torsdag 11. mars 2021

Forsoning

 

4. s. i fastetida. II - 14. mars 2021
Hamre kyrkje
2.  Kor.5, 18-21

Kjære kyrkjelyd, eller kanskje eg skal seie – Kjære kyrkjelydar. I alle fall: Kjære ostringar.
Eg dreg på åra, og det er på høg tid å bli pensjonist. Formelt skjer det 1.juni, og innan den dagen håpar eg å nå kyrkjelydane i prostiet med ei siste gudsteneste, og slik takke for meg. I dag er eg her på Osterøy, og gler meg over fellesskapet med dykk.

Eg hadde kanskje sett for meg at det å gå laus på «sisterunden» skulle verke litt meir på kjenslene mine. Men eg synest dette er heilt greitt. Slik skal det vere. Slik må det vere. Og eg har visst i over 41 år, sidan eg starta som prest, at det skulle vere over ein dag. Det har ikkje vore tid til å tenkje mykje på det gjennom alle desse åra, men tankane har lagt der inne i meg ein stad og vogga forsiktig på seg innimellom. Ei god visse om det vil kome nærare og nærare, det å slutte.
Eg har rett og slett for lenge sidan forsona meg med tanken. Og eg kjenner at det gjer det greitt å gå pensjonisttida i møte, med takk, og med forventning til at kanskje gøymer det seg enno meir spanande liv der framme ein stad. Det veit berre Gud!

Eg har forsona meg med tanken på å bli pensjonist, sa eg.

Og då brukte eg sjølve nøkkelordet i det som er preiketeksten i kyrkjene våre i dag, landet over.

Ordet er forsoning. Eit anna ord vi har lese er forsoningstenesta.
Desse orda gjev meg eit høve til å setje fokus på eit veldig viktig teologisk omgrep som eg knapt kan hugse å ha teke med meg opp på ein preikestol tidlegare.

Vi må snakke om forsoninga i dag!

Eg har forsona meg med å snart bli pensjonist, innleia eg med å seie.
Når vi brukar ordet slik, då vil eg tru at dei fleste av oss oppfattar at det betyr noko slikt som å avfinne seg med, eller å innsjå at slik må det vere; å slå seg til ro med det som måtte kome, anten det handlar om noko godt eller noko vondt som livet byr fram.
Det er på ein måte slik at eg og livet inngår eit forlik – slik skal det vere heretter!

Men når ein opnar den store nynorske ordboka, ser ein snart at dette ordet, forsone, det er eit religiøst ord. Eit teologisk omgrep. Orda Kristus og Gud dukkar opp i ordboka omtrent med det same når dette skal forklarast. Og så står det noko om at å forsone også betyr å mildne eller å forlike. Vi kjenner for eksempel uttrykket «Å halde eit forsonande innlegg».

Kven er det som må forsonast?
Det er Gud og eg. Det er du og Gud. Menneske, alle som ein, må bli forsona med Gud.

«Alt er av Gud, han som ved Kristus forsona oss med seg…»
Orda som Paulus i si tid skreiv til kyrkjelyden i Korint i det andre brevet hans til dei kristne i denne greske storbyen, dei orda er ikkje spesielt enkle å begripe for oss som les dette i dag.

Men om vi greier å trengje inn i dei, om vi kan få eit glimt inn i løyndomane som gøymer seg i desse innhaldsmetta setningane vi får servert på denne gudstenesta, så er det verkeleg ein skatt vi kan ta med oss heim att frå Hamre kyrkje denne søndagen.

«Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»
Lat oss prøve å forstå kva vi les og høyrer.

Gud forsona verda med seg.

Ein annan måte å seie det på, er at Gud gjorde opp med eit fiendskap. Han bygde ei bru over ein avgrunn. Ei forsonande bru som du og eg kan gå over. Vi kan gå over frå eit liv i nederlag, synd og opprør mot Gud, til eit liv tufta på Guds tilgjeving, hans kjærleik, og håpet dette fører med seg.

Det er diverre alt for lenge mellom kvar gong vi prestar set ord på det som er det store alvoret med å vere menneske: Nemleg at vi har rota oss bort i alle følgjene av det vi omtalar som synd, f.eks nå vi kvar søndag seier fram syndsvedkjenninga.
Vi kallar oss for syndarar. Det kostar kanskje ikkje så mykje, så lenge vi aldri verkeleg stoggar opp og tek innover konsekvensen av synda – nemleg døden, og i verste fall, døden som blir eit evig skilje mellom meg og Gud.

Slik blir det, om vi ikkje vil la oss forsone med Gud.
Men altså, i dag kan vi gle oss over desse orda: «Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»

Det har, heilt frå syndefallet, vore eit fiendskap mellom Gud og syndige menneske. Gud og synd passar ikkje saman. Synd er årsak til eit fiendskap som må ryddast bort for at livet skal bli heilt igjen.

