på startstreken til ei tid full av forventning. Slik vi har gjort deet her i kyrkja i dag, skal vi halde fram med å tenne lys som skal skine for oss. Med eit sterkare og sterkare lys etter kvart som høgtida kjem nærare og nærare.
Og midt i dette møter vi altså dyra.

I dag er det to av dei. Eit esel og ein eselfole.

Eg ser dei for meg der dei står i Jerusalem. Bundne fast. Uvitande om den rolla dei snart skal spele. Uvitande om at dei skal gjere teneste i eit veldig drama der hovudpersonen ikkje er nokon annan enn sjølvaste Kongen. Kongen over kongane.
Eselet, dette fredens dyr, skapt til å bere tunge bører og til å utføre hardt arbeid i teneste for den mannen som eig det.
  Børa det no skal bere er den mest spesielle noko esel nokon gong har hatt på ryggen. For snart stig Jesus opp på eselryggen. No startar ei hyllingsferd inn i Israels hovudstad som for all tid har skrive seg inn i historiebøkene. Det er kongen som kjem. Kongen som ikkje er som alle andre kongar. Kongen over eit rike som ikkje er som vanlege, jordiske kongedøme. Kongen som ikkje sit på ein praktfull stridshest eller i ein gedigen karjol. Kongen som rir på eselet.
Skal tru om eit esel kan tenkje?
Det er vel eigentleg høgst tvilsamt. Men diktaren Andrè Bjerke har forestilt seg at eselet har tankar som liknar våre mennesketankar. Han seier det slik i diktet ”Eselet”:

Så rart å se en vennlig menneskehop!
Hva er det for et syn som tryllebandt dem?
De hilser meg med hosiannarop.
Og jeg som ellers er et skjellsord blant dem!

De slår meg ikke. Veien er med ett
så god å gå på. Sval er middagsskyggen.
Jeg bærer på en bør som gjør meg lett.
Hva er det for en fugl jeg har på ryggen?

Det er ingen fugl som sit på eselryggen Det er kongen. Han som heiter Kristus.
Han er ikkje ein i ei historisk rekkje av kongar. Lik dei vi måtte pugge namna på då vi gjekk på skule. Her er det ikkje ein av dansk-norske Kristian’ar eller
  Fredrik’arar. Han er den levande Kristus som rir inn i Jerusalem på eselryggen for å døy.

Og han er også ein levande konge i dag. Han er kongen i Guds rike.
Han som ein gong kom til oss, sit i dag ved Faderens høgre hand der han kom frå.
 
Ein gong kjem han tilbake til jorda for å døme levande og døde. Om det skal vi tale meir seinare i adventtida.
Men i dag handlar det om han som kjem. Han som kjem for å vise oss at her er hans rike. Her er Guds rike. Midt mellom oss. I hans kyrkje på jord. Her vil han råde. Her vil han vere. Her vil han vere konge på ein heilt annan måte enn kongane som bur i slott i europeiske hovudstader.
Han som ein gong kom med Guds rike til jorda vår, han har tala dette om riket:

Ein gong spurde farisearane Jesus når Guds rike skulle koma. Han svara: «Guds rike kjem ikkje slik at ein kan sjå det med auga. Ingen kan seia: ‘Sjå her er det’ eller: ‘Der er det’. For Guds rike er midt iblant dykk.» Luk 17:20-21

Ein annan gong sa han:

«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.» Mark 10:14

Eller som han uttrykte det i Bergpreika
Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar. Luk 6:20
Vi kunne teke fram ei heil rekkje med ord av Jesus som handlar om Gud rike. Dette er rett og slett eit av dei viktigaste uttrykk i heile NT som ein teolog kan gje seg i kast med å granske. Vi har ikkje tid til å gå inn på alt som kan seiast, men berre desse tre orda vi har lese fortel oss noko om at Guds rike er noko heilt anna enn kongeriket Noreg. Difor er Kristus som konge noko anna enn Olav og Harald eller broderfolkets Carl Gustav. At han er ein annleis konge forstår vi når han talar om det som er hans rike. Det som ikkje er av denne verda. Det som kallast Guds rike.
I det skinande blanke, nye kyrkjeåret som startar 1.s. i adv., er utfordringa til alle oss som samlar oss rundt bodskapen om kongen som kjem til oss på eselryggen: Korleis tek vi mot han i hjarto våre? Korleis ser det ut der inne; der Guds rike er å finne?

Er Jesus Kristus kongen i livet ditt, eller er du din eigen småkonge? Kven styrer livet ditt?
Han ser så ubegripeleg enkel ut der han kjem mot oss på ryggen av eit enkelt esel som kjem diltande med ein fole bunden ved si side. Rett nok høyrer vi fagning og høge Hosiannarop i bakgrunnen, men biletet på netthinna vår av denne enkle mannen let seg ikkje viske ut.

Er han verkeleg konge? Er han kongen over kongane? Kjem han med Guds rike til oss? Er han min konge?

Kyrkjeåret tek til med ei utfordring til trua vår.
Det er ikkje utan vidare innlysande at denne enkle mannen er den som regjerer over jordiske kongar. At det er han som ein gong kom frå Guds sjølv, og at han i det vi i dag har lese om kjem til Jerusalem for å lide og døy for verda sine synder.

Å forstå at dette er min konge, det maktar eg ikkje. Men eg er takksam for at trua mi har gripe tak i det, slik at eg med mitt hjarta kan hylle han som konge i mitt liv no når eg saman med heile den kristne kyrkja i dag stig inn i det nye kyrkjeåret.

På denne dagen pirkar vi bort i deg òg. Kva er di tru? Kven er det du hyllar og tilber? Kven er Herre i livet ditt? Kven bøyer du deg for?
Dette skal du tenkje på når vi no ikkje berre stig inn i eit nytt kyrkjeår, men også samstundes vert freista til å kaste oss inn i dansen og hyllinga av den ufattelege forbruksfesten vi har gjort den kristne jula om til. Kanskje let vi oss lokke til ytterlegare ei omdreiing av forbruket vårt på ein nett tilbakelagd såkalla «Svart fredag»?

Våre Hosiannarop har lett for å stilne. Våre tankar har lett for å flytte seg frå Kristus og kyrkja til kroner og kjøpesenter. Vi blandar oss i ringen rundt gullkalven og overser eselet med den enkle kongen på ryggen.

