torsdag 30. januar 2020

Fullt hus


5. s. i openberringstida. I. 02.02.2020
Haus (Gudsteneste med suppleringsval til soknerådet)
Mark. 2,1-12
Fullt hus.
Det er gøy med fullt hus når vi innbyr til eit møte med Jesus. Slik vi gjer det i kyrkjene våre på søndagane. Av og til fyllast det også godt opp. Trongt i benkeradene. Varmt og klamt kanskje.  Vi helsar og nikkar til kvarandre på slike dagar, og gler oss over storhendingar.

Men det er for sjeldan at det faktisk er slik i våre kyrkjer. Dei siste vekene har eg jobba med statistikken for prostiet vårt. Då ser eg at det går for lenge mellom kvar gong vi har det som på julaftan eller på konfirmasjonssøndagane. Her i Haus har det vore ein liten nedgang i kyrkjesøkinga frå 2018 til 2019. Ikkje dramatisk stor. Det meste kan forklarast med ein konfirmantflokk som berre utgjorde halvparten av flokken året før. Det utgjer mange kyrkjebesøk gjennom året. 

Dette kan fort snu seg, og i det nye året vi har kome godt i gang med, vil vi heie på kvarandre. Vi vil invitere. Vi vil gjere det vi kan for å fylle tettare opp i kyrkjebenkane. Tenk om vi kunne auke gjennomsnittet for kyrkjebesøk i Haus i 2020 til å passere 100 personar! Det er å setje seg eit høgt mål, men ikkje eit urealistisk mål.

I dag skal vi komplettere soknerådsvalet som ikkje gjekk heilt i boks i haust. Eg ynskjer dei som vert valde i dag all moglege lukke med å finne gode måtar å invitere folk inn til oss.
Frå mi side har eg to stikkord som eg har tru for kan hjelpe oss til å få fleire til å kome til kyrkje:
a) Få i gang søndagsskule.
b) Invitere kor og musikk-krefter utanfrå til å delta i gudstenestene.

Eg har gått gjennom mange statistikkskjema dei siste dagane. Då har eg merka meg at alle sokn som har hatt auke i oppslutninga om gudstenestene sine, dei har også hatt søndagsskule.
Kanskje sit det nokon i kyrkjebenkene i dag som kjenner på at dette er ei oppgåve eg vil gå inn i? Då må du snakke til. Kontakte soknepresten eller nokon i soknerådet.

Det er så kjekt med fullt hus!
Men det kan av og til vert litt i overkant fullt.
Slik var det ein dag i Kapernaum. Kapernaum var ein liten by ved Galileasjøen som på Jesu tid hadde ca. 1500 innbyggjarar. Det står om denne byen i Matt 4,12 at «Han (Jesus) flytte frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, ved sjøen..»
Etter ei rundreise i Galilea der Jesus i ei tid hadde reist omkring og forkynt i synagogene, drive ut vonde ånder og lekt ein spedalsk mann, står det på slutten av kap. 1 hjå Mark. at den friske, tidlegare spedalske, mannen alle stader fortalde om det som hadde hendt. «Etter dette kunne ikkje Jesus visa seg i nokon by lenger. … - folk kom til han frå alle kantar.» (Mark.1,45)
Då er det at Jesus i flg. innleiinga til vår preiketekst vender heim. Han vil ha fred og ro i eige hus i Kapernaum. Men det var lettare sagt enn gjort. Det står om det som hende:
« - det vart kjent at han var heime. Det samla seg så mange at dei ikkje fekk rom, ikkje framfor døra eingong. Og han forkynte Ordet for dei.» (Mark. 2,1b-2)

Fullt hus!
Visst er det spanande når det vert oppstyr rundt Jesus. Når folk strøymer til og vil høyre meir om han.  Fordi dei allereie har høyrt eit rykte. Ord om lækjedom. Ord som har utfordra. Handlingar som er underlege. Nesten utrulege.

For nokre tiår tilbake i tid så høyrde vi rett som det var om det vi kalla for vekkingar her på våre kantar av landet. Gjerne i tilknyting til bedehusa rundt omkring. Eg var ung gymnasiast då eg var vitne til dette i bygda der gymnaset låg. Folk fylte det store bedehuset kveld etter kveld. Kyrkja måtte opne dørene for å få rom til alle som kvar einaste kveld ville inn og høyre om Jesus. Det var fullt hus i månadsvis. Mange fann ei trygg og god tru på Jesus ved det som hende. Men det var også nokre som vart skuffa, og dei kom ikkje tilbake.

Eg eg ikkje sikker på at vi skal drøyme om at nett slike tider må kome i reprise.
Men det må vere lov å håpe på at dører skal opne seg i kyrkjene våre, også i denne kyrkja vi har samla oss i nett no, og at det er ei folkemengd utanfor som er stor og velviljug innstilt til å få eit møte med Jesus.

Om det som hende i Kapernaum står det om Jesus at han forkynte Ordet for dei.
Jesus går ikkje lenger rundt på jorda. Og her på Osterøy er korkje soknepresten eller prosten av eit slikt kaliber at vi skal samanliknast med Meisteren.
Men vi representerer ei kyrkje som har sett oss prestane til å forkynne Ordet. Inn i vår tid. Til alle som vil høyre.
Og vi prestar er heldigvis ikkje åleine om dette oppdraget. Vi har betalte medarbeidarar. Det finst friviljuge medarbeidarar. Det finst foreldre og besteforeldre som vil vere utanfor kyrkjedøra og invitere borna og dei unge inn til eit møte med Jesus.

I dag har vi samla oss, ein flokk frå kyrkjelyden på Haus i kyrkja vår til ein viktige søndag for heile kyrkjelyden.
Til liks med alle som går til kyrkje rundt om i landet, vert vi møtt av ord frå Bibelen som tek tak i oss og fører oss inn i kjernen av det kristne livet. Vi høyrer om Jesus. I dag handlar det om ei tru som i fellesskap fører andre menneske til Jesus; om tru som opnar veg både for frelse og for helse fordi vi kjem inn i huset der Jesus er å treffe.

Evangeliet i dag handlar om ein lam mann som på eiga hand ikkje kunne kome seg inn i huset i Kapernaum der Jesus budde. Fire menn tok den lamme mannen mellom seg. Mannen låg på ei båre og dei var på veg til huset der Jesus var. Men det var altså fullt hus. Aldeles stapp fullt hus. Ikkje ein gong fram for døra var det rom for dei fire som bar den lamme. Men inne i huset var Jesus. Der talte han Ordet, står det. Då gjorde dei det geniale: Opna eit hol i taket og firte den lamme ned til Jesus.

Eg kan ikkje kome på nokon annan stad i Bibelen der vi får eit betre bilete på kva det kristne fellesskapet av menneske som trur på Jesus kan utrette, enn denne forteljinga viser oss. Dette er eit verkeleg godord til alle som vil vere med på det som går føre seg i ein kristen kyrkjelyd, som denne på Haus.

Vi møter nokon som i tiltru til Jesus tok eit tydeleg ansvar for eit anna menneske som tilfeldigvis var sett utanfor, som ikkje makta å finne vegen til Jesus på eiga hand.
Her handla det om ein lam mann. Ein som ikkje kunne gå på eigne bein. Ein som ikkje kunne trengje seg gjennom folkemengda. Ein som var overlaten til seg sjølv og til sin eigen lagnad. Difor trongst det berarar. Og det trongst mot til å bryte seg inn der normale inngangar var stengde.

