søndag 27. januar 2013

Økumenisk gudsteneste. Såmannssøndag


Såmannssøndagen III. 27.jan 2013
Økumenisk gudsteneste, Åsane, på Bibeldagen
Matt.13,24-30

Finst det noko som bind kristne med ulike konfesjonelle ståstader betre saman enn Bibelen?
Kristne har god trening i å vere usamde,  å krangle med kvarandre. Splitte seg opp i ulike retningar. Lage eigne forsamlingar når vi rynkar litt på nasa over det dei driv med der ein kanskje har vore medlem i fleire tiår.
Dette kan vi seie mykje om, men eg har aldri høyrt nokon seie at det er godt og rett at det er slik. Heldigvis finst det difor dagar der det er lett, der det er naturleg, og framfor alt rett, å vise verda at dei kristne har noko som bind saman på tvers av kløfter, usemje og ulik tilnærming til trua
vår.
Ingen vil protestere på at Bibelen. Guds ord, det er vårt sentrum. Den vi trur på. Denne boka er rettesnor våre liv og for vår lære. Difor har det etter kvart utvikla seg ein god tradisjon mange stader i landet vårt, at vi på denne søndagen vi har i dag, den som i Den norske kyrkje kallast Såmannssøndagen, og som hjå oss alltid har tekstar som set Guds ord i sentrum; då samlast ein mange stader til felleskristne, økumeniske samlingar. Vi feirar denne dagen som ein felles Bibeldag, gjerne med fokus på eit prosjekt som er fargelagt av Det Norske Bibelselskap.
Slik gjer vi det også her i Åsane i dag. Frå åtte ulike ståstader kjem vi saman i denne kyrkja. Ramma er liturgien vi har i den norske kyrkja, men inne i ramma gjev vi rom for dykk som takka ja til å vere i lag med oss i dag. Det er så godt at de er her, at vi kan vere saman. Saman om Bibelen. Saman om Guds ord.
Vi har til og med fått høyre frå Bibelen på eit språk som er veldig framandt for dei fleste av oss . To av nonnene som bur i det einaste katolske klosteret på våre kantar, Marias Minde i Biskopshavn, har lese på morsmålet sitt, vietnamesisk. Og nettopp Vietnam, saman med nabolandet Kambodsja, er sentrum for Bibelselskapets prosjekt i år, å spreie Bibelen i desse to landa, langt der borte i Asia.

Mesteparten av 1970-åra brukte eg for min del til å utdanne meg til prest, til å studere teologi. Den gongen var det eit temmeleg kaldt klima mellom oss i den norske kyrkja og truande i andre kyrkjesamfunn. Det vart bl.a. frå lærarhald på min teologiske lærestad rett som det er nytta harde ord om dei som ikkje trudde slik Martin Luther lærte oss. Eg tvilar på om det nokon gong vart sagt med reine ord, men på lærestaden, i kyrkjene våre, og på bedehusa rundt om klang det rett som det var ein undertone som bar i seg noko ullent om at dei som ikkje trur som oss, dei er ugras på den kyrkjelege åker.

I samfunnet vårt kjempar politikarar, men også kyrkjeleiarar, mot klimaendringane vi er vitne til. Mot ein varmare klode. Det er både godt og rett. Men takk og lov at klimaet har endra seg, at det er varmare i det økumeniske landskapet no enn det var for 30-40 år sidan.

I dag vil ingen ansvarleg kyrkjeleiar tenkje om annleis truande at dei er ugras.

Og i alle fall vil ingen finne på å nemne noko om å luke dei bort.
I dag er vi i stand til å velsigne arbeidet til kvarandre. Vi kan gå til gudsteneste i ulike samanhangar. Det finst nok dei som vil etterlyse større truskap og ansvar i den kyrkjelyden ein høyrer til i. Det finst nok grunnar til å spørje om såkalla kyrkjeshopping er eit gode. Dette at, særleg unge, fyk, frå den eine forsamling til den neste som ein sommarfugl ein vakker julikveld, utan vilje til å stanse opp, ta ansvar og byggje på sin tomt, innan for sitt gjerde.

Dette kan nok vere eit problem.
Men det er ikkje fordi dei unge sommarfuglane er ugras vi peikar på det. Men fordi vi, kvar i våre samanhangar, treng slike som arbeider på åkeren, steller og puslar med det som skal spire og gro, slik at det kan verte ein god haust også innfor mitt gjerde.

I Guds rike er det mange plantar. Korn av ulikt slag. Frukt av ulik fasong, farge og smak. Vi treng det alt i hop. Det må gjerne dyrkast fram og stellast med på ulike teigar.

Men på denne søndagen er det glade evangeliet til kvar og ein av oss som står i dette såmanns- og dyrkingsarbeidet: -Vi skal sleppe å bry oss om kva som er god grøde og kva som ikkje er brukbart, men berre ugras.
Den dommen høyrer ikkje deg eller meg til. Den høyrer heime hjå Gud, og takk og lov for det.

Jesus lærer oss i dag: «- når dere luker bort ugresset, kunne dere samtidig komme til å rykke opp hveten. La dem vokse der sammen til høsten kommer»

Høyrer du evangeliet i desse orda?Den glade bodskapen?
Vi skal sleppe å vurdere kva som er grøde og kva som er ugras. Begge delar finst. Også ugras. Det som ein gong ikkje vil kome gjennom dommen. Men eg skal sleppe å døme. Du treng heller ikje bry deg med det.
Det er ein ting det handlar om. Det handlar om det som til slutt skal sankast inn i Guds store låve. «Hveten skal dere samle i låven min!»