I dag skulle vi lytte til kongen vår. Lære litt av det han har sagt oss. Og ta det med oss vidare inn i ei adventtid der kongen over kongane lett vert plassert langt borte i utkanten av ein materiell runddans som er komen ut av alle proporsjonar.
Og kva har kongen sagt oss?
Jau, noko om at hans rike ikkje er av denne verda, og at dei som Guds rike fram for alt er etla for det er t.d. borna, slik vi nemnde det, og slik vi har sett dei i denne gudstenesta:

«Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.» Eller det andre ordet av Jesus som vi også har lese: Sæle de fattige!
Guds rike er dykkar.
Borna og dei fattige. Det er dei som Jesus teiknar opp som våre førebilete i det riket der han er konge.

Vågar vi å ta dette inn over oss på 1.s.i advent?
Vågar vi å ta dette med oss vidare inn i adventhøgtida og juleførebuingane?
Då kan det verte kongeleg feiring når fødselen hans skal høgtidast om fire veker. Då kan det verte glede og Hosiannarop frå hjarto våre. Då forstår vi litt meir av det trua vår kviler på: At Jesus på eselryggen er kongen over kongane. Han er Kristus, kongen i mitt liv, og vi kan helse han:

Hosianna, Davids son! Velsigna er han som kjem i Herrens namn! Hosianna i det høgste!

AMEN

fredag 28. oktober 2016

Bortkomen?




Bots- og bønedag. III - 30.10.2016
Bruvik
Luk.15,11-32

 Bots- og bønedagen har lange tradisjonar i kyrkja vår. Historisk var det ein dag der kollektivet, nasjonen, kyrkja, steig fram for Gud med bøygd hovud og ord på leppene som bar i seg ei vedkjenning av at livet som var levd var eit skrøpeleg liv.  Ikkje minst i pietistisk høgalder var det lett å skru av lyset og sjå livet i dei aller mørkaste skuggane. Kyrkja kalla til bot. Kyrkja ved prestane bar fram ei lang og tung bøn som vi framleis finn i gustenesteboka som var i bruk fram til for to-tre år sidan og som ligg på altaret her i kyrkja. Bededagsbøna lever framleis i mange kyrkjer på denne dagen. Bot og bøn. Sanning av synd. Kall til å vende om. Fokuset er framleis der. 

Men no har vi fått nye tekstar frå Bibelen som vert løfta fram i gudstenesta på Bots- og bønedagen. Og sterkare enn før, skin lyset frå Guds ord ikkje først og fremst frå tekstar som set våre felles nederlag som folk og som kyrkje i sentrum. Det er valt ord som talar til den enkelte av oss. Overskrifta på denne dagen kan vi kanskje hente frå det vi høyrde lese frå 2.Korintarbrev: «Ransak dykk sjølv om de er i trua. Prøv dykk sjølve!» 

Til hjelp for å prøve oss sjølve; til å gå inn i vårt indre, har vi fått ein av det største forteljingane frå Jesu munn som vi har i vår Bibel.
Vi har lese om den bortkomne sonen.

Det gjekk dårleg med han. Det einaste som kunne gått verre, var at han kunne mista livet. Han kunne ha døydd der han gjekk mellom grisar og åt grisematen.
Han slapp unna døden, men lenger ned i søla kunne han ikkje kome.

Der - på botnen - forstod han korleis han hadde stelt livet sitt til. Han forstod at han kun hadde eit menneske å takke for at han var hamna i slummen, og det var seg sjølv. 

Av og til skuldar vi på arv og miljø når eit menneske kjem dårleg ut i livet. Då tenkjer vi at oppveksten har vore dårleg. Foreldra har svikta. Ein har kome i dårleg selskap. Difor har livet gått utforbakke.

For den bortkomne sonen spela arven også ei rolle. Men ikkje ei negativ rolle. Arven hans var god og stor. Han hadde til og med teke den ut på forskot. Før faren som hadde gjeve han arven var død. Og faren var slett ikkje av det dårlege slaget som ikkje hadde omsorg.

Faren var så glad i sin yngste son at han gav han fridom. Fridom, til og med til å øydeleggje livet sitt. Vi kan vere trygge på at det ikkje var med lett sinn at faren såg kva sonen fann på. Kanskje freista faren å formane han til å velje betre? Men han gav han uansett fridom til å gjere som han sjølv ville.

Nokre vil kanskje spørje: Korleis kunne faren tillate at sonen øydela seg sjølv?
Dette spørsmålet er heilt på linje med korleis verda i dag spør når dei ser all liding og vondskap i verda: Korleis kan ein kjærleg Gud tillate vondskapen vi ser rundt oss. Lidinga? Krigen? Nauda?

Faren i dagens likning er eit bilete på Gud. I kjærleik let Gud menneska få høve til å følgje sin frie vilje. Til og med når dette fører oss i avgrunnen. Gud tvingar ingen til å leve i hans nærleik, sjølv om vi er døypte til å tilhøyre han, døypte til å leve tett saman med han og nyte godt av hans daglege velsigning.

Men til alle tider har menneska gått sine eigne vegar. Til alle tider har folk rive seg lause frå Gud Faders hus. Det har gått dei ille i livet. Synda har ført dei i avgrunnen. Ja, syndige menneske har til og med ved si synd rive uskuldige og rettferdige med seg i avgrunnen.

Et godt eksempel på det, er svolten som plagar store deler av menneskeslekta. Det er nok mat til alle på kloden. Men vi som bur i den rike del av verda er bundne så fast i vår egoisme at vi ikkje korkje vil, eller får til, å dele dette med dei som ingen ting har. Det er ikkje Guds kjærligleik som er så liten at han lar nokre svelte, men det er vår syndige egoisme som dreg uskuldige med oss ned i avgrunnen slik at det i dag faktisk finst millionar som var takknemlege om de fekk mette seg av den maten våre norske griser et.

Den bortkomne sonen fekk heimlengt. Og han fekk syndeanger:
«Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.»
 

I dag skulle eg ynskje at mange av oss vart gripne av heimlengt.
Av lengt etter å kome til Gud, etter å være hjå han. Alltid! 