Når vi har gjort urett mot våre medmenneske, urett som kan skape uvennskap, eller endå verre, hat og fiendskap, så kan vi i møte med dei vi gjorde urett, be om orsaking for eit vondt og uvennleg ord. Vi kan betale ei skuld vi har sett oss i. Vi kan reparere på det som har gått sundt eller har falle saman i vårt forhold. Men alltid i møte med eit medmenneske må vi gå til den verkelege rota for å rette opp det vi må forsonast om når det har oppstått fiendskap.

I forholdet mellom Gud og meg – mellom Gud og deg, har Gud teke initiativet. Han vil at vi skal bli forsona med han som våre liv står i motsetnad til fordi vi lever i synd, og med synd, i alt det vi er som menneske.

Han har bygd ei bru over ein avgrunn som skil meg og Gud. Brua er ein kross. Der let Gud son sin lida døden i staden for at eg skulle døy som ei følgje av syndene mine.
«Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira.»

Moderne menneske har vanskeleg for å fatte alvoret i det å vere syndar. Vi er rett og slett ikkje uroa over å vere syndarar.  Vi trur at alt er bra med oss, så lenge vi gjer så godt vi kan. Vi lar oss forføre av polerte, fargerike reklamesnuttar som fortel at vi kan vere smilande og lukkelege «-fordi vi har fortent det»

Bibelen er nok meir tung på labben enn ein middelmådig såpereklame.

Vi ser at det er menneske som reagerer på framstillinga av Gud. Folk som opplever Gud som ein tyrann som let son sin døy på bestialsk vis. Folk som rett og slett ikkje vil tru at ein slik Gud faktisk finst. «Det er ikkje min Gud» vert det sagt, og så prøver dei å skape seg ein gud, konstruert etter eigne tankar og forstillingar.

Som prest har eg fått ei oppgåve som eg gjennom meir enn 40 år har gjort det eg kunne for å fullføre. Eg har prøvd å ta på alvor det Bibelen vitnar om Gud, og om sonen Jesus Kristus. Der er mi tru grunnfesta, og eg er veldig takksam for at eg skulle få denne sjansen her på Osterøy til å løfte fram det som står i denne korte bibelteksten for i dag:
«Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss: Vi bed på Kristi vegner, lat dykk forsona med Gud! Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal bli rettferdige for Gud i han.»

 

AMEN

tirsdag 16. februar 2021

Det Gud vil

 

1. s. i fastetida. II. 21.02.21
Ytre Arna kyrkje (Digital gudsteneste)
Matt.16,21-23

Fastetid er kamptid.
Kamp mot freistingar. Kamp for å vekse i tru. Kamp mot vantru.

Og i år: Kamp for å vinne tilbake fellesskapet i kyrkja som pandemien delvis har røva frå dei truande.
Evangelieteksten i dag introduserer oss for den kampen Jesus gjekk mot når det snart skulle bli påske: Jesus «- skulle … lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.»

Peter forstod ingen ting av det som var i ferd med å hende. Det var som om Peter fekk eit slag i ansiktet av Jesu refsande ord: «Vik bak meg Satan! Du vil føra meg til fall. Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Eg må tilstå at det er ikkje ofte eg les katolsk litteratur. Men for nokre dagar sidan fekk eg ei utgåve av «St. Olav»[1] i hendene. Det offisielle kyrkjebladet for den katolske kyrkja i landet vårt. Nyvigsla biskop i Trondheim, Erik Varden, har ein nesten utruleg innsiktsfull artikkel om ei tid med store prøvingar. Han spør kva vi kan få ut av Covid-krisa.

Biskop Erik samanliknar det vi no opplever, med det å måtte gå i eksil. Vi bli tvinga til å bryta opp frå vår heim. Biskopen viser i det han skriv korleis kyrkja, for den truande, er heimen vår i åndeleg forstand. Når vi no ikkje kan samlast slik vi alltid har gjort på søndagar og kvardagar, er det som å vere fordrivne, skriv han.

Eg trur mange kjenner seg igjen. Vi lengtar etter fellesskapet. Vi lengtar etter nattverden. Vi lengtar etter lovsongen i lag. Etter det sosiale. Kyrkjekaffien.  Born og vaksne i blanda selskap. Handhelsing og klemmar. Vi kan kjenne oss bortdrivne frå kyrkja vår. I eksil.

No er det fastetid for oss. Vi ville gjerne høyre litt meir trøyst frå Jesu munn i ei slik tid. Heller trøysteord, enn dette brutale: «Vik bak meg Satan! … Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

Kva er det Gud vil med oss i denne tida? Kva tankar har han for oss?
Kan fastetida 2021 vere ei tid for det kyrkja eigentleg vil med faste – at vi skal gå i djupna i oss sjølve? Lære kva Skrifta seier om Jesu veg mot liding og død. Og å ane at lidinga kanskje er noko vi også skal kjenne smaken av. For å lære kva Gud vil.