Kjære medkristne. Vi veit noko om at skal det verte god grøde i Guds rike, må vi drive såmannsarbeid. Det er å så ut Gud ord. Det er å spreie Biblar.
Mellom våre eigne.
Og der det er lite av denne ufatteleg viktige boka for alle som trur. I Vietnam og i Kambodsja er situasjonen at dei ropar på Guds ord. Dei ber om fleire Biblar. Det er eit stort såmannsarbeid som må gjerast for at det skal verte haust der.
Vi samlar oss her i vår kyrkje på denne søndagen for å gje ein neve såkorn til denne åkeren nettopp i dag.

Kvar for oss har vi også større og mindre teigar der vi har sådd - her i Åsane.
Vårt ynskje og vår bøn for alt dette er at Gud må sende gode innhaustingstider over denne bydelen i Bergen. At Ordet kan spire og gro. På dei gamle gardane som enno finst i utkanten av blokkene som skyt opp. At det kan sankast frukt frå høghus eller villaområder. At Guds ord kan nå innafor glasvegger og fine fasadar på kjøpesentra og gigantiske møbelbutikkar. At arbeidaren som byggjer ny veg for å spare oss for køar og motorvegkaos kan vere våre gode forbilde: Dei står på i kulde og regn og borar og skyt for å gje oss noko nytt og nyttig.

Det nye og nyttige for oss som trur på Gud og les Bibelen vår i fellesskap, er frukt og grøde som skal haustast. Då kan vi ikkje vere smålege mot kvarandre.
Vi går saman ut for å fullføre Jesu ord: «-hveten skal dere samle i låven min!»

AMEN

søndag 20. januar 2013

"Ka' sa eg?"


3.s. i openberringstida III – 20.01.2013
Biskopshavn
Johs. 1, 15-18

Eit litt sjølvgodt uttrykk kjenner vi alle: «Ka’ sa eg?»
Om det er eit typisk bergensuttrykk er eg usikker på, men i mine øyrer er dette eit av dei uttrykka som kling særdeles godt på ekte bergensk.
Det er rundt 30 år sidan no. Eg var for første gong på prestane si generalforsamling i vår fagforeining, PF. Vi var samla her i byen, og festkvelden var lagt til sjølvaste Håkonshallen. Hovudtalar til dei mange prestane var den legendariske kyrkjejournalisten i BT, Rolf Tofte. Og hans tema var nettopp dette: «Ka’ sa eg?» Han heldt eit glitrande, tankevekkjande og humoristisk innlegg, der han ikkje minst minna oss prestane som stadig steig opp og ned av preikestolar om av og til å stogge opp og tenkje etter: «Ka’ sa eg?» «Ka’ sa eg?» - eigentleg?

I dette uttrykket ligg det vanlegvis ein litt meir hoverande undertone. Vi vender oss til andre som vi har diskutert med før. Vår advarsel om at det ville gå heilt gale om ikkje akkurat mine ord, mine tankar og mine åtvaringar vart lytta til; den advarselen viste seg å slå til. Det gjekk skeis fordi ingen ville lytta til det eg sa. Då kan det gjere godt å bryte ut i triumf: «Ka’ sa eg?»

Døyparen Johannes hoverer ikkje.
Døyparen Johannes vitnar derimot.

Johannes vitnar om han som kjem mot oss gjennom juledagens mektige evangelietekst. Johannes vitnar om han som er personifiseringa av Ordet. Johannes vitnar om at Ordet kom til oss og vart menneske, eit menneske som kledde seg i kjøt og fekk bustad mellom oss andre menneske. Johannes har sett. Han har sett hans herlegdom; som det står: «- vi så hans herlighet, en herlighet som den enbårne Sønn har fra sin Far, full av nåde og sannhet.»

Om Johannes står det i kap.1,6-8: «Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes. Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.»
Johannes vitnar om det han har sett og bryt ut: «Det var om ham jeg sa: Han som kommer etter meg, er kommet før meg, for han var til før meg.»

«Ka’ sa eg?» Rolf Tofte formana prestane i landet vårt til å stanse opp og tenkje gjennom det av og til.
«Ka’ sa eg?»
På preikestolen? I samtalen? Den gongen det baud seg ein sjanse til å peike ut over meg sjølv? Ikkje for å hovere, men for å vitne.

Johannes vitnar i alle fall. Han tek tak i det han ein gong har sagt, og han stadfestar: «Det var om ham jeg sa: Han som kommer etter meg, er kommet før meg, for han var til før meg.»

Jesus kom etter Johannes. Bokstavleg tala. Jesus og Johannes, dei to slektningane, sønene til Maria og Elisabeth. Johannes kom først, fødd eit halvt år før Jesus. Johannes var på plass i øydemarka som den siste store profeten med røter også i den gamle pakt allereie før Jesus stod fram, vaksen og klar for sitt eigentlege oppdrag.

I øydemarka tala Johannes om han som skulle koma. Johannes forkynte omvending. Johannes tala om himmelriket som var nær. Johannes døypte med sin omvendingsdåp.

Jesus kom etter Johannes. Likevel var han før han. Johannes rydda vegen for han som skulle kome etter han: «- han som kommer etter meg, er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å ta av ham sandalene. Han skal døpe dere med Den hellige ånd og ild» Matt.3.11

Jesus skulle gå forbi Johannes. Jesus var ikkje berre i ein anna klasse eller ein anna dimensjon. Jesus var av Gud. Jesus var Gud. Han kom frå Gud, mens Johannes, stor som han var, den største av dei som er fødde av kvinner iflg Jesus sine ord, så var Johannes likevel ikkje anna enn eit menneske.