Kanskje har du alltid vore hjå Gud? Kanskje har du heile livet levd i trygg tillit til di dåpspakt. Du vet kven du trur på. Du kviler hjå Gud.
Då har du det kanskje som den eldste sonen vi også har lese om. Den heimeverande sonen. Han som var hjå Far i trufast teneste medan den yngre broren hans sløste bort farsarven i eit vilt og utsvevande liv.

De to brørne levde veldig ulikt med sine liv. Kvar av dei brukte sin frie vilje til å gjere slik kvar av dei syntes var fornuftig. Ingen av oss vil protestere på at det var den heimeverande sonen som valde rett.
Likevel står heller ikkje den heimeverande sonen igjen som noko ideal når vi les denne likninga. Tvert i mot. Kva var i vegen med han då?

Jau, han bar på slike eigenskapar som misunning, sinne og irritasjon. Han var sta, sjølvgod og bitter. Dette kjem tydeleg fram når han anklagar faren for å ta så vel i mot den angrande broren som til slutt vender heim. Ja, så ille var han angripen av desse slette eigenskapane at vi rett og slett ikkje veit om han til slutt vart ståande utanfor når den store gledefesten for brorens heimkomst tok til. 

To brør: Med den eine gikk det nedanom - og heim!
Med den andre vart det berre heime.
Den eine var ein grov syndar. Han levde eit vilt liv. Han sløste bort farsarven på fest og horeri.
Men den andre? Han var også ein grov syndar. For han bar på misunning, sinne og irritasjon. Han var sta, sjølvgod og bitter. 

Kven av dei to var den største syndaren?
Ja, spelar det eigentleg noka rolle?
For dei to hadde begge den same far. Den same far som elska dei like høgt.
For faren var det ingen skilnad. Han visste om alt som hadde skjedd med den yngste. Og han såg den eldste sonen sin rett i augo mens alt det negative som budde i han lyste i mot faren.
 

Men faren var berre god og kjærleg.
Mot den bortkomne sonen. Mot den heimeverande sonen.
Det er den kjærlege faren det dreiar seg om i denne likninga. Ikkje om nokon av sønene. Det handlar om han som rettar armane ut mot dei begge to og forkynner: 

«Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt. Men no må vi halda fest og vera glade….» 

Du er alltid hos meg, og alt mitt er ditt.

Dette er dei ord som må være sanne om deg og meg. Uansett kven av dei to brørne vi liknar på. For det spelar inga rolle om vi har rota oss bort frå Gud på vår veg gjennom livet. Om synda vår er av det slaget som folk reagerer på, fordi vi vert så synlege syndarar der vi rotar rundt i søla saman med grisane, eller om vi er av den typen menneske som makter å løyne vår synd bak ein pynteleg fasade. Uansett så er vi syndarar. Uansett er vi til og med store syndarar. Slik begge de to brørne var det.

Men ein gong vart vi syndige menneske gjort til Guds born. Det hende i dåpen. Då vart Gud vår himmelske far. Og vår Far i himmelen står i dag med opne armar retta ut mot kvar einaste av sine born. Han ynskjer oss velkomen heim. Heim der det er godt å være. Trygt å være. 

Og så dukar han bord for oss. Festbord. Ingen gjøkalv akkurat på denne søndagen. Men vi vert serverte frå sølvfat og frå sølvkalk. Vi drikk av sølvbeger. Den dyraste mat som nokon gong er sett fram på noko bord. Nattverdens brød og vin. I dette måltidet er vår himmelske Far. Der gjer han seg til eitt med oss gjennom Jesu lekam og blod som er eitt med brødet og vinen. 

Kanskje har du heimlengt i dag? Kanskje har du vore borte ei tid? Ikkje så langt borte at du hamna i rennesteinen. Ikkje slik at du levde som ein gris. Men ein snartur over ei grense du veit med deg sjølv at du ikkje skulle ha kryssa.
Du lengtar inn att i fellesskapet som fekk ein knekk. Du vil så gjerne vere trygg på at Gud framleis ser deg. At han rettar armar mot deg også på denne søndagen.

Lytt til orda som skal lyde når vi les det faste nattverdritualet! Orda er sagt til deg.
Gud er her i dag. Han talar til oss alle no når vi les Ordet og forkynner det.
Han er her og lyttar når du lovsyng gjennom salmane du er med i.
Han kjenner deg allereie før du formar bøner i hjarta ditt. Og ved nattverdbordet opnar han armar mot oss alle. Bortkomne eller heimeverande søner og døtre. Han lengtar etter å møte oss. Opne armar mot oss. Kysse oss velkomen heim. For gjøkalven er slakta for vår skuld. Jesus var namnet til han som slik let livet. Han som også er vår bror!

fredag 21. oktober 2016

Før enden kjem

23. s. i treeiningstida. 23.oktober 2016
Åsane (Misjonsgudsteneste. Fokus på Kina)
Matt. 24.35-44

Etter denne preika skal vi syngje den kjende misjonssalmen «Din rikssak, Jesus, være skal min største herlighet». Forfattaren av salmen er den sørlandske misjonspresten Karl Ludvig Reichelt. Det var han som i si tid var ein av dei som bygde opp misjons- og dialogsenteret Tao Fung Shan i Hong Kong. Reichelt døydde i Hong Kong i 1952 og ligg gravlagd eit lite steinkast frå det imponerande anlegget han var med å byggje opp, og som framleis er sentralt i norsk misjon inn mot Hong Kong og Kina.

Dette er ein strålande misjonssalme. Om kall. Om vilje til å gå dit Gud vil sende. Og endå meir – ein visjon og eit utsyn mot det som ligg bortanfor våre grenser, der nauda skrik.
Vi høyrer om at der finn vi skam og nederlag. Dette kjenner vi nordmenn att i vår eiga synd, i vår skuld og skam i kvardagen.

Reichelt veit noko om ein vilje til å frelse alle som strevar med dette.
Men aldri handlar det for han om at nokre folk er betre enn andre. Frelsa er noko som er for det universelle. Den er noko Jesus har gjort for «slektens sorg og harm».

