onsdag 21. februar 2018

Syndefallet


2. s. i fastetida. GT II. 25.02.2018
Haus kyrkje
1.Mos 3,8-15

På Bibelens første sider les vi Urhistoria. Om skapinga. Om syndefallet. Om storflaumen.
I 1.Mos kap. 1 les vi om mennesket skapt i Guds bilete.
I kap. 2 les vi om Gud som pustar livsande inn i mennesket, og om livet slik det var for dei første menneska før syndefallet.
I kap. 3 kjem så syndefallforteljinga, som neppe skal oppfattast bokstavleg med ein talande slange, men som ei forteljing om mennesket som gjer opprør mot Guds vilje, som let seg lokke av den vonde til å stille spørsmål ved Guds gode vilje for sin skapning.
Adam og Eva har det først godt i lag. Dei første menneska lever i harmoni med kvarandre og med resten av skapinga. Dyra er til hjelp og til glede for dei. Framleis kan dei to første menneska smile av lammet og ulven som bur i lag og over kalven og ungløva som beitar saman. Men mellom buskene smyg det seg eit merkeleg dyr som enno ikkje har fått namn.
Slangen som kan snakke: - Har Gud verkeleg sagt… (2.Mos.3,1)
Slik er innleiinga til at Paradisets idyll vert brote. Slangen – biletet på han som vi møtte sist søndag, 1.s. i fastetida. Han som er vår motstandar. Jesus kalla han for Satan i det vi snakka om i kyrkjene våre for ei veke sidan. Satan som hadde fare inn i Peter som prøvde å lokke Jesus frå å fullføre sitt kall til å lide og døy i den føreståande påska.
Slangen, den vonde, djevelen, Satan, eller kva vi skal kalle han, er årsak til syndefallet.
Til at menneska, Adam og Eva, du og eg, alle menneske som har levd, at vi kjem i utakt med Guds vilje. 
Det startar med eit tilsynelatande uskuldig spørsmål: - Har Gud verkeleg sagt…

Konsekvensane vart enorme. Konsekvensane av at menneska let seg lure til å setje spørjeteikn ved det Gud hadde sagt til dei. Dei gjorde noko anna enn det Gud sa. Så uskuldig. Så lite. Ein eplebit sette alt over styr!

Først for Adam og Eva.Det første som hende var at dei såg at dei var nakne. Skamma kom inn i verda saman med synda. Uskulda mellom ektefellane vart brote. Adam var snar til å skulde på kona si då Gud kravde han til rekneskap for hans synd. Er det den første ekteskapskrangel vi ser ein flik av?

Konsekvensane vart dinest enorme for ætta som kom etter dei første menneska. For deg og meg. Synda smitta. Skamma føl med synda. Idyllen er broten. Ulven og lammet bur ikkje i lag lenger. Løva og kalven beitar ikkje saman. (Jfr. Jes.11,6)
Og Adam og Eva er ikkje lenger like lukkelege som dei var i Paradis før freistaren lokka dei til det som syntes å vere aldeles.

V
i møter dei på denne 2.s. i fastetida, desse to første menneska, i tekstordet vi har lese. Adam og Eva.
Kor lenge var Adam i Paradis?» Vi kjenner det folkelege spørsmålet.Det gjekk ikkje lenge før idyllen sprakk.Det høyrest framleis ut som om freden og roa kviler over hagen. «Dei høyrde lyden av Herren Gud som vandra omkring i den svale kveldsbrisen», står det.

N
ei, nei! Det er slett ikkje idyll over dette. Etter syndefallet kom redsla inn mellom menneska. Dei to gøymde seg. Dei var redde for å møte Gud.Familien er i krise. Den gode ordninga som ekteskapet skulle vere, er sett under press. Menneska spør slik slangen lærte dei å spørje. - Har Gud verkeleg sagt…

Guds skaparvilje er god. Men gjennom syndefallet har vi menneske øydelagt det gode. Og vi ser ruinane av det som gjekk sundt rundt oss kvar einaste dag.Vi kjenner kanskje på skamma over at vi ikkje fekk det til. I familielivet. I samfunnslivet. Når naturen ser ut til å slå tilbake mot vårt misbruk av Skaparverket. Vi kjenner oss nakne, slik Adam og Eva gjorde det då dei åt av den forbodne frukta.

Dette er situasjonen på denne søndagen. Vi er ikkje lenger i Paradis. Vi er i Haus kyrkje.

Har Gud verkeleg sagt?Desse enkle, tilsynelatande uskuldige, men likevel djevelske orda, er starten på menneskeslekta si vonde og vanskelege historie. Det starta med at idyllen i familielivet rakna. Neste steget vart brodermordet. Allereie i Bibelens første familie går det så langt.Framhaldet kjenner vi. Synda sine ufattelege følgjer med krig og opprør, død og sorg, tårer og fortviling.

Moderne menneske likar ikkje at kyrkja framleis talar om synd. Og om synda sine følgjer.«Middelalder», er det mange som fnyser. Tusenårige eventyr og myter står det skrive om i kritiske kommentarar til at kristne trur på, og tilber, denne Gud som vi møter i Urhistoria i 1.Mosebok.

Kritikarane og dei moderne vantruande kan kanskje fornekte han som dei kristne forsakar; djevelen med alt hans vesen. Dei kan blåse i barten av at vi talar om synd, og at vi seier fram ei syndsvedkjenning i gudstenesta vår.

M
en dei kan ikkje vere blinde for alt det vi med eit samlebegrep kallar for synd. Dette som fører enkeltmenneske og ei heil menneskeslekt til randa av samanbrot og fortviling.
Også for ein teolog og for ei kristen kyrkje er det meiningsfullt og nyttig å nærme Urhistoria i 1.Mosebok med kritiske blikk. Det er neppe god teologi å lese alle desse forteljingane kritikklaust og utan å ta inn over seg at mangt og mykje som står her kan ha litterære trekk som kan kallast for mytiske. Det er dumskap å fornekte at vi finn liknande, nesten parallelle forteljingar i andre religionar.

Dette går det godt an å leve med for kristne. Men for den kristne gjeld om å tru det grunnleggjande og bakanforliggjande – det at Gud skapte, at skaparverket var godt, og at mennesket var sentrum i det skapte.

O
g så at vi held fast ved at mennesket på eit eller anna vis gjorde det syndige brotet som fekk slike fatale konsekvensar.
Ei anna forteljing i Urhistoria handlar om Noah. Om båten. Om dyra. Om han og ho av alle slags skapningar som gjekk om bord i Arka.

F
or Noah hadde fått vite at Gud angra på det han hadde gjort i skapinga.Vi les om regnet. Det er som om vi kjenner oss att, vi som bur her på Vestlandet. Det står at det regna i førti dagar og førti netter. Sant å seie er vi lite imponerte over det. Men uansett kor mykje regn vi er vane med, så fortel i alle fall Bibelen om at vatnet steig, og at liv vart utrydda. Menneske, dyr og plantar vart utrydda. Gud følgde opp sin anger over skaparverket.Verda går tilbake til det kaos som var før Gud i si skaparakt ordna i kaos.
Det er som om strukturane bryt saman under vekta av menneska si synd.

O
g vi som lever i dag må våge å spørje oss sjølve: Er det noko liknande som held på å skje med oss? Med vår tid? Med menneska som lever i denne generasjonen og som skal leve vidare i den neste generasjonen?

Strukturar som bryt saman. Klima som endrar seg. Ekstremvêr kallar vi det for i dag. ”Menneskeskapt” seier dei fleste om det som hender rundt oss. Vi ser i fortviling på alt som skjer. Vi spør oss: Er det botnventilane som vert dregne ut og toppventilane som vert opna slik at kaoset på nytt strøymer over oss?

Men midt i kaoset under storflommen i Bibelsk urtid fantes det altså eit håp. Ei øy – ei ark av håp. Ein båt bygd i trass og tru av denne merkelege mannen som av ein eller anna grunn fann nåde for Herrens augo.

I vår moderne tid må vi speide etter håpet. I vår tid må vi lese oss til håpet ved å opne vår Bibel. Håpet om at Gud aldri meir vil la noko så forferdeleg som ein ny storflom skje.Difor skal du gle deg når du kan sjå regnbogen ute i naturen. Dette nydelege synet som fortel om regn og sol som sameinar seg til fargeprakta i bogen.