Biskop Erik Varden viser i sin artikkel til tre ulike eksil som vi høyrer om i GT.
Først Abram som fekk kallet frå Gud til å bryte opp frå landet sitt, slekta si og farshuset (1.Mos.12,1) Gjennom dette oppbrotet fekk Abram kjenne det lova landet.  Ei velsigning over all forventning gjekk i oppfylling.

Vi får gjennom biskopens undervisning høyre om Israelsfolkets eksil i Egypt. (2.Mos.2,23ff) Eit beinhardt eksil med lengt etter samhald, einskap og identitet. Var det ikkje for dette eksilet, ville Abrahams ætt knapt kunne teke mot pakta, boda og lovnadene som gjorde ein flokk enkeltindivid til eit heilt folk. Til Guds folk.

Dert tredje gamaltestamentlege eksilet, er fangenskapet i Babylonia. Ei nasjonal katastrofe. Gudstenesta tok ein ende. Guds lovnader syntes gjort til ingenting.

Men gjennom alt dette, fann Israelsfolket likevel reiskapane dei trong for å kome seg gjennom trengslene. Vanskane. Utfordringane. Alt som truga deira forankring i Gud.

Dei lærte seg å la truslivet bløme i heimane. Gjennom liturgiske uttrykk i bøner morgon og kveld, og på sabbaten. Truslivet utfalda seg etisk. Ved å gjere godt mot medmenneska. Det som i vår kyrkje kallast for diakoni. F. eks Kirkens Nødhjelps fasteaksjon.
Dei tok ansvar for å formidle trua vidare til born og etterkomarar. Hjå oss tenkjer vi på dåp, trusopplæring eller konfirmasjon.

Jesus sa: «Vik bak meg Satan! … Du har ikkje tanke for det som Gud vil, berre for det som menneska vil.»

-Det som Gud vil!
Kva er det Gud vil med oss i denne tida? Kva tankar har han for oss?

Det er ikkje slik at eg som prest har alle svara på kva Gud vil med det vi opplever som tungt og vanskeleg i desse dagane.
Men å ha tanke for det som Gud vil, det må i alle fall vere å søkje til den kjelda der Guds vilje er openberra for oss. Der, i Bibelen, har eg ikkje noko ynskje om å leite etter konspirasjonar. Men å lytte til stemmene som gjev lyd frå seg når Skrifta får tale.
Ein katolsk medkristen har lånt si røyst til det urgamle, og vist at Det gamle testamentet må få klinge i lag med det nye testamentet. Der møter vi evangeliet om Jesus som  «- skulle … lida mykje. Han skulle bli slegen i hel, og tredje dagen skulle han reisast opp.»
Dette er ikkje enkelt å skjøne med våre tankar. Det er ikkje lett å få sansen for dette. Sansen for at dette er det Gud vil.

Men kanskje kan Gud bruke pandemikrisa til å føre oss inn i djupare ettertanke? Til å trengje lenger ned i bibelske hendingar og bibelske sanningar som det er så lett å gløyme, eller til å oversjå.

Fastetida opnar seg framfor oss.
Faste er ikkje feiring som det var med karneval og fastelavnsbollar.

Det er å grave djupare inn der Gud vil vise seg for oss. I Ordet. I sakramenta. I det vi kan få med oss av kristent fellesskap, som for eksempel digitale gudstenester.
I fastetida kan vi lære oss tankar om det Gud vil for oss. I ei vanskeleg tid. Og i alle æve.

AMEN



[1] St. Olav. Katolsk kirkeblad 04/2020

torsdag 4. februar 2021

Ingen annan enn Jesus

 

Kristi forklåringsdag. II. 07.02.21
Arna kyrkje
Mark. 9, 2-13

Når ein er langt nede, er det godt å kome seg opp på eit høgare nivå. Få litt utsyn og oversyn. Kanskje få auga på eit problem. Eller endå betre: Sjå ei løysing på det som er utfordrande eller vanskeleg.

Nett no trur eg mange av oss kjenner seg langt nede. Vi kjenner på utfordringar og vanskar. Det er synleg og tydeleg for oss alle her i kyrkja. Ti personar er det som har lov å samle seg til gudsteneste. Vi skulle gjerne vore 100. Eller endå fleire.

Men vi ti, vi tar kvarandre i hendene og blir med på fjelltur.
Ikkje noko tur, fysisk hand-i-hand. Men i eit trusfellesskap som heng i hop, klatrar vi opp til fjelltoppen. Trua bind oss saman. Vi har forventning til å sjå noko stort. Vi lengtar etter å sjå, og etter å møte Jesus.

Kan Jesus vere til hjelp i den tida vi no gjennomlever?
Kan han sløkkje ut potensen i smittevirusen?
Kan Jesus gjere dei sjuke friske att? Kan han hindre død og sorg?