«Slekten» - det er ikkje noko mindre enn ei heil verd; det er «hvert folk som liv og grenser fikk» Det er oss i nord som deler ei lang grense med Sverige. Men til «slekten» høyrer også eit digert land i aust med fleire innbyggjarar enn noko anna land på kloden. Innanfor Kinas grenser finn vi i dag kristne i eit tal vi aldri kunne drøymt om berre for nokre ti-år sidan.
To unge kristne derifrå skal vi snart få helse på. Ingen stader på jorda breier den kristne kyrkja seg raskare utover i dag enn nettopp i Kina.

Det er spanande å tenkje på dette i lyset frå tre innfallsvinklar.
Den første innfallsvinkelen er evangelieteksten i dag.
Jesus talar der om at han skal kome tilbake ein gong. Han seier noko om at når tida på jorda ikkje har fleire dagar, så kjem ein siste dag. Han talar om frelse for nokre. Men også om at ikkje alle får vere med på dette store.
«- én blir tatt med, én blir igjen» står det fleire stader i vår evangelietekst. Ord av Jesus. Høgaktuelle ord inn i ein norsk diskusjon om det ein nyleg avgått biskop har sett på dagsorden: Dei to moglege utgangane av livet. Finst det både frelse og fortaping?

Her og no har vi ikkje tid til å gå veldig djupt inn i diskusjonen. Men eg kan ikkje anna enn å lese orda av Jesus som alvorsord til kvar og ein av oss. Jesus peikar på to utgangar. Det gjeld å finne vegen til den rette utgangen. Og det gjeld om å vere klar ved døra inn til det himmelske når det nærmar seg stengetid.
Ordet Jesus brukar er det manande: «Så våk da!» – eller han seier: «Derfor må også dere være forberedt!»
Dette med å vere klar til å møte Jesus når han kjem tilbake ein gong, i samsvar med det vi seier fram i vår truvedkjenning i kvar einaste gudsteneste, det har alltid vore eit tilbakevendande tema. I kyrkjene våre dukkar det opp i kvar adventstid. I misjonskrinsar har det om att og om att vore heilt sentralt, ikkje minst på bedehusa rundt omkring. I tallause preiker.

Og det har gjerne samanheng med den andre synsvinkelen eg vil bevege meg inn mot på denne søndagen. Nemleg eit anna Jesus-ord der misjon er eit sentraltema.
Lenger framme i kapittelet som vår preiketekst er henta frå, og som altså handlar om dei siste tider, seier Jesus desse tankevekkjande orda:
Og dette evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og så skal enden koma. Matt 24,14

Den tradisjonelle tolkinga av dette Jesusordet har vore at misjon til endane av jorda, det skundar fram Jesus atterkome og den fulle oppfylling av Jesu frelse.
Når ordet om Guds rike når til heile jorda, då er tida komen for at Jesus hentar heim alle sine. Døra inn til det som han andre stader samanliknar med ein bryllupssal vert opna. «Velkomen inn, du som trudde», seier han, før døra vert stengd for siste gong.

Dette opnar også for oss å syngje godt med når vi kjem til Reichelts visjon i det siste salmevers i hans misjonssalme. Det er den tredje synsvinkelen eg peikar på no i dag.
Reichelt ser fram mot «livets aften». Då han skreiv salmen i 1912, var han enno ein ung mann. (35 år). Det gjekk enno 40 år før hans siste kveld kom. Men den unge Reichelt malar opp for oss «et herlig syn å se»

Han ser Guds rike i ståleskrud. Guds rike som opnar seg med all sin herlegdom. Guds rike, der fullkomen lovsong frå dei frelste tonar framfor Herren.
Reichelt fekk sjølv sjå mykje av det som er trua sin herlegdom.
Som eg sa, han ligg gravlagd like ved Tao Fung Shan i i Hong Kong.

Grava hans er tett ved eit berg som stikk opp or gravplassjorda. Berget har ei naturleg kløft som alle kan sjå som står ved grava. Der er det hogge inn ord på kinesisk i samsvar med Reichelts eige ynskje. Der står det skrive salmeord som vi kjenner godt. Henta frå vår påskesalme: «Klippe du som brast for meg»

Han hadde sett kvar han skulle finne si trygge tilflukt. Det er hjå han som er klippen. Frelsa. Hjå han som har sår med frelsande blod. Der gøymde misjonæren og  salmediktaren seg. Der fann han kvile for trua si. Og der ved klippen som brast, i trua på Kristus som døydde, kunne han også finne kvile for kroppen som ikkje hadde fleire dagar å leve.
Men han var heile tida ferdig til å møte sin frelsar. Uansett kva time det skulle vere at Menneskesonen kom.

I salmen uttrykkjer Reichelt det slik, dette som han ser som ein visjon inn mot endetida:

«Guds rike står i stråleskrud.
Krist hentet har sin dyre brud
av alle stammer, fra hver egn,
med hver sin strålekrans som tegn,
i jublekor, de priser Herren stor.»

Jesus minner oss altså i dag om alvoret for alle som gjerne vil ha del i dette:
«Derfor må dere være forberedt! For Menneskesønnen kommer i den time dere ikke venter det.»
AMEN

onsdag 28. september 2016

Ny innreiing



 

20. s. i treeiningstida III. 02.10.2016
Matt 18,1-11
Biskopshavn

For nokre få veker sidan var eg innom kyrkja her i Biskopshavn. I lag med soknepresten dykkar rusla eg rundt i kyrkja og gledde meg over kunsten som var komen på plass i kyrkjerommet gjennom sommaren.
Eit fantastisk fondbilete.  Fargar som fløymer mot oss. Krossen. Armane som strekkjer seg ut frå krossen.  Eg kjenner liksom at eg vert varmt omfamna av det vakre.
Det gjer så godt å vere i kyrkja og oppleve dette i lag med dykk alle på denne fine søndagen.


Snart skal vi samle oss til jubileumsfeiring i kyrkja vår. 50 år skal markerast om litt over to månader. Og då skal vi på litt meir offisielt vis også markere at kyrkja har fått ny altarfasade.
Eg gler meg.

Men før det, er det mangt av anna å juble for. I dag gler vi oss over dei tre nydøypte.
Tre familiar feirar i feststas og med nye liv i fanget.

Lat oss på denne dagen gjere nokre tankeeksperiment i lyset frå det nye kunstverket. Kyrkja vår har fått eit heilt nytt element som på sett og vis innreier kyrkjerommet på nytt.
Noko fullstendig nytt er installert i rommet vi samlar oss i.