Det finst ufatteleg mange av slike som er overlatne til seg sjølve. Dei finst mellom oss som bur i denne bygda. Det er ikkje sikkert at dei er så lette å sjå, slik ved første augekast. Utanpå har dei same klede som alle andre. Dei bur i hus som liknar på det naboen har, og dei køyrer ein bil som kanskje til og med er finare enn gjennomsnittet. Men i høve til det å finne vegen inn dit Jesus er, så er dei åndeleg tala, lamma. Dei vågar ikkje å nærme seg Jesus.

I konfirmasjonstida høyrer dei unge mellom oss om Jesus. Dei får vite at dei ein gong vart døypte til å tilhøyre Jesus. Til å vere hans. På konfirmasjonsdagen kneler dei ved kyrkja sitt altar og opplever at det er godt at presten og kyrkjelyden ber for dei.
Seinare kjem mange innom Guds hus der Ordet vert tala når borna deira skal døypast, eller når foreldre eller besteforeldre eller tante og onkel skal leggjast i grava.
Dei fleste av oss er i kyrkja så pass ofte at ein heile tida anar litt av at dette er noko stort, men ein har berre opplevd ein ørliten smakebit. Likevel er kanskje det nok til at lengten ligg der. Lengten etter tettare fellesskap. Etter meir nærleik til Jesus. Etter å få høyre ord som kan tale frigjerande til hjarta: ”- Syndene dine er tilgjevne”

I dag skal vi i den kristne kyrkja her på Haus, vi som trur på Jesus, vere med ta eit tak i ei båre som kan bere slike menneske til Jesus. Menneske som på ein eller annan måte ikkje kjem seg heilt inn til han. Menneske som opplever at det er for fullt av folk rundt Jesus til at det også er plass for dei. Menneske som lengtar etter tettare samfunn med han, men som ikkje vågar seg inn mellom alle dei som fyller opp huset hans. Menneske som er stengde ute frå det kristne fellesskapet av fordommar og angst for å inkludere dei som er annleis.
I dag skal vi vere med på å velje ut nokre av dei som vert utfordra til å bere andre fram for Jesus. Eit nytt sokneråd har det som si oppgåve. Dei skal arbeide for alt som kan vekkje og nære det kristne arbeidet i soknet. Det er ei veldig viktig oppgåve, og difor er det også viktig at vi som no er i lag om å velje ut desse menneska, også hugsar å be for dei slik at dei kan gå inn i oppgåva  med frimot og glede. 

Dei skal vere kyrkjelyden sine fremste berarar. I tru skal dei vere med på å bere naboar og vener til Jesus. Men vi som ikkje er i soknerådet er gode medberarar.
Vi eig ei tru som ber. Vi vil bere i lag slik at huset der Jesus er å finne kan bli fullt. Fullt hus i kyrkja. Og endå meir: Fullt hus i det evige Guds rike!

AMEN

torsdag 2. januar 2020

Vi går vidare


Kristi openberringssøndag. I. 05.01.2020
Åsane kirke. Konfirmantsøndag. Misjonssøndag.
Matt. 2,1-12
I dag går vi vidare.
Vi går etter kvart ut or jula no.
Vi går inn i eit nytt år som berre så vidt har vakna etter rakettar og nyttårsfeiring.
Vi går vidare ut or mørketida. Dag for dag skal det lysne. Heilt til vi når midtsommar om enno mange månader.

Og i dag må vi tru at det etter kvart også skal tørke opp rundt oss. At regnet skal ta ei pause. At vi kan få eit ørlite håp om at eit klima i endring skal kome under kontroll, fordi vi og alle endrar vår måte å leve på.

Vi går vidare i lag med alle dykk konfirmantar som set farge på, og gjev liv til denne gudstenesta.
Eg håpar at du som er midt i konfirmantførebuinga opplever at det er meiningsfullt å gå eit stykke veg av di ungdomstid her i denne kyrkja. I lag med dei andre konfirmantane og alle dei du møter her. Vi vil enno vere i lag med dykk fram mot den store høgtida i mai. Vi går vidare i lag. Mot lyset, mot høgtid og glede.

Vi høyrde nett korleis nokre av dykk konfirmantane las for oss her i kyrkja, ord av den gamle profeten Jesaja:
«Folkeslag skal gå mot ditt lys,
konger gå mot din soloppgang»
(Jes. 60,3)

Bli med oss mot lyset på denne søndagen som vi kallar for Krist openberringsdag.

To ting har vi eit ekstra fokus på i denne gudstenesta.
Det eine er dykk konfirmantar. Vi gler oss over å vere i lag med dykk. Vi takkar for måten de tek del i Åsane kyrkjelyd si gudstenestefeiring. De som er konfirmantar utgjer eit viktig hjarteslag i heile kyrkjelyden sitt liv. De er ein del av alt som skjer her i dette kyrkjehuset.

Det andre vi har fokus på i dag, er misjon. Også det er eit hjarteslag for ein kyrkjelyd.
Det må vi no seie litt meir om.

Kanskje kan eit viktig ord hjelpe oss til å forstå kva misjon er? Det ordet eg nettopp siterte på nytt, og som vart lese av ein av dykk konfirmantar: «Folkeslag skal gå mot ditt lys, konger gå mot din soloppgang»
Misjon handlar om at folkeslag, også det norske folket, skal sjå lyset. Guds lys. Sjå Jesus, han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I dag har vi bore inn to flagg i kyrkja vår. Flagget frå Thailand. Og flagget frå Kina.
Det er fordi vi i Åsane har forplikta oss til å støtte og hjelpe nokre av dei som arbeider i Thailand og i Kina med å peike på dette lyset. Peike på Jesus. Fortelje til menneske som kanskje aldri har høyrt det før, at vi trur på ein som heiter Jesus. Han er så viktig for oss, at vi ikkje kan la vere å fortelje andre om han.

Jesus har også lært oss at vi som trur, vi som kallar oss kristne, vi skal også vere tydeleg frampå med å hjelpe til der andre menneske lir naud. Vere medmenneske i møte med menneske som lever i fattigdom. Menneske som manglar grunnleggjande verdiar for å ha eit verdig liv. Ikkje eit liv i overflod. Men eit godt liv.

Vi skal ikkje hjelpe berre dei som tenkjer og trur slik som vi sjølve gjer. Misjon vil ikkje la seg avgrense av grenser. Av kultur. Av ukjende måtar å leve livet på.

Vi går vidare frå ein stad om vi blir avviste og jaga bort. Men vi vil ikkje gå bort fordi vi som kristne ser på andre som fiendar. Vi vil snakke med alle som vil lytte. Vi vil tenne lys, og fortelje at det lyset som heiter Jesus er vår leiestjerne gjennom livet. Vi gjer det samstundes som vi vil lytte til deira forteljingar som trur annleis, snakke med dei som tenkjer annleis og som lever annleis enn vi sjølve gjer.

Vi er trygge i det vi trur på. Vi gler oss over det lyset vi har sett. Og vi lar oss ikkje skremme når andre vil ta oss med inn i eit mørke.

På denne søndagen har vi også lese om vismennene frå Østen. Dei som såg ei stjerne på himmelen, og forstod å tolke teiknet. Dette mysteriet på stjernehimmelen som viste veg frå himmelen til jorda der eit nytt lys var tend. For eit barn var fødd. Det var Jesus. Han kalla seg sjølv for verdens lys då han vart vaksen.

600 år tidlegare hadde profeten spådd at «folkeslag skal gå mot ditt lys»
Vismennene frå Østen var oppfyllinga av den profetien. Dei var dei første av folkeslaga som fekk sjå lyset. Dei fekk møte barnet. Dei fekk bere fram gåver, og dei fekk tilbe barnet i lyset frå den store stjerna. Dette hende i den aller første jula. Og det som hende gjorde vismennene «fylt av jublende glede.»