Som kristne trur vi på ein Gud som vi i truvedkjenninga omtalar med desse orda: «-den allmektige som skapte himmel og jord.»
Likevel – også vi som trur på ein allmektig Gud, vi anerkjenner at sjukdom, liding og død er ein del av det å vere levande. Det høyrer med til mennesketilværet. Vi har ingen lovnader om at den allmektige skal spare oss frå vanskar, sjukdom eller død.
Kyrkjegarden utanfor desse veggene er full av døde kroppar. Ein gong skal det opnast ei grav, også for deg eller meg på ein slik kyrkjegard.
Vi søkjer ikkje til kyrkja for å kome unna desse realitetane.

Men med tru og i tillit til han som kom frå Gud, søkjer vi hit, til kyrkja, for å møte den einaste vi kjenner som har vist at han med kraft kan møte dette vanskelege, djupe, trugande eller mørke. Vi vil gjerne sjå han som kan føre oss gjennom det. Ikkje utanom, men gjennom. Ta oss med til den andre sida. Ut att i lyset.

I dag inviterer orda frå Bibelen oss til å dra på fjelltur. Til å gå opp i høgda. Streve oss gjennom motbakkar. Klatre i berg. Kanskje til å få skrammer på knær og albogar. Eller til og med ei rift i trua vår.

Men der oppe slår vi oss i lag med Peter, Jakob og Johannes. Desse tre aller næraste av Jesu vener og medarbeidarar, dei fekk sjå det ubegripelege. Det guddommelege opna seg for dei i eit lite glimt. Jesus vart forklåra. «Då vart han forvandla for augo deira, og kleda hans vart så skinande kvite at ingen som bleikjer klede her på jorda, kan få dei så kvite.»

I dag skulle eg gjerne hatt god tid, god tid til å gå i djupna på dette forunderlege som hende der på fjellet. Men på denne minigudstenesta må vi berre pirke litt i det aller viktigaste
– det at Jesus viste sin himmelske herlegdom for desse tre, og at dei fekk høyre den allmektige Gud vitne og tale til dei om det aller mest sentrale å halde fast på: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Vi menneske blir fasinerte, vi blir utfordra, ja vi kan til og med bli redde når vi vender oss til Gud, og når han så dreg til sides i liten flik av det som gøymer herlegdomen hans.
Å nærme seg det guddommelege er noko menneske til alle tider har søkt i mot. Og oftast er det då for å få hjelp. Hjelp når nauda er naken. Når problema tårnar seg opp. Når sjukdomen bryt ned. Når redsla kryp kald gjennom kroppen.

Frå dagens evangelium har vi ei forteljing som viser oss det vi lengtar så sterkt etter i vår verkelege verd. Vi står her i vår fortviling over smitte, sjukdom og død. Vi er her i vår lengt etter fellesskapet som var, i storfamilien, her i kyrkja, i fritidsaktivitetar. På Brann stadion!
Difor har vi gått dei bratte motbakkane mot det høge fjellet. Vi har streva oss fram. Kanskje snubla og teke nokre tilbakesteg.
Men vi gjev ikkje opp. Med trassig tru ser vi det skin mot oss i denne korte augneblinken, før vi skal ut or kyrkja. Tilbake til vår vesle kohort.
Men no lyser det. Og så høyrer vi røysta frå det høge: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Kjære truande: Vi kan ikkje leve berre på slike vakre, men tunge oppturar der vi søkjer det ekstraordinære, og det himmelske. Det er ikkje sikkert vi får sjå så mykje.
Men det er mykje vi får høyre.
Vi får styrke til trua vår av å høyre frå dei som var der oppe på fjellet: «Vi var augnevitne og såg hans guddommelege herlegdom» (2.Pet.1,16)
Men vi må stige ned att til bygda ved fjorden. Til kyrkja i det låge. Vi har høyrt det som vart sagt frå det høge: : «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

Gud talar dette til oss: Høyr på Jesus. Stol på han. Hald deg til han.
«Best dei såg seg omkring, såg dei ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.»

Høyrer du, du som er fortvila og redd: Det handlar om å halda fast på trua. Det handlar om å sjå det som opnar seg gjennom evangeliet: «-ingen annan enn Jesus; berre han var hos dei.»

I dag vil han ta deg i handa enno ein gong. Du skal få høyre orda. Presten les dei og talar dei, men orda kjem frå Jesus sjølv.  Vi skal lese innstiftingsorda. Etter dei guddommelege orda har lydd, skal du få rette ut dine hender og få ta mot brødet. Vinen.: «Kristi kropp, gjeven for deg. Kristi blod, utrend for deg»

Det er som eit tilsvar, eit ekko frå himmelrøysta på det høge fjellet: «Dette er Son min, han som eg elskar. Høyr han!»

AMEN


fredag 15. januar 2021

Gjev meg noko å drikka

 

3.s. i openberringstida. II. 17.01.21
Åsane kyrkje. Digitalt opptak
Jes. 55,1-3. Johs. 4,4-26

 «Gjev meg noko å drikka»
Slik startar samtalen mellom den samaritanske kvinna og Jesus. Det er desse som er hovudpersonane i dagens evangelietekst.