 Døyparen Johannes veit kva han har sagt. Han stadfestar sitt vitnemål og talar heile tida slik at Jesus kjem i sentrum, han som gjev av si overflod til oss - «nåde over nåde» Johannes vitnar om Jesus som kjem med nåde og med sanning.

Men samstundes som Johannes på denne måten, med det han seier, med det han tek opp att av det han har sagt før, maktar å setje Jesus i fokus, så seier også døyparen viktige ord om kven Gud er.
Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.

På denne 3.søndagen i openberringstida er det som om døyparen vil dra litt av forhenget som skil det jordiske frå det himmelske til side. Han vil vise oss kven han er, han som kom og som Johannes hadde tala om. Johannes vil også vise oss kven han er, han som Jesus kom frå. For Jesus kom frå Gud, og ingen anna enn Jesus har sett Gud Fader og kan lære oss kven Gud er.

Ein som kan fortelje oss kor grunnleggjande dette eigentleg er, er paven i Roma, Benedikt XVI, eller som han før var kjend som, teologen Joseph Ratzinger. Paven har dei siste åra gjev ut to bøker, begge med tittelen «Jesus fra Nasaret». To viktige fyrlys, grundige, og på mange måtar banebrytanede, for alle som vil trengje inn i den bibelske læra om kven Jesus er.

I innleiinga til den første av bøkene stoggar paven nettopp for dette bibelverset: Ingen har noen gang sett Gud, men den enbårne, som er Gud, og som er i Fars favn, han har vist oss hvem han er.

Paven skriv: «Det er her vi må begynne hvis vi virkelig vil forstå Jesu skikkelse slik vi møter den i NT. Alt som blir formidlet av Jesu ord, gjerninger, lidelser, herlighet, har sin forankring her. Hvis vi utelater dette kjernepunktet, ignorerer vi den egentlige Jesus-skikkelsen. Da blir den motsetningsfylt og i siste instans ubegripelig.»

Og paven held fram: «Jesu lære stammer ikke fra noen slags menneskelig visdom. Den stammer fra hans umiddelbare berøring med Faderen, fra dialogen ansikt til ansikt – fra en som hviler ved Faderens bryst. De er ord fra en sønn.»

Johannes vitnar om Jesus.
Jesus vitnar om Gud.
Johannes såg Jesus og sa også om han: «Se, Guds lam som bærer bort verdens synd»
Jesus som kjem frå Faderens fang. Som har sett Gud, ansikt til ansikt, som den einaste. Han som er full av nåde og sanning, han viser oss også kven Gud er.

Han viser oss kven han er, den Gud som vi i dag møtte gjennom tekstlesinga frå GT der han presenterte seg med det fantastiske namnet «Jeg er» eller «Eg er» som dei fleste av oss ville uttrykkje det.

Han som er, Gud som finst, eksisterer, og er til, gjennom alle tider, frå æve og til æve, som vi seier det i kyrkja; det er denne guddommelege som sender Jesus, og Jesus er den einaste som har sett Gud. Jesus kom for å vise oss dette. For å vise oss Gud Fader, skaparen, den allmektige, han som elskar verda slik at han sender sin einborne son til verda. Jesus kom for å gje oss alt dette. Det som Johannes omtalar som nåden og sanninga.

Han peikar på Jesus. Jesus peikar på Faderen som er. Som er, tvers gjennom alt som hender. Han er, verkeleg og reelt - Skapar, Herre og Allmektig, her hjå oss, og der gislar og terrorramma nordmenn og utlendingar ropar etter meining midt i vondskapen. Det vonde kjem ikkje frå Gud. For han kjem til oss med nåde og sanning.
Han heiter «Eg er» og han er der og skal vere der gjennom drama, død og skrekkopplevingar.

«Ka’ sa eg?»
Når eg no snart stig ned frå preikestolen vil det vere få av dykk som lyttar som vil vere i stand til å hugse kva presten sa.
Langt vitigare er at du hugsar kva Johannes sa. Kva han sa om Jesus.
Johannes sa om Jesus at han kom til oss med nåde.
Nåde over nåde. Han sa noko om at Jesus er full av nåde og sanning.

Johannes vitna om Jesus og lærte oss at Jesus viser oss kven Gud er.
Det er ord frå ein son.

Nåde – sanning – Jesus er frå Gud. Gud som er. Nå alt anna ramlar sundt rundt oss.

Vi stoggar der. Det var det eg sa.

Amen

onsdag 26. desember 2012

Nåden og sanninga


Juledag 2012
Åsane
Johannes 1,1-14

Tenk på alt som er sagt og skrive om den natta vi nett har sove oss igjennom. Inga natt i året er så gjennomvevd av folkelege førestillingar om alt som liksom rører seg då, men som vi likevel ikkje heilt fattar og forstår.  I norsk juletradisjon veit vi at livet på låven med dyr og nissar har ein heilt eigen plass i folketrua omkring det som hender julenatta. Tilsvarande trur eg det er rundt om i mange andre land.
Vi veit også korleis det i hundreår etter hundreår var slik at det var juledags morgon, julotta, som var høgdepunktet i julefeiringa. Her i våre nordiske land var det i nattemørket dei drog til kyrkje for å feire julenatta sitt veldige mysterium tidleg på juledag. I litteraturen finn vi mange spanande skildringar av hendingar knytte til kyrkjeferd i julotta.