Tenkjer du då på det Gud sa til Noah og familien hans?- Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.» Og Gud sa: «Dette er teiknet på pakta eg skipar mellom meg og dykk og kvar levande skapning som hjå dykk er, for ætter som kjem i alle tider: Eg set bogen min i skyene;  han skal vera eit teikn på pakta  mellom meg og jorda.” (1.Mos 9,11-13)

Du skal sjå på regnbogen, Guds boge i skyene som er teiknet på pakta Gud har gjort, på hans lovnad til oss. Aldri meir, seier Gud!
Aldri meir, fordi Gud også har gjort ei ny pakt med menneska. Den nye pakta. Den som vart skriven av Jesus. Skriven med blod.

V
i høyrde om det for ei veke sidan: «Frå den tid tok Jesus Kristus til å gjera det klårt for læresveinane at han laut fara til Jerusalem, og at dei eldste, overprestane og dei skriftlærde skulle la han lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.» (Matt 16,21)

Difor kunne vi også lese det slik i orda frå Paulus tidlegare i gudstenesta: Difor: Slik som ein manns fall vart til fordømming for alle menneske, slik fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. (Rom 5,18)

Jesu rettferdige gjerning, då han gjekk til Jerusalem, vart slegen i hel og stod opp att – det fører med seg frikjenning  og liv for alle oss som var sette i bås med Adam og Eva då redsla tok dei etter  syndefallet.

A
MEN!

fredag 16. februar 2018

Ut i øydemarka


1.s. i fastetida II ~ 18.02.2018

Eidsvåg

Matt.16,21-23

Dersom menneskelivet kan symboliserast ved det fruktbare landet i Midt-Austen og i Israel – gjerne med oasen – så er ørkenen eller øydemarka rundt det fruktbare, og rundt oasen, det som trugar menneskelivet.
Fordi ørkenen trugar menneskelivet, så er det ein stad dei fleste vil unngå. Vindane frå øydemarka kan blåsa inn over oss, fine sandkorn finn vegen inn gjennom dørsprekker og dei dekkjer til vindaugo. Men dører og vindauga og hus kan hjelpe mennesket til å halde ørkenen borte. Det er staden vi ligg unna. Den vil vi skjerme oss frå. Ingen sender born ut i slike farlege omgjevnader.

Men i fastetida derimot, skulle vi våge oss ut i øydemarka. Saman med Jesus. Han gjekk ut dit i 40 dagar og 40 netter og fasta. Utan mat og drikke i dødens føregard – i øydemarka. Han førebudde seg til liding og død. Og han førebudde seg til å møte Satan i nærkamp.

Slik vil vi i den kristne kyrkja også nærme oss denne tida vi no går inn i. Vi vågar oss ut i det farlege og konfronterer det som kan vere eit trugsmål mot oss: Død og djevel, liding og sjukdom, synd og svik.
Vi står ansikt til ansikt med livets ørkenlandskap.
Vi pustar ut, og ventar med å puste inn.
Vi et mindre, og kjenner at vi vert svoltne. Kanskje også tørste?
Vi held ut i det stille, og ser slik djupare innover enn elles. Vi held ut lidinga, og slik får vi innsikt i livet til våre søsken andre stader i verda som lever i konstant liding, svolt og naud.
Vi forsakar, og ser kva livet er utan fornøyelsar og pynt, men berre som livet, i si reine form, utan tilsetjingar, kamuflasje og parfymering.

Og så gjer vi som Jesus: Vi ber!

Slik var det i alle fall at fastetida kunne ha vore.
Om vi var litt meir idealistar. Om vi ville våga oss ut or det vi er så bunde fast til, nemleg eit liv i nyting og i diskret, tilbaketrekt egoisme. For det er det vi er smitta av. Som einskildmenneske og som kyrkje.
Difor opplever vi også så lite i våre kristenliv. Vi held oss til den trygge og fruktbare oasen der det bognar av mat og drikke, der vi kan gøyma oss i skuggen av svalande tre i staden for øydemarkas stikkande sol eller ørkenens piskande, sandfulle vind.

Difor går vi glipp av den viktige røynsle dei har gjort, dei som tok sjansen på å følgja Jesus ut i øydemarka for å faste, nemleg at det går ein veg tilbake til oasen. Jamvel ein trygg veg, der ein kjenner seg berika nå ein er tilbake.
Dei som våga seg inn i fastetida si øydemark kom tilbake med færre ting dei var urolege for, med ei djupare glede og med ny kraft til å leve kristenlivet i Herrens nærleik.

På denne første søndagen i faste, var det kanskje på tide om vi våga å stille oss spørsmålet: Tok vi feil, når vi som kyrkje og som einskildmenneske aldri våga oss ut or oasens trygge slaraffenliv og ut i den utfordring som den barske øydemarka representerer?

Torer vi ikkje å stole på at Jesus er der med si kraft slik at han vil føre oss rikare inn att i kvardagen?
Er det i realiteten slik at vi overser at det sit ein liten djevel bak øyra vårt og kviskrar: Hald deg til dei trygge og opptrakka stigane. Der ute er det farleg å leve.

Det er lett å tenkje slik. Det er lett å stire seg blind på ei trygg kyrkje med innøvd liturgi, og berre med ein og annan ny salme som utfordring innimellom. Dert er lett å putte nokre kroner i kollektkorga å tru at ein kan kjøpe seg ein person som kan vere eit vitne om Jesus i misjonens teneste eller ein tenar i kvardagen for våre medmenneske, i staden for sjølv å by seg fram: ”Jesus, her er eg! Send meg!”

Det er så velmeint, det å gje pengar til misjonen eller diakoni eller kyrkjeleg barne- og ungdomsarbeid. Snart skal vi vere med på Kirkens Nødhjelp sin årlege fasteaksjon. «Ja, vi elsker dette vannet» er temaet i år. Det handlar om arbeidet med vatn og sanitær i utsette område rundt om i verda. - Vi skal nok vite å legge vår skjerv i bøssene som konfirmantane kjem rundt med når påska nærmar seg, tenkjer mange.

Men ærleg tala: Er dette faste? Er dette anna enn kamuflerande deodorant på ei litt vond lukt av ansvarsfråskriving eller travelheit eller manglande engasjement og vilje til å stå på?

Eg kjenner at det stikk i mitt eige hjarta når eg stiller spørsmålet. Det er nærgåande, også for presten. Så får du svare for din del.

Og så skal vi i fellesskap på denne første gudstenesta i fastetida sjå kva Jesus gjorde nå djevelen møtte han for å få han til å svikte det som var hans store kall:
Matt 16:21 «-at han måtte dra til Jerusalem, og at de eldste, overprestene og de skriftlærde skulle la ham lide mye. Han skulle bli slått i hjel, og den tredje dagen skulle han reises opp.»

Dette var Jesu oppgåve. Dette forkynte Jesus for sine næraste, mellom dei Peter. Peter som nett hadde fått høyra dei store orda or Jesu munn: ”Du er Peter, og på denne klippen vil jeg bygge min kirke” (Matt.16,17)
Men altså: På vegen til Jerusalem for å fullføre si oppgåve med å lide og døy, er det at Peter grip ordet: «Gud fri deg, Herre! Dette må aldri hende deg.»

For eit sjokk det måtte vera for Peter då Jesu svar gav han både øyreverk og hjarteverk: "-Vik bak meg, Satan!" Tenk at Peter vart kalla for Satan av Jesus sjølv. Han som Jesus nettopp hadde utvald til hjørnestein der den kristne kyrkja seinare skulle byggjast. "Vik bak meg, Satan!"

For oss som les dette i dag, tener desse orda til eit veldig varsku. Freistaren og freistingane er over alt. Djevelen er listig og sløg. Han freistar Jesus. Han brukar Peter nærmast som eit medium. Han gjer alt han kan for å skapa kaos der han måtte sleppa til.