No er vi komne så langt at veldig mange som kjenner at kyrkja vår også skal vere vår åndelege heim, vi saknar å få kome saman. Og vi saknar å drikke når vi er i lag. Eg tenkjer både på kyrkjekaffien, men endå meir på dei små dråpane av nattverdvin som på ein så særleg måte knyter trua vår, ja, heile oss, til Jesus Kristus.

Det er no eit åndeleg rop frå ei kyrkje som lengtar etter å kome saman: «Gjev meg noko å drikka!»

På denne søndagen er det difor godt å høyre dei sterke orda som var ei innbyding og ein lovnad til Israelsfolket. Dei vart tala hundrevis av år før Jesus og kvinna frå Samaria møttes ved brønnen i Sykar.
Profeten Jesaja forkynte den gongen, og vi lyttar til orda den dag i dag:
«Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

Vi gler oss over innbydinga. Vi lyttar. Vi strekkjer ut hender mot han som kan gje oss alt dette. Og så lengtar vi mot at det skal opnast opp igjen.

Kyrkja er ingen utestad der vi serverer i baren og  pressar oss saman i meir eller mindre lukkeleg rus.

Kyrkja er ingen utestad. Men kyrkjehusa står ute, og vi vil ha opne dører og kunne gå inn i desse kyrkjene. I den vesle vinen vi der skjenkar ut, og i det enkle brødet vi et i lag, opnar det seg eit djupt, djupt, og mysteriefylt fellesskap.
I dag er det difor vår bøn til han vi trur møter oss, nettopp i brødet og vinen:
«Gjev meg noko å drikka!»

Vi søkjer ingen rus.
Men vi søkjer å vere i lag. I lag med kvarandre og i lag med Jesus.

Profetorda er ord som viser oss at det vi har lovnad om, er det som ikkje er anna enn rein nåde.
Nåde, fordi den er ufortent.
Nåde, fordi den er gratis.
Korn. Vin. Mjølk. Utan pengar.
Kjøp utan betaling, seier profeten, mens han nemnar nettopp dei elementa vi nyttar oss av i nattverden. Brød av korn, og kanskje også av mjølk. Vinen.
Og så innbyr han oss til vatnet. Vatnet der vi vert døypte. Vatnet der vi kan gjere vårt daglege stell og vask, for å halde oss reine i det ytre.
Og vatnet som vi skal drikke når vi tørstar.

Til kvinna frå Samaria sa Jesus om vatnet ho henta opp av brønnen: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»

Ei lengtande kyrkje, eit folk og ei verd som kjenner seg innestengde og nedstengde i pandemien, vi ropar til Gud: «Gjev meg noko å drikka!»

Høyrer du dei guddommelege orda som er eit svar til oss alle på denne søndagen?: «Kom, alle tørste, kom til vatnet! De utan pengar, kom og kjøp korn og et! Kom, kjøp korn utan pengar, vin og mjølk utan betaling!»

fredag 25. desember 2020

Det sanne lyset

 

1.juledag 2020. 
Johs, 1,1-14
Åsane

Ordet, som var Gud, kom til oss i julenatta.
Dette er julemysteriet. Eit Ord. Eit skapande ord som omskaper seg sjølv til eit menneske. Gud vert menneske. Gud vert eit nyfødd barn.
Så uendeleg langt bortanfor det vi kan forstå med vår tanke.

Dette er for vår tru.
I dag kjem vi til kyrkje fordi vi trur. Vi kjem med tru. Vi kjem i trass. I trass mot ei verd som har vore gjennom eit år der vi møtte motbakken.
Eit år med frykt, for mange. Med redsel.
Nokre av oss opplevde kanskje også sorg i dette året.
Men vi trassar motbakkar. Vi strevar oss fram. Oppover mot ein topp der vi trur og håpar at det ikkje skal vere enno ein nedoverbakke, mot ein dalsøkk, før det kjem nok ein motbakke å forsere. For vi ser at det skin i ein blenkjande topp der framme. Dit vil vi.

Vi trur på Ordet. Vi trur på Gud, som var eit ord, som skapte gjennom eit ord, og som let Ordet verte menneske.
No lyttar vi, med tru, til orda om dette Ordet. Til det som er sagt om han som kom til oss frå Gud. Han som i julenatta, på ufatteleg vis steig ned mellom oss for å vere som oss. For å gå motbakkane saman med oss. For å føre oss dit det lyser.

I førebuingane til jula i år, gjennom heile adventstida, har det for meg vorte slik at Johannesevangeliet har ståla mot meg som om det var eit moderne julelys, av typen som blinkar. Dei har blinka til meg, alle orda om at han som kom, han kom til oss som lyset. Lyset i mørkret.
Kunne det passe betre?
Gjennom eit mørkt år, så er han der. Han som er lyset for oss alle.

På julaftan kan vi lese teksten frå profeten Jesaja: «Det folket som går i mørkret, ser eit stort lys. Over dei som bur i dødsskuggens land, strålar lyset fram» (Jes.9.2)

Har vi i som er fødde etter 2.verdenskrig, og det er dei aller fleste av oss, opplevd eit år med så mange trugande, mørke skyer over oss som pandemiåret 2020? Neppe!