Men samstundes var vismennene i utkanten av det djupaste mørket. Terroristkongen, Herodes, var ute etter å sløkkje lyset. Han tok despotiske midlar i bruk for å ramme den nyfødde Jesus.
Herodes fekk høyre om den han trudde var ein konkurrent til hans kongemakt, eit nyfødd gutebarn som det syntes å vere skrive i stjernene om, og han ville vere trygg på at dette barnet ikkje skulle overleve. Difor utførte han ein av dei verste terrorhandlingane historia kjenner til. Han let drepe alle gutar under to år i byen Betlehem.

Men Herodes lukkast ikkje å sløkkje lyset. Gud held sine hender over sonen sin.
Difor kunne også Jesus gå vidare ut i livet, gjennom døden på krossen, og så kome tilbake ved å stige ut or grava han vart lagd i etter krossfestinga og døden.

Slik vart Jesus det lyset vi har sett og som vi trur på.
Med ansiktet løfta mot dette lyset vil vi gå inn i toget av folkeslag frå alle verdens kantar som ser mot himmelen, og i glede verte fylte av trua på han som den store stjerna viste vegen til.

Vi går vidare i dag. Vidare ut i verda for å vere glade vitne om Jesus; om han som er det store lyset som stjerna viste vegen til.

AMEN.

mandag 30. desember 2019

Det tidlause namnet


1.nyttårsdag / Jesu namnedag I. 01.01.20.
Åsane
Luk. 2,21

A-Magasinet er viktig i norsk presse. Ikkje minst fordi dette er det desidert største avismagasinet i landet, med eit opplag på over 750.000 kvar veke. Vi som abonnerer på BT får det i postkassa kvar fredag.
Fredag før jul sette magasinet fokus på årsskiftet vi no opplever. Ja, meir enn det – vi opplever å gå inn i eit nytt ti-år i dag. Det var verd å lese ein del av tankane som stod på trykk omkring dette temaet. Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke.

Det er eigentleg ikkje oppsiktsvekkande at dei som styrer med media gjer noko slikt når vi byter kalender. Liknande saker har stått på trykk mange gonger før, og det kjem sikkert til å bli repetert.
Eg opplever at det er nyttig å få hjelp til å oppsummere tida vi har gjennomlevd. Det hjelper oss litt med å sortere viktig frå uviktig. Det kan vere med på å opne auger og å forme fornuftige tankar vi bør tenkje når tida sitt nyaste landskap skal rullast opp framfor oss.

Kva er viktig for deg og meg akkurat i dag?
Vel – sjølv vakna eg opp til ein splitter ny heimkommune denne nyårsdagen. Tre kommunar vart til ein der eg bur. Eg har forventning til at det er eit framsteg for meg og dei nesten 30.000 menneska som skal bu og byggje i nye Alver kommune. Vi fekk noko nytt i lag ved dette årsskiftet. Det spanande.

Og alle vi som høyrer heime i Åsane er i dag ein del av det store, nye Vestland fylke. Fjella i Hordaland er dei same i dag som i går. Hardangerfjorden og Sognefjorden i begge dei to gamle fylka ligg der dei alltid har lagt. Husa våre står på dei same tomtane som dei gjorde på julaftan. Men eit usynleg band knyter likevel i dag saman folk frå Røldal til Stadt; frå Sognefjellet til Fedje. Eg har budd i begge dei gamle fylka, og hatt gode år der. Det trur eg vi skal få i den nye tida med Vestland også.

Men vi som er samla i kyrkja, kan kanskje tenkje ein ekstra fin tanke på denne dagen.
Dei gamle fylka våre utgjorde til saman Bjørgvin bispedøme. I dag er bispedømet og det samla fylket samanfallande. Og som med alt anna vi har peika på: Kyrkja er den same. Kyrkjene står der dei har stått. Gravene som gøymer våre kjære ligg slik dei skal liggje til Jesus kjem igjen, og vi som tilber og trur, vi samlar oss i samsvar med det vårt bispedøme har formulert som sitt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Sju forteljingar frå tiåret bak oss; om klima – teknologi – flukt – terror – sosiale media - krenkingar – lukke. Det var det A-magasinet serverte som overgang til det nye tiåret.
Ingen kan vere i tvil om at det er viktige tema, kvart einaste av dei.

Men i møtet med alt dette viktige som veldig mange nordmenn kunne lese, så saknar eg som prest eit utblikk mot det som er større enn eit årsskifte, det som omfattar meir enn eit dramatisk ti-år. Det som rett og slett går utanpå tida, som vi måler med klokker og kalendrar, og som vert sett merkelappar på i viktige delar av pressa.
Større enn tida, er, så paradoksalt som det kan høyrast, det tidlause.
Det som går inn som ein del av den kristne trua under nemninga æva.

I dag bør kyrkja rette fokuset på det som ikkje berre er aktuelt når vi går inn i eit nytt
ti-år. Det finst noko tidlaust å snakke om. Noko som ber med seg det evige.
Det er dette bibeltekstane på Jesu namnedag, nyårsdagen innbyr til.

Det finst viktigare namn å snakke om enn ein president som passande nok heiter Donald.
Det finst viktigare saker enn bompengar. Til og med viktigare enn flyktningar og terror, eller å snakke om klima. 

På den åttande dagen etter at vi mintest Jesu fødsel, samlar vi oss for å feire minnet om at han vart boren fram i tempelet i Jerusalem for å omskjerast. Og då vart det stadfesta det engelen hadde sagt til Josef lenge før barnet vart fødd: «Dei kalla han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.»

Det tidlause namnet. Det evige namnet. Det som vil vere årets namn for kvar einaste truande kristen over heile verda i år etter år. Heilt til han kjem att. Han som er Kristus, Herren. Frelsaren. Messias. Den salvevigde. Guds eigen son. Ordet, som alt vart til ved.
Han har framfor alt eitt namn –  Jesus - det som betyr Frelsar. Men i Skrifta vert han omtala på ulikt vis, utan at vi nokon sinne treng å vere i tvil om kven det dreier seg.

Tenk om vår viktigaste og største presse kunne oppdage dette namnet ved eit årsskifte? Og slik gå eit stykke veg, hand i hand, med dei kristne og løfte fram dette namnet vi aldri vert ferdige med.

I meir enn tusen år har samfunnet vårt hatt namnet Jesus som ein grunnpilar.
Ikkje fordi kvar einaste nordmann til ei kvar tid har brydd seg så mykje om Jesus.  Nokre har fornekta han. Avvist å tru på han. Argumentert, til dels kraftig, mot oss som trur, tilber og lovsyng dette namnet.
Likevel samlast hans kyrkje kvar einaste søndag.
Likevel vert framleis fleirtalet av nordmenn døypte i Jesu namn.
Likevel vert 80-90 % av dei som døyr frå oss, senka i grava mens presten kastar jord på kista, «-i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage  ande»

I det nye tiåret, mens vi skal venje oss til med at vi no bur i Vestland fylke, skal vi som er med i kyrkja i det bispedømet som geografisk fell saman med det nye fylket, stadig halde fram med å etterleve vårt motto: «Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggje kyrkjelydar og fremje rettferd.»

Å forkynne Kristus, å løfte fram Jesu namn for alle som vil høyre, og som kanskje etter kvart også vil tru, det er nyårets fremste oppgåve for hans kyrkje på denne staden, her i Åsane.
Men skal vi oversjå det viktige som pressa har peika på nettopp no framfor den høgtida som eit årsskifte er? Er det faktisk like viktig å snakke om Jesu namn, som å snakke om flyktningar og terror, eller å snakke om klima?