Og for meg og deg gjeld det i dag at vi ikkje trekkjer på skuldrene; at vi ikkje let som om dette ikkje angår oss. Det nyttar lite å kaste seg på ein moderne tankegang om at djevelen høyrer middelalderen til og at Satan ikkje har makt lenger. Hugsar du for 25 år då Åsane gamle kyrkje vart sett i brann? Av ein som kalla seg satanist.

Satan er ingen kuriositet. Han er vår farlegaste motstandar som kristne. Han legg ut sine snarer for å freista oss, for å lokka oss til fall; ja til fråfall, frå han som er "Messias, den levende Guds sønn." (Matt.16,16)

Når til og med Peter kunne brukast av Satan for å freiste Jesus til å svikte sitt gudgjevne kall, kor lett trur du ikkje då det er for at han kan bruke deg og meg i si teneste. Apostelkappe eller prestekjole er inga rustning som nyttar i kampen mot den vonde. På same måte som Peter fekk eit slag i ansiktet då Jesus forkynte rett ut; "Vik bak meg, Satan!", slik er det også eit sviande og smerteleg nederlag når eg som prest innimellom står att etter eit grovt fall i freisting. Djevelen var sterkare enn meg. Trua mi og forsakinga mi var ynkeleg svak. Nederlaget svir.

Og slik er eg overtydd om at kvar einaste kyrkjegjengar som vil vera ærleg overfor seg sjølv, vil sjå tilbake på audmykjande nederlag der den vonde vart for sløg og for sterk.
Og aller verst er det når freistaren vil lokke oss frå å følgje Jesus. Til å halde oss der det synest trygt og behageleg. Han vil ikkje ha oss ut i øydemarka og inn i faste. Kanhenda tenkjer den vonde på det som står skrive om Jesus som fasta i øydemarka:
”Straks etter drev Ånden ham ut i ødemarken, og der var han i førti dager og ble fristet av Satan. Han holdt til blant villdyrene, og englene tjente ham.” (Mark.1,12-13)

Englane tente han! Den vonde hadde all grunn til å vere redd for fastetida. For der er englane tenarskap! Då vert det vanskeleg for den vonde å nå fram med sine sløge og listige angrep.

Korleis er det med deg og meg i den tida vi går inn i?
Vågar vi oss ut i livets ørken for å hente styrke, slik Jesus gjorde det? Vågar vi oss ut i det landskapet der englane er våre tenarar?

Det er faste. Vi skal følgje Jesu på hans veg mot liding, død og oppstode. På denne vegen er det kraft og styrke å hente. Men vi har ein motstandar som vil hindre oss.
Jesus har i dag lagt oss orda i munnen når motstandaren syner seg: ”Vik bak meg Satan!”
Det skal vere vårt svar når den vonde vil hindre oss i å gå inn i ei fastetid i tett følgje med han som går mot liding og død. For den vegen fører til liv og frelse for alle som følgjer Jesus i tru.

fredag 9. februar 2018

Vi ville så gjerne sjå Jesus


Fastelavnssøndag II. 11.02.2018
Salhus
Johs.12.20-33

 «Herre vi ville gjerne få sjå Jesus»

Det var ynskje til grekarane som var komne for å feire påske i Jerusalem. Ryktet om mannen frå Nasaret hadde nådd langt. Kven var denne merkelege mannen? Det gjekk ord om at han til og med hadde vakt opp døde. Hendinga med Lasarus låg berre nokre dagar tilbake i tid. Dei ville møte han. Sjå Jesus.

Ser du Jesus i Salhus kyrkje i dag?
Vi ser i alle fall det klassiske krusifikset over altaret. Det hjelper oss til å fokusere på Jesus. Men det er ikkje noko anna enn ein trefigur.
I andre kyrkjer ser vi ofte malte bilete. Kunstnarar har sett føre seg ein situasjon dei las om i Bibelen. Vi ser deira tolking gjennom meir eller mindre vellukka kunstverk.
Gjennom mange år stod eg regelmessig framfor altaret og altartavla i Fore kirke i Nordland der eg var sokneprest. Altartavla var eit relativt enkelt maleri med eit motiv som ein sjeldan ser avbilda. Det var av Jesus i Getsemane. Nettopp det er eit vanleg motiv, men akkurat dette biletet er uvanleg fordi vi ser at Jesus lener hovudet inn til ein engel som støttar han og trøystar han. Jesus i bønekamp i Getsemane, same kvelden som han vart sviken. Det står om denne situasjonen i Luk 22,43: ”Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.”
Det er denne augneblinken som er motivet for altartavla i Fore kirke.

N
år vi i dag les teksten for Fastelavn frå Johs. 12, er vi ikkje komen så langt som til Getsemane i Jesu lidingssoge. Men no nærmar vi oss. No er første steget på lidingsvegen teken, og Jesu veit kvar det skal enda.

Johannesevangeliet skil seg litt frå dei tre andre evangelia i kronologien i det som hende i samband med påska. Og i høvet mellom Getsemanehendinga, slik vi f.eks les om det i Matt.evang kap 26, og vår preiketekst, ser vi at orda liknar kvarandre veldig.
I vår preiketekst heiter det v.27: No er sjela mi fylt av angst.
Men i Matteusversjonen (Matt.26, 37b-39) les vi om Getsemanehendinga:
…han vart gripen av sorg og gru. Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat dette begeret gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.»
Vi som er komne til kyrkje i dag, skal i alle fall høyre at fastetida nærmar seg for oss dette året. Saman med Jesus skal vi i tida som no kjem følgje han på lidingsvegen. Kanskje skal vi våge å seie som grekarane: «Herre vi ville gjerne få sjå Jesus»

Og då skulle eg så inderleg ynske at eg var som engelen på altartavla som eg så mange gonger stod framfor: Engelen som kunne støtte Jesus i hans redsel. Engelen som kunne styrkje Jesus når angsten tok tak med si iskalde hand om hjarta hans.

Men eg er ingen engel. Eg kan aldeles ikkje hjelpe Jesus. Tvert om. Eg kan berre vere med på å auke børa som kviler på skuldrene hans der han er på veg mot liding og død, berande på all verdens synd og skuld og skam.

Men Jesus talar sterke ord til oss i dag. Han seier noko til meg som så gjerne vil vere tenaren hans: ”Den som vil tena meg, må han følgja meg, og der eg er, der skal tenaren min òg vera.” (v.26)

Det handlar om å følgje Jesu når fastetida brettar seg ut.

Men maktar eg det? Maktar du å vere med han? Vågar vi å sjå? Sjå Jesus?
Meinar vi alvor med orda: «Herre vi ville gjerne få sjå Jesus»

Korleis skal det gå når vi kjem til Getsemane? Jesus låg på kne der og bad. Med ei sjel tyngd til døden av sorg. Men læresveinane hans sov!

Korleis er det med deg og meg?
Har vi søvn i kroppen og søvn i augo og søvn i hjarto når vi skal gå inn i faste?
Eller er det slik at vi alltid er lys vakne, lys levande? Livlege fordi livet vårt kjennest så ubegripeleg rikt og godt at vi må nyte livet. Nyte i fulle drag. Nyte så sterkt at det ikkje er plass til faste. Til bøn. Til å fylgje frelsaren på lidingsvegen.

Vi er tørste. Tørste etter liv. Tørste etter å elske. Elske oss sjølve. Elske våre eigne. Elske livet.
Men elskar vi Jesus? Og elskar vi nesten vår?
Korleis vert det med oss når vi i fastetida som startar på onsdag vert møtte med utfordringa frå Kirkens Nødhjelp om å redusere på privat forbruk og heller gje til dei som er fattige, dei som ikkje har vårt rike liv å vakne opp til kvar morgon?
Tema for Fasteaksjonen 2018 er Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med vatn og sanitær i utsette område omkring i verda.

Høyr kva Jesus seier i dag: "Den
som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar liv sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv."

For meg er dette utruleg utfordrande ord. Eg veit noko om kor høgt eg set meg sjølv og mitt og mine. Eg har lova å følgje han. Lova å vere hans tenar. Vere prest for hans kyrkjelyd.

Men likevel: Eg elskar livet mitt, og kan stå i fare for å misse det. Det er ikkje mykje som liknar engelen i meg. Engelen som styrkjer Jesus i hans kamp og bøn og forsaking når han ligg på kne i Getsemane.