 Kor godt er det ikkje då å lytte til juleorda om det store lyset som skin inn i verda.

Guds velsignande lys over oss alle.
«Lyset skin i mørkret, og mørkret har ikkje overvunne det.»
Slik talar Johannes i dagens evangelium om det veldige som hende i jula.
På Betlehemsmarkene veit vi at det står at Herrens herlegdom lyste frå englane som kom med gledesbod frå Gud. Bodet om frelsaren.

Difor: Det må handle om lyset på juledagen i år!

Lat oss flytte fokus frå mørkret som har lagt over, og som framleis kviler over vårt land, og over verda rundt oss gjennom 2020.

Lat oss flytte lyset inn til oss. lnn i heimane våre. Inn i kyrkjene våre. Gjere det til vårt.

Slik Jakob Sande har gjort det med Vestlandet sin julesong:
«Det lyser i stille grender, av tindrande ljos i kveld»

Korleis skal du og eg møte eit slikt lys? Guds lys. Himmellyset.

Mitt svar på den første juledagen, er at vi skal gle oss over han som kom til oss som eit lite barn, og som seinare sa om seg sjølv: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.» (Johs.8,12)

Han som er livsens lys, han skal vi også bøya oss for og tilbe.

Slik vismennene gjorde då dei kom til Maria med Jesusbarnet og fall på kne og hylla barnet (Matt,2,11)
Vi skal tilbe lyset i verda. Ikkje sola. Ikkje månene eller stjernene. Ikkje andre gudebilete. Ikkje vår tids menneskelege mediastjerner. Men det vesle barnet. Han som kom frå Gud. Han som var Gud: «Det sanne lyset, som lyser for kvart menneske, kom no til verda»

Kunsthistoria fløymer over av altertavler og måleri, skapt av kunstnarar som har tenkt seg korleis det eigentleg var då kongane, eller vismennene, tilbad barnet. Ingen var der med fotoapparat eller mobiltelefon med eit godt kamera. Her har fantasien får leike seg. Fritt og usensurert. Ingen har fått til å skildra det slik det verkeleg hende. Men mange kunstnarar har likevel formidla djupe sanningar til oss.

I eit kunstgallleri i Firenze i Italia heng eit bilete som har fasinert meg gjennom heile adventstida i år, sidan eg fekk augene opp for det gjennom ein avisartikkel eg kom over. Kunstnaren, Gentile de Fabriano, er frå 1400-talet, og har måla biletet «Kongane som tilber»

I vår mørketid dette året kan det vere godt å feste augo våre på eit gullglitrande bilde. Totalt fjernt frå den verkeleg verda. Slik var det ikkje i stallen med Maria, Josef og Jesusbarnet. Dert kan vi vere trygge på. Ingen av dei tre vismennene, eller kongane, som dei også blir omtala som, var kledde slik som på bildet. 

Men her ser vi dei i audmjuk tilbeding. Rangert etter alder.

Det som forbløffar er grepet kunstnaren har gjort. Den eldste kongen kneler framfor barnet og tilber.
Men barnet bøyer seg fram frå Marias fang og legg handa på hovudet til kongen. Barnet velsignar den tilbedande kongen.

Kjære kyrkjelyd.
Måtte «lyset frå det høge gjesta oss som ei soloppgang» (Luk.1,78) dette året.

Må vi oppleve at barnet bøyer seg fram og velsignar oss med sitt nærvær og sitt lys. Frelseslyset.
Slik at vi gjennom vår tilbeding, ved vår lovsong i julehøgtida, ser og opplever at det skin i ein soloppgang no. I våre liv. I verda som er tyngd under åket frå viruset.

Vi trur ikkje at det er mørkret som har vunne.
Tvert om: Vi kjenner eit lys som er større enn alt mørke. Det lovar og priser og tilber vi på denne store juledagen.
Og så ser vi for våre indre augo for oss at barnet bøyer seg fram og bøyer seg ned. Det skin i lyset frå barnekroppen. Det velsignande og tilgjevande lyset som jagar bort mørkret frå alle krokar i våre liv.

Takk for at du kom til oss med lyset, kjære Jesus!
Takk for at du er lyset - Livsens lys som lyser i all verdens dødsskugge og frykt.

Det er er dette vi klamrar oss fast til denne jula: «- i han, var liv, og livet vart lyset for menneska.»
AMEN

onsdag 25. november 2020

Ta riket i arv

 

GRAVFERD
(Tekst: Utdra frå Domssøndag/Kristi kongedag I)

«- Kom hit de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand for dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok i mot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» (Matt.25, 34-36)

Vi står ved slutten no. Slutten på noko vi tar farvel med. Snart kjem det noko nytt.

Eg snakkar om det som kyrkja kallar for det kyrkjelege året. Neste søndag er det adventstida som startar. Då skiftar kyrkjeåret.
Sist søndag var den siste i det gamle kyrkjeåret som vi no stig ut av.