Etter kvart har den lette varianten med julaftans korte familiegudsteneste teke overhand her hjå oss. Eg synest det er litt leit. Ikkje at folk går til kyrkje julaftan, men at ikkje langt fleire finn vegen hit på denne gudstenesta. Juledagen. Når fokuset skal setjast på det som verkeleg hende denne natta. Det som ikkje handlar om julegraut og på låven sitter nissen. Det som hende julenatta har endra verda. Bokstavleg tala. Vi reknar tida vår ut frå det som hende. Vi tel åra etter Kristi fødsel. At nokon ein eller annan gong talde feil, slik at vi skulle vore fire-fem-seks år lenger ute på to-tusentalet no, det spelar inga rolle for det prinsipielle faktum at juledagshendinga er det store skiljet i vår tid. Skiljet vart så stort fordi hendinga var så stor. Det at Gud vart menneske. Ikkje noko mindre enn det.
Dette er det all grunn til å feire. Til å juble for. Til å syngje lovsong og høgtidsvers for. Slik vi no gjer det når vi reiser oss og stemmer i juledagens høgtidsvers på nr. NoS 47.

Tekstlesing: Johs. 1, 1-14

Det er eigentleg litt merkeleg at nissen er så seigliva her hjå oss. Denne figuren frå gamal norsk bondetradisjon har i sanning flytta med på lasset inn i moderne bustadblokker på Flaktveit eller i villaene i Ulsetskogen. Vi finn han i glitrande lyskatedralar på ultramoderne kjøpesentra i eit moderne norsk samfunn som i sterkare og sterkare grad gløymer bønder og alt deira vesen. Med unnatak av nissen då!
Har fjøsnissen i det heile ein stad i kristen julefeiring?
Eg trur ikkje at denne presten maktar å rydde han ut av julefeiringa i alle fall, og ikkje trur eg at eg orkar å prøve heller. Men ein aldri så liten fellesnemnar kan vi kanskje makte å spore. For slik vi feirar julaftan her hjå oss, så er mykje av det vi samtalar om, fortel om, forkynner om – det er hendingar i eit fjøs eller i ein stall.
Men om vi då kunne makte å ta steget over frå julaftans maleri av Betlehemsmarker, hyrdingar, sauer, krybbe og stall og vere med inn i den opphøgd teologien som evangelisten Johannes kastar lys på, så får vi kanskje jul både i pose og sekk. For sjølvsagt handlar jula om Betlehem og barnet i krybba.
Likevel: Takk og lov for at juleevangeliet har to sider. Den ytre sida. Den med dei mange fargane, dei mange innfallsvinklane, den sida der fokus er på Betlehemshendinga, eit lite nyfødd barn.
Men jula har også ei innerside. Ei side som ikkje er mangefarga. Ho er berre skinande, blank og lys. Jula er ei perle som er så verdifull at vi kanskje rett og slett overser at her handlar det om noko som ikkje er noko mindre enn eit under.
Vi har nett sove oss gjennom julenatta, natta der vi gjekk til køys med fanget fullt av gåver og magen full av mat. Det var i denne natta det ein gong hende:
”Det sanne lys, som lyser for hvert menneske, kom nå til verden.”
No vender vi augo våre mot lyset og let det skina inn i våre liv. I dette lyset er det mykje som kan endre seg i vår tenkjemåte. I dette lyset kan vi sjå glimt av kva det heile handlar om – aller djupast.
Lyset kom til verda. Lyset som vart skapt av Ordet – det som lydde i opphavet, skaparordet. No lyser Ordet, det Ordet som er eit menneske.
I denne natt hende det. Inn i vår verd skein eit lys. Inn i vår verd lydde eit Ord. Inn i vår verd steig eit lite menneske. Dette vesle mennesket var den store Gud. Han som er lyset. Han som er Ordet. Han som talar Ordet til oss – i dag og alle juledagar og alle søndagar. Måtte dette lyset få det til å klarne for våre augo – slik at vi ser. Ikkje at vi fullt ut kan fatte det vi ser, men vi kan sjå og forstå nok til at trua vår får mat.
Vi stig ut or stallen, ut frå dyra og langt, langt unna alle folketruaktige idear om kva som måtte røre seg på låvar og i skogen og i skorsteinspiper. Vi stig inn i lyset. Der skin det frå barnet, og ingen annan. I denne eine personen, i Jesus frå Nasaret som no ligg nyfødd i Betlehem, var det sameina, alt det Gud er og alt det eit menneske er.
I barnet i Betlehem kan Gud og menneske sjå kvarandre inn i augo, og dei kan kjenne kvarandre igjen.
”Vi så hans herlighet” seier Johannes.
Kva var det dei såg?
Dei kunne sjå Guds herlegdom og dei kunne sjå menneskets herlegdom.
Barnet i Betlehem er biletet av den usynlege Gud, slik kvart einaste menneske er eit bilete av Gud. Han skapte oss då skaparordet lydde – ”i sitt bilde skapte han dem” står det i Bibelen om mennesket.