I det vi les om i vår tekst, er Jesus på veg inn i Jerusalem, ridande på eit esel, vel vitande om kva som ventar han. Dette hender eigentleg på palmesøndag.
Jesus kjem, som sagt, frå ei storhending i Betania. Der har han vakt Lasarus til live. Han har gjort eit av sine aller største under. Men dette underet skjer altså like før påske. Ikkje lenge etter er Jesus i lag med Lasarus og søstrene hans til ein stor fest heime i Betania. Der vert Jesus salva, før han dagen etter set seg på eselet og rir inn i hovudstaden Jerusalem.
Ei stor folkemengde, inkludert utlendingar frå Hellas, har høyrt om underet om at han kunne vekkje døde til nytt liv. Difor er folkemengda på føtene og står langs vegen for å hylle han. I denne situasjonen talar Jesus dei orda vi har lese saman. Orda som viser kjenslene hans medan han lar seg hylle som livets sigerherre. Han er redd. Han har ei sjel fylt av angst. Men har er klar for det som ventar:

No er sjela mi fylt av angst. Men skal eg så seia: Far, frels meg fra denne timen? Nei, til denne timen skulle eg koma. (v.27)

- til denne timen skulle eg koma!

Han er ferdig. Ferdig til å lida. Ferdig til å dø:
Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eit korn. Men døyr det, gjev det stor grøde. (v.24)

Det er til si dødsstund at Jesus er komen. Det er til dette han er på veg. Han er kveitkornet som skal leggjast i jorda. Han skal dø. Men det skal spire nytt liv. Det skal kome grøde. Frukt. Frelsefrukt. Evig liv.

Det er gåva han kjem med til meg. Og til deg.
For han som no skal lide og dø, han som har ei sjel, fylt av angst for det som ventar han, har gjer alt dette fordi han ser at du og eg er totalt avhengige av at han ikkje dreg seg unna.
Han ropar ikkje til sin himmelske far om å sleppe lidinga, om frelse frå den tyngste stund nokon har vore gjennom her på jorda.
Han veit så inderleg vel at det er til dette han er sendt av Gud.

Og han veit så inderleg vel at det er det han skal gjennom når han kjem inn i Jerusalem, det må gjerast for mi skuld. For han ser meg. Han ser at eg ikkje er ein engel som kan styrkje han. Han ser at eg er eit syndig menneske som berre har skuld å kome med. Han ser meg, men er likevel viljug til å døy for meg. Han veit at eg og du, til liks med læresveinane i Getsemane, ikkje kan vake med han gjennom bønekamp og påskedrama. Han ser oss alle. Han ser oss med sine gode frelsaraugo.

Han ser oss.
Ser du Jesus i dag?
I dag var det om å gjere at du kunne sjå kva han har gjort for deg. I dag var det godt om dine augo kunne kvile på eit bilete som kanskje ingen målar enno har festa til eit lerret. Eit bilete av han som sig i kne i bønekamp, i redsel og fortviling, men som likevel aldri har ein tanke om å vike tilbake eller trekkje seg unna. No er stunda hans nær. Han er komen til denne timen. Han er komen for å døy. For å leggjast i jorda som kornet vi sår om våren.

I dag bøyer vi våre hovud i takksemd for at det ligg eit slikt korn i jorda og spirer. Det ligg der og veks slik at vi anar at det er nytt liv i emning når døden har gjort si gjerning med dette kornet. Det er nytt liv i emning for Jesus. Det er von om nytt liv for deg og meg. Grøda skal haustast inn. For når kveitekornet døyr og vert lagt i jord gjev det stor grøde. 

AMEN

torsdag 11. januar 2018

Under ein open himmel


2. s. i openberringstida. II. 14.01.2018
Gjerstad kyrkje
Mark.1.3-11

Bli med inn i mysteriet.
Mysteriet om kven Jesus er. Om kva han kom for å gjere. Korleis han viser seg for oss menneske. Openberringstida i kyrkjeåret; denne tida som starta sist søndag, og som avløyste juletida, er ei tid der vi i kyrkja søkjer inn i dei djupe løyndomane som vi må leite etter i Bibelen. Dette som ikkje er så tydeleg å sjå. Dette som må openberrast for oss i eit lys vi kanskje sjølve ikkje alltid har brytaren til. Nokon må tenne lyset for oss slik at vi kan sjå inn i det dunkle, i skuggane, i det som berre er antyda.

Framfor denne søndagen las eg i bøker for å sjå etter lys over ordet. Boksidene lyste opp for meg. Eg håpar eg kan reflektere litt av dette lyset i dag.
Ein svensk prest som heiter Bo Brander er ein «gudbenåda predikant»; i alle fall vert han omtala med desse orda av forlaget som gjev ut bøkene og preikene hans.
Eg las ei preike av Bo Brander[1] og vart forbløffa då han viste meg ein forunderleg samanhang mellom det vi lytta til i kyrkjene våre for ei veke sidan – vi høyrde då om Jesus som tolvåring i tempelet; og det vi har høyrt om i dag der Jesus vert døypt av Johannes.

Først tek Brander opp ei sak som mange undrar seg over og har vanskeleg å tru noko fast og sikkert om – nemleg farskapssaka angåande Jesus. Kven er Jesu far?
Den svenske presten seier det på denne måten: «Vi kan vite at Maria ikkje tok Jesus på fanget då han var fire år og sa: - Oss i mellom - Josef er ikkje pappaen din. Det er Gud.
Eg trur Maria tagde. Eg trur Maria såg på sonen sin og visste. Men ho tagde. Likevel har vi eit ekko av korleis det høyrdest ut i heimen i Nasaret når ein tala om og til kvarandre….»


Og så flyttar vi oss til situasjonen der Maria og Josef finn tolvåringen Jesus i tempelet i lærd samtale med dei skriftlærde. Bo Brander seier det slik: «Din far og eg har leita etter deg. – Nøyaktig der høyrer vi korleis Maria og Jesus omtalar Josef. Han er familiens pappa.
No er det Jesus sjølv som seier: - Men skjønar ikkje du, Maria, at eg måtte vere der Far min er? Ingen har sagt til Jesus at han er Guds son. Det er han sjølv som let Maria få vite at han veit. Han gjer det når han er tolv år. Han gjer det på jødane sin mest heilage plass – i tempelet.»

Så er det altså at Jesus stig inn i skuggane dei neste 18 åra.
På ei veke flyttar vi i vår kyrkje oss frå han var 12 til han var om lag 30 år slik evangelisten Lukas fortel oss om alderen hans då han tok til med si gjerning (Luk 3,23). Vi veit ingen ting om kva Jesus gjorde i desse åra, utover det som står om at «han gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske» (Luk 2,52)

Vi kan komprimere desse 18 åra og sjå føre oss Jesus som tenåring. Ein verkeleg tenåring, for det står om han at han var eit verkeleg menneske. (Fil 2,6-8). Vi kan sjå han som ein ung vaksen som gjekk i lære hjå Josef for å verte snekkar. Han skaffar seg omgangsvener som han går på besøk til. Nå vi møter søskena Marta, Maria og Lasarus seinare i evangelia, er det tydeleg at desse er gamle kjende av Jesus. Kanskje er det ungdomsvener frå tenåra?
Jesus var eit barn på flukt til Egypt i fanget til Josef og Maria. Han var ein tolvåring som forbløffa tempeleliten i Jerusalem. Han levde seg gjennom ein mognande oppvekst til han ein dag står i køen av syndarar på breidda av Jordan. Ein av dei mange som hadde søkt til slektningen hans, Johannes døyparen, for å gjennomgå Johannes sin omvendingsdåp.

Her får vi meir lys over mysteriet om kven Jesus eigentleg er. Kven han kom frå. Og kvifor han var der som eit menneske blant mange andre, likevel som eit menneske som ingen andre.
Bo Brander seier det på denne måten: «Han (Jesus) kjenner til kvardagslivets små trivialiteter, og tunge bører. Han har delt livet med menneska på jorda. Dette er eit evangelium til oss frå dei tause åra i Jesu liv. Han veit alt. Når vi ikkje forstår oss sjølve, når vi skammar oss over oss sjølve, over våre hemmelege fantasiar, våre rasande hemntankar, eller om vi skammar oss over vår eigen redsel, vår eigen angst eller depresjon, så hugs ei sak: Jesus veit og forstår kva det vil seie å vere menneske. Det er med ei djup røynsle av å vere menneske at han stig ned til slektningen Johannes for å verte døypt i vatnet i Jordan.»