Vi står ved slutten no. Slutten på noko vi tar farvel med.
Slutten på eit heilt liv. Noko nytt skal ta til.
Livet utan ho/han vi sørgjer over i dag.
Livet med minner om eit menneske som var.
Livet som skal reise seg framfor oss, og som etter kvart skal få lys og farge, håp og framtid etter som sorga får tid til å bleikne. Lik eit sår som sakte gror til, og som vil gjere mindre og mindre vondt. Til slutt sit vi att med eit synleg arr, eit merke som ikkje vert sletta ut. Men smerten har slokna. Heldigvis er livet slik innretta i møtet med døden.

Denne veka skiftar kyrkja kalender. Eit gamalt år er brukt opp. Når det vert advent  kjem det nye over oss. Det skal vi ta i bruk. Det skal vi ha forventning til. Det skal vi gle oss over.
Slik vi i desse dagar gler oss til at pandemien skal gli bort bak ei sky. Slik vi ser fram til at eit stikk i armen på dei fleste av oss, skal skape ei framtid som synest å stå på vent i det vi har gjennomlevd i lag mesteparten av dette året.

Ein handfull menneske var samla til jubileum i ei av kyrkjene på Osterøy sist søndag Vi fekk ikkje lov å invitere kyrkjelyden som eigentleg skulle feire at kyrkja på Gjerstad var 150 år. Men nokre få av oss fekk vere i lag og skape ei gudsteneste som mange hundre har sett via overføring på internett.
I denne gudstenesta tala vår gamle biskop, Ole D. Hagesæther, til oss.

Han gjekk ut frå ein litt lang bibeltekst som var framme i alle kyrkjer i landet denne siste søndagen i det gamle kyrkjeåret. Der stod bl.a. dei orda eg har vald som andaktstekst nett no:
«- Kom hit de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand for dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok i mot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.»

Dette er ord som er forma av Jesus når han talar om dommen og om dei siste tider.
Mange er redde for å høyra slike ord om eit så vanskeleg tema.

Men lytt. Høyr kor venleg Jesus talar: «- Kom hit de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand for dykk frå verda vart grunnlagd.»
Lytt også til korleis Jesus grunngjev denne vennlege innbydinga til å få kome inn til han; inn for å ta i eige dette evige riket som Far i himmelen har gjort i stand, det som ventar på oss bak død og grav.
Han knyter det til korleis vi har stelt oss i forhold til våre medmenneske, dei som har hatt trong for omsorg og omtanke.
På godt norsk kallast det å vise kjærleik mot vår neste.

På Osterøy brukte vår gamle biskop desse orda då han talte til oss:
«Det er eit kall å gå rundt i verda og renne over. Renne over av kjærleik.
Med kjærleiken er det som med vatnet. Den søkjer alltid det som er lengst nede.»

Det er mange som er langt nede nett no.
Nokre av dykk, fordi de ber på sorg.
Andre fordi tidene er mørke. Skyene er mange på himmelen. Vi er urolege og redde.
Andre er kanskje endå meir urolege og redde enn du og eg er.
Mange treng vår omsorg. Vår kjærleik. Alt dette som opnar opp. Som opnar veg inn til det Jesu kallar for
« -det riket som er gjort i stand for dykk frå verda vart grunnlagd».

Det er velkjende ord Jesus brukar nå han viser oss kva praktisk nestekjærleik er.
Det som er nøkkelen inn til det evige.
Nøkkelen til det som kan skape noko nytt, håpefullt og lyst no når tidene er tunge.
Når vi må ta farvel.
Når vi ser på det som ligg bak, og ikkje heilt veit kva som ventar der framme.
Då må vi nå fram til alle som er langt nede. Som er på botn. Som har dei tyngste og djupaste tankane.
Biskoporda er kloke, og til ettertanke: 
«Det er eit kall å gå rundt i verda og renne over. Renne over av kjærleik. Med kjærleiken er det som med vatnet. Den søkjer alltid det som er lengst nede.»

Kanskje talar eg nett no til noko av dykk som tenkjer:
Det er eg som er nede no. Som er i djupet fordi den store sorga kom til meg.
Eller kanskje talar eg til ein anna som ser at det er menneske i omgangskrinsen, blant vener og kjende, i familien, som treng at nokon viser omtanke og kjærleik i praksis.

Måtte de møte kvarandre på ein slik dag. Du som kjenner at du er djupt nede.
Og du som høyrer kallet til å gå rundt i verda og renne over. Renne over av kjærleik.

I Salme 85,11 står det eit nydeleg ord: «Miskunn og sanning skal møta kvarandre, 
rettferd og fred skal kyssa kvarandre.»

Med eit slik møte i miskunn og med sanning; med eit slikt kyss mellom rettferd og fred; tar vi farvel. Farvel med det livet som er slutt.
Vi har håp om noko nytt. Om å ta i eige eit rike som Jesus fortel oss er gjort i stand heime hjå vår himmelske Far.