Er det nokon skilnad på bildet av Gud som vi får sjå i Jesusbarnet i Betlehem og det bildet av Gud vi får sjå når vi menneske ser kvarandre inn i augo?Ikkje anna enn at Jesus er eit bilde som ikkje er vansira av synd. Jesus har den likskap med Gud som kvar og ein av oss var skapt til. Han har ein likskap som er full av herlegdom:
”- vi så hans herlighet, en herlighet som den enbårne Sønn har fra sin Far, full av nåde og sannhet.”
Gud kom til jorda då Jesus vart fødd. Han kom, ikkje for å gjere oss menneske til gudar, men for å gjere oss til heile menneske att, til menneske som skal sleppe å vere vansira av synda; til menneske som skal likne han vi er skapte til å likne, han vi speglar oss i når vi ser barnet i krybba.
I det skinande lyset frå Betlehemshendinga var det at du og eg skulle få sjå inn i dei største løyndomar, inn i det vakraste skattkammers, inn i det mest skinande kyrkjepalass som tenkjast kan. Der inne anar vi litt av guddommen. Guddommen som vart menneske. Gud er eit menneske som smiler mot foreldra frå krybba dei la han i.
Gud er eit menneske som vert tiljubla og lovsunge av englar i nattehimmelen og frå hyrdingar som forlét sauene sine. Gud er menneske når vismennene kneler for han og ber fram gull, røyklese og myrra.
Det var den natta det hende. Den natta vi har minnest no, og som vi gjekk inn i med gåver og feiring i går, og som vi har sove oss gjennom før vi gjekk til gudsteneste i dag.
Natta er omme no. Vi har lyset rundt oss og det er tid for å reflektere lyset. Det er tid for å tenkje over: Kva fekk vi med oss? Kva eig vi som vi fekk i den natta då djupaste mørket vart splitta av det sanne lyset?
Vi eig nåden.
Vi eig sanninga.
Nåden som kviler på det at synda som gjer oss ulike barnet i krybba, den synda kan vaskast av oss. Den kan vi reinsast frå ved dåp og tru når Ordet lyder.
Vi har sanninga om han som gav oss rett til å bli Guds born. Sanninga som knyter seg til å tru på namnet hans.
Måtte du bere dette synet med deg inn i resten av jula:
”- vi så hans herlighet, en herlighet som den enbårne Sønn har fra sin Far, full av nåde og sannhet.”

tirsdag 25. desember 2012

Maria og bestemor Maria


Julaftan 2012
Ytre Arna kyrkje


- medan dei var der, kom tida
Slik var det for Maria som bar Jesus i ein kulerund, fødselsferdig mage. No var det tid for fødsel. No var det tid for verdens mest berømte fødsel. Den fødselen som har sett merke på tida du og eg også lever i, for vi har talt dagar og år med utgangspunkt i det som hende den gongen. No lever vi 2012 år etter denne fødselen.

Tida var inne for Jesu fødsel.
I dag er tida inn for deg og meg til å feire denne fødselsdagen. Vi har gjort det veldig mange gonger før, og som alltid, er det noko heilt ekstra med denne fødselsdagen.

Omtrent ingen av oss feirar slike fødselsdagar for vår eigen del. Mange av oss får kanskje eit lite besøk på vår fødselsdag. Kanskje er det dei andre i klassen som kjem heim til oss. Vi pyntar oss litt. Nokon syng kanskje bursdagssong? Vi et ei ekstra kake og får litt ekstra god mat på vår fødselsdag.

Men eg kjende ein gong ei som alltid fekk ein kjempestor fødselsdag. Ho heitte Maria. Og det var ikkje Maria i juleevangeliet. Ho heitte Maria Skauge og var mi bestemor. Ho var fødd for lenge sidan. I året 1891, altså for 121 år sidan. Men ho var fødd på julaftan, den 24.desember, og ho levde nesten i 100 år før ho døydde. 99 fødselsdagar feira ho, og mangla berre to-tre månader på å få oppleve at ho vart 100 år.
Heile min barndom budde eg i same huset som bestemor Maria. Alltid på julaftan feira vi to fødselsdagar. Bestemor sin fødselsdag og Jesus sin fødselsdag. Men bestemor var ikkje berre mi bestemor. Ho var bestmor til over 40 barnebarn, nesten like mange oldebarn, og ho var mor eller stemor til 14. Kan du tenke deg for eit berg av presangar ho sat med på julaftan? Alle skulle gje henne eit eller anna på denne dagen. Ho som etter kvart hadde levd så lenge. Ho som hadde alt ho hadde bruk for og ikkje brydde seg det aller minste om å samle seg meir av ting og tang. For etter kvart som ho kom nærare og nærare det å verte 100 år, så forstod både ho og alle vi rundt henne at ein gong må bestmor Maria forlate oss. Ho kunne ikkje få noko med seg her ifrå. Og ho hadde ikkje husrom til å samle seg meir av alle smågåvene som slekta så gjerne ville gje henne.


Maria i juleevangeliet fann heller ikkje husrom. Ho hadde inga svær slekt som ho var mor eller bestemor eller oldemor til. Tvert om; ho var veldig ung. Ho hadde aldri fått barn før. Men no skulle det første barnet fødast.
- medan dei var der, kom tida

Eg ser for meg Maria. Maria i juleevangeliet. Ho som ikkje fann husrom. Ho som mangla det meste. Ho var ikkje ein gong gift, og forstod ikkje heilt at ho venta barn. For barnet ho bar i magen var ikkje noko mindre enn eit under som Gud sjølv hadde skapt. No var ho til og med i ein framand by, langt heimanfrå. Betlehem var ei strevsam og lang reise unna heimbyen hennar, Nasaret.

Og no var det tid for fødsel.
Verdens mest berømte fødsel. Men det var ikkje husrom nokon stad.
Difor måtte Maria ta til takke med stallen. Difor fekk ikkje den nyfødde Jesus ei barneseng eller ei vogge til å sove i då han låg der, nyfødd som menneske, han som eigentleg kom frå Gud. Gud sov i eit matfat, berekna til eit dyr. Ikkje mykje stas. Ikkje mykje fest. Ikkje mykje som minnar om den jula du og eg feirar til minne om hans fødsel.