Det vi no må halde fast i er at denne dåpen som Jesus går inn i ikkje er den same som dåpen vi døyper med i våre kyrkjer. Johannes døypte dei som ville omvende seg frå synd og starte eit nytt og betre liv.

Den dåpen vi praktiserer i kyrkja i dag som Jesus altså seinare, i samband med sin himmelfart, innstifta, er ein måte å bli fødd på nytt på. Det er gjennom den vi får del i Jesu død og oppstode slik apostelen Paulus forklarar det for oss i Romarbrevet. (Rom 6,4-5)

Men vi går tilbake til Jordan og ser nøyare på kva som skjer.
Det er to kjenningar som står der ved elvebreidda. To slektningar. To som begge kom til verda etter at englar frå Gud hadde stige ned og samtala med forskrekka komande foreldre.
Engelen tala med Sakarja, han som vart far, trass i at både han og Elisabeth, mora, var så langt oppe i åra, og at Elisabeth var «diagnostisert» med at ho «-kunne ikkje få born» (Luk.1,6). Engelen tala med Maria (Luk 1,26ff), og han tala med Josef (Matt1,20).

Og så tala Elisabeth og Maria med kvarandre. (Luk 1,39ff)

Ved Jordanelva tala desse to slektningane, Johannes og Jesus, med kvarandre. Desse to som vart fødde med eit halvt års mellomrom.

Dei var heilt spesielle, fødde på underfullt vis etter at englar hadde vore på jorda for å informere foreldra deira om det som skulle skje. Dei hadde ulike oppdrag. Johannes var vegryddaren: «Rydd Herrens veg, gjer stigane rette».
Vegen han rydda, var den som Jesus skulle gå på. Vegen han rydda var den menneske skulle gå for å finne fram til Herren.
Og bodskapen hans var ramsalt. «Ormeyngel» var ord han brukte for å tiltale tilhøyrarane sine. Dette ordet som Oslo nye biskop fekk som sitt første ord då ho skulle tale til konge og samfunnselite i Oslo domkirke ved bispeinnsetjinga 3.søndag i advent.

«Han forkynte ein omvendingsdåp» står det i litt meir forsiktige ordelag i vår tekst i dag.

Men Johannes forstod kor sterke orda hans var. Og difor er det som om denne kraftige kosten set seg fast i halsen hans når Jesus dukkar opp mellom dei som kjem for å omvende seg og bli døypte. Johannes vegra seg for å døype Jesus, men gjorde det likevel då Jesus insisterte.

Det er i samband med dette, at det overveldande skjer. Dette som berre hender når Jesu er innblanda. Han som kom frå himmelen, frå Gud.
Mysteriet blenkte mot dei som var vitne til hendinga. Mysteriet vil aldri kunne bevisast for oss som les om det. Men mysteriet kan gripast med trua vår.
Der ved Jordan får vi ein glimt inn i det himmelske, der Jesus eigentleg høyrer heime, og der vi trur han er i dag.

For vi kan lese at himmelen delte seg.
Kva det betyr, kan vi berre undre oss over. Slik vi undrar oss over kva som hende når vi les om at Moses fekk Raudehavet til å dele seg under Israelsfolket si flukt frå Egypt.
Men naturen understrekar også det ekstraordinære.

Og ikkje minst dette som vidare hende. Der ved Jordan får Jesus familiebesøk ved sin dåp. Slik det er vanleg i våre dagar at ein familie samlar seg når eit lite menneske vert døypt, slik hende det ved Jesu dåp. Då var den heilage treeinige Gud til stades i alle tre personar.
Jesus var der. Gud Fader var der. Røysta hans lydde frå himmelen som var open. Og Den Heilage ande var der i dua som dala ned over Jesus.

Kjære truande kyrkjelyd.
Dette er eit mysterium. Ingen kan forklare. Ingen kan begripe.
Vi kan berre gripe. Gripe i tru etter orda frå den opne himmelen. Halde fast i dei.
Her i Jordan, på den aller lågaste staden på jordkloden, så langt ned som det var råd å stige for eit menneske, steig mennesket Jesus for å gjere seg til ein av oss. Til ein syndar utan synd. Ein som gjekk inn i rekkja av andre syndarar som let seg døype til omvending når Johannes ropte på dei og kalla dei for ormeyngel.

Slik viste Jesus at han var som ein av oss, endå han var frå Gud. Heimen hans var hjå Far i den opne himmelen. Gud stadfesta det med ei røyst som klang over elvevatnet: «Du er Son min, som eg elskar, i deg har eg mi glede»

Men før Jesus igjen kunne innta plassen ved Fars høgre hand i den opne himmelen, hadde han ei oppgåve som eit menneske. Ein som var som deg og meg. Han skulle bere syndene våre. Difor stod han i rekkja av syndarar som let seg døype med Johannes sin omvendingsdåp.

Til slutt: Eg fann ei lita perle av ei oppsummering av denne storhendiga ved å lese i den gamle paven, Bendedikt XVI, eller Joseph Ratzingers bok om "Jesus fra Nasaret." Han seier det slik: «Vi skal bare trekke linjen fra denne sendelsen som utgjør starten på Jesu offentlige virke, til de utsendelsesord som han selv etter sin oppstandelse retter til disiplene: - Gå derfor og gjør alle folkslag til disipler! Døp dem til Faderens og Sønnens og Den hellige ånds navn. Den dåp som Jesu disipler siden har meddelt, er delaktighet i Jesu dåp – i den virkelighet som han foregrep. Slik blir man kristen»


AMEN



[1] Bo Brander/Göran Skytte: «Ett år med jesus» Bnd I. S.328ff

fredag 27. oktober 2017

Bot


Bots- og bønedag - Reformasjonsdag. 29.okt.2017
Skriftemålsgudsteneste - Salhus
Rom.1,16-17


Akkurat korleis det skjedde og kva som i detalj hende veit vi ikkje. Det var ingen aviser eller fotografar der. Neppe noko stor folkemengd heller. Men på tysdag, den 31.oktober, har det gått akkurat 500 år sidan hammarslaga lydde på kyrkjedøra i Wittenberg i Tyskland.
Då Martin Luther tusla heima att frå kyrkja si, dei få hundre metrane bort til huset der han budde, hang det att eit større oppslag på kyrkjedørene. Det var dei berømte 95 tesene. Dei som vert rekna som starten på det som seinare er omtala som den lutherske reformasjonen.
Ei hending som meir enn omtrent alle andre historiske hendingar har verka inn på vårt land. I lag med Danmark og Sverige og delar av Tyskland vart vår historie endevendt gjennom reformasjonen. Det er difor all grunn til den storstila markeringa vi gjer i landet vårt no i år. På tysdag skal reformasjonen minnast med ei nasjonal gudsteneste i Nidarosdomen. Den vert sjølvsagt sendt direkte på NRK frå kl. 1930. Gå ikkje glipp av den.

Den første av Martin Luthers 95 teser er spesielt aktuell nettopp på denne søndagen. I norsk omsetjing lyder den omtrent slik: «Då vår Herre og meister Jesus Kristus sa: Gjer bot… ville han at heile den kristne sitt liv skulle vere ei bot»

Reformasjonen starta med eit kall til bot.
Og i dag er det Bots- og bønedagen. Det er slett ikkje tilfeldig at denne kyrkjeårsdagen kvart år er lagd til siste søndag i oktober. Dert var altså 31.oktober at det hende….

Vi må difor seie litt om kva bot betyr. Kva bot i teologisk og kyrkjeleg forstand er.
Først av alt må vi då avgrense oss mot forståinga av bot i norsk strafferettsleg forstand. Bot er ikkje det same som straff, f.eks i form av ei fartsbot til ein sjåfør.