AMEN

søndag 25. oktober 2020

Til bords

 

Innsetjing av Thor Haavik som kapellan i Salhus.
25.10.2020. Bots- og bønnedag.

Kjære Thor.

Velkomen heim igjen til livet i 2020. Velkomen hit til oss som har lært deg å kjenne som presten på Farmen. Den frimodige, glade og tillitsfulle unge presten som på ein så flott og nær måte har representert kyrkja og det heilage inn i ei setting som slett ikkje framstår som spesielt heilag og kyrkjenær. Men gjennom deg har vi også fått eit glimt av det prestar til alle tider har sett og veit: Bak fasaden hjå heilt vanlege folk bur det mykje meir enn det som vanlegvis kjem til syne av tru og tillit til den Gud vi vedkjenner oss når vi er samla som kyrkjelyd til gudsteneste.

Du stig inn mellom oss her i Salhus, der du no skal verke som prest, på ein spesiell dag i kyrkjeåret. Bots- og bønnedag. Det er sant å seie ikkje ein jubeldag i kyrkja vår. Snarare det motsette. Likevel er det ein glad dag for oss i Salhus som får ta mot Thor som vår nye prest.

Då eg las evangelieteksten for denne dagen, ord som eigentleg ber i seg eit tungt alvor, så festa eg meg ved eit par vers frå Lukasevangeliet som for mitt indre auge var eit lite speilbilete av scener frå Framensendingane. Der har vi sett dykk samla rundt bordet i hovudhuset på den idylliske garden, langt til skogs. Ute ligg vatnet og speglar seg i sommarsola. Blomster, grønsaker, kyr og kalvar kan nesten gje assosiasjonar til eit Paradis som er skildra i 1.Mosebok. Men Paradiset har openberre, mørke flekkar.  Likevel: Stundene rundt bordet synest, i alle fall for oss som ser på TV, å vere prega av harmoni og fred. Eg ser for meg Thor som skuffar i seg havregrauten og drikk av flaska med vatn. Det same gjer dei andre vestlendingane, samen frå Finnmark, trøndarane, og dei frå Østlandet.

I Lukasevangeliet les vi på denne søndagen: «Frå aust og vest og nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike. Då skal nokre av dei som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, skal bli dei siste.» (Luk.13,29-30)

Kjære Thor! Som prest vert det di viktigaste oppgåve å by inn til bords i Guds rike. Til den store himmelfesten der Gud bur. Der vi ikkje skal ete så mykje graut, og for det meste berre drikke vatn. Fortel om Guds rike til dei du møter i Salhus. Ikkje minst: Rop det ut til konfirmantane. Til dei unge som gjerne vil møte deg og lytte til deg.
Fortel om alt som er snudd opp-ned der Gud bur. Om at dei siste skal bli dei første. Det er ord til menneske som har trakka feil, eller som har fått ein skeiv start i livet, som ofte står bak i køen når goder skal fordelast. Alle desse har ein privilegert plass som ventar på dei hjå Gud. Thor – fortel om dette. Forkynn!

Vi skal snart syngje fleire ord frå ein gamal salme som summerer opp ditt kall når du skal forkynne:

«Gud hjelp oss å høre med kjærlighets brann / vår hyrde som lokker så blide,
så vi kunne skyde oss, kvinne og mann / og samle oss hos ham i tide!

Da toner det gjennom den himmelske hall / en lovsang med fryd uten like.
For tronen og Lammet de salige skal / få juble i himlenes rike.»

                                                                                                            NoS 261, v.3 og 7

Så er det også slik at kvart vers i salmen vi har sunge frå, og som vi straks skal syngje litt meir av, dei har alle ei siste, felles, verselinje.
Eg tenkjer at dei orda skal vere di og mi bøn for vår presteteneste.
Eg tenkjer at orda skal vere kyrkjelyden si bøn for alle oss som vil høyre til i hans kyrkje her mellom oss. Det er denne setninga frå salmeversa: «Miskunne deg over oss, Jesus!»

Vi ynskjer alt godt for deg som ny prest i Salhus, og ber deg no om å knele ved altarringen, slik at vi kan få leggje deg og di teneste som prest fram for Gud i bøn.

 

 

Den som innsettes, kneler på alterringen.

Den som foretar innsettelsen, fra alteret, vendt mot menigheten

La oss be om Guds velsignelse over vår nye medarbeider.

Vendt mot alteret

Evige Gud, du som kan bruke svake og syndige mennesker i din tjeneste, vi takker deg fordi du kalte apostlene og grunnla din kirke på jorden. Vi ber deg, velsign Thor Haavik ved din Ånd, så han forkynner ditt ord klart og rent og forvalter de hellige sakramenter med troskap. Hjelp oss alle å tjene deg med våre nådegaver og evner, så vi sammen kan bygge vår menighet på den ene sanne grunnvoll, Jesus Kristus, vår Herre.
Amen

Bloggarkiv