Kanskje kan du då vere med på litt nyinnreiing i sjølve livet ditt?
Ny innreiing av det eg foreslår å kalle for ”hjartekapellet” i ditt liv.

Det første som må på plass kallar vi trua.

Den fekk du i gåve allereie då du vart døypt. Barnetrua. Den som er det store forbildet for alle vaksne. Du treng ikkje så mykje anna i ditt hjartekapell enn tru. For når du har med deg ein bit av den, då ser Jesus det. Og då stig han straks inn til deg, så sant du opnar kapelldøra på gløtt, for eksempel ved at du ber den bøna han har lært deg å be: ”Vår Far, du som er i himmelen” 

Difor vil eg i dag oppmode alle dykk som har ei enkel barnetru om alltid å be denne bøna, som eit uttrykk for at vi vil sleppe Jesus til i livet vårt, i hjarta vårt, i vårt indre kapell.

Og så skal vi rett og slett innreie kapellet på aller enklaste måte.
Kapellrommet i vårt hjarte har fire vegger. Den eine veggen er døra. På den døra heng vi opp teksten til nettopp Herrens bøn: Vår Far.

På veggen til venstre heng vi opp eit bilete. Eit bilete som passar aldeles førsteklasses med tanke på tekstordet som samlar oss på denne søndagen.  Det er biletet av Jesus og borna. Kanskje fekk du ein gong eit slikt bilete på søndagsskulen, i barnelaget eller du såg det i ein barnebibel?

Det er som regel slik at vi tenkjer at dette biletet er noko borna må sjå på. Men det biletet er det dei vaksne som skal sjå mest på. Jesus som tek borna på fanget. For orda som vart sagt i den scena, det er ikkje ord til borna, men til dei vaksne. Vi las orda då vi for nokre minuttar sidan døypte desse tre borna:  ”La de små barna komme til meg og hindre dem ikke! For Guds rike tilhører slike som dem” 

Alle vaksne må sjå nøye på biletet og også hugse noko Jesus sa i det vi har lese som preiketekst i dag: ”Uten at dere vender om og blir som barn, kommer dere ikke inn i himmelriket” (Matt.18,3)

Biletet av Jesus og borna talar til dei vaksne. Biletet viser oss at vi som er vaksne har alt å lære av dei små. Dei som har den vesle og trygge trua, trygt lagt ned i barnehjarta. Vi har ikkje lov å ta dette frå borna. Dette skal vi tvert imot hegne om, odle fram, ta vare på og lære av.

Også vi som er vaksne skal leve som borna, tillitsfull, trygt i trua på at Jesus er vår bror som skal føre oss heilt fram til vår himmelske far i det evige Guds rike. 

På den andre sideveggen i vårt vesle hjartekapell, den til høgre, vil eg at vi skal henge opp eit anna bilete. Eit heilt anna bilete. Ikkje eit søtt søndagskulebilete i pastellfargar.
Men eit biletet i kraftige, sterke, blenkjande og lokkande fargar. Der vil eg sjå vår eiga tid. Der vil eg sjå dei halvstore borna som går på skule her i Biskopshavn, på Hellen skole.
Der vil eg sjå tenåringane som sparkar fotball, spelar piano, er på vennebesøk, eller kranglar med foreldre. Der må nokon male inn den første forelskinga. Kanskje også første gongen venskap gjekk sund og tårer var gode vener. Der vil eg sjå ein og annan ungdom som er utanfor det fargerike fellesskapet og på veg ut i noko mørkt, trugande, noko som er ei ukjend framtid. Ein ungdom som synest åleine.

Men ikkje heilt åleine. For også på dette biletet frå vår eiga tid må Jesus vere med. Det må lagast eit bru frå barndomen til dei unge. Ei bru frå Jesus som velsignar småborna og over til den tida der det ikkje er naturleg å krype opp i fanget, men heller sjå opp til det kule førebiletet. Den tøffe ungdomsleiaren. Han som det går an å snakke med utan at han sladrar. Ho som ikkje skal setje karakterar i orden og åtferd.

Eg håpar du som er konfirmant kan lage deg eit slikt bilete. Kunne det vore ei aktuell aktivitetsoppgåve i konfirmanttida? Å male inn vår tid. Og så hengje det på sideveggen i ditt vesle kapell i ditt eige hjarte. Eit bilete av oss. Og av Jesus. Han er der, slik han var der ved dåpen. Og framleis er det slik at Guds rike er ditt. Det som du fekk del i då du var eit lite barn. Eit dåpsbarn.

Det siste som skal på veggen i kapellet i ditt hjarte, det skal hengje over altaret der inne.
Eit litt anna bilete enn det som er nytt for oss her i Biskopshavn kirke.
I våre små hjartekapell treng vi også noko som vi har fått høyre om når vi i dag har møtt Jesus som talar om småborna og Guds rike.
Dette som er vårt forbilde, også for oss som er vaksne.


Eg ser for meg eit bilete frå Jesu barndom.
I sentrum sit Maria med det vesle gudsbarnet, Jesus, vår bror, på sin venstre arm. Det vesle Jesusbarnet prøver å slå dei altfor korte armane sine om halsen til mora. Barnets kinn og mora sitt kinn rører ved kvarandre på ein uendeleg øm måte. Ved å bere barnet på så kjærleg og ømt vis gjev Maria vidare til barnet styrke frå Gud, frå Far sjølv, til å verte Beraren.

Og då skal du og eg tenkje: Vår oppgåve som kristne er å etterlikna Kristus, også Kristus som barn. I dag leier fotspora hans oss til mora sin arm.

Di første oppgåve som ein medviten kristen er å late deg berast.

Tenk deg difor at du sit på Marias høgre arm og bøyer kinnet ditt mot hennar ømme kinn. Du kjenner varmen frå kinnet hennar.
No er di einaste oppgåve å late deg berast. Du skal ikkje sprelle og stritte i mot slik småborn av og til gjer på mora sitt fang. Men du skal kvile trygt på armen hennar. Kjenner varmen av henne. Lukta av henne. Høyre mora sin pust. Gle deg over songen ho nynnar i øyret ditt. Ingenting kan skilje dykk, Guds mor, Jesusbarnet på hennar venstre arm, og så du på hennar høgre arm.