Dvs. det var lite festivitas akkurat med det same. Men det skulle snart endre seg, også det. For det gjekk ikkje så lenge før Betlehem vart opplyst av englar. Snart runga englesongen mellom kollane der sauene vanlegvis åt på beite. Det var berre sauegjetarane som såg englane. Det var berre dei som fekk høyre dei trøystande engleorda då dei vart aldeles oppskræmde av alt dette som hende på himmelen framfor dei:

Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:

Enno hadde ikkje Maria høyrt englesongen. Enno hadde ikkje Maria møtt gjetarane som leita seg fram til stallen og Jesusbarnet så snart englane var farne tilbake til himmelen.  Men Maria skulle snart få besøk av desse mennene som kunne fortelje om det himmelske oppstyret. Om englesong og lys. Om redsel og om trøystande ord. Ord om at barnet som var fødd ikkje var noko mindre enn frelsaren, Messias, Herren.

Kan du sjå henne for deg i tankane dine? Maria i juleevangeliet med Jesusbarnet i fanget. Med frelsaren i fanget.
Kan du forstå at dette barnet er det viktigaste barnet som nokon gong er fødd? Det er i glede over Jesusbarnet sin fødsel at vi feirar jul i Arna også dette året. Slik vi gjorde det i fjor og alle år før det igjen. Slik dei feirar det over heile verda på denne eine dagen i året. Dagen til minne om den store fødselen. Maria som vart mor til Jesus.

Men eg har ikkje gløymt bestemor Maria heller. Også ho feira denne dagen. Dagen som for henne var ein dobbel merkedag. For bestemor delte fødselsdag med Jesus. Og eg veit at for bestemor var Jesus langt viktigare enn henne sjølv. Ho fekk utruleg mange gåver på denne dagen. For det var så mange i den store slekta som hugsa på henne. Det var uråd å gløyme at ho hadde fødselsdag akkurat denne dagen. Ingen gløymde henne. Men eg veit at ho gjerne kunne droppa kvar einaste julegåve, for for henne vart det mykje viktigare at ho hadde Jesus i hjarta enn at ho hadde eit berg med julegåver i fanget og på golvet rundt stolen hennar på julekvelden.
For over 20 år sidan, rett før ho skulle feire fødselsdag nummer 100, døydde bestemor Maria. Eg har sjølv gravlagt henne på kyrkjegarden heime. Ho fekk ikkje ei einaste julegåve med seg då ho døydde. Men Jesus var med henne inn i døden.
Difor trur eg at ho feirar fødselsdagen sin saman med Jesus i dag. Difor trur eg ho og alle andre som fann Jesus og gav han husrom i hjarta sitt kan lytte til englesongen denne jula.

Eg håpar at du som kom hit til kyrkja denne julaftan vil gje Jesus husrom i ditt hjarta. For då kan du også ein gong feire jul saman med Jesus. I dag kan du gle deg over å ha ei fin høgtid saman med slekt og familie. I dag kan du gle deg over å gje gåver til dei du er glad i, og du kan takke for gåver du får frå alle som har hugsa på nettopp deg i dag. Men den aller største gåve, gåva som vi alle har del i på denne dagen - det er barnet som Maria fødde i byen som ikkje hadde husrom.

Må Jesus finne husrom i heimane i Ytre Arna denne jula.

søndag 16. desember 2012

Ord over jord


Vigsling av gravplass.
Åsane kirkegård, trinn 3
3.s. i adv, 16.12.2012

I dag les vi ord over jord.

Orda endrar ikkje jorda. Det er ikkje magi, det vi er med på når vi vigslar ein kyrkjegard, ein gravplass.
Folk i Åsane har vore lei seg, og kanskje også sinte, fordi det vart slik at vi måtte ta i bruk ein del av kyrkjegarden utan at den vart vigsla først. Gravleggje i uvigsla jord. Det er godt at vi omsider har kome til det vi no er med på – å vigsle kyrkjegarden og gravene her.

Men altså: Orda vi les over jorda, endrar ikkje noko. Difor kan vi spørje: -Kvifor er dette ei viktig handling? Kva er det eigentleg vi gjer når ein gravplass vert omgjort frå anleggplass til vigsla jord?
Vi gjer det ikkje først og fremst for dei døde, men for oss som skal leve vidare.

Vi trur at dei døde har fred fram til dagen kjem då Gud skal reise alle døde opp or gravene. Gud som er vår Skapar og Far har skapt alt livet. Det er kyrkja si faste tru at han ein gong skal nyskape det døden i mellomtida har teke hand om. Kyrkja forkynner eit evig liv til alle som lever og døyr i trua på Jesus Kristus, han som sjølv var i grava, men viste seg som Herre over dødens makt.Dei døde treng ikkje orda vi les over jorda dei kviler i, eller skal kvile i.
Men vi som lever treng å høyre orda vi nett har lese i lag. Orda om håp. Orda om oppstode. Orda om evig liv.
(Ps 90,1-6+12) (Johs 11,25-26) (1.Kor 15.35-38+42-44a)

Og det gjer godt for oss å samle oss i ei bøn til han som er Herre over livet og Herre over døden. Be til han slik vi snart skal gjere det: «Vi ber om ditt vern over gravplassen …. Våk over den, og la den være et hellig sted for dem som søker hit, og for dem som arbeider her..»

Når det gjeld å finne argument for å vigsle ein gravplass, så er det vanskeleg å gje ein teologisk argumentasjon for at dette er særleg viktig. Det kristne synet på døden, og trua på oppstode av grava på den siste dagen, står trygt på bibelsk grunn, heilt uavhengig av skikken med å reservere eit bestemt stykke jord til kristne graver. Hjå oss må vigsla graver framfor alt søkje si grunngjeving i tradisjon og historie. Men det er viktig nok i seg sjølv. I hundrevis av år er det slik nordmenn har gjort med sine døde – vi har gøymt dei i vigsla graver mens vi alle ser fram mot den store oppstandelsesdagen. Slik vil vi det skal vere også for dei som skal døy her i vår bydel, i Åsane, i åra som kjem.