Til det vil eg seie: Det er inga motsetning!
Visst skal kyrkja snakke om flyktningar. Det er det mange grunnar til. Ein av dei er at Jesus sjølv var ein flyktning då han og Josef og Maria måtte rømme til Egypt kort etter fødselen hans. Om den hendinga snakka vi i kyrkjene våre søndag for tre dagar sidan. Sjølv brukte eg desse orda i kyrkja i Arna om flyktningen Jesus:    
«Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som i årevis no har kjempa desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria, der landshovdingen Kvirinius i følgje juleevangeliet, styrde ved Jesu fødsel, har millionar framleis status som flyktningar. Flukt ut i det djupaste mørket.
Og her i vårt eige land, der pengar har runne som elvar gjennom kassaapparata i adventstida, så påstår politikarane våre hardnakka at vi ikkje kan ta mot meir enn ei ørlita handfull av alle desse. Vi har ikkje råd, vert det sagt. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.
Den 10.juli i år sa vår noverande justisminister, Jørgen Kallmyr, til NRK at han var bekymra for at private redningaksjonar av båtflyktningar i Middelhavet kan leie til auka flyktningestraum. Den lite vakre overskrifta på NRK sine heimesider lyder: «Advarer mot å redde båtflyktninger»

Kyrkja skal snakke om Jesus. Kyrkja skal snakke om flyktningar. I Bjørgvin har kyrkja som sitt motto at vi skal fremje rettferd. Då må kyrkja våge å konfrontere statleg urettferd  overfor flyktningane.

Kyrkja skal sjølvsagt snakke om terror. Ikkje minst fordi nettopp Jesus vart ein flyktning som ei følgje av hårreisande terror av kongen som regjerte då han vart fødd. Kong Herodes er berømt for si forferdelege framferd ved barnemordet i Betlehem. Ein terroraksjon han iverksette fordi ryktet om frelsarfødselen hadde nådd han. Messias, kongen, den salva var komen. Hen heitte Jesus. Herodes forstod ikkje å tyde teikna på himmelen. Men han hadde makt til å utføre terror ved å drepe alle guteborn i Betlehem som var under to år. Ein uhyrleg terrorist som jaga Jesus på flukt mens han enno var baby.

I gudstenesta for tre dagar sidan spurde eg:
«Ville vi i Norge ha opna grensene våre i 2019 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes?
Det finst parallellar til den mannen, Herodes, i lys levande live i vår tid!»
Terror er ikkje nytt i vår tid. Samfunnet må sjølvsagt konfrontere terroren. Kyrkja vil kanskje ha si største oppgåve i å trøyste. I å vise omsorg. I å vere diakonal. Men i alle fall kan ikkje vi som vedkjenner oss namnet Jesus vere likesæle neste gong ein eller annan Herodes går langt over streken i møte med oss og våre medmenneske.

Det er ikkje spesielt originalt at også ved dette årsskiftet, så løftar A-Magasinet fram klima som eit hovudtema i året som ligg bak, og for åra vi skal gå inn i.
Slik må det også vere for den kristne kyrkja. Det må vere slik, nettopp fordi vi vedkjenner oss Jesu namn. Det er han vi trur på. Det er han vi ber til. Det er han som er vårt lys når vi skal finne vegen ut i ei mørk verd. Denne verda synest å liggje i skuggen nettopp av klimakrisa  akkurat no. Difor treng denne verda å sjå  til han som kallar seg sjølv for lyset i verda.

I lyset frå dette namnet, lærer vi i jula at han som heiter Jesus, også kan kallast Ordet. Og på sjølvaste Jesus fødselsdag, juledag, lærte vi at Ordet var med då alt vart skapt, då alt vart til. Ved dette Ordet, ved Jesus, stod skaparverket fram i all si prakt: «Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til» (Johs 1,2) las vi på juledag.
I Jesu namn vart skaparverket fullført.

Ved dette namnet skal kyrkja vere med i klimakampen fordi vi anar alvorlege konsekvensar av at vi har vore med på å setje skaparverket i dramatisk ulage.
Som kristne fornektar vi ikkje menneskeskapte kriser når klima og miljø står på dagsorden.
Men vi fornektar heller ikkje det namnet som alt er skapt ved.

I tru og tillit til den treeinige Gud går vi framtida i møte. Vi forkynner Kristus, vi byggjer kyrkjelyden vår, og vi fremjar rettferd. Rettferd for flyktningar, for terrorofra, og i klima- og miljøkampen.
Vi trur på han som heiter Jesus – han har namnet som fortel oss at han er vår Frelsar.
Det er vårt lysande håp når vi ynskjer kvarandre eit godt og velsigna nytt år.

AMEN




lørdag 28. desember 2019

Kva hende?


Romsjulssøndag I. 29.12.2019
Arna
Matt 2,13-15
(Litt omarbeida frå 2013)
Juleinnkjøpa er unnagjort. Juleborda ligg bak oss. Pyntinga var mange ferdige med før vi gjekk inn i advent. Julehelsingane; julekorta og julebreva, har vi både sendt og lese. Pinnekjøtet smaka som vanleg nydeleg på julekvelden. Gåvene er pakka ut. Kanskje har vi til og med rukke ein tur innom kjøpesenteret for å bytte ei eller anna gåve som det følgde byttelapp med?
Julaftan var det smekkfullt her i kyrkja. Tynnare i rekkjene førstedagen. Og no er vi komne til dagen med det klangfulle namnet: Romjulssøndag.
Ettertankens dag i vår julefeiring.
Kva har vi vore med på? Kva hende eigentleg? Slik tenkjer vi ved eit årsoppgjer.

Eg er glad for at eg sjølv slepp å summere omsetning i ein butikk. Det ville passe veldig dårleg med slik eg er skrudd saman. Men for nokre mellom oss ventar nettopp det. Årsoppgjeret der juleomsetninga er heilt sentral.

Kva hende? I førjulsritualet inngjekk den tradisjonelle diskusjonen i media om borna skal få delta på julegudstenester i lag med skulen sin, eller ikkje. Var det teikn til ein meir roleg og balansert  debatt i år enn tidlegare år? Eg håpar det.
Her i bergenstraktene sette vår storavis, BT, fokus på det å vere fattig i eit elles rikt land. Mange viktige ord vart skrive. Mykje av dette må kyrkja her på staden ta til seg og integrere i sitt arbeid.
Likevel: Med tanke på jula vi er i ferd med å avrunde, spør eg, før vi er heilt ferdige med julefeiringa: Kva hende?

Svaret er ikkje enkelt. Svaret er ikkje eintydig. Vi kan svare på mange måtar.
Men eg opplever at vi får hjelp til å kome litt nærare eit svar om vi lyttar til det apostelen Paulus skriv i ein av tekstane vi har lese i dag: «Samstemt vedkjenner vi at mysteriet i vår gudstru er stort.» (1.Tim 3,16)
I jula har vi våga oss inn i mysteriet. Det var det som hende!

Det som er større og vanskelegare å fatte med vår tanke, enn alt som handlar om gåver og mat og pynt og førsjulsstemning med gamle og nye juletradisjonar. Mysteriet i vår gudstru kallar Paulus det. I jula er det nettopp dette mysteriet vi har vore samla om.
Fordi Guds vegar og Guds tankar ikkje er til å begripe, er det at vi som kyrkje samlar oss i kvar ein krok over heile verda. Men vi samlar oss ikkje for å forstå når det er juledagen. Vi samlar oss i tru.

Det ufattelege og ubegripeleg går utanpå forstand og logikk. Det  handlar ikkje om å forstå det som hende. Men om å tru det.