Dette er nåde.
Dette er Guds rike, der vi er som born.
Der vi er på mors arm som ber oss til Kristus, vår bror.

Han som tek oss med inn i Guds rike. Der er frelsa.
Der er Beraren. Han som ber våre synder.
Der er Kristus som tek småborna til seg og seier at Guds rike høyrer barnet til.

Du må bli som eit barn. La deg bere.
Då vert du samstundes den største i himmelriket.
Der kan vi som er vaksne og dei som enno er små finne den gode kvile. Kjenne hender som velsignar deg. Alt dette vi kallar for nåde.

AMEN.

 

fredag 16. september 2016

Lengsel og sukk


18. s. i treeiningtida. GT-III - 18.09.2016
Bruvik (50-års konfirmantar)
Salme 38.10-16

Kjære konfirmantjubilantar.
Kjære dåpsfamilie.
Kjære kyrkjelyd.


Sommaren vart berre sorga i år. Våt og kald. Vi hang med hovudet her i vest. Vil lengta tilbake til barndommens gode minne om tørrhøy på bakken og svalande bad i ein blank fjord.
Det vart dusj frå det gråe, der oppe, i staden.
Men så fekk vi desse utrulege dagane vi nettopp har hatt i veka som gjekk.
Med eit termometer som dirrar nær 30 midt i september. Alt er gløymt. Vi gler oss.
Og i dag er det fest i denne vesle kyrkjelyden. Ein av dei minste i landet.
Men vi fyller likevel opp den nyoppussa kyrkja.
Vi gler over nyfødd liv som er bore fram og lagt i Herrens hender.
Andre av oss minnest fortida. Tenåringstida. Konfirmasjonen.
Om to år er det min tur til å jubilere, og av og til tenkjer eg: Var det i fjor det hende? Det er berre nokre vindpust sidan, kan det opplevast som. Men så ser eg ut over dykk jubilantar, nokre korte år eldre enn meg, og eg skjønar: Noko har trass alt hendt med oss på desse åra.
I alle fall utanpå!
På denne dagen vert vi møtt av ein av Salmane i GT. Ein klagesalme frå Davids munn.
Har vi grunn til å klage over tilværet på ein så flott dag som i dag?
Med så mykje vakkert og godt som hender rundt oss?
Lat oss aller først, før vi dukkar litt ned i det vi skal minnast om frå Guds ord, også minne kvarandre om å takke for alt det gode vi har fått, og som vi har opplevd.
Ikkje minst tenkjer eg at de som bar Elias til dåpen i dag har ei stor velsigning som kviler i fanget dykkar. Eit nytt liv. Nye forventningar. Ny spaning. Ei veldig glede.
Hjarteleg til lukke med alt som følgjer med det å få eit barn til inn i livet dykkar.
Vi i kyrkja deler gleda dykkar, og oppmuntrar til å gjere maksimalt ut av dette i tida som skal kome.
Men likevel - midt i glede, og midt i jubileum, så vil vi våge å opne oss for denne klaga som stig ut or Bibelens blad på denne søndagen.
Fram mot dagen i dag så har prestar over heile landet grunna på:
Kva vil dei orda som vi nett las, seie til moderne nordmenn anno 2016?
«Herre, du kjenner min lengsel, mitt sukk er ikkje løynt for deg.»
Slik vart tekstavsnittet opna.
Vi høyrer om lengsel og om sukk.
«Hjartet hamrar, krafta sviktar, sjølv lyset i auga har forlate meg»
Slik heldt David fram med å skildre det som er vondt og miserabelt i hans liv.
Og ver trygg, hans sukk har djupare årsak enn ein våt og kjøleg sommar. Det var noko verkeleg vondt som braut på i livet hans.
Les vi lenger framme i denne salmen les vi om tung skuld og om sår som verkjer. Vi har lese om vener og familie som sviktar han. Akkurat kva som feilar og manglar han er noko dunkelt. Men vondt er det i alle fall.
Nokon kvar av oss kan kjenne på noko liknande frå tid til annan. Kanskje til og med på ein så vakker og tilsynelatande perfekt søndag som i dag.
Då eg på fredag sat og førebudde denne preika til dykk, fekk eg avisa Vårt Land i hendene for den dagen. Hovudoppslaget der er ei sak som eg vil stogge litt ved, med tanke på det vi vert møtte med i denne Davidssalmen.
Overskrifta som fylte framsida var først litt kryptisk for meg: «Terroren rammer ikke-ofre psykisk» stod det.
Etter kvar forstod eg at det handla om det vi har vore kjent med gjennom mange år no – dei mange vonde terrorhandlingane vi har vore vitne til.
Sist søndag var det 11.september. Ein fæl dato i nyare historie. 15 år tilbake i tid. Ein dag som var opptakt til mykje av det vi framleis strir med av djevelskap av ulikt forteikn.
Avisa Vårt Land sette altså sist fredag fokuset på dette at store undersøkningar tydeleg viser sterk auke i psykiske lidingar, òg hjå folk som slett ikkje er ramma av terroren.
Eg tenkjer då: Dette ser eg også når eg møter kvardagsmenneske her i Åsane prosti.
Det var i den veka vi no la bak oss at eg snakka med ein mann som såg nokre kvinner gå forbi, ikledd chador, fotside islamske kvinnedrakter. Han gav uttrykk for redsle. Han var utrygg. «Kva gøymer dei under desse framande kleda?» spurde han.
Eg må tilstå: Eg forstår ikkje dette.
Eg kan ikkje begripe at framande skal vere farlege. Objektivt sett trur eg at eg har rett i det.
Men eg kan ikkje hindre andre i å tenkje annleis.
Eg kan ikkje nekte dei å vere redde.
Men er overtydd om at det gå an å kome bort frå dette. Det går an å sleppe framande og annleis truande tett innpå seg. Eg kjenner nokre av dei, og eg veit: Dei er ikkje farlege.
Men terroren  har skapt ugrunna frykt som ikkje lar seg viske bort, heller ikkje ved at ein prest står fram og seier nokre velmeinte ord om dette.
Om seg sjølv sa David i salmen vi las frå:
«Eg er lik ein mann som ikkje høyrer og ikkje har svar i sin munn»
Eg trur mange liknar på David. Vi får ikkje til å høyre. Eller vi vågar ikkje å høyre. For vi har sett noko, langt borte ein stad, som sette kloa i oss: Noko der ute opplevest som farleg. Vil det ramme meg?
Kjære kyrkjelyd.