Difor les vi ord over jord i handlinga som samlar oss nett no.
Men det viktige for oss er ikkje orda vi brukar i dag. Det viktige er at ein gong skal skaparordet lyde på nytt. Ikkje til jorda, ikkje over jorda som er teke i bruk til graver.
Skaparordet som lydde frå Jesu munn ved Lasarus si grav, det skal lyde over alle graver på den siste dagen. «Lasarus, kom ut» var ordet til den døde.
Eller ordet vil kanskje vere likt det Jesus sa til enkjesonene i Nain som vart boren mot grava, men som var kalla tilbake til livet av Herren over døden: «Stå opp!» sa han til den unge mannen.

Slik skal ord lyda – frå Jesus som kjem tilbake; slik vi formulerer det i vår truvedkjenning: «for å dømme levende og døde».
Då er det ikkje ord over jord.
Då er det ord til død. Ord som skaper liv.
Slik alt vart til ved at Ordet lydde ein gong i opphavet – Gud sa – og det vart slik;
slik skal skaparordet ein gong talast på nytt. Til dei døde. Og livet skal vert nytt og evig. Det er vår tru. Det er vårt håp. Difor samlar vi tankar og sinn i bøn for denne gravplassen og desse gravene.

Lat oss be.

mandag 10. desember 2012

Preike Eidsvåg kirke, 2.s. i adventtida III. 9.des. 2012


Johs. 16,21-24

Forventningens adventssøndag kallar vi gjerne dagen i dag. Forventning og håp.
Dette er gode ord. Dette er ord som smyg seg inn og legg seg rundt oss. Bokstavane i ordet formar seg nesten til varme hender og legg seg mjukt på skuldrene våre.
Forventning – noko å gle seg til. Noko å sjå fram til. Bortanfor dagen i dag ventar noko godt.
Eg skundar meg i møte, og håpar at det gode kjem til meg. Ikkje for å kollidere slik at det oppstår skade, men for å helse på, ta i handa og for å gå vidare i lag.

Håp – dette lysande ordet som uttrykkjer lengselen etter noko betre, kanskje noko som er fullkome. Håp – trua på at ein gong skal det skakke og skeive og mislukka rettast opp og stå fram slik vi ynskjer at det skal vere. I håpet ser vi fram mot oppfyllinga av våre aller beste ynskje.

Mens vi går inn i den aller mørkaste tida i året her oppe under polarnatta, har vi forventning til at lyset skal skine mot oss igjen slik det vert når sommarnatta tek opp i seg lyset frå dagen. Vi ynskjer oss varme når kulda kryp rundt føtene våre desse dagane. Håpet er at vi snart skal kunne kjenne varmen frå jorda når vi stig berreføtt på ein doggvåt plen, eller legg av isbadinga som nokre her i kyrkjelyden driv med, til fordel for sommarleg, behageleg badetemperatur.

Forventningens adventssøndag.
Forventning til høgtida som snart kjem over oss. Håp til at vi skal kome oss gjennom alle førebuingane slik at vi kan juble over privat juleglede og endå meir over kyrkjeleg fest for barnet som vart fødd.

Men søndagen i dag rommar endå mykje meir. Innhaldet på denne dagen må vi leite etter i orda vi har lese saman i Skrifta i denne gudstenesta. Vi må sjå kva det står om forventning og håp der. Og så må vi gå i møte med det som lyser opp framfor oss gjennom det vi har lese.

Denne søndagen handlar om han som kjem til oss.
«For ennå er det bare en kort stund, så kommer han som skal komme, og han skal ikke drøye» Slik las vi i Hebr.10,37

Det handlar om han som kjem.
Advent betyr nettopp dette. Å kome. Ankomst.
Det er knytt så mykje forventning til det at noko som vi ventar på kjem.

Framfor meg ser eg ut over dykk som har gått og venta i ni månader på barnet som omsider kom. Fem slike barn har vi bore inn i kyrkja på denne søndagen.
Kunne vi funne ein meir passande dag for å døype dei enn akkurat i dag?

Alle vi som ein gong opplevde lukka ved å verte foreldre kjenner oss att i det evangelisten Johannes skriv i sitt evangelium til oss i dag: «Når en kvinne skal føde, er hun engstlig, for hennes time er kommet.
Men når barnet er født,  har hun glemt smertene i sin glede over at et menneske er kommet til verden»

De som er kvinner og har født kan seie mest om dette. Men vi som vart fedre har også smaka angsten og delt forventninga til at alt måtte gå godt. Med mor og med barn.
Som så ofte elles har Bibelen funne dei heilt presise orda som illustrerer kva forventning er. Kva håp er. Og kva glede er. Det er her knytta opp mot ein fødsel.

Til alle dykk som har den nyfødde med dykk hit til kyrkja – kjenn på orda vi har lese i lag. Lat dei tale til dykk på forventningens adventssøndag.
Men prøv også å flytte alt det har i dykk av dette til det bibelorda eigentleg vil tale meir til oss om: Forventning til han som kjem til oss frå Gud.