Og seinare i dag, når vi nærmar oss noko anna uforståeleg i kyrkja sitt liv, nemleg nattverden, så brukar vi eit liturgisk uttrykk: ”Mysteriet i trua er stort”. Jula er ein del av dette ” Mysteriet i trua ”. Og nettopp trua vår er det som opnar augo våre for det uforståelege og ubegripelege. Trua kan hjelpe oss til å svare når vi spør: Kva hende?
Det uforståelege og det ubegripelege.

Vi er omgjevne av dette kvar dag, året igjennom. Slik vi som trur også rammar livet vårt inn i dette forunderlege mysterium som vi ikkje maktar å begripe, men som vi klamrar oss til, nettopp med trua vår.

På denne romjulssøndagen vert vi gjennom den korte preiketeksten konfronterte med fleire innslag av mysterium i samband med juleforteljingane.
”Då vismennene var farne…”

Slik vart tekstorda innleia. Det dreiar seg sjølvsagt om vismennene frå Austerland som kom til Betlehem for å hylle han dei trudde var ein nyfødd konge. Det handlar om vismennene som følgde stjerna. Stjerna viste veg for dei og stansa over den staden i Betlehem der barnet var.

Mysterium! Betlehemsstjerna er eit mysterium for trua. Korleis kunne det skje? Er det mogeleg at Gud set stjernene på himmelen i rørsle for å vise sine planar for å frelse menneskeslekta? Eller er det myter og oppspinn?
Det finst haugar av forklaringar på stjerna. Gode - dårlege. Konspiratoriske.
For meg kjem dette inn i kategorien ”Mysteriet i trua er stort”

Men forteljinga om vismennene og stjerna har også i seg ein annan figur. Ein verkeleg og historisk figur som gjer at det er råd å tidfeste fødselsforteljingane i Betlehem. Vi møter kong Herodes i denne forteljinga. Herodes den Store. Er du interessert i å vite meir om han, kan du gå heim og lese på nettet, f.eks i Wikipedia. Der ser vi at han døydde i året 4 f.Kr – altså eit bevis på det vi veit frå andre samanhangar, at vår tidsrekning ikkje stemmer heilt. Jesus vart nok fødd nokre år før det vi reknar som år 0.
I teksten vår står det Jesus og familien hans vart i Egypt til Herodes var død.
Vi skal ikkje seie særleg meir om Herodes, men han er framstilt i historia som uvanleg brutal og rå. Og i Bibelen les vi om det forferdelege barnemordet i Betlehem som gjorde at Josef og Maria vart drivne på flukt til Egypt.

Enno ein gong vert trua vår utfordra av det mysteriøse. Herrens engel talar til Josef i ein draum og fortel korleis dei skal forhalde seg til kongens grufulle gjerningar.
Men viktigare for deg og meg i dag enn å gruble over stjerne, draumar og forunderlege menn frå det store ukjende i aust, er det å konstatere at gleda i jula nokså snart gjekk over i frykt og redsel, flukt og store strabasar.

Barnet i krubba er no eit lite flyktningebarn.
Dermed er vi midt inne i jula sine veldige kontrastar. Kontrastar vi opplever på kroppen den dag i dag. Den eine dagen gler vi oss over familesamvær, gåver og overflod av god mat. Den neste har vi isingar langs ryggen over vonde overskrifter som fortel at alt elende ute i verda ikkje tek juleferie.

Ei stor glede, forkynte engelen.
Men for Maria skulle barnet ho hadde fødd gje henne mange tårer.
Dei første felte ho sikkert den dagen det gjekk opp for henne at sjølvaste kongen var ute etter å drepe barnet. Kanskje nådde ryktet henne, ryktet om at soldatar fòr rundt i den vesle byen og tok livet av småborn. Av gutar under to år. Det er så vi ikkje kan fatte rekkevidda av det.

Ein som hjelper oss å sjå julekontrasten er han som vart prestevigd i Bergen domkirke lag med meg og ei rekkje andre tilbake i 1979, altså for akkurat 40 år sidan. Eg tenkjer på Arnfinn Haram. Presten og prosten som til slutt valde paven framfor Den norske kyrkja. Det har gått 7 ½ år sidan han døydde. Mange sørgjer enno over han. Arnfinn var mykje meir enn ein prest. Han var også ein stor diktar, og salmen vi nettopp har sunge er ei av gåvene frå han som vil leve vidare etter han.

”Djupaste mørker ligg over jord,
frosthard er marka, stjerna står stor…”

Julesalmen om Maria som skulle oppleve dei store kontrastane. Gleda ved barnet. Men også flyktningemarerittet. Og endå verre: sverdet i sjela hennar då ho ein mannsalder seinare stod ved foten av ein kross og såg sonen Jesus verte torturert inn i døden.
I Anfinn Harams velvalde poesi høyer vi juleunderet skildra slik:

Tettast ved krubba, moderleg god
vaker Maria, glad er ho no.
Guten ved barmen, tvegen og fin;
Gudeson er han, sjå kor han skin.

Dette vesle barnet – gudsonen – var heilt frå spebarnstida eit mål for alle som ville han vondt. Herodes hadde aldri sett Jesus. Men berre ryktet om at eit barn som kunne verte kongens konkurrent, var nok til å setje despotiske krefter i sving.
Despotiet tok overhand då den vaksne Jesus vart krossfesta. Vondskapen i verda gjorde det naudsynt. Vondskapen i verda fullførte det som måtte gjerast. Med Maria som vitne:

Maria, Maria, visste du vel
alt som deg ventar: Sverd i di sjel,
naglar og tornar, blod på ein kross!
ofrast lyt Sonen, ofrast for oss.

Vegen frå mørke fødselsnatta der lyset frå himmelen skein, skulle gå vidare ut i ei mørk verd. Vegen gjekk langs ein flyktningesti. Til Egypt. Til landet som Jesu forfedrar hadde flykta frå.
Flyktningen Jesus med sine flyktningeforeldre minner oss på dei millionar av flyktningar som i årevis no har kjempa desperat i landa som grenser opp mot det heilage landet. Frå Syria, der landshovdingen Kvirinius i følgje juleevangeliet, styrde ved Jesu fødsel, har millionar framleis status som flyktningar. Flukt ut i det djupaste mørket.

Og her i vårt eige land, der pengar har runne som elvar gjennom kassaapparata i adventstida, så påstår politikarane våre hardnakka at vi ikkje kan ta mot meir enn ei ørlita handfull av alle desse. Vi har ikkje råd, vert det sagt. Kanskje har vi brukt så mykje på oss sjølve og på vår eigen velstand i jula at det ikkje lenger er rom for å vere god og å vise omsorg. Ikkje for andre enn for meg og mitt og mine.

Den 10.juli i år sa vår noverande justisminister, Jørgen Kallmyr, til NRK at han var bekymra for at private redningaksjonar av båtflyktningar i Middelhavet kan leie til auka flyktningestraum. Den lite vakre overskrifta på NRK sine heimesider lyder: «Advarer mot å redde båtflyktninger.»
https://www.nrk.no/norge/kallmyr-advarer-mot-a-redde-batflyktninger-1.14621900

Ville vi i Norge ha opna grensene våre i 2019 for Jesus, Maria og Josef på flukt frå despoten Herodes?
Det finst parallellar til den mannen, Herodes, i lys levande live i vår tid!