Våg å løfte blikket. Bort frå det vi er redde for.
Alle ekspertar på dette kan fortelje oss at vi lever trygt og godt her hjå oss. På bakgrunn av ein uttale frå ein høgtståande politimann i Haugesund for kort tid tilbake, har det gått ein heit diskusjon over heile landet om kor vidt utlendingar er farlege.
Same dag som Vårt Land skriv om at frykt for det ukjende skapar store psykiske problem, slår sjefen til denne politimannen fast at mannens opphavlege utspel rett og slett ikkje kan grunngjevast ut frå fakta. Politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt seier beint fram: I våre tall er det ingen grunn til å frykte utlendinger.
  
http://www.abcnyheter.no/nyheter/2016/09/16/195242626/listhaug-stottet-kronikk-om-fremmedfrykt-na-tilbakevises-pastandene-av-politimester

Dei framande er ikkje farlege. Dei er berre ukjende. Det går an å lære dei å kjenne.
Opne liv og heim og grend og nabolag for dei, og sjå at dei med tid og stunder vil smelte i hop med oss.
Det eg ber i min ryggsekk, kan vere langt farlegare enn det framande kvinner gøymer under chadoren!
Vi ser framover i dag.
Vi gler oss i dag. Over nytt liv, og over liv som det er grunn til å jubilere for.
Har vi sukk vi ber på, har vi lengsler vi enno ikkje har fått oppfylt, så skin orda frå David mot oss. Ord som kan ta brodden av vår frykt for det ukjende. Ord som kan gje kraft i møte med vår uro for det som gneg oss.
I staden for redsel for det ukjende langt borte, strir du kanskje heller med sjukdom på kroppen, eller det var det noko mellom deg og dine nære som gjekk seg så skeivt til, kanskje kjenner vi oss beint fram urettferdig behandla i samfunnet?
I møte med noko av dette, eller i møte med andre sider ved livet du lever, og som formørkar tilværet ditt, vil eg i dag gje deg desse orda; og bruk orda til David som di bøn:
«Det er deg Herre, eg ventar på. Du vil svara meg, Herre, min Gud»

 AMEN

 

fredag 19. august 2016

Radikalt


Vingardssøndag/14.s. i treeiningstida. III - 21.08.2016
Åsane
Matt.19,27-30
«Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?»

Er det slik dei tenkjer alle desse som har gjort så mange borgarar rundt om i Europa redde gjennom det siste året? Eg tenkjer på den vonde redselen som spreier seg nå vi høyrer om IS-krigarar som utfører meiningslaus og blodig terror i storbyane våre. Det vert ofte sagt at deira motivasjon for å gjere dette gjerne kjem frå eit desperat ynskje om å stige inn i eit islamsk himmelsk paradis gjennom å ofre seg i ei martyraktig handling som samfunnet rundt stemplar som terror. Ved å følgje det dei oppfattar som Allahs vilje, forventar dei himmelsk, evig liv som løn.
Dette er sikkert ei altfor enkel forklaring på eit svært problem.
Her er det mange andre forklaringar som også må fram i lyset. Forklaringar som må vere i tillegg til, eller i staden for, det som har med islamsk teologi å gjere.
Og det skal vi ikkje gje oss inn på her. Det har eg som prest i vår kyrkje også for liten kunnskap til å ha skråsikre meiningar om.

«Kva med oss? Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få?»

Dette spørsmålet vart stilt til Jesus.
Dette spørsmålet kom frå sjølvaste Peter. Ein av Jesu aller næraste vener og fortrulege.

Peter spør etter om det lønar seg å ofre mykje for å vere i Jesu følgje.
For sanneleg ser det ut for at det var slik det var for dei første tilhengjarane av Jesus. At dei måtte ofre mykje. Tilsynelatande alt i sitt gamle liv.
For då kallet kom frå Jesu munn, verkar det som om dei tolv meir eller mindre berre slapp alt dei hadde i hendene og gav seg i følgje med denne underlege mannen.
(Sjå Matt 4,18-22):
18 Ein gong han gjekk langsmed Galileasjøen, fekk han sjå to brør: Simon, som blir kalla Peter, og Andreas, bror hans. Dei heldt på å kasta ei not i sjøen, for dei var fiskarar. 19 Han sa til dei: «Kom, følg meg, så skal eg gjera dykk til menneskefiskarar!» 20 Med ein gong gjekk dei ifrå garna sine og følgde han.
21 Då Jesus kom lenger fram, fekk han sjå to andre brør: Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans. Dei sat i båten saman med Sebedeus, far sin, og bøtte garna. Jesus kalla dei, 22 og med ein gong gjekk dei bort frå båten og far sin og følgde han.


Lønar det seg å vere i Jesu følgje? Forlate alt?
Fiskarane let garna liggje att på stranda. Båten deira overlet dei til faren. Faren såg sikkert langt etter sønene som berre drog bort, kankje utan å seie farvel. Dei valde Jesus og eit heilt anna liv enn det som var deira gamle liv.

Dette er radikalt!
I dag snakkar mange om radikal islamisme.
På denne søndagen møter vi ein bibeltekst med radikal kristendom.
Korleis skal vi som er med i vår kyrkje anno 2016 forhalde oss til slike ord?

Denne bibelteksten har sjølvsagt alltid stått i vår Bibel. Men han er nesten heilt ny som ein tekst kyrkja vår har løfta fram i gudstenesta. Sjølv har eg vore prest i 36 år. Men det er første gongen eg preikar over desse orda.
Difor måtte eg lese meg opp på kva dette betyr for oss i dag då eg skulle førebu meg til denne søndagen. Frå bokhylla plukka eg ut ei klassisk bok av den store tyske teologen Dietrich Bonhoeffer som vart martyr for si tru i møte med sine tyske landsmenn under nazitida.
Boka heiter «Etterfølgelse» og kom ut i 1937.