I ei av vedkjenningsskriftene som vår kyrkje er tufta på, og som også skriv seg tilbake til reformasjonstida, det vi kallar den Augsburgske konfesjon, eller Confessio Augustana, forkorta til CA, heiter det i artikkel 12 om bota: « - bota er eigentleg samansett av desse to stykka: Det eine er angeren eller den redsla som vert jaga inn i samvitet når synda vert kjend, det andre er trua, som vert avla ved evangeliet eller avløysinga, og som lit på at syndene vert tilgjevne for Kristi skuld,…»


Å gjere bot, i kristen forstand – det handlar altså om to ting:
Først å angre syndene sine.
Dinest å tru at syndene er forlatne for Kristi skuld.

Om dette handla mykje av det som skjedde i reformasjonstida.
For Martin Luther vart det ei hovudsak å få fram at syndsforlating ikkje var noko ein kunne gjere seg fortent til ved å prestere mange gode gjeringar. Og slett ikkje kunne ein kjøpe syndsforlating i kyrkja gjennom avlatshandel.
Guds syndsforlating var ei gåve. Vi kallar det med bibelske ord for nåde.
Guds syndsforlating var gratis. Dette som paven i Roma på den tida tok godt betalt for å formidle til kyrkjelydane, det kunne ikkje seljast og kjøpast som om det var korn til å ete eller eit trekkdyr til å arbeide å arbeide for bonden.
Nåden er gratis. Frelsa er gratis. Frelsa er ikkje til sals, har vi snakka om gjennom reformasjonsmarkeringa dette året.

Men Martin Luther såg aldri gjennom fingrane med at mennesket var syndig. At vi alle levde i opprør mot Gud og hans gode vilje for alle menneske. Han kjende seg heilt sikkert igjen i dei orda som Paulus brukar om vår innkrøkte situasjon når Paulus skriv i Romarbrevet:
«- eg veit at i meg bur det ikkje noko godt, det vil seia i mitt kjøt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje. Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje. Men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.» (Rom 7,17-18)

På bots- og bønedagen, 500 år etter at Martin Luther starta det religiøse, og etter kvart også – det politiske, skredet som reformasjonen utvikla seg til, så lyttar vi enno ein gong til den første av hans berømte teser: «Då vår Herre og meister Jesus Kristus sa: Gjer bot… ville han at heile den kristne sitt liv skulle vere ei bot»

Og å gjere bot, det var altså dette: Først å angre syndene sine.
Dinest å tru at syndene er forlatne for Kristi skuld.

I dag er det eg som må gå i meg sjølv. Eg må bøye meg for det Skrifta vitnar, og som Anden lyser på i mitt liv når eg kjenner at Paulus hadde rett: Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje. Men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.

I dag forkynner vi desse orda her i Salhus kyrkje. Det er du som må avgjere om du vil sleppe alvoret inn over deg og ditt liv. For det er framleis alvor. Det handlar framleis om syndige menneske sitt forhold til ein heilag Gud. Ein Gud som ikkje har plass for urettferdige i sitt evige rike. Berre rettferdige.

Eg kjenner meg og mitt liv att i det Paulus skriv: «Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste» (Rom 3,10)
Om du tenkjer om deg at du er rettferdig, rettferdig målt med Guds målestokk, så utfordrar eg deg til å lese i samanheng dei første åtte kapitla i Romarbrevet. Det er tungt stoff. Det er utfordrande ord. Men det kan vere ord som vil endre livet ditt. Og endre æva for deg.

Gjennom dette brevet som Paulus skreiv til dei kristne i Roma, er det råd å få innsyn i kva det vil seia å vere rettferdig for Gud. Altså: Korleis våre liv kan kome i den stand at vi er skikka for eit evig samvær i Guds nærleik.
To ting blir nokså snart klart: Vi vil aldri makte det ved å streve på eiga hand for å fikse vår menneskelege fasade.
Men dette strevet er også heilt unødvendig. For Gud har allereie gjort det som trengs.

Om det har vi lese, også frå Romarbrevet, i dagens preiketekst.
Vi høyrer om Paulus som kjenner ein glad og god bodskap, også kalla evangeliet.
Evangeliet som openberrar for oss kva som er Guds rettferd.

Det dreier seg om dette vesle ordet som på norsk berre har tre bokstavar: Tru.

Rettferdig blir ingen ved kjøp og sal av prestasjonar som skal skaffe oss inngangsbillett ved perleporten.

Rettferda i Guds auge vert målt på ein ting: Vår tru.
Vår tru på evangeliet om at Jesus går inn i vår stad og lever det livet som er fullkome.
Han gjer det vi ikkje maktar.

«Den rettferdige skal leva ved tru»
Det er overskrifta til oss alle i dag. Denne setninga er den som Martin Luther mot slutten av sitt liv fortel om, og han seier at desse orda fekk evangeliets lys til å gå opp for han. Denne korte setninga i Rom.1,17 er ein av dei aller mest omtalte og gjennomdiskuterte setningar i Bibelen og i teologien.

Vi skal ikkje gå djupare inn orda no.
Men vi skal lytta til dei i lys av at vi snart skal samle oss i det allmenne skriftemålet. Som ein bit av det å følgje Luther i at heile den kristne sitt liv skal vere ei bot.

Bot - altså: Først å angre syndene sine.
Dinest å tru at syndene er forlatne for Kristi skuld.

I det allmenne skriftemålet får vi hjelp til å oppdage kva synd er. Kva synd er i vårt eige liv.
Vi skal lytte til dei ti bodorda. Prøv livet ditt i lys av dei!
Vi skal sanne syndene våre med ord frå Salme 51 i GT. Her får vi hjelp til å formulere mykje av det som tyngjer når vi innser vår situasjon som syndarar framfor den heilage Gud.
Du skal få høve til å vere stille, og i ei like stille bøn, leggje fram for Gud det som er ekstra tungt i nettopp ditt hjarte.

Og så skal du få knele ved altaret, kjenne presten leggje handa på hovudet ditt, og høyre dei forløysande orda: «Etter vår Herre Jesu Kristi ord og befaling, tilseier eg deg nådig forlating for alle dine synder, i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande.»

Når du i tru grip tak i at du har angra, du har vedkjent, og du har teke mot ein bibelsk lovand om at du er tilgjeven, då har du gjort bot.
Då seier evangeliet at du er rettferdig for Gud.
Rettferdig fordi du trur at det Jesus har gjort for deg er nok. Nok for frelse, fred og evig liv.

Og alt dette er gratis. Nåden er ikkje til sals. Frelsa er ikkje til sals. Det er Guds gode gåve.

Du skal difor få kome fram til altaret enno ein gong og kjenne at nettopp Jesus er her no. Nær oss. Så nær at du får ete kroppen hans og drikke blodet hans. Han er i brødet. Han er i vinen. Det er eit mysterium. Men du kan gripe, også det, med trua di.

Det er bots- og bønedag.
Vi treng ein privat reformasjon av våre liv 500 år etter at vår lærefar, Martin Luther, opna Skrifta for oss så vi fekk hjelp til å forstå Guds gåve, evangeliet, ordet som seier: «Den rettferdige skal leva ved tru»

AMEN











fredag 20. oktober 2017

Filadelfia


20.s. i treeiningstida. I. 22.10.2017
Arna
Johs.11,1-5
Den største pinsekyrkjelyden i vårt land ligg, nesten sjølvsagt, i Oslo.
Filadelfiakirken, kallar dei seg for. Til dagleg for folk i Oslo – kanskje enkelt og greitt: Filadelfia.
Det er mange bedehus og kristne forsamlingar i landet vårt som kallar seg Filadelfia. På line med det bedehuset som vi for eksempel her i Arna kjenner som Betania.
Slike hus får ofte namn med rot frå Bibelen.
I dag skal vi snakke både om Filadelfia og Betania.

Orda betyr sjølvsagt noko.
Filadelfia er brukt fem gonger i NT. Ordet betyr søskenkjærleik. Det er det same som å elska sine brør eller søstre.