Jula er full av kontrastar. Jula er skinande lys. Jula er tungt mørke. Jula er ei påminning om undergangskrefter, men endå meir ei forkynning av frelse. Jula er framfor alt glede over barnet som splittar alt mørke og all vondskap og som tenner lys der sorg og hjelpeløyse tilsynelatande er uovervinnelege krefter.
Difor er det så godt for oss at vi på Romjulssøndagen kan få syngje og be med orda vi har arva frå broder Arnfinn:

Djupaste mørker ligg over jord,
alt fekk du prøva, Jesus, min bror.
Gå ikkje frå meg, Herre, eg bed!
Ven frå det høge, du er min fred!

Amen

torsdag 5. desember 2019

Fars hus


2. s. i adventstida. 08.12.2019.
Åsane krk
Johs. 14,1-4
Kjære kyrkjefolk.
Kjære dåpsfølgje.
Kan du høyre Guds gode, trygge stemme i dag?
Vi song det nettopp saman: «Ingen er så trygg i fare som Guds lille barneskare»
Vi las det nettopp frå evangeliet. Vi las den gode bodskapen. Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Vi ville så gjerne at alle dykk som tok tilflukt i dette kyrkjerommet på ein elles så hektisk og travel førjulssøndag nett no skulle få kjenne litt på det rolege. Det trygge. På dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud.

Vi vil så gjerne løfte dette fram til kvar einaste kyrkjegjest i dag. Ung eller gamal. Det er ord til oss alle. Ingen skal kjenne at dette er mynta på sidemannen. Dette er til meg. Til deg: Ordet frå Jesu eigen munn: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Likevel: Eit menneske vil vi på ein særleg måte setje i fokus nett no. Den vesle jenta vi har døypt. Vi vil enno ein gong sitere orda vi song i dåpssalmen. Kanskje ein ukjend salme for mange? Men med det varme og trygge innhaldet som er mynta på henne som i dag for første gong er boren til Gud.
Men det som hende med henne i dag, hende med meg ein gong. Og med deg, du som er døypt i den treeinige Guds namn: «Du lyser din fred over barnet. Du tek det i hendene dine». Måtte veslejenta og alle i hennar familie kjenne dette som eit ekstra handslag på ein stor høgtidsdag i familien: At Guds fred kviler over barnet, og over alt som no skjer.

Guds fred – den lengtar mange av oss etter. Guds fred – den forkynner vi til dykk her i kyrkja. Guds fred den ber vi om, som det siste vi gjer i gudstenesta når presten lyser velsigninga: «Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred!»
Treng vi freden meir i adventstida, enn vi gjer elles i året?
Kanskje ikkje. Men adventstida er ei veldig kontrastfylt tid. Vi syng julesongar, litt for tidleg kanskje, i desse dagane. Om fred på jord. Om han som kom med fred og håp til oss. Vi førestiller oss kanskje litt i overkant mykje idyll rundt heimekos, brennande lys og juleførebuingar. Idyllen er ikkje alltid innlysande om vi skal være ærlege. Dei hektiske kvardagane tek snarare pusten frå oss, enn dei roar pulsen ned.
Vi som steller med kyrkja og alt som skjer her i tida fram mot 24., 25. og 26. desember, vi har det hektisk vi også. Både med kyrkjelivet og i privatlivet.
Også for alle oss, er det difor balsam for sjelene våre å puste godt ut, for deretter å puste inn; puste inn anden som kviler over Jesu ord i dag: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Tradisjonelt har denne andre adventssøndagen vore ein dag med fokus på at Jesus ein gong skal kome tilbake for å hente heim til himmelen alle som høyrer til der. Men bibeltekstane har gjerne vore tematiserte rundt det spektakulære, det voldsame, det som hender brått, og som skaper eit skarpt skilje mellom dei som får vere med inn til det himmelske og dei som vert ståande utanfor.

Men ved revidering av dei bibeltekstane som no vert lesne denne søndagen, har vi også fått med denne høgst verdifulle vinklinga som evangelieorda i dag gjerne vil vise oss: Det ligg noko forventningsfullt og fredfullt over det å skulle gjere seg klar til å møte Jesus.

Meir enn at det er eg og du som skal skikke oss slik at vi står klare til å møte han, så handlar det like mykje om han som enno ei tid er oppteken med å gjere alt klart til at du og eg skal flytte inn i Fars hus. Få ei ny adresse i huset med dei mange rom.

Vi må snakke litt om det huset.
Kvar for oss har vi alle eit hus der vi i dag høyrer heime. Eit hus ein eller anna stad i Åsane, eller i Bergen, eller som eg, ute i Knarvik. Vi er glade i heimen vår. Vi vil helst sleppe å flytte ut. Vi gror fort fast. Men vi veit at ein gong er det slutt. Vi skal ut heimanfrå til slutt. Men då ventar altså ein ny heim.
Jesus brukar i dag desse orda: «- eg går for å gjere klar ein stad for dykk» Og så talar han om Fars hus. Huset med dei mange rom.

Eg håpar at det må vere slik at vi i dag, i kvile under den freden Gud vil sende over oss, også kan rette blikket vårt framover mot denne staden. Mot den staden der Gud er klar med eit nytt rom for kvar einaste ein av oss. Eit hus med lyse festsalar, med god mat, perlande drikke og vakker musikk. Der er det vår håp at vi som kristne, som menneske som trur på Jesu død og oppstode for våre synder, ein gong skal møtast att sjølv om vi her vart skilde av ei grav.

Vi er alle vel kjende med at livet vårt her på jorda har heilt avgrensa tid. Nokre får leve lenge, målt med våre mål for tid, kalender og klokke. Andre får langt kortare tid.
Men om både husa vi i dag bur i, og menneska i huset ein gong vert borte, så vonar vi at det reiser seg ein ny heim, og at eit nytt og nyskapt menneske ein gong skal stå opp att or grava i krafta frå den oppstoda Jesus sjølv har vunne for oss då han sigra over døden påskedagen.

I evangelieordet vi har lese, så sa altså Jesus:
- eg går og vil gjere klar ein stad til dykk. Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg så de skal vera der eg er.
Høyrer du den undertonen av forventning som slike ord frå Jesu munn kan skape?
Eg veit ikkje heilt kva for bilete du får for ditt indre auga når du les slikt, men sjølv ser eg Jesus for meg når han går rundt i det store huset til Far og tenkjer: 
- I det rommet skal Øystein bu! Lenger borte i gangen bur far hans. Det er nærmar seg 40 år sidan faren flytta inn. Men ein dag skal dei på nytt få tid i lag, far og son. Uendeleg med tid. Og eg skal lage eit festbord, berre for dei to. Eller kanskje heller – for heile den store familien deira.
Slik trur eg Jesus tenkjer.

Så trur eg Jesu går inn i nokre andre korridorar. Der står det enno ledige rom. Han veit kven dei er reserverte for. Og eg trur at han sender bøner til sin Far om at dei som skal flytte inn der må finne vegen fram, at dei ikkje skal rote seg bort  på vegen gjennom livet slik at romma blir ståande tomme når den verkeleg store festen i Fars hus ein gong tek til, når det ikkje lenger er bruk for klokke og kalender; når tida på jorda er brukt opp og vi går inn i den store eva.

Vi legg slike fantasiar til side.
Slik vågar eg å tenkje for meg sjølv. Eg veit ikkje om eg tenkjer rett, men bileta i mitt indre av huset til Far let seg ikkje viske bort.

Uansett er det slik at på denne andre adventssøndagen, lar Jesus oss få høyre hans eigne håpefulle og trøystefulle ord. Ord som kallar oss til kvile. Til ro og til tru.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»

Eg har invitert deg til å finne kvile i ein hektisk kvardag med aukande julestri, og på ein hektisk søndag i adventstida. Kvila ligg i desse vakre orda frå Jesu munn om det han nett no er i ferd må gjere. Han held på å gjer at klart for å møte oss. Eit møte i Fars hus.