Eg skulle ynskje vi hadde hatt veldig god tid til å dukke ned i alt som kunne seiast omkring dette. Det går ikkje. Men til alle dykk som kom til denne gudstenesta i dag med eit lite barn som midtpunkt, iført dåpsklede og omgjevne av stolte og feststemte slektningar, vil eg fokusere på korleis Bonhoeffer koplar det å vere Jesu etterfølgjar til dåpen.

Han skriv bl.a.:
Dåp er å bli truffet av Kristi kall.
I dåpen blir et menneske Kristi eiendom. Jesu Kristi navn nevnes over den som blir døpt. Den døpte blir delaktig i dette navnet, blir døpt inn «i Jesus Kristus»
Nå tilhører den døpte Jesus Kristus, man er blitt revet løs frå denne verdens makt og blitt Kristi eiendom.
Dåpen innebærer altså et brudd. …. Dermed rives fortid og fremtid fra hverandre. … Bruddet skjer ikke ved at et menneske sprenger sine lenker i umettelig lengsel etter et nytt og fritt liv med orden i sakene. Bruddet har Kristus foretatt for lenge siden.»
[1]

Kjære dåpsforeldre.
Kjære kyrkjelyd.

I dag er det mitt djupe ynskje at vi alle saman skal makte å gripe litt av det radikale i kristentrua vår. Gripe det – utan kanskje å begripe det radikale i dåpshandlinga.
Det radikale ved å vere i Jesu følgje.

Vi har gått ifrå alt og følgt deg. Kva skal vi få? – Slik tenkte Peter og dei andre som gjekk i lag med Jesus til dagleg.
Det er difor ikkje merkeleg om vi som lever i vårt moderne samfunn som er så oppteken av løn og tariff og motytingar for ei teneste vi utfører, også kan falle inn i slike tankebaner.

I dag spør eg meg sjølv og oss alle: Ser vi kva vi alt har fått?
Kva vi fekk då vi kvar for oss vart døypte?

Nå tilhører den døpte Jesus Kristus, man er blitt revet løs frå denne verdens makt og blitt Kristi eigedom …. Dåpen innebærer altså et brudd. …. Dermed rives fortid og fremtid fra hverandre.

Bonhoeffer utrykkjer seg ikkje akkurat i enkle ord.
Men prøv å ta dei inn over deg. For det han seier er eit uttrykk for det vi har vore vitne til ved dåpen, fem gonger – berre i dag: Eit brot med ei fortid, ei kort fortid som nyfødd menneske. Eit brot med eit liv som enno ikkje hadde den retninga som dåpens bad stakar ut. Himmelretninga.
Eit nytt liv vert fødd i dåpen. Eit liv som skal levast i etterfølging av Kristus.

Radikal kristendom - det er dette: Å leve sitt dåpsliv. Gjennom det forlet ein alt. Alt det gamle. Den store tyske martyrteologen har forklart oss om eit radikalt oppbrot i dåpen:
«-ikke ved at et menneske sprenger sine lenker i umettelig lengsel etter et nytt og fritt liv med orden i sakene. Bruddet har Kristus foretatt for lenge siden»

Framfor blenkjer noko nytt.

Når vi talar om framfor – altså om det som skal kome, men enno ikkje er der, då tenkjer kristne sjølvsagt på det evige. På evig liv. Det gjer Jesus også når han svarar Peter på spørsmålet. Han seier noko om korleis det skal vere når Menneskesonen sit på truna i sin herlegdom – altså i det evige livet.

I kyrkja skal vi alltid ha det evige for auga. Løn i himmelen er noko som ofte går att i det vi snakkar om. Men før vi kjem så langt som at vi stig inn i det evige er det eit liv som skal levast, også her på jorda.

Desse små som vi i dag har lagt i Guds hender skal leve som born av sine foreldre og spreie glede og håp gjennom heile sin oppvekst. Dei skal verte vaksne og sjølve setje barn til verda. Nye born som skal bli besteforeldra sine skattar nå den eldre generasjonen sjølv ikkje lenger har ansvar for oppdraging og vegleiing av dei minste.
Livet skal levast, frå vogge til grav, også desse liv som i dag vart knytte fast til Jesus gjennom dåpen. Livet skal levast med det evige for auga, men slett ikkje ved å melde seg ut av samfunnet eller familien. Livet skal levast til gagn for medmenneska vi lever i lag med til dagleg. Desse som har adresse i same veg som vi sjølve bur i. Dei som bur i byen vår eller i kyrkjelyden vår. Men også med auge for alle der ute ein stad, der stormen rasar, der tårer renn, der verda ser ut som ein uoverkommeleg motbakke. Våre liv er bundne til eit verdensvidt fellesskap som vi ikkje skal dra oss tilbake frå.

Dietrich Bonhoeffer lærte oss at «Dåp er å bli truffet av Kristi kall.»
Slik Jesus kalla læresveinar som på radikalt vis braut med sitt gamle liv og gjekk vidare i livet tett i Jesu fotefar, slik kallar Jesus alle døypte til å fylgje han, også i 2016.
Å leve sitt dåpsliv, er å leve i tru på han som gjev retning og kraft til eit nytt og radikalt liv i fellesskap med andre som trur og andre som har tillit til Jesus. Det er dei menneska som framfor alt finn ein heim og eit fellesskap i den kyrkja vi vert døypte til å tilhøyre. 

I dag er vi her og høyrer Jesu lovnad om å arve evig liv når dette livet er ført til ende.
Det er sjølvsagt ein god motivasjon for å leve tett innpå Vår Frelsar og Herre i dette livet.
Men mens vi er her, skal vi også leve for kvarandre. Det kan krevje offer av oss. At vi må forlate noko som elles ville vore stort og viktig. Det kan krevje at vi må bryte med noko i vårt gamle liv som hindrar oss i det gode og nære fellesskapet med Jesus og dei andre som trur. Då vil det handle om å gje alt den rette prioritet.

Det er mykje stort og mykje viktig i våre daglege liv som vi må prioritere rett.
Men størst og viktigast av alt, er at vi ser at på den lista må Han stå fremst, Han som kallar oss både til eit rett og verdig liv her og no, men også til å hauste mangedobbelt nå vi eingong arvar i det evige.

AMEN
[1] D.B.: «Etterfølgelse» s.198 

Bloggarkiv