Vi har møtt ordet i eit av tekstavsnitta vi har lese i dag. I Hebr. 13,1 stod det: «Hald søskenkjærleiken levande!»
På gresk er her ordet filadelfia brukt der vi skriv søskenkjærleik på vårt språk.
Betania er namnet på ein liten by utanfor Jerusalem. Heimstaden til dei tre søskena Marta, Maria og Lasarus.
Staden der Jesus vanka for å omgåast venene sine. Omgangsvenene.
Der, i Betania, pleia Jesus søskenkjærleiken, filadelfia, til sine vener.

Denne søndagen samlar vi oss i Arna kyrkjelyd for å markere diakoniens dag.
Diakoni er eit omfattande tema. Vi kunne stått her i heile formiddag og snakka om kva det betyr. Det skal vi ikkje gjere.
Vi skal i staden skjære ut eit liten bit av den store kaka som kallast for diakoni og smake på denne eine biten. Vi veit at mesteparten av kaka enno står att på bordet. Det som står att er like godt og like mektig som det vi smakar på, men akkurat i dag vert vi mette av å ta til oss den biten av diakonikaka som vi kan kalle Filadelfia.
Eg veit heimanfrå at noko som kona mi av og til bakar, kallar ho for filadelfiakake.
Det er noko av det beste eg veit.
Lat oss forsyne oss!

Og då må vi vere med til Betania. Det er berre tre søndagar sidan vi sist var der. Det var dei same tre søskena vi helsa på den gongen, men då var dramaet langt større. For då høyrde vi at Lasarus var død, og vi gjekk saman med søstrene og Jesus til grava der Jesus felte tårer over venen sin før han kalla han tilbake til livet ved å ropa han ut frå grava.
I  dag har vi frå Johannesevangeliet lese innleiinga til dramatikken omkring oppvekkinga av den døde Lasarus. Men i det vi les, er Lasarus enno ikkje død. Han er sjuk. Og det står å lese: «Systrene sende då bod etter Jesus og sa: -Herre, han som du er så glad i, er sjuk.»

Han som du er så glad i!

Jesus var glad i Lasarus. Dei var vener. Gode vener.
Dette vert enno tydelegare uttrykt i siste setninga i vår preiketekst: «Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus»
Eg vil seie litt om uttrykket «vere glad i»

Det er brukt to gonger i teksten vår. Eine gongen er det greske ordet fileå brukt.
Andre gongen ordet agapeå. Begge blir altså omsett heilt likt. Vere glad i. Det kunne også vore brukt det sterkare ordet: elske.

I 1.Kor 13 går ordet kjærleik att mange gonger. Kjærleikens høgsong kallast kapittelet gjerne. Det som der er omsett med «kjærleik» er ordet agape. Same rot som verbet agapaå.
Då er det verd å merke seg at den som framfor alle kan vise slik kjærleik, det er Gud.
Denne kjærleiken er ikkje den som utrykkjer seg seksuelt gjennom eros, erotikk.
Dette er same kjærleik som mellom born og foreldre; kjærleik til gode vener, eller kjærleik til trusfeller i Betania, Filadelfia eller Arna kyrkjelyd.
Det er kjærleik til medmenneske som slik uttrykkjer seg i den kyrkjelege tenesta vi kjenner som diakoni. Kjærleikens gode frukter.

Det er dette det handlar om på søndagen i dag.
Kjærleik til våre vener. Det handlar om å løfte opp denne perla som er med på å gjere kvardagane våre til noko anna enn nettopp – gråe kvardagar.
Det er godt å ha vener ein er glad i. Vener av begge kjønn. Det er god å vere svært glad i dei utan å blande inn kjønn og sex og ekteskapleg samliv.
Slik Jesus viser oss ved sitt nære venskap til dei i Betania: «Jesus var svært glad i Marta og syster hennar og Lasarus»

I dag har vi også lese frå GT, om David og Jonatan. Jonatan var son til kong Saul, men det står om han at han vart «-nær knytt til David og fekk han så kjær som sitt eige liv» (1.Sam 18)

Og ikkje minst har vi frå Hebrarbrevet lese om kva som ligg i uttrykket filadelfia: Søskenkjærleik.
Vi repeterer frå Hebr.13,1-3:
Hald syskenkjærleiken levande! Gløym ikkje å vera gjestfrie, for på den måten har somme hatt englar til gjester utan å vita det. Kom i hug dei som sit i fengsel, som om de sat i lenkjer saman med dei. Og tenk på dei som blir mishandla, som om det gjaldt dykkar eigen kropp.

I dette avsnittet glir søskenkjærleiken over i det vi frå våre samanhangar kjenner som diakoni. Vi høyrer om å vere gjestfrie. Om å hugse dei som er i fengsel. Dei mishandla.

Utgangspunktet for å setje fokus på venskap er det heilt grunnleggjande som Gud talar om i 1.Mos 2,18: Det er ikkje godt for mennesket å vera åleine.

I 1.Mos leier dette utsegnet over i at Gud skapte kvinna til mannen. Altså dei som skulle leve saman i ekteskap.
Men samstundes har dette utsegnet ein vidare horisont. Einsemd er ikkje godt.
Difor treng vi noko meir. Vi treng fellesskapet som er ramma inn av ekteskapet. Men vi treng også venskapet som er mykje vidare og som er uavhengig av kjønn.
Det vi les om Jesus sitt forhold til dei tre i Betania er eit strålande eksempel på det.

Vi treng ein kompis å gå på Stadion i lag med.
Vi treng ei venninne som kan vere med til legen når slekta ikkje er der.
Det er godt med jaktkameratar.
Det er flott med klubbvenninner.

Men så må vi også ha nokon som kan stå ved sida av kvarandre når dei store utfordringane i samfunnet rundt oss gjer at vener må løfte i flokk for å kunne møte vener vi enno ikkje har sett eller kjenner.
Då er det godt om vi er med i Betania eller Filadelfia eller Arna kyrkje.

Nå vener i fellesskap må ta hand om dei mishandla som rømer frå Syria.
Når søskenkjærleiken viser oss trussøsken som vert forfølgde i Egypt eller i Kina.
«Kom over og hjelp oss» lydde ein gong ropet frå Makedonia til Paulus (Apgj.16,9)

Den diakonale søskenkjørleiken reagerer på slike rop.

Vi reagerer fordi Jesus har lært oss å reagere. Slik han også reagerte og responderte då han fekk vite at venen Lasarus var sjuk. I og for seg reagerte ikkje Jesus slik ein ville sett for seg om alt var etter oppskrifta som Marta og Maria trudde var den gjeldane.
Dei sende bod til Jesus, står det. Beskjeden var klar: Lasarus er sjuk. Underforstått: Kom så snart du kan, ja gjerne litt før …

Slik gjekk det ikkje. Vi veit at Jesus drøya. I fire dagar, minst.
I mellomtida var Lasarus både død og gravlagd.

Men Jesus er ikkje som andre vener. Han er meir enn andre vener. Han kan hjelpe som ingen andre. Langt utover det som er råd å begripe. Han kom ikkje for seint til å berge Lasarus.
Han kom tidsnok til å vise kva for ein ven han eigentleg er.
Han er venen for livet, bokstavleg tala.
Han gav liv tilbake der døden har vore på røvartokt.

Slike krefter bur ikkje i ditt og mitt venskap med dei vi er glade i.
Likevel kan ditt og mitt venskap med andre, for eksempel her i denne kyrkjelyden, vere av aller største verdi.
I ein kommentar til denne søndagsteksten seier pensjonert biskop Øystein Larsen at venskap er så viktig at den burde vere å få på blå resept. (Luthersk Kirketidende nr.15/2017)

Difor skal vi, på ein dag der diakonien er fokusert i kyrkjelyden vår, løfte fana for venskap og søskenkjærleik høgt.
Vi gjer det fordi det er godt å gjere det. Godt for oss sjølve. Godt for venene våre. Og mest fordi Jesus sjølv er vårt førebilete.