Eg har eit inderleg ynskje om at du allereie i dag, i dette kyrkjerommet kan få ei aning av at det er godt å vere i Fars hus. I Guds hus.
Vi kallar kyrkja vår for Guds hus på vår stad.
Det er mange slike gudshus rundt om. Kvar kyrkje, kvart gudshus, er eit slik rom som vil vere ein kvilestad for Guds born som lever saman i hans familie på kvar stad, i kvar einaste kyrkjelyd, verda over. Måtte Guds fred kvile over hans kyrkje på alle desse stadene.

Men på denne dagen må vi også invitere, vi må kalle, til å tru på han som talar til oss i dag. «Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg» seier Jesus.
Mange av oss har kanskje ei ureflektert tilslutning til at kyrkje og kristendom, det er greitt nok. Det er eit passande uttrykk for norsk kultur og historie i møte med folk som trur annleis enn vi har gjort, og som kanskje opplevast som framande for nokre av oss.

Å våge steget ut av det ureflekterte, og inn i dette som handlar om tru, om det vi aldri heilt kan vere trygge på verkeleg er sant, det kan vere eit vaklande steg.

Eg inviterer deg til å prøve, om du kjenner at slik har du det på denne dagen. Eit første steg for denne trua kan kanskje vere å ta del når vi innbyr til nattverd i dag.
Nettopp då nærmar vi oss alle dette uforklarlege som knyter seg til det å være nær Gud. Nettopp då tek trua over. Jesus seier at det er ikkje noko å vere uroleg for.
«Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg»
Og om du allereie kviler fast i trua på det vi har snakka om i dag, så kan du no få leggje hjarta ditt og tilsvaret ditt i det fantastiske håpet som vi skal syngje om, og som er sjølve framtidshåpet på denne andre søndagen i adventstida: «Ja, engang mine øyne skal se Kongen i hans prakt; …»
AMEN


søndag 1. desember 2019

Lysets rustning


Innsetjing av Kristin Hjertaker som sokneprest i Arna.
Arna kyrkje, 01. desember 2019

Kjære Kristin.
Det er mykje som er nytt i dag. Vi har gått inn i eit nytt år. Eit nytt kyrkjeår. Vi har lagt det gamle bak oss. Ikkje fordi det var ubrukeleg. Men tida rann ut. Slik det er ved kvar einaste årsskifte.
Vi har takka for det som var her i Arna. Vi har takka han som var her og som gjekk. Og så vi har snudd om eit blad. Ei skinande blank side lyser mot oss. Og når vi stirer mot lyset, stig det nye fram.

Vi som er her i Arna kyrkje ser ein ny prest som kjem i lag med eit nytt kyrkjeår. Ut or lyset stig du. For det var ikkje noko mørke i det som slokna med det gamle kyrkjeåret.

Lyset i kyrkja sloknar heldigvis aldri. Lyset i kyrkja fornyar seg. Det er ikkje noko batteri som må bytast. Det er eit evig lys som skal vere med oss kvar ny dag som vi får oppleve. Det er ikkje vi menneske som i oss sjølve lyser. Men vi er reflektorar frå det himmelske lyset. Vi skin, fordi han skin på oss, han som seier om seg sjølv: «Eg er lyset i verda.» (Johs.8,12)

Jesus skal skine for oss alle i kyrkjeåret som startar i dag. Kvar dag skal han skine. Kvar natt skal han også lyse, mens vi kviler. Mens vi gjennom natta ventar på at mørkret som løyner verda rundt oss desse timane skal vike for nytt morgonlys, for ein ny dag, for nye oppgåver. Alltid skin han som er «lyset i verda».

Kjære Kristin – du kjem til oss i lyset. I morgonlyset på den aller første dagen i det nye kyrkjeåret. På den første søndagen i adventstida. Du kjem til oss i ei gudsteneste der vi om litt skal lese bibeltekstane for denne dagen. Ein av dei er henta frå Romarbrevet, kap. 13. Der står det:
«Det stundar mot dag. Lat oss difor … - kle oss i den rustning som høyrer lyset til.» (Rom. 13,12)
Du kjem med lyset, for du skal vere henne som reflekterer alt det skinande og gode som verdens lys står for.
Du skal vere presten for denne kyrkjelyden, ikledd «- den rustning som høyrer lyset til.»

Prest på dei lyse og gode festdagane, som denne søndagen. Men du skal også vere presten vår når mørkret senkar seg. Over livet til einskildmenneske, eller kanskje til eit heilt samfunn.

Vi har venta på deg i denne kyrkja. I denne kyrkjelyden. Vi visste du skulle kome når ein annan gjekk.
No er vi så glade for å sjå deg. Vi tek i mot deg med forventning som har rot i det vi har høyrt om deg frå før. Du har ein betydeleg yrkeskarriere bak deg. Den er variert. Den er delvis kyrkjeleg.
Men presteansienniteten din er kort. Dette er di første faste stilling som prest som du går inn i når du har komen i ein godt vaksen alder. Vi trur du vil stå fram med alle dine sterke sider og verte til velsigning i Arna kyrkjelyd.

No stig vi inn i den nye dagen. I det nye kyrkjeåret. I lag med deg som er vår nye prest. Måtte det verte ei verkeleg lystid vi går inn i saman med deg, midt i vår vinterlege mørketid.
No vil eg be deg om å knele på altarringen, slik at vi kan få leggje deg og tenesta di fram for Gud i bøn.




torsdag 17. oktober 2019

Følg meg


19.s.  i treeinigstida III. 20.10.2019
Ytre Arna (Temagudsteneste)
Luk.9, 57-62

Dei gjekk etter vegen. To stykke. Dei samtala. Dei hadde det fint i lag. Og vegen var lang. Faktisk så lang at det ikkje var heilt klårt kvar den enda.
Kanskje var det vegen gjennom livet?
Den vegen som starta heime hjå far og mor. Som gjekk gjennom eit landskap der borna leika, der ungar samla seg, der bryllaup og barnefødslar fann stad. Landskapet varierte mellom slettelandskap og tronge, mørke dalar. Vegen hadde sidevegar og vegkryss der val måtte gjerast. Det var tettast mellom dei i starten.  Det var motbakkar og utforbakkar innimellom. Lange strekningar var reine idyllane. Praktfull natur som kunne nytast i fulle drag. Men så endra det seg.  Landskapet gjekk også gjennom tunnelar der mørket var knugande og langs avgrunnar som syntes skræmande. Og ettersom vegen vart lengre og lengre tok alderdomen over, og etter kvart var det tydeleg at målet kom nærare og nærare. Vegens ende.

Dei gjekk altså på denne vegen, dei to i lag. Ein var heilt tydeleg den som førte an. Som visste kvar dei skulle vidare. Som underviste den andre. Han gjorde inntrykk. Så sterkt inntrykk at orda glapp ut av han som hang på læremeisteren: ”Eg vil følgja deg kvar du så går”

Du går på vegen du òg i dag. Nokre har gått veldig langt. Andre har så vidt starta. Nokre er akkurat der det er så menge sidevegar og vegkryss. Så mykje å velja mellom. Men du ser han som går ved sida di. Du anar at han veit kor du bør gå vidare. Du vil slå følgje. Du tek orda i munnen din, orda om at – ja eg vil vere i lag med deg. Same kor du går.

Men vent litt – det er noko som må utrettast først, før vi går vidare. Like bak svingen der borte, Berre ein kort avstikkar.  Det er litt som må gjerast heime. Litt i familien som må ordnast opp i.
Og så var det ein liten stopp for å hjelpe der det var vanskeleg. Det var nokre som gret. Noko hadde skjedd som var til å gråte over. Vanskar heime som syntes håplause. Sjukdom. Var det til og med ein som var død?  Eller var det på skulen dei ropa namnet ditt så høgt.