Avsnittet vi har lese frå Johannesevangeliet er eigentleg eit lite utdrag av Jesu avskilstale til læresveinane. Det handlar om det han sa til dei ikkje lenge før han skulle lide, dø, stå opp igjen for så å fare opp til himmelen, dit han kom frå då han som eit lite barn vart fødd inn i vår verd av Maria.
Jesus tek altså utgangspunkt i ei engstleg, fødande kvinne, og han held fram til sine læresveinar: «Også dere er engstlige nå, men jeg skal se dere igjen og hjertet deres skal glede seg»

(For den som er interessert i litt finurlege språkdetaljar, er omsetjinga av dette verset interessant. På bokmål er verset altså omsett slik: «-dere er engstlige nå», men i nynorskomsetjing står det: «No er de fylte av sorg» Så langt eg kan sjå er det den nynorske varianten som er i samsvar med den greske grunnteksten. [ὑμεῖς λύπην ἒχετε.  λύπη = grief, sorrow, pain])

Men uansett om det handlar om å vere sorgfull eller å vere redd – læresveinane si forventning skal stå til han som kjem tilbake, til han dei skal møte igjen.
Om Jesus tenkjer på at dei skal møte han igjen etter hans død og oppstode, eller om han tenkjer på at han skal kome igjen på den siste dagen, det kan vere uklårt akkurat her. Men uansett: I sin avskilstale snakkar han om at hans fråvær er midlertidig. Ein gong kjem han tilbake. Vi skal møte Jesus igjen.
Det er adventforventninga!
Han som kom til oss som menneske den første jula, han kjem ein gong igjen som vår Herre og frelsar. Då kjem lyset. Då kjem varmen. Då kjem det fullkomne, det vi kan håpe på.

Forventning og håp. Håp til at det evige livet skal avløyse dette livet.
Det livet som er så uendeleg kontrastfylt. På den eine sida: Ufatteleg lukke, som når foreldre helsar det nye livet velkomen i form av barnegråt, barnesmil, nattevåk, bleieskift og store stunder ved barnesenga, i ammestolen, ved leikekassa og når barnet kjem mot deg på sin første vaklande steg ut i verda.

Eit liv som også kan vere proppa med bekymring, redsel, ja til og med sorg når draumar ikkje gjekk i oppfylling, når livet møtte motbakkar, eller det kom dagar med skodde, kulde eller storm i staden for solblanke sommardagar.

Midt i di lukke, men også ut av skodda; på festdagar og kvardagar så kjem han deg i møte. Han som vi vil styre våre forventningar mot på den andre adventssøndagen. Han kjem til deg og vil vere nær deg.
Han kjem og vil ta deg i handa og reise deg om du ligg nede. Han står ved døra inn til sitt evige rike og vil føre alle som trur på frelse og forsoning ved hans liding, død og oppstode trygt gjennom og inn dit der vi ikkje treng å tenne lys, fordi der inne skin han sjølv i et evig lys.

Vi er midt i adventsstida.

Vi opnar oss for forventninga på denne søndagen. Forventning til han som kjem.
Og vi strekkjer oss mot håpet.
Håpet om at ei heil verd skal sjå mot han som er vår Frelsar og Herre. Håp om at det ein gong skal skje det profeten Jesaia spådde og som vi også har lese i dag:
«Kom, la oss gå opp til Herrens fjell, til Jakobs Guds hus, så han kan lære oss sine veier og vi kan ferdes på hans stier.»
(Jes.2,3)

Å ferdas på Herrens stigar, det er å gå i møte med han som kjem. Det er å vere der han kjem til oss for å lære oss om livet, om håpet, om det evige.
Og orda som då smyg seg inn i øyro våre er til å verte glade av. Ikkje minst for alle som i ei forventningsfull adventsstid og førjulstid må konstatere at vi skal feire fredeleg jul hjå oss mens det rasar av konfliktar i landa der Bibelen vart til. Men i forventing til han som kjem, stig det fram eit lysande håp midt i det som legg skuggar over vår adventtid. For det står om han som kjem:
Han skal dømme mellom folkeslag og skifte rett for mange folk. De skal smi sverdene om til plogskjær og spydene til vingårdskniver.
Folk skal ikke løfte sverd mot folk, ikke lenger læres opp til krig. (Jes. 2,4)

Det er advent. Vi har all grunn til forventning til han som kjem. Vi ser på kvarandre på denne dagen og prøver å stemme i med profeten:
«Kom, Jakobs hus, la oss vandre i Herrens lys!»
(Jes. 2,5)

Difor



Som prest står eg ofte framfor større eller mindre forsamlingar av menneske. Då er det som regel mi oppgåve å seie eit eller anna. Bere fram ord.

Ein prest ber alltid fram sine eigne ord og er ansvarleg for det som vert sagt.
Men ein prest må alltid tenkje at orda som vert sagt i ein slik situasjon må ha røtene sine også utanfor presten. Inspirerte av noko større enn denne prestens høgst avgrensa tankekapasitet.

I Johannesevangeliet les vi om Ordet. Logos. Ordet som vart menneske. Vi les om Jesus Kristus.

Ei preike eller ein tale som ein prest held når han står fram som prest, må vere inspirert av Ordet. Av Kristus. Difor vågar eg å bruke denne tittelen på bloggen: Når Ordet skapar ord.
Eg har lenge tenkt at når eg  først har våga meg til å halde ei preike eller ein tale offentleg, så bør ikkje steget derifrå og til stå ved dette i form av å gjere det offentleg tilgjengeleg, også i ei slik form som bloggen representerer.

Det er neppe så mange som orkar å lese dette på nytt, men kanskje ein eller annan, særleg interessert. Kanskje kan ein kollega eller to få ein idè til noko dei sjølve skal seie. I så fall har eg nådd det eg ynskjer. Ikkje noko meir pretensiøst.

Difor går eg i gang no ved inngangen til eit nytt kyrkjeår. I adventtida 2012.
Så får vi sjå etter kvart om dette er noko å halde fram med over tid.

Bloggarkiv