Det vert vi minna om når vi les 1 Joh 4,19: Vi elskar fordi han elska oss først.
AMEN

onsdag 27. september 2017

Livets under


17. s. i treeiningstida. I. 01.10.2017
Johs. 11.17-29
Biskopshavn

Dåpssalmen som vi for litt sidan song her ved døypefonten er ein av dei salmane eg trur folk som kjem til kyrkje er aller mest glade for å vere med å syngje: «Fylt av glede over livets under»
Det største har hendt. Nytt liv kom til dykk som ei gåve. «Nyfødt barn i våre hender» syng vi om. I dag endåtil tre nyfødde.
Vi må her i kyrkja enno ein gong gratulere dykk som ville hit til kyrkja i dag med desse tre borna. For å leggje dei i Guds hender. Vere med i bøner for dei. Undre seg over det som skjer. Ei berøring frå det himmelske. Bortanfor det vi kan forstå. Men likevel ein realitet som kan smyge seg inn i ein krok av hjarta vårt, den delen av oss der trua på Gud har sin plass. Kanskje eit stort rom i hjarta ditt? Eller kanskje eit bortgøymt lite kott? Men uansett så pass verkeleg i ditt liv som far eller mor at du valde å gjere det: Bere barnet ditt fram for Gud i dåpen. I glede over livets under. Det er dette du ber med deg i dag i tru, stor eller lita.
Og nettopp denne trua skal vi setje fokus på denne søndagen. Den skal vi kome tilbake til. Den er utruleg viktig og konsekvensrik.

Fylt av glede - Ja visst! Og sjølvsagt.
Men likevel – kanskje også ein streng inne i oss som dirrar med ein litt ustemt tone på denne dagen. Omtrent slik vi også song om det: «Fylt av beven foran ukjent fremtid….»

Det er salmediktarens ordkunst som gjer desse versa så gode. Svein Ellingsen brukar det forsiktige ordet «beven» for å ordleggje det vi ikkje ein gong torer å nemne og som kan uttrykkjast med eit kvassare og skarpare ord som betyr nesten det same, men ikkje heilt: Ordet frykt.
Vi fryktar ikkje den ukjende framtida som knapt har starta for desse små.
Men «beven» - det er rette ordet.
Vi veit at ting kan skje. Ting vi ikkje likar å tale om eller setje ord på.

På denne søndagen skal vi våge nettopp det.
Tale om det vi stort sett teier om. Og stort sett skal vi gjere nettopp det. Teie om at døden faktisk er ein realitet, også når gleda over det nye livet boblar i oss. For vi skal ikkje, til dagleg, gå rundt og bekymre oss om død og liding og det som er vondt. Til det er heldigvis livet for godt. Vi skal glede oss over livet og leve utan frykt: «Fylt av glede over livets under»

Likevel: Framfor denne søndagen såg eg etter kva eg hadde tala om for tre år sidan då denne teksten sist var framme i kyrkjene våre. Forteljinga som handlar om at Jesus vakte den unge Lasarus tilbake til livet etter at han døydde.
Då vart eg minna om at eg eit par dagar før eg den gongen stod i kyrkja og tala om Jesu makt over døden, så hadde eg stått ved ei kiste i den same kyrkja. I den låg ein heilt ung mann som mista livet i bilulukke. Tilbake, i lag med ein stor flokk av sørgjande, sat ei ung enkje med eit barn som nett hadde begynt på skulen og eit anna barn som var ti dagar gammal då faren døydde.
Ei av dei sterkaste gravferdene eg har vore med på gjennom nesten 37 år som prest.
Ti dagar gammal vart barnet farlaust.
«Fylt av beven foran ukjent fremtid….» Det er realitetar bak desse orda også.

Vi veit ikkje akkurat kor gammal Lasarus var då han døydde av ein eller anna ukjend sjukdom. Men vi veit at Jesus var tidleg i trettiåra då han stod fram med sine store gjerningar (Luk.3,23). Og vi veit at Jesus var omgangsven med dei tre søskena Lasarus, Marta og Maria. Så det er vel ikkje urimeleg å anta at også Lasarus var i den alderen: I trettiåra.

Lasarus vart sjuk. Han døydde. Han vart gravlagd. Og søstrene Marta og Maria var i sorg då venen deira, Jesus, kom på besøk heime hjå dei.
Det er i korte trekk det bibelforteljinga til oss på denne søndagen har som ramme.

Vi høyrer korleis søster Marta nesten anklagar Jesus: «Herre, hadde du vært her, var ikke broren min død»
Marta kjente Jesus godt. Ho visste tydelegvis at Jesus var ein mann heilt ulik alle andre menn. Ho var klar over at han hadde gjort mange sjuke folk friske. Difor hadde ho større forventningar til Jesus enn at han skulle kome på ein trøystevisitt fire dagar etter gravferda til broren. «Herre, hadde du vært her, var ikke broren min død»

Dette utsegnet frå Marta gjev Jesus sjansen til å forkynne til henne, men også til alle andre menneske gjennom alle tider: Dette er mi hovudoppgåve! Dette er det eg er komen for: Eg er her for å bryte dødens makt og for å opne vegen inn til det evige.

Høyr enno ein gong orda til Jesus:
«Jeg er oppstandelsen og livet. Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. Tror du dette?»

Marta trudde på Jesus.
Vi forstår at også søstera Maria gjorde det same.
Og Jesus gjekk saman med dei gråtande til ei grav som hadde vore lukka i dagevis. Og ved denne grava kan vi lese at han sjølv også var i sorg. Jesus gråt, stod det.
Men underet hende. På Jesu ord kom den døde ut or grava. Framleis ikledd likkleda, men levande.
Jesus hadde rett i det han hevda om seg sjølv: «Jeg er oppstandelsen og livet»

Ein gong til, ei tid seinare, skulle han understreke dette enno tydelegare.
Det var då han sjølv sleit seg laus frå grava dei la han i etter hans død på krossen.
Jesus er sterkare enn døden. Difor syng vi slik vi gjorde då gudstenesta starta i dag: «Deg være ære, Herre over dødens makt»

Eg sa tidlegare i denne preika, at det vi opplevde ved døypefonten i dag, det var ei berøring frå det himmelske.
I endå sterkare grad var det som hende med Lasarus ei himmelsk berøring av vanlege jordiske menneske.
Og kontakten, linken, mellom det jordiske og det himmelske, det er Jesus.

Han har makt over døden. «Jeg er oppstandelsen» seier han.
Det gjev grunn for å roe ned når vi bevande skjelv for ukjend framtid, vår eiga framtid, eller framtida for våre born, nydøypte, eller større born, eller unge vaksne.

Men kanskje viktigare akkurat i dag, på denne gledesdagen over nyfødd liv, er det å lytte når Jesus understrekar at han også er livet!
«Jeg er oppstandelsen og livet»

Livet er framfor alt ei gåve. Difor er det så viktig å leve. Leve ut alle livets beste sider.
Difor er det så viktig å verne om livet. Verne om fosteret som skal spire og vekse og bli til barnet vi legg i Jesu hender på slike dagar som i dag.
Verne om dei minste og veikaste. Gjennom trygge heimar og fullverdige barnehagar og skular.
Verne om unge konfirmantar på leit etter det dei skal tru på.
Her i Biskopshavn er prestane og andre leiarar på tur med konfirmantane nettopp denne helga. På tur for å vise dei Jesus. Han som er sterkare enn døden, men som også er herre over livet.

Til slutt: Det vi talar om no er store, store ting.
Noko av det av ein slik karakter at vi aldri får prov på sanninga før vi passerer dødens definitive grense. Difor er det å snakke om tru så viktig.

Jesu utfordrande ord til Marta var desse orda: "Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. Tror du dette?"

Som sagt: Marta trudde. Lasarus fekk livet i gåve enno ein gong.
Men det evige livet er det ingen som har smaka på denne sida av døden. Vi eig eit håp, knytta til vår tru på at Jesus både gjev liv, og at han er sterkare enn døden.

«Tror du dette?»
Jesus utfordra Marta si tru.
Men også di og mi tru.
Han seier ikkje kor stor trua vår skal vere. Men ein stad (Matt.17,20) samanliknar han trua med ei sennepsfrø, det minste av alle frø. Ei tru på den storleiken kan flytte fjell, sa Jesus.

Kanskje er det ei slik tru som ligg gøymt i eit foreldrehjarte som legg barnet i Guds hender i den heilage dåpen? Det er ei stor tru. Ei viktig tru på Jesus som altså seier det slik: "Den som tror på meg skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø."

AMEN



Bloggarkiv