Du går langs vegen. Vegen gjennom livet. Han som går attmed deg er ein super følgjesvein. Enno ein gong seier du til han: ”Eg vil følgja deg kvar du så går”. Men du skundar deg å leggje til det som du så ofte elles seier: -” men berre vent litt. Først skal eg berre….”

Også vi som har samla oss her i Ytre Arna kyrkje i dag vil kunne kjenne oss att i noko av dette. I ein eller fleire situasjonar i livet har vi høyrt at det finst ein som går tett ved sida vår gjennom livet. Han heiter Jesus. Mange av oss innser at han vil vere ein fabelaktig mann å ha med seg vidare. Kvar einaste dag.
Men han kan vel ikkje ha noko i mot at eg ordnar litt med alt det andre i livet mitt som også er så viktig for meg?
Som så ofte når vi vågar å dukke ned i det vi les om Jesus i Bibelen, så er det råd å verte overraska av det vi då ser.

Den som har vore innom kyrkja ein del gonger kan temmeleg snart få eit inntrykk av at å følgje Jesus, vere i lag med han, kalle seg kristen, det er rett og slett eit liv som kan levast i sus og dus. Berre Jesus får ein liten sjanse innimellom – i ein barnedåp, gjennom konfirmanttida, ein ekstra alvorstanke i ei og anna gravferd, og kanskje nokre kroner i offerskåla frå tid til annan, så er det greitt. Knip det kan eg stemme i ein salme eller be eit fadervår ekstra.

La det vere heilt klårt: Det er slett ikkje noko feil med ein barnedåp. Det er heilt på sin plass med ettertanke over livet ditt når du er i gravferder eller når du ofte eller berre meir tilfeldig er innom kyrkja. Og syng du salmar eller ber fadervår, så skal du for all del halde fram med det. Det vil Jesus at du skal gjere.

Men på denne søndagen møter vi Jesus når han med nokre enkle ord vil vise oss at det å følgje han faktisk har store konsekvensar. Det kan bety oppbrot og nye måtar å tenkje på.

Dette er utfordringa til kvar einaste av oss denne søndagen. På ei side: Å vere opne for alt det fantastiske Jesus kan berike livet vårt med. På den andre sida: Å vere viljug til å gje han alt når han seier: «Følg meg!».
Heile deg. Heile livet ditt, anten du har levd lenge, lenge og snart er ved veg ende, eller om du står heilt på startstreken, der vegen er full av vegkryss og du nesten kvar dag må velje – går eg hit eller dit?
I dag var det stort om du kunne seie slik han gjorde det, han som gjekk lengs vegen saman med Jesus, han som sa: ”Eg vil følgja deg kvar du så går”. Det er ikkje lett å seie det. Men vi veit at føl vi han, då skal han vere med oss heilt til vegs ende, heim til vår himmelske Far.

Det er mange forteljingar i Bibelen om menneske som vart kalla til å vere i følgje med Jesus. I GT møter vi ikkje Jesus kall. Der er det gjerne Gud sjølv som på underleg vis utfordrar menneske til å verte hans etterfølgjarar.
Vi kan nemne Moses. Vi kan lese om profetane; for eksempel Jesaja og Jeremia.
Og vi må sjølvsagt ikkje gløyme forteljinga vi har høyrt lese i dag, om guten Samuel i tempelet, som til slutt forstod at Herren Gud ville ha han i tale og braut ut: «Tal, tenaren din høyrer!» 1.Sam 3,10

I NT er det aller mest kjent korleis Jesus kalla dei 12 læresveinane til å verte sine etterfølgjarar. Det kunne vi brukt mykje tid til å snakke om.
Men på same måte som med forteljinga om Samuel, ser vi også at læresveinane høyrde Jesus kall. Dei høyrde orda hans. Så braut dei opp. Så drog dei av gårde i lag med Jesus. Radikalt. Utan returbillett.
Tenk f.eks på Simon Peter. Fiskaren. Han som fekk det som høyrdes ut som eit amatørråd frå Jesus om å kaste fiskenota på motsett side av båten, så skulle nullfangst bli til kjempefangst av fisk. (Luk 5,1-11)
Tullprat – kunne fiskaren sagt til snekkarsonen.

Men Jesu ord og undervisning som dei nettopp hadde lytta til, må i sanning ha gjort inntrykk på Peter og dei andre proffe fiskarane, for dei la i veg med ei einaste grunngjeving: ”På ditt ord…” Kjappare enn nokon av oss ville gjort, hadde dei teke inn over seg at når Jesus talte, når han underviste, så var det ei slik kraft i orda hans at det måtte få konsekvensar for det dei gjorde. ”På ditt ord…”   

”På ditt ord…”
 Dette ordet var sjølve skaparordet. Det ordet som i opphavet på den fjerde dagen gjekk ut frå Guds munn og skapte alt liv som yrer i vatnet; det ordet lydde no frå Jesu munn ved Genesaretsjøen. Og på dette ordet gjekk Peter i båten og kasta garnet. Og det som hende som ei følgje av at Peter og dei andre følgde Jesu ord, at dei lytta til han, var at dei også følgde han. Bokstavleg tala. Gjekk saman med han.  Resten av livet. Peter og Jakob og Johannes.

”Kva var det som hende med Jakob og Johannes?
Kvifor gjekk dei av garde saman med Peter og Jesus?”
I møte med eit slik spørsmål, tenkjer eg litt på gamle Sebedeus, far til Jakob og Johannes. Han opplevde å stå åleine att på stranda etter at sønene hans og Peter drog av garde i lag med Jesus. Korleis ville han svara?
«-Høyrde du ikkje kva Jesus sa til dei,»  trur eg at den gamle Sebedeus 
svara
«- Peter vart så oppskræmd av all fisken dei fekk, at han kasta seg ned for Jesus og bad han gå bort. -Eg er ein syndig mann, høyrde eg Peter sa til Jesus. Men Jesus tok tak i Peter og reiste han opp og sa: - Ver ikkje redd. Heretter skal du fanga menneske? Dette høyrde også sønene mine,»  sa Sebedeus. «- Så dei tre, Peter, Jakob og Johannes gjekk berre frå alt her på stranda i følgje med Jesus.»

«Følg meg!» Det handlar om at du og eg vågar det radikale brotet med det vi tenkjer er eit naturleg vegval gjennom livet.
Kanskje så radikalt som å gå i frå alt for å følgje Jesus.
Vågar vi det? Vågar vi å satse alt i livet på å følgje Jesus?
Å slå følgje med Jesus kan for enkelte verte eit radikalt bort med sitt tidlegare liv.
- dei gjekk i frå alt og fylgde han”
står det om Peter, Jakob og Johannes.

Men vi skal gjere litt av det same Jesus gjorde der ved Gennesaretsjøen.
Først underviste han folket. Han lærte dei om Guds rike. Så utfordra han trua deira. Prøv! Prøv om ikkje det stemmer det eg seier. ”-Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.”
Så er det tid for å våge etterfølginga. «Følg meg!» lyder det i dag
Kanskje var det slik i dag at desse orda kunne vere eit kall og ei utfordring til ein eller fleire i denne kyrkja? Eit kall til å reise seg og gå vidare i livet tett i Jesu fotefar.
Synest du det høyrest ut som ei vågestykke?
Kanskje det. Men er det betre å sitje på ei strand og reinse tomme fiskegarn resten av livet?                   
AMEN

Bloggarkiv